Norsk ordbok – nynorsk (utdrag)

Page 1



NORSK ORDBOK nynorsk

NN_innledende sider_ny.indd 1

07/01/2021 12:34


NN_innledende sider_ny.indd 2

07/01/2021 12:34


Helene Urdland Karlsen

NORSK ORDBOK nynorsk

NN_innledende sider_ny.indd 3

07/01/2021 12:34


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2021 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. Innhaldet i ordboka byggjer på ordbasen til Norsk ordbok – bokmål av Helene Urdland Karlsen og Grete Krogstad, 2018. Nøkkelordlista byggjer dels på ei frekvensliste utarbeidd av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Forfattaren har mottatt støtte frå Det faglitterære fond. Grafisk design: Tank Omslagsdesign: Tank Kart: Reidar Fossum Skrivereglar: Anne Lene Berge Språkkonsulent: Vegard Storsul Opdahl Ombrekking: Kristin Gjestrum Trykk: Livonia Print, Latvia 2021 Forlagsredaktør: Inger-Ma Gabrielsen Utgåve: 1 Opplag: 1 ISBN 978-82-02-61532-1 www.cappelendamm.no www.cdu.no

NN_innledende sider_ny.indd 4

07/01/2021 12:34


Føreord Norsk ordbok – nynorsk er ei einspråkleg allmennordbok særleg tilpassa elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen, men ho kan brukast av norskstudentar på alle nivå, og av alle andre som treng å slå opp i ei norsk ordbok. Boka er laga med det siktemål å gjere nynorsken meir tilgjengeleg. I både design og innhald er ho moderne, enkel og oversiktleg. Innhaldet i ordboka byggjer på ordbasen til Norsk ordbok – bokmål av Helene Urdland Karlsen og Grete Krogstad, men er noko redusert. Ord og uttrykk som berre er å finne i nynorsk, er lagde til. Det er også ein del nye ord, som til dømes chatbot, klimabrøl og smittesporing. Ordboka har i alt 23 000 oppslagsord og over 31 000 brukseksempel. Faste uttrykk har fått ein sentral plass. Dei 2500 vanlegaste orda i nynorsk er markerte med ein nøkkel i venstremargen, som syner at ordet er særleg viktig å kunne. Oppslagsorda har fyldige definisjonar og mange synonym. Substantiv flest og verb er definerte på ein ny, pedagogisk måte inspirert av dei engelske COBUILD-ordbøkene. I COBUILD-ordbøkene er orda forklara på ein lettfatteleg måte, gjerne ved hjelp av ei full setning med gjentaking av sjølve oppslagsordet. Brukarane får med det sjå korleis ordet opptrer i ei grammatisk kontekst. Slår du opp på substantivet ballerina, får du denne definisjonen: «ei ballerina er ein kvinneleg ballettdansar». Verbet balsamere er definert på denne måten: «å balsamere er å handsame ein død kropp med kjemiske stoff slik at han ikkje rotnar». Kvart oppslagsord er ført opp med fullskrivne bøyingsformer. Ikkje alle tillatne skrivemåtar og bøyingar av orda er med i denne ordboka. Men alle skrivemåtar og bøyingar som er med, følgjer ny rettskriving for nynorsk vedtatt i 2012. Språket forandrar seg heile tida, og difor er det ikkje mogeleg å fange alt i ei ordbok. Det er heller ikkje målet med ei bruksordbok som denne. Poenget er ikkje å ha med så mange ord som mogeleg, men å gje god informasjon om dei orda som faktisk er i bruk. I tillegg til ein minigrammatikk inneheld ordboka skrivereglar og skriveråd, skrivne av Anne Lene Berge, tidlegare lektor i norsk. I arbeidet med ordboka har ordbok­forfattaren også fått god hjelp av forlagsredaktør Inger-Ma Gabrielsen og språkkonsulent Vegard Storsul Opdahl. Forlaget tar gjerne imot framlegg til vidare utvikling av ordboka. Redaksjonen

NN_innledende sider_ny.indd 5

07/01/2021 12:34


Innhald Brukarnøkkel Rettleiing Ordval Nøkkelord Rekkjefølgja av oppslagsorda Formval Moderat (til delvis konservativ) nynorsk Val av bøyingsmønster Redigeringsspråket Uttale Pedagogiske definisjonar med brukseksempel Faste uttrykk Rammer med språkinformasjon

NN_innledende sider_ny.indd 6

8 9 9 9 9 10 10 11 12 12 12 13 13

Forkortingar i ordboka

14

Norsk ordbok – nynorsk A–Å

15

Minigrammatikk

953

Substantiv Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Samandraging Dobbelt bestemd form Genitiv

953 953 954 955 955 956 956

Adjektiv Samsvarsbøying Gradbøying

956 956 958

Pronomen Personlege pronomen Refleksive pronomen Resiproke pronomen Spørjepronomen Ubunde pronomen

959 959 959 960 960 960

Determinativ (bestemmarord) Eigedomsord (possessiv) Peikeord (demonstrativ) Mengdeord (kvantorar)

960 960 961 961

Verb Svake verb Sterke verb

962 962 964

07/01/2021 12:34


Hjelpeverb St-verb Parverb Aktiv eller passiv?

NN_innledende sider_ny.indd 7

965 965 966 966

Adverb

967

Konjunksjonar

967

Subjunksjonar

967

Preposisjonar

968

Interjeksjonar

968

Setningar

968

Språkreglar og skriveråd

969

Teiknsetjing Punktum Tre punktum Spørsmålsteikn Utropsteikn Komma Semikolon Kolon Hermeteikn Apostrof Aksentteikn Bindestrek Tankestrek Parentes Parentes og punktum

969 969 970 970 970 971 972 973 973 974 974 975 976 976 977

Stor og liten førebokstav

977

Nokon reglar for ordval Og eller å? Lengre eller lenger? Da/då eller når? Ovanfor eller overfor? Særskriving eller samanskriving?

978 978 979 980 980 980

Nokon grammatiske emne Subjektsform eller objektsform av pronomen? Sin/sitt/sine eller hans/hennar/deira? Samsvarsbøying

982 982 983 983

Bruk av kjelder Kjeldeval Å bruke kjelder i eigne tekster

984 984 985

07/01/2021 12:34


8

Brukarnøkkel oppslagsord

blant dei 2500 vanlegaste orda i nynorsk eksempel

ovan adv 1 ned frå ein høgare stad: kome ovan; eit teikn frå ovan 2 ovanfor: bu ovan vegen ovan- i sms brukt som føreledd, særl. i samansette preposisjonar; ovanfor, ovanpå Ñovanfor prep el. ovanføre 1 høgare, lenger oppe enn: støvlane rakk ovanfor kneet 2 (som adv.) (på ein stad) høgare, lenger oppe: vi las om det i avsnittet ovanfor ovanfor/overfor Preposisjonane ovanfor og overfor har ulik tyding.

ordklasse

valfri form

ramme

Ovanfor tyder «høgare oppe (enn noko anna)»: Fossen ligg ovanfor brua. Overfor tyder «midt imot; andlet til andlet med; vis-à-vis»: Dei vart sitjande rett overfor kvarandre under middagen. Her står vi overfor eit problem.

like ord, forskjellige ordklasser eller opphav

fast uttrykk

alternative tydningar

NN_innledende sider_ny.indd 8

selje1 f selja fl. seljer, seljene (bot.) ei selje er ein busk el. eit tre i vierfamilien med grågrøne blad 2 Ñselje v sel, selde, selt (økon.) å selje er å overdra ei vare el. ei teneste mot betaling: selje is; selje sex på gata; vara sel godt; selje leilegheita til høgstbydande; mots. kjøpe ■ selje seg dyrt (refl., overf.) gjere kraftig motstand ■ selje seg til fienden (refl., overf.) gå i teneste hos fienden (mot betaling) ■ selje seg (sjølv) 1 (refl., overf.) prostituere seg 2 (refl., overf.) gå på akkord med prinsippa sine for å oppnå fordelar selle f sella fl. seller, sellene → celle

bøying fagkode antonym grammatikk stilkode tilvising

07/01/2021 12:34


9

Rettleiing ▶ Ordval Norsk ordbok – nynorsk inneheld det sentrale ordtilfanget i daglegspråket. Ordboka inneheld i tillegg mange framandord og nyare ord i moderne nynorsk. Ho dekkjer alle samfunnsdomene, utan å gå djupt inn i fagterminologiar eller andre særskilde bruksområde utan generell relevans.

▶ Nøkkelord Med utgangspunkt i ei frekvensliste utarbeidd av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen er dei 2500 vanlegaste orda i nynorsk merkte med eit nøkkelsymbol i venstremargen Ñ. Tanken bak markeringa av nøkkelord er enkel. Kan du desse orda, kan du dei mest brukte orda i nynorsk, og du har gode føresetnader for å kunne lese og skrive lengre tekster.

▶ Rekkjefølgja av oppslagsorda Alle oppslagsorda er prenta i halvfeite typar med turkis farge, og dei står i strengt alfabetisk rekkjefølgje. Det gjeld både usamansette, samansette og avleia ord. Alfabetisk rekkjefølgje blir for eksempel: blink blinke blinklys

Mange oppslagsord har lik skrivemåte, men høyrer til ulike ordklasser, eller har ulik tyding. I ordboka er slike oppslagsord skilde frå kvarandre med tal (homografnummer). Til liks med Norsk ordbok – bokmål følgjer ikkje lemmatiseringa i ordboka eit mekanisk etymologisk eller morfologisk prinsipp. Oppslagsorda er ordna etter ordklasse: substantiv (f, m, n), adjektiv, preposisjon, adverb, verb. føre1 n føre2 prep føre3 v

Alle oppslagsorda med unntak av substantiva er merkte med ordklasse (adj = adjektiv, prep = preposisjon, v = verb og så bortetter). Substantiva er merkte berre med grammatisk kjønn (f = femininum, m = maskulinum eller n = nøytrum). Enkelte fleirordsuttrykk er òg førte opp i alfabetisk rekkjefølgje. Det gjeld særleg uttrykk der det kan vere tvil om skrivemåten (i eitt eller to/fleire ord). I alfabetiseringa er det ikkje tatt omsyn til mellomromma mellom orda, slik at rekkjefølgja for eksempel blir: id i dag idé

NN_innledende sider_ny.indd 9

07/01/2021 12:34


10

▶ Formval

I nynorsk som i bokmål kan vi skrive og bøye veldig mange ord på mange ulike måtar. Vi kan for eksempel skrive vi eller me, ei klasse eller ein klasse, ho sym eller ho svømmer. Det finst ingen offisielle reglar for korleis vi skal kombinere ulike skrivemåtar og bøyingsformer i nynorsk. Eitt formval er difor ikkje betre eller meir korrekt enn eit anna. Som språkbrukarar har vi likevel gjerne ei oppfatning av at enkelte former høyrer betre saman enn andre. Studien Norm og røyndom (Helset 2017) viser at det i nynorsk finst normklynger av ulike språklege former. Helset skil mellom konservative, konservative/ moderate, moderate, radikal/moderate og radikale former. Studien viser at det er dei moderate formene som dominerer i faktisk bruk. Mange ser på valfridommen i språket som ein rikdom, andre blir forvirra av alle vala dei må ta. Særleg utfordrande er valfridommen for dei som ikkje er så godt kjende med nynorsken. For å gjere det enklare for denne brukargruppa har vi gjort eit utval av former. Som hovudoppslag har vi valt å føre moderate former, ettersom dei er mest brukte. Nokon former fell inn under det Helset kallar delvis konservative former. I papirutgåva av ordboka har vi òg valt å berre føre eitt bøyingsmønster for kvar av formene. (I nettordboka kan du sjå alle bøyingane.) Skrivemåtane og dei valde bøyingsmønstra følgjer gjeldande offisiell rettskriving for nynorsk 2012.

▶ Moderat (til delvis konservativ) nynorsk I Norsk ordbok – nynorsk er dei fleste skrivemåtane av eit ord lista, men berre bestemde skrivemåtar – moderate (til delvis konservative) former – har status som hovudoppslag med definisjon og brukseksempel. Held du deg til desse formene, får språket ein gjennomført moderat stil. Alternative skrivemåtar følgjer som variantar etter hovudoppslaget.

I ordboka står pronomenet vi som hovudoppslag og ikkje me, og verba er førte opp med e-infinitiv (ikkje a-infinitiv eller kløyvd infinitiv). Vi har valt å føre dobbelt m i dei fleste ord der det er valfritt med enkelt eller dobbelt m. På oppslagsplass finn vi forma gammal og ikkje gamal, hammar og ikkje hamar, herredømme og ikkje herredøme. Ord som endar på -dom får dobbelt m i bøygde former (ein ungdom – ungdommen – ungdommar – ungdommane). Vi har også valt å bruke dobbelt n. På oppslagsplass finn vi lønn og ikkje løn, lønning og ikkje løning.

Nokon verb, substantiv og adjektiv laga av verb har valfri j-form. Vi kan for eksempel skrive å trykkje eller å trykke, ein trykkjar eller ein trykkar, trykkjande eller trykkande. Vi har valt å bruke j-forma der ho er valfri.

NN_innledende sider_ny.indd 10

07/01/2021 12:34


11

Ei rekkje andre skrivemåtar som fell inn under den moderate (til delvis konservative) normklynga, er markerte i feit skrift under. anten/enten brot/brott dessverre/diverre drikk/drykk då/da først/fyrst gjev/gir hos/hjå høvding/hovding jern/jarn lyd/ljod

lykke/lukke lys/ljos no/nå skap/skåp skot/skott skuld/skyld skule/skole sommar/sumar søndag/sundag vit/vett ønske/ynske (substantiv)

Dersom variantane har ein skrivemåte som skil seg veldig frå hovudoppslaget, slik som varianten me, får dei eige tilvisingsoppslag med pil til hovudoppslaget. Også tilvisingsoppslaga viser bøyingsmønster. me pron pers à vi skole m skolen fl. skolar, skolane à skule

▶ Val av bøyingsmønster

I papirordboka har vi valt å føre berre eitt bøyingsmønster for kvart oppslagsord, anten det er eit hovudoppslag eller eit variantoppslag. Kvart bøyingsmønster har fulle ordformer. Ei rekkje substantiv kan ha to bøyingsmønster (jamfør minigrammatikken). Det gjeld for eksempel fleire hankjønnsord, mellom anna hankjønnsord som endar på -a og -nad. I denne ordboka får desse hankjønnsorda -er og -ene i fleirtal: ein sofa – sofaen – sofaer – sofaene ein søknad – søknaden – søknader - søknadene

Også fleire hokjønnsord kan ha valfri fleirtalsbøying. Det gjeld hokjønnsord som elv, myr, røys, øks og ørn. I ordboka har desse orda fått -er og -ene fleirtal: ei elv – elva – elver – elvene

Substantiv som ski og sko følgjer dette bøyingsmønsteret: ein sko – skoen – sko – skoa ei ski – skia – ski – skia

Nokon substantiv har to kjønn, med kvart sitt bøyingsmønster. Vi kan skrive ei klasse – klassa – klasser – klassene eller ein klasse – klassen – klassar – klassane. I denne ordboka har vi i stor grad valt det mest tradisjonelle alternativet.

NN_innledende sider_ny.indd 11

07/01/2021 12:34


12

Fleire verb kan også bøyast ulikt. Nokon svake verb kan vere anten a-verb eller e-verb (jamfør minigrammatikken). I ordboka har vi stort sett valt å bøye desse verba som a-verb, til eksempel: å svare – svarar – svara – har svara

E-verb med stamme som endar på -enn eller -(m)m får endinga -de i preteritum. å kjenne – kjenner – kjende – har kjent

E-verb med valfri ending i perfektum partisipp får endinga -d. å arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd

Kortverb får endinga -dd i perfektum partisipp. å nå – når – nådde – har nådd

Verbet bli (med varianten verte) bøyer vi på denne måten: å bli – blir – vart – har vorte

Adjektiv som endar på -en får stort sett inkjekjønnsendinga -e. open – ope – opne

Adjektiv av typen blå, blir bøygde slik: blå – blått – blå

▶ Redigeringsspråket Redigeringsspråket i Norsk ordbok – nynorsk følgjer formvala i ordboka. Vi tar likevel atterhald for avvik, sidan fleire personar har vore i tekstmaterialet undervegs.

▶ Uttale Nokon oppslagsord har informasjon om norsk uttale. Det gjeld først og fremst utanlandske ord, til eksempel: chatbot [tsjættbott] gründer [grynder] sharia [sjaria]

▶ Pedagogiske definisjonar med brukseksempel

Definisjonar og eksempel på bruken av oppslagsordet kjem etter bøyingsmønsteret, og etter eventuell uttale, fag- eller/og stilkode eller anna grammatisk tilleggsopplysing. Definisjonane står i rettskrift, brukseksempla i kursiv.

NN_innledende sider_ny.indd 12

07/01/2021 12:34


13

Definisjonen kan vere ei lengre forklaring eller eit eller fleire einskildord (synonym) eller ofte begge delar. Den fleirordige definisjonen står alltid først. Når eit oppslagsord har fleire tydingar, er definisjonane nummererte. Definisjonane er utforma på ein måte som er lett skjønneleg for folk flest. Dei to største gruppene av ord, substantiva og verba, har fått definisjonar inspirerte av definisjonsmetoden brukt i dei engelske COBUILD-ordbøkene. COBUILD-metoden går ut på å forklare orda på ein lettfatteleg måte, gjerne ved hjelp av ei full setning med gjentaking av sjølve oppslagsordet. Brukarane får med det sjå korleis ordet opptrer i ei grammatisk kontekst. Denne måten å definere på er særs pedagogisk, og kjem brukarane, særleg dei som ikkje er så godt kjende med språket, til gode. I Norsk ordbok – nynorsk er dei fleste teljelege substantiva definerte med ubunden artikkel. Substantivet vadefugl ser til eksempel slik ut: vadefugl m vadefuglen, vadefuglar, vadefuglane ein vadefugl er ein fugl som lever i våtmarksområde el. ved kysten

Substantiv der ein normalt ikkje bruker den ubundne artikkelen, er ikkje definerte etter dette mønsteret. Det gjeld til eksempel somme substantiv av verb på -ing (køyring). Slike substantiv er definerte på denne måten: «køyring er det å køyre». Den ubundne artikkelen er heller ikkje brukt føre definisjonen av kollektive substantiv som grus, urin eller folk (i tydinga ‘folk flest’). Verba i ordboka er definerte med infinitivsmerke. Verbet vade ser til eksempel slik ut: vade v vader, vadde, vadd å vade er å gå gjennom store mengder med snø, søle el. vatn; vasse

Oppslagsord med andre ordklasser har dei klassiske substituerbare definisjonane. Nokon oppslagsord (særleg interjeksjonar, konjunksjonar, preposisjonar og subjunksjonar) har metadefinisjonar. jaha interj ( forsterk.) brukt for å uttrykkje semje el. stadfesting; ja vel, ja visst

▶ Faste uttrykk

Dersom eit ord opptrer i eitt eller fleire faste uttrykk, kjem uttrykket eller uttrykka samla til slutt i artikkelen. Faste uttrykk står i alfabetisk rekkjefølgje, og dei er tydeleg markerte med punkt i venstremargen. Alle dei faste uttrykka er definerte, dei fleste har brukseksempel.

▶ Rammer med språkinformasjon Ordboka inneheld 47 rammer med tilleggsinformasjon om ulike språktema som kan vere særleg vanskelege for nokon brukarar, til eksempel aksent, komma, og/å, passiv og romartal.

NN_innledende sider_ny.indd 13

07/01/2021 12:34


14

Forkortingar i ordboka adj adjektiv adv adverb anat. anatomi arkeol. arkeologi arkit. akitektur astrol. astrologi astron. astronomi barnesp. barnespråk bet. betydning biol. biologi bot. botanikk dem demonstrativ, peikeord determ determinativ, bestemmarord dial. dialektalt eng. engelsk filos. filosofi fork. forkorting forsterk. forsterkande geogr. geografi geol. geologi i sml i samanlikningar i sms i samansetjingar ikt informasjons- og kommunikasjonsteknologi inf.-merke infinitivsmerke interj interjeksjon iron. ironisk jordbr. jordbruk jur. juridisk konj konjunksjon, sideordningsord kvant kvantor, mengdeord littv. litteraturvitskap matem. matematikk med. medisin meteorol. meteorologi mil. militær

NN_innledende sider_ny.indd 14

mus. mytol. neds. opph. ordt. overf. poet. polit. poss pref prep pron pron pers pron refl pron res pron spør propr psykol. relig. s sj. sjø. språkv. spøk. subj subst symb særl. ungdomssp. utd. v vanl. vev. vulg. zool. økon.

musikk mytologi nedsetjande opphaveleg ordtak overført poetisk politikk possesiv, eigedomsord prefiks, førestaving preposisjon pronomen personleg pronomen refleksivt pronomen resiprokt el. gjensidig pronomen spørjepronomen proprium psykologi religion substantiv sjeldan sjøfart språkvitskap spøkjefullt subjunksjon, underordningsord substantiv symbol særleg ungdomsspråk utdanning verb vanleg veving vulgært zoologi økonomi

07/01/2021 12:34


A

15

A A1 m A-en fl. A-ar, A-ane el. a m a-en fl. a-ar, a-ane 1 (språkv.) brukt om språklyden, vokalen a 2 (språkv.) brukt som bokstavteikn for språklyden a, det første bokstavteiknet i alfabetet 3 brukt om den el. det første i ei rekkje kategoriar, storleikar el. ting: dei bur i oppgang A 4 (mus.) brukt om (noten for) den sjette tonen i stamtonerekkja: einstroken A ■ frå A til Å (overf.) frå byrjing til slutt: matematikk frå A til Å A2 fork (astron.) forkorting for aust A3 symb 1 (fysikk) symbol for ampere 2 (matem.) brukt som romersk talteikn for fem tusen (5000) a1 fork forkorting for anno a2 symb (fysikk) symbol for ar a3 prep for, i, med, på: a tempo; a capella a4 interj brukt som partikkel i bestemde munnlege uttrykk: gid a meg!; huff a meg! à prep (særl. om mål, pris, tid, vekt o.l.) for, opp, på, til (jf. a): à jour; à la carte; to à tre år; to arbeidsdagar à 7 timar A- pref el. a- brukt som førestaving med tydinga 'beste-', 'første-' (i ord som A-lag og A-menneske) a- pref brukt som førestaving med tydinga 'ikkje-', 'u-' (i ord som atypisk og asymmetrisk) abbed m abbeden fl. abbedar, abbedane (relig.) ein abbed er ein leiar for eit munkekloster: abbeden av Pechersk-klosteret abbedi n abbediet fl. abbedi, abbedia (relig.) eit abbedi er eit kloster leia av ein abbed el. ei abbedisse: dei vart gravlagde i abbediet abbedisse f abbedissa fl. abbedisser, abbedissene (relig.) ei abbedisse er ein leiar for eit nonnekloster: Hedvig var abbedisse i klosteret Herford abc f abc-a fl. abc-er, abc-ene 1 ei abc er ei lærebok i lesing og staving for nybyrjarar 2 abc blir òg brukt om grunnleggjande kunnskapar i noko: abc i juss; det der er abc for ein partileiar abdikasjon m abdikasjonen fl. abdikasjonar, abdikasjonane

NN_hoveddel_justert_test.indd 15

abortpille

1 abdikasjon er det å abdisere: abdikasjonen til pave Benedikt 2 (overf.) ein abdikasjon er ei tilbaketreding: abdikasjon på miljøfronten abdisere v abdiserer, abdiserte, abdisert 1 å abdisere er å seie frå seg ei trone: kongen måtte abdisere 2 (overf.) å abdisere er å tre tilbake: han kan ikkje abdisere frå foreldrerolla abkhasar m abkhasaren fl. abkhasarar, abkhasarane ein abkhasar er ein person som bur i el. kjem frå republikken Abkhasia i Georgia abkhasisk adj n. abkhasisk fl. abkhasiske som gjeld Abkhasia el. abkhasarar ablegøye f ablegøya fl. ablegøyer, ablegøyene ei ablegøye er ein skøyarstrek: han dansar, leikar og gjer ablegøyer abnorm adj n. abnormt fl. abnorme som vik av frå det normale; unormal: ein abnorm oppførsel; abnorm celledeling abnormitet m abnormiteten fl. abnormitetar, abnormitetane (særl. med.) ein abnormitet er eit (sjukeleg) avvik frå det normale: seksuell abnormitet; ein anatomisk abnormitet abonnement [abonnemang] n abonnementet fl. abonnement, abonnementa eit abonnement er ein avtale om regelmessig levering av noko (t.d. ei teneste el. ei vare) som ein betalar for på førehand el. løpande: teikne abonnement på ei avis abonnent m abonnenten fl. abonnentar, abonnentane ein abonnent er ein person som abonnerer på noko (særl. ei avis, eit blad e.l.): teikne seg som abonnent; avisa har fått færre abonnentar abonnere v abonnerer, abonnerte, abonnert å abonnere er å ha abonnement på noko (t.d. eit blad el. ei avis): eg abonnerer på fleire aviser aborigin m aboriginen fl. aboriginar, aboriginane ein aborigin er ein person som høyrer til den opphavlege folkesetnaden i Australia abort m aborten fl. abortar, abortane (med.) ein abort er eit avbrote svangerskap: i Noreg kan du ta abort i løpet av dei tolv første vekene ■ framprovosert abort (med.) abort med hjelp av legemiddel el. kirurgisk inngrep ■ sjølvvald abort (med.) abort vald av kvinna sjølv ■ spontan abort (med.) abort som ikkje kjem av inngrep utanifrå abortere v aborterer, aborterte, abortert 1 (med.) å abortere er å gjennomgå framkalla el. uønskt avbryting av eit svangerskap 2 (ikt) å abortere er å avbryte eit dataprogram abortpille f abortpilla fl. abortpiller, abortpillene (med.) ei abortpille er ei pille som framkallar abort

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


abrakadabra abrakadabra subst 1 abrakadabra er eit formular ved trylling: abrakadabra og simsalabim! 2 abrakadabra er uforståeleg snakk: ein straum av abrakadabra og snikksnakk abrupt adj n. abrupt fl. abrupte som byrjar el. sluttar brått; usamanhengande: abrupt tale; historia fekk ein abrupt slutt ABS-bremsar m bf.fl. ABS-bremsane (føreledd fork. for eng. Antilock Braking System) (berre i fleirtal) ABS-bremsar er blokkeringsfrie bremsar: ein bil med ABS-bremsar abscess m abscessen fl. abscessar, abscessane (med.) ein abscess er ein byll, svull med puss abscisse m abscissen fl. abscissar, abscissane (matem.) ein abscisse er ein koordinat langs X-aksen i eit koordinatsystem (jf. ordinat) absint m absinten fl. absintar, absintane (ein) absint er (eit glas el. ei flaske med) ein svært alkoholhaldig drikk av malurt absolusjon m absolusjonen fl. absolusjonar, absolusjonane (relig., i den katolske kyrkja) absolusjon er det same som syndeforlating: han fekk absolusjon for syndene sine absolutisme m absolutismen (polit.) absolutisme er ei styreform der styresmakta har uinnskrenka makt; diktatur, einevelde: ha mistru til absolutismen i landet absolutt1 n absoluttet fl. absolutt, absolutta eit absolutt er eit (etisk el. moralsk) udiskutabelt krav: moralske absolutt 2 Ñabsolutt adj n. absolutt fl. absolutte 1 fullstendig, vilkårslaus: absolutt veto; eit absolutt krav; mots. relativ 2 (som adv.) heilt bestemd; definitivt: absolutt ikkje; han ville absolutt prøve ■ absolutt fleirtal (særl. polit.) over halvparten av røystene ■ absolutt gehør (mus.) det å kunne avgjere tonehøgd utan eit ytre referansepunkt ■ absolutt nullpunkt (fysikk) temperatur på -273,16 °C absorbere v absorberer, absorberte, absorbert (òg overf.) å absorbere er å suge, trekkje noko opp: stoffet absorberer og fjernar lukt; det var vanskeleg å absorbere nyhenda absorpsjon m absorpsjonen fl. absorpsjonar, absorpsjonane absorpsjon er det å absorbere: absorpsjon av væsker abstinens m abstinensen fl. abstinensar, abstinensane 1 (med.) ein abstinens er ein kroppsleg reaksjon som kjem når ein sluttar å bruke eit vanedannande stoff

NN_hoveddel_justert_test.indd 16

16

adaptasjon

2 (overf.) ein abstinens er ein sterk lengsel etter ein person, stad e.l. abstrahere v abstraherer, abstraherte, abstrahert å abstrahere er å trekkje ut enkelte element el. eigenskapar og sjå bort frå andre: kunstnaren stiliserer og abstraherer naturen; modellen abstraherer og klassifiserer informasjon abstraksjon m abstraksjonen fl. abstraksjonar, abstraksjonane 1 abstraksjon er det å abstrahere 2 ein abstraksjon er eit fenomen, ein tanke som har kome fram ved abstrahering abstrakt1 n abstraktet fl. abstrakt, abstrakta 1 (språkv.) eit abstrakt er eit substantiv som nemner ein eigenskap, ein tilstand el. ei handling (dvs. noko ein ikkje kan ta el. føle på); mots. konkret 2 eit abstrakt er eit samandrag el. uttrekk: eit abstrakt av artikkelen 2 Ñabstrakt adj n. abstrakt fl. abstrakte 1 som ikkje kan sansast; uhandgripeleg: tida er eit abstrakt omgrep; mots. konkret 2 (språkv.) som nemner ein eigenskap, ein tilstand el. ei handling: abstrakte substantiv absurd adj n. absurd fl. absurde 1 (òg som adv. og subst.) meiningslaus, urimeleg: ein absurd påstand; det høyrest heilt absurd ut; det grensar faktisk til det absurde 2 burlesk, grotesk: eit absurd teater; ein absurd humor absurditet m absurditeten fl. absurditetar, absurditetane ein absurditet er ei meiningsløyse: krigen var full av grufulle absurditetar; auka forbruk er ein absurditet a cappella adv (mus., om korsong) utan akkompagnement av musikkinstrument: syngje a cappella acetylen n acetylenet (kjemi) acetylen er ei folkeleg nemning for etyn action [æksjen] subst action er ei dramatisk og spenningsfylt handling: ein film med mykje action ad prep 1 til, vedkomande: ad det du sa tidlegare 2 brukt i ulike latinske uttrykk: ad hoc; ad notam a.D. fork forkorting for anno Domini (jf. anno) adamseple n adamseplet fl. adamseple, adamsepla (anat.) eit adamseple er ein framstikkande del av strupehovudet, synleg hos menn adaptasjon m adaptasjonen fl. adaptasjonar, adaptasjonane ein adaptasjon er ei tilpassing, tilvenjing: den nye guten i klassa trong litt tid til adaptasjon

05/01/2021 16:53


adapter adapter m adapteren fl. adapterar, adapterane ein adapter er eit overgangs- el. tilpassingsledd mellom elektroniske einingar: kople til ein skjerm ved hjelp av ein adapter; i USA treng du ein adapter for å få straum addend m addenden fl. addendar, addendane (matem.) ein addend er eit tal som blir addert addere v adderer, adderte, addert (matem.) å addere er å leggje saman to el. fleire tal; summere; mots. subtrahere addisjon m addisjonen fl. addisjonar, addisjonane (matem.) addisjon er det å addere (jf. subtraksjon) additiv n additivet fl. additiv, additiva eit additiv er eit tilsett stoff: lage eit betre petroleumsprodukt ved hjelp av additiv adekvat adj n. adekvat fl. adekvate dekkjande, fullgod: få adekvat opplæring; mots. inadekvat adel m adelen fl. adlar, adlane 1 (særl. i eldre tid, i utlandet) ein adel er ein person frå ei samfunnsklasse med nedarva titlar og privilegium: kongen, adelen og folket 2 (særl. i eldre tid, i utlandet) ein adel er ei plikt som følgjer med ein adel (i bet. 1); adelskap 3 (overf.) ein adel er (ein person av) ein viktig el. dominerande samfunnskrins; idrettsadel, politikaradel adeleg adj n. adeleg fl. adelege som gjeld ein adel el. er av adel: adelege privilegium; ei adeleg slekt adelskap n adelskapet fl. adelskap, adelskapa 1 (særl. i utlandet) eit adelskap er ein rett og vørdnad som følgjer med det å vere adeleg: adelskap forpliktar 2 (overf.) eit adelskap er ein høgt verdsett eigenskap el. eit høgt verdsett karaktertrekk adelsstand m adelsstanden fl. adelsstandar, adelsstandane (i eldre tid, særl. i utlandet) ein adelstand er ei adeleg samfunnsklasse: ta nokon opp i adelsstanden ADHD subst (fork. for eng. Attention Deficit/ Hyperactivity Disorder) (med.) ADHD er ei psykisk liding hos barn og unge, som viser seg m.a. i hyperaktivitet, impulsivitet og konsentrasjonsvanskar adhesjon m adhesjonen fl. adhesjonar, adhesjonane (fysikk) ein adhesjon er ei tiltrekkingskraft mellom molekyla i to flater: adhesjon mellom ein regndrope og ei glasflate ad hoc [ad håkk] adv til dette bestemde føremålet el. tilfellet Ñadjektiv n adjektivet fl. adjektiv, adjektiva 1 (språkv.) adjektiv er namnet på ei ordklasse 2 (språkv.) eit adjektiv er eit ord som skildrar el. avgrensar eigenskapar ved substantiv: 'fin', 'god' og 'skremmande' er adjektiv

NN_hoveddel_justert_test.indd 17

17

adonis

adjektivisk adj n. adjektivisk fl. adjektiviske (språkv.) med funksjon som eit adjektiv: ei adjektivisk leddsetning adjunkt m adjunkten fl. adjunktar, adjunktane (utd.) ein adjunkt er ein lærar med minst fire år høgare utdanning adjutant m adjutanten fl. adjutantar, adjutantane (mil.) ein adjutant er ein offiser som gjer tenesta si hos kongen el. hos ein høgare offiser adjø1 n adjøet fl. adjø, adjøa eit adjø er eit farvel: eit kort adjø adjø2 interj brukt som ei litt høgtideleg avskjedshelsing; farvel: adjø så lenge! adle v adlar, adla, adla å adle er å tildele nokon ein adelsrang: helten vart adla Ñadministrasjon m administrasjonen fl. administrasjonar, administrasjonane 1 administrasjon er det å administrere: dårleg administrasjon; stå for administrasjonen av ei bedrift 2 ein administrasjon er ei avdeling el. eit personale som utfører administrativt arbeid: administrasjonen og økonomiavdelinga i bedrifta; leiinga og administrasjonen ved instituttet administrativ adj n. administrativt fl. administrative som gjeld administrasjon: søkje seg over i ei administrativ stilling; føretaket har store administrative problem administrator m administratoren fl. administratorar, administratorane ein administrator er ein person som administrerer noko: vere administrator for ei nettside administrere v administrerer, administrerte, administrert å administrere er å forvalte, styre: administrere ein konto; administrere eit føretak; administrere ei nettside admiral m admiralen fl. admiralar, admiralane 1 (mil., i sjøforsvaret) ein admiral er ein offiser av høgaste grad: kongen og kronprinsen er admiralar 2 (zool.) ein admiral er ein svart og brun sommarfugl med raude band og kvite flekker på vengene admiralitet n admiralitetet fl. admiralitet, admiraliteta (mil., i utlandet) eit admiralitet er ei øvste leiing av eit sjøkrigsvesen ad notam adv brukt i uttrykket: ■ ta (seg) ad notam leggje merke til; merke seg adonis m adonisen fl. adonisar, adonisane 1 ein adonis er ein ven, ung mann: han var høgreist og flott, nesten ein adonis 2 (bot.) ein adonis er ein hagestaude i soleiefamilien

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


adopsjon adopsjon m adopsjonen fl. adopsjonar, adopsjonane (jur.) adopsjon er det å adoptere adoptere v adopterer, adopterte, adoptert 1 (jur.) å adoptere er å ta nokon til seg som sitt eige barn: adoptere eit barn; dei adopterte eit søskenpar 2 (jur.) å adoptere er å gje frå seg sitt eige barn: adoptere bort eit barn 3 å adoptere er å ta på seg (meir el. mindre) bindande forpliktingar overfor: adoptere ein katt 4 å adoptere er å ta opp; godkjenne: adoptere ein idé adoptivbarn n adoptivbarnet fl. adoptivbarn, adoptivbarna (jur.) eit adoptivbarn er eit barn som er adoptert adoptivforeldre m bf.fl. adoptivforeldra (jur., berre i fleirtal) adoptivforeldre er foreldre som har tatt til seg eit el. fleire barn adrenalin n adrenalinet (med.) eit adrenalin er eit (naturleg el. syntetisk) hormon som aukar blodtrykket og blodsukkeret adrenalinkikk n adrenalinkikket fl. adrenalinkikk, adrenalinkikka el. adrenalinkick n adrenalinkicket fl. adrenalinkick, adrenalinkicka eit adrenalinkikk er ein fysisk el. psykisk påverknad som aukar produksjonen av adrenalin i kroppen: strikkhopping gav ho adrenalinkikk adressat m adressaten fl. adressatar, adressatane ein adressat er ein mottakar (av eit brev, ein e-post e.l.): adressaten er ukjend Ñadresse f adressa fl. adresser, adressene 1 ei adresse er ei opplysing om kvar nokon bur el. held til: skifte adresse; ha adresse i utlandet; skrive ned namn og adresse; postadresse 2 (ikt) ei adresse er ein elektronisk veg til ein ressurs på internett; e-postadresse, nettadresse 3 ei adresse er ein skriftleg førespurnad (på vegner av fleire) med t.d. krav, lykkeønsking el. protest: ei adresse til Kongen ■ ha adresse til (overf.) vere retta mot: fråsegna hadde tydeleg adresse til statsråden adressere v adresserer, adresserte, adressert (òg overf.) å adressere er å skrive på adresse: adressere eit brev; pakka var adressert til meg; kritikken var adressert til leiinga ad undas adv til grunne: karrieren gjekk ad undas A-dur m A-duren (mus.) A-dur er ei toneart med A som grunntone og ♯ for F, C, G og D advent f adventa (relig.) advent er ein periode som strekkjer seg over dei fire siste søndagane før jul: første søndag i advent adventist m adventisten fl. adventistar, adventistane (relig.) ein adventist er ein

