__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1


Barbro Lindgren

Olof Landström

Boka om Benny Frå svensk ved Stein Versto

SAMLAGET

2015


Barbro Lindgren

โ€ข

Olof Landstrรถm

Neimen, Benny


Benny synest alt er heilsvart. Mamma hans ryddar og ryddar og nøffar og nøffar. Ho legg pinnane og potetene til Benny i lange rekker. Men det für ho ikkje lov til av Benny.


– Neimen, Benny, seier mamma til Benny.


Ho prøver å bade Benny i ei balje. Men det får ho ikkje lov til, heller. – Neimen, Benny, seier mamma til Benny.


Så vil ho putte Veslenøff i vaskemaskina. Ho synest han er for skitten. Men Veslenøff er slett ikkje for skitten. Benny vil at han skal bli mykje skitnare.


– Neimen, Benny, seier mamma til Benny. Då synest Benny det går for vidt. – Her kan ein ikkje bu! Og så tek han Veslenøff og dreg sin veg.


Men kvar skal dei bu?

Hovudvegen

n Sidevege


Kanskje dei skal bu i ein pølsekiosk. – Kan vi flytte inn i pølsekiosken din? Vi har ikkje nokon heim, seier Benny. – Nei, det kan de ikkje, trur du eg er heilt dum, eller, seier pølsemannen.


Då går dei vidare. Dei ser mange grisar som sit og stirer på pc-ane sine inne i hyttene. – Kan vi flytte inn? ropar Benny. Men dei høyrer ingen ting.


Sü møter dei ein hund som ser snill ut. – Kan vi flytte heim til deg? Hunden tek fram ein mobiltelefon og ringer heim til kona si.


– Kan Benny og Veslenøff flytte heim til oss? – Aldri i livet! seier kona til hunden. Då kjenner Benny at han må grafse opp ei grop ein stad.

Profile for Det Norske Samlaget

Boka om Benny  

Neimen, Benny og Jamen, Benny i ei bok. Av Barbro Lindgren og Olof Landström.

Boka om Benny  

Neimen, Benny og Jamen, Benny i ei bok. Av Barbro Lindgren og Olof Landström.

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded