Dikt Jonsson (pocket).qxd:Dikt i samling (Jonsson)
Ei kvitkledd symre i silkekåpe ber bod til hjarta, at enn ein gong er våren komen med veldig vilje og fyller verda med sol og song. Sjå strålar strilar igjennom himet som einkvan hengde på himmelkvelv. Og bekken veks-opp så vill og vaken og vert til elv. Dei unge gjenter i kvite kjolar eig heile våren og meire til. Den stride vårbekken stilnar tagal når vakkergjenta seg spegle vil. Det står ei bjørk bort-i Blåbjøllbakken. I fjorhaust fekk ho eit øksehogg. Der vårast kring ho. Or såret dryp det så blank ei dogg – Eg er som bjørka: Eg kjenner sevja frå jordlivs grunn når det går mot vår, og ber mitt minne frå livsens haustdag – No dryp det blod or kvart hjartesår.
13
20-01-10
09:38
Side 13