NN_hoveddel_justert_test.indd 18

18

affeksjonsverdi

medlem av eit protestantisk kyrkjesamfunn som trur at Jesus snart kjem att adverb n adverbet fl. adverb, adverba 1 (språkv.) adverb er namnet på ei ordklasse 2 (språkv.) eit adverb er eit ord som skildrar grad, måte, stad el. tid: adverb står ofte sist i ei setning; dei fleste adjektiv opptrer òg som adverb adverbial1 n adverbialet fl. adverbial, adverbiala (språkv.) eit adverbial er eit setningsledd med funksjon som eit adverb adverbial2 adj n. adverbialt fl. adverbiale (språkv.) med funksjon som eit adverb: eit adverbialt setningsledd Ñadvokat m advokaten fl. advokatar, advokatane 1 (jur.) ein advokat er ein person som har juridisk utdanning, og som kan yte rettshjelp: ha rett på advokat; rådføre seg med ein advokat; forsvarsadvokat 2 (overf.) ein advokat er òg ein forkjempar for ei interesse el. eit synspunkt: ein tøff advokat for barn og unge advokatløyve n advokatløyvet (jur.) eit advokatløyve er ein offentleg lisens til å praktisere som advokat a-ending f a-endinga fl. a-endingar, a-endingane (språkv.) ei a-ending er ei bøyingsending som består av ein '-a': orda 'jenta' og 'sparka' har a-endingar aerob adj n. aerobt fl. aerobe 1 (biol.) som treng oksygen for å leve og vekse: aerobe organismar; mots. anaerob 2 med oksygen til stades: aerob trening; mots. anareob aerobic [erobikk] m aerobicen (sport) aerobic er ei treningsform med danseprega øvingar i raskt tempo til rytmisk musikk aerodynamikk [erodynamikk] m aerodynamikken (fysikk) aerodynamikk er læra om luftrørsle og korleis luftrørsla påverkar (flygande) lekamar aerodynamisk [erodynamisk] adj n. aerodynamisk fl. aerodynamiske (fysikk) som gjeld aerodynamikk aerosol [erosol] m aerosolen fl. aerosolar, aerosolane (med.) aerosol er eit forstøva stoff (i ein trykkboks) afasi m afasien fl. afasiar, afasiane (med.) ein afasi er eit heilt el. delvis tap av språkfunksjonen: namneafasi affeksjon m affeksjonen fl. affeksjonar, affeksjonane 1 affeksjon er godleik, kjærleik: vise affeksjon 2 (med.) ein affeksjon er ei sjukeleg forandring i eit organ affeksjonsverdi m affeksjonsverdien fl. affeksjonsverdiar, affeksjonsverdiane ein

05/01/2021 16:53


affekt affeksjonsverdi er ein kjenslemessig verdi: berre den økonomiske verdien kan erstattast, ikkje affeksjonsverdien affekt m affekten fl. affektar, affektane affekt er ei intens kjensle el. sinnsrørsle: handle i affekt; han kom i kraftig affekt affektasjon m affektasjonen affektasjon er godhug, velvilje: ho snakka utan affektasjon affektert adj n. affektert fl. affekterte tilgjord, unaturleg: ho snakka på ein affektert måte affiks n affikset fl. affiks, affiksa (språkv.) eit affiks er ein usjølvstendig orddel som kan lage eit nytt ord av eit grunnord, og som kan stå først (prefiks), til slutt (suffiks) el. inni eit ord (infiks) affinitet m affiniteten fl. affinitetar, affinitetane 1 ein affinitet er ei innbyrdes tiltrekking el. ein innbyrdes samanheng: ha ein affinitet til ei etnisk gruppe; god kommunikasjon føreset semje og affinitet 2 (kjemi, særl. i eldre tid) affinitet er ei tiltrekkingskraft mellom kjemiske stoff slik at dei lagar kjemiske sambindingar: eit stoff med sterk affinitet til hemoglobin affisere v affiserer, affiserte, affisert å affisere er å påverke, røre: dei lét seg ikkje affisere av ryktet affære m affæren fl. affærar, affærane 1 ein affære er eit gjeremål, ei sak: ein sørgjeleg affære; ein lønnsam affære 2 ein affære er eit (kortvarig) kjærleiksforhold: dei hadde ein liten affære ■ ta affære gripe inn og gjere noko aktivt afghanar m afghanaren fl. afghanarar, afghanarane ein afghanar er ein person som bur i el. kjem frå Afghanistan afghansk adj n. afghansk fl. afghanske som gjeld Afghanistan el. afghanarar aforisme m aforismen fl. aforismar, aforismane ein aforisme er eit kort og poengtert uttrykk for ein tanke; fyndord afrikaans subst (språkv.) afrikaans er eitt av fleire offisielle språk i Sør-Afrika afrikanar m afrikanaren fl. afrikanarar, afrikanarane ein afrikanar er ein person som bur i el. kjem frå Afrika afrikandar m afrikandaren fl. afrikandarar, afrikandarane ein afrikandar er ein kvit sørafrikanar som snakkar afrikaans afrikansk adj n. afrikansk fl. afrikanske som gjeld Afrika el. afrikanarar afroamerikanar m afroamerikanaren fl. afroamerikanarar, afroamerikanarane ein afroamerikanar er ein amerikanar av afrikansk avstamming

NN_hoveddel_justert_test.indd 19

19

agere

afroasiatisk adj n. afroasiatisk fl. afroasiatiske som gjeld både Afrika og Asia: afroasiatiske språk aftan m aftanen fl. aftnar, aftnane el. eftan m eftanen fl. eftnar, eftnane 1 ein aftan er eit tidsrom seint på dagen; kveld: ein lang aftan; det vart ein hyggjeleg aftan 2 (i samansetjingar) aftan blir òg brukt om kvelden før ei (kyrkjeleg) høgtid; julaftan, nyttårsaftan, sankthansaftan ■ i aftan i kveld ■ i aftes (med genitiv) i går kveld Ag symb (kjemi) symbol for sølv agat m agaten fl. agatar, agatane (geol.) (ein) agat er (ein smykkestein laga av) eit kvartsmineral med fleire lag i ulike fargar age1 m agen 1 age er fryktblanda respekt: kjenne age for nokon 2 age er disiplin, lydnad: vise age 3 age blir òg brukt om tukt ■ halde i age halde under kontroll age2 v agar, aga, aga 1 å age er å halde noko(n) i age; tøyme: age hesten; age frustrasjonen 2 å age er å eggje, øse: age seg opp 3 å age er å skremme: age nokon agenda m agendaen fl. agendaer, agendaene (òg overf.) ein agenda er ein dagsorden el. ei sakliste: i dag er det mange punkt på agendaen; klimapolitikk er høgt på agendaen i mange parti ■ skjult agenda (overf.) noko ein prøver å oppnå i skjul agens m agensen fl. agensar, agensane 1 ein agens er noko som driv el. held i live ein prosess: bakteriar og virus er agensar 2 (språkv.) ein agens er den el. det som utfører handlinga til verbalet i ei setning agent m agenten fl. agentar, agentane 1 ein agent er ein person som opptrer el. handlar på vegner av ein annan; representant: jobbe som agent for eit forsikringsselskap; agent i Noreg for ein amerikansk bilfabrikk 2 ein agent er ein person som arbeider for etterretningstenesta i eit land: ein agent frå FBI; ho var hemmeleg agent agentur n agenturet fl. agentur, agentura (jur., økon.) eit agentur er eit føretak som sel varer el. tenester på vegner av andre føretak: overta eit agentur agere v agerer, agerte, agert 1 å agere er å opptre som; spele: agere på teaterscena; ho agerte sjuk 2 å agere er å handle, verke: mannen agerte på eiga hand; ingen visste kvifor politimannen agerte som han gjorde

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


agg

20

agg n agget fl. agg, agga eit agg er ei motvilje, eit nag: ha eit agg mot staten; han opparbeidde seg eit agg gjennom fleire år agglutinere v agglutinerer, agglutinerte, agglutinert 1 å agglutinere er å klistre el. klumpe seg saman: blodet agglutinerte 2 (språkv.) å agglutinere er å leggje bøyings- og avleiingsendingar til ei fast ordstamme aggregat n aggregatet fl. aggregat, aggregata 1 eit aggregat er ein samansett masse av enkeltdelar 2 eit aggregat er eit maskineri som er kopla saman for eit bestemt føremål 3 (fysikk) eit aggregat er kvar av dei tilstandane som eit stoff kan finnast i aggresjon m aggresjonen fl. aggresjonar, aggresjonane 1 aggresjon er ei aggressiv innstilling el. åtferd: vise aggresjon; tiltak mot vald og aggresjon i skulen 2 aggresjon er ei fiendtleg, valdeleg handling: folket vart utsett for aggresjon frå ein framand stat aggressiv adj n. aggressivt fl. aggressive 1 som er angrepslysten el. fiendtleg: ein aggressiv hund; han blir lett aggressiv når han møter motstand 2 (overf.) pågåande: dei driv ei aggressiv marknadsføring aggressivitet m aggressiviteten fl. aggressivitetar, aggressivitetane aggressivitet er det å vere aggressiv: hunden viste teikn på aggressivitet agio [adsjo] m agioen fl. agioar, agioane (økon.) ein agio er ein kursskilnad ved handel med valuta agitasjon m agitasjonen fl. agitasjonar, agitasjonane agitasjon er det å agitere; propaganda: politisk agitasjon agitator m agitatoren fl. agitatorar, agitatorane 1 ein agitator er ein person som agiterer: ho byrja å opptre som agitator for partiet 2 ein agitator er ein maskindel som sørgjer for omrøring i ein behaldar: vaskemaskin med agitator agitatorisk adj n. agitatorisk fl. agitatoriske med agitasjon: ein agitatorisk tale agitere v agiterer, agiterte, agitert å agitere er å argumentere målbevisst og iherdig for å påverke andre sine meiningar; propagandere: agitere i skrift og tale for ei sak; dei agiterte sterkt mot utbygginga av Ryfast agn1 f agna fl. agner, agnene (bot.) ei agn er eit dekkblad på blomar og korn

agn2 n agnet fl. agn, agna (sjø., òg overf.) agn er lokkemat (for fisk): setje agn på fiskekroken; politiet legg ut agn og håpar dei kriminelle bit på agnatisk adj n. agnatisk fl. agnatiske på farssida: agnatisk tronfølgje; mots. kognatisk agnostikar m agnostikaren fl. agnostikarar, agnostikarane (relig.) ein agnostikar er ein tilhengjar av agnostisisme agnostisisme m agnostisismen (filos., relig.) agnostisisme er ei lære som hevdar at mennesket ikkje kan vite noko om det som ligg utanfor fornufta el. sanseverda agorafobi m agorafobien (psykol.) agorafobi er ein (sjukeleg) angst for opne plassar agrar m agraren fl. agrarar, agrarane (jordbr., særl. i eldre tid) ein agrar er ein bonde (som er tilhengjar av ein organisasjon el. eit politisk parti som fremjar jordbruksinteresser) agrikultur m agrikulturen (jordbr.) agrikultur er jordbruk (som næring) agronom m agronomen fl. agronomar, agronomane (jordbr.) ein agronom er ein person med landbruksfagleg utdanning Ñagurk m agurken fl. agurkar, agurkane 1 (bot.) ein agurk er ei grønsaksplante i graskarfamilien med avlange el. runde frukter: dyrke agurkar og tomatar 2 (bot.) ein agurk er ei eteleg frukt av agurk (i bet. 1): snittar med agurk og kremost 3 (overf.) ein agurk er ein gretten person; grinebitar Ah symb (fysikk) symbol for amperetime aha-oppleving f aha-opplevinga fl. ahaopplevingar, aha-opplevingane ei aha-oppleving er ei oppleving av å plutseleg forstå korleis noko heng saman el. kan løysast ahistorisk adj n. ahistorisk fl. ahistoriske utan historisk perspektiv: ei ahistorisk tilnærming; ein ahistorisk tankegang AI subst (fork. for eng. Artificial Intelligence) (ikt) AI er det same som kunstig intelligens (jf. intelligens) aids [el. utt eids] m aidsen (fork. for eng. Acquired Immune Deficiency Syndrome) (med.) aids er eit erverva immunsviktsyndrom (jf. hiv) aioli m aiolien fl. aioliar, aioliane (mat.) aioli er ein tjukk saus av majones med kvitlauk airbag [ærbægg] m airbagen fl. airbagar, airbagane el. airbagg m airbaggen fl. airbaggar, airbaggane ein airbag er ei kollisjonspute (i ein bil e.l.) aircondition [ærkåndisjen] m airconditionen aircondition er det same som klimaanlegg à jour [asjur] adv oppdatert (jf. à): halde seg à jour; rekneskapen var à jour

NN_hoveddel_justert_test.indd 20

à jour

05/01/2021 16:53


ajourføre ajourføre [asjurføre] v ajourfører, ajourførte, ajourført å ajourføre er å føre à jour; oppdatere: ajourføre rekneskapen; lista vart ajourført akademi n akademiet fl. akademi, akademia 1 (utd.) eit akademi er ein høgare undervisingsinstitusjon (for kunst og humanistiske fag) 2 eit akademi er eit selskap av forskarar el. kunstnarar akademia subst (utd.) akademia er den akademiske verda: ho ville heller ha jobb i næringslivet enn i akademia akademikar m akademikaren fl. akademikarar, akademikarane 1 (utd.) ein akademikar er ein person med høgare utdanning: universiteta skaper akademikarar 2 ein akademikar er ein medlem av eit akademi akademisk adj n. akademisk fl. akademiske 1 (utd.) som gjeld akademia el. akademikarar: akademisk litteratur; eit akademisk kollegium 2 konvensjonell, regelbunden: ein akademisk stil; spørsmålet har berre akademisk interesse ■ akademisk kvarter 1 (utd.) kvarter over ein heil time då ei førelesing byrjar 2 tid som går frå eit arrangement var bestemt til å byrje, til det verkeleg byrja akantus m akantusen fl. akantusar, akantusane 1 (bot.) ein akantus er ei plante i akantusfamilien med sterkt flikete blad 2 ein akantus er eit ornament med mønster som minner om blada på planta akantus akasie m akasien fl. akasiar, akasiane (bot.) ein akasie er ein tropisk busk el. eit tropisk tre i erteblomfamilien Ñake v akar, aka, aka 1 å ake er å åle (seg): ake seg fram på magen 2 å ake er å renne, skli (på kjelke): ake nedover bakken akeleie f akeleia fl. akeleier, akeleiene (bot.) ei akeleie er ei høg plante i soleiefamilien med (blå) blomar akershusing m akershusingen fl. akershusingar, akershusingane (sj.) ein akershusing er ein person som bur i el. kjem frå det som fram til 2020 var Akershus fylke, no ein del av Viken fylke akevitt m akevitten fl. akevittar, akevittane (ein) akevitt er (eit glas el. ei flaske) brennevin med karvesmak, oftast framstilt av poteter akilleshæl m akilleshælen fl. akilleshælar, akilleshælane ein akilleshæl er eit sårbart, ømt punkt: køyrelengda er akilleshælen til elbilen

NN_hoveddel_justert_test.indd 21

21

akkreditere

akk interj brukt som uttrykk for sorg el. vemod: akk og ve!; akk så dumt! akkar m akkaren fl. akkarar, akkarane (zool.) ein akkar er ein tiarma blekksprut med spiss bakende akklamasjon m akklamasjonen fl. akklamasjonar, akklamasjonane ein akklamasjon er ein kraftig applaus for å vise tilslutning, støtte: formannen vart attvald ved akklamasjon akklimatisere v akklimatiserer, akklimatiserte, akklimatisert 1 (særl. refl.) å akklimatisere (seg) er å tilpasse, venje (seg) til nye livs- og vokstervilkår: kroppen ville ikkje akklimatisere seg til kulda; juletreet må akklimatisere seg før det blir tatt inn 2 (refl., overf.) å akklimatisere seg er å finne seg til rette: akklimatisere seg på den nye skulen akkompagnatør [akompanjatør] m akkompagnatøren fl. akkompagnatørar, akkompagnatørane (mus.) ein akkompagnatør er ein person som akkompagnerer: ho har med seg ein dugeleg akkompagnatør som justerer seg etter ho akkompagnement [akompanjemang] n akkompagnementet fl. akkompagnement, akkompagnementa (mus.) eit akkompagnement er (notar til) ei tonefølgje: ein song med akkompagnement av klaver akkompagnere [akompanjere] v akkompagnerer, akkompagnerte, akkompagnert (mus.) å akkompagnere er å gje tonefølgje til hovudstemma i eit musikkstykke: akkompagnere allsongen; komponisten akkompagnerte sjølv fiolinisten akkord m akkorden fl. akkordar, akkordane 1 (jur., økon.) ein akkord er ein avtale om ei viss betaling for eit visst arbeid (uavhengig av tidsbruk): arbeide på akkord 2 (jur., økon.) ein akkord er ein avtale mellom debitor og kreditor om ein prosentvis reduksjon av ei gjeld: søkje akkord; vere under akkord 3 (overf.) ein akkord er eit kompromiss (for å unngå bry): gå på akkord med meiningane sine 4 (mus.) ein akkord er ein samklang av tre el. fleire tonar: slå ein akkord på gitaren akkordeon n akkordeonet fl. akkordeon, akkordeona (mus.) eit akkordeon er eit trekkspel akkreditere v akkrediterer, akkrediterte, akkreditert (jur.) å akkreditere er å gje noko(n) skriftleg fullmakt til noko: akkreditere ein diplomat; eg må akkreditere nokon slik at dei kan hente ut pengar for meg

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


akkreditiv akkreditiv n akkreditivet fl. akkreditiv, akkreditiva 1 (jur.) eit akkreditiv er ei fullmakt som ein diplomat overleverer til statsoverhovudet i ein framand stat ved tiltreding: den nye ambassadøren leverte inn akkreditiva sine 2 (økon.) eit akkreditiv er eit dokument som gjev rett til å heve ein bestemd sum i ein framand bank akkumulator m akkumulatoren fl. akkumulatorar, akkumulatorane ein akkumulator er eit apparat til oppsamling og lagring av energi til seinare bruk akkumulere v akkumulerer, akkumulerte, akkumulert å akkumulere er å samle opp og lagre noko slik at mengda aukar: akkumulere kapital; organismen akkumulerer giftstoff Ñakkurat adv 1 nøyaktig, presis: han har akkurat kome; det var ikkje akkurat det ho meinte; isen kostar 20 kroner, har du akkurat? 2 så vidt: dette går akkurat ikkje; ho rakk toget, akkurat akkusativ m akkusativen fl. akkusativar, akkusativane (språkv.) akkusativ er ein kasus for objekt akkvisisjon m akkvisisjonen fl. akkvisisjonar, akkvisisjonane akkvisisjon er det å skaffe noko som er naudsynt i ein bestemd samanheng: aktiv akkvisisjon etter klientar; akkvisisjon av eksternt finansiert forsking; akkvisisjon og finansiering av fast eigedom akkvisitør m akkvisitøren fl. akkvisitørar, akkvisitørane ein akkvisitør er ein person som arbeider med å skaffe kundar el. oppdrag på vegner av andre; annonseakkvisitør, forsikringsakkvisitør akne m aknen fl. aknar, aknane (med.) ein akne er ein filipens, ei kvise: slite med aknar a konto adv (økon.) i el. på avdrag, rekning: føre a konto akrobat m akrobaten fl. akrobatar, akrobatane ein akrobat er ein person som utfører akrobatikk: akrobaten gjorde utrulege kunststykke akrobatikk m akrobatikken akrobatikk er (ei framsyning med) teknisk vanskeleg og spektakulær gymnastikk: akrobatikk i verdsklasse akrobatisk adj n. akrobatisk fl. akrobatiske som gjeld el. liknar på akrobatikk: akrobatiske øvingar akrofobi m akrofobien (psykol.) akrofobi er ein fobi for høgder; høgdeskrekk akronym n akronymet fl. akronym, akronyma (språkv.) eit akronym er eit ord som er laga av

NN_hoveddel_justert_test.indd 22

22

aksent

førebokstavane i eit fleirledda uttrykk, og som blir lese som eit vanleg ord (jf. initialord): orda 'NATO' og 'radar' er akronym akryl n akrylet akryl er eit syntetisk stoff som liknar ull: sokkar i akryl aks n akset fl. aks, aksa 1 (bot.) eit aks er ein blomestand med sitjande blomar langs ein midtstilk: stå i aks; kornaks 2 eit aks er eit skjegg på ein nøkkel 3 eit aks er eit skjer på ein bor, navar e.l. akse m aksen fl. aksar, aksane 1 ein akse er ei tenkt linje som noko roterer rundt 2 ein akse er ei midtlinje som noko ligg symmetrisk om 3 (overf.) ein akse er eit samband mellom to aktørar: aksen Berlin–Roma 4 (matem.) ein akse er ei referanselinje i eit koordinatsystem; X-akse, Y-akse aksel1 f aksla fl. aksler, akslene 1 (anat.) ei aksel er ein skulder: ho braut aksla; han drog på akslene 2 (geogr.) ei aksel er ei rund fjellside aksel2 m akselen fl. akslar, akslane ein aksel er ein maskindel som overfører rørsle el. held oppe roterande delar; aksling: kraftoverføringa blir fordelt på akslane akselerasjon m akselerasjonen fl. akselerasjonar, akselerasjonane 1 akselerasjon er det å akselerere 2 ein akselerasjon er ein (farts)auke: bilen har god akselerasjon; ein betydeleg akselerasjon av den globale oppvarminga akselerasjonsfelt n akselerasjonsfeltet fl. akselerasjonsfelt, akselerasjonsfelta eit akselerasjonsfelt er eit påkøyringsfelt langs køyrebanen for tilpassing av fart: bilane skal bruke akselerasjonsfeltet til å kome opp i farten på hovudvegen akselerator m akseleratoren fl. akseleratorar, akseleratorane (fysikk) ein akselerator er eit apparat som aukar farten på atompartiklar akselerere v akselererer, akselererte, akselerert (om rørsle) å akselerere er å auke farten: bilen akselererer dårleg; alle miljøproblem akselererer aksent [i bet. 3 og 4 aksang] m aksenten fl. aksentar, aksentane 1 (språkv.) ein aksent er eit tonem el. eit trykk 2 (mus.) ein aksent er ei framheving av enkelte tonar el. akkordar 3 (språkv.) ein aksent er eit teikn over ein vokal for å vise uttale 4 (språkv.) ein aksent er eit tonefall, ein talemelodi: snakke engelsk med norsk aksent

05/01/2021 16:53


aksentuere

aksent Aksentteikn blir brukte saman med bokstavar for å vise tone, trykk, lengd eller nyanse i uttalen av ord. I norsk (først og fremst i framandord) blir desse teikna brukte: akutt (accent aigu) ´ cedille ç cirkumfleks (accent circonflexe) ˆ gravis (accent grave) ` tilde ˜ trema ¨ Les meir om bruken av desse teikna i ramma for kvart enkelt teikn. aksentuere v aksentuerer, aksentuerte, aksentuert 1 (språkv.) å aksentuere er å uttale ei staving, eit ord med aksent: aksentuere den siste stavinga 2 å aksentuere er å framheve: gje enkle døme for å aksentuere bodskapen aksept m aksepten fl. akseptar, akseptane 1 aksept er det å godta noko(n): større aksept for ulike livssyn 2 (økon.) ein aksept er ei forplikting til å innfri ein veksel med ei underskrift 3 (økon.) ein aksept er ein akseptert veksel akseptabel adj n. akseptabelt fl. akseptable som kan aksepterast, godtakast: ei akseptabel løysing på problemet akseptere v aksepterer, aksepterte, akseptert å akseptere er å anerkjenne, godta: eg aksepterer ikkje røyking i huset; homofile er enno ikkje fullt ut aksepterte i kyrkja ■ akseptere ein veksel (økon.) forplikte seg til å innfri ein veksel med ei underskrift aksess m aksessen fl. aksessar, aksessane (ikt) ein aksess er ein tilgang til å lese el. hente ut informasjon: fri, elektronisk aksess til eit stort bibliotek aksiom n aksiomet fl. aksiom, aksioma (filos.) eit aksiom er ei grunnsetning som blir akseptert utan prov: det har nesten vore eit aksiom at matematikk er viktig aksje m aksjen fl. aksjar, aksjane 1 (økon.) ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap: ha aksjar; alle aksjar i eit selskap skal ha same pålydande verdi 2 (økon.) ein aksje er eit skriftleg prov på aksje (i bet. 1): kjøpe og selje aksjar 3 (overf.) ein aksje er eit mål på popularitet: aksjane hans står høgt hos meg

NN_hoveddel_justert_test.indd 23

23

akte

4 ein aksje er eit napp: ta andre aksje i ein vandrepokal aksjemeklar m aksjemeklaren fl. aksjemeklarar, aksjemeklarane (økon.) ein aksjemeklar er ein person som formidlar kjøp og sal av aksjar aksjeselskap n aksjeselskapet fl. aksjeselskap, aksjeselskapa (økon.) eit aksjeselskap er eit selskap med ein bestemd kapital fordelt på aksjar: dei tre danna eit aksjeselskap med tre like store eigardelar Ñaksjon m aksjonen fl. aksjonar, aksjonane 1 ein aksjon er ei handling for å oppnå noko konkret: starte ein aksjon for å hjelpe klimaflyktningar; politiet gjekk til aksjon mot ein narkotikabande; innsamlingsaksjon, oppryddingsaksjon 2 (fysikk) ein aksjon er ei verkande kraft; mots. reaksjon aksjonere v aksjonerer, aksjonerte, aksjonert å aksjonere er å gå til aksjon for å oppnå noko konkret: aksjonere for demokrati; aksjonere mot nynazistar aksjonist m aksjonisten fl. aksjonistar, aksjonistane ein aksjonist er ein person som aksjonerer: politiet fjerna aksjonistane aksjonær m aksjonæren fl. aksjonærar, aksjonærane (økon.) ein aksjonær er ein person som eig aksjar i eit aksjeselskap aksle v akslar, aksla, aksla (òg overf.) å aksle er å ta på el. om akslene: aksle tunge mjølsekker; ein tung arv å aksle ■ aksle seg fram (refl.) trengje seg fram aksling m akslingen fl. akslingar, akslingane ein aksling er det same som ein aksel; hjulaksling akt1 f akta fl. akter, aktene 1 ei akt er ei handling, verksemd; paringsakt 2 ei akt er ein del av eit skodespel: eit skodespel i tre akter 3 ei akt er ein del av ein (dramatisk) hendingsgang: har du fått med deg siste akta i saka? 4 ei akt er eit bilete av ein naken modell: stille ut akt akt2 f akta fl. akter, aktene 1 akt er det same som merksemd: gje akt på noko 2 akt blir òg brukt om respekt, vørdnad: eg held han i akt og ære ■ gjev akt! (mil.) kommandorop om å stå rett med merksemda retta framover ■ ta seg i akt for passe seg for akte v aktar, akta, akta 1 å akte er å ha til føremål: eg aktar å seie opp jobben 2 å akte (seg) er å passe, vakte (seg): ein skal akte seg for å snakke før ein tenkjer

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


akter 3 å akte er å respektere, verdsetje: vi vil alltid akte og ære han 4 å akte er å ta omsyn til: akte det nokon seier akter adv (sjø.) bak (på fartøy): akter i båten; båten har dekk frå for til akter ■ gå til akters med (med genitiv, overf.) gå nedover med akterdekk n akterdekket fl. akterdekk, akterdekka (sjø.) eit akterdekk er eit dekk bak på eit fartøy; mots. framdekk akterut adv 1 (sjø.) ved den bakre delen av eit fartøy: stå akterut; dei samla seg akterut; mots. forut 2 (sjø.) i retning mot den bakre delen av eit fartøy: alle mann akterut! ■ sakke akterut (overf.) bli liggjande etter akterutsegle v akterutseglar, akterutsegla, akterutsegla 1 (sjø.) å akterutsegle er å segle frå nokon: han vart akterutsegla i ei framand hamn 2 (overf.) å akterutsegle er å gå forbi: dei tradisjonelle byråa vart akterutsegla aktiv1 m aktiven fl. aktivar, aktivane (språkv.) aktiv er ein verbalkategori som markerer at subjektet står bak ei handling el. ein tilstand; mots. passiv 2 Ñaktiv adj n. aktivt fl. aktive 1 (òg som adv.) energisk, verksam: ein aktiv deltakar; vere aktiv i eit politisk parti; arbeide aktivt for fred i verda; mots. passiv 2 i bruk: kontoen er enno aktiv 3 (språkv.) med bruk av aktiv; mots. passiv aktiv/passiv Aktiv/passiv, sjå passiv/aktiv. aktivere v aktiverer, aktiverte, aktivert 1 å aktivere er å gjere noko(n) aktiv, verksam: aktivere barna; aktivere eit dataprogram; det må energi til for å aktivere molekyla til reaksjon 2 (økon.) å aktivere er å føre opp som aktivum aktivisere v aktiviserer, aktiviserte, aktivisert å aktivisere er å gjere (nokon) aktiv; sysselsetje: aktivisere seg sjølv; det er viktig å aktivisere dei eldre aktivisme m aktivismen aktivisme er direkte handling for å oppnå sosial el. politisk forandring aktivist m aktivisten fl. aktivistar, aktivistane ein aktivist er ein person som gjennom handling(ar) ønskjer å fremje ei sak: aktivisten hadde lenkja seg til bygget; fleire aktivistar vart arresterte under aksjonen

NN_hoveddel_justert_test.indd 24

24

aktør

Ñaktivitet m aktiviteten fl. aktivitetar, aktivitetane

1 aktivitet er det å vere aktiv: utfalde stor aktivitet; setje nokon i aktivitet; eg er i aktivitet heile dagen; mots. passivitet 2 ein aktivitet er eit gjeremål, tiltak: kunstnariske aktivitetar; aktivitetar i barnehagen aktivitør m aktivitøren fl. aktivitørar, aktivitørane 1 ein aktivitør er ein assistent som hjelper ein ergoterapeut 2 ein aktivitør er ein sosialarbeidar som aktiviserer brukarar i helse- og sosialsektoren aktivum n aktivumet fl. aktivum, aktivuma (særl. i fleirtal, økon.) eit aktivum er ein brutto formue (i ein rekneskap): aktivum i form av kontantar og verdipapir aktlaus adj n. aktlaust fl. aktlause tankelaus, uforsiktig, uoppmerksam: eit aktlaust drap aktløyse f aktløysa aktløyse er det å vere aktlaus: den tiltala hadde vist grov aktløyse aktor m aktoren fl. aktorar, aktorane (jur.) ein aktor er ein representant for påtalemakta i ei straffesak: aktor la ned påstand om fire år med fengsel; mots. forsvarar aktorat n aktoratet fl. aktorat, aktorata (jur.) eit aktorat er myndigheita el. vervet til ein aktor: ha aktoratet i ei sak; aktoratet ankar ikkje dommen aktsam adj n. aktsamt fl. aktsame forsiktig, merksam, påpasseleg: ei aktsam forbikøyring aktsemd f aktsemda aktsemd er det å vere aktsam; forsiktigheit: vise aktsemd i trafikken aktualisere v aktualiserer, aktualiserte, aktualisert å aktualisere er å gjere noko aktuelt: ulykka aktualiserte spørsmålet om tryggleikskrav aktualitet m aktualiteten fl. aktualitetar, aktualitetane aktualitet er det å ha tyding el. interesse på eit bestemt tidspunkt: saka fekk ny aktualitet aktuar m aktuaren fl. aktuarar, aktuarane (økon.) ein aktuar er ein person med ansvar for forsikringstekniske granskingar og utrekningar Ñaktuell adj n. aktuelt fl. aktuelle 1 som har tyding el. interesse på eit bestemt tidspunkt: ei aktuell bok; aktuelle nyhende; ho er aktuell til stillinga 2 som finst no: eg har ingen aktuelle planar; måle den aktuelle temperaturen ■ det er ikkje aktuelt det kjem ikkje på tale aktverdig adj n. aktverdig fl. aktverdige som fortener vørdnad; respektabel: ein aktverdig person; aktverdige føremål Ñaktør m aktøren fl. aktørar, aktørane ein aktør er ein person som deltar aktivt i ein bestemd samanheng: ein viktig aktør i miljødebatten

05/01/2021 16:53


akupunktur akupunktur m akupunkturen (med.) akupunktur er behandling av sjukdom ved hjelp av nåler akustikk m akustikken 1 (fysikk) akustikk er læra om lyd(bølgjer) 2 ein akustikk er lydforholda i eit rom: lokalet har god akustikk akustisk adj n. akustisk fl. akustiske som gjeld akustikk: gode akustiske tilhøve for eit orkester; akustiske svingingar akutt1 m akutten fl. akuttar, akuttane (språkv.) akutt er eit aksentteikn (´) som markerer ein stigande intonasjon; accent aigu: ordet idé blir skrive med akutt akutt (accent aigu) ´ Aksentteiknet blir brukt over bokstaven e i enkelte framandord for å vise hovudtrykk: allé, armé, diaré, distré, entré, idé, kafé, komité, kupé, moské, trofé, turné Aksentteiknet kan sløyfast, men det bør stå i samansetjingar og der det elles kan skape mistyding (entre – entré) Aksentteiknet blir sløyfa i bøyings- og avleiingsformer: alleen, ideen, komiteen, turneen Aksentteiknet blir òg brukt i enkelte personnamn og geografiske namn for å vise hovudtrykk: Linné, René, Bogotá, Andalucía, Córdova Og for å skilje mellom talordet éin og den ubundne artikkelen ein: Ta berre éin (ikkje fleire) bitar. akutt2 adj n. akutt fl. akutte 1 brå, plutseleg (og kortvarig): eit akutt behov; akutte sjukdommar; mots. kronisk 2 (språkv.) som gjeld akutt: ein akutt aksent akuttavdeling f akuttavdelinga fl. akuttavdelingar, akuttavdelingane (med.) ei akuttavdeling er ei sjukehusavdeling som tar imot pasientar med akutt sjukdom el. skade akvakultur m akvakulturen (sjø.) akvakultur er oppdyrking av organismar i vatn; havbruk: ein stor del sjømat blir produsert ved akvakultur akvamarin m akvamarinen fl. akvamarinar, akvamarinane (geol.) (ein) akvamarin er ein (smykkestein av) beryll med sjøgrøn farge akvarell m akvarellen fl. akvarellar, akvarellane 1 akvarell er ein måleteknikk med vassfargar: kurs i akvarell for nybyrjarar 2 ein akvarell er eit bilete måla med vassfargar: eg kjøpte ein akvarell på utstillinga

NN_hoveddel_justert_test.indd 25

25

albanar

akvariefisk m akvariefisken fl. akvariefiskar, akvariefiskane (zool.) ein akvariefisk er ein fisk som lever i eit akvarium akvarium n akvariet fl. akvarium, akvaria 1 eit akvarium er ein tank for levande fiskar, sjødyr og vassplanter 2 eit akvarium er eit anlegg med akvarium (i bet. 1): vitje akvariet i Bergen akvedukt m akvedukten fl. akveduktar, akveduktane (arkit.) ein akvedukt er ein vassforsyningskanal over ein dal el. i ei høgd over bakken: romarane bygde akveduktar over heile riket Al symb (kjemi) symbol for aluminium al1 m alen fl. alar, alane al er kjerneved (av furu) al2 n alet fl. al, ala 1 al er det å ale; avl, oppdrett 2 (zool.) eit al er eit ungdyr som blir ala fram: ha al à la prep på same måte som (jf. à): torsk à la bacalao alabast m alabasten (geol.) alabast er ein glatt, finkorna og gjennomskinleg gips: ei krukke av alabast à la carte [alakart] adv (på restaurant) frå menyen (jf. à): ete à la carte A-lag n A-laget fl. A-lag, A-laga (sport) eit A-lag er eit toppidrettslag: spele på A-laget alarm m alarmen fl. alarmar, alarmane 1 ein alarm er (eit apparat som sender ut) eit varselsignal: alarmen gjekk midt på natta; installere ein alarm 2 alarm er misnøye, uro: det er ingen grunn til alarm ■ falsk alarm grunnlaus alarm ■ slå alarm varsle fare alarmerande adj n. alarmerande fl. alarmerande skremmande; urovekkjande: ei alarmerande utvikling alarmere v alarmerer, alarmerte, alarmert 1 å alarmere er å varsle (med alarm): alarmere politiet; luftambulansen vart alarmert 2 å alarmere er å gjere noko(n) svært engsteleg, uroleg: det økonomiske tapet alarmerte selskapet; klimaendringane alarmerer meg alaskar m alaskaren fl. alaskarar, alaskarane ein alaskar er ein person som bur i el. kjem frå Alaska alaskisk adj n. alaskisk fl. alaskiske som gjeld Alaska el. alaskarar albanar m albanaren fl. albanarar, albanarane ein albanar er ein person som bur i el. kjem frå Albania

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


albansk albansk1 m albansken (berre i eintal, språkv.) albansk er eit offisielt språk i Albania: lære seg albansk albansk2 adj n. albansk fl. albanske som gjeld Albania el. albanarar albatross m albatrossen fl. albatrossar, albatrossane (zool.) ein albatross er ein stor, kvit stormfugl med lange, svarte venger og eit stort, oransjeraudt nebb albinisme m albinismen (med.) albinisme er ein medfødd mangel på pigment i auge, hår og hud albino m albinoen fl. albinoar, albinoane ein albino er ein person el. eit dyr med albinisme album n albumet fl. album, albuma 1 eit album er ei (bok med ei) samling av bilete, frimerke e.l.: setje inn frimerke i albumet; klikke seg inn på kvart bilete i albumet 2 (mus.) eit album er (eit omslag til) ei plate: det siste albumet til Queen aldehyd n aldehydet fl. aldehyd, aldehyda (kjemi, med.) eit aldehyd er eit samband danna ved oksidering av alkoholar aldeles adv på alle måtar; fullt, heilt: aldeles sant; ein aldeles fantastisk dag; eg vil sakne jobben noko aldeles forferdeleg ■ aldeles ikkje slett ikkje Ñalder m alderen fl. aldrar, aldrane 1 ein alder er så og så lenge noko(n) har eksistert: nå ein høg alder; hunden er stor for alderen; levealder 2 ein alder er ein del av levetida: folk i alle aldrar; då eg var på din alder; han er heldigvis over den verste alderen 3 alder blir òg brukt om alderdom: dra på alderen; bere alderen godt 4 (særl. i samansetjingar) ein alder er ein epoke, tidsalder; gullalder, oljealder, steinalder alderdom m alderdommen fl. alderdommar, alderdommane 1 alderdom er det å vere gammal: kampen mot alderdommen 2 ein alderdom er ei tid då ein er gammal: vegar til ein god alderdom alderdommeleg adj n. alderdommeleg fl. alderdommelege el. alderdomleg adj n. alderdomleg fl. alderdomlege (òg som adv.) gammaldags, gammalmodig: ein alderdommeleg uttrykksmåte; gå alderdommeleg kledd aldersgrense f aldersgrensa fl. aldersgrenser, aldersgrensene (jur.) ei aldersgrense er ei (nedre el. øvre) grense for alder: aldersgrensa for enkelte filmar er 18 år ■ falle for aldersgrensa nå pensjonsalder og gå av

