Rettleiing i barnehagen. Tilpassing eller danning?: Utdrag

Page 1


Forord Denne boka handlar om på kva måte rettleiing kan bidra til å støtte opp om danningsprosessar i barne­hagen, med merksemd retta mot prosessar med mål om å lære, utvikle og endre praksis. Med utgangspunkt i doktorgradsavhandlinga mi løftar eg fram ulike tilnærmingar til rettleiing med omsyn til barne­hagen sin innhaldsrike og komplekse kvardag, og eg diskuterer rettleiing i lys av teoriar om danning og teorien om praksisarkitektur. Boka presenterer tre ulike tilnærmingar til rettleiing som er relevante med tanke på danningsprosessar – rettleiing med vekt på handling og refleksjon, systemisk tenking og rettleiing som utforskingsverkstad. Teoriforankringa vektlegg eit sosiokulturelt og situert perspektiv der interaksjon og samhandling står sterkt, og der kunnskapen er infiltrert i historisk og kulturell kontekst og av denne grunn unik for kvar einskild barne­hage. Eg håpar at boka kan inspirere til bruk av rettleiing på ein måte som kan bidra til å utvikle barne­hagen og synleggjere verdien av fellesskap, fagkunnskap og utforsking som drivkrefter for læring, utvikling og endring. Eg har for tida ei forskarstilling som postdoktor ved BARNkunne – Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Gjennom doktorgradsarbeidet har eg erfart at rettleiing kan vere ei viktig arbeidsform som set kunnskapen i bevegelse i barne­hagen, og gjennom EX-PED-LAB-prosjektet har eg blitt inspirert av utforsking og samskaping gjennom verkstadsmetodologi. I boka har eg prøvd å dra vekslar på dette ved å vise til rettleiing som utforsking og samskaping, som er relevant for barnehagelærararar i møte med det komplekse ansvaret og samfunnsmandatet. Med bakgrunn som pedagogikklærar i barnehagelærarutdanninga (BLU), med eit doktorgradsprosjekt om rettleiing for kollektiv læring og som tidlegare styrar i barne­hage er det viktig for meg å skrive ei bok som kan støtte barne­hage­læ­ra­rane i


6

forord

danningsprosessar mot profesjonell visdom og handlekraft i situasjonar der kvardagen møter systema rundt. Barne­hage­læ­ra­rar skal leie og rettleie medarbeidarar, foreldre og barn, og dei har i tillegg ansvaret for å utvikle barne­hagen som pedagogisk verksemd. Denne boka håpar eg kan vere eit bidrag til barne­hage­læ­ra­rar si profesjonsutvikling, spe­ sielt med tanke på å synleggjere verdien av læringsfellesskapet. Boka er forskingsbasert og fagfellevurdert. Eg vil rette ei stor takk til mi gode veninne Anna Sylvi Bjørkedal for lesing av utkast og gode samtalar om manus, og ikkje minst for alle dei nydelege illustrasjonane som tilfører innhaldet i boka ein ny dimensjon. Takk også til min fagfelle for alle konstruktive kommentarar som har bidratt til å forbetre boka både i form og innhald. Til slutt vil eg rette ei takk til Cappelen Damm Akademisk og redaktør Inger Johanne Holth som hadde tru på meg nok ein gong, og som har gitt god støtte og tydelege tilbakemeldingar. Eg er spesielt glad for at ho liker illustrasjonane like godt som meg. Høgskulen på Vestlandet, desember 2023 Hege Fimreite


Innhald Forord........................................................................................................

5

Kapittel 1 Innleiing................................................................................................... Boka si oppbygging...................................................................................

11

Kapittel 2 Barnehagen sin kontekst.................................................................... Barnehagetradisjonar............................................................................... Styringsdokument.................................................................................... Kvardagsverda............................................................................................ Kapittel 3 Ulike tilnærmingar til rettleiing...................................................... Rettleiing som refleksjon over handling................................................ Rettleiing ut frå eit systemisk perspektiv.............................................. Rettleiing som utforskingsverkstad....................................................... Kapittel 4 Forsking om rettleiing og profesjonelle læringsfellesskap.... Rettleiing som læringsaktivitet.............................................................. Kollegarettleiing og grupperettleiing..................................................... Profesjonelle læringsfellesskap............................................................... Kollektiv meiningsskaping................................................................ Dialog og refleksjon............................................................................. Støttande strukturar...........................................................................

