Nova10 nynorsk blabok

Page 47

2.67 I Noreg har det vore fleire konfliktar i samband med utbygging av «vindmølleparkar». I desse konfliktane har miljøvernargument vore bruka både for og imot utbygging. Bruk internett til å sette dykk inn i argumenta, og arranger ein diskusjon i klassen, der nokon argumenterer mot vindmøller og andre argumenterer for. 2.68 Oljeselskapa og leverandørindustrien har ein interesseorganisasjon som heiter Norsk olje og gass. På nettsidene deira (norskoljeoggass.no) finn du mange argument for å opne LoVeSe for oljeleiting. Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja (folkeaksjonen.no) er ein nasjonal, ­uavhengig organisasjon som jobbar mot slik oljeverksemd. Bruk begge desse nettstadene for å førebu ein paneldebatt der nokre elevar argumenterer for og nokre elevar argumenterer mot. Deretter opnar de for innlegg frå resten av klassen. 2.69 Noreg har tent seg søkkrikt på å selje olje og gass. Vi har òg mange arbeidsplassar knytte til petroleums­ industrien. Samtidig veit vi at forbrenning av olje og gass slepper ut store mengder CO2 til atmosfæren, og at dette fører til auka drivhuseffekt. Derfor meiner mange at vi ikkje kan halde fram som før med petroleums­ produksjon. Andre argumenterer for at olje og gass kan erstatte kolforbrenning (som gir endå større utslepp), og at vi har eit ansvar for å forsyne verda med energi. Bruk internett til å finne argument for begge sider, og arranger ein diskusjon i klassen der desse argumenta kjem fram.

2.70 Gå saman i grupper på fire, og diskuter kva kvar enkelt av dykk gjer for å sortere avfall heime. Kvar hamnar for eksempel batteri, metall, plast, papp, papir, lysstoffrøyr, små elektriske apparat, matrestar og glas når det blir kasta? GÅ VIDERE 2.71 Finn minst fire artiklar med ulikt standpunkt til planane for leiting etter olje og gass utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Skriv ned argumenta, og legg dei fram for klassen. Vurder kvar artikkel ut frå kven som har skrive han. Kan vi stole på at argumenta i artiklane er objektive (byggjer på fakta som ikkje kan motseiast)? 2.72 Søk på nettet etter ein oversiktleg artikkel om naturmangfaldlova. Skriv ned noko av det du synest er mest interessant, og legg det fram for klassen. 2.73 Finn nettstaden sabima.no. Finn ut kva SABIMA står for, og kva organisasjonar som er knytte til. Søk der­etter på «skogvern» på denne nett­staden, og set deg inn i kva argument som blir bruka for at Noreg bør verne meir skog enn det vi gjer i dag. 2.74 På FN-sambandet sin nettstad Globalis finn du ei oversikt over viktige internasjonale avtaler (globalis. no/Avtaler). Fordel miljøavtalene i klassen slik at nokon les om Konvensjon om biologisk mangfald, nokon om Kyoto-protokollen, og nokon om Montreal-protokollen. Legg resul­tata fram i klassen ved hjelp av eit presentasjonsverktøy. 2.75 Søk etter nettstader som gir idear og tips til korleis enkeltmenneske kan leve mest mogleg miljøvennleg. Legg fram tipsa for klassen.

MILJØ — MENNESKET OG NATUREN

Bok_Nova10_grbok_NN.indb 67

67

04.06.15 07:57


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.