Katalog Litteratursymposiet 2019

Page 25

FREDAG KL. 15.00 / LITTERATURHUSET LESESTUND

Foto: Heidi Furre

Foto: HAgnete Brun

Skrivekunstakademiet i Hordaland er ein av dei eldste og mest sentrale institusjonane som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving i Noreg. Norske og nordiske forfattarar underviser der, og mange av studentane har seinare blitt suksessrike forfattarar. Noverande og tidlegare studentar og lærarar les.

FREDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKET EIT AVBROTE LIV Kvart år tar 500-600 personar livet sitt i Norge. Framleis kan ein oppleve eit stort tabu knytt til sjølvmord. Forfattar Hilde Kvalvaag skriv om ein familie som er att etter at den eine sonen har tatt livet sitt. Tiril Broch Aakre er i haust aktuell med romanen Om mødre og døtre, om ei dotter som opplever at mora tar sjølvmord. Dei to møter Marit Eikemo til samtale om bøkene og om den aller vanskelegaste erfaringa.

FREDAG KL. 16.00 LITTERATURHUSET DAG SOLSTAD I haust er Dag Solstad ute med Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen, om kemnaren frå Kongsberg. Sist vi traff Bjørn Hansen, besøkte han sonen sin etter å ha sona ein fengselsdom for forsikringssvindel. Kor i livet er Bjørn Hansen komen no? Kva står på spel? Og kor går vegen vidare for Dag Solstad sin forfattarskap? Solstad møter litteraturforskar og kritikar Frode Helmich Pedersen til samtale. 25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.