Page 1

9. - 13. oktober / www.litteratursymposiet.no


BILLETTAR: https://littsymp.ticketco.no/ Festivalkontoret i Litteraturhuset under symposiet. Tenestetorget i Odda (forhåndssal) Ver grei og kjøp billett på førehand.

#littsymp

Festivalleiing: Ingvild Ystanes, festivalleiar Else Marie Sandal, biblioteksjef. Programansvarleg for barn og unge Elise Winterthun, programrådg jevar Gro T. Kollbotn, produsent Christin Fossåen, praktikant Elin Myran, Frivilligsentralen i Odda Blueslaget Lokst utøve, teknisk arrangør Stiftelsen Sentralbadet Litteraturhus, medarrangør Kunstnariske rådg jevarar: Marit Eikemo, Frode Grytten, Frode Molven, Augon Johnsen, Pedro Carmona-Alvarez m.fl.


Kjære symposievenner Litteratursymposiets tema for 2019 er Døden. Det største av alle tema. Håpet er at vi g jennom desse dagane kan opne opp det rommet som kan vere litt krevande å forholde seg til. Vi skal bruke litteraturen og festen til å nærme oss det vanskelege, og inviterer inn kloke folk som skal leie oss g jennom det. Mest av alt skal vi lage eit symposium. Vi skal iscenesetje smelteverket og by på god litteratur, konsertar, kunst og gode samtalar. Det har vore ein fest sidan 2005, og dette er ikkje gravferda. Velkomen til symposium. Det blir dødsbra. Ingvild Ystanes, festivalleiar

9. - 13. oktober / www.litteratursymposiet.no


ONSDAG 9. OKTOBER 11.00 Litteraturhuset Kulturminne i Ullensvang Fagseminar 300,Møt Gro Dahle Forfattarmøte 100,14.00 Biblioteket Gravskikkar i Hardanger i jernalderen Anne Drageset. 100,16.00 Agatunet U-bar Elevar frå Odda ungdomsskule deler scene med 17.00 Iris scene Anders Totland, Gro Dahle og Teresa Grøtan. Gratis 18.00 Litteraturhuset Det blinde øye Opning av symposieutstillinga. Fotograf Rune Eraker. Gratis Litterær kraftstasjon Opningsforestilling. 250,19.00 Lindehuset Mordarballadar og rant Legg ballen død + konsert 21.30 Iris scene Catguts and horsetails. 200,TORSDAG 10. OKTOBER 11.00 Litteraturhuset Litterær lunsj - Alt vel med mor og barn Randi Fuglehaug. Gratis Gravskikkar i Hardanger i jernalderen Arkeolog Anne 11.30 Iris scene Drageset. I samarbeid med Senioruniversitetet. I døra Bokekspedisjonen - Ord vi deler NRK sceneintervju med 13.00 Murboligen Frode Grytten. Lars Ove Seljestad m.fl. Gratis 14.30 Lindeplassen Mini-konsert: Catguts and horsetails Gratis Norsk nok Foredrag ved Amal Aden. 100,14.30 Biblioteket 14.30 Kinsarvik kai Ferjemannen Fjordcruise med Anders Totland og Lars Ove Seljestad. Gratis + ferjebillett Ferjemannen Fjordcruise med Lars Ove Seljestad og 15.00 Utne kai Anders Totland. Gratis + ferjebillett 15.00 Litteraturhuset Verdenstapet Foredrag ved Bernhard Ellefsen. 100,Farlig fortid - morbide klipp frå arkivet 100,15.00 Kraftlaben 16.00 Litteraturhuset Den tid, den song Siri Økland i samtale med Hilde Kvalvaag. 100,Klassikarsamtalen - Den guddommelige komedie 16.00 Biblioteket Frode Helmich Pedersen, Eirik Vassenden og Elise Winterthun. 100,17.00 Litteraturhuset Refreng for Pedro Pedro Carmona-Alvarez i samtale med Gunnar Wærness. 100,Døden står bak døra Ole Robert Sunde i samtale med 18.00 Biblioteket Bernhard Ellefsen. 100,18:00 Jonsvoll, Jondal Morgon og kveld - Teater. Av Jon Fosse. I samarbeid med Hordaland Teater. 250,19.00 Ungdomshallen Forfatterbevegelsen Seks litterære verk som dans. 200,Døden i musikken og musikken i døden 19.00 Iris scene Musikkforedrag med Guttorm Andreassen. 100,20.00 Ekspedisjonen Kveldsete Talkshow. 150,Dommedagsmesse Bestillingsverk OVN III: 20.30 Lindehuset Kim Christer Hylland med g jester. 250,-/ 150,- ungdom 22.00 Odda folkebad Nattsvømming 200,22.00 Litteraturhuset Sentralbar DJ 99 Guttorm Andreassen. Gratis 23.30 Litteraturhuset Late night trøst - Håp Frode Grytten med band. 200,-

