4.8. oktober / www.litteratursymposiet.no
Litteratursymposiet i Odda er del av Ullensvang kommune, Samfunnsutvikling og plan.
Ingvild Ystanes, festivalleiar
Else Marie Sandal, programansvarleg for barn og unge
Elin Myran, Frivilligsentralen i Odda
Gro T. Kollbotn, produsent
Elise Winterthun, programrådgjevar
Tora Sanden Døskeland, programrådgjevar
Camilla Selje Oksnes, assistent
Augon Johnsen, formgjevar
Gro Mette Espe, festivalkontor
Kunstnariskeråd:
Kjersti Mjør, Frode Molven, Pedro Carmona-Alvarez, Fredrik Hagen
#littsymp
Illustrasjon: Helen Kaldheim
Magisk
Detvarmagisk!
Magisk er kanskje vår tids største språklege klisjé: Når ein konsert, ei oppleving, ein stad var spesielt bra, då var det “heilt magisk”, sjølv om det ikkje skjedde noko som helst som kan minne om noko overnaturleg.
Magisk rommar det overnaturlege, det uforståelege – og det fortryllande. Hendingar som er så underlege eller fantastiske at vi ikkje klarar plassera dei på anna vis enn i kategorien magisk. Magisk tek opp i seg det vi meiner å sjå som ein trend i samtidslitteraturen: ei dreiing frå røyndomslitteratur til lett surrealisme, religiøsitet og overnaturlege fenomen.
Vi inviterer til eit symposium som utforsker dei mange sidene av magisk: Frå eventyr til AI, frå fantasy til dommedag, frå kyrkja til sjamanisme. Er det éin stad det magiske trivst, er det i litteraturen. I bøkene kan alt skje.
Velkomen til eit magisk symposium.
Ingvild Ystanes
festivalleiar
4. - 8. oktober / www.litteratursymposiet.no
ONSDAG 4. OKTOBER
14.00 Odda og Kinsarvik bibliotek Lesekroken
Mytar, segn og eventyr for barn. Gratis
15.30 Apparatrom sør No.15Fengsla Leander Djønne les. 50,-
16.00 Sentralbadet OpningavSymposieutstillinga Mørkalven, Helen Kaldheim. Gratis
17.00 Odda bibliotek Magisk! Jon Øystein Flink held trylleforedrag. 150,-
19.00 Lindehuset LitterærKraftstasjon
Symposiets opningsforestilling. 300,-
TORSDAG 5. OKTOBER
10.00 Odda bibliotek Litteratursommagiskmedisin
Gro Dahle og Ragnhild Malfang for fagfolk. Gratis
12.00 Sentralbadet Litterærlunsj-Meteorforlag Julia Wiedlocha om sci-fi-forlaget. Gratis
13.00 Odda bibliotek Kulturisentrumogperiferi Kulturdebatt om bibliotek og museum. Gratis
14.00 Jondal og Odda Bibliotek Lesekroken
Mytar, segn og eventyr for ungar. Gratis
14.00 Murboligen Bikubesalong Simon Stranger, Inger Bråtveit og Frode Grytten les. 250,-
15.00
Sentralbadet Litterærspeed-date Tora S. Døskeland møter Jon Øystein Flink om Dobbeltgjengerene. Gratis