NN_hoveddel_justert_test.indd 26

26

algebra

aldersheim m aldersheimen fl. aldersheimar, aldersheimane ein aldersheim er ein institusjon som tilbyr visse tenester til eldre aldrande adj n. aldrande fl. aldrande som er i ferd med å bli gammal: ein aldrande folkesetnad; vedunderkrem for aldrande hud Ñaldri adv 1 ikkje nokon gong: betre seint enn aldri; ein skal aldri seie aldri; eg har aldri vore der; aldri i livet om eg blir med på det 2 ikkje på nokon måte: dette går aldri bra ■ aldri så brukt for å uttrykkje høg grad el. størst mogleg vedgåing: vente aldri så lenge; eg kjem, sjølv om det blir aldri så seint; ha ei aldri så god forklaring aldring f aldringa fl. aldringar, aldringane aldring er det å bli eldre: trening kan hindre tidleg aldring ale v aler, alte, alt å ale er å fø fram el. opp: ale opp krøter Ñaleine adv el. åleine 1 for seg sjølv; utan at andre er til stades el. involverte: ho var aleine; eg føler meg litt aleine; han føretrekkjer å bu aleine; vi lukkar døra, så vi kan vere aleine 2 berre: du aleine kan avgjere dette; eg gjorde det eine og aleine for meg ■ bli aleine miste sin(e) næraste aleksi m aleksien (med.) aleksi er ei manglande evne til å forstå det ein les (på grunn av hjerneskade) alen f alna fl. alner, alnene (fysikk, forelda) alen var eit lengdemål, vanlegvis mellom 45 og 65 centimeter ■ alen av same stykke (overf.) ein el. fleire av same slaget Ñalfabet n alfabetet fl. alfabet, alfabeta (språkv.) eit alfabet er ei samling av bokstavar (el. skriftteikn) i eit språk, ordna i ei bestemd rekkjefølgje: ho kan alfabetet på rams; 'alfa' og 'beta' er dei første bokstavane i det greske alfabetet alfabetisere v alfabetiserer, alfabetiserte, alfabetisert 1 å alfabetisere er å ordne noko etter alfabetet: alfabetisere etternamn 2 (utd.) å alfabetisere er å lære analfabetar å lese og skrive: alfabetisere heile Cuba alfabetisk adj n. alfabetisk fl. alfabetiske (òg som adv.) som følgjer alfabetet: ei alfabetisk liste; lovene er ordna alfabetisk al fresco [alfresko] adv (om veggmåleri) på våt mur; mots. al secco alge m algen fl. algar, algane (bot.) ein alge er ei sporeplante av ei gruppe vassplanter: tang og tare og mange andre algar lever i vatn algebra m algebraen (berre i eintal, matem.) algebra er rekning med likningar

05/01/2021 16:53


algebraisk

27

algebraisk adj n. algebraisk fl. algebraiske (matem.) som gjeld algebra algeriar [alsjeriar] m algeriaren fl. algeriarar, algeriarane ein algeriar er ein person som bur i el. kjem frå Algerie algerisk adj n. algerisk fl. algeriske som gjeld Algerie el. algeriarar algoritme m algoritmen fl. algoritmar, algoritmane (ikt, matem.) ein algoritme er ei trinnvis skildring av ei oppgåve el. ein prosess alias1 n aliaset fl. alias, aliasa eit alias er eit dekknamn, pseudonym: opprette eit alias; forfattaren nyttar eit alias alias2 adv den same som; også kalla: Peter Wessel alias Tordenskiold alibi n alibiet fl. alibi, alibia 1 (jur.) eit alibi er eit prov for at ein ikkje var til stades under el. delaktig i ei straffbar handling: den tiltala hadde ikkje alibi på det tidspunktet 2 (overf.) eit alibi er eit påskot: partiet trong eit radikalt alibi alkan n alkanet fl. alkan, alkana (kjemi) eit alkan er eit metta hydrokarbon: metan, etan og propan er enkle alkan alke f alka fl. alker, alkene (zool.) ei alke er ein svart og kvit sjøfugl i alkefamilien med kraftig, samantrykt nebb ■ full som ei alke (i sml) sterkt rusa alko- i sms kortform av alkohol; alkolås, alkotest alkohol m alkoholen fl. alkoholar, alkoholane 1 (kjemi) alkohol er eit organisk samband av karbon, hydrogen og oksygen 2 alkohol er ein rusdrikk: bruk og misbruk av alkohol alkoholikar m alkoholikaren fl. alkoholikarar, alkoholikarane (med.) ein alkoholikar er ein person som lir av alkoholisme alkoholinnhald n alkoholinnhaldet fl. alkoholinnhald, alkoholinnhalda eit alkoholinnhald er eit innhald av alkohol, målt i volumprosent: øl med høgt alkoholinnhald alkoholisert adj n. alkoholisert fl. alkoholiserte prega av alkoholmisbruk: ha ei alkoholisert mor; vekse opp i ein alkoholisert heim alkoholisme m alkoholismen (med.) alkoholisme er ein sjukeleg tilstand som kjem av ein fysisk og psykisk avhengnad av alkohol alkotest m alkotesten fl. alkotestar, alkotestane ein alkotest er ein metode til å måle alkoholinnhaldet som ein person har i blodet: politiet kravde alkotest av bilisten alkove m alkoven fl. alkovar, alkovane (arkit.) ein alkove er eit lite avlukke med sengeplass: eittroms leilegheit med alkove

alkymi m alkymien (kjemi, i eldre tid) alkymi var kunsten å forvandle uedle metall til gull ved hjelp av kjemi (og magi): den arabiske alkymien hadde toppunktet sitt på 900-talet alkymist m alkymisten fl. alkymistar, alkymistane (kjemi, i eldre tid) ein alkymist var ein person som dreiv med alkymi Ñall determ kvant f. all n. alt fl. alle 1 brukt for å vise til ei heil mengd: i alle fall; i all æve; på alle måtar; alle sider av ei sak 2 brukt for å vise til ei svært høg grad av noko: i all hast; gå over all forventing; det er all grunn til å gle seg 3 (òg som subst.) kvar einaste: krype på alle fire; ikkje alle dagar er like; alle kan kome 4 (som subst. i nøytrumsforma 'alt') allting: alt saman; alt var ikkje betre før; når alt kjem til alt; alt mellom himmel og jord 5 (som adv. i nøytrumsforma 'alt') allereie: ho har alt sovna; alt frå tvillingane vart fødde ■ all den stund (som subj.) ettersom: eg blir med, all den stund det har slutta å regne ■ all den tid (som subj.) sidan: all den tid han ikkje kjem, må han ha gløymt det ■ alt anna enn slett ikkje ■ alt etter tilhøva i samsvar med situasjonen ■ alt i alt 1 i det store og heile 2 til saman ■ over alle haugar (overf.) langt av stad allé m alleen fl. allear, alleane el. alle m alleen fl. allear, alleane (geogr.) ein allé er ei gate, ein veg med ei rekkje av tre på begge sider: ein vakker allé førte opp til den gamle garden allegori m allegorien fl. allegoriar, allegoriane ein allegori er eit bilete el. ei tekst med gjennomført overført tyding allegorisk adj n. allegorisk fl. allegoriske med form som ein allegori; biletleg: ei allegorisk bibeltolking allehande m allehanden (bot.) allehande er (eit krydder av) eit bær frå eit tropisk tre i Jamaica allehelgensdag m allehelgensdagen (relig.) allehelgensdag er ein minnefest for helgenar og martyrar (1. november el. første søndag i november) allemannseige n allemannseiget fl. allemannseige, allemannseiga eit allemannseige er noko som kvar og ein eig el. har tilgang til: mobiltelefonen har vorte eit allemannseige allemannsrett m allemannsretten (særl. i bf. eintal, jur.) allemannsretten er ein rett alle har (særl. til å nytte naturen)

NN_hoveddel_justert_test.indd 27

allemannsrett

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


aller Ñaller adv (forsterk.) brukt føre superlativ med

tydinga 'av alle/alt': ho er aller best; det aller heilagaste ■ aller nådigast til nød ■ ikkje så aller verst ganske bra Ñallereie adv 1 alt: han er allereie ferdig; eg har allereie prøvd fleire gonger 2 så tidleg (som): er du her allereie?; ho var der allereie klokka sju 3 berre: allereie det at ho kjem for seint, er provoserande allergen n allergenet fl. allergen, allergena (med.) eit allergen er eit stoff som framkallar allergi: det var mykje allergen i lufta Ñallergi m allergien fl. allergiar, allergiane 1 (med.) ein allergi er ein overømtolig reaksjon i kroppen mot bestemde stoff som i utgangspunktet er ufarlege: utvikle ein allergi; pollenallergi 2 (overf.) ein allergi er ein sterk motvilje: eg kjenner ein viss allergi mot slike samankomstar allergikar m allergikaren fl. allergikarar, allergikarane (med.) ein allergikar er ein person som lir av allergi allergisk adj n. allergisk fl. allergiske 1 (òg som adv., med.) overfølsam mot visse stoff: vere allergisk mot burot; reagere allergisk 2 (overf.) som har sterk motvilje: eg er heilt allergisk mot fargen rosa allergitablett m allergitabletten fl. allergitablettar, allergitablettane (med.) ein allergitablett er ein tablett som lindrar plager ved (pollen)allergi allfarveg m allfarvegen fl. allfarvegar, allfarvegane (òg overf.) ein allfarveg er ein vanleg kurs, veg: ei reise utanfor allfarveg; ho valde ei utdanning utanom allfarveg allianse [alian(g)se] m alliansen fl. alliansar, alliansane 1 ein allianse er ein avtale om innbyrdes (militær el. politisk) stønad (i krig): ein allianse mellom vestlege land 2 ein allianse er ei samanslutning som følgje av ein allianse (i bet. 1): bli del av alliansen alliere v allierer, allierte, alliert å alliere (seg) er å inngå eit (militært el. politisk) samarbeid med nokon; sameine: USA er alliert med Europa; han allierte seg med vennene sine alliert adj n. alliert fl. allierte (òg som subst.) som er med i ein allianse: eit alliert land; dei allierte møtte kvarandre i Tyskland alligator m alligatoren fl. alligatorar, alligatorane (zool.) ein alligator er ei stor amerikansk el. kinesisk krokodilleart med brei snute

NN_hoveddel_justert_test.indd 28

28

allmennpraktikar

allitterasjon m allitterasjonen fl. allitterasjonar, allitterasjonane (littv.) allitterasjon er det same som bokstavrim allmakt f allmakta fl. allmakter, allmaktene (særl. relig.) ei allmakt er ei altomfattande makt: Guds allmakt allmektig adj n. allmektig fl. allmektige (særl. relig.) med makt over alt og alle: ein allmektig gud Ñallmenn adj n. allment fl. allmenne el. ålmenn adj n. ålment fl. ålmenne 1 som gjeld (så godt som) alle: ein allmenn røysterett 2 (òg som adv.) offentleg: saka har allmenn interesse; hallen er stengd for allmenn bruk; dette er allment kjent 3 generell, vanleg: ein allmenn feil; det er ei allmenn oppfatning 4 universell: allmenne sanningar allmennaksjeselskap n allmennaksjeselskapet fl. allmennaksjeselskap, allmennaksjeselskapa el. ålmennaksjeselskap n ålmennaksjeselskapet fl. ålmennaksjeselskap, ålmennaksjeselskapa (økon.) eit allmennaksjeselskap er eit børsnotert aksjeselskap som rettar seg til allmenta; fork. ASA allmennfag n allmennfaget fl. allmennfag, allmennfaga el. ålmennfag n ålmennfaget fl. ålmennfag, ålmennfaga (utd.) eit allmennfag er eit fag som gjev allmennutdanning allmennfagleg adj n. allmennfagleg fl. allmennfaglege el. ålmennfagleg adj n. ålmennfagleg fl. ålmennfaglege (utd.) som gjeld allmenne fag ■ allmennfagleg påbygging studieførebuande tillegg etter yrkesfagleg utdanningsprogram i den vidaregåande skulen ■ allmennfagleg studieretning (forelda) studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande skulen allmenngyldig adj n. allmenngyldig fl. allmenngyldige el. ålmenngyldig adj n. ålmenngyldig fl. ålmenngyldige som gjeld i alle tilfelle: ei allmenngyldig sanning; allmenngyldige verdiar allmenning m allmenningen fl. allmenningar, allmenningane el. ålmenning m ålmenningen fl. ålmenningar, ålmenningane 1 (geogr., jur.) ein allmenning er eit fjellel. skogsområde som lokalsamfunnet har bruksrett til: kua beita i allmenningen; bygdeallmenning, statsallmenning 2 (geogr.) ein allmenning er ei brei gate el. ein brei plass i ein by allmennpraktikar m allmennpraktikaren fl. allmennpraktikarar, allmennpraktikarane el.

05/01/2021 16:53


allmennutdanning ålmennpraktikar m ålmennpraktikaren fl. ålmennpraktikarar, ålmennpraktikarane (med.) ein allmennpraktikar er ein lege som driv praksis i allmennmedisin allmennutdanning f allmennutdanninga fl. allmennutdanningar, allmennutdanningane el. ålmennutdanning f ålmennutdanninga fl. ålmennutdanningar, ålmennutdanningane (utd.) ei allmennutdanning er ei grunnleggjande utdanning som særl. grunnskulen og den vidaregåande skulen gjev allmente f allmenta fl. allmenter, allmentene el. ålmente f ålmenta fl. ålmenter, ålmentene (særl. i bf. eintal) allmenta er folket i det store og heile; offentlegheit, publikum: arkivet blir opna for allmenta; allmenta vil få tilgang til fiske allmuge m allmugen fl. allmugar, allmugane el. ålmuge m ålmugen fl. ålmugar, ålmugane (særl. i bf. eintal) allmugen er det breie lag av folket; småkårsfolket allmøte n allmøtet fl. allmøte, allmøta eit allmøte er eit møte for alle på ein arbeidsplass, skule e.l.: rektoren kalla inn til allmøte i gymsalen allokere v allokerer, allokerte, allokert 1 å allokere er å tildele: landet allokerte midlar til prosjektet 2 å allokere er å fordele: allokere ressursane all right adj n. all right fl. all righte → ålreit allrom n allrommet fl. allrom, allromma (arkit.) eit allrom er eit opphaldsrom i ein bustad, brukt til fleire føremål allrounder m allrounderen fl. allrounderar, allrounderane ein allrounder er ein allsidig gjenstand el. person (el. òg eit allsidig dyr): denne bilen er ein skikkeleg allrounder; han er ikkje sprintar, men allrounder; dachsen er ein real allrounder allsidig adj n. allsidig fl. allsidige (òg som adv.) med mange element el. sider: eit allsidig arbeid; ein allsidig person; ho var allsidig interessert; mots. einsidig allslags adj av alle slag: allslags menneske allsong m allsongen fl. allsongar, allsongane ein allsong er ein unison fellessong: møtet vart opna og avslutta med allsong Ñalltid adv 1 til ei kvar tid; jamt: evig og alltid; du er alltid så snill; hugse noko for alltid; kyrkja er alltid open 2 som eit siste høve: eg kan jo alltid trekkje meg om det blir for slitsamt 3 i det minste: trass regnet var det ikkje kaldt, og det var jo alltid noko 4 gjerne, nok: det blir alltid ei råd alltids adv alltid, saktens: det kan alltids bli nok

NN_hoveddel_justert_test.indd 29

29

alpelue

allting pron alle ting; alt: allting var så trist; du som har kone og allting; når enden er god, er allting godt alludere v alluderer, alluderte, alludert å alludere er å peike indirekte på; spele på: alludere til Bibelen; teksta alluderer til ei anna tekst allusjon m allusjonen fl. allusjonar, allusjonane 1 allusjon er det å alludere 2 ein allusjon er ein referanse: det vrimla av allusjonar til Bibelen all verda subst → verd 1 allvitande adj n. allvitande fl. allvitande el. allvetande adj n. allvetande fl. allvetande som veit alt (om noko): romanen har ein allvitande forteljar; lærarar er ikkje allvitande alm m almen fl. almar, almane (bot.) ein alm er eit lauvtre i almefamilien med grå bork og sagtanna blad almanakk m almanakken fl. almanakkar, almanakkane ein almanakk er ei lita bok med kalender og ulike nyttige opplysingar alminneleg adj n. alminneleg fl. alminnelege 1 som gjeld dei fleste el. alle; allmenn: alminneleg verneplikt; alminnelege avgjerder 2 ordinær, vanleg: ein alminneleg norsk familie; han er ein ganske alminneleg mann alminnelegheit f alminnelegheita fl. alminnelegheiter, alminnelegheitene ei alminnelegheit er noko vanleg el. venta: det var ein tale full av alminnelegheiter ■ i alminnelegheit til vanleg ■ i si alminnelegheit i det store og heile almisse f almissa fl. almisser, almissene (relig., særl. i eldre tid) ei almisse er ei (penge)gåve til vanskelegstilte aloe m aloen fl. aloar, aloane 1 (bot.) aloe er ei plante(slekt) i aspargesfamilien med tjukke, saftige blad, ofte brukt som potteplante 2 (bot.) aloe er lindrande saft frå blada på aloe (i bet. 1): smørje den solbrende kroppen med aloe alpakka1 m alpakkaen fl. alpakkaer, alpakkaene 1 (zool.) ein alpakka er eit søramerikansk klauvdyr i kamelfamilien 2 alpakka er (ein tekstil med) ull av alpakka (i bet. 1) ■ du store alpakka! du store verda! alpakka2 m alpakkaen (kjemi) (ein) alpakka er ei legering av kopar, messing og sink alpe- i sms brukt som føreledd i ord som knyter seg til (fjellstrøk el.) Alpane; alpehorn, alpelue, alpetopp alpelue f alpelua fl. alpeluer, alpeluene el. alpeluve f alpeluva fl. alpeluver, alpeluvene ei alpelue er ei flat, rundpulla militær- el. sportslue

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


alpin alpin adj n. alpint fl. alpine 1 som gjeld Alpane el. andre fjellstrøk: eit alpint landskap 2 (sport) som gjeld alpine skigreiner: alpin skisport 3 (som subst., sport) skisport med bratte bakkar og svingete løyper: konkurrere i alpint alpinanlegg n alpinanlegget fl. alpinanlegg, alpinanlegga (sport) eit alpinanlegg er eit anlegg med skiheisar og preparerte bakkar alpinisme m alpinismen 1 (sport) alpinisme er ei samlenemning for alpine skigreiner 2 (sport) alpinisme er fjellklatring alpinist m alpinisten fl. alpinistar, alpinistane (sport) ein alpinist er ein person som driv med alpine skigreiner el. fjellklatring alrune m alrunen fl. alrunar, alrunane (bot.) ein alrune er ei giftig plante i søtvierfamilien med menneskeliknande rot al secco [alsekko] adv (om veggmåleri) på tørr mur; mots. al fresco alskens adj n. alskens fl. alskens av alle moglege slag; allslags: virus og alskens truslar alt1 m alten fl. altar, altane 1 (mus.) alt er ei djup kvinne- og barnestemme i eit kor: syngje alt i eit kor 2 (mus.) ein alt er ein songar el. ei songarinne med alt (i bet. 1) 3 (mus.) ein alt er (eit parti som blir spela med) eit instrument med djupare klang enn eit sopraninstrument 2 Ñalt n altet (i bf. eintal) altet er universet, verdsaltet: det store altet 3 Ñalt adv allereie: dei har alt kome altan m altanen fl. altanar, altanane (arkit.) ein altan er eit ytre opphaldsrom som står på søyler el. anna underbygg (jf. veranda) altar n altaret fl. altar, altara → alter altargang m altargangen fl. altargangar, altargangane → altergang altaværing m altaværingen fl. altaværingar, altaværingane ein altaværing er ein person som bur i el. kjem frå Alta alter n alteret fl. alter, altera el. altar n altaret fl. altar, altara 1 (relig.) eit alter er eit bord i koret på ei kyrkje: presten står ved alteret 2 (relig., òg overf.) eit alter er ein stad for religiøs ofring: reise eit alter ■ gå til alters (overf.) delta i nattverd ■ stå for alteret (overf.) gifte seg (i ei kyrkje) alter ego n alter egoet fl. alter ego, alter egoa eit alter ego er ein (åndeleg) dobbeltgjengar (jf. ego)

NN_hoveddel_justert_test.indd 30

30

altså

alterere v altererer, altererte, alterert 1 (særl. i eldre tid) å alterere er å hisse nokon opp el. å bli opphissa: nyhenda altererte han 2 å alterere er å forandre (notehøgd ved hjelp av eit forteikn) altergang m altergangen fl. altergangar, altergangane el. altargang m altargangen fl. altargangar, altargangane (relig.) altergang er det å gå opp til alteret i ei kyrkje (særl. for å ta imot nattverd): gudsteneste med altergang 1 Ñalternativ n alternativet fl. alternativ, alternativa 1 eit alternativ er kvar av to el. fleire moglegheiter: vi har fleire alternativ å velje mellom 2 eit alternativ er ein annan mogleg utveg: buss og tog er gode alternativ til bil alternativ2 adj n. alternativt fl. alternative 1 som opnar for val mellom to el. fleire moglegheiter: eit alternativt framlegg 2 som vik frå det normale el. vanlege: alternative menneske; eit val mellom skulemedisin og alternativ medisin; alternativt jordbruk utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel alternere v alternerer, alternerte, alternert å alternere er å vekselvis avløyse kvarandre: formannskapet alternerer mellom landa; dei to gruppene vil både alternere og opptre saman altetande adj n. altetande fl. altetande 1 (biol.) som et alt; omnivor 2 (overf.) som tar til seg alt: vere altetande når det gjeld litteratur Ñaltfor adv i for stor grad: det var altfor mykje mat; det er altfor kaldt til å vere ute althorn n althornet fl. althorn, althorna (mus.) eit althorn er eit messingblåseinstrument som liknar på ein liten tuba altmoglegmann m altmoglegmannen fl. altmoglegmenn, altmoglegmennene el. altmogelegmann m altmogelegmannen fl. altmogelegmenn, altmogelegmennene ein altmoglegmann er ein person (særl. mann) som utfører mange ulike arbeidsoppgåver altruisme m altruismen altruisme er det å ta meir omsyn til andre enn til seg sjølv; mots. egoisme altruist m altruisten fl. altruistar, altruistane ein altruist er ein person som tar meir omsyn til andre enn til seg sjølv: ho var ein sann filantrop og altruist; mots. egoist altruistisk adj n. altruistisk fl. altruistiske ueigennyttig, usjølvisk: ei altruistisk handling; mots. egoistisk Ñaltså adv el. altso 1 brukt for å vise følgje el. årsak: difor,

05/01/2021 16:53


aluminium følgjeleg: eg tenkjer, altså er eg; då er det altså sant, likevel 2 brukt for å forklare noko el. for å forsterke noko som nettopp er sagt: du må byte, passord altså; dette er så bra, altså aluminium n aluminiumet (kjemi) aluminium er eit sølvkvitt, metallisk grunnstoff; symb. Al aluminiumsfolie m aluminiumsfolien el. aluminiumfolie m aluminiumfolien ein aluminiumsfolie er eit tynt blad utvalsa av aluminium: pakke inn mat i aluminiumsfolie alv m alven fl. alvar, alvane (folketru) ein alv er eit overnaturleg naturvesen med venger alveol m alveolen fl. alveolar, alveolane (med.) ein alveol er eit lite holrom i kroppen (t.d. i kjevebeinet) Ñalvor n alvoret 1 alvor er eit uttrykk for oppriktig meining: han sa det i fullt alvor; vi må skilje spøk frå alvor 2 alvor er eit uttrykk for (hard) røyndom: blodig alvor; gjere alvor av noko; vere prega av alvoret i stunda 3 alvor blir òg brukt om stødig oppførsel: det finst ikkje alvor i ho ■ ta noko(n) på alvor ta noko(n) seriøst Ñalvorleg adj n. alvorleg fl. alvorlege 1 (òg som adv.) oppriktig, ærleg: alvorlege føremål; alvorleg tala; meine noko alvorleg 2 bekymringsfull, farleg: ein alvorleg sjukdom; ei alvorleg utvikling 3 dyster, streng: eit alvorleg tema; ho sette opp eit alvorleg andlet 4 graverande, stor: ein alvorleg feil; ein alvorleg tiltale alvorsam adj n. alvorsamt fl. alvorsame 1 alvorleg: ei alvorsam hending 2 høgtidsam: ei alvorsam stemning alvorsord n alvorsordet fl. alvorsord, alvorsorda eit alvorsord er eit ord til formaning, åtvaring: nokon alvorsord om fjellferdsel; ein tale med både skjemt og alvorsord Am symb (kjemi) symbol for americium amalgam n amalgamet fl. amalgam, amalgama (kjemi) amalgam er ei legering av kvikksølv og eitt el. fleire andre metall (tidl. brukt i tannfyllingar) amanuensis m amanuensen fl. amanuensar, amanuensane (utd.) ein amanuensis er ein person i ei vitskapleg mellomstilling ved ein høgskule el. eit universitet amaryllis m amaryllisen fl. amaryllisar, amaryllisane (bot.) ein amaryllis er ei plante i narsissfamilien, med traktliknande blomar amatør m amatøren fl. amatørar, amatørane 1 ein amatør er ein person som gjer noko

NN_hoveddel_justert_test.indd 31

31

ambulanse

(t.d. eit arbeid) utan å ha det som yrke: både amatørar og profesjonelle musikarar deltok; mots. profesjonist 2 (neds.) ein amatør er ein klossete og ukunnig person: landslagssjefen er ein amatør ambar m ambaren fl. ambrar, ambrane ein ambar er eit sylinderforma trekar med lokk ambassade m ambassaden fl. ambassadar, ambassadane (polit.) ein ambassade er ein utanriksstasjon med ein ambassadør som leiar: den norske ambassaden i Kina; vi vart inviterte til ei mottaking i ambassaden ambassadør m ambassadøren fl. ambassadørar, ambassadørane 1 (polit.) ein ambassadør er ein person som er sjef for ein ambassade 2 (overf.) ein ambassadør er ein representant: jentene er ambassadørar for Operaen ambisiøs adj n. ambisiøst fl. ambisiøse som tar sikte på å oppnå mykje; ærgjerrig: ein ambisiøs klimaplan; ein ambisiøs fotballspelar ambisjon m ambisjonen fl. ambisjonar, ambisjonane ein ambisjon er eit sterkt ønske om å oppnå noko attraktivt: ha store ambisjonar; føretaket har ambisjonar om å vekse; eit ungt talent med ambisjonar om å gjere karriere ambisjonsnivå n ambisjonsnivået fl. ambisjonsnivå, ambisjonsnivåa eit ambisjonsnivå er eit nivå som ein ønskjer å nå: vi må ikkje senke ambisjonsnivået i klimameldinga; i alle prosjekt er det viktig å avklare ambisjonsnivået ambivalens m ambivalensen fl. ambivalensar, ambivalensane ein ambivalens er (det at noko inneheld) to motstridande kjensler, tendensar ambivalent adj n. ambivalent fl. ambivalente prega av motstridande kjensler, tendensar: dei har ei ambivalent haldning til ny teknologi; ein ambivalent person som ikkje maktar å velje ambolt m ambolten fl. amboltar, amboltane 1 (særl. i eldre tid) ein ambolt er ei massiv blokk av jern brukt som underlag for hamring el. smiing 2 (anat.) ein ambolt er ein øyreknokkel i mellomøyret ambrosia m ambrosiaen fl. ambrosiaer, ambrosiaene 1 (mytol.) ambrosia er gudemat som saman med nektar gjev evig liv 2 (bot.) ein ambrosia er ei eittårig ugrasplante i korgplantefamilien ambulanse [ambulan(g)se] m ambulansen fl. ambulansar, ambulansane (med.) ein ambulanse er eit transportmiddel for sjuke og skadde (el. òg omkomne): bli henta av

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


ambulansehelikopter ein ambulanse; ringje 113 og be dei sende ein ambulanse ambulansehelikopter n ambulansehelikopteret fl. ambulansehelikopter, ambulansehelikoptera (med.) eit ambulansehelikopter er eit helikopter som blir brukt i ambulansetenesta: mannen fekk hjarteinfarkt på toppen av fjellet, og dei måtte tilkalle ambulansehelikopter amen1 n amenet fl. amen, amena (relig.) eit amen er eit avslutningsord etter ei bønn el. ei preike: presten avslutta med eit amen ■ seie ja og amen vere samd i noko amen2 interj (relig.) brukt etter ei bønn el. ei preike for å uttrykkje stadfesting: i Jesu Kristi namn, amen! A-menneske n A-mennesket fl. A-menneske, A-menneska eit A-menneske er ein person som er opplagd om morgonen og trøytt om kvelden; mots. B-menneske americium n americiumet fl. americium, americiuma (kjemi) americium er eit radioaktivt grunnstoff; symb. Am amerikanar m amerikanaren fl. amerikanarar, amerikanarane 1 ein amerikanar er ein person som bur i el. kjem frå Amerika (særl. Nord-Amerika) 2 ein amerikanar er ein bil frå Amerika amerikanisere v amerikaniserer, amerikaniserte, amerikanisert å amerikanisere er å gjere (meir) amerikansk: amerikanisere valkampen; popindustrien er temmeleg amerikanisert amerikansk1 m amerikansken (berre i eintal, språkv.) amerikansk er ein variant av engelsk som blir brukt av amerikanarar; amerikansk-engelsk: lære seg amerikansk; amerikansken din er god 2 Ñamerikansk adj n. amerikansk fl. amerikanske som gjeld Amerika el. amerikanarar: amerikansk kultur; ein amerikansk bil ametyst m ametysten fl. ametystar, ametystane (geol.) (ein) ametyst er ein (smykkestein av) fiolett bergkrystall amfetamin n amfetaminet fl. amfetamin, amfetamina (varemerke) (med.) eit amfetamin er eit sentralstimulerande syntetisk stoff, brukt som lege- og rusmiddel amfi n amfiet fl. amfi, amfia 1 (arkit.) amfi er ei kortform av amfiteater 2 eit amfi er ein tilskodarplass øvst på galleriet i ein (teater)sal: sitje i amfiet amfibiefly n amfibieflyet fl. amfibiefly, amfibieflya eit amfibiefly er eit fly som kan ta av og lande på land og på vatn amfibium n amfibiet fl. amfibium, amfibia (zool.) eit amfibium er eit virveldyr som lever både på land og i vatn

NN_hoveddel_justert_test.indd 32

32

amortisere

amfiteater n amfiteateret fl. amfiteater, amfiteatera (arkit.) eit amfiteater er eit teater med tilskodarplassar i trappetrinn rundt ei scene aminosyre f aminosyra fl. aminosyrer, aminosyrene (kjemi) ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld minst éi aminogruppe og syre: aminosyrer er viktige byggjesteinar i proteina amme1 f amma fl. ammer, ammene (særl. i utlandet) ei amme er ei kvinne som gjev brystmjølk til barn av andre amme2 v ammar, amma, amma å amme er å gje brystmjølk til eit (sped)barn: mora amma barnet sitt ammoniakk m ammoniakken fl. ammoniakkar, ammoniakkane (kjemi) ammoniakk er ei fargelaus, giftig sambinding av hydrogen og nitrogen: ammoniakk luktar sterkt og ubehageleg ammunisjon m ammunisjonen fl. ammunisjonar, ammunisjonane 1 (særl. mil.) ammunisjon er ei fellesnemning for prosjektil, krut og tennmiddel til skytevåpen 2 (overf.) ammunisjon er eit el. el. fleire hardtslåande argument: talen gav sterk ammunisjon til misnøya ■ kjemisk ammunisjon (mil.) ammunisjon med krigsgass ■ laus ammunisjon (mil.) ammunisjon utan prosjektil ■ skarp ammunisjon (mil.) ammunisjon med prosjektil amnesi m amnesien fl. amnesiar, amnesiane (med., psykol.) amnesi er det same som minnetap amnesti n amnestiet fl. amnesti, amnestia (jur.) eit amnesti er ei ettergjeving av påtale el. straff: partiet vil vurdere amnesti til asylbarna; regjeringa tilbyr amnesti på visse vilkår amok adv brukt i uttrykket: ■ gå amok få raserianfall: mannen gjekk amok a-moll m a-mollen (mus.) a-moll er ei toneart med A som grunntone og inkje forteikn amoralsk adj n. amoralsk fl. amoralske utan moralske tankar el. kjensler: amoralske soldatar; ei amoralsk handling amorf adj n. amorft fl. amorfe 1 som ikkje har definert form: ein amorf masse 2 (kjemi) som ikkje har ein definert finstruktur på molekylnivå; mots. krystallinsk amortisere v amortiserer, amortiserte, amortisert 1 (økon.) å amortisere er å betale tilbake eit lån i faste avdrag 2 (økon.) å amortisere er å avskrive kapital i eit økonomisk føretak

05/01/2021 16:53


amorøs amorøs adj n. amorøst fl. amorøse som gjeld (erotisk) kjærleik: ei amorøs stemning; amorøse sidesprang ampel m ampelen fl. amplar, amplane ein ampel er ei opphengd skål: i taket hang tre amplar med blomar i; ampellampe amper adj n. ampert fl. ampre hissig, krakilsk, sint: ei amper stemning; ho vart etter kvart ganske amper ampere [ampær] m amperen fl. ampere, amperane (fysikk) ampere er ei måleining for elektrisk straum; symb. A amperemeter [ampærmeter] n amperemeteret fl. amperemeter, amperemetera (fysikk) eit amperemeter er eit instrument til å måle elektrisk straum med amplitude m amplituden fl. amplitudar, amplitudane 1 (fysikk) ein amplitude er ein avstand frå ei midtstilling til ei ytterstilling 2 ein amplitude er ein skilnad mellom den høgaste og lågaste verdien av ein omskifteleg storleik ampulle m ampullen fl. ampullar, ampullane (særl. med.) ein ampulle er ein liten, avlang glasbehaldar (til legemiddel) amputasjon m amputasjonen fl. amputasjonar, amputasjonane (med.) ein amputasjon er ei kirurgisk fjerning av ein kroppsdel: amputasjon av foten amputere v amputerer, amputerte, amputert 1 (med.) å amputere er å fjerne ein kroppsdel kirurgisk: amputere armen etter ulykka 2 (overf.) å amputere er å ta bort ein del: amputere ein artikkel; amputere eit budsjett amt n amtet fl. amt, amta (forelda) amt er ei eldre nemning for fylke amulett m amuletten fl. amulettar, amulettane (særl. i eldre tid) ein amulett er ein gjenstand som ein ber med seg som magisk vern amøbe m amøben fl. amøbar, amøbane (zool.) ein amøbe er eit eincella slimdyr a-mål n a-målet 1 (språkv.) a-mål er ein nynorsk skriftnormal med a-ending i bestemd form eintal av sterke hokjønnsord og i bestemd form fleirtal av inkjekjønnsord 2 (språkv.) a-mål er ein norsk dialekt der alle infinitivane og ubestemd form eintal av svake hokjønnsord endar på '-a' Ñan adv brukt saman med verb i uttrykk som: ■ gripe an ta fatt på; gjere ■ gå an vere mogleg ■ kome an på vere avhengig av ■ leggje/slå an på freiste å sjekke opp ■ liggje an ha utsikt til; stille seg

NN_hoveddel_justert_test.indd 33

analfabetisme

33

■ sjå an vente og sjå

■ slå an vere ettertrakta

A

an- pref 1 brukt som førestaving i tyske lånord (i ord som anbefale og angå) 2 som manglar; ikkje- (i ord som anoreksi og anorganisk) anabol adj n. anabolt fl. anabole som gjeld el. stimulerer anabolismen: ta anabole steroid anaerob adj n. anaerobt fl. anaerobe 1 (biol.) som lever og veks utan oksygen: anaerobe bakteriar; mots. aerob 2 utan oksygen til stades: anaerob trening; mots. aerob anagram n anagrammet fl. anagram, anagramma 1 eit anagram er eit ord (el. ei setning) som er danna ved å flytte om på bokstavane i eitt el. fleire andre ord: 'senga' er eit anagram for 'Agnes'; «Voldemort den store» er eit anagram for «Tom Dredolo Venster». 2 eit anagram er òg eit ord (el. ei setning) som får same form lese framanfrå og bakanfrå: 'Anna' er eit anagram anakonda m anakondaen fl. anakondaer, anakondaene (zool.) ein anakonda er ein stor, søramerikansk kvelarslange i familien boaslangar: ein anakonda kan bli over ti meter lang anakronisme m anakronismen fl. anakronismar, anakronismane 1 anakronisme er det at noko (som verkar) forelda, finst i dag 2 ein anakronisme er eit forelda tilhøve el. ein forelda tenkjemåte: argumentet er ein anakronisme; ekteskapet er ingen anakronisme anakronistisk adj n. anakronistisk fl. anakronistiske som er ein anakronisme anal adj n. analt fl. anale (med.) som har med endetarmsopninga å gjere analfabet m analfabeten fl. analfabetar, analfabetane 1 (utd.) ein analfabet er ein vaksen person som ikkje kan lese og skrive: i USA er det mange analfabetar 2 (overf.) analfabet blir òg brukt om ein person som er uvitande på eit bestemt område: eg er ein analfabet når det gjeld politikk ■ funksjonell analfabet vaksen person som ikkje kan lese og skrive godt nok til å klare seg i kvardagen analfabetisme m analfabetismen 1 (utd.) analfabetisme er ein manglande lese- og skrivedugleik hos vaksne: analfabetisme på Cuba 2 (overf.) (ein) analfabetisme er ei fåkunne på eit bestemt område: teknologisk analfabetisme hos norske journalistar