4


FREDAG 11. OKTOBER Døden - ein serie om livet Filmvising og samtale. Gratis 10.00 Kinosalen Bedriftsbesøk Siri Økland. Gratis 11.00 Odda energi 11.00 Spareb. Vest Bedriftsbesøk Hardanger, Marit Eikemo. Gratis 11.00 Odda kommune Bedriftsbesøk Om nekrologar, Frode H. Pedersen. Gratis Bedriftsbesøk Lise-Marte Vikse Kallåk.Gratis 11.00 Norli 11.00 Lindeplassen Smelteverket rundt på 100 minutt Fabrikkvandring med Lars Ove Seljestad og Terje Kollbotn. Gratis 11.30 Litteraturhuset Litterær lunsj - Marianegropen Ida Lødemel Tvedt. Gratis 12.00 Litteraturhuset Frå vogge til grav Gunstein Bakke, Aina Villanger og Fredrik Hagen i samtale med Henning H. Bergsvåg. 100,Cold case dr. Petersson Pressekonferanse. Gratis 13.00 Kraftlaben Kritikarsalong Ida Lødemel Tvedt, Frode H. Pedersen 13.00 Biblioteket i samtale med Eirik Vassenden om kanon. Gratis 13.00 Litteraturhuset (Døde) kvinner og poesi Amalie Kasin Lerstang. 100,Bikubesalong Opplesing ved Frode Grytten, 14.00 Murboligen Agnes Ravatn og Ole Robert Sunde. 200,14.00 Litteraturhuset Skriveskular - kreativitetens død? Gunnar Wærness, Maia Siverts, Ida Lødemel Tvedt og Morten Langeland i samtale om skriveskular. Gratis 15.00 Litteraturhuset Lesestund Studentar og lærarar ved Skrivekunstakademiet med g jester les. Gratis Eit avbrote liv Hilde Kvalvaag og Tiril Broch Aakre i 15.00 Biblioteket samtale med Marit Eikemo. 100,16.00 Litteraturhuset Dag Solstad Dag Solstad i samtale med Frode H. Pedersen. 150,17.00 Litteraturhuset Opprørsforedraget Hilde Kvalvaag. Gratis Fast i trua Alf Kjetil Walgermo i samtale med 17.00 Biblioteket Anders Totland om Du som er i himmelen. 100,Terapirommet Sjå døden i kvitauget og smil! 18.00 Hard. hotel Frode Grytten og Henning H. Bergsvåg. 150,Morgon og kveld Hordaland teater si dramatisering 18.00 Røldal kyrkje av Jon Fosse. 250,OVN III satelitt Kim Christer Hylland, Lars 19.00 Hemmeleg Ove Seljestad og Kristoffer Lo. 100,Hallo Odda Ragnar Hovland, Agnes Ravatn, Ane Dahl 20.00 Lindehuset Torp, Sjur Miljeteig, Pedro Carmona-Alvarez band. Marit Eikemo og Frode Grytten. 300,Fotballdebatt Heia fotball, Dag Solstad, Håkon Opdal. 22.00 Hard. Hotel Henning H. Bergsvåg. 200,22.00 Litteraturhuset Sentralbadet poesi Øyvind Rimbereid, Gunnar Wærness, Amalie Kasin Lerstang, Paal M. Elstad, Fredrik Hagen. 150,22.00 Litteraturhuset Sentralbar DJ 99 Guttorm Andreassen. Gratis Konsert Dan Baird and the homemade sin. 22.00 Iris scene 23.30 Litteraturhuset Late night trøst - Hav Frode Grytten med band. 200,-

5


LAURDAG 12. OKTOBER 11.00 Murboligen Bikubegang Byvandring med Frode Grytten med g jester. Gratis 11.00 Litteraturhuset Litterær lunsj - Mødre og døtre Tiril Broch Aakre Gratis Småsymp Rockesock Naboen min. 150,12.00 Odda kino Oneiron (drøm) Laura Lindstedt i samtale med 12.00 Biblioteket Hilde Kvalvaag. På engelsk. 100,12.00 Litteraturhuset Provins Amalie Kasin Lerstang og Ida Lødemel Tvedt. 100,Dei sju dørene Agnes Ravatn i samtale med Siri Økland. 13.00 Biblioteket 100,13.00 Litteraturhuset Det blinde øye Rune Eraker. 100,Om sorg Hilde Kvalvaag og Ole Robert Sunde. 100,- 14.00 Biblioteket Døde kvinners estetikk 14.00 Biblioteket Laura Lindstedt og Amalie Kasin Lerstang 100,15.00 Trolltunga hotel Boblebrunsj Guttorm Andreassen. 15.30 Litteraturhuset Lanseringsfest - Hardanger Sleppfest for Marit Eikemo si nye bok. 100,Bibelprat Alf Kjetil Walgermo. 100,- 15.30 Biblioteket Lev vel Kunsten å leve, sjølv om du ein dag skal døy. 16.30 Kinosalen Foredrag ved Ingvard Wilhelmsen. 250,16.30 Litteraturhuset Om Solaris korrigert Øyvind Rimbereid i samtale med Ida Lødemel Tvedt. 100,Solaris Korrigert Teater med Ane Dahl Torp 18.00 Lindehuset og Sjur Miljeteig. 250,OVN III satelitt Kim Chr. Hylland, Fredrik Hagen og 20.30 Hemmeleg Vegard Bjerkan. 100,Hovland & Tomrens popleksikon 250,21.30 Lindehuset 22.00 Litteraturhuset Sentralbar DJ 99 Guttorm Andreassen. Gratis 23.30 Litteraturhuset Late night trøst - Kjærleik Frode Grytten med band. 250, SØNDAG 13. OKTOBER 11.00 Odda kyrkje Gudsteneste Temagudsteneste om døden. 14.00 Litteraturhuset La det vere folk i setningane Marit Eikemo og Bjørn Tomren. 150,14.30 Kalvatræet, Røldal Ragnar Hovland les i verdas minste litteraturhus. Gratis Gjennom sorga går ein song 15.30 Odda kyrkje Konsert. Ove I.B. Danielsen. 150,-

Bokhandel

Kjøp bøker! Norli Odda Godt for deg s tår for festiva . lGodt for boksalet i buti kk en forfattarøko ved torget og nomien. på arrangement. Sentralbadet Lit nye og brukte teraturhus har eit lite utv al bøker. 6


Foto: Jarle H. Moe

VA N D R I N G A R FREDAG KL 11.00 / LINDEPLASSEN (PORTEN) SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT Bli med på smelteverksvandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddas klassereisforfattar Lars Ove Seljestad, og den legendariske fagforeiningsleiaren og Raudt-politikaren Terje Kollbotn.

LAURDAG KL. 11.00 / START: MURBOLIGEN BIKUBEGANG Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. Bikubegang er ei vandring i det litterære og heilt konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa. Odda Musikklag er med i prosesjonen. 7


MASTERARBEID ARKITEKTUR Vi presenterer to masteroppgåver om Odda. Arkitektane er til stades i utstillinga deler av dagane.

ONSDAG - LAURDAG / LESESALEN PÅ BIBLIOTEKET CITY MEMOIRS Smelteverkstomta som kulturell brubyggar Hikari Oguro (Tokyo national university of fine arts and music, 2019)

FREDAG - LAURDAG / FOAJEEN PÅ BIBLIOTEKET EI OPPDAGINGSFERD Nasjonal turiststi Trolltunga Livar Høyland Opedal og Viktor Olsson (NTNU, 2019).

KVAR DAG / PORTEN KUTT - VIDEOUTSTILLING

Videoutstilling med utdrag frå dokumentarserien Døden - ein serie om livet (Flimmer film, 2014), i porten på Smelteverket heile døgnet.

