Årets bøker 2019

Page 92

biletbok

SIVERT N. NESBØ OG SUSANNA KAJERMO

HAUK Å vakne opp åleine Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake? Hauk handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der. Om å vere liten og prøve å finne ut korleis verda heng saman.

ISBN 978-82-521-9834-8 biletbok | ISBN: 9788252198348 PRIS KR 279,- | UTG. SEPTEMBER

9 7 8 8 2 5 2 1 9 8 3 4 8

9 788252 198348

sivert n. nesbø (f. 1982) kjem frå Førde og er busett i Bergen. Han har tidlegare skrive tre kritikarroste romanar: Skårgangar (2013), Som eit barn (2015) og Sjøen om vinteren (2018). Hauk er hans første bok for barn. susanna kajermo (f. 1978) kjem frå Stockholm, men bur og arbeider i Bergen. Ho har gått masterprogrammet i kunst ved Kunsthøgskolen. Ho har hatt separatutstillingar ved Buskerud kunstsenter, Tag Team studio, Agder kunstsenter og Tegnerforbundet, og ho har delteke på Haustutstillinga og Vestlandsutstillinga.

92


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.