16

21 22 24 26

33 34 38 41

47 49 52 56 57 59 63


8

innhald

Kapittel 5 Sosiokulturell læringsteori................................................................ Det sosiokulturelle perspektivet............................................................. Rettleiing som profesjonell støtte........................................................... Rettleiing som læringsaktivitet.............................................................. Kapittel 6 Teoriar om danning............................................................................... Danninga sin sosiale dimensjon............................................................. Rørsle som dimensjon.............................................................................. Den refleksive dimensjonen.................................................................... Kapittel 7 Teorien om praksisarkitektur.......................................................... Praksisarkitekturar................................................................................... Det intersubjektive rommet.................................................................... Kapittel 8 Rettleiing som intersubjektivt rom................................................ Språkleg, fysisk og sosial dimensjon...................................................... Det semantiske rommet..................................................................... Det fysiske rommet............................................................................. Det sosiale rommet............................................................................. Praksisarkitekturar................................................................................... Moglegheiter: Kollektiv læring av noko nytt om eigen praksis.......... Utfordringar: Etablerte mønster og usynlege aktørar.......................... Kapittel 9 Rettleiing for utvikling av barnehagen......................................... Systemisk perspektiv................................................................................ Leiing for læring og utvikling.................................................................. Drivkrefter for læring og danning.......................................................... Nye element som drivkraft................................................................ Fellesskap som drivkraft.................................................................... Samtalestruktur som drivkraft.........................................................

67 68 70 71

75 78 80 82

87 92 96

101 102 102 104 106 107 109 110

115 116 118 119 120 122 124


innhald

Fagkunnskap som drivkraft............................................................... 125 Utforsking som drivkraft.................................................................... 126

Kapittel 10 Rettleiing i den lærande barnehagen – ei avrunding................ 129 Litteratur.................................................................................................. 135 Vedlegg Ulike former for rettleiing.................................................................. Rettleiing i lita gruppe.............................................................................. Rettleiing i gruppe..................................................................................... Reflekterande team................................................................................... Sokratisk reflekterande team................................................................... Rettleiing som utforskingsverkstad.......................................................

145 147 151 157 161 165

9


Kapittel 1

Innleiing


12

KAPITTEL 1

Denne boka rettar blikket mot rettleiing i barne­hagen i lys av eit danningsperspektiv, med merksemd retta mot prosessar som har som mål å lære, utvikle og endre praksis. Boka har sitt utspring i mi doktorgradsavhandling Kollegarettleiing og endring av den kollektive kunnskapen i barne­hagen (Fimreite, 2022a) og er retta mot studentar i barnehagelærarutdanninga eller studentar i vidareutdanningar i rettleiing innan barnehagefeltet, vidareutdanning i endringsarbeid og leiing i barne­ hagen og andre som er interessert i å lese om rettleiing som læringsaktivitet i eit heilskapleg perspektiv i barne­hagen. I barne­hagen finst det ulike tilsette med ulik kompetanse som jobbar i ein samansett og komplisert praksis som inkluderer kvardagssituasjonar med høgt tempo. Tilsette grip situasjonar der og då, og rettleiinga blir ofte situert og i grensa til rådgjeving og deling av erfaringar. Dette er viktig for å løyse utford­rin­gar som oppstår spontant i situasjonar, men i tillegg til denne situerte rettleiinga bør det leggjast til rette for meir systematisk og systemisk bruk av rettleiing. Kvardagen i barne­hagen inneheld ulike og komplekse situasjonar der rettleiing som arbeidsform kan bidra til å utforske situasjonar og utvide horisontar, der det heilskaplege kring ulike situasjonar og utford­rin­gar blir spesielt teke omsyn til. Tidspresset er ofte stort i barnehagekvardagen, og difor er det utfordrande å leggje til rette for isolerte rettleiingssituasjonar der barne­hage­læ­ra­rar går i djupna på utfordrande situasjonar i sin praksis. Som ein konsekvens av dette er mi erfaring at korte diskusjonar og rådslaging med ein kollega blir meir vanleg å velje, framfor meir tidskrevjande kollektiv utforsking av situasjonen og utfordringa saman med kollegaer. Det er ikkje alltid slik at dei tilsette kan tre ut av situasjonen og analysere det som skjedde, og diskutere seg fram til den beste løysinga. I barne­hagen vil barne­ hage­læ­ra­rane tene på å leggje til rette for både situert rettleiing direkte i situasjonar, men også gje rom for rettleiing som utforskar situasjonar i djupna, sidan systematisk rettleiing over tid kan føre til varig læring i organisasjonen (Fimreite og Fossøy, 2018). Situert rettleiing kan vere ei viktig støtte når vanskelege situasjonar oppstår, og hjelper der og då, men dette kan også føre til kortvarig feilretting og tilpassing heller enn varig endring og danning.