ONSDAG KL. 11.00 LITTERATURHUSET Kva er dei sentral kulturminna i Ullensvang? Kva møter eigarane av eit kulturminne? Korleis skal Odda Smelteverk sikrast og bevarast? Fagseminar i samarbeid med Hardanger og Voss museum, Kraftmuseet, Riksantikvaren og Kulturminnefondet. Private eigarar kan avtale møte med Kulturminnefondet. 8

Foto: Jarle H. Moe

Kulturminne i nye Ullensvang kommune


Foto: Line Fresti

ONSDAG KL. 14.00 / BIBLIOTEKET MØT GRO DAHLE Ingen skriv barnebøker om vanskelege tema som Gro Dahle. Ho skriv bøker for store og små i alle sjangrar, om overgrep, mobbing, usikkerhet, psykiatri, sjukdom og kjensler. Her kan vaksne og barn finne eit språk for vanskelege erfaringar.

ONSDAG KL. 16.00 / AGATUNET GRAVSKIKKAR I HARDANGER I JERNALDEREN Sjå omtale s. 11.

Foto: Helge Hansen

Foto: Cappelen Damm

Foto: Per Egil Larsen

Foto: Jarle H. Moe

ONSDAG KL. 17.00 / IRIS SCENE U-BAR Litteratursymposiet i Odda og Odda ungdomsskule har g jennom fleire år samarbeidd om eit tekstskapingsprosjekt, Skrifta på veggen, som tek utgangspunkt i litteratur­ symposiets tema. Her framfører elevar eigne tekstar med og utan musikk, og deler i år scene med g jestande ungdomsbokforfattarar Teresa Grøtan, Gro Dahle og Anders Totland.

ONSDAG KL. 18.00 / LITTERATURHUSET OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA Det blinde øye

Fotograf Rune Eraker. Natalia Golis opnar utstillinga. Sjå eige oppslag s. 20-21. 9


ONSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSET LITTERÆR KRAFTSTASJON

Foto: Boemo Hansen

Nokre av våre finaste forfattarar og musikarar møtest i skjeringspunktet mellom det seremonielle, det humoristiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratursymposium i Odda.

Foto: Paal Audestad

Foto: Marina Sorohan

Ruth Lillegraven framfører årets bestillingstekst. Erlend O. Nødtvedt les frå si komande diktsamling Slekter. Stig Amdam framfører utdrag frå teaterstykket Morgon og kveld og elevar ved Opedal skule inntar Odda med Veslefrikk-vinnaren Stillhet og kraft. Internasjonalt kor med g jester byr på nokre overraskingar, det g jer òg Frode Grytten. Catguts and Horsetails står for det musikalsk tonefølge med mordarballadar og burleske skillingsviser.

Foto: Marina Sorohan

Foto: Renate Espe Aase

Foto: Heidi Furre

Foto: Pernille Walvik

Foto: Paul S. Amundsen

Foto: Jarle H. Moe

ONSDAG KL. 21.30 / IRIS SCENE MORDARBALLADAR OG RANT Catguts and horsetails, med sine morderballadar og burleske skillingsviser, er vertskap for kvelden der forfattarar får lov til å “rante” over den saka dei ønsker skal leggast død. Kva får ein forfattar anno 2019 til å klikke? Frode Grytten, Maia Siverts, Randi Fuglehaug, Lars Ove Seljestad og Erlend O. Nødtvedt.

10


Foto: Pernille Walvik

TORSDAG KL. 11.00 / LITTERATURHUSET LITTERÆR LUNSJ - Alt vel med mor og barn Babyar kjem definitivt ikkje med storken. Randi Fuglehaug fortel historier om kvinner som føder på vegen, i lufta og til sjøs, som plukkar ti liter molter mens riene herjar, og pressar ut ein unge utan å vite at ein var gravid.

TORSDAG KL. 11.30 / IRIS SCENE GRAVSKIKKAR I HARDANGER I JERNALDEREN I Hardanger finst over tusen forhistoriske gravminne frå jernalderen. Dei fortel om folket i fortida sitt forhold til døden. Arkelog Anne Drageset besøker Senioruniversitetet med foredrag om korleis våre forfedre gravla sine døde, kva dei fekk med seg i grava, og korleis ein organiserte gravplassane i landskapet.

Foto: Helge Skodvin

TORSDAG KL. 13.00 / MURBOLIGEN BAKGÅRDEN BOKEKSPEDISJONEN - Ord vi deler

Vi kjem alle frå ein stad. NRK sin bokekspedisjon Ord vi deler stoppar på 12 stader, der dei møter ein lokal forfattar som har skrive om staden. Forfattarane som er med tar utgangspunkt i det lokale for å seie noko om det universelle. I Odda møter dei Frode Grytten i bakgården til Murboligen. Med på scena er òg Lars Ove Seljestad. 11


LINDEPLASS

LITTERATURHUSET Utstilling: Det blinde øye, Rune Eraker. Symposiets hovudarena. To etasjar med moro. Festivalkontor og billettkontor. Kafé og bar, lounge og livseliksir.

ARRANGEMENT

Foto: Jarle H. Moe

Torsdag kl. 14.30 CATGUTS AND HORSETAILS Konsert Fredag kl. 11.00 SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT 12 .


EN (PORTEN)

KUTT Videoutstilling med korte utdrag frå dokumentarserien Døden - ein serie om livet (Flimmer film, 2014). Visest i porten på Smelteverket heile dagen.

IRIS SCENE Bluesklubben Lokst Utøve sitt lokale. Arena, konsertar, mat og drikke. Utstilling: Det blinde øye, Rune Eraker.

GATEKUNST Elevar frå Ullensvang kulturskule og Barnslig dekorerer muren mot brannstasjonen. 13


Foto: Studio Vest AS

Catguts and horsetails er ein duo på kontrabass/trekkspel og cello/vokal som speler cabaretinspirerte, makabre songar. Tema som mannedrap, død, vald, alkoholisme, sex, blasfemi og angst står sentralt, og vert handsama med humor og vakre enkle melodiar.

TORSDAG KL. 14.30 / BIBLIOTEKET NORSK NOK – foredrag

TORSDAG KL. 14.30 / KINSARVIK KAI TORSDAG KL. 15.00 / UTNE KAI FERJEMANNEN

Foto: Karl Ystanes

Amal Aden er ei tydeleg, og tidvis kontroversiell, stemme i samfunnsdebatten. Ikkje berre er ho somalisk innvandrar, men også open lesbisk. Aden held foredrag om utfordringar knytte til integrering og det fleirkulturelle Norge, med fokus på tema som likestilling, ytringsfridom og sosial kontroll.

