Årets bøker 2019

Page 39

romanar og noveller

ANDERS TOTLAND

VINTERTONAR Kan ein reparere ein knust familie? Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg? Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.

roman | ISBN: 9788234000751

ISBN 978-82-340-0075-1 PRIS KR 349,- | UTG. SEPTEMBER

e-bok | ISBN: 9788234000768 PRIS KR 269,- | UTG. SEPTEMBER

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 7 5 1

9 788234 000751

anders totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. Vintertonar er hans første roman for vaksne.

39


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.