innleiing

Det sosiokulturelle synet på kunnskap og læring i og mellom menneske, som eit grunnleggande læringsperspektiv og ein overordna måte å forstå kunnskap og læring på, rammar inn denne boka. I denne samanhengen vil eg vise til Dysthe (2001), som støttar opp om ulike retningar og vektleggingar av det sosiokulturelle, heller enn ein eintydig sosiokulturell læringsteori. I denne boka vil du møte det sosiokulturelle som læring gjennom rettleiingssituasjonar i praksisfellesskap med dualiteten mellom det sosiale og det individuelle. Det sosiale i kunnskap og læring vert også framheva i danningsteori, der rørsle også blir framheva som viktig for å setje refleksjonar i sving og tenkje nytt. Rettleiing blir forstått som ei dialogisk verksemd som går føre seg i ein sosial, kulturell og historisk samanheng (Skagen, 2013). Samspel mellom barne­hage­læ­ra­rane blir i denne boka forstått som eit profesjonelt læringsfellesskap, og rettleiing som ei arbeidsform som kan bidra til barne­hage­læ­ra­rane sin profesjonelle utvikling ved å støtte opp om kollektiv læring og danning, heller enn einsidig tilpassing av praksis til eksterne strukturar og krav. Korleis er rettleiing omtala i styringsdokument for barne­hagen? I styringsdokumenta finn vi rettleiing omtala som ein pålagt aktivitet i barne­hage­læ­ra­rane sitt profesjonelle arbeid (Kunnskapsdepartementet, 2017; Utdanningsdirektoratet, 2017; Meld. St. 24 (2012–2013); Meld. St. 6 (2019–2020)), men ikkje som ein kollektiv læringsaktivitet i eit endringsperspektiv. Rettleiing blir i dokumenta i hovudsak relatert til rettleiing frå myndigheiter og eksterne aktørar, i tillegg til rettleiing av barn, assistentar og nyutdanna, og kan bli oppfatta både individuell og instrumentell. Dokumenta viser til at fleire etterspør kompetansehevingstiltak i form av rettleiing, men at barne­hage­læ­ra­rar i hovudsak nyttar kurs og vidareutdanningar som kompetanseutvikling. I vidareutdanningar innan rettleiing får barne­hage­læ­ra­rane kjennskap til ulike tilnærmingar til rettleiing. Desse blir ofte presentert av faglærarar med god kunnskap innan den spesifikke tilnærminga, men som ikkje alltid har like godt kunnskap om den komplekse kvardagen i barne­hagen. Ei tilpassing til barnehagens kompliserte praksis ut frå ein systemisk heilskapleg inngang blir mindre vektlagt, ein praksis med mange ulike vegar og retningar å velje.

13


14

KAPITTEL 1

Handlar rettleiing om å finne den rette vegen, eller handlar det om å finne ei retning? I arbeidet med mi doktorgradsavhandling (Fimreite, 2022a) grubla eg mykje over sjølve omgrepet rettleiing, og det nynorske omgrepet assosierte eg med det å skulle fortelje andre kva som er rett å gjere. I løpet av doktorgradsarbeidet grubla eg mykje over omgrepet og endra etter kvart på mi forståing av- og bruken av omgrepet. Veiled­ ning vart brukt i arbeidet med min første artikkel, medan eg tok i bruk rettleiing som omgrep i dei andre to artiklane. Veiledning for meg vart eit ord som handla om å vise veg, gjerne om å presentere fleire vegar der vegsøkjar sjølv kan velje vegen som blir rett for vedkommande ut frå person, situasjon og kontekst. At språket er i stadig endring, og at vi ikkje kan snakke om omgrep som fortsett å vere dei same (Opdal, 2008), erfarte eg i prosessen med bruken av desse to omgrepa. Det er grunn til å skilje mellom den eigentlege tydinga av omgrep og assosiasjonar som kan vere knytt til omgrep. Veiledning og rettleiing har i utgangspunktet same innhald, og når eg søkjer opp rettleiing, står ordet vegleiing nemnt som eit alternativ. Det handlar om «veg» eller «retning», og ikkje om kva