Ferjecruise tur/retur på Kinsarvik - Utne-sambandet med Anders Totland og Lars Ove Seljestad. På turane aust - vest les Totland frå sin ferske roman Vintertonar, eit kammerspel om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom. På turen vest-aust les Seljestad utdrag frå bøkene sine Snøen stryk ut alle spor og Fjorden. 14

Foto: Boemo Hansen

TORSDAG KL. 14.30 LINDEPLASSEN (PORTEN) CATGUTS AND HORSETAILS - Konsert


Foto: Anna-Julia Granberg

TORSDAG KL. 15.00 / LITTERATURHUSET VERDENSTAPET

Foto: Kraftmuseet

Kritikar og forfattar Bernhard Ellefsen undersøker i boka Imot døden: Om fortvilelsens litterære fellesskap sin eigen dødsangst, og korleis menneska til alle tider har søkt svar og trøyst i litteraturen i møte den store slutten - eller verdenstapet, som han kallar det. Ellefsen held foredrag om frykten for slutten.

TORSDAG KL. 15.00 / KRAFTLABEN FARLIG FORTID - MORBIDE KLIPP FRÅ ARKIVET

Foto: Marita Aarekol

Anne Gravdal frå Kraftmuseet har dykka i arkivet, og kåserer om arbeidsulykker under industrireisinga, forbannelsen som kvilte over dei som selde naturressursane, og andre hendingar som kan gi både grøss og kunnskap.

TORSDAG KL. 16.00 / LITTERATURHUSET DEN TID, DEN SONG

I Det står til liv skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy, og skaper eit rom for innsikt og ettertanke. I årets diktsamling Den tid, den song, skriv ho om dei små observasjonane og vidundera i kvardagen, og lèt dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Møt Økland i samtale med Hilde Kvalvaag. 15


Foto: Jarle H. Moe

Foto: Eivind Senetseth

TORSDAG KL. 16.00 / BIBLIOTEKET KLASSIKARSAMTALEN - Den guddommelige komedie

Foto: Augon Johnsen

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Dantes La Divina Commedia er eit av litteraturhistoriens rikaste verk. Komedien følger diktaren Dante g jennom dei tre delane av etterlivet: helvete, skjærselden og paradiset. Få, om nokon, litterære verk har vore g jenstand for ein slik enorm tolkingstradi­ sjon. Frode Helmich Pedersen og Eirik Vassenden møter Elise Winterthun til samtale.

TORSDAG KL 17.00 / LITTERATURHUSET REFRENG FOR PEDRO

Foto: Anna-Julia Granberg

Foto: Julie Pike

I Refrenger skriv Pedro Carmona-Alvarez essay med vidsyn og erfaring om korleis musikk og litteratur verkar på nostalgi og minne. Han skriv om familiens flyktning­ historie, om Latin-Amerika, om flukt og om sine yndlingsartistar og -forfattarar. Han møter Gunnar Wærness til samtale om livet, døden og galskapen.

TORSDAG KL. 18.00 / BIBLIOTEKET DØDEN STÅR BAK DØRA Ole Robert Sunde og Bernhard Ellefsen bruker begge litteraturen til å reflektere over den ubønnhørlege døden. Korleis forsone seg med at alt dette rundt oss som yrer av liv og overskudd, og som vi tar for gitt, ein dag skal bli til jord, til ingenting? Sunde og Ellefsen møtest til samtale om døden. 16


TORSDAG KL. 18.00 / JONSVOLL, JONDAL MORGON OG KVELD - Teater Foto: Tale Hendnes

Sjå omtale s. 27.

TORSDAG KL. 19.00 / UNGDOMSHALLEN FORFATTERBEVEGELSEN - Dans

Forfatterbevegelsen er seks soloar utført av seks forfattarar: Gro Dahle, Aina Villanger, Henning Bergsvåg, Gunstein Bakke, Maia Siverts og Gunnar Wærness. Kvar av dei har valt ut eit eige litterært verk dei kunne tenke seg å gi ut på nytt, som samtidsdans. Av Marie Bergby Handeland. Foto: Tommy Ellingsen

TORSDAG KL. 19.00 / IRIS SCENE DØDEN I MUSIKKEN OG MUSIKKEN I DØDEN Mozart skreiv sitt eige requiem. Bob Dylan insisterer på at «Death is not the end». Death metal stod sterkt både på 1990-talet og no. Clapton og Cave lagar musikk om dei døde sønene sine, og alle trommisane til Spinal Tap eksploderer på scenen. Kvifor døyr så mange kjende musikarar når dei er 27 år gamle? Du har vel bestemt kva låt som skal spelast i gravferda di? Bli med Guttorm Andreassen på ei spennande reise i musikk og død! 17


TORSDAG KL. 20.00 / EKSPEDISJONEN, LOFTHUS KVELDSETE SPESIAL MED MARIT EIKEMO SOM GJEST Kveldsete med Karl Ystanes og Magnus Opedal er eit populært talkshow på Ekspedi­ sjonen. Marit Eikemo skriv i Hardanger ei novelle om ei skodespelarinne som kjem heim til Lofthus for å vere g jest i eit lokale talkshow. Det må vi sjølvsagt kople. Velkomen til Kveldsete spesial med Marit Eikemo som einaste g jest!

TORSDAG KL. 20.30 / LINDEHUSET DOMMEDAGSMESSE - Bestillingsverk

18

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

OVN III er eit mørkt og industrielt soloprosjekt av trommeslagar Kim Christer Hylland: lyden av Smelteverket. Hylland har laga årets bestillingsverk, Dommedagsmesse og inntek Lindehuset med ein større besetning. Kva høyrest døden ut som? Kim Christer Hylland - trommer, elektronikk, vokal, smelteverk Vegard Bjerkan - synth, orgel Kristoffer Lo - tuba, flugabone, gitar Odd Erlend Mikkelsen - gitar Ruben Aksnes - bass Raymond Hellem - lysdesign


TORSDAG KL. 22.00 / ODDA FOLKEBAD NATTSVØMMING Badeenglar i alle samanslåtte kommunar, stup uti og ta over! Nattsvømminga er blitt ein tradisjon og ein institusjon. I år feirar vi livet med dødsing og dødsfine songar om havet. Det vil bli svømmebingo og flytande poesi i premie. Finast å oppleve med badebuksa på. Nesten like fint å sitje på tribuna og fylle lungene med klora luft.

TORSDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBAR Nydeleg kveldsstemning med DJ 99 Guttorm Andreassen, mannen med landets breiaste platesamling! Siderstove, livseliksir og bra folk.

TORSDAG KL. 23.30 / LITTERATURHUSET LATE NIGHT TRØST - HÅP

19

Foto: Augon Johnsen

Det er liv. Det er håp. Hjarte. Kyss. Kjærleik. Etter å ha bala med døden heile dagen på symposiet, gir vi deg tilbake trua på livet. Vi legg oss på stigande glede og presenterer flest mulig grunnar til å juble over dette korte livet. Frode Grytten med g jester inviterer til verdas finaste nattkonsertar tre kveldar på rad. Nye songar kvar kveld. Gåsehudgaranti kvar kveld. Pedro Carmona-Alvarez, gitar, song Annlaug Børsheim, gitar, fele, song Morten Qvenild, keyboard, song Einar Sogstad, keyboard Frode Grytten, røyst


RUNE ERAKER SENTRALBADET / IRIS SCENE / LINDEHUSET SYMPOSIEUTSTILLINGA Det blinde øye Korleis ser konsekvensane av klimaendringar ut? Kven er det som merkar følgene av utbyttinga av planeten vi bur på? I utstillinga Det blinde øye går fotograf Rune Eraker tett på menneska.


Foto: Christer Fasmer

FREDAG KL. 10.00 / KINOSALEN DØDEN - EIN SERIE OM LIVET

Foto: Marita Aarekol

Foto: Samlaget

Foto: Eivind Senetset

Peter og dottera Tonje dreg på oppdagingsferd rundt i verda for å undersøka korleis døden grip inn i liva våre. Serien nærmer seg døden med respekt, humor og undring. Dokumentar av Flimmer film.

FREDAG KL. 11.00 / DIV. STADER BEDRIFTSBESØK Opplesing og foredrag hos våre samarbeidspartar.

Norli: Lise-Marte Vikse Kallåk- Klemme ein gong for ja to gonger for nei Sparebanken Vest: Marit Eikemo - Hardanger Odda kommune: Frode Helmich Pedersen - Om nekrologar Odda Energi: Siri Økland - Den tid, den song

FREDAG KL 11.00 / LINDEPLASSEN (PORTEN) SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT Sjå eige oppslag s. 7.

FREDAG KL.11.30 / LITTERATURHUSET LITTERÆR LUNSJ - Marianegropen

Kritikar og essayist Ida Lødemel Tvedt brakdebuterte i år med Marianegropen, eit langessay i 43 akter. Boka reiser ei rekke presserande spørsmål i vår tid og kultur, og svingar innom tema så ulike og mangslunkne som blekksprutar, Dolly Parton, amerikansk rasediskurs, alt-right-menn og korleis vi som nasjon har fortolka 22. juli. Lødemel Tvedt les. 22


Foto: Baard Henriksen

Foto: Maria Sorohan

Foto: Christian L. Elgvin

FREDAG KL. 12.00 / LITTERATURHUSET FRÅ VOGGE TIL GRAV Fredrik Hagen, Aina Villanger og Gunstein Bakke skriv bøker om dei djupaste spørsmål: Dikt og romanar om å bere fram eit barn, om det vanvittige i å bli fødd, om den nådelause barselperioden, om sjølvmord og trafikkdød. Møt dei i samtale med poet Henning Bergsvåg.

FREDAG KL. 13.00 / KRAFTLABEN COLD CASE Dr. Petersson – Pressekonferanse for folket

Foto: Eivind Senetset

Cold case-gruppa til Kraftmuseet orienterer på dramatisk vis om kva som er status i etterforskinga av smelteverksdirektør Albert Petersson si mystiske forsvinning i 1914. Døydde han eigentleg? Nye teoriar. Nye, kalde spor. Akkurat som på TV. Etter pressekonferansen blir cold case-gruppa ig jen for å snakka med publikum, og er interesserte i tips i saka.

FREDAG KL. 13.00 / BIBLIOTEKET KRITIKARSALONG Kva er det eigentleg som g jer at nokre bøker står støtt g jennom hundreår, ja, tusenår, mens andre framstår som døde berre ti år etter at dei kom ut? Korleis står det til med klassikarane? I samarbeid med Tekstallianse. Ida Lødemel Tvedt og Frode H. Pedersen i samtale med Eirik Vassenden. 23


Foto: Kristine Helliesen

FREDAG KL. 13.00 / LITTERATURHUSET (DØDE) KVINNER OG POESI

Foto: Julie Pike

Foto: Marius Viken

Foto: Paul S. Amundsen

Poet og forfattar Amalie Kasin Lerstang har i år vore redaktør for antologien En eller to eller hundrevis av søstre, ei samling dikt om og av kvinnelege poetar. Samlinga har eit vidt spenn av tidsepokar og kulturar, og dikta kretsar om tema som seksualitet, moderskap og kvinnerolla i ei ny tid. Poetane er alt frå klassikarar som Inger Hagerup, til nye stemmer som Sumaya Jirde Ali. Lerstang gir oss eit foredrag om nokre utvalde poetar frå boka.

FREDAG KL. 14.00 / MURBOLIGEN BIKUBESALONG

Foto: Heidi Furre

Foto: Heidi Furre

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

Eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum, og let oss arrangere opplesingar i stovene deira. Med Frode Grytten, Ole Robert Sunde og Agnes Ravatn.

FREDAG KL. 14.00 / LITTERATURHUSET SKRIVESKULAR: KREATIVITETENS DØD? Skriveskular og skrivekurs blir stadig fleire og meir populære. Er det slik at dei som går på skriveskule endar opp med å skrive likt og flinkt? Kan ein eigentleg lære å bli forfattar? Morten Langeland, poet og nytilsett skrivelærar på Skrivekunstakademiet, møter forfattarane Gunnar Wærness, Maia Siverts og Ida Lødemel Tvedt til samtale.

24


FREDAG KL. 15.00 / LITTERATURHUSET LESESTUND

Foto: Heidi Furre

Foto: HAgnete Brun

Skrivekunstakademiet i Hordaland er ein av dei eldste og mest sentrale institusjonane som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving i Noreg. Norske og nordiske forfattarar underviser der, og mange av studentane har seinare blitt suksessrike forfattarar. Noverande og tidlegare studentar og lærarar les.