B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


analog analog adj n. analogt fl. analoge 1 parallell, tilsvarande: ei analog tolking 2 (ikt) som baserer seg på storleikar som heile tida varierer: analoge data; tradisjonelle armbandsur har analog vising; mots. digital ■ analoge organ (biol.) organ som har same funksjon, men ulikt opphav analogi m analogien fl. analogiar, analogiane ein analogi er ein likskap, eit samsvar: sjå mennesket i analogi med ei datamaskin; ordet 'styrarinne' er laga i analogi med ordet 'styrar' analogisk adj n. analogisk fl. analogiske som kjem av el. syner analogi: analogisk tenking; ei analogisk tolking av reglane analsex m analsexen analsex er samleie der penis blir ført inn i endetarmen Ñanalyse m analysen fl. analysar, analysane 1 analyse er ein metode som går ut på å dele opp ein heilskap i mindre delar og forstå samanhengen mellom dei 2 ein analyse er ei avhandling, undersøking som byggjer på analyse (i bet. 1): leggje fram ein analyse; lage ein analyse av situasjonen analysere v analyserer, analyserte, analysert å analysere er å undersøkje noko ved å løyse ein heilskap opp i enkeltdelar: analysere ei setning; analysere stoffprøver; vi analyserer ei samansett tekst analytisk adj n. analytisk fl. analytiske som blir gjord ved hjelp av analyse: analytisk kjemi; ei analytisk setning; klar og analytisk tenking; ein analytisk kvalitetskontroll anamnese m anamnesen fl. anamnesar, anamnesane (med.) ein anamnese er ei sjukehistorie basert på opplysingar frå pasienten sjølv el. pårørande ananas m ananasen fl. ananasar, ananasane 1 (bot.) ananas er ei tropisk plante i ananasfamilien 2 (bot.) ein ananas er ei eteleg frukt av ananas (i bet. 1) med gult fruktkjøt anapest m anapesten fl. anapestar, anapestane (littv.) ein anapest er ein versefot med to trykklette stavingar føre ei trykktung (jf. daktyl) anarki n anarkiet fl. anarki, anarkia 1 eit anarki er ei samfunnsform utan politisk styring el. kontroll; lovløyse 2 eit anarki er eit kaos, ein uorden: det var reine anarkiet i barnehagen anarkisme m anarkismen anarkisme er ei rørsle, eit syn som forkastar alle maktstrukturar: anarkisme byggjer på eit optimistisk menneskesyn anarkist m anarkisten fl. anarkistar, anarkistane ein anarkist er ein tilhengjar av anarkisme anarkistisk adj n. anarkistisk fl. anarkistiske som gjeld anarkisme el. anarkistar

NN_hoveddel_justert_test.indd 34

34

ande

anatomi m anatomien fl. anatomiar, anatomiane (anat., med.) anatomi er studiet av og læra om korleis levande organismar er bygde opp: anatomi er ein viktig del av legestudiet anatomisk adj n. anatomisk fl. anatomiske (anat., med.) som gjeld anatomi: eit anatomisk perspektiv; eit anatomisk læringssenter anbefale v anbefaler, anbefalte, anbefalt å anbefale er å rå noko(n) til noko; føreslå: vi anbefaler deg å kome tidleg; departementet anbefaler lovendring; eg har anbefalt ho til stillinga anbefaling f anbefalinga fl. anbefalingar, anbefalingane 1 anbefaling er det å anbefale; tilråding: ho gjorde det på anbefaling frå meg 2 ei anbefaling er ein referanse el. ei tilråding: dei valde ein leverandør med gode anbefalingar anbod n anbodet fl. anbod, anboda (økon.) eit anbod er eit skriftleg tilbod om å utføre eit visst arbeid til ein bestemd pris: setje eit prosjekt ut på anbod; entreprenørane leverte inn anbod anbydar m anbydaren fl. anbydarar, anbydarane (økon.) ein anbydar er eit firma el. ein person som leverer tilbod i ein anbodskonkurranse Ñand f anda fl. ender, endene 1 (zool.) ei and er ein symjefugl i andefamilien (særl. tam form av stokkand) 2 (zool.) ei and er ei hoe av ei and (i bet. 1); mots. andrik and- pref brukt som førestaving med tydinga 'mot-' (i ord som andføttes og andøve) andakt f andakta fl. andakter, andaktene 1 (særl. relig.) ei andakt er ei stemning av alvor og høgtid: lytte med andakt til presten; stå i andakt 2 (relig.) ei andakt er ei enkel form for gudsteneste: presten heldt andakt på sjukehuset; radioandakt andaktsbok f andaktsboka fl. andaktsbøker, andaktsbøkene (relig.) ei andaktsbok er ei bok med oppbyggjelege religiøse tekster til bruk i ei andakt andaktsfull adj n. andaktsfullt fl. andaktsfulle (særl. relig.) full av andakt; andektig: det var ei andaktsfull forsamling; musikken er andaktsfull og høgtideleg ande1 m anden fl. andar, andane 1 ande er det å puste 2 ein ande er lufta pusta ut av eit levande vesen; pust: ha god ande; han har dårleg ande ■ halde ein i ande (overf.) halde ein levande opptatt: den vetle guten heldt meg i ande ande2 v andar, anda, anda 1 å ande er å puste: ande roleg 2 å ande er å vere prega av; utstråle: det andar fred og ro

05/01/2021 16:53


andedrag ■ ande ut puste ut (for siste gong)

■ leve og ande for noko gå heilt og fullt inn for

noko: ho levde og anda for jobben sin andedrag n andedraget fl. andedrag, andedraga eit andedrag er ei einskild inn- el. utanding; pust: djupe andedrag ■ i same andedrag (overf.) i samband med; samstundes andedrått m andedråtten fl. andedråttar, andedråttane ein andedrått er ein (tung) pust, respirasjon (jf. andedrag) andektig adj n. andektig fl. andektige prega av andakt og ærbødigheit; andaktsfull: det rådde ei andektig stille andelaus adj n. andelaust fl. andelause 1 veldig andpusten 2 som er slik at ein knapt tør puste: ei andelaus stille; vente i andelaus spenning andelseigar m andelseigaren fl. andelseigarar, andelseigarane (økon.) ein andelseigar er ein person som eig ein del i eit burettslag el. i eit føretak andelslag n andelslaget fl. andelslag, andelslaga (økon.) eit andelslag er eit økonomisk føretak der kapitalinnskytarane eig ein del kvar andenød f andenøda fl. andenøder, andenødene el. andenaud f andenauda fl. andenauder, andenaudene (med.) ei andenød er ein vanske med å puste andføttes adv med føtene mot kvarandre: liggje andføttes Ñandlet n andletet fl. andlet, andleta 1 (særl. i bf. eintal, anat.) andletet er framsida av hovudet; fjes: ha kviser i andletet; barbere seg i andletet 2 eit andlet er eit uttrykk som ein formidlar med andletet (i bet. 1): ho møtte meg med eit blidt andlet; han sette opp eit alvorleg andlet 3 (overf.) eit andlet er eit inntrykk som noko(n) gjev til omverda: bedrifta sitt andlet utetter; partiet viser to andlet i konflikten ■ andlet til andlet (overf.) konfrontert med ■ bli lang i andletet (overf.) bli skuffa ■ eit slag i andletet (overf.) ei uventa krenking ■ lage/skjere andlet (overf.) lage/skjere grimasar ■ redde andlet (overf.) unngå audmjuking el. tap av respekt ■ tape andlet (overf.) miste respekt ■ vise andlet (overf.) vise sitt sanne eg andpusten adj n. andpuste fl. andpustne 1 som pustar raskt el. tungt for å få nok luft: ein andpusten maratonløpar; ho vart andpusten etter treninga 2 (overf.) hektisk, oppjaga Ñandre adj n. andre fl. andre → annan

NN_hoveddel_justert_test.indd 35

35

anerkjenne

andredag m andredagen → annandag andregenerasjonsinnvandrar m andregenerasjonsinnvandraren fl. andregenerasjonsinnvandrarar, andregenerasjonsinnvandrarane (forelda) ein andregenerasjonsinnvandrar er ein norskfødd person med to innvandrarforeldre andregradslikning f andregradslikninga fl. andregradslikningar, andregradslikningane (matem.) ei andregradslikning er ei likning med ein ukjend i annan potens andrehands adj n. andrehands fl. andrehands via eit mellomledd; indirekte: referatet er basert på andrehands informasjon andrik m andriken fl. andrikar, andrikane (zool.) ein andrik er ei hannand; andestegg androgyn adj n. androgynt fl. androgyne (om person) med både maskuline og feminine trekk andsynes prep 1 (òg som adv.) andlet til andlet: stå andsynes kvarandre; liggje andsynes i senga 2 med omsyn til: oppgåver andsynes skulen andøve v andøver, andøvde, andøvd (sjø.) å andøve er å halde ein båt roleg på ein stad ved hjelp av ein motor el. årer ane1 m anen fl. anar, anane (særl. i fleirtal) anar er forfedrar: ha kjende anar på morssida ane2 v anar, ana, ana å ane er å ha ei (svak) førestilling, ein mistanke om: ho ana uråd; han anar ikkje noko; eg anar ikkje kva du meiner ■ ane fred og ingen fare vere uførebudd på noko anegalleri n anegalleriet fl. anegalleri, anegalleria eit anegalleri er ei samling portrett av anar (el. viktige forløparar) anekdote m anekdoten fl. anekdotar, anekdotane ein anekdote er ei poengtert og morosam lita historie: det gjekk mange anekdotar om generalen anemi m anemien fl. anemiar, anemiane (med.) anemi er ein sjukeleg tilstand som kjem av mangel på hemoglobin i blodet; blodmangel anemisk adj n. anemisk fl. anemiske 1 (med.) blodfattig: ein anemisk person 2 (overf.) utan kraft, liv: ei anemisk framsyning anemone m anemonen fl. anemonar, anemonane (bot.) ein anemone er ei plante i soleiefamilien anerkjend adj n. anerkjent fl. anerkjende 1 akseptert, godkjend: utdanninga frå utlandet er anerkjend i Noreg 2 akta, respektert: ein anerkjend pris; ein anerkjend kunstnar anerkjenne v anerkjenner, anerkjende, anerkjent 1 å anerkjenne er å godta noko som rettkome, gyldig: dei støttar og anerkjenner valet; Noreg har anerkjent den nye staten

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


anestesi

36

2 å anerkjenne er å akte, respektere: anerkjenne sjefen for bedrifta anestesi m anestesien fl. anestesiar, anestesiane (med.) anestesi er ein tilstand av medvitsløyse el. kjensleløyse i samband med operasjon; bedøving anfall n anfallet fl. anfall, anfalla 1 (med.) eit anfall er eit plutseleg og kortvarig utbrot av sjukdom el. psykisk ubehag: eit epileptisk anfall; eit anfall av migrene; eit anfall av sinnforvirring 2 (overf., spøk.) eit anfall er ei plutseleg kjensle el. sinnsstemning: eit anfall av arbeidslyst anfekting f anfektinga fl. anfektingar, anfektingane ei anfekting er ein tanke som valdar indre tvil, uro: få religiøse anfektingar ange1 m angen fl. angar, angane ein ange er ei (god) duft: ein ange av blomar ange2 v angar, anga, anga å ange er å gje frå seg ei (god) duft: det angar av blomstrande vinranker angel m angelen fl. anglar, anglane el. ongel m ongelen fl. onglar, onglane (sjø.) ein angel er ein fiskekrok angelsaksar m angelsaksaren fl. angelsaksarar, angelsaksarane 1 (i eldre tid) ein angelsaksar var ein etterkomar av dei germanske stammene i England 2 ein angelsaksar er ein person med engelsk språk og kultur angelsaksisk adj n. angelsaksisk fl. angelsaksiske som gjeld angelsaksarane: angelsaksisk språk; angelsaksiske kjelder anger m angeren ein anger er ei sorg som kjem av skuldkjensle: vise oppriktig anger; gå rundt med ein gnagande anger angi v angir, angav, angitt → angje angina m anginaen fl. anginaer, anginaene (med.) (ein) agina er ein akutt halsbetennelse angivar m angivaren fl. angivarar, angivarane → angjevar angje v angjev, angav, angjeve el. angjeve v angjev, angav, angjeve el. angi v angir, angav, angitt 1 å angje er å opplyse om; nemne: angje kjelder; angje som grunn; angje prisen i dollar 2 å angje er å tyste på; røpe: angje nokon til politiet angjevar m angjevaren fl. angjevarar, angjevarane el. angivar m angivaren fl. angivarar, angivarane ein angjevar er ein forrædar, tystar anglifisere v anglifiserer, anglifiserte, anglifisert å anglifisere er å gjere noko(n) (meir) engelsk: anglifisere skrivemåten anglikanar m anglikanaren fl. anglikanarar, anglikanarane (relig.) ein anglikanar er ein medlem av den anglikanske kyrkja

anglikansk adj n. anglikansk fl. anglikanske (relig.) som gjeld el. har utspring i den engelske kyrkja anglisisme m anglisismen fl. anglisismar, anglisismane (språkv.) ein anglisisme er eit engelsk språktrekk som er lånt inn i eit anna språk: det vrimlar av anglisismar innanfor datafaget angloamerikansk adj n. angloamerikansk fl. angloamerikanske engelsk-amerikansk anglofil adj n. anglofilt fl. anglofile som er glad i engelsk språk og kultur anglosaksisk adj n. anglosaksisk fl. anglosaksiske som gjeld språk- og kulturtilhøve i engelsktalande land: ein anglosaksisk tradisjon angolanar m angolanaren fl. angolanarar, angolanarane ein angolanar er ein person som bur i el. kjem frå Angola angolansk adj n. angolansk fl. angolanske som gjeld Angola el. angolanarar angora m angoraen angora er (ein tekstil av) angoraull Ñangre v angrar, angra, angra å angre er å ønskje noko ugjort: angre seg; angre på eit kjøp; dette kjem du til å angre på angrefrist m angrefristen fl. angrefristar, angrefristane (jur., økon.) ein angrefrist er ein frist som ein kunde har til å gå frå ein kjøpsavtale etter at avtalen er inngått Ñangrep n angrepet fl. angrep, angrepa 1 eit angrep er eit (meir el. mindre fysisk) overfall, åtak: gå til angrep; eit verbalt angrep; eit angrep på uskuldige 2 (sport) angrep er ein situasjon der eit lag har ballen, pucken e.l.: fotballaget spelar godt i angrep angrepille f angrepilla fl. angrepiller, angrepillene (med.) ei angrepille er ei pille som ein kan ta kort tid etter samleie for å hindre svangerskap angrerett m angreretten fl. angrerettar, angrerettane ein angrerett er ein rett til å gå frå ein avtale (t.d. eit kjøp) kort tid etter at avtalen er gjord angripar m angriparen fl. angriparar, angriparane 1 ein angripar er ein person el. ei militær eining som går til åtak: angriparen vart sett i fengsel; byen vart eit lett bytte for angriparane 2 (sport) ein angripar er ein angrepsspelar (i ballspel): laget hindra angriparen i å ta poeng angripe v angrip, angreip, angripe 1 å angripe er å gå laus på (med vald); overfalle: angripe nokon på gata; hissige hundar angreip sau 2 (sport) å angripe er å freiste å ta ein ball, puck e.l. frå ein motspelar

NN_hoveddel_justert_test.indd 36

angripe

05/01/2021 16:53


angst

37

3 å angripe er å polemisere mot; kritisere: opposisjonen angreip regjeringa 4 å angripe er å bryte ned; øydeleggje: huset er angripe av termittar 5 å angripe er å løyse, takle: vi må angripe problemet på ein annan måte angst m angsten (med., psykol.) angst er ein sterk (ofte grunnlaus) fryktreaksjon: føle angst; ho fekk eit anfall av angst på trikken; dødsangst, prestasjonsangst, seksualangst angå v angår, angjekk, angått å angå er å gjelde, vedkome: det angår ikkje deg; uflaks for dei det angjekk angåande prep med omsyn til; om: eg ringjer angåande ein annonse; informasjon angåande neste møte anheng n anhenget fl. anheng, anhenga eit anheng er eit lite smykke festa til eit armband el. halskjede anilin n anilinet fl. anilin, anilina (kjemi) anilin er ei fargelaus, giftig væske med vond lukt, brukt til framstilling av m.a. fargestoff og legemiddel animalsk adj n. animalsk fl. animalske (zool.) som gjeld el. høyrer til dyreriket: animalsk vev; animalsk eller vegetabilsk feitt animasjon m animasjonen fl. animasjonar, animasjonane (ein) animasjon er (eit resultat av) ein filmteknikk med illusjon av rørsle: animasjon i teiknefilmar; bruke animasjon som visuelt verkemiddel animasjonsfilm m animasjonsfilmen fl. animasjonsfilmar, animasjonsfilmane ein animasjonsfilm er ein film med bruk av animasjon animatør m animatøren fl. animatørar, animatørane ein animatør er ein person som lagar animasjonsfilm: som animatør bør du vere kreativ animere v animerer, animerte, animert 1 å animere er å skape ein illusjon av rørsle: animere små leirfigurar i ein kortfilm; du kan animere tekst og bilete med dataprogrammet 2 å animere er å oppmuntre, tilskunde: ho animerte han til å halde fram; dette kan animere folk til å bli meir miljømedvitne animert adj n. animert fl. animerte 1 som rører seg: ei animert tekst 2 lettare rusa; opprømt: ein animert person; ei animert stemning aning f aninga fl. aningar, aningane 1 ei aning er ei vag førestilling (om); kjensle: ha sine aningar; ha bange aningar; eg har inga aning om kva han meiner; ho hadde ei aning om kva ho ville bli

2 ei aning er ein svak førekomst: sjokolade med ei aning lakris anion n anionet fl. anion, aniona (kjemi) eit anion er eit negativt ladd ion; mots. kation anis m anisen fl. anisar, anisane (bot.) anis er (eit krydder frå) ei eittårig krydderplante i skjermplantefamilien ank m anken fl. ankar, ankane 1 ein ank er ei klage, eit sukk: gje frå seg ein ank 2 ank er otte, uro: han var full av ank ■ sitje på ank vere nervøs el. uroleg anke1 m anken fl. ankar, ankane 1 (jur.) ein anke er eit rettsmiddel for å bringe ei rettsavgjerd inn for ein høgare rett: anken vart handsama i lagmannsretten 2 ein anke er ei innvending, klage: kome med ein anke mot sjefen anke2 v ankar, anka, anka 1 (jur.) å anke er å bringe ei sak inn for ein høgare rett: saka vart anka til lagmannsretten 2 å anke er å klage (over, på): han anka seg til mora 3 å anke er å vere uroleg for; frykte ankedomstol m ankedomstolen fl. ankedomstolar, ankedomstolane (jur.) ein ankedomstol er ein domstol som handsamar og avgjer saker som er anka: han vart òg funnen skuldig i ankedomstolen ankefrist m ankefristen fl. ankefristar, ankefristane (jur.) ein ankefrist er ein frist for å anke ei sak: retten fastsette ein ankefrist på to veker ankeinstans m ankeinstansen fl. ankeinstansar, ankeinstansane (jur.) ein ankeinstans er ein høgare instans som det går an å anke til: trygderetten er ankeinstans i saka Ñankel m ankelen fl. anklar, anklane el. okle n oklet fl. okle, okla (anat.) ein ankel er eit kroppsparti mellom leggen og foten: vri ankelen anker1 n ankeret fl. anker, ankera eit anker er ein person som leiar og samordnar ei fjernsynsel. radiosending anker2 n ankeret fl. anker, ankera 1 (sjø.) eit anker er ein reiskap som held ein båt, eit skip festa til sjøbotnen: kaste ankeret 2 (overf.) eit anker er eit fast punkt; haldepunkt: eit anker for trua 3 eit anker er ein konstruksjonsdel til forsterking (t.d. mellom bjelkelag og vegg) 4 eit anker er eit jernstykke som bind saman polane i ein elektromagnet ankerfeste n ankerfestet fl. ankerfeste, ankerfesta 1 (sjø.) eit ankerfeste er eit feste for eit båtanker: finne ein stad med godt ankerfeste 2 (overf.) eit ankerfeste er òg eit fast haldepunkt: Grunnlova er ankerfestet for demokratiet vårt

NN_hoveddel_justert_test.indd 37

ankerfeste

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


ankerkvinne ankerkvinne f ankerkvinna fl. ankerkvinner, ankerkvinnene 1 (sport) ei ankerkvinne er ei kvinne som spring den siste etappen i ein stafett: ankerkvinna retta opp ein treig start 2 ei ankerkvinne er ei kvinne som er viktig for eit arbeid: ho er ei ankerkvinne i den frivillige verksemda 3 ei ankerkvinne er ei kvinne som leiar ei fjernsyns- el. radiosending: ho debuterte som den nye ankerkvinna i tv-sporten ankermann m ankermannen fl. ankermenn, ankermennene 1 (sport) ein ankermann er ein person (særl. mann) som spring den siste etappen i ein stafett: skal dei vinne spurten, må dei byte ankermann 2 ein ankermann er ein person (særl. mann) som er viktig for eit arbeid: han var villig til å vere ankermann for prosjektet 3 ein ankermann er ein person (særl. mann) som leiar ei fjernsyns- el. radiosending ankerspel n ankerspelet fl. ankerspel, ankerspela (sjø.) eit ankerspel er ein vinsj som held att og handterer ankerkjettingen på ein båt ankre v ankrar, ankra, ankra 1 (sjø.) å ankre er å kaste anker: vi ankra opp inst i fjorden 2 (overf.) å ankre er å gjere fast: ankre ein plan Ñanlegg n anlegget fl. anlegg, anlegga 1 eit anlegg er ei verksemd med større byggjearbeid: jobbe på anlegg; jernbaneanlegg, veganlegg 2 eit anlegg er noko som er anlagt: det elektriske anlegget i huset; kjøleanlegg, sentralvarmeanlegg 3 eit anlegg er ein større hage; grøntanlegg, parkanlegg 4 eit anlegg er ei medfødd evne; talent: ha gode anlegg; ha anlegg for musikk; arveanlegg, knoppanlegg 5 (særl. mil.) eit anlegg er ei støtte som eit skytevåpen kviler på anløp n anløpet fl. anløp, anløpa (sjø., om skip) eit anløp er ein stopp ved ei hamn anløpe v anløper, anløpte, anløpt 1 (kjemi, om metall) å anløpe er å avherde, linne: sølv anløper viss det kjem i kontakt med svovel 2 (sjø., om skip) å anløpe er å gå til hamn: skipet anløper Tromsø anmarsj subst brukt i uttrykket: ■ i anmarsj på veg: vere i anmarsj; våren er i anmarsj annal m annalen fl. annalar, annalane 1 (særl. i fleirtal) ein annal er ei kronologisk

NN_hoveddel_justert_test.indd 38

38

anno

liste over historiske hendingar fordelte på enkelte år: dei islandske annalane 2 (særl. i fleirtal) ein annal er ei årbok: annalane frå lokallaget Ñannan determ dem f. anna n. anna fl. andre 1 (òg som subst.) brukt adjektivisk som ordenstal til to (2.): gå i andre klasse; 2. august; 'du' er 2. person eintal; for det første og for det andre 2 (òg som subst.) éin (el. fleire) til: gå frå éin post til ein annan; det gjeld ho og to andre jenter; få servert ost, oliven og anna godt 3 (som subst.) medmenneske: tenkje på andre; han kan skade både seg sjølv og andre 4 som ikkje er denne: ei anna helg; det får bli ein annan gong 5 (òg som subst.) ikkje den same; ulik: det er ei anna historie; vere av ei anna verd; han var alt anna enn glad; eg er med andre ord ikkje sint; bu på den andre sida av vegen; på eine sida var det sjokolade, på den andre sida kjeks; ho gjer det som vi andre berre drøymer om; alle andre får lov ■ eit og anna mangt, ymist ■ frå tid til anna av og til ■ mellom anna ved sida av; fork. m.a. ■ og anna med meir; fork. o.a. annandag m annandagen el. andredag m andredagen (relig.) ein annandag er den andre dagen i ei høgtid: annandag jul; annandag pinse; annandag påske annankvar determ kvant f. annakvar n. annakvart kvar annan (i ei rekkje): ho må få mjølk annankvar time; dei gjekk på riding annankvar dag anneks n annekset fl. anneks, anneksa 1 (relig.) eit anneks er ein del av eit prestegjeld 2 (arkit.) eit anneks er ein mindre bygning som høyrer til ein større bygning: hytte med anneks anneksjon m anneksjonen fl. anneksjonar, anneksjonane (jur.) anneksjon er det å annektere eit landområde annektere v annekterer, annekterte, annektert (jur., òg overf.) å annektere er å ta eit landområde med makt: Noreg har annektert eit område i Antarktis; annektere den beste plassen i sofaen Ñannleis adj n. annleis fl. annleis 1 (òg som adv.) på ein annan måte; ulik: ei annleis jul; det var annleis før; det er annleis heime oss meg; oppføre seg annleis 2 som skil seg (positivt) ut: eit nytt og annleis liv anno adv (i) året: jobbsøking anno 2020; huset skriv seg frå anno 1736; fork. a ■ anno Domini i det Herrens år; fork. a.D.

05/01/2021 16:53


annonse annonse [anån(g)se] m annonsen fl. annonsar, annonsane ein annonse er ein betala plass i avis e.l. til kunngjering el. reklame; lysing: rykkje inn ein annonse i avisa; leggje inn ein annonse på nettet annonsere v annonserer, annonserte, annonsert 1 å annonsere er å gjere kjend; kunngjere: reality-programmet annonserte dei nye deltakarane 2 å annonsere er å lyse ut; avertere: annonsere stillinga i Klassekampen annonsør [anån(g)sør] m annonsøren fl. annonsørar, annonsørane ein annonsør er ei bedrift el. ein person som annonserer: avisa ville skaffe fleire annonsørar annsam adj n. annsamt fl. annsame arbeidsam, flittig, strevsam annsemd f annsemda ei annsemd er ei travel verksemd annuitet m annuiteten fl. annuitetar, annuitetane (økon.) ein annuitet er ein fast sum som skal betalast kvar termin på eit annuitetslån annuitetslån n annuitetslånet fl. annuitetslån, annuitetslåna (økon.) eit annuitetslån er eit lån som blir betala tilbake med like store summar kvar termin (jf. serielån) annullere v annullerer, annullerte, annullert (særl. jur.) å annullere er å gjere ugyldig; oppheve: avtalen vart annullert anode m anoden fl. anodar, anodane (kjemi) ein anode er ein positivt ladd elektrode; mots. katode anomali m anomalien fl. anomaliar, anomaliane ein anomali er eit avvik frå det normale: eit teikn på medfødd anomali anonym1 n anonymet fl. anonym, anonyma eit anonym er eit ukjent namn el. ein ukjend identitet 2 Ñanonym adj n. anonymt fl. anonyme 1 utan kjent namn el. kjend identitet: ein anonym gjevar; han fekk anonyme brev 2 som ikkje merkjer seg ut; nøytral, upersonleg: ei anonym stemme; leve eit anonymt liv; han var ein nokså anonym statsråd anonymitet m anonymiteten anonymitet er det å vere anonym: anonymitet på nettet; vi garanterer full anonymitet anorakk m anorakken fl. anorakkar, anorakkane ein anorakk er ei vindtett sportsjakke med hette anoreksi m anoreksien (med., psykol.) anoreksi er ei kronisk etevegring som kjem av psykiske problem (jf. bulimi): anoreksi rammar mange gutar og jenter anorektikar m anorektikaren fl. anorektikarar, anorektikarane (med., psykol.) ein anorektikar er ein person som lir av anoreksi

NN_hoveddel_justert_test.indd 39

39

anslag

anorektisk adj n. anorektisk fl. anorektiske (med., psykol.) som gjeld anoreksi og anorektikarar anorganisk adj n. anorganisk fl. anorganiske uorganisk: eit anorganisk samband ansiennitet m ansienniteten fl. ansiennitetar, ansiennitetane (jur.) ein ansiennitet er ein rett som følgjer av lang tid i ei stilling el. som medlem ein stad: ha lang ansiennitet i skulen; ho har lang ansiennitet i bustadbyggjelaget Ñansikt n ansiktet fl. ansikt, ansikta 1 (særl. i bf. eintal, anat.) ansiktet er framsida av hovudet; andlet, fjes: ha kviser i ansiktet; barbere seg i ansiktet 2 eit ansikt er eit uttrykk som ein formidlar med ansiktet (i bet. 1): ho møtte meg med eit blidt ansikt; han sette opp eit alvorleg ansikt 3 (overf.) eit ansikt er eit inntrykk som noko(n) gjev til omverda: bedrifta sitt ansikt utetter; partiet viser to ansikt i konflikten ■ ansikt til ansikt (overf.) konfrontert med ■ bli lang i ansiktet (overf.) bli skuffa ■ eit slag i ansiktet (overf.) ei uventa krenking ■ lage/skjere ansikt (overf.) lage/skjere grimasar ■ redde ansikt (overf.) unngå audmjuking el. tap av respekt ■ tape ansikt (overf.) miste respekt ■ vise ansikt (overf.) vise sitt sanne eg ansiktsløfting f ansiktsløftinga fl. ansiktsløftingar, ansiktsløftingane el. ansiktslyfting f ansiktslyftinga fl. ansiktslyftingar, ansiktslyftingane 1 (med.) ei ansiktsløfting er ein plastisk operasjon som løftar og strammar opp huda i andletet 2 (overf.) ei ansiktsløfting er ei forbetring, oppussing: gata fekk ei ansiktsløfting ansjos m ansjosen fl. ansjosar, ansjosane 1 (zool.) ein ansjos er ein liten sildeliknande fisk i ansjosfamilien 2 (mat.) ein ansjos er det same som ein sardell anskaffing f anskaffinga fl. anskaffingar, anskaffingane 1 anskaffing er det å skaffe seg noko: anskaffing av nytt utstyr 2 ei anskaffing er noko (nytt) som ein har skaffa seg: dei mange anskaffingane til bedrifta ■ offentlege anskaffingar offentlege innkjøp av varer og tenester anslag n anslaget fl. anslag, anslaga 1 eit anslag er eit slag mot noko (særl. tangentar el. knappar på eit tastatur): dei mjuke anslaga til pianisten; ha så og så mange anslag i minuttet 2 eit anslag er ein vondsinna plan; åtak: eit anslag mot trykkjefridommen 3 (økon.) eit anslag er eit overslag: tabellen gjev eit anslag over forventa inntekt

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


anslagsvis anslagsvis adv rundt rekna; om lag: skredet var anslagsvis to kilometer langt anslå v anslår, anslo, anslått 1 (mus., òg overf.) å anslå er å slå an: anslå ein streng; anslå ein hyggjeleg tone 2 å anslå er å rekne med: anslå ein pris til fem tusen kroner; det vart meir enn tidlegare anslått anstalt m anstalten fl. anstaltar, anstaltane ein anstalt er ein (sosial) institusjon som kan ha ulik funksjon; fengselsanstalt, undervisingsanstalt anstand m anstanden fl. anstandar, anstandane 1 ein anstand er ei sømeleg og korrekt åtferd: føre seg med anstand 2 (i eldre tid) ein anstand var ein person som passa på at andre oppførte seg sømeleg: skulle dei på kino, måtte dei ha med seg ein anstand anstendig adj n. anstendig fl. anstendige 1 som er av tilfredsstillande kvalitet; ordentleg: partane fekk eit anstendig tilbod 2 som er el. oppfører seg i samsvar med gjeldande normer; sømeleg: vere anstendig kledd; eit anstendig arbeidsforhold; mots. uanstendig anstendigheit f anstendigheita fl. anstendigheiter, anstendigheitene ei anstendigheit er ei skamkjensle, sømd: vise anstendigheit og la asylbarna bli i Noreg; det ho sa, braut med all anstendigheit anstrengjande adj n. anstrengjande fl. anstrengjande fysisk el. psykisk krevjande; slitsam, utmattande: ei anstrengjande reise; ho var eit anstrengjande barn anstrengje v anstrengjer, anstrengde, anstrengt el. anstrenge v anstrenger, anstrengde, anstrengt å anstrengje (seg) er å leggje ekstra krefter til: ho anstrengjer seg veldig for å bli ferdig; auga vart anstrengde av å lese mykje anstøyt m anstøyten fl. anstøytar, anstøytane anstøyt er det same som harm, irritasjon: vekkje anstøyt ■ ta anstøyt av bli forarga, irritert av: ta anstøyt av kommentaren Ñansvar n ansvaret fl. ansvar, ansvara eit ansvar er ei plikt til å stå til rekneskap el. sørgje for noko(n): unndra seg ansvaret; stå til ansvar for noko; ta på seg eit tungt ansvar; han har ansvar for barna; ta ansvar for at noko blir gjort Ñansvarleg adj n. ansvarleg fl. ansvarlege 1 som har ansvaret for noko(n): ein ansvarleg far; ansvarleg redaktør; foreldregenerasjonen er ansvarleg for dei store klimautsleppa 2 som tar ansvar; ansvarsmedviten: vi søkjer ein ansvarleg person med god menneskekunnskap 3 som blir utført med ansvar: eit ansvarleg

NN_hoveddel_justert_test.indd 40

40

anten

lønnsoppgjer; ein ansvarleg og miljøvennleg turisme ■ ansvarleg selskap (jur., økon.) selskap der eigarane har personleg ansvar for forpliktingane til selskapet ansvarsfull adj n. ansvarsfullt fl. ansvarsfulle 1 som tar ansvar; ansvarleg: ansvarsfull jente søkjer leilegheit 2 med mykje ansvar; tiltrudd: det er ei sjølvstendig og ansvarsfull stilling ansvarslaus adj n. ansvarslaust fl. ansvarslause som ikkje tar ansvar; uansvarleg: ho var eit ansvarslaust menneske; ein ansvarslaus politikk anta v antar, antok, antatt el. antake v antek, antok, anteke 1 å anta er å gå ut frå; tenkje, tru: eg antar at det er sant; han antok at dei ville kome 2 å anta er å få (ein bestemd karakter): anta ei fastare form; saka antok nye dimensjonar 3 å anta er å ta i bruk: anta ei lære 4 å anta er å godkjenne, godta: romanen vart antatt av forlaget antabus m antabusen fl. antabusar, antabusane (varemerke) (med.) antabus er eit middel mot alkoholisme: ho har slutta å drikke og går på antabus antagonisme m antagonismen fl. antagonismar, antagonismane ein antagonisme er eit sterkt motsetningsforhold: antagonisme mellom vitamin A og D antagonist m antagonisten fl. antagonistar, antagonistane 1 ein antagonist er ein motpart el. ein motstandar: dei to var antagonistar 2 (med.) ein antagonist er ein muskel som verkar motsett: kva for ein muskel er antagonist ved fleksjon i kneleddet? 3 (med.) ein antagonist er eit stoff som blokkerer verknaden av eit anna stoff antagonistisk adj n. antagonistisk fl. antagonistiske som står i (fiendtleg) motsetning til noko(n): eit legemiddel med antagonistisk effekt; markante og antagonistiske rollefigurar; eit antagonistisk tilhøve mellom ytterleggåande synspunkt antakeleg adj n. antakeleg fl. antakelege 1 akseptabel, tilfredsstillande: eit antakeleg framlegg 2 (som adv.) moglegvis, sannsynlegvis: ho kjem antakeleg snart; det er antakeleg eit gammalt hus antarktisk adj n. antarktisk fl. antarktiske som gjeld Antarktis Ñanten konj el. enten 1 brukt som sideordnande konjunksjon i faste uttrykk med 'eller' føre to (el. fleire) alternativ

05/01/2021 16:53


antenne som utelukkar kvarandre: anten eg eller du; du får velje, anten skule eller jobb 2 brukt som underordnande konjunksjon i vedgåingssetningar: ho ville bli med, anten ho fekk lov eller ei ■ (eit) anten – eller (som subst.) eit val mellom to alternativ: det er ikkje anten – eller; stå overfor eit anten – eller antenne f antenna fl. antenner, antennene 1 (zool.) ei antenne er eit følehorn hos bestemde dyr 2 (fysikk) ei antenne er eit system av metalliske leiarar som sender el. tar imot elektromagnetiske bølgjer; fjernsynsantenne, radioantenne antesipere v antesiperer, antesiperte, antesipert å antesipere er å ta noko på forskot; føregripe: la oss ikkje antesipere dommen til veljarane anti- i sms som er mot det etterleddet nemner; antidoping, antirasist; mots. proantibiotikum n antibiotikumet fl. antibiotika, antibiotikaa (med.) eit antibiotikum er eit stoff som hemjar el. drep sjukdomsframkallande mikroorganismar antidepressiv n antidepressivet fl. antidepressiv, antidepressiva (med.) eit antidepressiv er eit legemiddel som blir tatt mot depresjon(ar) antiguanar m antiguanaren fl. antiguanarar, antiguanarane ein antiguanar er ein person som bur på el. kjem frå Antigua og Barbuda antiguansk adj n. antiguansk fl. antiguanske som gjeld Antigua og Barbuda el. antiguanarar antihelt m antihelten fl. antiheltar, antiheltane ein antihelt er ein person (særl. i ei bok, ein film) som manglar eigenskapar som ein ventar av ein helt antihistamin n antihistaminet fl. antihistamin, antihistamina (med.) eit antihistamin er eit stoff mot allergi antikk1 m antikken (særl. i bf. eintal) antikken er den gresk-romerske oldtida og kunsten og kulturen derifrå antikk2 adj n. antikt fl. antikke 1 som gjeld antikken: antikk filosofi 2 gammal (og verdifull): antikke møblar antiklimaks n antiklimakset fl. antiklimaks, antiklimaksa eit antiklimaks er ein overgang frå eit sterkt til eit svakare uttrykk, med eit matt og skuffande resultat: det var eit antiklimaks å kome heim frå ferien antikrist m antikristen fl. antikristar, antikristane 1 (relig.) ein antikrist er ein mytisk motstandar av Kristus, som skal vise seg like før dommedag 2 (overf.) ein antikrist er ein motstandar av