innleiing

som er det «rette». Eg får også assosiasjonar til at det handlar om ei form for leiing i kraft av å stimulere til kollektive læringsprosessar, stimulere til lærings- og endringsprosessar, og å støtte kollegaer og andre til å ta eit steg vidare i utvikling av eigen profesjonskunnskap. Sjølv om kollektiv læring i stor grad blir framheva i boka, så er det i eit danningsteoretisk perspektiv viktig å sjå på bevegelsen mellom individ og kollektiv, at ein med støtte frå kollegaer og andre kan ta eit nytt steg i eiga tenking. Dette inneber ikkje berre å oppdage nye løysingar, men også å oppdage samanhengar mellom ulike dimensjonar ved barne­hage­læ­ra­rane sin praksis. Danningsidealet er basert på idéen om det autonome mennesket, idéen om eit menneske som handlar sjølvstendig i alle relevante samanhengar (Opdal, 2008), og barne­hage­læ­ ra­rane sin autonomi står sterkt når det handlar om å utvikle og endre eigen og barnehagens praksis. Barne­hage­læ­ra­rane si handlekraft, visdom og autonomi er viktig for barna i barne­hagen. Eg vil i denne boka sjå nærare på rettleiing for kollektiv læring og danning, rettleiing som kan bidra til organisasjonsutvikling ved å bruke fellesskap, samtalestruktur, fagkunnskap og utforsking som drivkrefter. Rettleiing bør setjast i system over tid som både individuelle og kollektive læringsprosessar, der barnehagelæraren har eit spesielt ansvar for å implementere læring i heile organisasjonen. Barne­hage­læ­ra­rar har ansvaret for kvaliteten på det pedagogiske innhaldet i barne­hagen og har eit utvida profesjonsansvar ved å stille spørsmål ved innhald, mål og eiga utøving i profesjonen (Grindheim og Aaserud, 2020). Dei har ansvaret for å drive med læringsaktivitetar i eige faglege fellesskap i tillegg til aktivitetar som treff heile personalgruppa, med mål om å utvikle kvaliteten på det pedagogiske tilbodet til barna. Barne­hage­læ­ ra­rar er omtala i rammeplanen som den profesjonen som er spesielt utdanna for å utføre oppgåvene i barne­hagen (Utdan­nings­direk­to­ra­ tet, 2017), noko som skaper andre forventningar til barne­hage­læ­ra­rane enn til det øvre personalet. Vi kan forvente at barnehagelæraren har ei reflektert forståing av profesjonsoppgåva, at dei meistrar eit komplekst sett av pedagogiske arbeidsformer, og at dei kan bruke eit profesjonelt kunnskapsgrunnlag i skjønnsmessige vurderingar i spenningar mellom krav frå samfunnet og faglege standardar (Ekspertgruppen om

15


16

KAPITTEL 1

barne­hage­læ­rer­rol­len, 2018). Rettleiing med vekt på læring i og for fellesskapet kan støtte opp om danning heller enn tilpassing, og kan slik bidra til å støtte barne­hage­læ­ra­rar og det øvre personalet i å ta i vare ein praksis til det beste for barna. I denne samanheng er det viktig at barne­hage­læ­ra­rane får og tar eit spesielt ansvar, og at barne­hagen har barne­hage­læ­ra­rar med rettleiingskompetanse, som vil seie vidareutdanning i rettleiing.