FREDAG KL. 15.00 / BIBLIOTEKET EIT AVBROTE LIV Kvart år tar 500-600 personar livet sitt i Norge. Framleis kan ein oppleve eit stort tabu knytt til sjølvmord. Forfattar Hilde Kvalvaag skriv om ein familie som er att etter at den eine sonen har tatt livet sitt. Tiril Broch Aakre er i haust aktuell med romanen Om mødre og døtre, om ei dotter som opplever at mora tar sjølvmord. Dei to møter Marit Eikemo til samtale om bøkene og om den aller vanskelegaste erfaringa.

FREDAG KL. 16.00 LITTERATURHUSET DAG SOLSTAD I haust er Dag Solstad ute med Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen, om kemnaren frå Kongsberg. Sist vi traff Bjørn Hansen, besøkte han sonen sin etter å ha sona ein fengselsdom for forsikringssvindel. Kor i livet er Bjørn Hansen komen no? Kva står på spel? Og kor går vegen vidare for Dag Solstad sin forfattarskap? Solstad møter litteraturforskar og kritikar Frode Helmich Pedersen til samtale. 25


FREDAG KL. 17.00 / LITTERATURHUSET OPPRØRSFOREDRAG

Foto: Per Egil Larsen

Foto: Agnete Brun

Extinction Rebellion Norge deler den nyaste forskinga på klimaendringar. Framleis fornektar mange klimaendringane, og verken myndigheiter eller kunnskap har lukkast i å snu utviklinga. Kva kan vi eigentleg g jere som einskilde menneske? Kan sivil ulydigheit vere berettiga? Korleis bygge eit mektig grasrotoppg jer, som kan sikre barna våre ei framtid i harmoni med naturen?

FREDAG KL. 17.00 / BIBLIOTEKET FAST I TRUA “Heime i stova stod vogga klar, og på soverommet var sjukehusbagen ferdigpakka til fødsel”, står det i Alf Kjetil Walgermo si bok Du som er i himmelen. Men det kom ikkje noko barn: Barnet døydde kort tid før termin, og Walgermo og kona står att og må takle det store mørkret. Kva g jer det med gudstrua til den truande når dei vondaste hendingar skjer? Finst Gud framleis for hovudpersonen, eller har han stilna? Alf Kjetil Walgermo snakkar om tap, håp og kristen tru i samtale med Anders Totland.

FREDAG KL 18.00 / HARDANGER HOTEL TERAPIROMMET - Sjå døden i kvitauget og smi l ! Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten er tilbake i sitt sjukt populære terapirom. I år svarar dei på alle spørsmål som publikum måtte ha om livet etter livet. Alt om gravferd vs kremasjon! Slik taklar du skjærselden! Korleis er helvete organisert? Og sjølvsagt dukkar både Milli Bendriss (søstera til Lilli) og Døden sjølv opp. Henning H. Bergsvåg (terapeut) Frode Grytten (terapeut) Sven Olaf Brekke (folkeleg alibi)

26


Foto: Thor Brødreskift

FREDAG KL 18.00 / STAVKYRKJA I RØLDAL MORGON OG KVELD AV JON FOSSE

Foto: Marina Sorohan

I eit fortetta «limbo-univers» møter vi Stig Amdam som Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd og den dagen han skal over til den andre sida. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå ig jennom livet sitt for å møte døden. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst. Ved Hordaland Teater

FREDAG KL. 19.00 / HEMMELEG STAD OVN III SATELITT Kim Christer Hylland sitt industrielle soloprosjekt, OVN III: Eit rytmisk organisert smelteverk som pumper ut musikk, medan Lars Ove Seljestad les. Gjestemusikar: Kristoffer Lo på dommedagstuba. 27


Velkommen til verdas einaste talkshow av og med forfattarar og oddingar! Kveldens talkshowvert, i år som i fjor, er odding og forfattar Marit Eikemo. Som side-kick har ho med seg den største av alle oddingar: Frode Grytten! Lars Eikemo, industriarbeidar, fiskar og altmuligmann er utegåande reportar, og Pedro Carmona-Alvarez er kapel­lmester for Hallo Oddas eige husband. Kveldens g jester er alle invitert til å kaste nytt lys over årets tema: Døden. Skodespelar Ane Dahl Torp og musikar Sjur Miljeteig, forfattarane Agnes Ravatn og Ragnar Hovland, og Geir Svoren, som har ein heilt spesiell kontakt med dei døde.

Foto: Marius Viken

Foto: Herborg Pedersen

Foto: Jarle H. Moe

FREDAG KL. 20.00 LINDEHUSET HALLO ODDA

28


Foto: Brann

Foto: Baard Henriksen

FREDAG KL 22.00 / HARDANGER HOTEL FOTBALLDEBATT - DØDBALL

Foto: Nikita Solenov

Foto: Kristine Helliesen

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

På symposiets faste fotballdebatt møtest fotballekspertar og fotballinteresserte forfattarar til uhøgtideleg og blodseriøs samtale om vår tids viktigaste og sjukaste idrett. Sven og Tete frå podcasten “Heia fotball” møter forfattar Dag Solstad og keeper Håkon Opdal til debatt, under kyndig leiing av den alltid offsideplasserte poeten Henning Bergsvåg. Lekre verbale driblingar og stygge sklitaklingar kan forventast!

FREDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBADET POESI Symposiets faste poesiarrangement er tilbake. Vi byr på fresh poesi frå nokre av landets aller beste poetar. Det blir opplesingar frå poetanes nyaste bøker, og samtale. På scena står Gunnar Wærness, Amalie Kasin Lerstang, Paal Maage Elstad og Øyvind Rimbereid. Programvert er Fredrik Hagen.

FREDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBAR DJ Guttorm Andreassen Nydeleg kveldsstemning med DJ 99 Guttorm Andreassen, mannen med landets breiaste platesamling! Siderstove, livseliksir og bra folk

FREDAG KL. 22.00 / IRIS SCENE DAN BAIRD AND THE HOMEMADE SIN - Konsert FREDAG KL. 23.30 / LITTERATURHUSET LATE NIGHT TRØST - HAV Sjå omtale s. 19.

29


LAURDAG KL 11.00 / MURBOLIGEN BIKUBEGANG Foto: Heidi Furre

Sjå eige oppslag s. 7.

