Katalog Litteratursymposiet 2018

Page 1

10. - 14. oktober / www.litteratursymposiet.no


Foto: John Erik Riley

BILLETTAR https://littsymp.ticketco.no/ Festivalkontoret i Litteraturhuset under symposiet Tenestetorget i Odda (forhåndssal) Ver grei og kjøp billett på førehand. #littsymp

Litteraturhuset


Løgn Gode symposievenner! Vi lever i ei tid der den amerikanske presidenten blir tatt i å servere 2000 løgner det første året i embetet. Politikarar har fått dårlig hukommelse og held tilbake info for sjefen, og den ideelle organisasjonen som faktasjekker samfunnsdebatten har eit godt beite. Skjønnlitteraturen blir stadig etterprøvd og kommentert av folk som føler seg uthengde – det er ikkje sant, det var ikkje sånn det var. Kva g jer det med oppfatninga vår av sanning? Og av litteraturen? Dette og meir til skal utforskast når LØGN er tema på #littsymp 2018. Det siste året har det dukka opp fleire nye aktørar i symposiets kjerneområde rundt Lindeplassen. Vi har difor gleda av å samle festivalen til dette området i enno større grad enn før, sjølv om vi sjølvsagt framleis breier oss utover vår vesle by, og til nabokommunane vi snart skal slå oss saman med. Velkomen til symposiet - årets litterære gilde i Odda! Ingvild Ystanes, Festivalleiar

Festivalleiing: Ingvild Ystanes, festivalleiar Else Marie Sandal, biblioteksjef. Programansvarleg for barn og unge Elise Winterthun, programrådg jevar Elin Myran og Knut Steinar Bu, Frivilligsentralen i Odda Gro T. Kollbotn, festivalassistent Blueslaget Lokst utøve, teknisk arrangør Gro Mette Espe, festivalkontoransvarleg Stiftelsen Sentralbadet Litteraturhus, medarrangør Kunstnariske rådg jevarar: Marit Eikemo, Frode Grytten, Frode Molven, Augon Johnsen, Pedro Carmona-Alvarez m.fl.

10. - 14. oktober / www.litteratursymposiet.no


ONSDAG 10. OKTOBER 09.00-11.00 Litthuset 11.30 Iris scene 12.00-15.00 Litthuset 14.00-17.00 Dunkelageret 15.30 Lindeplassen 16.00 Dunkelageret 17.00 Iris scene 18.00 Litteraturhuset 19.00 Lindehuset 21.30 Iris scene

Symposieseminar - Les for livet. Arne Svingen. * 500,- (*750,- for begge) Litterær lunsj Klimafiksjon Gratis Symposieseminar - Eg <3 diktanalyse * 500,- (*750,- for begge) Ørkenblikket / Desert Gaze Symposieutstillinga John Erik Riley. Gratis Trio de Grimo Gratiskonsert Opning av symposieutstillinga Ørkenblikket / Desert Gaze Gratis U-bar Gratis Utstillingsopning. Unni Askeland. Gratis Litterær kraftstasjon Opningsforestilling. 250,Tønes Bokpreik med Fredrik Hagen og konsert 200,-

TORSDAG 11. OKTOBER 11.30 Litteraturhuset Litterær lunsj - Madame Bovary Margunn Vikingstad. Gratis 12.00-17.00 Dunkelageret Ørkenblikket / Desert Gaze Symposieutstillinga open. Gratis Skrifta på veggen Elevar les. Gratis 12.30 Lindeplassen 13.00-14.45 Odda kino Klassikarsamtalen - Ibsen Marit Eikemo, Frode Helmich Pedersen, Gunnar Staalesen, Elise Winterthun og André Søfteland. 200,16.00 Trolltunga hotel Komletorsdag Lars Ove Seljestad les. 16.00 Dunkelageret Amerika Opplesing John Erik Riley, Frode Grytten Pedro Carmona-Alvarez m.fl. Gratis 17.00 Litteraturhuset Minne, sanning og skriving Vigdis Hjorth, UKON og Gisle Selnes i samtale med Espen Stueland. 150,18.00 Gløyp, Kinsarvik Møt Gunnar Staalesen i samtale med biblioteksjef Erika Alnæs. 100,Den nye vinen Opplesingsarrangement. 18.00 Litteraturhuset Kveldens vert: Fredrik Hagen. Gratis Litterær heilaften Marit Eikemo, Anne Oterholm, 19.00 Lindehuset Vigdis Hjorth og Margunn Vikingstad. 250,100 hardingar på 50 minutt AK Glück-Teigland. 100,19.00 Jondal hotel 21.00 Litteraturhuset Eit kunstnarliv Unni Askeland og Henning H.Bergsvåg 100,21.00 Fordelingsstasjon Kim Christer Hylland Urframføring. Gratis Nattsvømming 200,- 22.00 Odda folkebad 22.00 Litteraturhuset Sentralbar DJ Sterk. Gratis FREDAG 12. OKTOBER Responskurs Tormod Haugland. 600,09.00-13.00 Litthus Bedriftsbesøk Gunnar Staalesen. Gratis 11.00 Odda energi 11.00 Sparebanken Vest Bedriftsbesøk Anne Oterholm. Gratis 11.00 Biblioteket Bedriftsbesøk Marit Eikemo. Gratis 11.00 Litteraturhuset Litterær lunsj - Fiksjonens død? Gratis 12.00-17.00 Dunkelageret Ørkenblikket / Desert Gaze Symposieutstillinga open. Gratis Sjå på meg Geir Gulliksen og Vigdis Hjorth 12.00 Biblioteket i samtale med Margunn Vikingstad. 100,Falsk tilståing Bjørn Olav Jahr, Frode Helmich 13.00 Iris scene Pedersen og Espen Stueland. 100,-

4


14.00 Vitensenteret 14.00 Murboligen 15.00 Iris scene 16.00 Litteraturhuset 16.00 Iris scene 17.00 Lindehuset 17.00 Biblioteket 18.00 Litteraturhuset 18.30 Iris scene 19.00 Litteraturhuset 20.00 Odda kino 20.00 Eksp., Lofthus 22.00 Litteraturhuset 22.00 Hard. Hotel 22.00 Iris Scene