15.30 Apparatrom sør No.15Døden Gunnar Wærness les. 50,-
16.00 Norli Odda RuthLillegraven,eigentleg Forfattarsamtale med Arne Olav Hageberg.
16.00 Odda bibliotek Magiskrealisme Pedro Carmona - Alvarez og
Julia Wiedlocha møter Tora Sanden Døskeland. 150,-
17.00 Odda bibliotek Fryktogjubelinaturen Sigri Sandberg om det magiske friluftslivet. 150,-
17.00
Sentralbadet Sentralbadetpoesi Gunnar Wærness og Gro Dahle møter Fredrik Hagen. 150,-
18.00 Lindehuset U-bar Elevar ved Odda Ungdomsskule med eigne tekstar og musikk. Gratis
18.00 Hard. hotel, 2. etg. Platonsdrikkegilde - Musikalsk framsyning med
Annlaug Børsheim, Vibeke Flesland Havre med gjester. 200,-
19.00 Hesthamar skrivargard Oskespiralen
21.00
Leander Djønne møter Karl Ystanes. 200,-
Sentralbadet Toeine Mytologisk folkemusikkkonsert med Anne
Hytta (hardingfele) og Berit Opheim (song). 250,-
23.00 Knusaren Nocturne Erlend O. Nødtvedt, Pedro Carmona-Alvarez og Berit Opheim for søvnlause og natteranglarar. 150,-
4
FREDAG 6. OKTOBER
11.30
Sentralbadet Litterærlunsj
Kanelbutikkaneogandreforteljingar Gratis
12.00 Odda bibliotek Magi Pedro Carmona-Alvarez, Jon Øystein Flink, Gunnar Wærness. 150,-
13.00
Sentralbadet Museumformordereogredningsmenn Simon Stranger møter Fredrik Hagen. 150,-
14.00 Sentralbadet Fråskogerdukomen Charlotte Weitze møter Elise Winterthun. 150,-
14.00 Odda og Kinsarvik bibliotek Lesekroken Mytar, segn og eventyr. Gratis
13.30 Lindehuset Frukthagen Kort og fin multifilm, mellom kl. 13.30 - 15.30. Gratis
15.00
Sentralbadet Klokkvinneellerdiggdame?
Kristin Fridtun held foredrag. 150,-
15.30 Apparatrom sør No15Løgn Pedro Carmona-Alvarez les. 50,-
15.30
Sentralbadet Litterærspeed-date Tora S. Døskleand møter
Inger Bråtveit om Vassarv Gratis
16.00 Odda bibliotek Vertebrae Thure Erik Lund møter Erlend O. Nødtvedt. 150,-
16.00 Lindehuset Pengaravluft Miniforedrag om den magiske prosessen i Lindehuset ved Kraftmuseet. Gratis
17.00 Odda bibliotek Krigsomspegel Simon Stranger og Kaspar Colling Nielsen møter Fredrik Hagen. 150,-
18.00 Sentralbadet Skrivekunstakademietpresenterer Opplesing ved studentar og lærarar. Gratis
19.00
Lars´ Garasje Snikkikk Marit Eikemo og Lars Eikemo om Vi er brødrene Eikemo. 150,-
19.00 Sentralbadet Ettertid Poesikonsert Fredrik Hagen med vener. 200,-
20.00 Lindehuset Fosse for dumskallar Forestilling med Linda Eide og Sjur Hjeltnes. 350,-
20.00 Sentralbadet Sentralbar Heilhusfest med DJ. Gratis
20.00 Sentralbadet Alternativmesse 2. etg. er ope for nyfikne på det vi gjerne kallar alternativt. 50,-
21.30 Iris scene Fotballdebatt Andrine Hegerberg, Håkon Opdal og Frode Grytten møter Davy Wathne. 300,-
23.00 Knusaren Rave
5
SmåSymp
LAURDAG KL. 12.00 / ODDA KINO
SmåSymp Symposiets opne barneprogram
Mine damer og herrar, gutar og jenter, troll og prinsesser. Bli med inn i eventyra si magiske verd, med historiar om heltemot, hjartelag, kløkt, underlege vesen, skumle skapningar, prinsesser, troll og folkekjære skattar. I Det var en gang et nå, speler Teater Joker ut eventyr frå Noreg og verda. Teaterframsyning med eventyr for barn, som passar for barn i alderen 4 - 100 år.
Program på skular og i barnehagar
Alle elevar i Ullensvang kommune får forfattararbesøk som del av symposiet:
Barnehagane og småtrinnet får besøk av Sigri Sandberg, Gro Dahle og Ruth Lillegraven, og Mari Moen Holsve skal besøke mellomtrinnet på ulike skular.
Alexander Løken og Simon Stranger skal til ungdomsskulane. Dit skal òg årets symposieutstillar, Helen Kaldheim, som skal halde manga-workshop for ungdomane. Elevane på Odda vidaregåande skule er inviterte til forfattarmøte med Simon Stranger.
Litteratursymposiet i Odda og Odda ungdomsskole har gjennom fleire år samarbeidd om eit tekstskapingsprosjekt med utgangspunkt i Litteratursymposiets tema: «Skrifta på veggen». Sjå og høyr om dette på Litterær kraftstasjon, på U-bar og på geriljalesing rundt i gatene under festivalen.
8
9
SYMPOSIEUTSTILLINGA - MØRKALVEN
SENTRALBADET
Manga-teiknar og odding Helen Kaldheim er ute med bok to i serien Mørkalven, Noregs første manga. Utstilling frå serien.
