Page 1

6. - 10. oktober / www.litteratursymposiet.no

O D DA 2 0 2 1


Lars Korff Lofthus Skulptur: Drik av mig som en fuldkommen Mand 2021 Treskjæring, akryl, olje og lakk. foto: Bent René Synnevåg

Festivalleiing: Ingvild Ystanes, festivalleiar Else Marie Sandal, programansvarleg for born og unge Elise Winterthun, programrådg jevar Gro T. Kollbotn, produsent Christin Fossåen, assistent Elin Myran, Frivilligsentralen i Odda Stiftelsen Sentralbadet Litteraturhus Augon Johnsen, designar Kunstnariske rådg jevarar: Kjersti Mjør, Frode Grytten, Frode Molven, Pedro Carmona-Alvarez, Lars Korff Lofthus, Hilde Danielsen m.fl.


ATTRÅ TIL FOLKET! attrå: å ha sterk lyst til å eie eller oppnå, hige etter, trakte etter, ønske (sterkt), ha seksuelt beg jær etter. - Det Norske Akademis ordbok Etter halvtanna år med sosial distansering, frykt for kroppsvæsker og angst for andre menneske, skal vi gi oss over til beg jæret. Årets symposium skal utforske kva plass beg jær, eigetrong og seksualitet har i litteraturen, og korleis beg jær kan belyse trekk i tida. Vi skal pushe grenser, utforske kva som kan skje når lysta riv i kroppen, og dykke ned i beg jær etter ressursar, makt og sjølvrealisering. Beg jær er den sjuande dødssynd. Beg jær er grunnlag for liv, for lyst og glede og tidvis stor frustrasjon. Det er eit deilig tema. Vi treng det no. Ingvild Ystanes, festivalleiar

6. - 10. oktober / www.litteratursymposiet.no

O D DA 2 0 2 1


ONSDAG 6. OKTOBER 12.00 Biblioteket 13.00 Teltet 13.00 Sentralbadet 15.00 Sentralbadet 15.30 Porten 17.00 Iris scene 19.00 Lindehuset 20.00 Sentralbadet

Det grådige hjerte Lars Vik om si mor Bjørg Vik. 100,Elevkonsert Odda Ungdomsskule Gratis Sentralbadet litteraturhus 10 år Gratis Opning av Symposieutstillinga Lars Korff Lofthus. Gratis Elevkonsert Odda Ungdomsskule Gratis Sleppfest Team Tuva Marit Eikemos nye bok. 150,Litterær Kraftstasjon Opningsforestilling. 300,Sentralbar Heilhusfest. Gratis

TORSDAG 7. OKTOBER 11.00 Sentralbadet Litterær lunsj - Gunnhild Øyehaug Gratis 11.00-01.00 Sentralb. Symposieutstillinga Lars Korff Lofthus. Gratis 13.00 Sentralbadet Vald Eivind Hauge Riise og Per Knutsen i samtale med Henning H. Bergsvåg. 150,Michel Houellebecq Per Buvik held foredrag. 100,14.00 Biblioteket Stian Carstensen Minikonsert. 150,15.00 Iris scene 15.30 Sentralbadet Sleppfest - Livslyst Anne Oterholm si nye bok. 150,16.00 Jondal bibliotek Det grådige hjerte Lars Vik om si mor Bjørg Vik. 100,16.30 Lindehuset Om krim Chris Tvedt, Gunnar Staalesen og Ruth Lillegraven møter Eivind Riise Hauge. 200,17.00 Sentralbadet Skrivekunstakademiet presenterer Opplesing ved studentar og lærarar. Gratis 18.00 Odda Ung.skule U-BAR Elevar ved Odda Ungdomsskule og ungdomsbokforfattarar Gratis Men størst av alt er beg jæret 18.00 Odda kino Sissel Gran held foredrag. 300,19.30 Sentralbadet Lysthuset - Blei du kåt no? Opplesingsarrangement. 100,Hennes hivende, fnysende fisk 21.00 Lindehuset Sex i litteraturen på godt og vondt. 250,22.00 Sentralbadet Sentralbar Heilhusfest. DJ Sterk. Gratis Natterapi Frode Grytten og Henning H. 22.30 Porten Bergsvåg guidar g jennom Odda sin city. 250,FREDAG 8. OKTOBER 11.00 Sentralbadet 11.30 Kinsarvik bibl. 11.00-01.00 Sentralb. 12.00 Sentralbadet 13.00 Lindehuset 14.00 Sentralbadet 14.00 Murboligen 15.00 Biblioteket 15.00 Lindehuset 15.00 Iris scene 16.00 Sentralbadet 16.30 Biblioteket

Litterær lunsj - Trude Marstein. Gratis Kriminelt beg jær Chris Tvedt og Gunnar Staalesen i samtale med Guro Kvalnes. 100,Symposieutstillinga Lars Korff Lofthus. Gratis Eit attråverdig forfattarskap? Henning H. Bergsvåg, i samarbeid med Tekstallianse. Gratis/ påmelding Beg jær i solnedgang Sissel Gran og Per Knutsen møter Kjersti Mjør. 200,#ikkjeetterboka Tekstallianse. Gratis Bikubegang Byvandring med Frode Grytten. 150,Klassikarsamtalen. Marki de Sade Per Buvik, Frode Helmich Pedersen. 150,Fornuft og følelsar Hjernedisseksjon på Kraftlaben. Gratis Sjakk matt med Eivind Riise Hauge. 100,Lengsel etter tilhørighet Rune Christiansen og Trude Marstein møter Elise Winterthun. 150,Ekko og Narkissos Thea Selliaas Thorsen les Ovids Metamorfoser. Gratis 4