NN_hoveddel_justert_test.indd 41

41

antipode

kristendommen: han var ein forførar og ein antikrist antikva m antikvaen antikva er ein loddrett, vanleg skrifttype antikvar m antikvaren fl. antikvarar, antikvarane 1 ein antikvar er ein innehavar av eit antikvariat 2 ein antikvar er ein person som arbeider med bevaring av kulturminne; fylkesantikvar, byantikvar, riksantikvar antikvariat n antikvariatet fl. antikvariat, antikvariata eit antikvariat er ein bokhandel som kjøper og sel gamle bøker, manuskript og kart: dei fleste antikvariat finst på nettet antikvarisk adj n. antikvarisk fl. antikvariske 1 som finst og blir selt i eit antikvariat: ei antikvarisk bok 2 som har verdi ut frå kor gammalt el. sjeldan det er: eit antikvarisk skap 3 forelda, gammaldags: antikvariske meiningar; den antikvariske polarpolitikken må avviklast antikvert adj n. antikvert fl. antikverte forelda, gammaldags: ein antikvert miljøpolitikk antikvitet m antikviteten fl. antikvitetar, antikvitetane ein antikvitet er ein (svært) gammal bruks- el. kunstgjenstand: selje antikvitetar; ho samla på antikvitetar antilope f antilopa fl. antiloper, antilopene (zool.) antilope er ei fellesnemning for ei rekkje grasiøse og hurtige klauvdyrarter (med horn) antimilitarisme m antimilitarismen antimilitarisme er ein ideologi, ei rørsle som er imot alt militærstell; mots. militarisme antimilitarist m antimilitaristen fl. antimilitaristar, antimilitaristane ein antimilitarist er ein motstandar av militarisme; mots. militarist antimon n antimonet (kjemi) antimon er eit halvmetallisk grunnstoff; symb. Sb antioksidant m antioksidanten fl. antioksidantar, antioksidantane (kjemi) ein antioksidant er eit stoff som hindrar oksidasjon og gjer at matprodukt held seg betre antipati m antipatien fl. antipatiar, antipatiane ein antipati er ein aversjon, motvilje, uvilje: eit negativt førsteinntrykk kan skape antipati; mots. sympati antipode m antipoden fl. antipodar, antipodane 1 ein antipode er (ein person som bur på) ein stad på diametralt motsett side av jordkloden: antipodane våre på New Zealand; vi vitja fire byar og antipodane deira 2 (overf.) ein antipode er ein motståande

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


antisemitt ytterkant: ein kulturell antipode; søstrene var antipodar i klesvegen antisemitt m antisemitten fl. antisemittar, antisemittane ein antisemitt er ein person med fiendtleg haldning overfor jødar antisemittisk adj n. antisemittisk fl. antisemittiske med fiendtleg haldning til jødar: antisemittisk propaganda; antisemittiske miljø antisemittisme m antisemittismen antisemittisme er fiendslege haldningar (og handlingar) retta mot jødane som eit kollektiv: forske på jødisk historie og antisemittisme antiseptisk adj n. antiseptisk fl. antiseptiske (med.) som er bakteriedrepande: antiseptiske middel antistoff n antistoffet fl. antistoff, antistoffa (med.) eit antistoff er eit stoff som blir danna i kroppen, og som vernar kroppen mot framande stoff antitese m antitesen fl. antitesar, antitesane 1 (filos.) ein antitese er ein påstand el. ei setning som nektar for ein tese: tese, antitese og syntese; mots. tese 2 (littv.) ein antitese er eit retorisk grep der to ord med motsett tyding framhevar kvarandre: i 'ho er like flittig som eg er doven' viser orda 'flittig' og 'doven' bruk av antitese antitetisk adj n. antitetisk fl. antitetiske som inneheld ein antitese: eit antitetisk uttrykk antivirusprogram n antivirusprogrammet fl. antivirusprogram, antivirusprogramma (ikt) eit antivirusprogram er eit dataprogram som hindrar datavirus antologi m antologien fl. antologiar, antologiane (littv.) ein antologi er ei samling tekster av ein el. fleire forfattarar: antologien samlar ei rekkje norske stemmer; diktantologi antonym n antonymet fl. antonym, antonyma (språkv.) eit antonym er eit ord med motsett tyding av eit anna ord: 'kort' er eit antonym til 'lang' antrasitt m antrasitten fl. antrasittar, antrasittane (geol.) antrasitt er ein koltype med spesielt høgt karboninnhald antrekk n antrekket fl. antrekk, antrekka eit antrekk er ei klesdrakt, påkledning: politimannen gjekk i sivilt antrekk; gammal garderobe, men nye antrekk; tights og ein fin tunika blir antrekket mitt i kveld antropolog m antropologen fl. antropologar, antropologane ein antropolog er ein person med antropologi som fag antropologi m antropologien antropologi er studiet av og læra om mennesket og kulturen og det sosiale livet til mennesket

NN_hoveddel_justert_test.indd 42

42

apati

antroposof m antroposofen fl. antroposofar, antroposofane (filos.) ein antroposof er ein tilhengjar av antroposofi antroposofi m antroposofien (filos., relig.) antroposofi er ei retning som hevdar at mennesket er av åndeleg natur, og at mennesket gjennom åndeleg trening kan nå erkjenning av det oversanselege antyde v antydar, antyda, antyda å antyde er å uttrykkje på ein indirekte el. vag måte: banken antydar at det blir eit rentekutt; han antyda at han visste meir om saka antyding f antydinga fl. antydingar, antydingane 1 antyding er det å antyde 2 ei antyding er eit lite hint, vink om noko: det finst ikkje antyding til vind 3 ei antyding er ei indirekte el. vag utsegn: kome med antydingar om noko anus m anusen fl. anusar, anusane (anat.) ein anus er ei endetarmsopning anvendeleg adj n. anvendeleg fl. anvendelege som kan brukast; brukbar, nyttig: ein anvendeleg reiskap; eit anvendeleg klesplagg anvise v anviser, anviste, anvist 1 å anvise er å peike på; vise: lag pizzabotnen som anvist på posen 2 å anvise er å tildele: dei fekk anvist plass på første benk 3 (økon.) å anvise er å gje melding om å betale ut ein sum: kontoret må anvise summen 4 (mil.) å anvise er å vise treff på ei skyteskive aorta m aortaen fl. aortaer, aortaene (særl. i eintal, anat., med.) ein aorta er ei hovudpulsåre ap1 m apen fl. apar, apane ein ap er ein person som driv med gjøn, tøys ap2 n apet fl. ap, apa eit ap er eit gjøn, tøys: halde ap med nokon apal m apalen fl. aplar, aplane (bot.) ein apal er eit epletre apanasje m apanasjen fl. apanasjar, apanasjane (økon.) ein apanasje er ei lønn som eit statsoverhovud el. ein medlem av ein kongefamilie får aparte adj n. aparte fl. aparte 1 avvikande, sjeldan: ein litt aparte oppførsel; å leige bustad blir nesten sett på som litt aparte 2 svært god: ein aparte ektemann apartheid m apartheiden apartheid er eit raseskiljesystem (særl. om det som før vart praktisert i Sør-Afrika): ein lang kamp mot rasisme og apartheid apasje m apasjen fl. apasjar, apasjane ein apasje er ein indianar frå ei nordamerikansk stamme apati m apatien (med., psykol.) apati er ein tilstand av (sjukeleg) likesæle og kjensleløyse:

05/01/2021 16:53


apatisk mange pasientar med depresjon har symptom på apati; veljarane vil reagere med apati om valkampen held fram slik apatisk adj n. apatisk fl. apatiske 1 (med., psykol.) som har symptom på apati: ein apatisk pasient 2 kjenslelaus, sløv: eg kjende meg nesten apatisk apatitt m apatitten (geol.) apatitt er eit mineral med sekskanta krystall i ulike fargar ape1 m apen fl. apar, apane 1 (zool.) ein ape er eit menneskeliknande pattedyr i ordenen primatar: vitje apane i dyreparken; dei fleste apar er planteetarar 2 (overf., neds.) ein ape er ein tosk, tulling ape2 v apar, apa, apa å ape er å herme etter; etterlikne: barn apar ofte etter foreldra apekatt m apekatten fl. apekattar, apekattane 1 (zool.) ein apekatt er det same som ein ape 2 ein apekatt er ein person som etterliknar noko(n): barn er små apekattar aperitiff m aperitiffen fl. aperitiffar, aperitiffane ein aperitiff er ein appetittvekkjande drikk før eit måltid: få servert ein aperitiff apokalypse m apokalypsen fl. apokalypsar, apokalypsane 1 (relig.) ein apokalypse er ei skrift som inneheld ei openberring om at verda går under: Johannes' openberring i Bibelen er ein apokalypse 2 (overf.) ein apokalypse er ei forferdeleg hending apokalyptisk adj n. apokalyptisk fl. apokalyptiske 1 som openberrar noko 2 prega av undergangsstemning apokope m apokopen fl. apokopar, apokopane (språkv.) apokope er bortfall av ein lyd el. ei staving i slutten av eit ord (jf. synkope) apokryf adj n. apokryft fl. apokryfe (særl. relig.) ikkje-kanonisk, uekte: i mange bibelutgåver blir dei apokryfe skriftene gjevne som tillegg; apokryfe utsegner; mots. kanonisk apokryfisk adj n. apokryfisk fl. apokryfiske (særl. relig.) apokryf apolitisk adj n. apolitisk fl. apolitiske som ikkje er politisk: leve eit apolitisk liv; økologi blir ofte framstilt som apolitisk; mots. politisk apologi m apologien fl. apologiar, apologiane 1 (relig.) ein apologi er eit forsvarsskrift el. ein forsvarstale for kristendommen 2 (overf.) ein apologi er òg eit forsvar mot ein kritikk apopleksi m apopleksien fl. apopleksiar, apopleksiane (med.) apopleksi er det same som hjernebløding el. -slag

NN_hoveddel_justert_test.indd 43

app

43

apoplektisk adj n. apoplektisk fl. apoplektiske (med.) som gjeld el. er disponert for apopleksi: ho pleier sin apoplektiske mann ■ apoplektisk anfall 1 (med.) anfall med apopleksi: han døydde av eit apoplektisk anfall 2 (overf.) raserianfall: far min hadde fått apoplektisk anfall om han hadde visst det apostel m apostelen fl. apostlar, apostlane 1 (relig.) ein apostel er ein disippel av Jesus og misjonæren Paulus 2 (relig.) ein apostel er ein første misjonær i eit land 3 (overf.) ein apostel er ein person som kjempar for ei sak el. forkynner ein bodskap: ein apostel for ikkje-vald apostolisk adj n. apostolisk fl. apostoliske 1 (relig.) som gjeld el. stammar frå apostlane: den apostoliske truvedkjenninga 2 (relig.) som gjeld paven: den apostoliske stolen ■ apostolisk suksesjon (relig.) ubroten rekkje av bispar el. pavar frå apostlane til i dag apostrof m apostrofen fl. apostrofar, apostrofane (språkv.) ein apostrof er eit skriftteikn (') som blir brukt til å markere utelatne bokstavar el. genitiv i ord som sluttar på s, x og z

A B C D E F G H I J K L M N O

apostrof Blir markert i skrift med ’ og står mellom bokstavar.

P

1 Erstattar éin eller fleire utelatne bokstavar: Det får’n seie (han). Go’bitar (god-). På’n igjen (han). På same måte i enkelte framandord og namn av fransk opphav: raison d’être (de). Jeanne d’Arc (de). 2 Står i staden for genitivs-s i ord som endar på -s, -x, -z: Nils’ lue. Blix’ salmar. Franz’ bok.

Q R S T U V

apotek n apoteket fl. apotek, apoteka 1 eit apotek er ein utsalsstad for legemiddel: apoteket tar imot reseptar digitalt 2 eit apotek er ei lita samling medikament, plaster o.l.: kvar heim bør ha eit apotek; lommeapotek, reiseapotek apotekar m apotekaren fl. apotekarar, apotekarane ein apotekar er ein person som har farmasi som fag, og som er innehavar av eit apotek (jf. farmasøyt) app m appen fl. appar, appane (ikt) app er ei kortform av applikasjon: det finst mange nyttige appar

W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


apparat Ñapparat n apparatet fl. apparat, apparata

1 eit apparat er ein konstruksjon som fungerer som eit instrument, ein reiskap el. eit anna hjelpemiddel; fotoapparat, høyreapparat, måleapparat 2 (overf.) eit apparat er eit system el. ein mekanisme: det vart sett i gang eit stort apparat; utan eit vedtatt budsjett vil apparatet stoppe opp apparatur m apparaturen fl. apparaturar, apparaturane ein apparatur er eit sett av apparat: apparaturen består av fleire einingar apparisjon m apparisjonen fl. apparisjonar, apparisjonane ein apparisjon er ei framtoning, ein tilsynekomst: den fysiske apparisjonen til skodespelaren appell m appellen fl. appellar, appellane 1 (jur., særl. i eldre tid) ein appell er ein anke 2 ein appell er ei inderleg oppmoding: rette ein appell til nokon 3 ein appell er eit kort agitatorisk innlegg: formannen heldt ein sterk appell 4 (mil.) ein appell er eit militært samlingssignal 5 appell blir òg brukt om evna ein hund har til å lystre: først måtte vi trene appell ■ ha appell vere interessant el. tiltrekkjande: sportssendingar har stor appell appellativ1 n appellativet fl. appellativ, appellativa (språkv.) eit appellativ er eit fellesnamn (jf. proprium) appellativ2 adj n. appellativt fl. appellative som vekkjer sympati el. vinn gjenklang hos nokon: ein svært appellativ reklame appellere v appellerer, appellerte, appellert 1 (jur., særl. i eldre tid) å appellere er å anke 2 å appellere er å påkalle sympati el. vinne gjenklang hos nokon: dette appellerte veldig til meg; serien appellerer til oss som menneske appelsin m appelsinen fl. appelsinar, appelsinane (bot.) ein appelsin er ei rund sitrusfrukt av appelsintreet med oransje fruktkjøt og skal appelsinhud f appelsinhuda appelsinhud er det same som cellulitt appendiks1 m appendiksen fl. appendiksar, appendiksane (anat., med.) ein appendiks er (eit vedheng til) ein blindtarm appendiks2 n appendikset fl. appendiks, appendiksa eit appendiks er eit tillegg (i ei bok): boka har eit teknisk appendiks appetitt m appetitten (òg overf.) ein appetitt er ei matlyst: dei åt med god appetitt; ha appetitt på livet appetittleg adj n. appetittleg fl. appetittlege 1 delikat og innbydande: ei appetittleg

NN_hoveddel_justert_test.indd 44

44

aprilsnarr

linsesuppe; maten kan etast sjølv om han ikkje ser appetittleg ut 2 (overf.) akseptabel: motebladet har dessverre gjort etevegringar appetittleg applaudere v applauderer, applauderte, applaudert 1 å applaudere er å vise heider el. glede ved å klappe, kome med tilrop e.l.: då teppet fall, applauderte alle 2 (overf.) å applaudere er å vere begeistra for; godkjenne: dei burde applaudert eit slikt tiltak applaus m applausen fl. applausar, applausane ein applaus er ei godkjenning (i form av handklapp): dei hausta stor applaus; bli møtt med stormande applaus applikasjon m applikasjonen fl. applikasjonar, applikasjonane 1 applikasjon er det å applikere: applikasjon av blonder 2 ein applikasjon er ein stoffpynt som er sydd på eit stoff: det er morosamt med applikasjonar på barneklede 3 applikasjon er det å applisere; bruk: applikasjon av ein teori 4 (ikt) ein applikasjon er eit dataprogram som er spesiallaga for mobile einingar; app: laste ned ein applikasjon på telefonen applikere v applikerer, applikerte, applikert å applikere er å lime el. sy på applikasjon: ein løpar med applikerte blomar applisere v appliserer, appliserte, applisert å applisere er å bruke, nytte: applisere ein metode; vi kan applisere dei same tala ein gong til apport [apårt] interj brukt som kommando til ein hund for å få han til å hente noko (t.d. jaktbytte) apportere [apårtere] v apporterer, apporterte, apportert (om hund) å apportere er å hente og levere: hunden apporterte rypa apposisjon m apposisjonen fl. apposisjonar, apposisjonane (språkv.) ein apposisjon er eit sideordna og utdjupande el. forklarande tillegg til eit ord : i 'Harald, Noregs konge' er 'Noregs konge' ein apposisjon approbasjon m approbasjonen fl. approbasjonar, approbasjonane approbasjon er det å approbere; godkjenning: styresmaktene gav approbasjon til oppføring av eit nybygg aprikos m aprikosen fl. aprikosar, aprikosane (bot.) ein aprikos er ei rund oransjegul steinfrukt av aprikostreet med søt og syrleg smak Ñapril subst april er den fjerde månaden i året: ha bursdag i april aprilsnarr m aprilsnarren fl. aprilsnarrar, aprilsnarrane 1 ein aprilsnarr er ei falsk historie el. eit falskt

05/01/2021 16:53


aprilspøk nyhende som ein prøver å få andre til å tru på den 1. april; aprilspøk 2 ein aprilsnarr er ein person som blir narra den 1. april aprilspøk m aprilspøken fl. aprilspøkar, aprilspøkane ein aprilspøk er ei falsk historie el. eit falskt nyhende som ein prøver å få andre til å tru på den 1. april; aprilsnarr a priori adv på førehand, utan gransking først apriorisk adj n. apriorisk fl. aprioriske uavhengig av røynsle: ei apriorisk gjetting apropos1 [apropo] n aproposet fl. apropos, aproposa eit apropos er ein merknad el. ei hending som blir oppfatta som relevant for noko ein snakkar om: kome med eit apropos til det som vart sagt; songane vart spela på radio som eit apropos til aktuelle hendingar apropos2 [apropo] adv 1 sidan vi snakkar om det: apropos vêrmeldinga, no skin sola 2 høveleg, passande: sola kom svært apropos Ar symb (kjemi) symbol for argon ar n aret fl. ar, ara (fysikk) ar er ei måleining for areal tilsvarande 100 m2; symb. a ara m araen fl. araer, araene (zool.) ein ara er ein stor papegøye med lang halestjert og sterke fargar arabar m arabaren fl. arabarar, arabarane 1 ein arabar er ein person som tilhøyrer eit arabisktalande folk i Midtausten og NordAfrika 2 (spøk.) ein arabar er ein person frå Haugesund 3 (zool.) ein arabar er ein hest av ein rase frå den arabiske halvøya arabesk m arabesken fl. arabeskar, arabeskane 1 (arkit.) ein arabesk er eit bladornament av arabisk opphav 2 (mus.) ein arabesk er eit klaverstykke med fri utvikling av musikalske idear 3 (sport, i ballett) arabesk er ei stilling der dansaren står på eitt bein med horisontal kropp og det andre beinet retta bakover arabisk1 m arabisken (berre i eintal, språkv.) arabisk er eit offisielt språk i fleire av landa i Midtausten og Nord-Afrika: lære seg arabisk arabisk2 adj n. arabisk fl. arabiske som gjeld arabarar og landa i Midtausten og NordAfrika: arabisk kultur arak m araken fl. arakar, arakane (ein) arak er (eit glas el. ei flaske med) søraustasiatisk romliknande brennevin av palmesaft og ris Ñarbeid n arbeidet fl. arbeid, arbeida 1 eit arbeid er ei fysisk og/el. åndeleg el. maskinell verksemd for å skape el. oppnå

NN_hoveddel_justert_test.indd 45

45

arbeidskontrakt

noko: manuelt arbeid; få arbeidet unna; dette krev mykje arbeid 2 (fysikk) eit arbeid er ei kraft multiplisert med ei veglengd 3 eit arbeid er eit slit, strev: leggje arbeid i noko; det har kosta mykje arbeid 4 eit arbeid er ei (inntektsgjevande) sysselsetjing; jobb: ha fast arbeid; ho er på arbeid 5 eit arbeid er eit resultat av eit arbeid (i bet. 1, 3 og 4): det var eit flott stykke arbeid arbeidar m arbeidaren fl. arbeidarar, arbeidarane 1 ein arbeidar er ein person som arbeider: han er ein flink liten arbeidar; miljøarbeidar 2 ein arbeidar er ein lønt fag- el. kroppsarbeidar: ein faglært arbeidar; arbeidarane på oljeplattforma 3 (zool.) ein arbeidar er ei bie el. ein maur som arbeider arbeidarklasse f arbeidarklassa ei arbeidarklasse er ei samfunnsklasse med lite kapital; proletariat arbeidarrørsle f arbeidarrørsla fl. arbeidarrørsler, arbeidarrørslene (særl. i bf. eintal) ei arbeidarrørsle er ei fagleg og politisk rørsle som har som mål å vareta interessene til arbeidarane: den norske arbeidarrørsla høyrer til på venstresida Ñarbeide v arbeider, arbeidde, arbeidd 1 å arbeide er å utføre (lønt) arbeid; jobbe: arbeide med leksene; arbeide for ei god sak; ho arbeider i eit stort forlag; han arbeidde frå morgon til kveld; mange eldre vil gjerne halde fram med å arbeide 2 å arbeide er å fungere, verke: hjartet arbeider jamt; maskina arbeider godt 3 (jordbr.) å arbeide er å omarbeide: arbeide opp jorda arbeidsam adj n. arbeidsamt fl. arbeidsame 1 som arbeider iherdig og målmedvite; flittig: ho er ein arbeidsam elev 2 arbeidskrevjande, tung: ei arbeidsam oppgåve arbeidsfør adj n. arbeidsført fl. arbeidsføre med helse til å arbeide arbeidsgjevar m arbeidsgjevaren fl. arbeidsgjevarar, arbeidsgjevarane el. arbeidsgivar m arbeidsgivaren fl. arbeidsgivarar, arbeidsgivarane (jur.) ein arbeidsgjevar er eit firma el. ein person som sysselset og lønner andre: arbeidstakar og arbeidsgjevar må inngå avtale arbeidskontrakt m arbeidskontrakten fl. arbeidskontraktar, arbeidskontraktane (jur.) ein arbeidskontrakt er ein kontrakt, ein avtale som regulerer eit arbeid

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


arbeidskraft arbeidskraft f arbeidskrafta fl. arbeidskrefter, arbeidskreftene 1 ei arbeidskraft er ei arbeidsevne el. ein arbeidskapasitet: ho er aktiv og har stor arbeidskraft 2 ei arbeidskraft er ein el. fleire personar som utfører el. kan utføre eit arbeid: mangel på kvalifisert arbeidskraft arbeidslaus adj n. arbeidslaust fl. arbeidslause utan arbeid: nyutdanna, blakk og arbeidslaus arbeidsliv n arbeidslivet eit arbeidsliv er ein del av livet kjennteikna av produktivt (samfunns)arbeid; yrkesliv: eit langt arbeidsliv; kome seg ut i arbeidslivet arbeidsmarknad m arbeidsmarknaden fl. arbeidsmarknader, arbeidsmarknadene (økon.) ein arbeidsmarknad er ein marknad for tilbod av og etterspurnad etter arbeidskraft ■ stram arbeidsmarknad arbeidsmarknad med større etterspurnad enn tilbod på arbeidskraft arbeidsmiljølov f arbeidsmiljølova fl. arbeidsmiljølover, arbeidsmiljølovene (særl. i bf. eintal, jur.) ei arbeidsmiljølov er ei lov som omfattar arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern: arbeidsmiljølova skal sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø Ñarbeidsplass m arbeidsplassen fl. arbeidsplassar, arbeidsplassane 1 ein arbeidsplass er ein stad der ein har arbeidet sitt: ho treivst godt på arbeidsplassen 2 ein arbeidsplass er ein jobb, post: tryggje arbeidsplassane; det trengst fleire arbeidsplassar i kommunen arbeidstakar m arbeidstakaren fl. arbeidstakarar, arbeidstakarane ein arbeidstakar er ein person i lønt arbeid: arbeidstakar og arbeidsgjevar må inngå avtale arbitrær adj n. arbitrært fl. arbitrære skjønnsmessig, vilkårleg: ein arbitrær storleik arboret n arboretet fl. arboret, arboreta (bot.) eit arboret er ei systematisert samling av buskar og tre, som er gjenstand for forsking, undervising og utprøving arborist m arboristen fl. arboristar, arboristane ein arborist er ein spesialist i handsaming (særl. felling) av tre: arboristen trur treet har vorte forgifta ard m arden fl. ardar, ardane (i eldre tid) ein ard var ein liten treplog Ñareal n arealet fl. areal, areala 1 (matem.) eit areal er eit flateinnhald: rekne ut arealet av sirkelen; arealet av leilegheita målt frå ytterveggene 2 (geogr.) eit areal er eit landområde, ei strekning; jordbruksareal, grøntareal

NN_hoveddel_justert_test.indd 46

46

arisk

arena m arenaen fl. arenaer, arenaene 1 (særl. i eldre tid) ein arena er ein rund stridsplass i eit romersk amfiteater el. eit spansk tyrefektarstadion 2 (særl. i samansetjingar) ein arena er eit avgrensa område med ulike funksjonar; fritidsarena, konsertarena, messearena 3 (overf.) ein arena er ein stad der noko skjer: gjere sin entré på den politiske arenaen arendalitt m arendalitten fl. arendalittar, arendalittane ein arendalitt er ein person som bur i el. kjem frå Arendal arg adj n. argt fl. arge 1 forbitra, sint: han var ein arg fyr 2 (særl. i eldre tid) lumsk, vond: arge fiendar arge v argar, arga, arga å arge er å gjere arg, sint argentinar m argentinaren fl. argentinarar, argentinarane ein argentinar er ein person som bur i el. kjem frå Argentina argentinsk adj n. argentinsk fl. argentinske som gjeld Argentina el. argentinarar argon n argonet (kjemi) argon er eit ikkjemetallisk grunnstoff; symb. Ar Ñargument n argumentet fl. argument, argumenta eit argument er ei grunngjeving for el. mot ein påstand: dei hadde ganske mange gode argument; dette argumentet er basert på manglande kunnskap argumentasjon m argumentasjonen fl. argumentasjonar, argumentasjonane 1 argumentasjon er det å argumentere: drive med argumentasjon 2 ein argumentasjon er ein måte å argumentere på; bevisføring: ein sakleg argumentasjon; argumentasjonen har vesentlege veikskapar argumentere v argumenterer, argumenterte, argumentert å argumentere er å leggje, setje fram argument: han argumenterte for framlegget; det var som å argumentere med eit barn ariadnetråd m ariadnetråden fl. ariadnetrådar, ariadnetrådane ein ariadnetråd er ei rettesnor el. ei hjelp i ei komplisert sak ariar m ariaren fl. ariarar, ariarane 1 ein ariar er ein person med indoeuropeisk opphav el. som bruker eit språk i India el. i Iran 2 (i nazistisk raselære) ein ariar er ein person av nordeuropeisk opphav; ikkje-jøde arie m arien fl. ariar, ariane (mus.) ein arie er eit songstykke for éi stemme: ho song ein utruleg arie; operaen har fleire vakre ariar arisk adj n. arisk fl. ariske 1 som gjeld el. kjenneteiknar ariarar

05/01/2021 16:53


aristokrat 2 (i nazistisk raselære) ikkje-jødisk: den ariske rasen aristokrat m aristokraten fl. aristokratar, aristokratane 1 ein aristokrat er ein person som tilhøyrer aristokratiet 2 (overf.) ein aristokrat er ein fornem el. forfina person aristokrati n aristokratiet fl. aristokrati, aristokratia 1 (polit.) aristokrati er ei styreform der berre overklassa har politisk innverknad 2 eit aristokrati er ein adel, ei overklasse: det engelske aristokratiet 3 eit aristokrati er ein krins av personar som er dominerande el. viktige på eit bestemt område; elite: eit kulturelt aristokrati; det intellektuelle aristokratiet aristokratisk adj n. aristokratisk fl. aristokratiske som gjeld el. kjenneteiknar aristokratiet aritmetikk m aritmetikken (matem.) aritmetikk er læra om tal og grunnleggjande reknereglar aritmetisk adj n. aritmetisk fl. aritmetiske (matem.) som gjeld aritmetikk ■ aritmetisk rekkje (matem.) talrekkje der differansen mellom to naboledd alltid er den same (jf. geometrisk) ark1 f arka fl. arker, arkene 1 (særl. relig.) ei ark er ei kiste, eit skrin 2 (sjø.) ei ark er eit skip: Noahs ark 2 Ñark n arket fl. ark, arka 1 eit ark er eit (firkanta) stykke papir: teikne på eit ark; arket hadde formatet A4; i brevet låg det tre tettskrivne ark; brevark, papirark 2 eit ark er ein del av ei trykt bok (vanlegvis på 16 sider) arkade m arkaden fl. arkadar, arkadane (arkit.) ein arkade er ei rekkje av pilarar med boge over arkaisk adj n. arkaisk fl. arkaiske (særl. om språk( form)) som er el. verkar forelda; gammaldags: eit arkaisk språk; den gamle definisjonen er arkaisk arkaisme m arkaismen fl. arkaismar, arkaismane (språkv.) ein arkaisme er ei bøyingsform, eit ord el. eit uttrykk som er el. verkar forelda arkeolog m arkeologen fl. arkeologar, arkeologane (arkeol.) ein arkeolog er ein person med arkeologi som fag arkeologi m arkeologien (arkeol.) arkeologi er studiet av og læra om eldre kulturar på bakgrunn av oldfunn og fornminne arkeologisk adj n. arkeologisk fl. arkeologiske (arkeol.) som gjeld arkeologi: arkeologiske utgravingar

NN_hoveddel_justert_test.indd 47

47

arm

arketyp m arketypen fl. arketypar, arketypane el. arketype m arketypen fl. arketypar, arketypane 1 ein arketyp er ein original, ei urform 2 (psykol.) ein arketyp er ei fellesmenneskeleg, umedviten førestilling arketypisk adj n. arketypisk fl. arketypiske som gjeld arketypar: det er mange arketypiske kvinneroller arkitekt m arkitekten fl. arkitektar, arkitektane 1 (arkit.) ein arkitekt er ein person med arkitektur som fag: hytta er teikna av ein arkitekt 2 (overf.) ein arkitekt er ein person som står bak noko: han var arkitekten bak avtalen arkitektonisk adj n. arkitektonisk fl. arkitektoniske (arkit.) som gjeld arkitektur arkitektur m arkitekturen fl. arkitekturar, arkitekturane 1 (arkit.) arkitektur er (studiet av og læra om) det å planleggje, utforme og oppføre byggverk og anna fysisk miljø: ha ein master i byggjeteknikk og arkitektur; hagearkitektur, interiørarkitektur, landskapsarkitektur 2 (arkit.) ein arkitektur er ein byggjestil: moderne arkitektur; eg likar godt arkitekturen i huset 3 (ikt) ein arkitektur er ein struktur; dataarkitektur, systemarkitektur arkiv n arkivet fl. arkiv, arkiva eit arkiv er (ein bygning el. eit rom med) ei ordna samling av bilete, dokument e.l.: gjere eit dykk i arkivet; eit arkiv med målføresetlar arkivar m arkivaren fl. arkivarar, arkivarane ein arkivar er ein person som arbeider ved eit arkiv; riksarkivar arkivere v arkiverer, arkiverte, arkivert å arkivere er å ordne og lagre bilete, dokument e.l. etter eit bestemt system: arkivere e-post; arkivere gamle notat arktisk adj n. arktisk fl. arktiske (geogr.) som gjeld Arktis: arktisk klima 1 Ñarm m armen fl. armar, armane 1 (anat.) ein arm er ein kroppsdel som går ut frå overkroppen på menneske og apar: gå arm i arm; overarm, underarm 2 ein arm er noko som liknar på ein arm (i bet. 1): ein lysestake med to armar; blekkspruten har åtte armar; fjordarm ■ på strak arm (overf.) utan vidare ■ ta imot med opne armar (overf.) ta hjarteleg imot arm2 adj n. armt fl. arme fattig, stakkarsleg: vi må hjelpe den arme mannen ■ arme riddarar (mat.) dessert av steikte loffskiver

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


armada ■ ikkje vite si arme råd ikkje vite utveg armada m armadaen fl. armadaer, armadaene 1 (mil.) ein armada er ein (stor) krigsflåte: den spanske armadaen 2 (overf.) ein armada er ei stor mengd: ein armada av midtbanespelarar armatur m armaturen fl. armaturar, armaturane ein armatur er alt som høyrer til ei maskin el. eit teknisk anlegg armband n armbandet fl. armband, armbanda eit armband er eit smykke til å ha rundt handleddet (el. armen) armbandsur n armbandsuret fl. armbandsur, armbandsura eit armbandsur er ei klokke til å ha rundt handleddet armbrøst m armbrøsten fl. armbrøstar, armbrøstane (sport) ein armbrøst er eit gammalt skytevåpen i form av ein mekanisk spent boge med pil(er) som blir utløyst med ein avtrekkjar arme v armar, arma, arma å arme er å gjere kraftlaus, svak armé m armeen fl. armear, armeane el. arme m armeen fl. armear, armeane 1 (mil., i utlandet) ein armé er ei krigsmakt el. ein hærstyrke i eit land 2 (overf.) ein armé er ei stor mengd: ein heil armé av loddseljarar armenar m armenaren fl. armenarar, armenarane ein armenar er ein person som bur i el. kjem frå Armenia armensk adj n. armensk fl. armenske som gjeld Armenia el. armenarar armere v armerer, armerte, armert 1 (mil.) å armere er å utruste, væpne: armere ein festning 2 (mil.) å armere er å gjere noko i stand til å eksplodere: armere ei mine 3 å armere er å forsterke, styrkje: armere betong med stålstenger armering f armeringa fl. armeringar, armeringane 1 (mil.) armering er det å utruste, væpne 2 (mil.) armering er det å gjere ei bombe, mine e.l. i stand til å eksplodere 3 ei armering er ei forsterking av eit materiale: øydeleggje armeringa i bygget armheving f armhevinga fl. armhevingar, armhevingane (sport) (ei) armheving er ei styrkeøving som går ut på å løfte kroppen frå ei liggjande stilling med hjelp av armane; pushup: gjere armhevingar armod f armoda armod er det same som fattigdom, nød: leve i armod armodsleg adj n. armodsleg fl. armodslege fattigsleg: eit armodsleg liv

NN_hoveddel_justert_test.indd 48

48

arrestasjon

aroma m aromaen fl. aromaer, aromaene ein aroma er ei god, krydra duft (el. ein god, krydra smak): kaffi med god aroma; smaken er balansert og aromaen frisk og blomeaktig aromasopp m aromasoppen fl. aromasoppar, aromasoppane (bot.) ein aromasopp er ein brun sjampinjongliknande sopp med sterk duft og smak aromatisk adj n. aromatisk fl. aromatiske med aroma: aromatisk kaffi arr1 n arret fl. arr, arra (bot.) eit arr er ein del av forplantingsorganet til ein blom arr2 n arret fl. arr, arra (med.) eit arr er eit merke etter eit sår som har grodd Ñarrangement [arangsjemang] n arrangementet fl. arrangement, arrangementa 1 arrangement er det å arrangere 2 eit arrangement er ei hending, tilstelling: bli invitert til arrangementet 3 eit arrangement er ein måte noko er arrangert, ordna på; blomearrangement, orkesterarrangement 4 (mus.) eit arrangement er ei omarbeiding av eit musikkstykke: lære komposisjon og arrangement Ñarrangere [arangsjere] v arrangerer, arrangerte, arrangert 1 å arrangere er å førebu og ha ansvar for ein aktivitet el. ei hending: arrangere ein fest; arrangere ei utstilling 2 å arrangere er å ordne: arrangere bilete; arrangere grønsakene på eit fat 3 (mus.) å arrangere er å omarbeide musikk for ei bestemd besetning, ofte ei anna enn den originale: arrangere musikk på varierte måtar ■ arrangert ekteskap (som adj. i perf. partisipp) ekteskap der foreldre og familie i større el. mindre grad avgjer val av ektefelle arrangør [arangsjør] m arrangøren fl. arrangørar, arrangørane ein arrangør er ein person, organisasjon e.l. som arrangerer noko: vere arrangør av eit idrettsstemne; festivalarrangør arrest m arresten fl. arrestar, arrestane 1 (jur.) ein arrest er ei mellombels fengsling av ein person: soldaten fekk ei veke med arrest 2 (jur.) ein arrest er ei kverrsetjing av gods: kommunen har tatt arrest i ein villa 3 ein arrest er eit rom for arrest (i bet. 1): han sat i arresten over natta 4 (mil.) ein arrest er ein vaktarrest; kakebu arrestant m arrestanten fl. arrestantar, arrestantane (jur.) ein arrestant er ein person som er arrestert arrestasjon m arrestasjonen fl. arrestasjonar, arrestasjonane

05/01/2021 16:53


arrestere 1 (jur.) arrestasjon er det å arrestere: arrestasjon er ein del av jobben 2 (jur.) ein arrestasjon er ei pågriping: det er gjort arrestasjonar i narkotikasaka arrestere v arresterer, arresterte, arrestert 1 (jur.) å arrestere er å stanse og fengsle ein person som er mistenkt for ei straffbar handling: arrestere nokon for fyllekøyring; den mistenkte vart arrestert 2 (overf.) å arrestere er å rette noko(n) på noko; korrigere: bli arrestert på den siste kommentaren arrete adj n. arrete fl. arrete full av arr: eit arrete kropp arroganse m arrogansen arroganse er ei sjølvgod og utfordrande åtferd; hovmod: han hadde mykje makt og stor arroganse arrogant adj n. arrogant fl. arrogante som viser arroganse; hovmodig: ei arrogant haldning arsen n arsenet (kjemi) arsen er eit halvmetallisk grunnstoff; symb. As arsenal n arsenalet fl. arsenal, arsenala 1 (mil.) eit arsenal er ein oppbevaringsstad for våpen og våpenteknisk materiell: landet har eit arsenal av kjemiske våpen 2 (overf.) eit arsenal er ei stor samling: eit heilt arsenal av flasker arsenikk m arsenikken (kjemi) arsenikk er ei kvit, utruleg giftig sambinding av arsen: forgifte nokon med arsenikk Ñart f arta fl. arter, artene 1 ei art er ein medfødd eigenskap 2 ei art er eit slag, ein type: tvang av ei slik art vil vekkje reaksjonar 3 (biol.) ei art er ei undergruppe av ei dyre- el. planteslekt: opphavet til artene; ulven er ei art i hundeslekta arte v artar, arta, arta brukt i uttrykka: ■ arte seg (refl.) utvikle seg; ta form: vi får sjå korleis det artar seg etter kvart; sjukdommen artar seg forskjellig frå person til person ■ arte seg vel (refl.) skikke seg bra: barna arta seg vel artefakt m artefakten fl. artefaktar, artefaktane ein artefakt er ein gjenstand som er laga av (fortidige) menneske: vi fann to artefaktar, ein kniv og ei øks frå steinalderen arterie m arterien fl. arteriar, arteriane (med.) ein arterie er ei pulsåre artifisiell adj n. artifisielt fl. artifisielle kunstig: artifisiell intelligens; artifisielle fargestoff artig adj n. artig fl. artige 1 hyggjeleg, morosam: ei artig oppleving; det var utruleg artig å vinne gull 2 rar, uvanleg: ein artig skapning Ñartikkel m artikkelen fl. artiklar, artiklane