ONSDAG KL. 16.00
Opning av symposieutstillinga
10
11
Foto: Helen Kaldheim
12
NO. 15
Boka No. 15 blei til ved Litteratursymposiet i Odda sitt 15-årsjubileum i 2020. Vi inviterte 15 forfattarar, som hadde vore på festivalen i perioden 2005 - 2019, til å skrive ein ny tekst om kvart sitt tema på festivalen gjennom åra. Fleire av dei 15 kjem på symposiet i år. Bli med inn i ein sidedel av Lindehuset, og høyr eit utval forfattarar lese sin tekst.
ALLE DAGAR KL. 15.30 / APPARATROM SØR
ONSDAG NO. 15 FENGSLA
Leander Djønne les Dei sovande.
TORSDAG NO. 15 DØDEN
Gunnar Wærness les Vierallerededøde,ogdetergreit.
FREDAG NO. 15 LØGN
Pedro Carmona-Alvarez les Labyrintenerenargentinskoppfinnelse.
UPUBLISERT
Høgtlesing av (enno) upubliserte tekstar:
LAURDAG / APPARATROM SØR
KL. 15.00 Charlotte Weitze les frå sin komande roman. Den handlar både om den danske folkeminnesamlaren Evald Tang Kristensen, ei framtidsfortelling om internett og kunstig intelligens, OG om ein forfatter som ikkje lenger kan publisera tekstar fordi AI no skriv all litteratur.
KL. 15.30 Lars Ove Seljestad les (lære-) diktet Besten sin store song. Diktet leikar seg med norrøn litteratur, språk og ein mogleg norrøn etikk, og er ifølgje våre kjelder ikkje for sarte sjeler.
KL. 17.00 Gullsmedmeister May Helen Bleie har i fleire år skrive på eit manus. Her les ho for første gang høgt frå sitt pågåande skriveprosjekt.
13
ONSDAG KL. 14.00 /
ODDA OG KINSARVIK BIBLIOTEK
LESEKROKEN - Mytar, segn og eventyr
Biblioteka inviterer til dagleg lesestund for store og små. Finn ei pute og bli med inn i ein av dei tusen og ein nettene, eller til ein stad med utsikt mot Soria Moria slott. For barn i småskulealder.
ONSDAG KL. 15.30 / APPARATROM SØR
NO. 15 FENGSLA
Leander Djønne les Dei sovande
Sjå eige oppslag s. 12-13.
ONSDAG KL. 16.00 / SENTRALBADET
OPNINGA AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
Sjå eige oppslag s. 10-11.
ONSDAG KL. 17.00
ODDA BIBLIOTEK
MAGISK! - Trylleforedrag
Jon Øystein Flink, eller Den Store Flinkini om du vil, er ikkje berre skjønnlitterær forfattar, han er òg ein lidenskapeleg tryllekunstnar. Han vil halde eit foredrag om magi og magisk litteratur, der han blant anna vil argumentere for at ekte magi faktisk eksisterer, ispedd magiske demonstrasjonar og effektar som vil gi deg hakeslepp.
14
ONSDAG KL. 19.00 / LINDEHUSET LITTERÆR KRAFTSTASJON - Symposiets
opningsforestilling
Nokre av våre finaste forfattarar og musikarar møtest i skjeringspunktet mellom det lune, det humoristiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratursymposium i Odda.
Medverkande:
Berit Opheim
Anne Hytta
Pedro Carmona-Alvarez
Gro Dahle
Stian Davies
Roald Aga Haug
Vråliruna Travellers
Elevar frå Odda Ungdomsskole
Foto: JHM
Foto: Agnete Brun
Foto: Gry SEnderud
15
Foto: Line Fresti Foto: JHM
TORSDAG KL. 10.00 /
ODDA BIBLIOTEK
LITTERATUR SOM MAGISK MEDISIN
Seminar for fagfolk. Litteratursommagiskmedisin ved Gro Dahle og Fantasy,fråHarry PottertilManga ved Ragnhild Malfang
TORSDAG KL. 12.00 /
SENTRALBADET 1. ETG.
LITTERÆR LUNSJ - METEOR FORLAG
I ei verd av teknologiske framskritt og robotar i kvar heim, er det ikkje rart at vi førestiller oss det overnaturlege - óg i bøkene. Kva er Sci-fi og kva rommar eigentleg sjangeren? Julia Wiedlocha starta eit heilt ferskt forlag kun for sci-fi-litteratur, og science fiction på norsk blømer som aldri før.