17.00 Biblioteket 17.30 Skalltaket 18.00 Lindehuset 19.00 Sentralbadet 20.00 Sentralbadet 20.00 Iris scene 21.00 Lindehuset 22.30 Sentralbadet 22.00 Sentralbadet

Ekko, Ovid og algoritmane Thea Selliaas Thorsen og Lena Lindgren møter Øyvind Kvalnes. 150,Mono 12 minutt med Fredrik Høyer. 200,Flørt! Øyvind Kvalnes og Fanny Duckert i samtale med Herdis Moldøen. 150,Lysthuset - Skeiv aften Lars Korff Lofthus og Kristin Fridtun møter Jens Kihl. 150,Sentralbadet poesi Rune Christiansen i samtale med Fredrik Hagen. 150,Fotballdebatt SK Brann 250,Lyden av beg jær Bastard sons of Odda og Pedro Carmona-Alvarez med g jester 250,Lysthuset - Poesikonsert med Fredrik Høyer. 200,Sentralbar Heilhusfest. DJ Sigaz. Gratis

LAURDAG 9. OKTOBER 11.00-01.00 Sentralb. Symposieutstillinga Lars Korff Lofthus Gratis 11.00 Sentralbadet Filosofisk frukost med Øyvind Kvalnes. 200,- inkl mat Småsymp Naboen min. 200,12.00 Lindehuset Beg jær på ville vegar Sissel Gran og 12.00 Kinosalen Trude Marstein møter Kjersti Mjør. 200,Lesestund Opplesing ved Nils-Øivind Haagensen, 13.00 Teltet Pedro Carmona-Alvarez, Marit Eikemo. Gratis Frå lemmet til jernplogen 13.00 Kinosalen Per Buvik, Thea Seliaas Thorsen og Rune Christiansen. møter Frode H. Pedersen. 150,Ekko - eit foredrag om algoritmar og beg jær 13.00 Biblioteket Lena Lindgren. 150,14.00 Sentralbadet Møt Fredrik Hagen i samtale med Henning H. Bergsvåg. 150,Bowie-beg jær Torgrim Eggen og Frode Grytten. 150,14.00 Iris scene 15.00 Sentralbadet Kampen om seksualmoralen Frode H. Pedersen 100,Sex i bibelen Einar Gelius held foredrag. 100,15.00 Biblioteket Avhengig Maria Kjos Fonn, Fanny Duckert, 16.00 Kinosalen Lena Lindgren. Ordstyrar: Eivind Hauge Riise. 200,Zebra Duo Konsert. Gratis 16.00 Porten/ Iris 17.00 Sentralbadet Lysthuset - Symposion Thea Selliaas Thorsen om Platons Symposion. 100,18.00 Sentralbadet Line - eit norsk moralskred Torgrim Eggen om Axel Jensens Line. 100,Odda undergrunn Digital tunellvandring. 19.00 Alle scener Fredrik Høyer Vi trenger et nytt språk. Hallo Odda Litterært talk-show. Marit Eikemo og 20.00 Lindehuset Frode Grytten, Torgrim Eggen, Lars Koff Lofthus, Kristin Fridtun, Fanny Duckert. 300,Konsert Scary Monsters 22.00 Iris scene 22.00 Sentralbadet Sentralbar Heilhusfest. DJ Sterk Gratis SØNDAG 10. OKTOBER 12.00 Smelteverket Smelteverket rundt på 100 minutt Fabrikkvandring. Gratis 14.00 Sentralbadet Badenoveller Frode Grytten i samtale med Elise Winterthun. 150,15.00 Sentralbadet Draumen om det feilfrie språket Foredrag Kristin Fridtun. 100,-

O D DA 2 0 2 1 5


Foto: Gisle Hannemyr

ONSDAG KL. 12.00 / BIBLIOTEKET DET GRÅDIGE HJERTE – OM BJØRG VIK Bjørg Vik (1935-2018) var ein kjær og frisinna forfattar som skildra utroskap og ekteskapskonfliktar, og løfta fram kvinners kår. Sonen Lars Vik er skodespelar og byr på eit ærleg og nært portrett av mor si: Forfattaren, samfunnsaktøren og privatmennesket Bjørg Vik, basert på dagbøkene hennar, brev og samtalar med dei rundt henne.

O D DA 2 0 2 1 O D DA 2 0 2 1

ELEVKONSERTAR ODDA UNGDOMSSKULE ONSDAG KL. 13.00 / TELTET Elevar frå Odda ungdomsskole framfører musikkinnslag og les opp eigne tekstar.

ONSDAG KL. 15.30 / PORTEN Endeleg! Elevar frå Odda ungdomsskole har gledd seg i lang tid til å halde konsert for eit publikum ig jen! Her blir det rockelåtar, popsongar, opplesing av elevtekstar og glad BlimE-dans i lag med ungar frå barnehage og barneskule. Kanskje kjem det ei overrasking óg! 6


O D DA 2 0 2 1

Foto: Helge Skodvin

O D DA 2 0 2 1

SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR 6. april 2011 vart stiftelsespapira til Sentralbadet litteraturhus signerte av grunnlegg jarane Marit Eikemo og Frode Grytten. Draumen om å utvikle eit litteraturhus i Odda fekk vinger. Etter 10 år er Sentralbadet framleis drive på dugnad og kjærleik. Velkomen inn i huset med det rare i.