NN_hoveddel_justert_test.indd 49

49

artistisk

1 ein artikkel er ei sjølvstendig tekst om eit bestemt emne: ein vitskapleg artikkel; skrive ein artikkel til ei avis 2 ein artikkel er eit avsnitt, stykke i ei (lov)bok: ho viste til tredje artikkel i avtalen; ordboksartikkel, trusartikkel 3 ein artikkel er ei vare el. eit vareslag: elektroniske artiklar; kjøpe og selje artiklar 4 (språkv.) ein artikkel er eit ord som blir knytt til adjektiv og substantiv for å vise bestemming, kjønn og tal: dei ubundne artiklane i nynorsk er 'ein', 'ei' og 'eit' artikulasjon m artikulasjonen fl. artikulasjonar, artikulasjonane 1 (språkv.) artikulasjon er det å artikulere: du må jobbe med artikulasjonen 2 (språkv.) ein artikulasjon er ein måte som ein språklyd er forma på: han har ein god og tydeleg artikulasjon av r-lyden artikulere v artikulerer, artikulerte, artikulert 1 (språkv.) å artikulere er å forme ein språklyd: du må snakke høgare og artikulere betre 2 (overf.) å artikulere er å uttrykkje (seg) el. la noko kome til uttrykk på ein klar måte: ho er flink til å artikulere seg; det er umogleg å artikulere brennbare politiske emne artilleri n artilleriet fl. artilleri, artilleria 1 (mil.) eit artilleri er eit tungt skyts (t.d. bombekastarar og rakettar) 2 (mil.) eit artilleri er ei militær avdeling som bruker artilleri (i bet. 1) artillerist m artilleristen fl. artilleristar, artilleristane (mil.) ein artillerist er ein person som tenestegjer i eit artilleri artisjokk m artisjokken fl. artisjokkar, artisjokkane (bot.) (ei) artisjokk er (ei grønsak frå) ei korgplante frå middelhavslanda med lange, flikete blad og blå blomar artist m artisten fl. artistar, artistane 1 ein artist er ein populær (song)kunstnar: ein festival med mange kjende artistar; plateartist, popartist 2 ein artist er ein person som er veldig flink på området sitt (og som viser fram evnene sine på ei scene): han var ein artist på isen; sirkusartist, underhaldningsartist artisteri n artisteriet fl. artisteri, artisteria 1 eit artisteri er ein artistisk dugleik på eit bestemt område: ho har stemmeprakta, artisteriet og særpreget 2 (òg neds.) artisteri er ei dyrking av den kunstnariske forma heller enn innhaldet artistisk adj n. artistisk fl. artistiske kunstnarisk: ein artistisk kreativitet; eit artistisk blomstermønster

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


artium artium [artsium] m artiumen (utd., forelda) artium er ei kortform av examen artium artrose m artrosen (med.) artrose er ein kronisk sjukdom med smerter og stivleik i ledda på grunn av slitasje; slitasjegikt Ñarv m arven fl. arvar, arvane 1 arv er det å arve: tileigne seg ved arv 2 ein arv er noko som er arva el. kan arvast: ta opp arven; overta arv og gjeld; eigedommen gjekk i arv; få dei blonde lokkane i arv frå far arve1 m arven fl. arvar, arvane (bot.) ein arve er ei viltveksande plante i nellikfamilien, ofte sett på som ugras arve2 v arvar, arva, arva 1 (jur.) å arve er å overta ein el. fleire eigneluter etter ein person: arve pengar; ho arva huset og garden 2 (med.) å arve er å bere vidare ein el. fleire eigenskapar frå opphavet sitt: arve nasen til faren arveanlegg n arveanlegget fl. arveanlegg, arveanlegga (biol., med.) eit arveanlegg er eit anlegg i kromosoma arveavgift f arveavgifta fl. arveavgifter, arveavgiftene (jur., i eldre tid) ei arveavgift var ei avgift til staten på arv og enkelte gåver: arveavgifta vart så stor at dei måtte selje huset arvefølgje f arvefølgja fl. arvefølgjer, arvefølgjene el. arvefølge f arvefølga fl. arvefølger, arvefølgene el. arvefylgje f arvefylgja fl. arvefylgjer, arvefylgjene (jur.) ei arvefølgje er ei rekkjefølgje for korleis arv går til moglege arvingar: ei kongeleg arvefølgje arvegods n arvegodset fl. arvegods, arvegodsa 1 eit arvegods er ein el. fleire eigneluter som går i arv: gammalt arvegods 2 (overf.) eit arvegods er eit åndeleg materiale frå tidlegare tider: verne kulturelt arvegods; tanken er eit arvegods frå den førre regjeringa arveleg adj n. arveleg fl. arvelege (òg spøk.) som går i arv: ein arveleg sjukdom; eg er arveleg belasta, med to foreldre i skulen arverett m arveretten 1 (jur.) arverett er ei fellesnemning for dei rettsreglane som gjeld arv 2 (jur.) ein arverett er ein juridisk rett som nokon har til arv: miste arveretten arving m arvingen fl. arvingar, arvingane (jur., òg spøk.) ein arving er ein person med arv el. arverett: arvingane krangla stadig; ho var gravid og venta ein liten arving arvtakar m arvtakaren fl. arvtakarar, arvtakarane 1 (jur.) ein arvtakar er ein arving 2 (overf.) ein arvtakar er ein etterfølgjar som fører noko vidare

NN_hoveddel_justert_test.indd 50

50

ask

arytmi m arytmien fl. arytmiar, arytmiane (med.) ein arytmi er ein uregelmessig hjarterytme As symb (kjemi) symbol for arsen ASA fork (økon.) forkorting for allmennaksjeselskap asal m asalen fl. asalar, asalane (bot.) ein asal er ei busk- el. treart i rosefamilien med kvite blomar; bergasal, rognasal, sølvasal asbest m asbesten (geol.) asbest er eit fintråda mineral som gjev frå seg helsefarleg støv ase v asar, asa, asa 1 å ase er å bråke, ståke: ase og mase 2 å ase er å slite, streve: ase seg ut ■ ase seg opp (refl.) bli hissig el. uroleg aseksuell adj n. aseksuelt fl. aseksuelle 1 (om person) som har manglande seksuell lyst, el. som ikkje vil inkludere andre i eigen seksualitet 2 (biol., om organisme) med ukjønna formeiring asen n asenet fl. asen, asena 1 (relig., forelda) eit asen er eit esel 2 (overf.) eit asen er ein tosk, tulling: ditt asen! aseptisk adj n. aseptisk fl. aseptiske 1 (med.) fri for bakteriar og andre mikroorganismar; steril: aseptiske gjenstandar 2 (med., om infeksjon) som ikkje kjem av smittestoff: aseptisk meningitt aserbajdsjanar m aserbajdsjanaren fl. aserbajdsjanarar, aserbajdsjanarane ein aserbajdsjanar er ein person som bur i el. kjem frå Aserbajdsjan aserbajdsjansk adj n. aserbajdsjansk fl. aserbajdsjanske som gjeld Aserbajdsjan el. aserbajdsjanarar asfalt m asfalten fl. asfaltar, asfaltane 1 asfalt er ein tjuktflytande destillasjonsrest av råolje 2 ein asfalt er eit vegdekke av asfalt (i bet. 1) og steinmateriale: leggje ny asfalt asfaltere v asfalterer, asfalterte, asfaltert å asfaltere er å leggje asfalt på (ei vegstrekning e.l.) asiat m asiaten fl. asiatar, asiatane ein asiat er ein person som bur i el. kjem frå Asia asiatisk adj n. asiatisk fl. asiatiske som gjeld Asia el. asiatar asjett m asjetten fl. asjettar, asjettane ein asjett er ein liten tallerken: på bordet sto eit glas med mjølk og ein asjett med to brødskiver ask m asken fl. askar, askane (bot.) ein ask er eit stort lauvtre i oljetrefamilien med små blomar og nøttefrukt

05/01/2021 16:53


askerbøring askerbøring m askerbøringen fl. askerbøringar, askerbøringane ein askerbøring er ein person som bur i el. kjem frå Asker askese m askesen fl. askesar, askesane (særl. relig.) askese er avståing frå sanseleg og materiell nyting: askese og bønn; hard trening og askese asket m asketen fl. asketar, asketane (særl. relig.) ein asket er ein person som lever asketisk, fråhaldande asketisk adj n. asketisk fl. asketiske (særl. relig.) som avstår frå sanseleg og materiell nyting; avhalden: ein asketisk livsførsel askiming m askimingen fl. askimingar, askimingane ein askiming er ein person som bur i el. kjem frå Askim askorbinsyre f askorbinsyra (kjemi) ei askorbinsyre er ei organisk syre som m.a. blir brukt som konserveringstoff i næringsmiddel; C-vitamin askrot f askrota fl. askrøter, askrøtene (bot.) ei askrot er ei fleirårig urt i rutefamilien, brukt i urtemedisin askøyværing m askøyværingen fl. askøyværingar, askøyværingane ein askøyværing er ein person som bur på el. kjem frå Askøy asosial adj n. asosialt fl. asosiale som ikkje kan el. vil innordne seg i eit samfunn: ein asosial person; ei asosial åtferd asparges m aspargesen fl. aspargesar, aspargesane 1 (bot.) asparges er ei høg plante(art) i aspargesfamilien med gulgrøne blomar 2 (bot.) ein asparges er eit grønt el. kvitt skot frå aspargesplanta, brukt som grønsak aspekt n aspektet fl. aspekt, aspekta 1 eit aspekt er ei side, ein synsvinkel: saka har fleire aspekt 2 (astron.) aspekt er ei innbyrdes stode mellom himmellekamar (særl. stjerner) 3 (språkv.) aspekt er ein formkategori som markerer korleis ei verbalhandling går føre seg (jf. aksjonsart) aspik m aspiken fl. aspikar, aspikane (mat.) ein aspik er ein gelé av fiske- el. kjøtkraft aspirant m aspiranten fl. aspirantar, aspirantane ein aspirant er ein person under opplæring til ei stilling el. eit verv: ein aspirant i skulekorpset; ho er ein av fleire aspirantar i utanrikstenesta aspirasjon m aspirasjonen fl. aspirasjonar, aspirasjonane 1 aspirasjon er det å aspirere; ambisjon, ønske: ha kunstnarlege aspirasjonar 2 (språkv.) aspirasjon er det å uttale ein språklyd med ein svak, men tydeleg pustelyd: lyden blir uttala med aspirasjon 3 (med.) aspirasjon er inhalasjon el. utsuging

NN_hoveddel_justert_test.indd 51

51

assonans

av væske: aspirasjon av sekret frå halsen; varsam aspirasjon er tilrådd før og under injisering aspirere v aspirerer, aspirerte, aspirert 1 å aspirere er å trå, streve etter å oppnå noko: han aspirerte til noko stort; skilnaden mellom det ein aspirerer mot og den faktiske levestandarden, er ofte stor 2 (språkv.) å aspirere er å lage ein språklyd med ein svak, men høyrleg pustelyd 3 (med.) å aspirere er å inhalere el. suge ut væske: aspirere vatn til lungene; eg aspirerer alltid når eg set ein injeksjon Ass m Assen fl. Assar, Assane el. ass m assen fl. assar, assane (mus.) (ein) Ass er ein tone som ligg eit halvt trinn lågare enn A Ass-dur m Ass-duren (mus.) Ass-dur er ei toneart med Ass som grunntone og ♭ for H, E, A og D assimilasjon m assimilasjonen fl. assimilasjonar, assimilasjonane 1 assimilasjon er det at ulike element tar opp i seg trekk frå kvarandre og blir likare 2 (biol.) assimilasjon er det at næring blir omdanna til celler og vev: assimilasjon av næringsstoff til plantene 3 (språkv.) assimilasjon er det at nærståande språklydar blir heilt el. delvis like; mots. dissimilasjon assimilere v assimilerer, assimilerte, assimilert 1 å assimilere er å gjere heilt el. meir lik: innvandrarane nekta å la seg assimilere; lyden 'mb' i ordet 'kamb' er i mange dialektar assimilert til 'mm' 2 (biol., med.) å assimilere er å ta opp næringsstoff assistanse [assistan(g)se] m assistansen fl. assistansar, assistansane assistanse er det same som hjelp: få personleg assistanse; få assistanse frå politiet assistent m assistenten fl. assistentar, assistentane ein assistent er ein person som assisterer; medhjelpar: arbeide som personleg assistent; tannlegeassistent assisterande adj n. assisterande fl. assisterande som assisterer, hjelper: ein assisterande lege assistere v assisterer, assisterte, assistert å assistere er å hjelpe, medverke: assistere under ein operasjon ass-moll m ass-mollen (mus.) ass-moll er ei toneart med Ass som grunntone og ♭ for H, E, A, D, G, C og F assonans m assonansen fl. assonansar, assonansane (littv.) ein assonans er ei gjentaking av lydar med lik el. liknande klang i ei verselinje

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


assortere assortere v assorterer, assorterte, assortert (òg som adj. i perf. partisipp) å assortere er å forsyne med godt vareutval: prioritere det å assortere; eit assortert utval assortiment [assårtimang] n assortimentet fl. assortiment, assortimenta eit assortiment er eit utval som ein bransje, butikk e.l. har av varer assosiasjon m assosiasjonen fl. assosiasjonar, assosiasjonane assosiasjon er det at ei førestilling, eit sanseinntrykk e.l. blir assosiert med noko anna: tilsynsfunksjonen gjev assosiasjon til politirolla; fargen gjev assosiasjonar til noko kjølig og roleg assosiere v assosierer, assosierte, assosiert 1 å assosiere er å knyte ei førestilling, eit sanseinntrykk e.l. saman med noko anna: eg assosierer ferie med sol og sommar; vi må ikkje automatisk assosiere realfag med menn 2 (refl.) å assosiere seg med er å slutte seg (laust) til: han ønskte ikkje å assosiere seg med noko bestemt parti; nordmenn som assosierte seg med okkupasjonsmakta assurandør m assurandøren fl. assurandørar, assurandørane 1 (økon.) ein assurandør er ein person som driv forsikringsverksemd 2 (økon.) ein assurandør er ein person el. eit selskap som overtar risikoen ved forsikring assuranse [assuran(g)se] m assuransen fl. assuransar, assuransane (økon.) ein assuranse er ei forsikring; brannassuranse, sjølvassuranse assurere v assurerer, assurerte, assurert (økon.) å assurere er å forsikre: assurere huset mot brann asterisk m asterisken fl. asteriskar, asteriskane (språkv.) ein asterisk er eit skriftteikn (*) som blir brukt til å markere ei konstruert språkleg form, tidlegare òg merknad el. fotnote asteroide m asteroiden fl. asteroidar, asteroidane (astron.) ein asteroide er ein (mindre) himmellekam som går i ellipsebane rundt sola: fleire asteroidar har passert nær jorda asters m astersen fl. astersar, astersane (bot.) ein asters er ei prydplante i korgplantefamilien astma m astmaen (med.) astma er ein kronisk sjukdom med hoste og andenød astmatikar m astmatikaren fl. astmatikarar, astmatikarane (med.) ein astmatikar er ein person som lir av astma astmatisk adj n. astmatisk fl. astmatiske 1 (med.) som kjem av astma: astmatiske plager 2 (med.) som lir av astma: eit astmatisk barn astral adj n. astralt fl. astrale (astron.) som gjeld stjerner astrofysikk m astrofysikken (astron., fysikk) astrofysikk er ei grein av moderne astronomi

NN_hoveddel_justert_test.indd 52

52

asymmetrisk

som skildrar dei fysiske og kjemiske eigenskapane ved materien i universet astrolog m astrologen fl. astrologar, astrologane (astrol.) ein astrolog er ein person som driv med astrologi astrologi m astrologien (astrol.) astrologi er læra om ein tenkt samanheng mellom stillinga til enkelte himmellekamar og hendingar på jorda astrologisk adj n. astrologisk fl. astrologiske (astrol.) som gjeld astrologi astronaut m astronauten fl. astronautar, astronautane (astron.) ein astronaut er ein romfarar (jf. kosmonaut) astronom m astronomen fl. astronomar, astronomane (astron.) ein astronom er ein person med astronomi som fag astronomi m astronomien (astron.) astronomi er studiet av og læra om himmellekamane og verdsrommet astronomisk adj n. astronomisk fl. astronomiske 1 (astron.) som gjeld astronomi: astronomiske observasjonar 2 (òg som forsterk. adv.) svært stor: ein astronomisk sum; eit astronomisk høgt tal asur m asuren 1 (kjemi) asur er eit mørkeblått fargestoff 2 asur er ein djup himmelblå farge asyl n asylet fl. asyl, asyla 1 (jur.) eit asyl er ein fristad, tilfluktsstad for ein politisk flyktning: søkje asyl i Noreg 2 (med., forelda) asyl er ei eldre nemning for psykiatrisk sjukehus asylmottak n asylmottaket fl. asylmottak, asylmottaka (jur.) eit asylmottak er eit statleg bustadtilbod til asylsøkjarar som kjem til Noreg asylrett m asylretten 1 (jur.) asylrett er ei fellesnemning på dei rettsreglane som gjeld for politisk asyl i eit land 2 (jur.) ein asylrett er ein rett som ein stat har til å gje flyktningar frå andre statar ein fristad asylsøkjar m asylsøkjaren fl. asylsøkjarar, asylsøkjarane el. asylsøkar m asylsøkaren fl. asylsøkarar, asylsøkarane (jur.) ein asylsøkjar er ein person som søkjer asyl i eit anna land enn heimlandet asymmetri m asymmetrien asymmetri er mangel på symmetri asymmetrisk adj n. asymmetrisk fl. asymmetriske som ikkje er symmetrisk: asymmetriske billys; mots. symmetrisk ■ asymmetrisk krigføring (mil.) krigføring der partane kjempar med ulik militær kapasitet

05/01/2021 16:53


asynkron asynkron adj n. asynkront fl. asynkrone som ikkje er el. verkar samstundes: ein asynkron lyd; asynkron dataoverføring; mots. synkron Ñat subj 1 brukt som innleiingsord i (substantiviske) leddsetningar, ofte utelate etter utsegnsverb: dei forstod (at) det var sant; eg er glad ( for at) det er over; han sa (at) han skulle kome 2 brukt i utrop for overrasking, irritasjon el. sorg: at du vågar!; at du kunne vere så dum!; at eg kunne gløyme det! atal adj n. atalt fl. atale vrang og vemjeleg: jenter kan vere ganske atale mot kvarandre ateisme m ateismen (filos.) ateisme er ei overtyding om at det ikkje finst gudar el. høgare makter ateist m ateisten fl. ateistar, ateistane (filos.) ein ateist er ein person som ikkje trur på høgare makter ateistisk adj n. ateistisk fl. ateistiske (filos.) som har med ateisme å gjere: eit ateistisk livssyn atelier [at(e)lie] n atelieret fl. atelier, ateliera eit atelier er eit arbeidsrom for ein kunstnar (t.d. fotograf el. målar) atlantisk adj n. atlantisk fl. atlantiske (geogr.) som gjeld (landa omkring) Atlanterhavet: eit atlantisk klima atlas1 m atlasen fl. atlasar, atlasane (særl. i bf. eintal, med.) atlasen er den øvste halsvirvelen atlas2 n atlaset fl. atlas, atlasa 1 (geogr.) eit atlas ei bok el. eit digitalt produkt med ei større samling av kart: han fann eit gratis atlas på nettet 2 eit atlas er eit større biletverk: eit naturhistorisk atlas atlet m atleten fl. atletar, atletane 1 (sport) eit atlet er ein idrettsutøvar: hellenske atletar; påmelding frå atletar til sykkelrittet 2 ein atlet er ein person med sterk og velbygd kropp: ho trenar med vekter og har vorte ein flott atlet atletisk adj n. atletisk fl. atletiske kraftig og muskuløs: ho hadde ein atletisk kropp atmosfære m atmosfæren fl. atmosfærar, atmosfærane 1 (særl. i bf. eintal, astron., fysikk) atmosfæren er eit gass- el. luftlag rundt jordkloden (el. ein annan himmellekam) 2 (i eintal) ein atmosfære er ein luftkvalitet på ein bestemd stad: atmosfæren i rommet var ikkje god 3 (i eintal, overf.) ein atmosfære er ei (god) stemning på ein stad: ein hyggjeleg atmosfære; atmosfæren var til å ta og føle på 4 (fysikk) atmosfære er ei måleining for trykk

NN_hoveddel_justert_test.indd 53

53

atskilleg

atmosfærisk adj n. atmosfærisk fl. atmosfæriske (astron., fysikk) som gjeld atmosfæren: eit atmosfærisk trykk atoksisk adj n. atoksisk fl. atoksiske ikkje giftig atoll m atollen fl. atollar, atollane (geogr.) ein atoll er eit ringforma korallrev med låge øyer rundt ein lagune Ñatom n atomet fl. atom, atoma 1 (kjemi) eit atom er den minste delen av eit grunnstoff, med ein kjerne av proton og nøytron i ei 'sky' av elektron 2 (filos.) eit atom er den minste grunndelen i materien atombombe f atombomba fl. atombomber, atombombene (mil.) ei atombombe er ei bombe med veldig sprengkraft, laga av kjernefysiske prosessar: forbod mot testing av atombomber atomisere v atomiserer, atomiserte, atomisert 1 (kjemi, fysikk) å atomisere er å dele opp i atom 2 (overf.) å atomisere er å dele opp i små einingar utan samanheng: atomisere problemet slik at vi ikkje ser heilskapen atomkraft f atomkrafta fl. atomkrefter, atomkreftene (fysikk) ei atomkraft er ei elektrisk kraft frå eit atomkraftverk; atomenergi atomkraftverk n atomkraftverket fl. atomkraftverk, atomkraftverka eit atomkraftverk er eit kraftverk drive av atomenergi atomreaktor m atomreaktoren fl. atomreaktorar, atomreaktorane (fysikk, kjemi) ein atomreaktor er ein reaktor der det blir frigjort energi ved kløyving av atomkjernar atomvåpen n atomvåpenet fl. atomvåpen, atomvåpena (mil.) eit atomvåpen er eit våpen der sprengverknaden blir oppnådd ved frigjering av kjerneenergi; kjernevåpen atonal adj n. atonalt fl. atonale (mus.) som gjeld atonalitet: atonal musikk; mots. tonal atrium n atriet fl. atrium, atria 1 (arkit.) eit atrium er eit innelukka uteareal 2 (arkit.) eit atrium er eit ope rom i midten av eit (romersk) hus atriumhus n atriumhuset fl. atriumhus, atriumhusa (arkit.) eit atriumhus er eit hus bygd rundt eit lukka uterom at-setning f at-setninga fl. at-setningar, at-setningane (språkv.) ei at-setning er ei (substantivisk) leddsetning som startar med 'at' atskilleg adj n. atskilleg fl. atskillege 1 (òg som adv.) ikkje så lite: ho er atskilleg betre no

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


att 2 som det er mange av: ha atskillege venner

Ñatt adv

1 bakover: gå att i båten 2 tilbake: kome heim att 3 igjen: kjenne att; få att pengar; kneppe att kåpa ■ att fram bak fram: ta på seg genseren att fram ■ att og fram fram og tilbake: gå att og fram på golvet ■ ikkje vite att eller fram (overf.) vere rådvill attaché [atasjé] m attacheen fl. attachear, attacheane el. attache m attacheen fl. attachear, attacheane ein attaché er ein tenesteperson ved ein utanriksstasjon, som har ei spesialoppgåve; handelsattaché, militærattaché, presseattaché attakk n attakket fl. attakk, attakka 1 (mil., forelda) attakk er ei eldre nemning for angrep, åtak: gjere eit plutseleg attakk 2 (med.) eit attakk er eit anfall, ei ri; hjarteattakk attanfor prep el. attanføre 1 bak: attanfor døra; havet attanfor fjellet 2 (som adv.) på el. til ein stad som ligg lenger tilbake; på baksida av: leiaren stod fremst og organisasjonen attanfor atten determ kvant grunntalet 18: du må ha fylt atten år for å kunne kjøpe øl og vin Ñattende adv 1 tilbake: kome attende 2 bakover i tid: sjå attende 3 bort til el. mot utgangspunktet: helse attende; krevje pengar attende; ta tilbodet attende; sende vara attende 4 på staden; fast: stå attende; halde nokon attende attentat n attentatet fl. attentat, attentata eit attentat er eit dødeleg angrep (særl. med politisk motiv): skytinga var eit målretta attentat; eit mislykka attentat mot presidenten; bombeattentat atter adv 1 (om fartøy) akter, bak: gå atter i båten 2 på nytt; igjen: prøve atter ein gong; nei og atter nei atterljom m atterljomen fl. atterljomar, atterljomane ein atterljom er ein lyd som blir kasta tilbake; ekko atterreise v atterreiser, atterreiste, atterreist 1 å atterreise er å byggje, reise noko opp att; gjenreise: atterreise bygningar etter krigen 2 (overf.) å atterreise er å få i stand noko på nytt: atterreise ungdomsgjengen atterreising f atterreisinga fl. atterreisingar, atterreisingane atterreising er det å atterreise; gjenreising: atterreisinga av Noreg etter krigen

NN_hoveddel_justert_test.indd 54

54

attpåklatt

attersyn n attersynet fl. attersyn, attersyna attersyn er det å sjå att noko(n); gjensyn attest m attesten fl. attestar, attestane ein attest er ei skriftleg stadfesting el. eit skriftleg vitnemål: ein attest på betala skatt; gje den tidlegare kollegaen ein god attest; arbeidsattest, dåpsattest, helseattest attestasjon m attestasjonen fl. attestasjonar, attestasjonane 1 attestasjon er det å attestere 2 ein attestasjon er ein attest, eit vitnemål attestere v attesterer, attesterte, attestert å attestere er å stadfeste: attestere ei underskrift; attestere kopiar av vitnemålet attetter prep attover attfor prep el. attføre 1 i vegen for; for: det kom ei stor sky attfor sola 2 bakanfor: bilen står attfor huset attforteljing f attforteljinga fl. attforteljingar, attforteljingane 1 attforteljing er det å fortelje att noko fortalt el. lese 2 (særl. utd.) ei attforteljing er ei (skriftleg) attgjeving av noko fortalt el. lese att fram adv → att attføring f attføringa fl. attføringar, attføringane attføring er det å attføre nokon som har vorte utsett for skade e.l. attgjeving f attgjevinga fl. attgjevingar, attgjevingane el. attgiving f attgivinga fl. attgivingar, attgivingane 1 attgjeving er det å gje att noko (fortalt el. lese) 2 ei attgjeving er ei fortolking, omsetjing: ei naturtru attgjeving; ei dårleg attgjeving av historia attityde m attityden fl. attitydar, attitydane 1 ein attityde er ei tydeleg haldning el. innstilling: ha ein positiv attityde; bandet formidlar attityde og ambisjon 2 ein attityde er ei uttrykksfull kroppsstilling: ein treningstime med masse attityde attmed prep 1 (òg som adv.) ved sida av: stå attmed bilen; julemat med noko attmed 2 attanfor attom prep 1 til baksida av: gå attom huset 2 (òg overf.) bak, attanfor: stå attom bilen; stå attom framlegget attpå prep 1 bakpå: henge attpå bilen 2 (som adv.) i tillegg: få noko attpå attpåklatt m attpåklatten fl. attpåklattar, attpåklattane (spøk.) ein attpåklatt er eit barn

05/01/2021 16:53


attpåsleng fødd ei god stund etter eitt el. fleire andre barn; attpåsleng: etter mange år fekk dei ein liten attpåklatt attpåsleng n attpåslenget fl. attpåsleng, attpåslenga 1 eit attpåsleng er noko som kjem el. blir gjeve i tillegg: eg overlèt det meste til han, så kjem eg med litt attpåsleng innimellom 2 (spøk.) eit attpåsleng er ein attpåklatt: mange år etter fekk dei eit attpåsleng med namn Knut attpåtil adv på toppen av det heile; attpå, dessutan: fast jobb og attpåtil i heimbygda attrahere v attraherer, attraherte, attrahert å attrahere er å dra, trekkje til seg: lokalet vil attrahere mange nye gjester; ein metode til å attrahere dei mest interessante kandidatane attraksjon m attraksjonen fl. attraksjonar, attraksjonane 1 (fysikk) attraksjon er tiltrekkingskraft 2 ein attraksjon er noko som trekkjer folk; trekkplaster: løvene var den største attraksjonen til sirkuset attraktiv adj n. attraktivt fl. attraktive freistande, tiltrekkjande: eit attraktivt yrke; ein attraktiv person; eit attraktivt buområde attre adj (opph. komparativ av att) bakre: attre enden av skipet attribusjon m attribusjonen fl. attribusjonar, attribusjonane 1 attribusjon er det å attribuere 2 (språkv.) ein attribusjon er eit attributivt forhold attributiv adj n. attributivt fl. attributive (språkv., om adjektiv) som fungerer som attributt til eit substantiv (jf. predikativ): adjektivet 'nye' i 'den nye bilen' står i attributiv stilling attributt n attributtet fl. attributt, attributta 1 (filos.) eit attributt er ein grunnleggjande eigenskap 2 eit attributt er eit (symbolsk) kjennemerke: fysiske attributt 3 (språkv.) eit attributt er eit adjektiv el. eit adjektivisk ledd som er knytt til eit substantiv attrå1 f attråa ei attrå er ein (seksuell) lengt: ho vart fylt av attrå attrå2 v attrår, attrådde, attrådd å attrå er å lengte, trå etter noko(n): attrå fysisk kontakt; kongen attrådde trona attråverdig adj n. attråverdig fl. attråverdige som fyller ein med attrå; tiltrekkjande: ei attråverdig tomt ved sjøen attval n attvalet fl. attval, attvala attval er det å velje noko(n) på nytt: politikaren stilte til attval attvinne v attvinn, attvann, attvunne

NN_hoveddel_justert_test.indd 55

55

audmjuk

1 å attvinne er å få, vinne attende: attvinne fatninga 2 å attvinne er å gjere brukbar att: attvinne glas og metall attvinning f attvinninga fl. attvinningar, attvinningane attvinning er det å vinne att og bruke på nytt noko som elles ville gått tapt; gjenvinning: attvinning er viktig; attvinning av plast og metall attåt adv i tillegg: kaffi med kake attåt attåtnæring f attåtnæringa fl. attåtnæringar, attåtnæringane (økon.) ei attåtnæring er ei binæring: småbøndene hadde fiske som attåtnæring atypisk adj n. atypisk fl. atypiske som ikkje er typisk: atypisk lungebetennelse; mots. typisk Au symb (kjemi) symbol for gull au1 adv òg, også au2 interj 1 brukt for å uttrykkje smerte: au, det gjorde vondt! 2 brukt for å uttrykkje negativ overrasking: au då, det var ein strek i rekninga aubergine [åbersjin] m auberginen fl. auberginar, auberginane (bot.) ein aubergine er (ei brunfiolett, avlang grønsak frå) ei eittårig plante i søtvierfamilien aud adj n. audt fl. aude 1 utan liv; ubebudd, ubygd: ei aud slette 2 (òg som adv.) tom for menneske: ein aud togstasjon; pesta la heile bygder aude audiens m audiensen fl. audiensar, audiensane ein audiens er eit møte med ein høgtståande person: ho var i audiens hos Kongen audiovisuell adj n. audiovisuelt fl. audiovisuelle som formidlar el. utnyttar høyrsle- og synsinntrykk: bruke audiovisuelle hjelpemiddel i undervisinga audition m auditionen fl. auditionar, auditionane ein audition er ei opptaksprøve for dansarar, songarar el. skodespelarar auditiv adj n. auditivt fl. auditive som gjeld høyrsla el. høyrsleinntrykk: den auditive sansekanalen; auditive medium auditorium n auditoriet fl. auditorium, auditoria 1 (arkit.) eit auditorium er eit stort rom til (student)førelesingar: studentane fylte heile auditoriet 2 eit auditorium er alle dei som sit i eit auditorium (i bet. 1): auditoriet vart stille audmjuk adj n. audmjukt fl. audmjuke 1 mild, spak: eit audmjukt svar 2 underdanig: ein audmjuk tenar

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


audmjukande audmjukande adj n. audmjukande fl. audmjukande som er fornedrande, krenkjande: ein audmjukande situasjon audmjuke v audmjukar, audmjuka, audmjuka å audmjuke er å gjere audmjuk; krenkje, vanære: ho audmjuka mannen ■ audmjuke seg til noko (refl.) gjere noko på trass av byrgskap og vørdnad audmjuking f audmjukinga fl. audmjukingar, audmjukingane audmjuking er det å audmjuke el. bli audmjuka: bite i seg audmjukinga frå sjefen audmjukskap m audmjukskapen audmjukskap er det å vere audmjuk: han manglar audmjukskap Ñauge n auget fl. auge, auga el. auga n auga fl. augo, augo 1 (anat.) eit auge er eit synsorgan hos menneske og dyr: ha store auge; auga hans var blå-grøne 2 auge blir òg brukt om synsevna, synssansen til menneske og dyr: ha gode auge; ho trudde ikkje sine eigne auge 3 auge blir òg brukt om blikk el. synsfelt: auga deira møttest 4 auge blir òg brukt om uttrykk i auga; mine: ha milde auge; sjå på med kvasse auge 5 eit auge er eit rundt merke (som liknar på eit auge i bet. 1): terningen viste fire auge; eit gult auge midt i grauten 6 eit auge er eit hol, ei lykkje el. ei opning (som liknar på eit auge i bet. 1): auget på ei nål ■ eit blått auge (med.) blåmerke rundt auget (etter slag el. uhell) ■ falle i auga vere påfallande ■ få auge på oppdage, sjå ■ få auga opp for bli merksam på ■ ha eit godt auge til synast godt om; like ■ ha noko for auge ha planar om ■ ha auge for noko ha sans for noko ■ ha auga med seg vere observant, vaken ■ halde auge med følgje med på ■ kaste auga på bli interessert i ■ kunne sjå ein i auga (overf.) ha godt samvit ■ lukke auga for (overf.) late som ein ikkje ser el. legg merke til (noko) ■ ta til seg auga fjerne blikket frå ■ under fire auge toeine (i ein samtale) ■ auge for auge, tann for tann (relig., overf.) uttrykk for at ei gjerning skal straffast med same gjerning augne v augnar, augna, augna el. øygne v øygnar, øygna, øygna å augne er å få auge på; sjå: eg augnar inga løysing augneblink m augneblinken fl. augneblinkar, augneblinkane el. augeblink m augeblinken fl.