TORSDAG KL. 13.00 /
ODDA BIBLIOTEK
KULTUR I SENTRUM OG PERIFERI
Kultur-Noreg er vidstrakt. Kva betyr biblioteket og museet, lokalt og nasjonal? Og kva betyr tidsskrifta? Korleis byggje samarbeid og nettverk som kjem alle til gode? Biblioteksjefen, museumsdirektøren og tidsskriftsredaktørane diskuterer. Med Else Marie Sandal, Liv Eirill Evensen, Arne Olav Hageberg, Ellen Lange og Inga Moen Danielsen
TORSDAG KL. 14.00 /
LESEKROKEN
Sjå eige oppslag s. 16.
ODDA OG JONDAL BIBLIOTEK
Line Fresti
Foto:
Foto: Ingrid Aas
Foto: Mario de la Ossa
16
Foto: Morten Bjerk
TORSDAG KL. 14.00 / MURBOLIGEN BIKUBESALONG
Intime oppplesingar frå Simon Stranger (Museum for mordere og redningsmenn), Inger Bråtveit (Vassarv) og Frode Grytten (Bikubesong).
Arkitekt Egill Reimers si bustadblokk Murboligen i Odda vart bygd i 1915, og skulle ta unna for bustadnauda som vaks i takt med industrireisinga. I Bikubesong fylte Frode Grytten Murboligen med alle slags fantastiske typar folk, og bikuben har levd vidare. Det blei tidenes suksess på Det Norske teater, det blei Litteratursymposium i Odda, det blei eit begrep i seg sjølv. På denne lesinga opnar bebuarar dørene og slepp oss inn i stovene sine.
TORSDAG KL. 15.00 / SENTRALBADET 1. ETG
LITTERÆR SPEED-DATE: FLINK
Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Her set vi av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Programvert Tora Sanden Døskeland møter Jon Øystein
Flink og hans rykande ferske roman Dobbeltgjengerne
TORSDAG KL.
15.30
NO. 15 DØDEN
/ APPARATROM SØR
Gunnar Wærness les Vierallerededøde,ogdetergreit Sjå eige oppslag s. 12-13.
Foto: Jarle H. Moe
Foto: André Løyning
Foto: Signe F. Luksengard
17
Foto: JHM
TORSDAG KL. 16.00 / ODDA BIBLIOTEK
MAGISK REALISME
Magisk realisme - to ord som tillsynelatande er motsetningar, men som har blitt ei sjangernemning for litteratur der det overnaturlege og fantastiske får ta plass i den jordnære kvardagen, utan at det verkar unaturleg for verken oppdikta karakterar eller lesarar. Pedro Carmona-Alvarez og Julia Wiedlocha møter Tora Sanden Døskeland til samtale om sjangeren, og om magi som livsstrategi.
TORSDAG KL. 16.00 / NORLI ODDA
RUTH LILLEGRAVEN, EIGENTLEG
Ruth Lillegraven om diktsamlingane og om å freista å kle det eigentlege i ord. i samtale med Arne Olav Hageberg.
TORSDAG KL. 17.00 / ODDA BIBLIOTEK
FRYKT OG JUBEL I NATUREN
Eg likermeg bestute,påfjell,vedfjord.Der kaneg kvile,og jubelen fåstige,men eg blir reddogså,egskjelv.Kviforerdetsånn?
Dette spør forfattar Sigri Sandberg seg sjølv om stadig vekk, og på symposiet skal ho snakke høgt om det óg. Sigri har skrive om natur og menneske i mange år, i både reportasjar og bøker, som Treboka,Fryktog jubeliJotunheimen, Mørke og Ro Foredrag om det magiske friluftslivet.