Skål Odda! Kåseri om øl ved Anne Gravdal, Kraftmuseet. Gratis Bikubesalong Opplesing ved Frode Grytten, Anne Oterholm og Geir Gulliksen. 200,- Forræderens guide til Nord-Korea Morten Traavik i samtale med Bjørn Olav Jahr. 100,Kritisk kvartett Litteratur-kritikk på scena. 100,Av fjord er eg komen Per Anders Todal held foredrag. 100,Responsmani Foredrag ved John Erik Riley. Gratis Knud Knudsen - Veien, reisen og landskapet. Gratis Mann 2018 Brit Aksnes og Geir Gulliksen 100,Dikt og forbanna løgn Pedro Carmona-Alvarez, Gjertrud Langva og Joakim Kjørsvik. 100,Marguerite Duras Cathrine Strøm, Margunn Vikingstad og Anne Oterholm. 100,Area 51 Konsert. Morten Quenild, Frode Grytten m.fl. 300,100 hardingar på 50 minutt AK Glück-Teigland. 100,Sentralbadet poesi UKON, Siri Amalie Oftestad, Pedro Carmona-Alvarez, Paal M. Elstad m.fl. Programvert Fredrik Hagen. DJ Eikemo 150,Fotballdebatt 200,Valderrama + Sølvsuper Konsert.

LAURDAG 13. OKTOBER 11.00 Murboligen Bikubegang Byvandring med Frode Grytten med g jester. Gratis Juba Juba Småsymp 150,11.00 Odda kino 12.00 Litteraturhuset Løgnhals Anne Oterholm i samtale med Henning H. Bergsvåg. 100,Laks og løgn 12.00 Iris Scene Morten Strøksnes, Per Anders Todal m.fl. 100,12.00-17.00 Dunkelageret Ørkenblikket / Desert Gaze Symposieutstillinga open. Gratis 13.00 Iris Scene Film - Liberation day Regissør Morten Traavik og Daniel Kalder. 100,13.00 Litteraturhuset Detektimen Gunnar Staalesen i samtale med Fredrik Hagen. 100,Nobel-samtale Eirik Vassenden, Lena Andersson 14.00 Biblioteket og Elise Winterthun. 100,14.00 Litteraturhuset Trumps Amerika Heidi T. Skjeseth i samtale med Per Anders Todal. 100,Microbandet Konsert. Gratis 15.00 Lindeplassen Boblebrunsj - 100 hardingar på 50 minutt 15.00 Trolltunga hotel AK Glück-Teigland. Mat Heimen Marit Eikemo og Lena Andersson i samtale 15.30 Biblioteket med Cathrine Strøm. 100,Fakta og fiksjon Morten Strøksnes, Per Anders Todal, 15.30 Iris Scene Heidi T. Skjeseth og Bjørn Olav Jahr. 100,16.30 Litteraturhuset Dic-lit Morten Traavik og Daniel Kalder. om diktatorer. Siri Amalie Oftestad les. 100,16.30 Biblioteket Tatt av Vinje Hadle L. Reisæter med tonefølge. Gratis 17.00 Iris scene Norske menn i hus og hytte. Konsert. 20.00 Lindehuset Hallo Odda! Litterært talkshow 300,Miss Tati - Konsert 250,22.00 Iris Scene 22.00 Litteraturhuset Sentralbar DJ Sterk. Gratis 5


SØNDAG 14. OKTOBER 11.00 Lindeplassen 11.00-14.00 Smelteverket Smelteverket Buldrerommet Knusaren LIndeplassen Dunkelageret 13.00 Smia 11.00-14.00 Dunkelageret 13.00 Portvaktbygget 13.00 Kalvatræet, Røldal 14.00 Litteraturhuset 14.00 Agatunet 19.00 Iris scene

Smelteverket rundt på 100 minutt Fabrikkvandring med Terje Kollbotn og Lars Ove Seljestad. Gratis Smelteverket open Gratis Familierebus 50,Mjuk jazz og buldring Gratis Opplesing og aktivitetar Gratis Skriftestol Bekjenn dine synder før du dreg frå festival. Gratis Ørkenblikket/ Desert Gaze Utstilling Kim Krister Hylland mini-konsert. Gratis Familierebus på smelteverket Ørkenblikket/ Desert Gaze Utstilling. Gratis Gratis og uforpliktande verdivurdering Visning med Frode Grytten og Marit Eikemo. 100,- Tatt av Vinje Hadle Lavold Reisæter med tonefølge. Gratis Møt Lena Andersson 100,- Klyngetunet - landsbyen som blei borte Boklansering. 100,- Endre Olsen Solo-konsert. 100,-

Kraftmuseet

i Tyssedal kastar historisk lys over det moderne Norge. Odda og Tyssedal g jekk frå å væra store turistmål til å bli internasjonalt viktige pionérsamfunn for vasskraft- og industriutbygging. Tyssedal kraftanleg er eit nasjonalt kulturminne som er vakkert restaurert og fylt med aktivitet. Museet ved fjorden byr på omvisingar i den freda Tyssedal kraftstasjon, filmar og utstillingar. Ope tysdag-fredag kl. 10.00 -15.00.

Vitensenteret

Gøyale vitentriks! Ope onsdag og torsdag frå 11.00-15.00. 6


Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. Bikubegang er ei vandring i det litterære og heilt konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa.

Foto: JHM

SØNDAG KL. 11.00 / START: LINDEPLASSEN SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT Bli med på ei vandring med to kjemper frå Odda: Fabrikkdiktar og Oddas klassereisforfattar Lars Ove Seljestad, og den legendariske fagforeiningsleiaren og Raudt-politikaren Terje Kollbotn. Saman tar dei oss med inn i rå industriariarkitektur på smelteverkstomta. 7

VA N D R I N G A R

LAURDAG KL. 11.00 / START: MURBOLIGEN BIKUBEGANG


Litterær kraf Onsdag kl. 19.00 / Lindehuset Nokre av våre finaste forfattarar og musikarar møtest i skjeringspunktet mellom det seremonielle, det humoristiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratursymposium i Odda. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opnar symposiet og svenske UKON, forfattar og psykiater, held årets essay om løgn. Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez framfører sin hyllest til Den norske Forfatterforeningen sitt 125-årsjubileum. Det norsk – gambiske stjerneskotet Camara Lundestad Joof deler tankar om identitet og Tønes syng ei av sine vare viser.