LYSTHUSET SENTRALBAR SYMPOSIEUTSTILLINGA

ONSDAG KL. 13.00 10årsfest med kake onsdag 7


8


SENTRALBADET LITTERATURHUS SYMPOSIEUTSTILLINGA Biletkunstnar Lars Korff Lofthus lager tablå der natur, beg jær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar, t.d. ølbollar og måleri av nakne, hårete menn i intimt samkvem. Måleria til Korff Lofthus er som å sjå inn i eit lokalt folkemuseum, i homoversjonen, avdeling bamseklubben. Innimellom antikvitetar og vestlandsnatur måler han storvaksne karar, med godt med skjegg og kroppshår. Som har lyst på kvarandre, eller som innbyr oss til å få lyst på dei. Årets Symposieutstilling viser element frå sommarens suksessfulle utstilling Drik av mig som en fullkommen Mand på Hordaland kunstsenter, og ei vidareføring av Sommarutstillinga på Sentralbadet 2019: Ølbollerim. Denne gongen får skulpturane meir enn måleria stå fram. Utstillinga vert vist rundt om i Sentralbadet litteraturhus.

ONSDAG KL. 15.00 Opning av utstillinga

Lars Korff Lofthus: Kar III 2020 (detalj) Akryl og pigment på papir 110 x 75 cm Foto: Bent René Synnevåg

O D DA 2 0 2 1 9


ONSDAG KL. 17.00 / IRIS SCENE SLEPPFEST - TEAM TUVA

Lansering av Marit Eikemo si nye bok! I Team Tuva ser vi Tuva g jennom fastlegen, psykologen, advokaten, den personlege trenaren, tannlegen, snikkaren og bankkontakten. I kraft av yrkene sine har dei alle innblikk i livet hennar, og avdekker i tur og orden stadig nye sider. Med seg på scena har Eikemo Gertrud Korff (terapeut), Per Jordal ( jurist), Margrethe Ølberg Røed (prest), og programvert Karl Ystanes.

ONSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSET LITTERÆR KRAFTSTASJON Opningsforestillinga i Lindehuset er ei feiring av at vi har Litteratursymposium i Odda. Fylkesordførar Jon Askeland står for den offisielle opninga og Anne Oterholm framfører årets bestillingstekst om Attrå. Gunnhild Øyehaug les novelle og elevar frå Odda ungdomsskule syng, speler og framfører eigne tekstar. Stian Carstensen er den musikalske ryggrada for kvelden, og Finn Tokvam og Frode Grytten svinger innom og helsar på.

O D DA 2 0 2 1 10


O D DA 2 0 2 1

TORSDAG KL. 11.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LITTERÆR LUNSJ - Gunnhild Øyehaug

Foto: Helge Skodvin

Foto: Helge Skodvin

Foto: Paul S. Amundsen

Essayet Einannan er ei vakker lita historie om korleis Øyehaug blei transformert som forfattar, g jennom eit år der ho las klassikarane etter berre å ha lese kiosklitteratur, og litt om den beste teksten om sex ho nokon gong har lese: Snow, av Mary Ruefle.

TORSDAG KL. 13.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS VALD Velkomen til ein samtale om dei meir destruktive delane av attrå: Beg jær etter vald, til å straffe og kontrollere andre. Eivind Hauge Riise og Per Knutsen møter Henning H. Bergsvåg til samtale.

BILLETTAR https://littsymp.ticketco.no/ Innbygg jartorget i Odda Kjøp billett på førehand. #littsymp Vi følg jer dei til ei kvar tid g jeldande koronarestriksjonane.

BOKSAL

Norli Odda sel bøker på arenaene og i butikken på torget.

11


Foto: UiB

TORSDAG KL. 14.00 / BIBLIOTEKET SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ Forholdet mellom mann og kvinne har ein sentral plass i romanane til den franske skandaleforfattaren Michel Houellebecq. Ofte blir det sagt at han berre er opptatt av sex. Men ved nærare ettersyn er det meir fundamental kjærleik personane hans higar etter. Professor og litteraturforskar Per Buvik held foredrag.

O D DA 2 0 2 1

TORSDAG KL. 15.00 / IRIS SCENE MINIKONSERT: STIAN CARSTENSEN Stian Carstensen er multi-instrumentalist og speler mellom anna trekkspel, gitar, banjo, pedal, steel gitar, bulgarsk fløyte og sekkepipe. Repertoaret strekkjer seg frå folkemusikk til klassisk og improvisasjonsmusikk i ulike former. Eit fyrverkeri, med andre ord! 12


Foto: Renate Espe Aase

O D DA 2 0 2 1

TORSDAG KL. 15.30 / SENTRALBADET LITTERATURHUS SLEPPFEST - LIVSLYST

Lansering av Anne Oterholm sin tiande roman Livslyst. Oterholm møter Rune Christiansen til samtale. Han har òg nyleg kome ut med sin tiande roman: Saken med den tapte tidens innfall. Samtalen finn stad på det ti års jubilerande Sentralbadet litteraturhus. Oterholm og Christiansen samtalar om romanane sine, om å skrive og om å lære vekk det å skrive.

TORSDAG KL. 16.00 / JONDAL BIBLIOTEK DET GRÅDIGE HJERTE

Foto: Jarle H. Moe

Foto: Maja Hattvang

Foto: Agnete Brun

Foto: Helge Skodvin

Sjå oppslag side 6.