Foto: Jarle H. Moe
Foto: Bjørn Aagenæs
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
18
Foto: Ann Sissel Holthe
TORSDAG KL. 17.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL SENTRALBADET POESI
Gro Dahle og Gunnar Wærness er to av landets mest markante poetar, er kritikarroste og har nådd ut til eit breitt publikum. Begge er til tider både surrealistiske og utfordrande, og begge skriv fram bilete i diktinga som understreker magien i livet. På symposiet skal dei snakke om magiens rolle i poesien og om å dedikere livet sitt til å skriva, med programvert Fredrik Hagen
TORSDAG KL. 18.00 / HARDANGER HOTEL, 2.ETG
PLATONS DRIKKEGILDE - SAMTALAR OM KJÆRLEIK
Ei musikalsk framsyning, basert på Platons Symposion, med talar om kjærleikens magi. Platons Symposion, eller Drikkegildet i Athen, er eit av Platons mest kjende verk, der han skildrar ein sagnomsust fest han sjølv ikkje deltok på. På festen inviterte filosofen
Agathon gjestene sine til å halde kvar sin tale om kjærleik. Det er på tide med nye talar om kjærleik!
Med Annlaug Børsheim, Vibeke Flesland Havre, Kai Kenneth Hansson, Frode Grytten, Fatima Shadjanale, André Botnen, Linda Eide og Terje Bleie
Foto: Line Fresti Foto: Jarle H. Moe
Foto: Magnus Skrede
Foto: Magnus Skrede 19
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
TORSDAG KL. 18.00 / LINDEHUSET U-BAR
Elevar ved Odda Ungdomsskule framfører eigne tekstar, med og utan musikk og bilete, og deler scene med Simon Stranger, Alexander Løken og Ragnhild Malfang
TORSDAG KL. 19.00 /
HESTHAMAR SKRIVARGARD OSKESPIRALEN
Arrangement på nyrestaurert skrivargard med Leander Djønne.
Oddaforfattar Leander Djønne brakdebuterte med Oskespiralen i fjor, og vann Lytternes romanpris som årets beste bok. Oskespiralen er ein mørk roman, og ein ein god representant for den magiske dreiinga vi meiner å sjå i samtidslitteraturen. I boka er det urkreftene som rår. Djønne møter Karl Ystanes til samtale om boka, på den nyrestaurerte skrivargarden på nordsida av Ullensvang kommune.
Foto: Agnete Brun
20
Foto: Marius Thuen
TORSDAG KL. 21.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
TOEINE - Konsert
Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege viser og solbøner: Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken, og det byr Anne Hytta og Berit Opheim på i denne konserten. Musikken er i eigne arrangement, i solo og samspel, i tillegg til noko nykomponert.
TORSDAG KL. 23.00 / KNUSAREN NOCTURNE
Bli med søvnlause poeter og natteranglarar inn i natta. Ein magisk time der Erlend O. Nødtvedt les frå si komande diktsamling Olav Nygårds seng, ein nokturn diktsuite om draumar, mareritt, insomni og søvnparalyse. Pedro Carmona-Alvarez les dikt, og Berit Opheim syng bånsullar, nattasongar og andre draumkved.
Foto: Roger Tallroth
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Foto: Jarle H. Moe
Foto: Gry Sanderud
21
Foto: Jarle H. Moe
FREDAG KL. 11.30 / SENTRALBADET 1. ETG.
LITTERÆR LUNSJ - KANELBUTIKKANE
OG ANDRE FORTELJINGAR
Kanelbutikkane og andre forteljingar av Bruno Schulz skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, ein kulturell smeltedigel og ein plass for store politiske
omveltingar og stadig skiftande grenser. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schultz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag.
Omsetjar Julia Wiedlocha fortel og les.
FREDAG KL. 12.00 / ODDA BIBLIOTEK
MAGI
Jon Øystein Flink og Gunnar Wærness er begge forfattarar, og har i årevis drive eit sjølvstudium i magisk litteratur. Wærness har hovudsakleg utforska den okkulte delen, medan Flink, som sjølv er ein lidenskapeleg tryllekunstnar, har fordjupa seg i magi og illusjonar. Dei møter Pedro Carmona-Alvarez til samtale.
Foto: Bjørn Aagenæs
Foto: Jarle H. Moe
Foto: Jarle H. Moe
22
Foto: Jarle H. Moe
FREDAG KL. 13.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
MUSEUM FOR MORDERE OG REDNINGSMENN
Simon Stranger er aktuell med ein frittståande oppfølgar til romanen Leksikon om lys og mørke. Her utforskar han vidare det mørkaste kapittelet i moderne historie. Romanen er utforma som eit museum. Til saman dannar dei ein mosaikk frå den verkelege verda, der kvar bestanddel avdekkjer ei historie så merkverdig og makaber, at den overgår fantasien. Møt Stanger i samtale med Fredrik Hagen.