8

Foto: Maria Sorohan

Foto: Paul S. Amundsen

Foto: Drucksache

Foto: Maria Grosse

Foto: Augon Johnsen

Foto: André Løyning

Foto: Øystein Grutle Haara

Syng g jer òg Miss Tati og elevar ved Odda ungdomsskule, og så kjem nok Helge Olsen innom. Kanskje tar han med seg ein kompis.


ftstasjon

9


Foto: Sigbjørn Sigbjørnsen

ONSDAG KL. 09.00 – 11.00 / LITTERATURHUSET SYMPOSIESEMINARET - LES FOR LIVET

Foto: Cato Lein

Arne Svingen har i fleire år jobba med å løfte lesing blant barn og unge, med særlig fokus på gutar og deira lesing. Han tar oss med inn i Svingens barnebokverd.

ONSDAG KL. 11.30 / IRIS SCENE LITTERÆR LUNSJ - KLIMAFIKSJON Forfattar og essayist Espen Stueland held foredrag om kva for ein plass klima­ øydelegging har i samtidslitteraturen.

ONSDAG KL. 12.00 – 15.00 / LITTERATURHUSET SYMPOSIESEMINARET - EG <3 DIKTANALYSE

Diktanalyse = kjedeleg? Samtidspoesi = marginalisert? Pøh! Norsklektorane Kjersti Rognes Solbu og Jon Opedal Hove viser korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk og kreativt. Alle opplegga dei presenterer har dei prøvd ut i eigne klasserom.

ONSDAG KL. 15.30 / LINDEPLASSEN TRIO DE GRIMO - Gratiskonsert Håkon Widding, Tarjei Flotve og Roald Haustveit i Trio de Grimo er inspirert av braziliansk bossa nova og samba, men let seg ikkje avgrense til det.

10


ONSDAG KL. 16.00 / DUNKELAGERET OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA ØRKENBLIKKET / DESERT GAZE

Foto: JHM

Kjell Håland, nestleiar KIRU HFK, opnar utstillinga. John Erik Riley i samtale med Henning H. Bergsvåg.

ONSDAG KL. 17.00 / IRIS SCENE U-BAR / SKRIFTA PÅ VEGGEN Litteratursymposiet i Odda og Odda ungdomsskule har g jennom fleire år samarbeidd om eit tekstskapingsprosjekt med utgangspunkt i litteratursymposiets tema: Skrifta på veggen. På arrangementet framfører elevar eigne tekstar, med og utan musikk og bilete, og deler scene med g jestande ungdomsbokforfattarar.

ONSDAG KL. 18.00 / LITTERATURHUSET OPNING: UNNI ASKELAND - SALSUTSTILLING Unni Askeland stiller ut nye verk frå utstillinga “Jeg vil ikke dø”, oljemaleri på lerret, grafikk frå tidlegare utstillingar og verk frå sine “Munchadopsjoner”.

ONSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSET LITTERÆR KRAFTSTASJON Sjå eige oppslag s. 8-9.

ONSDAG KL. 21.30 / IRIS SCENE TØNES - BOKPREIK OG KONSERT

Frank Tønnesen, i musikalsk tapping betre kjent som Tønes, debuterer i haust med ein kollektivroman frå bygde-Noreg: Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem. Tønnesen viser alltid kjærleik til desse ofte litt skuggeredde karakterane som fins i universet hans, uansett kor små problem dei kavar seg opp over, og kor feile avg jersler dei tek. Frank Tønnesens er absolutt dei små problema sin forfattar, men dei kan vera store nok! Møt han i samtale om boka med Fredrik Hagen før han speler konsert. 11

Foto: André Løyning


L

I

N

D

E

P

LITTERATURHUSET Utstilling: Unni Askeland, salsutstilling. To etasjer med moro. Symposiets hovudarena. Festivalkontor, billettkontor, bokloppis. Kafé og bar, lounge og sannhetsserum.

ARRANGEMENT Onsdag kl. 15.30 / TRIO DE GRIMO Torsdag kl. 12.30 / SKRIFTA PÅ VEGGEN, ELEVAR LES Laurdag kl. 15.00 / MICROBANDET KONSERT Søndag kl. 11.00 / SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

BULDREROMMET 12

Salong Sterk.


L

A

S

S

E

IRIS SCENE Bluesklubben Lokst utøve sitt nye lokale. Arena, konsertar og bar. Utstilling: HENNIGALLERY presenterer HENNI D’vil / FS18 Classy, Sassy and a bit Badassy.

VITENSENTERET Gøyale viten-triks.

FAKTABOKS - Fakta faen! Fake news, alternative nyhende og faktasjekking. Årets tema er løgn - kva er fakta? I boksen er det faktisk du som har fasiten. Fakta faen. 13

N


Foto: Marina Sorohan

TORSDAG KL. 11.30 / LITTERATURHUSET LITTERÆR LUNSJ - MADAME BOVARY Desillusjonsroman og livsløgnsroman er nokre av orda som har blitt brukt om den franske klassikaren Madame Bovary av Gustave Flaubert. Romanen, som kom ut på fransk i 1857, er i år gitt ut i nynorsk utgåve. Kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad held foredrag om Madame Bovary.

TORSDAG KL. 12.00 - 17.00 / DUNKELAGERET ØRKENBLIKKET/DESERT GAZE Utstillinga er open. Sjå eige oppslag s. 24-25.

TORSDAG KL. 12.30 / LINDEPLASSEN SKRIFTA PÅ VEGGEN

Foto: Marina Sorohan

Elevar ved Odda ungdomsskule les eigne tekstar.

14


Foto: Helge Skodvin Foto: Agnete Brun Foto: Erika Hebbert

Foto: Eivind Senetset

TORSDAG KL. 13.00 - 14.45 / ODDA KINO KLASSIKARSAMTALEN - IBSEN Henrik Ibsen vert ofte plassert i den framveksande realistiske tradisjonen på siste del av 1800-talet, under påverknad frå Georg Brandes. Sanninga skulle fram i lyset, og dobbeltmoralen i samfunnet og særskilt borgarskapet skulle blottleggast. Kva for ein plass har livsløgna hos Ibsen? Marit Eikemo, Frode Helmich Pedersen og Gunnar Staalesen møtest til samtale med utgangspunkt i Peer Gynt, Vildanden og Gjengangere. Ordstyrar er Elise Winterthun. Skodespelar André Søfteland dramatiserer utdrag frå stykka.

ONSDAG KL. 16.00 / DUNKELAGERET AMERIKA Opplesing og musikk ved John Erik Riley, Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez.