LAURDAG KL 11.00 / LITTERATURHUSET LITTERÆR LUNSJ - Mødre og døtre

Forfattar Tiril Broch Aakre les frå haustens roman Mødre og døtre, om ei dotter som opplever at mora tar sjølvmord. Det er ei historie om sorg, kronglete kjærleik og psykisk helse. Om det mørkaste mørke, og det lysaste lys.

LAURDAG KL. 12.00 / ODDA KINO SMÅSYMP ROCKESOCK Sjå eige oppslag s. 34-35.

LAURDAG KL. 12.00 BIBLIOTEKET ONEIRON (DRØM)

Foto: Heini Jehväslaiho

Finske Laura Lindstedt sin roman Oneiron er ein fascinerande og djupt original fantasi om sekunda etter døden. Sju kvinner har hamna i eit tomt, kvitt rom. Tida slik vi kjenner henne, har opphørt. Kvinnene veit ikkje kor dei er eller korleis og kvifor dei har endt opp her. For å å forstå, ruller dei opp eigne liv. Møt Laura Lindstedt i samtale med Hilde Kvalvaag. Samtalen går på engelsk. 30


Foto: Kristine Helliesen

LAURDAG KL. 12.00 / LITTERATURHUSET PROVINS Medan dei store byane blir stadig meir overfylte og overrepresenterte i mediebildet, lever provinsen stadig i litteraturen. Amalie Kasin Lerstangs diktsamling Vårs krinsar om industristaden Notodden, og om lengselen tilbake til eit særeige samfunn som no er i ferd med å forsvinne. Brooklyn-busette Ida Lødemel Tvedt skriv i langessayet Marianegropen om korleis ho reiser til slektsstaden Hovdebygda for å skrive og tenke. Kva tilbyr provinsen oss, som storbyen ikkje kan?

LAURDAG KL. 13.00 / BIBLIOTEKET DEI SJU DØRENE Agnes Ravatn er tilbake med ny roman. Denne gongen om ein desillusjonert førsteamanuensis i litteratur, som i ein oppheta debatt sa at politietterforsking burde vere ein god karriereveg for litteraturvitarar. Kort tid etter blir leigebuaren deira meld sakna. Dei sju dørene er ein roman om hemmeleghald og farleg nysg jerrigheit.

Foto: Marius Viken

LAURDAG KL 13.00 / LITTERATURHUSET DET BLINDE ØYE Rune Eraker er ein politisk motivert fotograf. Han g jer klimautfordringar meir konkrete for dei av oss som enno ikkje er så hardt ramma av endringane. Eraker presenterer eige arbeid og metode. 31


Foto: Julie Pike

LAURDAG KL. 14.00 / BIBLIOTEKET OM SORG Å miste ein av sine nærmaste til døden er noko vi alle vil oppleve. Kva g jer eigentleg sorg med den som blir att, korleis går vi vidare utan den vi elskar? Er det eigentleg noko som heiter “å gå vidare”? Forfattarane Ole Robert Sunde og Hilde Kvalvaag har begge miste nokon nære, og bruker skriving til å forstå og bearbeide opplevinga. Dei møtest til samtale.

LAURDAG KL. 14.00 / LITTERATURHUSET DØDE KVINNERS ESTETIKK Ingenting er så poetisk som ei vakker, død kvinne, skreiv Edgar Allan Poe i si tid. Frå Shakespeares Ofelia til samtidas “nordic noir”; litteraturhistoria er full av døde kvinner, ofte avkledde og som regel utsette for valdelege handlingar av mannlege karakterar. Kvifor har dette motivet blitt så velbrukt, og kvifor går vi aldri lei? Korleis kan vi analysere denne tendensen i eit feministisk perspektiv? Forfattarane Laura Lindstedt og Amalie Kasin Lerstang møtest til samtale. På engelsk.

LAURDAG KL. 15.00 / TROLLTUNGA HOTEL BOBLEBRUNSJ Guttorm Andreassen lagar dødsgod stemning.

32


LAURDAG KL. 15.30 / LITTERATURHUSET LANSERINGSFEST - Hardanger

Foto: Jarle H. Moe

Sleppfest for Marit Eikemo si nye bok! Eikemo er tilbake med historier frå Hardanger i si nye novellesamling. Vi snakkar homoerotikk på Dronningstien, lokale talkshow, sider og rasfare.

LAURDAG KL. 15.30 / BIBLIOTEKET BIBELPRAT Vi kjem ikkje unna Bibelen når vi snakkar om døden i den vestlege kulturen. Anten vi er kristne eller ateistar, har Bibelen forma mykje av språket og symbolikken vi brukar når vi møter død og sorg i våre eigne eller andre sine liv - og han har påverka ei mengd av andre litterære verk. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, tek oss med på ei reise i Bibelen sine forteljingar.

LAURDAG KL. 16.30 / KINOSALEN LEV VEL Foredrag ved Ingvard Wilhelmsen: Kunsten å leva, sjølv om du ein dag skal døy. Det meste her i livet kan vi ikkje g jere noko med, men korleis vi lever med alt som skjer, bestemmer vi sjølve. Wilhelmsen rettar blikket mot haldningar, grubling og bekymring. Det er OK å ville ha kontroll i livet, men då er det lurt å halde seg til kontrollerbare faktorar. Blant dei er ikke døden. 33


SmåSymp LAURDAG KL. 12.00 / ODDA KINO SMÅSYMP ROCKESOCK Naboen min er ein musikalsk duo samansett av Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt. Dei byr på sprudlande, humoristisk og sjarmerande musikk for born. Plata Rockesock vann Spellemannprisen 2018 i klassen barneplate.

Små S


Symp

Skuleforestilling Snill er ein forestilling for barn og vaksne basert på boka til Gro Dahle. Hovudkarakteren Lussi er ei perfekt jente. Ho er ikkje berre høfleg, men vakker, flink og snill. Så perfekt er ho, at ein dag blir ho usynleg. Ei blanding av skodespel, figurteater og animasjon. Av og med Open Window Theater.

Forfattarbesøk på skular og barnehagar i Odda og Ullensvang Forestillinga Snill er vår hovudsatsing for barneskulane. Teatergruppa Krabatane besøker barnehagane med forestillinga Pling vaken. Til barnehagane og småskulen kjem Randi Fuglehaug med sine biletbøker. Ruth Lillegraven møter mellomtrinnet. Anders Totland, Gro Dahle, Teresa Grøtan skal besøke mellomtrinnet og ungdomsskulane. Elevar ved Odda vidaregåande skule får aulaforedrag av Amal Aden og Teresa Grøtan, og deltek i det opne programmet.