TORSDAG KL. 16.30 / LINDEHUSET OM KRIM Seriar, podcaster, True Crime og bøker. Krim er i alle kanalar. Eivind Riise Hauge møter Chris Tvedt, Gunnar Staalesen og Ruth Lillegraven til ein samtale om kriminallitteraturen sin posisjon i Noreg i dag. Kva er det som fascinerer sjåarar, lyttarar og ikkje minst lesarar av kriminallitteratur? Kva fortel den store interessa for sjangeren om oss, og om samfunnet vi lever i? 13


Foto: Sara Berntsen

Foto: Anna-Julia Granberg

Foto: Heidi Furre

TORSDAG KL. 17.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER

Foto: Lidia Drzewiecka

Foto: Marianne Wåhlberg

Skrivekunstakademiet i Bergen utdannar framtidas toneang jevande forfattarar. Høyr årets studentar lese frå eigne prosjekt. I tillegg les fleire av lærarane ved akademiet: Gunnhild Øyehaug, Morten Langeland, Sivert N. Nesbø, Eli Fossdal Vaage og Eira Søyseth.

TORSDAG KL. 18.00 / ODDA UNGDOMSSKULE U-BAR Elevar ved Odda ungdomsskule inviterer til konsert der dei framfører eigne tekstar, med og utan musikk. Gjestande ungdomsbokforfattarar les: Tor Arve Røssland, H.L. Phoenix og Heidi Sævareid.

O D DA 2 0 2 1

Foto: Astrid Waller

TORSDAG KL. 18.00 / ODDA KINO MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET Beg jær har alltid vore ei drivkraft i oss menneske, og har fylt oss med eit lystbetont pågangsmot til å vinne, utforske, erobre og elske, men har óg ei mørk og mektig side. I vår tids sterke tru på fornuft og den gode vilje kan vi undervurdere at dette mektige og tidvis mørke kan leie oss på ville vegar. Heile Norges samlivsekspert Sissel Gran held foredrag om det motsetningsfylte i oss. 14


Foto: Nicolas Nello

TORSDAG KL. 19.30 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LYSTHUSET - BLEI DU KÅT NO? Foto: Marina Sorohan

Foto: Oda Berby

Foto: Grethe Nygaard

Anne Oterholm, Lars Ove Seljestad og Maria Kjos Fonn les eigne erotiske tekstar. Foto: Renate Epe Aase

Foto: Renate Espe Aase

O D DA 2 0 2 1

TORSDAG KL. 21.00 / LINDEHUSET HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK - Sexskildringar i litteraturen, på godt og vondt Mediene er fulle av tekniske hint og lure orgasmetips. Du og eg tenker på det fleire gongar dagleg, men mange forfattarar vegrer seg for å skildre erotikk eksplisitt i tekstane sine. Er det likevel nokon der ute som har eit språk som kan uttrykka våre mest intime tankar? Vi g jer temaet til selskapsleik. I panelet: Marit Eikemo, Maria Kjos Fonn og Pedro Carmona Alvarez under leiing av programvert Torgrim Eggen. Høgtlesing ved Anderz Eide og musikk ved Lady Albatross.

TORSDAG 22.30 / ODDA SIN CITY NATTERAPI Dei to fritenkande terapeutane Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten inviterer alle frisinna med på natterapivandring. Ta den ultimate turen ut i Odda Sin City, inn i mørkets hjarte, slepp deg tungt ned i hedonismen, oppdag erogene soner du ikkje ante at du hadde og kjenn på den dyriske attråen som lurer like under overflata på alle litteraturfestivalar. 15


Foto: Helge Skodvin

FREDAG KL. 11.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LITTERÆR LUNSJ - Marsteins poetikk

Foto: Maja Hattvang

Trude Marstein er ein kjær forfattar, med romanar som Hjem til meg og Så mye hadde jeg. Ofte følger ho ein hovudperson over fleire tiår, og krinsar om kjærleik og familieliv, om konflikten mellom plikt og impuls. Ta lunsjen saman med Marstein, som fortel om sin poetiske praksis.

FREDAG KL. 11.30 / KINSARVIK BIBLIOTEK KRIMINELT BEGJÆR Chris Tvedt og Gunnar Staalesen

Foto: Petronelle Halvorsen

Kva er det med Bergen som fostrar så mange krimforfattarar? Chris Tvedt er særskilt kjend for bøkene om advokathelten Mikael Brenne. Gunnar Staalesen har skrive seg inn i norske hjarte i mange tiår, mellom anna med bøkene om Varg Veum. I samtale med Guro Kvalnes. I samarbeid med Ullensvang bibliotek.

O D DA 2 0 2 1

FREDAG KL. 12.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS TEKSTALLIANSE: Eit attråverdig forfattarskap? Tekstallianse inviterer til ein samtale der Henning H. Bergsvåg, poet, poesi-pushar, formidlar og aktiv SoMe-brukar, deler tips og reflekterer rundt erfaringar ved profilbygging knytt til eige forfattarskap. 16


Foto: Arne Flatin

Foto: Astrid Waller

Foto: Paul S. Amundsen

O D DA 2 0 2 1

FREDAG KL. 13.00 / LINDEHUSET BEGJÆR I SOLNEDGANG

Foto: Baard Henriksen

Kjærleik kjenner ingen aldersgrenser heiter det. Men kva med sexen? Sex blant godt vaksne menneske er kanskje framleis eit tabu, i alle fall noko ein helst ikkje snakkar så mykje om? I Gamle menns elskov skriv Per Knutsen om ein krets av eldre homofile menn i Bergen. Sissel Gran har g jennom essays og bøker eit mål om å reinvaske alderdomen. Knutsen og Gran møter Kjersti Mjør til samtale om beg jær i solnedgang.