Boka si oppbygging Boka er bygd opp av to bakgrunnskapittel, inkludert innleiingskapittelet, som adresserer barne­hagen sin kontekst, barnehagetradisjonar den norske barne­hagen er del av, ulike styringsdokument og kvardagsverda. Dei tre neste kapitla presenterer relevant forsking om rettleiing og profesjonelle læringsfellesskap og det teoretiske rammeverket for boka – teoriar om sosiokulturell læringsteori og danning. I tillegg inneheld boka eit kapittel med teorien om praksisarkitektur og korleis rettleiing kan forståast som intersubjektivt rom. Eit kapittel gjer greie for ulike tilnærmingar til rettleiing som er relevante for danning og kollektiv læring. Dei siste kapitla diskuterer rettleiing i lys av teorien om praksisarkitekturar og korleis rettleiing kan bidra til profesjonell læring og organisasjonsutvikling i barne­hagen. Avslutningsvis blir boka sine implikasjonar for rettleiing i ein lærande barne­hage diskutert, med eit kritisk blikk på rettleiing som feilretting og tilpassing eller som endring og danning. Alle kapitla, utanom det siste, inneheld diskusjonsoppgåver eller gruppeoppgåver. I det følgjande er ei kort skildring av boka sine kapittel. Kapittel 1 er innleiingskapittelet som presenterer den sosiokulturelle tilnærminga som teoretisk innramming for boka, som eit utgangspunkt for rettleiing som kollektiv læring, utvikling og endring. Kapittelet presenterer systematisk og systemisk bruk av rettleiing, med vekt på at ulik tilnærming til rettleiing bør nyttast ut frå den spesifikke situa­sjo­nens omfang og innhald. Varierte og samansette situasjonar og utford­rin­gar bør utforskast for å støtte opp om danningsprosessar og kan slik støtte barne­hage­læ­ra­rane i deira mangfaldige og kompliserte


innleiing

praksis. Kapittelet inneheld også refleksjonar kring omgrepa rettleiing og veiledning. Kapittel 2 gjer greie for barne­hagen som kontekst og løftar fram den nordiske barnehagepedagogikken der omgrepet educare står sentralt, ei tenking sentralt for norske barnehagar som kombinerer omsorg og læring. Dette omgrepet viser til ein heilskapleg integrasjon som for­ ank­rar omsorgsomgrepet i pedagogisk tenking. Kapittelet viser også til omtalen av barne­hage­læ­ra­rar og rettleiing i styringsdokument og argumenterer for at dokumenta kan sjåast på som ein politisk kontekst. Den lokale konteksten blir også framheva sidan kvardagsverda skaper rammer for korleis barne­hage­læ­ra­rane tenkjer, handlar og kommuniserer. Kapittel 3 presenterer ulike tilnærmingar til rettleiing som ofte blir brukt i barne­hagen, og som kan støtte opp om læring, utvikling og endring av kollektiv kunnskap i barne­hagen – rettleiing som refleksjon over handling, rettleiing ut frå systemiske perspektiv og rettleiing som utforskingsverkstad. Den form for rettleiing ein vel, kan også sjåast på som ein kontekst som rammar inn barne­hage­læ­ra­rane sine handlingar. For at rettleiing skal bidra til dannings- og endringsprosessar i barne­ hagen, blir det argumentert for at barne­hage­læ­ra­rane bør vere kjend med ulike tilnærmingar til rettleiing for best mogleg å kunne tilpasse rettleiing til den komplekse praksisen i barne­hagen. Vedlegga bakerst i boka inneheld forslag til ulike former for rettleiing, tilpassa barne­ hagen sin kontekst. Kapittel 4 inneheld presentasjon av relevant forsking om rettleiing som læringsaktivitet, kollegarettleiing, grupperettleiing og profesjonelle læringsfellesskap. Kjennskap til kva kunnskap som finst om rettleiing knytt til læring i barne­hage­læ­ra­rane sitt fellesskap, er viktig for å forstå rettleiing for danning og for å finne måtar å leggje til rette for endring og utvikling på i barne­hagen som organisasjon. Kollektiv meiningsskaping, dialog og refleksjon og støttande strukturar blir framheva, i tillegg til leiaren og den faglege rettleiaren si viktige rolle for kollektiv læring. Kapittel 5 inneheld sosiokulturell læringsteori og framhevar kvifor denne er ei viktig innramming for rettleiingssituasjonar for profesjonell støtte og danning, sidan både individuell og kollektiv læring alltid