SOLARIS KORRIGERT WAT vul aig bli om du ku kreip frå din vorld til uss? I dette framtidsspråket tek Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris Korrigert (2004) oss med til år 2480. Hovudkarakteren «Aig» er i ferd med å flytta under havoverflata, til tørrlagde oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, røyr, slangar og hydraulikk, medan verda omkring i stadig aukande grad blir omsett til digitale spegelbilete. Det minner om trekk vi ser rundt oss i dag, der både jobb, offentlegheit og sosial kontakt stadig flyttar over i virtuelle rom. «Aig»-personen fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar frå dagleglivet slik dei framstår i 2480. Og om kjærleik til teknologi, teknologi som har sitt grunnlag frå både ei gamal og ei ny verd. I teateroppsetjinga Solaris korrigert (Det Norske Teatret) smeltar lys, musikk, scenografi og tekst saman til ei oppleving som ligg i grenselandet mellom teater og konsert.

LAURDAG KL 16.30 / LITTERATURHUSET OM SOLARIS KORRIGERT Øyvind Rimbereid i samtale med Ida Lødemel Tvedt.

LAURDAG KL. 18.00 / LINDEHUSET SOLARIS KORRIGERT Teater med Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig. 36


37 Foto: Erik Berg


Foto: Tom Egil Leitrø

LAURDAG KL. 20.30 / HEMMELEG STAD OVN III SATELITT Kim Christer Hylland sitt industrielle soloprosjekt, OVN III: Eit rytmisk organisert smelteverk som pumper ut musikk, medan Fredrik Hagen les. Gjestemusikar: Vegard Lien Bjerkan på tangentar.

LAURDAG KL. 21.30 / LINDEHUSET HOVLAND & TOMRENS POPLEKSIKON Velkommen til g jennomgang av populærmusikk frå det førre hundreåret. Ragnar Hovland og Bjørn Tomren inviterer dei musikalske vennene sine på scena, og lover innslag av både trekkspel, ukulele og strupesong når dei framfører klassikarar av blant andre Johnny Cash, Whitney Houston, Ramones, Elvis Costello, The Animals, Pet Shop Boys, Velvet Underground og Kraftwerk. Med seg på scena har dei eit eminent knippe musikarar: Anders Bitustøyl Einar Sogstad Heine Bugge Åse Britt Reme Jakobsen Hallvar Djupvik

Foto: Skjalg Eikeland

LAURDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBAR DJ Guttorm Andreassen Nydeleg kveldsstemning med DJ 99 Guttorm Andreassen, mannen med landets breiaste platesamling! Siderstove, livseliksir og bra folk

LAURDAG KL. 23.30 / LITTERATURHUSET LATE NIGHT TRØST - KJÆRLEIK Sjå eige oppslag s. 19.

38


SØNDAG KL. 11.00 ODDA KYRKJE GUDSTENESTE Temagudsteneste om døden.

Foto: Samlaget

SØNDAG KL. 14.00 / LITTERATURHUSET LA DET VERE FOLK I SETNINGANE I eit fortetta og neddempa program møter vi forfattar Marit Eikemo og musikar Bjørn Tomren. I løpet av denne timen vil Eikemo lese tekstar som dannar ein raud tråd g jennom hennar forfattarskap, og Tomren vil synge kjende popsongar som er sentrale omdreiningspunkt for dei begge. Foto: Herborg Pedersen

SØNDAG KL 14.30 / KALVATRÆET I RØLDAL Ragnar Hovland les i verdas minste litteraturhus.

Foto: Lene R. Danielsen

SØNDAG KL. 15.30 / ODDA KYRKJE GJENNOM SORGA GÅR EIN SONG Songar, dikt og refleksjonar frå 25 år med gravferder i Odda og i Nordhordland/Bergen. Alt dette sett g jennom eit eige sorgslør, i skuggen av sin eigen fars sjukdom og død. Av og med Ove I. B. Danielsen (song, tekst og keyboard). Margot Helene Backer-Owe les tekst.


Bikubegang 1 MURBOLIGEN 2 F O L G E F O N N G ATA 3 FRELSESARMEEN 4 BARNESKULEN 5 P L AT E S J A P PA 6 F LY T E B R Y G G A 7 TORGET 8 B U S S TA S J O N E N 9 A L M E R K E PA R K E N 1 0 G Å G A T A 1 1 M E R C U R C A F É 1 2 S K R E V E T 1 3 D O M U S 1 4 S M E L T A R E N

1 5 H A R D A N G E R H O T E L 1 6 R Å D H U S E T / B I B L I O T E K E T 1 7 K I N O E N 1 8 O P O 1 9 E R R A F L O T 2 0 T Y S S E D A L S V E G E N 2 1 L I N D E H U S E T 2 2 S M E L T E H U S E T 2 3 H J Ø L L O 2 4 R Ø L D A L S V E G E N

P M

Y

V S L

E

G A

Q

H

X

D

F U I N

C

B

W

Litteratursymposiet A L I N DEH U S E T B HAR DA NG E R H OTE L C ODDA K Y R KJ E D ODDA KI NO E IRI S S C E N E F KR A F T L AB E N G S EN T R AL B A D E T L I T TE R ATU RH U S H ODDA BI BL I OTE K I M U R BOLI G E N K U T N E K A I L KI NSAR V I K K A I M K A LVAT R Æ E T, R Ø L DA L 40

K T

N NO RL I O TRO L LTU NG A H OTEL P RØ L DA L K YRKJ E Q L INDEPL ASS EN ( PO RTEN ) R O DDA ENERGI S EKS PEDIS J O NEN, LO F T HUS T AGATU NE T U S PA REB A NK EN VEST V O DDA FO L K EB A D W J O NSVO L L , J O NDA L X PO RTEN Y S K A L LTA K E T FESTIVA L KO NTO R L IT T ERAT URHUSE T

O

R

Profile for Destino AS

Katalog Litteratursymposiet 2019  

Katalog for Litteratursymposiet 2019. Detaljert program med informasjon om forfattere og arrangement. Temaet i år er Døden.

Katalog Litteratursymposiet 2019  

Katalog for Litteratursymposiet 2019. Detaljert program med informasjon om forfattere og arrangement. Temaet i år er Døden.

Advertisement