FREDAG KL. 14.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS #IKKJEETTERBOKA Nils-Øivind Haagensen, Fanny Duckert møter journalist Jens Kihl til ein samtale om dei formelle og følte grensene mellom overgrep, seksuell trakassering, vulgaritet og flørt, med utgangspunkt i sine bøker Sangria i parken og Flørt! I samarbeid med Tekstallianse.

FREDAG KL. 14.00 MURBOLIGEN (Start) BIKUBEGANG Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. Bikubegang er ei vandring i det litterære og heilt konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa. Gjester frå Odda Musikklag er med i prosesjonen.

17


Foto: UiB

Foto: Eivind Senetset

FREDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKET KLASSIKARSAMTALEN - MARKI DE SADE Marki de Sade (1740-1814), den franske aristokraten, politikaren, filosofen og forfattaren av bøker som Justine og Filosofi på kammerset, vart fengsla for sitt libertinske moralsyn og ekstreme skildringar av sadistisk sex, vald og avvik. Kven var de Sade som tenkar, og kva for kulturelle strømningar pregar forfattarskapen? Professor emeritus Per Buvik møter førsteamanuensis og kritikar Frode Helmich Pedersen til samtale.

FREDAG KL. 15.00 IRIS SCENE SJAKK MATT Kva er sjakk? Er det vitenskap? Er det sport? Er det kunst? Forfattar Eivind Riise Hauge har skrive læreboka Sjakk – Spillenes konge, og brukt spelet til å skapa skjønnlitterære skikkelsar. Han snakker om sin fasinasjon for spelet. Etter seansen held Hauge ein sjakksimultan for dei som vil.

O D DA 2 0 2 1 O D DA 2 0 2 1

Foto: Helge Skodvin

FREDAG KL. 15.00 / LINDEHUSET FORNUFT OG FØLELSAR – Hjernedisseksjon på Kraftlaben Har du sommarfuglar i magen? Nervene utanpå kroppen? Hoppar hjartet over eit slag? Eller er du ein sånn som lar hjernen styra retninga? Kraftlaben presenterer fun facts om fornuft og følelsar, og ikkje minst tar vi ein nærmare kikk på dette merkelege organet som styrer alle kloke og mindre kloke val vi tar i livet. I samarbeid med Kraftmuseet. 18


FREDAG KL 16.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LENGSEL ETTER TILHØRIGHET Trude Marstein og Rune Christiansen har lenge vore blant Norges mest markante og kritikarroste forfattarar. Og romanane deira har noko til felles: Begge skriv dei om menneske i spennet mellom indre liv og ytre forventningar, behovet for å bli oppslukt av kjærleik og behovet for fridom. Begge er dei også opptekne av tida som går, sjølve livsløpet. Dei møter Elise Winterthun til samtale.

FREDAG KL. 16.30 / BIBLIOTEKET OVID: EKKO OG NARKISSOS - opplesing

Foto: Julie Pike

Foto: Marte G. Johnsen

Thea Selliaas Thorsen les historia om Ekko og Narkissos fra Ovids Metamorfoser, som oppvarming til samtalen med Lindgren.

FREDAG KL. 17.00 / BIBLIOTEKET EKKO, OVID OG ALGORITMANE Ekko var den greske nymfa som snakka så mykje at ho til slutt berre kunne g jenta andre. Ekko var djupt forelska i Narcissus, han som forelska seg i sitt eige spegelbilete og døde av det. Ovid-g jendiktar Thea Selliaas Thorsen møter forfattar Lena Lindgren til ein samtale om nymfa og kva krefter ho representerer, sett frå antikken og eit samtidsanalytiske perspektiv. Samtalen vert leia av filosof Øyvind Kvalnes.

O D DA 2 0 2 1 19


FREDAG KL. 17.30 / SKALLTAKET MONO 12 Supereksklusiv ein-til-ein lytting med Fredrik Høyer på toppen av trapperommet til Skalltaket! Fredrik Høyer er ein norsk forfattar, dramatikar og artist som jobbar mykje med lyd. Til denne installasjonen har han skrive og spelt inn ei kort novelle på ein gamal kassettspelar, og sit i ein støvete sofa og hører på den på hovudtelefonar, saman med éin og éin publikummar, tolv gongar. Utruleg få billettar! Ikkje for dei med høgdeskrekk, eller dei som ikkje kan gå i trapper.

O D DA 2 0 2 1

FREDAG KL. 18.00 / LINDEHUSET FLØRT! Eg ser deg - og eg likar det eg ser! Det er bodskapen i flørten. Filosof Øyvind Kvalnes og psykolog Fanny Duckert har slått seg saman for å finne ut av flørtens vesen. Herdis Moldøen er ei av dei som har bidratt med ei flørtehistorie til boka. Ho intervjuer dei for å finne ut kva som kjenneteiknar ein god flørt. 20


Foto: Lene Sørøy Neverdal

O D DA 2 0 2 1

FREDAG KL. 19.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LYSTHUSET SKEIV AFTEN

Foto: Baard Henriksen

Pikekos og bygdebøgar. Opp g jennom historia har det vore nok av historier om menn som liker menn, kvinner som liker kvinner - og dei som liker både det eine og det andre. Forfattar Kristin Fridtun og kunstnar Lars Korff Lofthus har arbeidd med spørsmål om skeiv kjærleik og seksualitet, i samtid og fortid. Kva plass har homoar, lesber og andre skeivingar i historia om den norske attråen? Fridtun og Lofthus møter kommentator og forfattar Jens Kihl til ein fredagsprat i Lysthuset om hug, homs og historie.