17


18

KAPITTEL 1

skjer i relasjonar til andre, til samfunnet, til kulturen og historia ein er del av. Kapittelet viser i denne samanheng til ulike spenningar som trer fram i barne­hage­læ­ra­rane sin praksis, som også påverkar rettleiing, skapande spenningar som støttar opp om barne­hage­læ­ra­rane sine aktive handlingar i eigen danningsprosess, og stressande spenningar som kan redusere barne­hage­læ­ra­rar sine handlingar til å bli passive der feilretting og strukturelle løysingar blir vektlagt. Kapittel 6 presenterer teoriar om danning og framhevar tre sent­ rale dimensjonar ved danning – danninga sin sosiale dimensjon, rørsle som dimensjon og den refleksive dimensjonen. Det sosiale blir her løfta fram som «materialet» for individets danning gjennom rettleiing, gjennom møter mellom ulike meiningar, perspektiv og forståingar der noko forstyrrar den pågåande sosialiseringsprosessen og gjer det sosiale til gjenstand for problematisering og refleksjon. Kapittelet viser korleis dette kan støtte opp om refleksivitet, i ein prosess som vekslar mellom individuell og kollektiv læring, og viser i denne samanheng til refleksjon som sentralt for å oppdage nye meiningssamanhengar i og om praksis. Kapittel 7 presenterer teorien om praksisarkitektur og gjer greie for korleis intersubjektivt rom kan forståast som ulike dimensjonar med vekt på det semantiske, fysiske og sosiale. Den forståinga av rettleiing som denne boka byggjer på, ser rettleiingsrommet som eit mogleg intersubjektivt rom. I kapittelet blir ulike typar arrangement som påverkar det intersubjektive rommet, diskutert. Sentrale sty­rings­doku­ ment som påverkar barnehagens praksis, er i denne samanheng ein praksisarkitektur. Barnehagepraksisar vert «heldt på plass» av eksterne strukturar eller arrangement som til saman utgjer praksisarkitekturen til barne­hage­læ­ra­rane sin praksis. Kapittel 8 tek utgangspunkt i det empiriske materialet i mi doktorgradsavhandling og inneheld diskusjonar om rettleiing som intersubjektivt rom ut frå følgjande problemstilling: Kva løftar barne­hage­læ­ra­rar fram som moglegheiter og utford­rin­gar i grupperettleiing som intersubjektivt rom for kollektiv læring i barne­hagen? Rettleiingssituasjonar som intersubjektive rom inneheld både moglegheiter og utford­rin­gar for å utvikle måtar å snakke, tenkje, handle og relatere seg til kvarandre på i rettleiing. Kapittelet gjer også greie for ulike praksisarkitekturar, tradisjonar


innleiing

og arrangement internt i barne­hagen og utanfor barne­hagen som kan støtte og utfordre rettleiing som intersubjektivt rom. Kapittel 9 inneheld diskusjonar om korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barne­hagen som lærande organisasjon, og diskuterer ulike drivkrefter som nye element som forstyrrar tenking som til dømes korleis fellesskapet kan vere ei drivkraft. Også korleis fagkunnskap og utforsking kan fungere som drivkrefter til å oppdage handlingsmønster innan ein kultur og gjere erfaring om til felles kunnskap, blir diskutert. Kapittelet framhevar også at læring i barne­hagen som lærande i stor grad handlar om korleis den einskilde oppfattar rolla, ansvaret og relasjonane til dei andre i barne­hagen i eit systemisk og heilskapleg perspektiv, og viser til leiinga sitt ansvar for å fasilitere utvikling i ­barnehagen. Kapittel 10 inneheld avsluttande refleksjonar om korleis rettleiing bør brukast i barne­hagen for å gjere den lærande, og diskuterer korleis systematisk rettleiing i læringsfellesskapet kan støtte barne­hage­læ­ra­ rane i å oppdage diskursar om eigen profesjonalisering, og slik bidra til danning. I tillegg inneheld boka eit vedlegg med forslag til fire former for rettleiing, med særskilt vekt på kollektiv læring og tilpassa barne­hagen sin kontekst. Her blir to ulike typar rettleiing i gruppe frå handlings- og refleksjonsmodellen presentert, i tillegg til to variantar av reflekterande team frå systemisk tenking og eit døme på rettleiing som utforskingsverkstad.

19


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.