FREDAG KL. 13.30 - 15.30 / LINDEHUSET FRUKTHAGEN
Kraftmuseet opnar dørene i Lindehuset og viser Frukthagen: Ei altoppslukande oppleving på fem minutt som tek deg med på tur gjennom ulike sesongar i ein frukthage, og ulike fasar i ein ung manns liv. Installasjonen er ein fantasi over foto etter fotograf Knud Knudsen. Produsert av Kine Liholm & Logic Interactive på oppdrag av Kraftmuseet.
FREDAG KL. 14.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
FRÅ SKOG ER DU KOMEN
Danske Charlotte Weitze sine bøker leikar med mytologi, folketru og naturmystikk. Rosarium er ei viltveksande forteljing, kor naturen og planteriket speler ei sentral rolle. Her møter vi skogpiken, ei jente som har vakse saman med skogen, og ein botanikar som leitar etter ei heilt eigenarta rose. Sentrale motiv er økologi, klimakrise og naturtap. Kva mister vi om den viltveksande naturen og mylderet av artar forsvinn? Weitze møter kritikar Elise Winterthun til samtale.
Foto: Microsoft Teams-image
Foto: Agnete Brun
Foto: Lea Meilandt
Foto:Jarle H. Moe
FREDAG KL. 14.00 / ODDA OG KINSARVIK BIBLIOTEK
LESEKROKEN - Mytar, segn og eventyr
Sjå eige oppslag s. 14.
FREDAG KL. 15.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
KLOK KVINNE ELLER DIGG DAME?
Kristin Fridtun held foredrag om det mannlege blikket i håvamål-gjendiktingar, basert på boka Klok kvinne eller digg dame, ei bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur.
FREDAG KL. 15.30 / SENTRALBADET
LITTERÆR SPEED-DATE: BRÅTVEIT
Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Her set vi av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Programvert Tora Sanden Døskeland møter
Inger Bråtveit og hennar ferske roman Vassarv.
FREDAG KL. 15.30 / APPARATROM SØR NO. 15 LØGN
Pedro Carmona-Alvarez les Labyrinten er en argentinskoppfinnelse
Sjå eige oppslag s. 12 - 13.
24
Foto: Lene Neverdal Foto: Signe F. Luksengard Foto: Jarle H. Hoe
FREDAG KL. 16.00 / ODDA BIBLIOTEK VERTEBRAE
Thure Erik Lund er aktuell med romanen Vertebrae, ein frittståande oppfølgjar til Identitet, om mangesysslaren og forfattaren Hallandsås. I Vertebrae skal vi til ei udefinert framtid, kor mennesket er borte. Historia blir fortalt av ein superintelligens, eit reint, kroppslaust medvit, i “eit nytt altoppslukande verdsystem som står i ei direkte forlenging av vår digitale tid”.
Møt Thure Erik Lund i samtale med Erlend O. Nødtvedt
FREDAG KL. 16.00 / LINDEHUSET PENGAR AV LUFT
Kva har Lindehuset med enorme poteter og øl å gjere? Korleis vart luft til pengar - og kvar kjem kjøleskapet inn i biletet? Alt dette, og litt historisk og teknisk informasjon om Lindehuset, får du høyra om når Kraftmuseet ved Anne Gravdal held foredrag.
25
Foto: Kraftmuseet
FREDAG KL. 17.00 / ODDA BIBLIOTEK KRIG SOM SPEGEL
Alt som vert skrive speglar på sitt vis samfunnet. Dette gjeld óg når forfattarar skriv om hendingar som tilsynelatande er fjerne for oss, som når dei skriv om krig. På sett og vis er dette ein del av litteraturens magi. Simon Stranger har skrive om det norske holocaust og Noregs rolle i Afghanistan-krigen. Kaspar Colling Nielsen har skrive om ein fiktiv dansk borgarkrig i nær framtid. Saman med Fredrik Hagen skal dei snakke om kvifor vi let oss fascinere av krig og voldeleg konflikt, og kva vi kan lære av desse hendingane.
FREDAG KL. 18.00 / SENTRALBADET, 1. ETG.
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
Opplesingsarrangement med studentar og lærarar frå Skrivekunstakademiet.