NN_hoveddel_justert_test.indd 56

56

auk

augeblinkar, augeblinkane ein augneblink er ei svært kort stund: gjere noko på ein augneblink; vent ein augneblink! ■ ein stor augneblink (kort) tidsrom då ei stor el. viktig hending finn stad ■ for augneblinken akkurat no ■ kvar augneblink når som helst ■ i siste augneblink i siste liten ■ på/i augneblinken med ein gong augnebryn n augnebrynet fl. augnebryn, augnebryna el. augebryn n augebrynet fl. augebryn, augebryna (anat.) eit augnebryn er ei rand med hår over auget: ho nappa augnebryna jamleg ■ heve/løfte augnebryna (medvite el. umedvite) gje uttrykk for overrasking, skepsis el. misnøye augnelege m augnelegen fl. augnelegar, augnelegane el. augelege m augelegen fl. augelegar, augelegane el. augnelækjar m augnelækjaren fl. augnelækjarar, augnelækjarane el. augelækjar m augelækjaren fl. augelækjarar, augelækjarane (med.) ein augnelege er ein lege som spesialiserer seg på auget og augnesjukdommar augnelokk n augnelokket fl. augnelokk, augnelokka el. augnelok n augneloket fl. augnelok, augneloka el. augelokk n augelokket fl. augelokk, augelokka el. augelok n augeloket fl. augelok, augeloka (anat.) eit augnelokk er kvar av hudfaldane særl. over, men òg under augneeplet augnestikkar m augnestikkaren fl. augnestikkarar, augnestikkarane el. augestikkar m augestikkaren fl. augestikkarar, augestikkarane (zool.) ein augnestikkar er eit tovengja insekt med store fasettauge og lang bakkropp augnesyn n augnesynet fl. augnesyn, augnesyna el. augesyn n augesynet fl. augesyn, augesyna brukt i uttrykket: ■ ta noko i augnesyn sjå nærare på augnevippe f augnevippa fl. augnevipper, augnevippene el. augevippe f augevippa fl. augevipper, augevippene (anat.) ei augnevippe er ei hårrand langs kanten på augnelokket: ha maskara på augnevippene Ñaugust subst august er den åttande månaden i året augustinar m augustinaren fl. augustinarar, augustinarane (relig., i eldre tid) ein augustinar var ein tilhengjar av ein munkeorden som levde etter reglane til kyrkjefaderen Augustin auk m auken fl. aukar, aukane ein auk er ein (til)vokster; auke, vekst: ein liten auk; matauk

05/01/2021 16:53


aukande aukande adj n. aukande fl. aukande veksande: ein aukande måne 1 Ñauke m auken fl. aukar, aukane ein auke er ein (til)vokster; vekst: ein auke på 30 %; ein auke i det offentlege forbruket 2 Ñauke v aukar, auka, auka 1 å auke er å gjere noko betre el. større: auke farten; auke levestandarden; auke kvaliteten på opplæringa 2 å auke er å bli større; vekse: folketalet aukar stadig auking f aukinga fl. aukingar, aukingane 1 auking er det å auke 2 ei auking er ein vekst auksjon m auksjonen fl. auksjonar, auksjonane (økon.) ein auksjon er eit sal med bodgjeving, der høgstbydande blir kjøpar: selje bilen på auksjon auksjonarius m auksjonariusen fl. auksjonariusar, auksjonariusane (økon.) ein auksjonarius er ein leiar av ein auksjon auksjonere v auksjonerer, auksjonerte, auksjonert (økon.) å auksjonere er å selje noko på auksjon: auksjonere bort antikvitetar aula m aulaen fl. aulaer, aulaene (arkit.) ein aula er eit stort forsamlingslokale (knytt til ein skule el. eit universitet) au pair [å pær] m au pairen fl. au pairar, au pairane 1 au pair er ei ordning, der ein ung person som bur og arbeider hos ein familie i utlandet mot kost, losji og litt betaling 2 ein au pair er ein ung person som bur og arbeider hos ein familie i utlandet mot kost, losji og litt betaling: kvardagen er så slitsam, så vi har tenkt å få ein au pair aur m auren fl. aurar, aurane (geol.) ein aur er ein fast grunn som består av ei brunfarga blanding av sand, grus og stein aura m auraen fl. auraer, auraene 1 (relig.) ein aura er ei usynleg utstråling el. eit usynleg energifelt som nokon hevdar kjem frå el. omringar ein lekam 2 (overf.) ein aura er ei personleg utstråling: ho har ein eigen aura av glede og optimisme 3 (med.) ein aura er eit sanseinntrykk før eit anfall: auraen kjem ei lita stund før hovudverken set inn aure m auren fl. aurar, aurane (zool.) ein aure er ein slank fisk i lakseslekta med svarte flekker aurikkel m aurikkelen fl. auriklar, auriklane (bot.) ein aurikkel er ei hageplante i nøkleblomfamilien med blanke, tjukke blad og blomar i ulike fargar

NN_hoveddel_justert_test.indd 57

57

austegde

ause1 f ausa fl. auser, ausene ei ause er ein reiskap med rund skål, brukt til å hente opp væske med ause2 v auser, auste, aust 1 (òg overf.) å ause er å ta opp væske med ei ause, eit kar e.l.: ause båten tom for vatn; ause opp suppe; ause inn pengar 2 å ause er å falle, strøyme, styrte (ned): regnet auser ned der ute ausekar m ausekaret fl. ausekar, ausekara eit ausekar er ein reiskap til å ta vatn ut av ein båt med 1 Ñaust subst 1 (astron.) aust er den himmelretninga der sola står opp: det lysnar i aust; fork. A; mots. vest 2 (geogr.) aust er eit (avgrensa) landområde i aust (i bet. 1): aust var usamd med vest 3 (spel) aust er namnet på ein spelar i brigde: aust må kaste eit kort 2 Ñaust adv på austsida; mot aust: aust for byen; reise aust i Europa austan prep på austsida av; austanfor: dei budde austan fjellet austan- i sms 1 brukt som føreledd i ord for plassering i aust; austanfjells, austanfor 2 brukt som føreledd i ord som uttrykkjer at etterleddet kjem frå aust; austanvind austanfjells adv 1 austanfor fjellet el. fjella: bu austanfjells 2 (i Noreg) austanfor Langfjella austanfjelsk adj n. austanfjelsk fl. austanfjelske som gjeld folk el. forhold austanfjells austanfor prep 1 på austsida av; austom: reise austanfor sol og vestanfor måne 2 (som adv.) lenger aust: han skulle krysse dette fjellet og fjellet austanfor austanfrå prep el. austanifrå el. austfrå 1 frå aust i: dei kom austanfrå fjella 2 (som adv.) frå aust: det kom ein kar austanfrå austanom prep austanfor austantil prep 1 (òg som adv.) austanfrå: reise austantil; gå austantil 2 (som adv.) på austsida austanvind m austanvinden (meteorol.) ein austanvind er ein vind frå aust austblokk f austblokka (særl. i bf. eintal, i eldre tid) austblokka var ei blokk av land som vart politisk styrt av Sovjetunionen austegde m austegden fl. austegdar, austegdane el. austegd m austegden fl. austegdar, austegdane ein austegde er ein person som bur i el. kjem

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


Austen frå det som fram til 2020 var Aust-Agder fylke, no ein del av Agder fylke Austen propr (geogr.) Austen er ei fellesnemning på landa i el. med tilknyting til (kulturen i) Asia: reise på cruiseferie i Austen ■ (det) nære Austen landa i Midtausten ■ (det) fjerne Austen landa i (det sørlege) AustAsia austerrikar m austerrikaren fl. austerrikarar, austerrikarane ein austerrikar er ein person som bur i el. kjem frå Austerrike austerriksk adj n. austerriksk fl. austerrikske som gjeld Austerrike el. austerrikarar austetter prep 1 i austleg lei: hesten galopperte austetter jordet 2 (som adv.) mot aust: gå austetter austeuropear m austeuropearen fl. austeuropearar, austeuropearane ein austeuropear er ein person som bur i el. kjem frå Aust-Europa austeuropeisk adj n. austeuropeisk fl. austeuropeiske som gjeld Aust-Europa el. austeuropearar austfront m austfronten (mil.) ein austfront er ein austleg front i ein krig, særl. brukt om fronten mellom Sovjetunionen og Tyskland under den andre verdskrigen austgjennom prep 1 i austleg lei gjennom: gå austgjennom skogen 2 (som adv.) austover: reise austgjennom austgåande adj n. austgåande fl. austgåande som går i retning aust: austgåande skip austkant m austkanten fl. austkantar, austkantane ein austkant er ein austleg kant av noko (særl. storby): ho voks opp på austkanten austlandsk1 m austlandsken (språkv.) austlandsk er ein dialekt el. eit dialektdrag som er særmerkt for austlendingar austlandsk2 adj n. austlandsk fl. austlandske som gjeld Austlandet el. austlendingar austleg adj n. austleg fl. austlege 1 som er, ligg i aust: austleg lengd 2 som fører, går mot aust: austleg kurs; dra i austleg retning 3 som kjem frå aust: austleg vind austlending m austlendingen fl. austlendingar, austlendingane ein austlending er ein person som bur på el. kjem frå Austlandet austnorsk adj n. austnorsk fl. austnorske som gjeld Austlandet el. austnorsk austom prep (òg som adv.) over til austsida av: køyre austom fjella; gå austom austover prep 1 i austleg lei: dei rodde austover fjorden 2 (som adv.) mot aust: reise austover

NN_hoveddel_justert_test.indd 58

58

automatikk

austpå prep 1 i austdelen av: austpå fjellet 2 (som adv.) på ein stad aust i eit land(område) (særl. brukt om Austlandet): ho budde austpå australiar m australiaren fl. australiarar, australiarane ein australiar er ein person som bur i el. kjem frå Australia australsk adj n. australsk fl. australske som gjeld Australia el. australiarar austre adj n. austre fl. austre (opph. komparativ av aust) 1 som er, ligg lengst aust: den austre delen av landet 2 brukt i stadnamn: Austre Toten austvend adj n. austvendt fl. austvende som heller, vender mot aust autentisitet m autentisiteten autentisitet er det å vere el. verke autentisk: måleriet hadde ein viss autentisitet; autentisitet og kjeldebruk autentisk adj n. autentisk fl. autentiske som er det det gjev seg ut for; ekte: autentisk tortilla; ei autentisk attgjeving autisme m autismen (med., psykol.) autisme er ei utviklingsforstyrring som gjev unormal sosial funksjon autist m autisten fl. autistar, autistane (med., psykol.) ein autist er ein person som lir av autisme autistisk adj n. autistisk fl. autistiske 1 (med., psykol.) som lir av autisme 2 (med., psykol.) som gjeld autisme auto- pref brukt som førestaving med tydinga 'sjølv-' (i ord som autodidakt og autonom) autodidakt m autodidakten fl. autodidaktar, autodidaktane ein autodidakt er ein person som er sjølvlærd: kunstnaren var ein autodidakt autogen adj n. autogent fl. autogene som er framkalla av objektet sjølv autograf m autografen fl. autografar, autografane ein autograf er eit namnetrekk (frå ein kjend person): samle på autografar; be om autografen til filmstjerna automat m automaten fl. automatar, automatane ein automat er eit apparat som utfører ein arbeidsoperasjon etter at det er uløyst ein mekanisme: automaten tar imot flaskepant; trykkje på knappen til ein automat for å få han i gang; kaffiautomat, speleautomat, vaskeautomat automatikk m automatikken fl. automatikkar, automatikkane 1 automatikk er det at noko skjer, verkar automatisk: det går automatikk i det 2 ein automatikk er eit automatisk apparatur, utstyr: automatikken i bilen har fleire funksjonar

05/01/2021 16:53


automatisere

59

automatisere v automatiserer, automatiserte, automatisert å automatisere er å gjere noko (t.d. eit arbeid) automatisk automatisk adj n. automatisk fl. automatiske 1 som følgjer ein fast rutine el. ein vane: automatisk lønnsopprykk på grunnlag av ansiennitet 2 som fungerer utan menneskeleg innverknad: automatisk datahandsaming; ein automatisk telefonsvarar 3 som skjer av seg sjølv, instinktivt: ho reagerte automatisk med å slå automatvåpen n automatvåpenet fl. automatvåpen, automatvåpena (mil.) eit automatvåpen er eit skytevåpen som kan fyre av fleire prosjektil etter kvarandre autonom adj n. autonomt fl. autonome fri, sjølvstendig: ein autonom stat; eit autonomt menneske autonomi m autonomien ein autonomi er eit sjølvstende, sjølvstyre: fagleg autonomi autopass n autopasset fl. autopass, autopassa (opph. varemerke) eit autopass er ei brikke i frontruta på ein bil, som effektiviserer bompengeinnkrevjing og bompassering autopilot m autopiloten fl. autopilotar, autopilotane (ein) autopilot er ein automatisk styremekanisme på eit fartøy, køyretøy: flygaren kopla inn autopiloten ■ gå på autopilot (overf.) handle automatisk, rutinemessig autopsi m autopsien fl. autopsiar, autopsiane (med.) ein autopsi er ei undersøking av ein død kropp; obduksjon autor m autoren fl. autorar, autorane (littv., òg spøk.) ein autor er ein forfattar autoral adj n. autoralt fl. autorale (littv.) prega av forfattaren sjølv ■ autoral synsvinkel (littv.) forteljarteknikk der forteljaren ikkje er ein del av sjølve handlinga autorisasjon m autorisasjonen fl. autorisasjonar, autorisasjonane ein autorisasjon er ei offentleg godkjenning el. eit løyve til å utøve ei verksemd: laboratoriet har autorisasjon; få autorisasjon til å drive som tannlege autorisere v autoriserer, autoriserte, autorisert å autorisere er å gje godkjenning el. løyve til noko: autorisere ei endring; sjefen autoriserte arbeidet autorisert adj n. autorisert fl. autoriserte med godkjenning el. løyve til noko: ein autorisert verkstad autoritativ adj n. autoritativt fl. autoritative 1 som er knytt til autoritet: ein autoritativ leiarstil

2 overtydande, truverdig: autoritativ informasjon; autoritative kjelder autoritet m autoriteten fl. autoritetar, autoritetane 1 autoritet er makt og mynde: som lærar treng du autoritet 2 ein autoritet er ein person el. institusjon med makt og mynde: ho var ein autoritet innanfor faget sitt; du skal ikkje vere redd for autoritetar autoritær adj n. autoritært fl. autoritære som byggjer på utøving av autoritet: ei autoritær styreform; ei autoritær barneoppseding autostrada m autostradaen fl. autostradaer, autostradaene (i utlandet) ein autostrada er ein motorveg autovern n autovernet fl. autovern, autoverna eit autovern er eit tryggingsgjerde av betong el. stål langs vegkanten Ñav prep 1 (òg overf.) brukt om rørsle (bort) frå el. (ut) av: gå av stad; falle av hesten; ta av seg skoa; få armen av ledd; ho slit helsa av seg; halde fingrane av fatet 2 brukt om motiv, tilstand, årsak: le av fryd; han er sjuk av sorg; gjere noko av hemnlyst 3 brukt om emne, måte, reiskap: leve av jordbruk; eit hus av murstein; bli påkøyrd av ein bil 4 brukt føre ei nemning for ein heilskap: ein bit av kaka; kvar og ein av oss; ha for mykje av det gode 5 brukt for å uttrykkje opphav el. samhøyr: ei bok av Hamsun; Grunnlova av 1814; vere av same slekt; eg er eigaren av huset; fordelen av å ha gode venner 6 med omsyn til: ho er lita av vekst; han er alltid sein av seg 7 (som adv.) til side; bort: ta av til høgre; leggje av pengar 8 (som adv.) brukt etter verb med tyding lik 'avta' el. 'slutte': slå av; slutte av; vinden stilna av 9 (som adv.) brukt i uttrykk for deling el. lausriving: gå av toget; ta av emballasjen; teikne av eit mønster 10 (som adv.) brukt i uttrykk med 'frå': frå då av; frå no av; frå sommaren av ■ av og til (som adv.) no og då ■ ikkje vite av ikkje godta ■ ta av dage (med gammal dativ) drepe ■ vite av ha kjennskap til avanse [avan(g)se] m avansen fl. avansar, avansane (økon.) ein avanse er differansen mellom ein salspris og ein innkjøpspris: forretninga har stor avanse på den vara

NN_hoveddel_justert_test.indd 59

avanse

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


avansement

60

avansement [avan(g)semang] n avansementet fl. avansement, avansementa eit avansement er eit opprykk til ein betre posisjon el. ei betre stilling: han var sekund frå avansement og finaleplass; stillinga gjev gode høve for avansement avansere [avan(g)sere] v avanserer, avanserte, avansert 1 å avansere er å røre seg framover: fienden avanserte fleire kilometer 2 (overf.) å avansere er å oppnå ein betre posisjon el. ei betre stilling: avansere til sjef; to lag avanserte til kvartfinalen avansert [avan(g)sert] adj n. avansert fl. avanserte 1 høgt utvikla og svært moderne: avansert elektronikk; ein avansert kalkulator på nett 2 på eit høgare nivå: avansert trening; master i avansert klinisk sjukepleie ■ avansert søk (ikt) utvida søk (t.d. i ein nettportal) avantgarde [avantgard el. avanggard] m avantgarden fl. avantgardar, avantgardane ein avantgarde er ein person el. ei retning som er kunstnarisk el. intellektuelt nyskapande: høyre til avantgarden innanfor kulturlivet avart f avarta fl. avarter, avartene 1 (bot., zool.) ei avart er ei underart: tamhest er ei avart av villhest 2 ei avart er ei utgåve el. ein versjon som skil seg (negativt el. positivt) frå normalen: judo er ei avart av jiu-jitsu avbakleg adj n. avbakleg fl. avbaklege 1 avsidesliggjande: ein avbakleg plass 2 tungvinn, vanskeleg: ei avbakleg ordning avbalansert adj n. avbalansert fl. avbalanserte som er balansert, i jamvekt: ein avbalansert diett; eit avbalansert menneske avbestille v avbestiller, avbestilte, avbestilt å avbestille er å annullere, kansellere (ei bestilling): vi avbestilte reisa avbestilling f avbestillinga fl. avbestillingar, avbestillingane 1 avbestilling er det å annullere ei bestilling: avbestilling på nettsida 2 ei avbestilling er ei annullert bestilling: vi har fått mange avbestillingar avbetale v avbetalar, avbetala, avbetala (økon.) å avbetale er å betale avdrag (på): avbetale på gjelda avbetaling f avbetalinga fl. avbetalingar, avbetalingane (økon.) avbetaling er det å betale med avdrag: kjøpe noko på avbetaling avbilde v avbildar, avbilda, avbilda 1 å avbilde er å gje att noko (som eit bilete): la

seg avbilde i avisa; kjærleiksguden er avbilda som ein gut med boge 2 å avbilde er å framstille, skildre: boka avbildar borgarkrigen i USA avbilding f avbildinga fl. avbildingar, avbildingane 1 avbilding er det å avbilde el. bli avbilda 2 ei avbilding er eit bilete (særl. måleri el. teikning): ho fann ei avbilding av djevelen; måleriet er ei avbilding av landskapet på Jæren 3 (matem.) ei avbilding er ein funksjon avbod n avbodet fl. avbod, avboda eit avbod er ei melding om at ein likevel ikkje kan kome, møte opp: melde avbod avbrekk n avbrekket fl. avbrekk, avbrekka eit avbrekk er ein pause som gjev avveksling; avbrot: eit velkome avbrekk i konferansen avbrot n avbrotet fl. avbrot, avbrota el. avbrott n avbrottet fl. avbrott, avbrotta eit avbrot er ei (mindre) avbryting: eit avbrot i utdanninga avbryte v avbryt, avbraut, avbrote 1 å avbryte er å bryte av; avslutte: avbryte studia; ho vart avbroten i arbeidet; avbryte båtturen på grunn av motorfeil 2 å avbryte er å hindre nokon i å snakke: du avbryt meg heile tida! av dage adv → dag avdanka adj n. avdanka fl. avdanka 1 sett ut av funksjon el. teneste: ein avdanka ambassadør; ei avdanka rockestjerne 2 utbrukt, utsliten: gammalt og avdanka utstyr avdekkje v avdekkjer, avdekte, avdekt el. avdekke v avdekker, avdekte, avdekt 1 å avdekkje er å leggje i dagen, openberre; avsløre: avdekkje overgrep mot barn 2 å avdekkje er å avduke: avdekkje ein statue Ñavdeling f avdelinga fl. avdelingar, avdelingane 1 ei avdeling er ein del, seksjon av ein institusjon e.l.: avdelingane i departementet; eit sjukehus med mange avdelingar 2 ei avdeling er ein del av eit forløp: studiet er delt inn i tre avdelingar; den andre avdelinga kjem etter pausen 3 (mil.) ei avdeling er ei troppeeining: ei avdeling soldatar av di subj for di: flykte av di det var krig avdrag n avdraget fl. avdrag, avdraga (økon.) eit avdrag er ei delvis betaling av ei gjeld: renter og avdrag; betale halvårlege avdrag på lånet avdragsfri adj n. avdragsfritt fl. avdragsfrie (økon.) utan avdrag: lånet er avdragsfritt i fem år avdramatisere v avdramatiserer, avdramatiserte, avdramatisert å avdramatisere er å gjere mindre dramatisk: dei gjorde alt for å avdramatisere hendinga

NN_hoveddel_justert_test.indd 60

avdramatisere

05/01/2021 16:53


avdrift avdrift f avdrifta avdrift er det å drive, vike av rett kurs på grunn av straum el. vind: vi opplevde krenging og avdrift med den båten avdrått m avdråtten fl. avdråttar, avdråttane (særl. økon.) ein avdrått er ei avkastning, vinning avduke v avdukar, avduka, avduka å avduke er å fjerne eit dekke el. ein duk frå noko under ein seremoni: ordføraren avduka minnesmerket og heldt ein liten tale; den nye bilen vart avduka på utstillinga avduking f avdukinga fl. avdukingar, avdukingane avduking er det å avduke noko under ein seremoni: tale ved avdukinga av minnesmerket; festmøte med avduking av eit måleri avdød adj n. avdødt fl. avdøde (òg som subst.) som er død: avdøde slektningar; avdøde arbeidde som lege ave n avet fl. ave, ava (relig.) eit ave er (ei innleiing til) ei katolsk bønn avec [avekk] m avecen fl. avecar, avecane ein avec er ein konjakk el. ein likør (til kaffi): kaffi avec; smake på avecen aveny m avenyen fl. avenyar, avenyane (geogr.) ein aveny er ei brei, open gate (særl. med ei rekkje av tre på kvar side) a verbo adv brukt i uttrykket: ■ bøye a verbo (språkv.) nemne hovudformene av eit verb (t.d. gå – går – gjekk – har gått) aversjon m aversjonen fl. aversjonar, aversjonane ein aversjon er ein sterk avsky, motvilje: aversjon mot fisk; aversjon mot høge lydar avertere v averterer, averterte, avertert å averterte er å rykkje inn eit avertissement: avertere i avisa; kommunen averterer etter nye lokale avertissement [avertisemang] n avertissementet fl. avertissement, avertissementa eit avertissement er ein annonse, ei kunngjering (i ei avis e.l.): medlemene blir kalla inn ved avertissement i lokalpressa Ñavfall n avfallet fl. avfall, avfalla eit avfall er eit materiale som er kassert el. skilt ut, og som har liten bruksverdi: kaste avfallet i søppelkassa; sortering av avfall er viktig; avfall kan attvinnast eller resirkulerast; industriavfall, hushaldsavfall avfeie v avfeiar, avfeia, avfeia å avfeie er å avvise (utan grunngjeving): avfeie noko som rein overtru; ministeren avfeia innvendingane avfeldig adj n. avfeldig fl. avfeldige 1 svekt av høg alder: eit avfeldig epletre; ein gammal og avfeldig mann 2 falleferdig, forfallen: avfeldige møbel avfinne v brukt i uttrykket: ■ avfinne seg med (refl.) akseptere: ho måtte avfinne seg med resultatet

NN_hoveddel_justert_test.indd 61

61

avgrense

avfolke v avfolkar, avfolka, avfolka å avfolke er å gjere folketom: avfolke utkantstrøket avføring f avføringa fl. avføringar, avføringane 1 (biol.) avføring er det å tømme tarmen gjennom endetarmen: pasienten har ikkje hatt avføring på fleire dagar 2 (biol.) ei avføring er eit avfallsstoff som blir tømt gjennom endetarmen; bæsj, ekskrement: ho har blod i avføringa avgang m avgangen fl. avgangar, avgangane 1 ein avgang er eit tidspunkt då noko drar, går frå ein stoppestad: toget har avgang frå stasjonen; flyet har avgang frå gate 23 2 ein avgang er eit tidspunkt då nokon forlèt ein skule, ei stilling el. eit verv: avgangen til eleven; statsråden sin avgang 3 (økon.) ein avgang er ein avsetnad, eit sal: butikken har god avgang av garde adv (med gammal dativ) av stad; bort: Eva starta bilen og køyrde av garde avgass m avgassen fl. avgassar, avgassane ein avgass er ein gass (frå industri e.l.) som blir sloppe ut og som forureinar Ñavgift f avgifta fl. avgifter, avgiftene (økon.) ei avgift er ein (indirekte) skatt til ein stat el. ein kommune: leggje avgift på noko; lisensavgift, meirverdiavgift, vegavgift avgjerande adj n. avgjerande fl. avgjerande 1 særs viktig; utslagsgjevande: ei sak av avgjerande tyding; det avgjerande målet kom i siste minutt 2 endeleg: ta det avgjerande skrittet Ñavgjerd f avgjerda fl. avgjerder, avgjerdene 1 ei avgjerd er eit vedtak: ei endeleg avgjerd; treffe ei avgjerd av stor tyding; avgjerda kom etter ein ekstraomgang 2 (jur.) ei avgjerd er ei fullmakt til å avgjere noko Ñavgjere v avgjer, avgjorde, avgjort 1 å avgjere er å gjere slutt på; løyse: det avgjer saka; avgjere ei sak i Høgsteretten; det siste målet avgjorde kampen 2 å avgjere er å bestemme, setje fast: det må du avgjere; det kan eg ikkje avgjere på ståande fot avgjord adj n. avgjort fl. avgjorde 1 fastsett: datoen er avgjord 2 (òg som adv.) absolutt, tvillaus: eit avgjort svar; så avgjort! avglans m avglansen fl. avglansar, avglansane (særl. overf.) ein avglans er eit svakt gjenskin: lyset frå sola og avglansen til månen; det er berre ein bleik avglans att av den gamle usemja avgrense v avgrensar, avgrensa, avgrensa å avgrense er å setje grense(r) for: avgrense ein

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


avgrunn skogbrann; avgrense pensumkrava; avgrense eit geografisk område avgrunn m avgrunnen fl. avgrunnar, avgrunnane 1 (geogr.) ein avgrunn er ei djup kløft: dei gjekk ut på kanten og såg ned i avgrunnen 2 (overf.) ein avgrunn er ein stor og uoverkomeleg avstand el. skilnad: det er ein avgrunn mellom dei to oppfatningane avgud m avguden fl. avgudar, avgudane 1 (relig.) ein avgud er ein gud som ikkje er anerkjend i ein bestemd religion: dyrke avgudar 2 (overf.) ein avgud er noko(n) som blir dyrka, forguda: rikdommen vart ein avgud; diktatoren vart dyrka som ein avgud avhaldsrørsle f avhaldsrørsla fl. avhaldsrørsler, avhaldsrørslene ei avhaldsrørsle er ei rørsle som arbeider for å avgrense el. forby bruk av alkohol avhandling f avhandlinga fl. avhandlingar, avhandlingane (utd.) ei avhandling er ei lengre vitskapleg tekst: forsvare ei avhandling under ein doktordisputas avhende v avhendar, avhenda, avhenda å avhende er å byte el. selje bort: arvingane avhenda huset avhenge v avheng, avhang, avhange brukt i uttrykket: ■ avhenge av kome an på: alt avheng av deg; det avhang av humøret Ñavhengig adj n. avhengig fl. avhengige 1 som ikkje kan vere utan noko(n): ein avhengig rusmisbrukar; vi er avhengige av løyvingar; ho var svært avhengig av foreldra; mots. uavhengig 2 bestemt av: det er avhengig av at han får nok røyster avhengigheit f avhengigheita fl. avhengigheiter, avhengigheitene avhengigheit er det å vere avhengig av noko(n): avhengigheita hans av rus er øydeleggjande; avhengigheita hans av foreldra er litt patetisk avhjelpe v avhjelper, avhjelpte, avhjelpt å avhjelpe er å råde bot på: tiltak for å avhjelpe problemet; øvingar som kan avhjelpe skulderplagene avhoppar m avhopparen fl. avhopparar, avhopparane ein avhoppar er ein person som plutseleg forlèt eit land, eit parti e.l.: avhopparen har fått politisk asyl hos oss; ein avhoppar frå religionen avhøyr n avhøyret fl. avhøyr, avhøyra (særl. jur.) eit avhøyr er det same som eit forhøyr: eit rettsleg avhøyr avhøyre v avhøyrer, avhøyrde, avhøyrt (særl. jur.) å avhøyre er å eksaminere, forhøyre: avhøyre eit vitne

NN_hoveddel_justert_test.indd 62

62

avkorte

avinstallere v avinstallerer, avinstallerte, avinstallert å avinstallere er å ta noko ut el. montere ned: avinstallere ein app; mots. installere Ñavis f avisa fl. aviser, avisene 1 ei avis er ein publikasjon med (stor vekt på) nyhende, som blir gjeven ut regelmessig på papir el. på nett: halde ei avis; eg les avisa kvar morgon; setje inn ei lysing i avisa; dagsavis, lokalavis, nettavis 2 ei avis er eit føretak som gjev ut ei avis (i bet. 1) 3 ei avis er eit bygg el. eit lokale der ei avis (i bet. 2) held til ■ kome i avisa bli intervjua el. omtala i avisa avise v avisar, avisa, avisa å avise er å fjerne is(belegg) frå: avise frysaren a vista adv (økon., i handel) ved framvising A-vitamin n A-vitaminet fl. A-vitamin, A-vitamina (kjemi) A-vitamin er eit feittløyseleg vitamin som finst m.a. i mjølk, smør og tran, særl. brukt for å førebyggje infeksjonar og for å styrkje synet avkall subst brukt i uttrykket: ■ gje avkall på seie frå seg; gje opp: gje avkall på arven; han vil ikkje gje avkall på tv-seriane avkasting f avkastinga fl. avkastingar, avkastingane (økon.) ei avkasting er eit utbytte, ei vinning (av eit arbeid): den årlege avkastinga av fondet; forretninga gav god avkasting avkjøle v avkjøler, avkjølte, avkjølt 1 å avkjøle er å gjere noko kaldare: avkjøle maten; avkjøle seg med eit bad 2 (overf.) å avkjøle er å dempe, døyve: avkjøle lystene sine; han var rasande, men klarte å avkjøle seg litt avklare v avklarar, avklara, avklara el. avklåre v avklårar, avklåra, avklåra 1 å avklare er å gjere gjennomsiktig, klar: avklare ei væske 2 å avklare er å få klarleik i noko; klarleggje: dette må du avklare med foreldra dine; Stortinget må avklare landbrukspolitikken avklaring f avklaringa fl. avklaringar, avklaringane el. avklåring v f avklåringa fl. avklåringar, avklåringane avklaring er det å avklare el. bli avklara: vente på ei avklaring; situasjonen treng avklaring avkom n avkomet fl. avkom, avkoma (òg spøk.) eit avkom er eitt el. fleire barn; unge: reise heim og mate avkomet; ha eit talrikt avkom avkorte v avkortar, avkorta, avkorta å avkorte er å gjere kort(are); forkorte, redusere: avkorte eit liv

05/01/2021 16:53


avkorting avkorting f avkortinga fl. avkortingar, avkortingane (jur., økon.) ei avkorting er eit frådrag, ein reduksjon: avkorting av arv; avkorting av straff; avkorting av forsikringsutbetaling avkrefte v avkreftar, avkrefta, avkrefta å avkrefte er å erklære el. vise at noko er usant; avsanne: vi kan avkrefte rykta; resultata avkreftar hypotesen avkriminalisere v avkriminaliserer, avkriminaliserte, avkriminalisert å avkriminalisere er å gjere noko lovleg: fleire vil avkriminalisere hasj avkrok m avkroken fl. avkrokar, avkrokane (geogr.) ein avkrok er ein liten, avsidesliggjande stad: det er ikkje mobildekning i denne avkroken avkøyring f avkøyringa fl. avkøyringar, avkøyringane 1 avkøyring er det å køyre av el. utfor vegen: trafikken stod stille på grunn av ei uheldig avkøyring 2 ei avkøyring er ein stad der ein kan køyre av frå ein hovudveg: vi skal ta av ved neste avkøyring avkøyringsfelt n avkøyringsfeltet fl. avkøyringsfelt, avkøyringsfelta eit avkøyringsfelt er eit felt på høgre side i vegbanen til avkøyring: du må halde farten på veg inn i avkøyringsfeltet, så kan du gire ned avkøyrsel m avkøyrselen fl. avkøyrslar, avkøyrslane el. avkøyrsle f avkøyrsla fl. avkøyrsler, avkøyrslene ein avkøyrsel er ein plass der ein bil kan køyre av ein (hovud)veg; avkøyring 1 Ñavl m avlen 1 avl er planmessig dyrking av (nytte)planter: avl av roser; kornavl, potetavl 2 avl er planmessig dyreoppdrett: drive avl; hesteavl avl2 m avlen fl. avlar, avlane ein avl er ein eldstad i ei smie; esse avlagd adj n. avlagt fl. avlagde lagd til side: ein avlagd skikk; avlagde klede avlang adj n. avlangt fl. avlange lang og smal; oval: ei avlang øskje avlaste v avlastar, avlasta, avlasta å avlaste er å fri noko(n) (heilt el. delvis) for arbeid, bry e.l.: du må avlaste knea dine; han skulle avlaste redaktøren for ein del arbeid avlasting f avlastinga fl. avlastingar, avlastingane avlasting er det å avlaste el. bli avlasta; hjelp: foreldra treng avlasting i kritiske periodar avlat n avlatet fl. avlat, avlata (relig., i eldre tid) eit avlat var ei ettergjeving av botsstraff i den

NN_hoveddel_justert_test.indd 63

63

avleiring

katolske kyrkja: avlat er knytt til bestemde botsgjerningar avlaup n avlaupet fl. avlaup, avlaupa → avløp Ñavle v avlar, avla, avla 1 å avle er å dyrke, produsere fram: avle frukt; avle fram nye rosesortar 2 å avle er å drive planmessig oppdrett av dyr: avle på ein rasekatt 3 (særl. relig., sj.) å avle er å få barn 4 å avle er å vere opphav til: frykt avlar frykt; overgrep avlar opprørstrong; landet har avla mange skistjerner avleggjar m avleggjaren fl. avleggjarar, avleggjarane el. avleggar m avleggaren fl. avleggarar, avleggarane 1 (bot.) ein avleggjar er ein plantedel som kan danne eigne røter og bli ei sjølvstendig plante (identisk med morplanta) 2 (overf.) ein avleggjar er noko(n) som kjem etter avleggs adj n. avleggs fl. avleggse som ikkje lenger er i bruk; forelda, gammaldags: eit avleggs ord; eit avleggs kamera; ein avleggs framgangsmåte avleie v avleiar, avleia, avleia 1 å avleie er å leie bort: lynavleiaren skal avleie lyn; dei laga ein voll for å avleie vatnet 2 (overf.) å avleie er å leie noko(n) i ei anna retning: det er lett å avleie små barn; ho ville avleie mistanken mot seg sjølv 3 å avleie er å danne som resultat av: avleie eit stoff av andre stoff 4 (språkv.) å avleie er å lage nye ord på grunnlag av eksisterande ord: substantivet er avleia av verbet avleiing f avleiinga fl. avleiingar, avleiingane 1 avleiing er det å avleie el. bli avleia 2 (språkv.) avleiing er det å lage nye ord på grunnlag av eksisterande ord: avleiing og bøying 3 (språkv.) ei avleiing er eit avleia ord: substantivet 'avleiing' er ei avleiing av verbet 'avleie' avleiingsmanøver m avleiingsmanøveren fl. avleiingsmanøvrar, avleiingsmanøvrane ein avleiingsmanøver er ei handling som skal avleie merksemda frå noko(n): utspelet frå ministeren er berre ein avleiingsmanøver avleire v avleirar, avleira, avleira (geol., med.) å avleire er å setje av i lag: grunnvatnet kan avleire salt; kolesterol avleirar seg i blodårene avleiring f avleiringa fl. avleiringar, avleiringane 1 (geol., med.) avleiring er det å avleire: avleiring av mineral og bergarter; avleiring av kolesterol i organet

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


avlesbar 2 (geol., med.) ei avleiring er eit resultat av avleiring (i bet. 1): avleiringar av kalk avlesbar adj n. avlesbart fl. avlesbare som kan lesast av: termostat med avlesbar temperatur avling f avlinga fl. avlingar, avlingane 1 avling er det å avle: drive avling av roser 2 ei avling er noko som blir avla; grøde: få avlinga i hus; avlinga vart øydelagd av tørke avlsdyr n avlsdyret fl. avlsdyr, avlsdyra (zool.) eit avlsdyr er eit dyr som blir nytta i avl avlukke n avlukket fl. avlukke, avlukka (arkit.) eit avlukke er eit lite rom el. ein del av eit større rom avlyse v avlyser, avlyste, avlyst å avlyse er å bestemme at noko likevel ikkje vil finne stad; innstille, kansellere: avlyse reisa på grunn av sjukdom; framsyninga vart avlyst avlysing f avlysinga fl. avlysingar, avlysingane avlysing er det å avlyse el. bli avlyst avlytte v avlyttar, avlytta, avlytta å avlytte er å lytte i hemmelegheit til noko (med hjelp av elektronisk utstyr): avlytte ein samtale; det er enkelt å avlytte mobilen din avlytting f avlyttinga fl. avlyttingar, avlyttingane avlytting er det å avlytte: kontoret var utsett for hemmeleg avlytting; avlytting av telefonen som eit ledd i etterforskinga avløp n avløpet fl. avløp, avløpa el. avlaup n avlaupet fl. avlaup, avlaupa 1 eit avløp er ein stad der ei væske e.l. renn ut; utløp: innsjøen har to avløp; avløpet i vasken er tett 2 (overf.) eit avløp er eit høve for å bli av med noko (særl. kjensler); utløysing: ho fekk avløp for frustrasjonen sin avløysar m avløysaren fl. avløysarar, avløysarane ein avløysar er noko(n) som trer inn i staden for noko(n); vikar avløyse v avløyser, avløyste, avløyst å avløyse er å ta over el. kome i staden for noko(n) avmakt f avmakta avmakt er det å ikkje kunne hindre el. endre ein situasjon; maktløyse: kommunesamanslåingane skaper avmakt; mots. makt ■ falle i avmakt (forelda) svime av avmarsj m avmarsjen fl. avmarsjar, avmarsjane avmarsj er det å marsjere av stad: troppen var klar til avmarsj avmektig adj n. avmektig fl. avmektige 1 som ikkje kan hindre el. endre ein situasjon; makteslaus: ho følte seg avmektig og ute av stand til å gjere noko 2 medvitslaus, sanselaus: ein avmektig pasient avmålt adj n. avmålt fl. avmålte 1 oppmålt, tilmålt: ein avmålt planke

NN_hoveddel_justert_test.indd 64

64

avsanne

2 (òg som adv.) kjølig, reservert: ein avmålt person; eit avmålt andletsuttrykk; ho nikka nokså avmålt avokado m avokadoen fl. avokadoar, avokadoane (bot.) ein avokado er ei pæreliknande tropisk frukt frå eit tre i laurbærfamilien, med gult fruktkjøt og nøtteaktig smak avpasse v avpassar, avpassa, avpassa å avpasse er å få til å passe; tillempe: avpasse farten etter tilhøva; avpasse språkbruken etter situasjonen avpolitisere v avpolitiserer, avpolitiserte, avpolitisert å avpolitisere er å gjere upolitisk: valkomiteen vil avpolitisere styret; avpolitisere og byggje ned fiendebilete avreagere v avreagerer, avreagerte, avreagert å avreagere er å få utløp for kjensler, spenning: det er viktig å avreagere; han avreagerte med kraftig banning avreise f avreisa fl. avreiser, avreisene el. avreis f avreisa fl. avreiser, avreisene 1 avreise er det å reise bort 2 ei avreise er eit tidspunkt då nokon reiser bort: avreisa er sett til søndag morgon avrekne v avreknar, avrekna, avrekna (økon.) å avrekne er å gjere opp ein rekneskap og utlikne eit krav: avrekne straumforbruket etter målarstand og gjeldande tariff avrekning f avrekninga fl. avrekningar, avrekningane 1 (økon.) avrekning er det å avrekne 2 (økon.) ei avrekning er eit rekneskapsmessig oppgjer avrette v avrettar, avretta, avretta å avrette er å ta livet av (særl. ein dødsdømd fange); avlive: mordaren vart avretta med giftsprøyte; han vart avretta ved skyting avretting f avrettinga fl. avrettingar, avrettingane avretting er det å avrette, drepe: gislane vart redda like før avrettinga avrunde v avrundar, avrunda, avrunda 1 å avrunde er å gje noko rund form: avrunde hjørna på bordplata 2 (overf.) å avrunde er å avslutte på ein passande måte: avrunde eit innlegg med ei lita historie 3 (matem.) å avrunde er å minske el. auke ein talverdi til ein annan, rund talverdi: avrunde til hundre avrøysting f avrøystinga fl. avrøystingar, avrøystingane avrøysting er det å røyste over noko; votering: hemmeleg avrøysting; vi går til avrøysting over framlegget avsanne v avsannar, avsanna, avsanna 1 å avsanne er å seie el. vise usann; avkrefte: utstillinga vil avsanne nokon av mytane