FREDAG KL. 20.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS SENTRALBADET POESI - Rune Christiansen

Foto: Brann

I over 30 år har Rune Christiansen sitt forfattarskap utforska mange sjangrar på skarpt og eigenarta vis. Han har vore ein viktig g jendiktar av utanlandsk lyrikk, og er kunstnarisk leiar av Forfatterstudiet i Bø. Kvar kjem dette voldsomme litterære overskotet frå? Rune Christiansen møter poet og stipendiat Fredrik Hagen til samtale.

FREDAG KL. 20.00 / IRIS SCENE FOTBALLDEBATT: SK BRANN - Vi har gravd oss eit veldig, veldig stort hòl som det er tungt å komme seg opp frå, sa Kristoffer Barmen etter nachspiel-skandalen. Sidan har dei kollektivt gravd og gravd. Vi tar debatten om skandalesesongen. Kva er det dei eigentlig driv på med på Stadion (også på dagtid)? Kva er diagnosen på SK Brann, kollektiv hodemist eller individuell orgasme? Går det an for fansen å beg jære eit SK Brann som er så langt ute? Og vil klubben stoppe å grave før dei når Kina? Moderator Davy Wathne leiar panelet med Håkon Opdal, Tuva Ørbeck Sørheim, Frode Grytten og Henning H. Bergsvåg. VM-kvalifisering Tyrkia - Noreg, på storskjerm etter Fotballdebatten. 21


Foto: Baard Henriksen

Foto: Heidi Furre

Foto: Helge Skodvin

O D DA 2 0 2 1

FREDAG KL. 21.00 LINDEHUSET LYDEN AV BEGJÆR Pedro Carmona-Alvarez og husbandet Bastard sons of Odda sørger for det musikalske bakteppet når forfattarane Morten Langeland, Nils-Øivind Haagensen, Maria Kjos Fonn, Marit Eikemo, Frode Grytten og Thea Selliaas Thorsen entrar scena i Lindehuset med sin ultimate hyllest til beg jæret.

FREDAG KL. 22.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS SENTRALBAR Heilhusfest på Litteraturhuset. DJ Sigaz snurrar plater.

Foto: Synne Øverland Knudsen

FREDAG KL. 22.30 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LYSTHUSET - POESIKONSERT MED FREDRIK HØYER

Foto: Baard Henriksen

Fredrik Høyer er ein poet som utfordrer grenser. Hans organiske fremstilling av rap og spoken word, house og techno, har fått hjernar til å eksplodere rundt i landet dei siste åra.

RAVE PÅ FABRIKKEN! Ingen festival utan dansegolv! Dansing i Knusaren på kveldstid. Sjå lokale oppslag. 22


Foto: CF-Wesenberg

O D DA 2 0 2 1

LAURDAG KL. 11.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS FILOSOFISK FRUKOST Øyvind Kvalnes inviterer til filosofisk frukost. Han vil dela nokre halvtenkte tankar frå eit holete bokmanus om filosofisk førstehjelp. Kan kloke symposieg jester bidra til å tetta ig jen hola og tenka desse tankane ferdig?

LAURDAG KL. 12.00 / LINDEHUSET SMÅSYMP - NABOEN MIN Foto: Astrid Waller

Foto: Rolf M. Aagaard

Foto: Astrid Waller

Rockesokk er tilbake på symposiets forestilling for småbarnsfamiliar! Sjå meir på s. 24

LAURDAG KL. 12.00 / KINOSALEN BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR

Foto: Marina Sorohan

Foto: Baard Henriksen

Evig din til døden skil oss? I monogamiet vert det forventa at ein skal vere trufast, halde seg til den eine og ikkje gi etter for det ulovlege suget etter spaning. Utruskap er ein katastrofe for parhold basert på eksklusivitet. Likevel skjer det ig jen og ig jen. Trude Marstein og Sissel Gran møter Kjersti Mjør til samtale om kva som skjer når det trygge kjem på kollisjonskurs med beg jæret.

LAURDAG KL. 13.00 / TELTET LESESTUND Gratis opplesingsarrangent i Allmerkeparken. Forfattarane les utdrag frå bøkene sine: Nils-Øivind Haagensen Sangria i Parken Marit Eikemo Team Tuva Pedro Carmona-Alvarez Rust 23


Foto: Øyvind Sundfør Stokke

O D DA 2 0 2 1 O D DA 2 0 2 1

LAURDAG KL. 12.00 LINDEHUSET SMÅSYMP NABOEN MIN Symposiets forestilling for småbarnsfamiliar! Naboen min lagar musikk som får ungar til å synge, danse, gruble og le. På den nye plata Alt blir feil! får vi høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du vil læra deg nokre gloser på romvesensk, har du kome på riktig stad!

Forfattarbesøk på skular og i barnehagar i Ullensvang

Foto: Gudmund Moren

Ruth Lillegraven og Tor Arve Røssland besøker småskulen, og mellomtrinnet får besøk av Arnfinn Kolerud, HL Phoenix, Tor Arve Røssland og Magnhild Bruheim.

Foto: Sara Berntsen

Foto: Per Eide

Foto: Ann Sissel Holthe

Barnehagar og småskulen får besøk av Vegard Markhus og av Teater Avvik med forestillingen Bikuben, der ein passe vaksen mann i passe fin dress dukkar opp med ein bikube som viser seg å være reine forundringspakken.