FREDAG KL. 19.00 / LARS´ GARASJE
SNIKKIKK
Snikkikk på Marit Eikemo sitt pågåande skriveprosjekt
VierbrødreneEikemo, saman med søskenbarn Lars Eikemo
Foto: André Løyning
Foto: Territorium
26
Foto: Linn Heidi Stokkedal
FREDAG KL. 19.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL ETTERTID - Poesikonsert
Ettertid er eit likestilt samarbeid mellom musikk og litteratur. Om avstand er basert på forfatterskapen til Fredrik Hagen, og handlar om nettopp avstand; Om det som forsvinn og det som står igjen. Om avstand tek utgangspunkt i det grunnleggande problem med alle våre relasjonar: At vi aldri eigentleg kjem heilt nær kvarandre, men at det alltid vil vere noko avstand mellom menneske.
FREDAG KL. 20.00 / LINDEHUSET FOSSE FOR DUMSKALLAR
Høyrt masse om Fosse, men aldri lese han? Lese Fosse, men nysgjerrig på mannen?
Dette er Linda Eide sine forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Kva skjedde eigentleg då Jon Fosse tok heilt av? Korleis vart den uhippe strandebarmingen plutseleg verdas kulaste dramatikar?
Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til? Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket.
Manus og framføring: Linda Eide
Piano og verbal bækking: Sjur Hjeltnes
27
FREDAG FRÅ KL. 20.00 / SENTRALBADET
SENTRALBAR - 1. etg.
ALTERNATIVMESSE - 2. etg.
Sentralbadet opnar salane i 2. etg. for nyfikne som vil høyre meir om det vi gjerne kallar alternativt. Her kan publikum bli lese i tarot og runer, få eit innblikk i gløymde urters kraft, lage sin eigen røykelse og te, og kanskje vere med på ein trommedans ved Vråliruna Travellers. Poet Gunnar Wærness har med seg eit utval frå sitt magiske bibliotek, og er “magisk studieassistent”.
FREDAG KL. 21.30 / IRIS SCENE FOTBALLDEBATT
Messi, kvinne-VM, krangling og kyss, VAR, Brann, Saudi - det koker over når magi i fotballen er bakteppet. Det er så mykje som er magisk ved fotballen: Spelarar, land, VM, historie, skjebnekamp, overtru og bøn til høgare makter. For ikkje å snakke om alle rituala mange spelarar har i garderoben. Fotballspelarane, både pensjonerte og aktive, og forfattarane som skal gi oss innblikk i det ubeskrivelege og magiske fotball-universet er Andrine Hegerberg, Håkon Opdal og Frode Grytten, som møter sjølvaste Davy Wathne til fotballdebatt
FREDAG FRÅ KL. 23.00 / KNUSAREN
RAVE
Foto: Jarle H. Moe
Foto: Jarle H. Moe
28
Foto: Jarle H. Moe
LAURDAG KL. 11.00 / SENTRALBADET METAFYSISK FRUKOST
I over 30 år har Thure Erik Lund sin forfattarskap vore eit heilt eige vesen i den litterære faunaen. Frukostforedrag med mat inkludert i billetten.
LAURDAG KL. 12.00 / IRIS SCENE SPØKELSE
Bjørn Våde har i ei årrekkje samla historier om spøkelse. Han har granska kyrkjebøker og dokument, intervjua vitne og reist landet rundt. Resultatatet så langt er bøkene Alle norskespøkelser:Frahavtilherregård og Spøkelseroggrøss. Bjørn fortel om sukk frå gløymde graver, om spøkelse frå herregardar, kloster og baroni, og om hotellgjester som sjekkar inn, men ikkje ut.
LAURDAG KL. 12.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL CHIQUITITA
Pedro Carmona-Alvarez sin nye roman, Chiquitita, har fått overveldande mottaking av både lesarar og kritikarar. Sentralt i romanen er minne og tid og korleis fortidas hendingar, traume og flukt held fram med å verke i oss. Men det er òg ei forteljing om håp, om ljos og kjærleik. Carmona-Alvarez møter Elise Winterthun til samtale om boka.
Foto: Jarle H. Moe
29
Foto: Jarle H. Moe
LAURDAG KL. 12.00 /
ODDA KINO
SMÅSYMP - DET VAR EN GANG ET NÅ
Symposiets familieforestilling. Sjå eige oppslag s. 8-9.
L AURDAG KL. 13.00 / ODDA BIBLIOTEK
TVI TVI!