TORSDAG KL. 16.00 / TROLLTUNGA HOTEL KOMLETORSDAG Komler er kanskje den fremste representanten for urvestlandsk tradisjonsmat. Trolltunga hotel byr på komle-buffé og Lars Ove Seljestad les tekstar om mat og tilhøyrigheit. Meir vestlandsk og burlesk enn bordseta på Hovlandsgarden i eventyrromanen Frægd kan det vel knapt bli?

15


Foto: Drucksache

Foto: Marina Sorohan

Foto: Cato Lein

TORSDAG KL. 17.00 / LITTERATURHUSET MINNE, SANNING OG SKRIVING For over hundre år sidan trakk Freud koblingar mellom kreativ skriving og barndoms­ minne som kjem til overflata. Så lenge menneska har vore opptekne av psyken, har mykje av litteraturen også vore prega av arbeid med minne og hukommelse. Kva er denne koblinga mellom psyken, minnet og skrifta? Forfattar Vigdis Hjorth, diktar og psykolog UKON og professor Gisle Selnes møtest til samtale, leia av forfattar Espen Stueland.

Foto: Helge Skodvin

TORSDAG KL. 18.00 / GLØYP, KINSARVIK MØT GUNNAR STAALESEN

Foto: Marina Sorohan

Foto: Oda Berby

Foto: Renate Espe Aase

Foto: Tove Sivertsen

Gunnar Staalesen debuterte i 1969 og har sidan blitt ein av Norges fremste kriminal­ forfattarar. Møt skaparen av Varg Veum-universet i samtale med biblioteksjef Erika Alnæs. I samarbeid med Ullensvang bibliotek.

TORSDAG KL. 18.00 / LITTERATURHUSET DEN NYE VINEN Vi samlar nokre av dei lovande, nyare forfattarane til opplesingar og samtale. Med studentar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, Joakim Kjørsvik, Paal Elstad, Gjertrud Langva og fleire. Fredrik Hagen er programvert.

16


Foto: Marina Sorohan

Foto: Agnete Brun

Foto: Marina Sorohan

TORSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSET LITTERÆR HEILAFTEN

Margunn Vikingstad er vertinne for årets litterære heilaften. Bokpreik med for­fattarane av nokre av årets beste bøker.

Marit Eikemo - Gratis og uforpliktande verdivurdering Anne Oterholm - Løgnhals Vigdis Hjorth - Lærerinnens sang

TORSDAG KL. 19.00/ JONDAL HOTEL 100 HARDINGAR PÅ 50 MINUTT AK Glück-Teigland. Sjå oppslag s. 27.

TORSDAG KL. 21.00 / LITTERATURHUSET EIT KUNSTNARLIV Biletkunstnar Unni Askeland og poet og livskunstnar

Henning H. Bergsvåg møtes til den store samtalen om posørar, kunst og løgnarar.

17


TORSDAG KL. 21.00 / FORDELINGSSTASJONEN KIM CHRISTER HYLLAND – URFRAMFØRING

Kim Christer Hylland er ein trommeslagar frå Odda. Inspirert av heimbyen har han eit pågåande solo-prosjekt: å lage musikk av Smelteverket i Odda. I samarbeid med Odda-smia har vi fått laga eit instrument til han. Det blir urframføring, mørkt, metallisk og industrielt.

TORSDAG KL. 22.00 / ODDA FOLKEBAD NATTSVØMMING Mennesket består av 72,8 prosent vatn, og Odda Folkebad held nattope. Det blir våt musikk, flytande poesi og svevande poetar. Anten du vil hive deg uti sjølv, eller bare nyte showet frå tribuna; dette må du ikkje gå glipp av. Maken har du garantert ikkje sett før i Odda by.

TORSDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBAR DJ Sterk speler groovy musikk. Møteplass for dei som ikkje vil bade, og staden å vere etter Nattsvømming. Sannhetsserum, løgndetektor og snacks.

18


FREDAG KL. 09.00 - 13.00 / LITTERATURHUSET RESPONSKURS Har du ein forfattar, poet eller skribent i magen? Har du allereie tekstar på lur, eller drøymer du om å skrive meir? Kva er det som g jer ein tekst god for ein utanforståande lesar? Til symposiet kjem Tormod Haugland, forfattar og skrivelærar på Skrivekunstakademiet i Bergen, for å halde eit intensivt responskurs. Her får ein trening i å lese andre sine tekstar, og får respons og tilbakemelding på sin eigen tekst. Vere med? Send ein tekst i valfri sjanger på maks tre sider til litteratursymposiet@ gmail.com innan 1. oktober. Påmelding er bindande, og pris for kurset er 600,-. OBS: Avgrensa antal plassar.

Bokhandel

Kjøp bøker! Norli Odda Godt for deg står for festiv . alGodt for boksalet i but ikken forfattarøko ved torget og nomien. på arrangement Sentralbadet . Litteraturhus har eit lite ut nye bøker og val stort boklopp is i 2. etg. 19


FREDAG KL. 11.00 / DIV. STADER BEDRIFTSBESØK Forfattarar på besøk hos samarbeidspartar. Gunnar Staalesen – Odda Energi / Anne Oterholm – Sparebanken Vest Marit Eikemo – Odda kommune

FREDAG KL. 11.00 / LITTERATURHUSET LITTERÆR LUNSJ - FIKSJONENS DØD?

Foto: Marina Sorohan

Foto: Siren Lauvdal

Foto: Marina Sorohan

Årets litteraturkritikar, Carina E. Beddari, held foredrag om korleis samtidsfiksjonen utviklar seg under i takt med trenden om at litteraturen skal vere sann og opplevd.

FREDAG KL. 12.00 / BIBLIOTEKET SJÅ PÅ MEG

Vigdis Hjorth og Geir Gulliksen er aktuelle med romanane Lærerinnens sang og Se på oss nå. Her møtest dei til samtale om bøkene og autentisitet og sjølvsforståing hos hovudpersonane. Intervjuar er Margunn Vikingstad.

FREDAG KL. 12.00 - 17.00 / DUNKELAGERET ØRKENBLIKKET/DESERT GAZE

Foto: Cato Lein

Foto: Dagbladet

Foto: Eivind Senetset

Utstillinga er open. Sjå eige oppslag s. 24-25.

FREDAG KL. 13.00 / IRIS SCENE FALSK TILSTÅING Dei siste åra har falske tilståingar og justismord vore mykje debattert. Bjørn Olav Jahr, Frode Helmich Pedersen og Espen Stueland møtest til samtale, mellom anna med utgangspunkt i Birgitte Tengs- og Baneheia-saken. 20


Foto: Siren Lauvdal

Foto: Marina Sorohan

FREDAG KL. 14.00/ MURBOLIGEN BIKUBESALONG Eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum og let oss arrangere opplesingar i stovene deira. Med Frode Grytten, Anne Oterholm og Geir Gulliksen.