Magnhild Bruheim, Heidi Sævareid og Tor Arve Røssland skal til Ungdomsskulane. Dei to sistnemnde skal óg møte elevar på vidaregåande skule. Dit skal óg poet og performer Fredrik Høyer. Elevane får ein snikkikk på den digitale forestillinga Odda Undergrunn, som Fredrik spelte inn under Smelteverket i september.

Foto: Marianne Wåhlberg

24


I år som alle år, jobbar elevar på Odda ungdomsskole med eiga tekstskaping i prosjektet Skrifta på veggen: Dei skriv korte tekstar om nokre av tema på symposiet opp g jennom åra. Desse skal dei framføre på forestillinga U-BAR, tonesett av elevar på musikkfag, og dei kjem nok, som alltid, til å dukke opp med geriljalesing i gatene.

25


Foto: Eivind Senetset

Foto: UiB

Foto: Baard Henriksen

LAURDAG KL. 13.00 / KINOSALEN FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN - Om det seksuelle språket

Foto Julie Pike

Vi dykker ned i erotisk litteratur og forsøker å rydde opp i virvaret av fordommar og ulike kvalitetsomgrep. Er det eit skilje mellom «seriøs» litteratur og erotisk litteratur? Kor nøyaktig ligg den språklege og kvalitetsmessige forskjellen? Kan vi koke vellukka erotisk skildring ned til ein bestemt formel? Per Buvik, Rune Christiansen og Thea Selliaas Thorsen. Ordstyrar er Frode Helmich Pedersen.

LAURDAG KL. 13.00 / BIBLIOTEKET EKKO - Eit foredrag om algoritmar og beg jær Kvifor blir folk så rasande når dei får eit tastatur under fingrane? Kvifor ser rosabloggarane ut som kloningar av kvarandre? Kvifor trur fleire og fleire på konspirasjonsteoriar? Og kvifor har Silicon Valleys selskap klart å bli verdas rikaste på eit tiår, når så mykje på nettet er «gratis»? Lena Lindgren held foredrag om korleis medieteknologien har forheksa og invadert oss, sanseleg og samfunnsmessig.

LAURDAG KL. 14.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS MØT FREDRIK HAGEN Oddaforfattar Fredrik Hagen har g jeve ut fire diktsamlingar sidan debuten i 2017. I den siste boka Omriss av åpne hender (2021), skriv han om korleis det er å vere menneske i lag med andre, og om å ta vare på seg sjølv og dei ein er glad i, i ei tid som alltid går og eit språk som stadig er i endring. Hagen møter Henning H. Bergsvåg til samtale om forfattarskapen sin. 26


Foto Marina Sorohan

Foto Morgenbladet

Foto Helge Skodvin

O D DA 2 0 2 1

LAURDAG KL. 14.00 / IRIS SCENE BOWIE-BEGJÆR

Foto: Eivind Senetset

David Bowie steig opp frå jordkloden og forsvann inn i stjernetåka ein januardag i 2016. Sidan har den visjonære musikaren, skodespelaren og trendsetjaren vore sterkt sakna av mange. Vi skal bøte litt på saknet ved å snakke entusiastisk om hans briljante plater, hans innovative stil, hans ulike framtoningar og hans alltid like stilige ytre. Det er så mykje å elske og så mykje å beg jære med Bowie. Frode Grytten og Torgrim Eggen.

LAURDAG KL. 15.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS KAMPEN OM SEKSUALMORALEN Når vi ser tilbake til attenhundretalets oppheta debattar om seksualmoral, er det lett å tenke at det den gongen var vanleg å ha temmeleg forkvakla og ufunderte oppfatningar. Vil vår eiga tid ta seg like underleg ut for historikarar i framtida? Litteraturforskar og kritikar Frode Helmich Pedersen er aktuell med essayboka Å være mot sin tid. Han held foredrag om historie og seksualmoral.

LAURDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKET SEX I BIBELEN Attrå og beg jær er begrep av bibelske dimensjonar. Kva seier Bibelen om sex? Er alt så kyskt og fokusert på det reproduktive som ein kanskje trur? Er ikkje elskoven ein del av Guds skaparverk, og kvifor er kyrkja så opptatt av å dysse ned det seksuelle? Då Einar Gelius gav ut Sex i Bibelen i 2011 blei det bråk. Gelius held foredrag om sex i Bibelen. 27


Foto: Helge Skodvin

Foto: Julie Pike

LAURDAG KL. 16.00 / KINOSALEN AVHENGIG

Foto: Øystein Haara

Alkohol, narkotika, nikotin, smarttelefonar, gambling, samlemani: Vi har alle vårt. Ein mykje brukt og allment akseptert definisjon av avhengighet, er noko ein ikkje klarer seg utan, eller i det minste er tvangsprega opptatt av. Ofte held bruken fram til trass for skadelege konsekvensar for familieliv, psyke og helse. Kvifor beg jærer vi dette som øydelegg for oss? Forfattar Maria Kjos Fonn, psykolog Fanny Duckert og samfunnskommentarar Lena Lindgren skal saman med Eivind Riise Hauge dykke inn i hekt, sug og beg jær – alle ingrediensar ved den menneskelege tilstanden.