I norsk folkekultur og overtru har visse ord og omgrep vore heilt sentrale. Nokre ord har på eit tidspunkt blitt tabu og rekna som bannord. Kva er historia og ideen bak desse omgrepa, til dømes kryss i taket eller bank i bordet? Kvifor kunne ein ikkje seia djevelens namn høgt, og kva hende om ein gjorde det? Korleis pregar omgrep frå eldgamal overtru dagligtalen vår i dag? Kristin Fridtun og Linda Eide møter Kjersti Mjør til samtale om ord og overtru, banning og tabu.
LAURDAG KL. 13.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
VI OG TEKNOLOGI
Vitskap og magi sameksisterer i forteljinga om Frankenstein - og held fram med å leva i oss som både fascinerande tanke og mareritt. Kva kan skje når hjarte byter kroppar, og kroppar kan leva endå lengre? Ein samtale om teknologien, og litteraturens moglegheit for å gi oss eit liv som tidlegare verka umogleg.
Kaspar Colling Nielsen møter Helge Thorbjørnsen.
LAURDAG KL. 14.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL
TATT AV HULDRA
I norsk folkekultur kjem vi ikkje utanom huldra. I 1800-talets bildekunst blir ho ofte portrettert som ei vakker kvinne med langt, lyst hår og kuhale. Kven er eigentleg dette mystiske, fenglsande vesenet som syner seg i skog og ved tjern, og som kan lokke med seg menn ned til det underjordiske? Kritikar Elise Winterthun møter to forfattarar som har nærma seg Huldra på ulikt vis: Charlotte Weitze og Tormod Haugland.
Foto: Jarle H. Moe
Foto: Isak Hoffmeyer
Foto: Lea Meilandt
Foto: Helge Skodvin
Foto: Thor Brødreskift
30
Foto: Jarle H. Moe
LAURDAG KL.
14.00
/ ODDA KYRKJE BØKENES BOK
Svein Tindberg og Inger Bråtveit møter Sivert N. Nesbø til samtale om det bibelske språk og univers, og kva desse tekstane og historiane har tilført kunst, litteratur og daglegspråk. I samarbeid med kyrkja i Ullensvang.
LAURDAG KL. 15.00 / ODDA BIBLIOTEK DEN DAGEN NILS VIK DØDE
Frode Grytten er tilbake, med ny bok! Han møter Marit Eikemo til samtale om romanen, som er ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Nils Vik møter igjen folk han har møtt, folk han har frakta over fjorden. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som no legg ut på si siste reise.
LAURDAG
KL. 15.00
UPUBLISERT
Charlotte Weitze
Sjå eige oppslag s. 12-13.
/ APPARATROM SØR
LAURDAG KL. 15.30 /
UPUBLISERT
Lars Ove Seljestad
Sjå eige oppslag s. 12-13.
APPARATROM SØR
31
Foto: Jarle H. Moe
LAURDAG KL. 16.00 / PORTEN
GRATISKONSERT - TRADDIES
Traddies speler gladjazz og tradjazz, med innslag av latinamerikanske folkesongar, ikledd rosa vestar og stråhattar. Festivalstemning de luxe!
LAURDAG KL. 16.00 / ALMERKEPARKEN ODDA I LITTERATUREN
Kven har skrive om Odda i bøkene sine, og kva har dei formidla? Vi tek turen rundt i Odda sentrum, og fortel om dei ulike forfattarane som har påverka og late seg påverke i og av vår vesle by. Gange i lågt tempo, med litterære anekdotar i høgt. Vertane for den litterære byvandringen er Tora Sanden Døskeland og Terje Kollbotn
LAURDAG KL. 17.00 / SENTRALBADET, DEN RAUDE SAL DOMMEDAG
Ideen om dommedag og undergang er ein av dei eldste litterære tematikkane som finst. Den er også til stades i sentrale verk i skandinavisk samtidslitteratur: Leander Djønne sin debutroman Oskespiralen har fleire mytiske dommedagskonnotasjonar. Danske Kaspar Colling Nielsen sine bøker krinsar om dystopi og samfunnsmessig samanbrot. Dei møter kritikar Elise Winterthun til samtale.
LAURDAG KL. 17.00 / APPARATROM SØR
UPUBLISERT
May Helen Bleie les. Sjå eige oppslag s. 12-13.
Foto: Andrea Pontoppidan
Foto: Andrea Pontoppidan
32
Foto: Isak Hoffmeyer