FREDAG KL. 14.00/ VITENSENTERET SKÅL ODDA - KÅSERI OM ØL

Foto: Dagbladet

Foto: F64Agency

Symposier betyr drikkelag. Ved dei gamle grekernes symposier spelte ølet og alkoholen ei viktig rolle. Anne Gravdal frå Kraftmuseet i Tyssedal held kåseri om øl og ølets historie på godt og vondt.

FREDAG KL. 15.00 / IRIS SCENE FORRÆDERENS GUIDE TIL NORD-KOREA Etter eit tjuetals arbeidsopphald og reiser i Nord-Korea over ein tiårsperiode, og ein serie verdskjende kunstprosjekt i tett samarbeid med landets kulturstyresmakter, valde Morten Traavik hausten 2017 å avslutta forholdet. No kjem boka han ikkje ville eller kunne skrive før - ei ærleg, avslørande og engasjerande bruksanvisning til det myteomspunne landet som mange har sterke meiningar om, men svært få har opplevd frå innsida. Møt Morten Traavik i samtale med Bjørn Olav Jahr. 21


Foto: JHMoe

Foto: Marina Sorohan

Foto: Eivind Senetset

FREDAG KL. 16.00/ LITTERATURHUSET KRITISK KVARTETT - Litteraturkritikk på scena!

Frode Helmich Pedersen, Carina E. Beddari og Eirik Vassenden g jer ein festivalversjon av Kritisk kvartett. Saman med g jest Margunn Vikingstad, diskuterer dei bøker av Marit Eikemo, Joakim Kjørsvik, Geir Gulliksen og Gro Holm på scena.

FREDAG KL. 16.00/ IRIS SCENE AV FJORD ER EG KOMEN Kor godt kjenner vi fjordane våre? I dette foredraget vil Per Anders Todal g jere nokre dykk i fjordhistoria, frå dei første seljegerane dukka opp ute i havgapet for 11 000 år sidan. Fjordane er særeigne økosystem med eit mylder av livsformer, men kunnskapen om livet der nede er framleis grunn. Todal gav i haust ut boka Havlandet, som har fått strålande kritikkar.

Fotograf Knud Knudsen frå Tokheim i Odda var ein av dei store fotopionerane. Han reiste land og strand rundt i perioden 1868 - 1915 og dokumenterte landet med kamera. Kunsthistorikar Torild Gjesvik har i si nye bok Veien, reisen og landskapet dukka djupt ned i eitt av favorittmotiva til Knudsen: turistvegane på Vestlandet.

FREDAG KL. 17.00 / BIBLIOTEKET KNUD KNUDSEN - VEIEN, REISEN OG LANDSKAPET 22


FREDAG KL. 17.00 / LINDEHUSET RESPONSMANI OG VEGEN TIL WOMAN´S MARCH Med våre små telefonar og kamera ser vi verda. Vi registrerer omgivelsane våre og kringkaster dei. Dingsane er skreddarsydde for å få og gi respons. Dei lyser og vibrerer og pip. Kva g jer denne responsmanien med oss? Og finst det nokon veg ut av den? John Erik Riley fortel om dei mange overvåka menneska han har møtt, om kva verd dei skildrar og korleis dette heng saman med Trumps seier i 2016.

Foto: Mari Laupsa

Foto: Siren Lauvdal

FREDAG KL. 18.00 / LITTERATURHUSET MANN 2018 Trass markant større likestilling, pappaperm og vennskapleg bromance: Kor mykje kjenner menn på presset om å oppføra seg som mannfolk? Er det greit å grine? Vil alle menn alltid ha sex? Er homofobi framleis noko sjølv liberale, unge menn kjenner på? Inspirert av Åshild Ulstrup si bok Menn og elskere – kjærlighetens lykke og ulykke (1978) har Brit Aksnes intervjua 25 menn i alderen 16 til 75 år. I boka Mannemenneske får Aksnes fram saker som mannfolka kanskje ikkje ville fortalt hadde det ikkje vore for at dette er anonymt. Møt forfattar Brit Aksnes i samtale med Geir Gulliksen om mannsrolla anno 2018.

Foto: Tove Sivertsen

Foto: Oda Berby

Foto: Augon Johnsen

FREDAG KL. 18.30 / IRIS SCENE DIKT OG FORBANNA LØGN Korleis hugsar vi oss sjølv og våre omgivelsar, og kva for evne har vi til å dikte, lyge og skrøne om våre liv og fortid? Joakim Kjørsvik og Gjertrud Langva skriv med utgangspunkt i hukommelse og eventyr. Dei møtest til samtale, leia av Pedro Carmona-Alvarez.

23


SYMPOSIEUTSTILLINGA ØRKENBLIKKET / DESERT GAZE DUNKELAGERET / SPORK TILE ART ODDA Kven er eg? Kven har eg lyst til å vera? John Erik Riley si bok Øynene i ørkenen handlar mellom anna om overvakningskultur og responsmani, og om korleis vi alle er vikla inn i ein tilstand prega av både sjølvframstilling og gransking av andre. Den handlar også om jakta på fristader og frirom, og om kor naudsynt det er å g jenerobra sitt eige blikk, g jenerobra terrenget som er blitt innhenta av kamera, mobiltelefonar og andre einingar.

Illustrasjon: Nhu Diep

Utstillinga Ørkenblikket / Desert Gaze er eit forsøk på å ta desse tankane på alvor og gi dei ei taktil og visuell form. Ønsket er å sprenga bøkene sine rammer og la tankane fylla rommet, slik berre utstillingar kan. Resultatet er ei blanding av kunstantropologi, tekstarbeid, oppdaga objekter, makulerte manus og fotokunst.



Foto: Morten A. Strøksnes

Foto: Marina Sorohan

FREDAG KL. 19.00 / LITTERATURHUSET MARGUERITE DURAS Den franske forfattararen Marguerite Duras (1914-1996) reknast ofte som ein av dei opprinnelege verkelegheitsforfattarane. Bøkene til Duras har vore viktige for mange skandinaviske forfattarar. Kvifor det? Anne Oterholm og Cathrine Strøm i samtale med Margunn Vikingstad.