LAURDAG KL. 16.00 / PORTEN eller IRIS SCENE KONSERT: ZEBRA DUO - Mihai Sorohan og Lady Albatross! Begge er multiinstrumentalistar og komponistar, oddingar og spesialistar på messing- og treblåseinstrument. Dei speler originalmusikk og populære songar frå heile verda, i spekteret frå jazz til rock. Zebra Duo er ikledd sine ikoniske sebrakostyme, og underheld publikum med humor og kjende melodiar med høg grad av improvisasjon. Det blir alltid kjekt når Zebra duo speler opp! 28


O D DA 2 0 2 1

LAURDAG KL. 17.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LYSTHUSET - SYMPOSION

Foto: Morgenbladet

Thea Selliaas Thorsen guidar oss g jennom det meste kjende symposiet g jennom tidene: Platons Symposion. Platons skildrar eit drikkegilde hos den rike atheneren Agathon, der g jestene vert einige om å avstå frå å drikke, og heller halde kvar sin tale til kjærleiksguden Eros.

LAURDAG KL. 18.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS LINE — eit norsk moralskred

Foto: Synne Øverland

I år er det 60 år sidan spelefilmen Line hadde premiere i Noreg. To år tidlegare gav Cappelen ut Axel Jensen sin roman som skapte nesten like høge bølger som saka mot Agnar Mykle, som nyleg var domfelt i Høgsterett. Var Line pornografisk? Kunne det vere skadeleg at «teenagere» på siste del av femtitalet tok del i det erotiske eventyret til Line og Jacob? Foredrag ved Torgrim Eggen, som har skrive biografien til Axel Jensen, og eit g jensyn med 60 år gamal norsk filmkunst

LAURDAG KL. 19.00 / ALLE SCENER ODDA UNDERGRUNN

Digital tunellvandring under Smelteverket. Fredrik Høyer Vi trenger et nytt språk. Gratis vising på våre arenaer, billettar til digitalt program. 29


Foto:Siri Halvorsen Foto:Helge Skodvin

Foto:Helge Skodvin

Velkomen til verdas einaste talkshow av og med forfattarar og oddingar! Talkshowvert Marit Eikemo har med seg Frode Grytten som sidekick. Pedro Carmona-Alvarez er kapellmester for husbandet Bastard sons of Odda, og kveldens g jester er: Torgrim Eggen, Lars Korff Lofthus, Fanny Duckert og Kristin Fridtun.

Foto: Grethe Nygaard

LAURDAG KL. 20.00 LINDEHUSET HALLO ODDA!

O D DA 2 0 2 1

LAURDAG KL. 22.00/ IRIS SCENE KONSERT - Scary monsters LAURDAG KL. 22.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS SENTRALBAR Heilhusfest på Litteraturhuset. DJ Sterk snurrer plater.

O D DA 2 0 2 1 30


SØNDAG KL. 12.00 / SMELTEVERKET SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Foto:Helge Skodvin

Bli med på smelteverksvandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddas klassereisforfattar Lars Ove Seljestad og den legendariske fagforeiningsleiaren og Raudt-politikaren Terje Kollbotn..

SØNDAG KL. 14.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS BADENOVELLER

Frode Grytten gav i vår ut Gut, jente, juni, juli, ei samling sommarnoveller som krinsar om vatn og bading på ulike måtar. Kva betyr det å sleppe seg ned i det blå og ukjende? Bryte vasskorpa på Odda Folkebad? Og kva kan novella g jere som andre sjangrar ikkje kan? Grytten møter Elise Winterthun til samtale.

SØNDAG KL. 15.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET Det g jev prestisje å meistra reglane for godt skiftspråk. Mange går ut frå at folk som ikkje kan skriva rett, er dummare enn dei som skriv rett, og at språket kjem til å gå i oppløysing dersom folk byrjar ta lett på reglane. Kvar kjem ho ifrå, denne utbreidde oppfatninga om at språket – særleg skriftspråket – er ei skøyr sak som må passast på? Språkvitar og forfattar Kristin Fridtun fortel om lengten etter eit reint, sterkt og feilfritt språk, med utgangspunkt i si siste bok Kunsten å irritera seg over skrivefeil. 31


Bikubegang 1 MURBOLIGEN 2 F O L G E F O N N G ATA 3 FRELSESARMEEN 4 BARNESKULEN 5 P L AT E S J A P PA 6 F LY T E B R Y G G A 7 TORGET 8 B U S S TA S J O N E N 9 A L M E R K E PA R K E N 1 0 G Å G A T A 1 1 M E R C U R C A F É 1 2 S K R E V E T 1 3 D O M U S 1 4 S M E L T A R E N

1 5 H A R D A N G E R H O T E L 1 6 R Å D H U S E T / B I B L I O T E K E T 1 7 K I N O E N 1 8 O P O 1 9 E R R A F L O T 2 0 T Y S S E D A L S V E G E N 2 1 L I N D E H U S E T 2 2 S M E L T E H U S E T 2 3 H J Ø L L O 2 4 R Ø L D A L S V E G E N

O M

C

P

E

G

L A

H

Q

D

F I N B

O D DA 2 0 2 1 K

O D DA 2 0 2 1

A LIN DEH U S E T B HA R DA NG E R H OTE L C SK A L LTA KE T D ODDA KI NO E IRI S S C E N E F KR AF T L AB E N G SE N T R AL B A D E T L IT TE R ATURH U S H ODDA BI BL I OTE K I M U R BO L I GE N K JO N DA L BIB L IOTE K L KI N SAR V I K B I B L I OTE K M ODDA U NG D O M SS K U L E

32

N O P Q

NO RL I TRO L LTU NG A H OTEL K NU SA REN PO RTEN

FESTIVA L KO NTO R L IT T ERAT URHUSE T

Profile for Destino AS

Literatursymposiet 2021  

Literatursymposiet 2021  

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded