Dikt Jonsson (pocket).qxd:Dikt i samling (Jonsson)
ARBEIDARVÅR Det evig unge vårbod i sinn fyller kvart bankande blødande hjarta. Og vårviljen vinn. Det dæmer av gror i den gråe grend. No ljosnar kvar dag og lengjest mot natt. Jorda ligg vårfengd og vitnar at no er det tid å ta fatt. Vårt arbeid skal gylle den nakne haust. Kvar solglytt som vermer snøkalde mold, lovar kvar slitar den lukka som skin i det rikaste foll, når hausten er komen med høgtidsdåm. Det står ingen glans av grendene her. Våren gjer venar den fattige heimen vi alle har kjær. Vår framtid skal vekse av vårdags verk.
15
20-01-10
09:38
Side 15