FREDAG KL. 20.00 ODDA KINO AREA 51 - Konsert Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspeler seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side, og spegler delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte. Kva snakkar vi om når vi snakkar om denne nye verda? Og kva snakkar vi aldri om? Kva finst bak fasaden og dei offisielle frasene, både i bunkarane i Area 51 og husa i småbyen? Morten Qvenild (komposisjon, vokal, tangentar), Ivar Grydeland (steelgitar, akustisk gitar og banjo), Frode Grytten (tekst og opplesing). 26


FREDAG KL. 20.00/ EKSPEDISJONEN, LOFTHUS 100 HARDINGAR PÅ 50 MINUTT

Foto: JHM

Foto: Marina Sorohan

Det seiest at når to hardingar skryt av kvarandre, har begge det like ille. Vel møtt til ein hyllest av subkulturelle kvardagsheltar frå Hardanger g jennom 600 år! Her skal 50 utvalde hardingar få sin rettmessige åtgaum g jennom sannsoger, skjemt og alvor. Møt AK Glück-Teigland på turné i den nye Ullensvang kommune: Torsdag i Jondal, fredag på Lofthus og laurdag i Odda.

FREDAG KL 22.00 / HARDANGER HOTEL FOTBALLDEBATT - Hands, løgn og videodømming

Foto: Drucksache

Foto: Augon Johnsen

Foto: Renate Espe Aase

Foto: Marina Sorohan

Under sommarens VM rulla Neymar Jr. seg i graset i heile 14 minutt til saman. Utan at det såg ut til at han var spesielt hardt skadd. Mange fotballspelarar er Donald Trump med skruknottar, dei er ikkje så opptatt av kva som er rett og kva som er gale, bare dei får hendene sine på ein pokal og ei blondine. Er det ein annan kultur for juks og fanteri hos dei sør-amerikanske og sør-europeiske laga? Og kva skjer når også engelskmennene ser ut til å heilhjarta omfamne filminga? Petter Veland, Andreas Selliaas, Henning H. Bergsvåg m.fl. diskuterer om ein vil fotball-løgnene til livs og om VAR kan få bukt med idiotien.

FREDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBADET POESI Symposiets faste poesiprogram i Litteraturhuset. UKON, Siri Amalie Oftestad, Pedro Carmona-Alvarez, Paal M. Elstad m.fl. møter kveldens programvert Fredrik Hagen til opplesing og samtalar om poesi. DJ Eikemo får fart på dansegolvet.

FREDAG KL. 22.00 / IRIS SCENE VALDERRAMA + SØLVSUPER Etter to år i eit gamalt og slite lager i Trondheim er Valderrama endeleg klare å presentere seg og musikken til verda. I eit virrvarr av orgel, gitarar, trommer, bass og vokal kjem det deilig alternativ - rock. Ari Thorsteinsson tek med seg bandet sitt til Odda. Etter konserten speler Sølvsuper til dans. 27


LAURDAG KL. 11.00 / ODDA KINO SMÅSYMP JUBA JUBA Sjå eige oppslag s. 34.

LAURDAG KL 11.00 / MURBOLIGEN (START) BIKUBEGANG

Foto: Helge Skodvin

Foto: Åse Brandvold

Foto: Baard Henriksen

Byvandring med Frode Grytten og g jester. Sjå eige oppslag s. 7.

LAURDAG KL. 12.00 / IRIS SCENE LAKS OG LØGN

Foto: Marina Sorohan

Har oppdrettsnæringa skulda for alt som er gale i norske fjordar? Eller har denne viktige næringa fått for mykje tyn? Mellom anna får næringa skulda for at villaksen er truga av rømt oppdrettslaks og lakselus. Morten Strøksnes, Per Anders Todal m.fl. møtest til samtale leia av Pål Korneliussen.

LAURDAG KL. 12.00 / LITTERATURHUSET LØGNHALS

I Anne Oterholms nye roman, Løgnhals, møter vi ein hovudperson som alltid lyg. Anne Oterholm møter Henning H. Bergsvåg til samtale om lystløgn som levemåte

LAURDAG KL. 12.00 - 17.00 / DUNKELAGERET ØRKENBLIKKET / DESERT GAZE Sjå eige oppslag s. 24-25.

28


LAURDAG KL. 13.00 LITTERATURHUSET DETEKTIMEN Gunnar Staalesen i samtale med Fredrik Hagen om Veum og detektivarbeid. Varg Veum kom inn i nordmenns liv g jennom romanen Bukken til havresekken i 1977. Få krimheltar har blitt så viktige at dei er beæra med ein eigen statue. Kva er det med den rufsete privatdetektiven som har fascinert oss i meir enn fire tiår? Er det sant at krim treng å vere oppskriftsmessig, eller kan detektivar, mordgåter og mysterier vere den ultimate leik med litteraturen? Møt Gunnar Staalesen i samtale med Fredrik Hagen om diktning, detektivar og den nye Veum-boka Utenfor er hundene.

LAURDAG KL. 13.00 IRIS SCENE LIBERATION DAY FILMVISING Det steig røyk ut av både tastatur og øyrer då Morten Traavik stelte i stand den første rockekonserten i Nord-Korea nokonsinne i 2015. På scena sto det eks-jugoslaviske kultbandet Laibach. Liberation Day er filmen som tek deg med bak kulissane til verdas mest surrealistiske konsert i den kalde krigen sin siste utpost. Regissør Morten Traavik og Daniel Kalder, skotsk-texaner med fascinasjon for diktatorer og pasjonert Laibach-fan, innleier og møtest til kort preik etter film (på engelsk). 29

Foto: Daniel Miller


Foto: Åse Brandvold

LAURDAG KL. 14.00 / LITTERATURHUSET TRUMPS AMERIKA

Foto: Gyldendal norsk forlag

Foto: JHMoe

Om ingenting er sant, er alt mogleg. Makt blir rett og propaganda erstatter offentleg debatt. Desinformasjon og undergraving av fakta truer demokratiet. I boka Løgn. Hvorfor Trump lyver og hva det g jør med oss skriv Heidi T. Skjeseth om det postfaktuelle samfunnet, der løgn vert presentert som sanning av verdas mektigaste mann og ein fragmentert og uetterretteleg informasjonsstraum forvirrar og paralyserer borgarane. Møt Heidi T. Skjeseth i samtale med Per Anders Todal.

LAURDAG KL. 14.00 / BIBLIOTEKET NOBELSAMTALE For første gong sidan krigen skjer det i år inga utdeling av Nobelprisen i litteratur. Kva er det som har skjedd, og kor går vegen vidare for verdas viktigaste litteraturpris? Eirik Vassenden og Lena Andersson møtest til samtale, leia av Elise Winterthun.

LAURDAG KL. 15.00 / LINDEPLASSEN MICROBANDET - GRATISKONSERT Microbandet er kvemmingane som likar å leike musikarar på seine kveldar. Etter fem år i musikkbransjen er mottoet framleis «ingen forventningar!» Når Brit og Kjersti drar i gang, kan ein vente seg “oldies but goodies” i køntriversjon, cha-cha-cha-takt eller kanskje ein seig ballade. Brit Aksnes (gitar, vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal).

30


LAURDAG KL. 15.00 / TROLLTUNGA HOTEL BOBLEBRUNSJ - 100 HARDINGAR PÅ 50 MINUTT

Foto: Åse Brandvold

Foto: Dagbladet

Foto: Baard Henriksen

Sjå omtale s. 27.

LAURDAG KL. 15.30 / SENTRALBADET FAKTA OG FIKSJON

Foto: Morten A. Størksnes

Foto: Agnete Brun

Foto: Gyldendal

Kor går grensene mellom dikting og fakta i sakprosa? Kor langt kan ein dikte seg inn i andre sine hovud? Er omfattande fotnote-bruk meir etterretteleg enn såkalla litterær sakprosa? Og korleis foholder journalistar seg til grep, krav og vilkåra når dei skriv bok i forhold til i avisa? Journalistar og sakprosaforfattarane Morten Strøksnes, Per Anders Todal og Heidi T. Skjeseth møter Bjørn Olav Jahr til samtale om sakprosasjangerens mogelegheiter og fallgruver.

LAURDAG KL. 15.30 / BIBLIOTEKET HEIMEN Kva for rolle spelar heimen i det skandinaviske samfunnet? Marit Eikemo møter Lena Andersson til samtale om boligmarknad, det svenske folkhemmet og heimen som identitetsmarkør. Ordstyrar er Cathrine Strøm. 31


LAURDAG KL. 16.30 / BIBLIOTEKET TATT AV VINJE Skodespelar Hadle Lavold Reisæter framfører tekstar og songar av Aasmund Olavsson Vinje med tonefølge.

Foto: Pernille Marie Walvik

LAURDAG KL. 16.30 / LITTERATURHUSET DIC-LIT. Diktatoren som forfattar (og vise versa) Daniel Kalder har g jennom ti år pløgd seg g jennom den samla litterære produksjonen til verdas mest berykta diktatorar, frå Lenin til Turkmenbashi, Franco til Kim Jong-Il, og har samla sine inntrykk og konklusjonar i boka Dictator Literature: A history of despots through their writing. Her samtalar han med kunstnar og regissør Morten Traavik om den stadig meir aktuelle genren dic-lit og kva den kan seie oss om ordets makt, men òg om oss sjølv og våre eigne forbodne følelsar. Siri Amalie Oftestad les frå Soloppgang i nord. I samarbeid med Traavik.info. Samtalen er på engelsk.

LAURDAG KL. 17.00 / IRIS SCENE NORSKE MENN I HUS OG HYTTE – KONSERT Norske menn i hus og hytte er ein Notodden-basert trio med eige materiale på morsmålet. Sjangermessig er hus&hyttefolket ein hybrid, frå den vare visa til pop og tyngre bluesa stoff. 32


LAURDAG KL 20.00 LINDEHUSET HALLO ODDA Tilbake på Litteratursymposiet: verdas einaste talk-show av og med forfattarar og oddingar. Kveldens talk-showvert, i år som i fjor, er oddingen og forfattaren Marit Eikemo. Og som side-kick har ho i år fått med seg den største av alle oddingar: Frode Grytten! Lars Eikemo, industriarbeidar, fiskar og altmuligmann er utegåande reportar, og Pedro Carmona-Alvarez er kapellmester for Hallo Oddas eige husband. Kveldens g jester er alle invitert til å kaste nytt lys over årets tema: Løgn. Ordføraren i Odda Roald Aga Haug, biletkunstnar Unni Askeland, forfattarane Gunnar Staalesen, John Erik Riley og Brit Aksnes. ø

LAURDAG KL. 22.30 IRIS SCENE MISS TATI-KONSERT

Foto: Øystein Grutle Haara

Norsk/portugisisk/angolanske Miss Tati har spelt på dei fleste av landets store festivalar og har lenge imponert konsertpublikum og musikkelskarar over heile landet. Hennar unike miks av soul, hip hop og RnB sørger for full fyr i lokalet.

LAURDAG KL. 22.00 / LITTERATURHUSET SENTRALBAR DJ Sterk speler groovy musikk. Sannhetsserum, løgndetektor og snacks. 33


SmåSymp

Kun det beste er godt nok for vårt yngste publikum!

LAURDAG KL. 11.00 / ODDA KINO SMÅSYMP - Juba Juba Trio Tunnel er eit skikkelig jubajubaband som speler Knutsen & Ludvigsen med stor allsongfaktor. Bandet består av dei Stord-baserte musikarane Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Endre Olsen (alle på vokal, diverse strengeinstrument og kazoo).

Foto: Agnete Brun

Foto: Kristin Oldeide

Kunnskapsspel og skattejakt for heile familien! Oppmøte i Litteraturhuset.

ONSDAG KL. 17.00/ IRIS SCENE U-BAR På arrangementet framfører elevar eigne tekstar, med og utan musikk og bilete, og deler scene med g jestande ungdomsbokforfattarar: Arnfinn Kolerud, Adele Lærum Duus og Sigbjørn Mostue.

SmåSymp

SØNDAG KL. 11.00 – 14.00 / SMELTEVERKET FAMILIEREBUS


KATTESLOTTET Filmforestilling Av og med regissør og manusforfattar Vigdis Nielsen. Katteslottet er ein sjangerleik basert på grøss. Forestillinga gir elevane ei spanande filmoppleving, samstundes som dei lærer om filmspråk og oppbygging av grøss og spaning på film. I dialog med regissøren får elevene oppdage og avsløre kva det er som g jer filmen skummel.

HIMMELSPRINGAREN Ei figurteater framsyning for folk frå tre år, basert på Sissel Horndal si bok med same tittel. Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset.  Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla!  Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar. Det er vondt å bli støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre. Med Adele Lørum Duus og Monika Solheim.

Foto: Ellen Evju Jahr

Foto: Tove Sivertsen

Foto: Maria Gosse

Foto: Lars M. Holand

Foto: Stine Friis Hals

FORFATTARBESØK Elevar i Odda og Ullensvang får besøk av nokre av våre finaste forfattarar: Vegard Markhus besøker barnehagane og småskuletrinna. Sigbjørn Mostue, Arnfinn Kolerud, Ingelin Røssland og Arne Svingen møter mellomtrinnet og ungdomsskulane. Elevar ved Odda vidaregåande skule får besøk av Camara Lunde­stad Joof, Joakim Kjørsvik, Sigbjørn Mostue og Ingelin Røssland, og Torild Gjesvik held aulaforedrag om Knud Knudsen.

SKRIFTA PÅ VEGGEN Litteratursymposiet i Odda og Odda ungdomsskule har g jennom fleire år samarbeidd om eit tekstskapingsprosjekt med utgangspunkt i tema for Litteratursymposiets: Skrifta på veggen. Resultatet får vi både sjå og høyre frå rundt i Oddas gater under symposiet.


SØNDAG KL. 11.00 – 14.00 SMELTEVERKET OPEN Vi inviterer publikum til å bli med og sjekke bygga på smelteverkstomta.

FAMILIEREBUS Aktivitet – og kunnskapsløype for store og små.

BULDREROMMET MJUK JAZZ OG BULDRING DUNKELAGERET ØRKENBLIKKET/ DESERT GAZE Utstillinga er open. Sjå oppslag s. 24-25.

KNUSAREN OPPLESING OG AKTIVITETAR LITTERATURHUSET Cowboyfrukost. Startpunkt Familierebus.

36


KL. 11.00/ LINDEPLASSEN (start) SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT Sjå eige oppslag s. 7.

SØNDAG KL. 12.00 / SMIA KIM CHRISTER HYLLAND Trommeslagar Kim Christer Hylland speler på sitt nye instrument, laga av smed Leiv Rune Jordal.

SØNDAG FRÅ KL. 12.30 / LINDEPLASSEN SKRIFTESTOL Bekjenn dine synder før du dreg frå festival.

SØNDAG KL. 12.00 – 14.00 / IRIS SCENE UTSTILLING - HENNIGALLERY presenterer HENNI D’vil /FS18 Classy, Sassy and a bit Badassy

37


SØNDAG KL. 13.00 / PORTVAKTBYGGET GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING Marit Eikemo kom denne våren med boka Gratis og uforpliktande verdivurdering. I boka følg jer vi eit par i dei siste dagane før bodrunden. Medan dei ser over prospektet og går g jennom rom for rom, blir det samstundes ei vurdering av deira eige forhold og livet dei lever. Frode Grytten blir med på visinga av Portvaktbygget på Smelteverket, eit av bygga på Lindeplassen utan plan for innhald. Han vil lese frå Det norske huset, som handlar om den store bustaddraumen som g jorde oss alle til spekulantar.

SØNDAG KL. 14.00/ LITTERATURHUSET MØT LENA ANDERSSON Lena Andersson er ein svensk forfattar som har g jort stor suksess også i Norge med dei to bøkene om poeten Ester Nilsson og den ikkje-g jeng jeldte kjærleiken. I årets Sveas sønn utforsker ho det svenske Folkehemmet. Ho er óg ein skarp essayist. Møt Lena Andersson til samtale om forfattarskapen sin. 38


SØNDAG KL. 14.00 / AGATUNET LANDSBYEN SOM BLEI BORTE Trudde du nordmenn alltid har budd på kvar si tue? Då må du tru om ig jen. Det fanst tusenvis av landbyliknande klyngetun i Noreg. Dette landsbylivet g jekk tapt då bygda blei modernisert i siste halvdel av 1800-talet, og bonden tok steget inn i pengesamfunnet. Gamle fellesskap vart splitta og bygdelandskapet totalt endra. Kva g jekk tapt, og kvifor vart nokre fellestun ståande att? Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har leita opp femti klyngetun frå Agder til Troms, og presenterer dei i boka Klyngetunet - Den norske landsbyen. Dei møter Guttorm Rogdaberg til samtale om klyngetuna og dette levesettet i eit av dei største og best bevarte klyngetunet vi har - Agatunet. I samarbeid med Agatunet og Skald forlag.

SØNDAG KL. 19.00 / IRIS SCENE SOLO-KONSERT: ENDRE OLSEN Stordabuen Endre Olsen gav tidlegare i år ut si første norskspråklege plate, Bøttevis med blått. BT kalla det ein komande klassikar. Olsen hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. Konserten er gratis for alle frivillige på festivalen. 39


Bikubegang 1 MURBOLIGEN 2 F O L G E F O N N G ATA 3 FRELSESARMEEN 4 BARNESKULEN 5 P L AT E S J A P PA 6 F LY T E B R Y G G A 7 TORGET 8 B U S S TA S J O N E N 9 A L M E R K E PA R K E N 1 0 G Å G A T A 1 1 M E R C U R C A F É 1 2 S K R E V E T 1 3 D O M U S 1 4 S M E L T A R E N

1 5 H A R D A N G E R H O T E L 1 6 R Å D H U S E T / B I B L I O T E K E T 1 7 K I N O E N 1 8 O P O 1 9 E R R A F L O T 2 0 T Y S S E D A L S V E G E N 2 1 L I N D E H U S E T 2 2 S M E L T E H U S E T 2 3 H J Ø L L O 2 4 R Ø L D A L S V E G E N

O M

W C S L

P

J

V

Y

E

G A

Q

H

X

D

F U I N B

K T

Litteratursymposiet A L I N DEH U S E T B HAR DA NG E R H OTE L C DU NKE L AGE R E T D ODDA KI NO E IRI S S C E N E F VI T E NS E N TE R E T G LI T T ER AT U R H US E T H ODDA BI BL I OTE K I M U R BOLI G E N J BU LDR ER O M M E T K JON DA L H OTE L L G LØY P, KI N SA R V I K M K A LVAT R Æ E T, R Ø L DA L

40

N NO RL I O TRO L LTU NG A H OTEL P FO RDEL ING SSTAS J O N Q L INDEPL ASS EN R O DDA ENERGI S EKS PEDIS J O NEN, LO F T HUS T AGATU NE T U S PA REB A NK EN VEST V O DDA FO L K EB A D W S MIA X PO RT VA K TA Y K NU SA REN FESTIVA L KO NTO R L IT T ERAT URHUSE T

R


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.