05/01/2021 16:53


avsats 2 å avsanne er å motprove (ei utsegn) avsats m avsatsen fl. avsatsar, avsatsane 1 (geogr.) ein avsats er ei lita flate i ei skråning: geita stod på ein avsats i fjellet 2 (arkit.) ein avsats er ei lita flate mellom to trapper: ho venta på avsatsen mellom andre og tredje høgda Ñavsendar m avsendaren fl. avsendarar, avsendarane ein avsendar er ein person som sender noko (særl. brev, melding, pakke e.l.): avsendaren av e-posten; SMS frå ein ukjend avsendar; adressa til avsendaren står på pakka avsetje v avset, avsette, avsett el. avsette v avset, avsette, avsett 1 å avsetje er å fjerne nokon frå ein (makt)posisjon el. ei stilling: hæren avsette presidenten; læraren vart avsett 2 (særl. økon.) å avsetje er å setje til side (pengar); reservere: avsetje pengar med tanke på ferien 3 (økon.) å avsetje er å selje: ho fekk ikkje avsett det fine bordet 4 (geol.) å avsetje er å avleire: vatnet avset salt på berget avsetjing f avsetjinga fl. avsetjingar, avsetjingane el. avsetting f avsettinga fl. avsettingar, avsettingane avsetjing er det å fjerne ein person frå ein (makt)posisjon el. ei (viktig) stilling: mellombels avsetjing av ein lege avsetnad m avsetnaden fl. avsetnader, avsetnadene (økon.) avsetnad er det å selje varer el. det å bli seld: stor avsetnad på smør; varene fekk god avsetnad avsetning f avsetninga fl. avsetningar, avsetningane 1 (økon.) avsetning er det å selje el. bli seld; avsetnad: stor avsetning av laks; varene fekk god avsetning 2 (økon.) ei avsetning er ein sum som er sett til side (t.d. for å dekkje ei framtidig utgift) 3 (jur.) ei avsetning er ei form for utlegg 4 (geol.) ei avsetning er ei avleiring, eit sediment avsides adj n. avsides fl. avsides (òg som adv.) som ligg langt borte frå eit bustadområde, ein veg: ei avsides bygd; ein avsides butikk; huset låg langt inn i marka, nokså avsides avsidesliggjande adj n. avsidesliggjande fl. avsidesliggjande el. avsidesliggande adj n. avsidesliggande fl. avsidesliggande som ligg einsam, øyde: ein avsidesliggjande stad avskaffe v avskaffar, avskaffa, avskaffa å avskaffe er å få noko til å opphøyre; fjerne, oppheve: avskaffe dødsstraff; monarkiet vart avskaffa; nokon vil helst avskaffe karakterar i skulen

NN_hoveddel_justert_test.indd 65

65

avsky

avskilte v avskiltar, avskilta, avskilta å avskilte er å fjerne registreringsskilt frå eit fartøy, køyretøy: politiet avskilta bilar som ikkje var i forskriftsmessig stand avskjed m avskjeden fl. avskjedar, avskjedane 1 avskjed er det å skiljast; farvel: ein tung avskjed; ta avskjed med nokon 2 (jur.) avskjed er det å slutte el. bli avsett: arbeidsgjevaren vurderte å gje den tilsette avskjed ■ få avskjed på grått papir 1 (overf.) få sparken: personen som lak videoen, fekk avskjed på grått papir 2 (overf.) bli fullstendig avvist: dei fekk avskjed på grått papir av veljarane avskjere v avskjer, avskar, avskore 1 (særl. mil.) å avskjere er å hemje el. stanse ei kryssande rørsle: avskjere fienden; landet vil avskjere båtar med asylsøkjarar 2 (overf.) å avskjere er å hindre nokon i å gjere el. oppnå noko: avskjere all vidare diskusjon avskjering f avskjeringa fl. avskjeringar, avskjeringane avskjering er det å avskjere el. bli avskoren: avskjering av prov i retten; avskjering av sivile luftfartøy avskrekkande adj n. avskrekkande fl. avskrekkande som skremmer: ei avskrekkande straff avskrift f avskrifta fl. avskrifter, avskriftene 1 avskrift er det å skrive av (ei tekst): rein avskrift 2 ei avskrift er noko som er skrive av; kopi: avskrifter av gamle skrifter avskrive v avskriv, avskreiv, avskrive 1 å avskrive er å skrive av: avskrive ei tekst 2 å avskrive er å rekne som tapt: avskrive ei fordring; vi får berre avskrive ho som lagleiar 3 (økon.) å avskrive er å redusere ein bokført verdi: utstyret vart avskrive over tre år avskriving f avskrivinga fl. avskrivingar, avskrivingane 1 avskriving er det å skrive av 2 (økon.) avskriving er det å redusere ein bokført verdi av noko 3 (økon.) ei avskriving er ein sum som ein bokført verdi er nedskriven med avskum n avskummet fl. avskum, avskumma eit avskum er ein avskyeleg person; slyngel: ho er eit kaldt avskum; halde seg borte frå avskumma på skulen avsky1 m avskyen ein avsky er ei sterk kjensle av forakt, motvilje: drapet vekte avsky; kjenne ein veldig avsky avsky2 v avskyr, avskydde, avskydd å avsky er å mislike intenst: han avskyr juks; eg avskyr honning; dei avskydde kvarandre

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


avskyeleg avskyeleg adj n. avskyeleg fl. avskyelege som vekkjer avsky; fråstøytande, motbydeleg: han er eit avskyeleg vesen; det var ei avskyeleg handling ■ den avskyelege snømannen (folketru) sagnomsust tibetansk uhyre som skal finnast i Himalaya avslag n avslaget fl. avslag, avslaga 1 avslag er det å avslå: få avslag 2 (økon.) eit avslag er ein prisreduksjon, rabatt: avslag på alle vinterklede 3 (sport, i bandy) eit avslag er eit igangsetjande slag avslapping f avslappinga fl. avslappingar, avslappingane avslapping er det å (få kropp el. musklar til å) slappe av: total avslapping; musikk for avslapping og velvære avslutning f avslutninga fl. avslutningar, avslutningane ei avslutning er ein ende, slutt: syngje ein song til avslutning Ñavslutte v avsluttar, avslutta, avslutta 1 å avslutte er å gjere ferdig el. opp; fullføre: avslutte kapittelet; avslutte ein rekneskap; avslutte skulegangen; avslutte ein konto i banken; talaren avslutta med å ta ei skål 2 (som adj. i perf. partisipp) ferdig, forbi: ei avslutta sak; eit avslutta kapittel i livet mitt avslutting f avsluttinga fl. avsluttingar, avsluttingane avslutting er det å avslutte el. slutte av avsløre v avslørar, avsløra, avsløra 1 å avsløre er å blottstille, avdekkje: avsløre ein spion; avsløre det eigentlege føremålet; avsløre rasistiske stereotypiar 2 å avsløre er å avduke: ho avsløra monumentet avsløring f avsløringa fl. avsløringar, avsløringane 1 avsløring er det å avsløre el. bli avsløra: avsløringa av spionen; avsløringa kom som lyn frå klar himmel 2 ei avsløring er ei avduking: avsløringa av monumentet avslå v avslår, avslo, avslått å avslå er å seie nei til noko: avslå ein søknad avsmak m avsmaken fl. avsmakar, avsmakane ein avsmak er ein motvilje, ei ulyst: få avsmak for noko avsnitt n avsnittet fl. avsnitt, avsnitta 1 eit avsnitt er ein del, eit stykke: eit avsnitt i teksta; eit avsnitt av historia; eit avsnitt i ein tv-serie 2 (særl. mil.) eit avsnitt er ei administrativ avdeling (t.d. i Heimevernet el. Sjøforsvaret) avspasere v avspaserer, avspaserte, avspasert å avspasere er å ta fri som kompensasjon for

NN_hoveddel_justert_test.indd 66

66

avstå

ekstra- el. overtidsarbeid: avspasere tre dagar rundt påske avspasering f avspaseringa fl. avspaseringar, avspaseringane avspasering er det å avspasere: ta to dagar fri som avspasering avspore v avsporar, avspora, avspora 1 (om tog, trikk) å avspore er å gå av eit tog- el. trikkespor: toget avspora 2 (overf.) å avspore er å føre bort frå det eigentlege temaet: ho lét seg avspore; han freista heile tida å avspore debatten avsporing f avsporinga fl. avsporingar, avsporingane 1 avsporing er det at eit tog el. ein trikk går av eit tog- el. trikkespor; trikkeavsporing 2 (overf.) avsporing er det å føre ein samtale bort frå det eigentlege temaet: debatten er ei avsporing av stad adv av garde; bort: reise av stad; av stad med deg! avstamming f avstamminga fl. avstammingar, avstammingane ei avstamming er ein nedkomst, eit opphav: alt liv har felles avstamming; familien er av tysk avstamming Ñavstand m avstanden fl. avstandar, avstandane (òg overf.) ein avstand er ei viss lengd mellom to punkt; distanse: sjå nokon på lang avstand; avstanden mellom Oslo og Drammen; det har vorte så stor avstand mellom oss; det er stor avstand mellom krav og tilbod ■ halde ein viss avstand til (òg overf.) halde seg unna noko(n) ■ ta avstand frå (overf.) seie seg (sterkt) usamd i avstiging f avstiginga fl. avstigingar, avstigingane avstiging er det å stige av (t.d. ein buss el. eit tog): avstiging på venstre side avstikkande adj n. avstikkande fl. avstikkande som skil seg ut; påfallande: ein avstikkande veremåte avstumpa adj n. avstumpa fl. avstumpa kjenslekald og samvitslaus: ein avstumpa person; eit avstumpa kjensleliv; livet i leiren gjorde ho avstumpa og rå avstøyping f avstøypinga fl. avstøypingar, avstøypingane 1 avstøyping er det å avstøype 2 ei avstøyping er ein støypt kopi av noko avstå v avstår, avstod, avstått 1 å avstå er å gje avkall på: eg avstår arven; vi vil avstå frå å saksøkje kvarandre 2 (jur.) å avstå er å avhende, overdra: Frankrike avstod Canada; bonden ville ikkje avstå grunn til ny veg

05/01/2021 16:53


avsug avsug n avsuget fl. avsug, avsuga eit avsug er (ei opning til) eit avtrekk: avsug og filtrering av støv og partiklar; eit rom med avsug 1 Ñavtale m avtalen fl. avtalar, avtalane ein avtale er ei ordning som to el. fleire har vortne samde om: partane inngjekk ein avtale; vi har ein avtale om å gå på kino 2 Ñavtale v avtalar, avtala, avtala å avtale er å gjere avtale om (på førehand): avtale ein pris; dei avtala eit møte; eg har avtala ein tannlegetime avtene v avtener, avtente, avtent (jur.) å avtene er å utføre lovpålagd teneste (i eit bestemt tidsrom): han må avtene samfunnsstraff; kandidatane må avtene turnus avtrappe v avtrappar, avtrappa, avtrappa å avtrappe er å redusere gradvis: avtrappe treninga avtrapping f avtrappinga fl. avtrappingar, avtrappingane ei avtrapping er ein gradvis reduksjon: avtrapping av medisinbruk avtrekk n avtrekket fl. avtrekk, avtrekka 1 (eit) avtrekk er (ei opning brukt til) bortleiing av damp, gass e.l.: avtrekk frå våtrom under bruk 2 avtrekk er det å trekkje av eit skytevåpen ■ vere sein i avtrekket (overf., spøk.) reagere seint avtrekkjar m avtrekkjaren fl. avtrekkjarar, avtrekkjarane el. avtrekkar m avtrekkaren fl. avtrekkarar, avtrekkarane ein avtrekkjar er ein del på eit skytevåpen som blir brukt til å fyre av skot: hagla har ein avtrekkjar til kvart løp avtroppande adj n. avtroppande fl. avtroppande som er i ferd med å gå av: ein avtroppande styreleiar; mots. påtroppande avtrykk n avtrykket fl. avtrykk, avtrykka 1 eit avtrykk er eit merke, spor etter noko(n): digitale avtrykk; sjå avtrykk etter skosolar 2 eit avtrykk er ei trykt attgjeving av noko: avtrykk av eit bilete avund f avunda ei avund er ei misunning avundsjuk adj n. avundsjukt fl. avundsjuke som er sjuk av avund, misunning avveg m avvegen fl. avvegar, avvegane ein avveg er ein (tenkt el. verkeleg) veg som fører bort frå den eigentlege vegen ■ på avvegar på feil veg; på vidvanke: farleg avfall på avvegar; rasismedebatt på avvegar avvege v avveg, avvog, avvege 1 (òg som adj. i perf. partisipp) å avvege er å vurdere grundig ved å samanlikne ulike alternativ: avvege for og imot; vel avvegne fordelar og ulemper; treffe gode og avvegne avgjerder 2 å avvege er å tillempe, tilpasse: avvege proporsjonar

NN_hoveddel_justert_test.indd 67

67

avvæpne

avveging f avveginga fl. avvegingar, avvegingane ei avveging er ei grundig vurdering basert på samanlikning av ulike alternativ: avveging av fordelar og ulemper avveksling f avvekslinga fl. avvekslingar, avvekslingane ei avveksling er ei forandring, ein variasjon: eg treng litt avveksling; dei gjekk på restaurant til ei avveksling avvenjing f avvenjinga fl. avvenjingar, avvenjingane el. avvenning f avvenninga fl. avvenningar, avvenningane avvenjing er det å venje seg el. nokon av med noko: avvenjing frå morsmjølk; rusavvenjing avventande adj n. avventande fl. avventande (òg som adv.) som førebels ikkje har tatt eit val; nølande: ei avventande haldning; han stiller seg noko avventande til det avverje v avverjar, avverja, avverja å avverje er å forhindre noko(n): avverje ein katastrofe avvik n avviket fl. avvik, avvika 1 avvik er det å vike av frå det normale el. vanlege: avvik frå krava 2 eit avvik er noko som vik av frå det vanlege el. normale: avvik i trafikken; tabellen viste eit avvik på 5 % avvikar m avvikaren fl. avvikarar, avvikarane ein avvikar er ein person med avvikande meiningar el. åtferd: han vart stempla som ein avvikar avvike v avvik, avveik, avvike 1 å avvike er å vike av (frå): avvike frå prinsippa sine 2 å avvike er å vere ulik frå: vitneutsegnene avveik sterkt frå kvarandre avvikle v avviklar, avvikla, avvikla 1 å avvikle er å bringe til opphøyr: avvikle gjeld; avvikle eit føretak 2 å avvikle er å fullbyrde, gjennomføre: arrangementet vart greitt avvikla avvikling f avviklinga fl. avviklingar, avviklingane avvikling er det å avvikle, avskipe: firmaet er under avvikling avvisande adj n. avvisande fl. avvisande (òg som adv.) ikkje imøtekomande; reservert, uvennleg: eit avvisande svar; ei avvisande haldning; stille seg avvisande til fusjonen avvise v avviser, avviste, avvist 1 å avvise er å nekte å ta imot noko(n): avvise ein asylsøkjar; avvise tilnærmingar; avvise eit transplantert organ 2 å avvise er å seie nei til; avslå, forkaste: avvise eit framlegg; avvise rykta; retten avviste anken avvæpne v avvæpnar, avvæpna, avvæpna 1 å avvæpne er å gjere våpenlaus: fienden vart avvæpna

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


ayatolla

68

2 (overf.) å avvæpne er å blidgjere, formilde: han avvæpna alle med det gode humøret sitt ayatolla m ayatollaen fl. ayatollaer, ayatollaene (relig.) ein ayatolla er ein rettslærd innanfor sjiaislam aztekar [astekar] m aztekaren fl. aztekarar, aztekarane (i eldre tid) ein aztekar var ein person frå ei indianarstamme i det gamle Mexico aztekisk [astekisk] adj n. aztekisk fl. aztekiske som gjeld aztekarane

babord subst el. bakbord (sjø.) babord er venstresida av eit fartøy sett bakfrå; mots. styrbord baby [be(i)bi] m babyen fl. babyar, babyane ein baby er eit spedbarn: få ein liten baby bacalao [bakalao] m bacalaoen fl. bacalaoar, bacalaoane (mat.) bacalao er ein matrett av klippfisk bachelor [bætsj(e)ler] m bacheloren fl. bachelorar, bachelorane (utd.) ein bachelor er ein person med bachelorgrad bachelorgrad [bætsj(e)lergrad] f bachelorgrada fl. bachelorgrader, bachelorgradene (utd.) ei bachelorgrad er ei lågare akademisk grad ved ein høgskule el. eit universitet: ho har ei bachelorgrad i historie back [bekk el. bækk] m backen fl. backar, backane (sport, i visse ballspel) ein back er ein forsvarsspelar som er plassert nært sitt eige mål backgammon [bækkgæmen] subst (spel) backgammon er eit brettspel for to personar, som går ut på å flytte brikker (frå startoppstillinga og) ut av brettet backhand [bækkhænd] m backhanden fl. backhandar, backhandane (sport) ein backhand er eit slag i tennis e.l. med handbaken i same retning som slagsida av racketen backpackar [bækkpækkar] m backpackaren fl. backpackarar, backpackarane ein backpackar er ein turist som reiser rundt med bagasjen i ein ryggsekk backslash [bækkslæsj] m backslashen fl. backslashar, backslashane ein backslash er ein stråstrek som går ned mot høgre (\), brukt særl. i dataspråk bacon n baconet (mat.) bacon er lettsalta, røykt sideflesk av gris: ete egg og bacon til frukost Ñbad n badet fl. bad, bada 1 bad er det å bade: ho tok seg eit bad; dampbad, solbad 2 eit bad er ei væske til å bade noko i; fargebad, syrebad 3 (arkit.) eit bad er eit baderom: det er dyrt å pusse opp badet 4 (arkit.) eit bad er eit offentleg badeanlegg: det nye badet har fleire symjebasseng Ñbade v badar, bada, bada 1 å bade er å senke eigen el. andre sin kropp i vatn: ho bada sjølv om vatnet berre heldt femten grader; eg har bada spedbarnet 2 å bade er å dyppe el. skylje noko i ei væske (som del av ein prosess): bade ein film 3 (overf.) å bade er å omgje seg med noko: rommet bada i lys; i helga kan du bade i musikk; liggje bada i sveitte

B B1 m B-en fl. B-ar, B-ane el. b m b-en fl. b-ar, b-ane 1 (språkv.) brukt om språklyden, konsonanten b 2 (språkv.) brukt som bokstavteikn for språklyden b, det andre bokstavteiknet i alfabetet 3 brukt om den el. det neste etter A i ei rekkje kategoriar, storleikar el. ting: plan B; førarkort i klasse B 4 (mus.) brukt om (noten for) ein tone som er eit halvt trinn lågare enn H 5 (mus.) brukt som forteikn (♭), som i noteskrift markerer at ein tone skal senkast med ein halv tone ■ har ein sagt A, må ein seie B (overf.) har ein byrja på noko, må ein fullføre det B2 symb 1 (kjemi) symbol for bor 2 (fysikk) symbol for bel 3 (ikt) symbol for byte b symb (fysikk) symbol for bar babb subst brukt i uttrykket: ■ klabb og babb rot og røre: det vart mykje klabb og babb på fotballbanen babbel n babbelet eit babbel er eit (uforståeleg) skravl, snakk: høyre på babbelet til babyen; eit radioprogram med babbel og musikk babe [beib] m baben fl. babar, babane ein babe er ei fin el. søt jente: ho var litt av ein babe babelsk adj n. babelsk fl. babelske brukt i uttrykket: ■ babelsk forvirring stor (språkleg) forvirring: alle snakka i munnen på kvarandre, og det oppstod ei babelsk forvirring bable v bablar, babla, babla å bable er å snakke utydeleg; plapre, skravle: den vesle guten babla i veg; ho babla eit eller anna på japansk

NN_hoveddel_justert_test.indd 68

bade

05/01/2021 16:53


badminton

69

badminton [bædminten] m badmintonen (sport) badminton er eit (innandørs) spel med nett, racket og fjørball badstove f badstova fl. badstover, badstovene el. badstue f badstua fl. badstuer, badstuene 1 ei badstove er eit hus el. eit rom med sveittebad: byggje si eiga badstove 2 badstove blir òg brukt om sveittebad: ta badstove bag [bægg] f bag fl. bagar, bagane el. bagg m baggen fl. baggar, baggane ein bag er ei romsleg veske: pakke bagen sin; treningsbag bagasje m bagasjen 1 bagasje er det ein tar med seg på ein lengre tur; reisegods: sjekke inn bagasjen; eg har tatt med meg for mykje bagasje; handbagasje 2 (overf.) bagasje er summen av dei røynslene og opplevingane som ein ber med seg vidare i livet: kulturell bagasje; barn med tung bagasje og store traume bagatell m bagatellen fl. bagatellar, bagatellane ein bagatell er ei lita, ubetydeleg sak: ein rein bagatell; hengje seg opp i bagatellar bagatellisere v bagatelliserer, bagatelliserte, bagatellisert å bagatellisere er å avfeie el. framstille noko som ubetydeleg: det er ingen grunn til å bagatellisere eller unnskylde ei slik åtferd; ho bagatelliserte skadane bagel [beig(e)l] m bagelen fl. bagelar, bagelane (mat.) ein bagel er eit lite, ringforma brød av gjærdeig kokt i vatn før steiking bagett m bagetten fl. bagettar, bagettane 1 (mat.) ein bagett er eit lite, avlangt kveitebrød med sprø skorpe 2 (geol.) ein bagett er ein rektangelforma edelstein bagg m baggen fl. baggar, baggane → bag baglar m baglaren fl. baglarar, baglarane (i eldre tid) ein baglar var ein medlem av eit parti som kjempa mot kong Sverre i borgarkrigstida bahai m bahaien fl. bahaiar, bahaiane (relig.) (ein) bahai er (ein medlem av) ei religiøs rørsle som vektlegg likeverd og åndeleg einskap bahamanar m bahamanaren fl. bahamanarar, bahamanarane ein bahamanar er ein person som bur på el. kjem frå øystaten Bahamas bahamansk adj n. bahamansk fl. bahamanske som gjeld Bahamas el. bahamanarar bahrainar m bahrainaren fl. bahrainarar, bahrainarane ein bahrainar er ein person som bur i el. kjem frå øystaten Bahrain bahrainsk adj n. bahrainsk fl. bahrainske som gjeld Bahrain el. bahrainarar

baisse [bess] m baissen fl. baissar, baissane (økon.) ein baisse er eit kursfall på børsen; mots. hausse bajas m bajasen fl. bajasar, bajasane ein bajas er ein komisk figur; klovn, narr: han oppfører seg som ein bajas bajonett m bajonetten fl. bajonettar, bajonettane (mil., særl. i eldre tid) ein bajonett er eit stikkvåpen til å feste på eit geværløp 1 Ñbak m baken fl. bakar, bakane 1 ein bak er ein bakende; rumpe, sete: falle på baken 2 ein bak er ein del av eit klesplagg som dekkjer baken (i bet. 1): buksa hadde eit hol i baken 3 (òg overf.) ein bak er ein rygg: ha mange år på baken 4 ein bak er ei bakside: skrive noko på baken av handa ■ eit spark i baken (overf.) ein tydeleg stimulans til å gjere noko ■ lage ris til eigen bak (overf.) lage vanskar for seg sjølv 2 Ñbak prep 1 på el. til den sida av noko(n) som vender bort: leggje seg bak nokon; han står bak skranken; dei gøymer seg bak døra; ho gjekk bak huset for å hente noko 2 (overf.) bakanfor, som grunnlag el. støtte: tanken bak regelen er god; han har folket bak seg 3 (overf.) lenger tilbake i tid: leggje bekymringane bak seg; han har eit langt arbeidsliv bak seg 4 (som adv.) i, på el. ved den bakarste delen av noko: få eit spark bak; stå for langt bak til å høyre; ikkje vite kva som er framme og bak ■ bak ryggen på nokon (overf.) utan at vedkomande får vite det ■ bak ei lukka dør (overf.) utan at andre ser det ■ bak lås og slå (overf.) i fengsel ■ føre bak lyset (overf.) lure (nokon) bakar m bakaren fl. bakarar, bakarane ein bakar er ein person som jobbar med å lage bakverk: mange bakarar er utlærte konditorar ■ rette bakar for smed (ordt.) klandre el. straffe feil person bakarst adj n. bakarst fl. bakarste (opph. superlativ av bak) 1 (òg som adv.) lengst bak: han hamna som vanleg bakarst i køen; sitje bakarst 2 (som subst.) person som er lengst bak: dei bakarste fekk ikkje med seg meldinga bakbein n bakbeinet fl. bakbein, bakbeina (anat.) eit bakbein er eitt av dei to bakre beina på eit (firefota) dyr: hesten sparka med bakbeina; mots. frambein

NN_hoveddel_justert_test.indd 69

bakbein

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bakbord ■ setje seg på bakbeina (overf.) vere motvillig bakbord subst → babord bakdel m bakdelen fl. bakdelar, bakdelane 1 ein bakdel er den bakarste delen av noko: bakdelen av hovudet; bakdelen av bokhylla; mots. framdel 2 ein bakdel er ei rumpe, eit sete: ho fall og slo bakdelen 3 (overf.) ein bakdel er eit hinder, ei ulempe: løysinga har ein del bakdelar; mots. fordel bakdør f bakdøra fl. bakdører, bakdørene 1 ei bakdør er ei dør på baksida av ein bygning: han kom inn gjennom bakdøra 2 ei bakdør er kvar av dei bakarste sidedørene på ein bil: ho opna bakdøra og plasserte varene i baksetet ■ gå bakdøra (overf.) oppnå noko ved å handle indirekte og i det skjulte ■ ha ei bakdør open (overf.) ha høve til å trekkje seg bake v baker, bakte, bakt 1 å bake er å lage deig til bakverk, for så å steikje han: bake brød; bake småkaker til jul 2 (overf.) å bake er å varme opp: sola bakte meg ■ bakte poteter (som adj. i perf. partisipp, mat.) poteter steikte i omn bakeri n bakeriet fl. bakeri, bakeria eit bakeri er (eit lokale for) eit føretak som lagar og sel bakverk bakevje f bakevja fl. bakevjer, bakevjene 1 (geogr.) ei bakevje er ein straum i ein bekk el. i ei elv som skil seg frå hovudstraumen og bøyer tilbake: båten låg og dreiv i ei bakevje 2 (geogr.) ei bakevje er ei vik med bakevje (i bet. 1) 3 (overf.) ei bakevje er ein vanskeleg situasjon som ein ikkje kjem ut av: forhandlingane kom inn i ei bakevje bakfrå prep 1 frå baksida: eg såg ho berre bakfrå 2 frå slutten: byrje bakfrå bakgard m bakgarden fl. bakgardar, bakgardane 1 (arkit.) ein bakgard er ein gardsplass el. eit gardsrom på baksida av ein bygard: leike i bakgarden; sole seg i bakgarden 2 (i samansetjingar) ein bakgard er ei småsnuskete, useriøs verksemd; bakgardsfirma, bakgardsklubb Ñbakgrunn m bakgrunnen fl. bakgrunnar, bakgrunnane 1 ein bakgrunn er eit område bak noko(n): høyre stemmer i bakgrunnen; figurane tredde tydeleg fram mot den mørke bakgrunnen; mots. forgrunn 2 (overf.) ein bakgrunn er eit tilhøve el. ei tidlegare hending som ligg bak el. dannar

NN_hoveddel_justert_test.indd 70

70

bakke

grunnlaget for noko(n): forklare bakgrunnen for framlegget; komiteen har medlemer med ulik bakgrunn ■ halde seg i bakgrunnen (overf.) ikkje stikke seg fram: ho var blyg og heldt seg i bakgrunnen ■ kome i bakgrunnen (overf.) bli mindre viktig: då ulykka hende, kom alt anna i bakgrunnen bakhald n bakhaldet brukt i uttrykka: ■ falle i bakhald (mil.) bli uventa angripen ■ liggje i bakhald (mil.) liggje i ein skjult posisjon (som utgangspunkt for eit overraskande overfall) bakhaldsangrep n bakhaldsangrepet fl. bakhaldsangrep, bakhaldsangrepa 1 (mil.) eit bakhaldsangrep er eit uventa angrep frå ei skjult stilling: soldatane gjekk i stilling og førebudde eit bakhaldsangrep 2 (overf.) eit bakhaldsangrep er eit uventa angrep el. ein uventa kritikk: ho vart offer for eit bakhaldsangrep på jobben bakhand f bakhanda fl. bakhender, bakhendene 1 (spel) bakhand er det å melde el. spele ut sist i eit kortspel 2 (spel) ei bakhand er ein person som melder el. spelar sist i eit kortspel ■ ha i bakhand (overf.) ha i reserve bakhjulsdrift f bakhjulsdrifta ei bakhjulsdrift er ei kraftoverføring frå motoren til bakhjula på eit køyretøy baki prep (òg som adv.) i den bakarste delen av noko: legg posen baki bilen; sitje baki bakk1 m bakken fl. bakkar, bakkane (sjø.) ein bakk er eit halvdekk framme på eit fartøy bakk2 adv (særl. sjø) bakover, tilbake: full bakk; seglet slo bakk 1 Ñbakke m bakken fl. bakkar, bakkane 1 (i bf. eintal) bakken er den grunnen, jorda som ein står og går på: det er snø på bakken 2 (geogr.) ein bakke er ei skråning i terrenget: klatre opp ein bakke; stå på toppen av bakken; ballen trilla nedover bakken; hoppbakke, marbakke 3 ein bakke er ein rygg på eit bitjern; mots. egg ■ bere utfor bakke med (overf.) gå dårleg med ■ leggje i bakken (overf.) overvinne ■ stå på berr bakke (overf.) vere utan (penge)midlar ■ ta seg ein pust i bakken (overf.) ta seg ein liten pause bakke2 v bakkar, bakka, bakka 1 å bakke er å slå bakk: bakke segla 2 å bakke er å gje (musikalsk) støtte: bakke eit band; bakke ein venn; bli bakka opp av familien ■ bakke ut 1 køyre bakover: bakke ut av parkeringsplassen; båten bakka ut frå bryggja

05/01/2021 16:53


bakkekontakt

71

2 (overf.) trekkje seg: bakke ut av handelen bakkekontakt m bakkekontakten 1 bakkekontakt er kontakt med bakken: fallskjermhopparen fekk etter kvart bakkekontakt 2 (overf.) bakkekontakt er kontakt med røyndommen: ei merkeleg dame, heilt utan bakkekontakt bakkekrig m bakkekrigen fl. bakkekrigar, bakkekrigane (mil.) ein bakkekrig er ein krig som blir utkjempa på landjorda: styrkane skal ikkje ut i ein ny bakkekrig bakkels m bakkelsen fl. bakkelsar, bakkelsane (mat.) ein bakkels er eit lite, rundt (smult)bakverk (med fyll); vassbakkels bakkestart m bakkestarten bakkestart er start av eit motorkøyretøy i motbakke: la ikkje motoren gå ut når du tar bakkestart baklekse f bakleksa brukt i uttrykket: ■ kome i bakleksa liggje etter baklengs adv (òg som ubøy. adj.) med baksida, ryggen først: det var så trongt at dei måtte gå baklengs ut; kunne leksa både framlengs og baklengs; ein baklengs salto baklås subst brukt i uttrykket: ■ gå i baklås 1 (om låsmekanisme) setje seg fast og ikkje la seg opne: døra gjekk i baklås, så eg fekk ikkje opna ho 2 (overf.) setje seg på bakbeina; stoppe opp: regjeringa har gått i baklås bakom prep (òg som adv.) bak: bilen stod bakom huset; det var vond vilje bakom bakover adv tilbake: reise bakover i tid; leggje øyra bakover bakpå prep (òg som adv.) på den bakre delen el. sida (av): han sat bakpå sykkelen; skrive namnet på avsendaren bakpå; mots. frampå ■ kome bakpå ein (overf.) bli (litt ubehageleg) overraska ■ vere bakpå (overf.) vere passiv og seint ute: regjeringa er bakpå i dette spørsmålet bakre adj (opph. komparativ av bak) som er lenger el. lengst bak (jf. bakarst): halde orden i dei bakre rekkjene bakrus m bakrusen ein bakrus er eit ubehag etter ein rus: vere i bakrus bakse v baksar, baksa, baksa å bakse er å kave, streve (med noko tungt): ho baksa seg fram i djup snø; dei baksa veldig med det store skapet bakside f baksida fl. baksider, baksidene 1 (særl. i bf. eintal) baksida er den bortvende sida av noko: baksida av arket; baksida av skapet 2 (særl. i bf. eintal) baksida er den siste sida i ei avis, eit blad e.l.: det er ein teikneserie på baksida

3 (overf.) ei bakside er ei negativ side; skuggeside: dei mange baksidene av artistlivet ■ baksida av medaljen (overf.) den negative sida ved noko som er positivt baksmell m baksmellen fl. baksmellar, baksmellane 1 ein baksmell er eit kraftig bakslag 2 (overf.) ein baksmell er ein lei etterverknad: få baksmell på skatten; ein baksmell for miljøkampen baksnakke v baksnakkar, baksnakka, baksnakka å baksnakke er å snakke nedsetjande om nokon som ikkje til stades; baktale: dei spreier stygge rykte og baksnakkar andre jenter bakst m baksten fl. bakstar, bakstane 1 bakst er det å bake; baking: gjere litt bakst 2 (mat.) ein bakst er fleire bakverk, brød (som blir bakte på same tid): gjestene fekk smake på baksten bakstrev n bakstrevet eit bakstrev er ein motstand mot alt nytt: ein stadig kamp mellom framsteg og bakstrev bakstrevar m bakstrevaren fl. bakstrevarar, bakstrevarane ein bakstrevar er ein motstandar av alt nytt bakstreversk adj n. bakstreversk fl. bakstreverske som går imot alt nytt; reaksjonær baktale v baktalar, baktala, baktala å baktale er å baksnakke: baktale nokon baktanke m baktanken fl. baktankar, baktankane ein baktanke er eit skjult føremål, ein skjult tanke: gjere noko utan baktankar; eg er redd ho har baktankar med det ho gjer Ñbakterie m bakterien fl. bakteriar, bakteriane (særl. i fleirtal, biol., med.) bakteriar er (eincella) mikroorganismar som kan ta mange ulike former: bakteriar er viktige for nedbryting av daude planter og dyr; infeksjon med bakteriar ■ patogene bakteriar (med.) sjukdomsframkallande bakteriar bakteriekultur m bakteriekulturen fl. bakteriekulturar, bakteriekulturane 1 ein bakteriekultur er ein reinkultur av ei bestemd bakteriestamme i ei næringsvæske: arbeide med bakteriekultur i eit laboratorium 2 ein bakteriekultur er ei samling av bakteriar som er dyrka fram: yoghurt med bakteriekultur bakteriell adj n. bakterielt fl. bakterielle som gjeld el. kjem av bakteriar: ein bakteriell infeksjon bakteriologi m bakteriologien (biol., med.) bakteriologi er studiet av og læra om bakteriane og korleis dei oppfører seg bakveg m bakvegen fl. bakvegar, bakvegane ein bakveg er ein inngang til eit bygg, hus e.l. frå baksida: vi fekk sleppe inn bakvegen

NN_hoveddel_justert_test.indd 71

bakveg

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bakvend ■ gå bakvegar (overf.) prøve å oppnå noko

indirekte og i det skjulte bakvend adj n. bakvendt fl. bakvende (òg som adv.) motsett av det som er normalt, vanleg; vrangsnudd: ein bakvend og tungvinn framgangsmåte; snakke bakvendt bakverk n bakverket fl. bakverk, bakverka (mat.) eit bakverk er noko (særl. brød el. kake) som er bakt bal n balet eit bal er eit mas, styr: det var mykje bal med å installere det nye programmet balaklava m balaklavaen fl. balaklavaer, balaklavaene ein balaklava er eit (strikka) heildekkjande hovudplagg med opning til munnen og auga balalaika m balalaikaen fl. balalaikaer, balalaikaene (mus.) ein balalaika er eit (trekanta) strengeinstrument med tre strenger Ñbalanse [balan(g)se] m balansen fl. balansar, balansane 1 ein balanse er ei jamvekt, likevekt: finne balansen; miste balansen; økologisk balanse; vere ute av balanse 2 ein balanse er ei vektstong el. eit vektstongsystem i ei maskin 3 (økon., i rekneskap) ein balanse er eit oversyn over ein økonomisk situasjon på eit visst tidspunkt 4 (økon.) ein balanse er ein saldo: balansen på kontoen balansegang [balan(g)segang] m balansegangen fl. balansegangar, balansegangane 1 balansegang er det å gå og balansere på eit smalt og usikkert underlag: balansegang på stram line; balansegang på ei ustødig og vinglete hengjebru 2 (overf.) ein balansegang er ei (vanskeleg) manøvrering mellom ulike omsyn: det var litt av ein balansegang å mekle mellom partane balansere [balan(g)sere] v balanserer, balanserte, balansert 1 å balansere er å bringe noko i el. vere i jamvekt: balansere syra; elevane måtte balansere på bommen 2 (overf.) å balansere er å manøvrere mellom ulike omsyn: eg balanserer mellom jobb og familie 3 (økon.) å balansere er å vise samsvar mellom aktivum og passivum: balansere ein rekneskap balansert [balan(g)sert] adj n. balansert fl. balanserte prega av balanse; jamvektig: ein balansert person; eit balansert kosthald baldakin m baldakinen fl. baldakinar, baldakinane (arkit.) ein baldakin er eit tak (av tøy) over eit alter, ei seng el. ein sitjeplass

NN_hoveddel_justert_test.indd 72

72

ballast

balderbrå m balderbråen fl. balderbråar, balderbråane (bot.) ein balderbrå er ein blome i korgplantefamilien med kvite kronblad: blomen balderbrå liknar på blomen prestekrage bale v balar, bala, bala å bale er å slite, streve med noko: han har mykje å bale med balesam adj n. balesamt fl. balesame brysam, mødesam: eit balesamt arbeid balinesar m balinesaren fl. balinesarar, balinesarane ein balinesar er ein person som bur på el. kjem frå Bali balinesisk adj n. balinesisk fl. balinesiske som gjeld Bali el. balinesarar balje f balja fl. baljer, baljene 1 ei balje er eit rundt el. avlangt ope (vass)kar; stamp: vaske klede i ei balje 2 (sjø.) ei balje er ein flatbotna og lite elegant båt balkong m balkongen fl. balkongar, balkongane 1 (arkit.) ein balkong er eit utbygg på ein yttervegg: eit hus med balkong; bustadblokka fekk nye balkongar 2 (arkit.) ein balkong er eit ope galleri i ein større sal: vi har billettar på balkongen 1 Ñball m ballen fl. ballar, ballane 1 (særl. sport) ein ball er ein kuleforma gjenstand til å leike el. spele med: slå ball; sparke ballen i mål; fotball, handball 2 (særl. sport) ein ball er ei pasning, eit skot el. eit slag i eit ballspel: lange ballar; ein vanskeleg ball 3 ein ball er noko som liknar på ein ball (i bet. 1): ho sparka han rett i ballane; krølle saman papiret til ein hard ball; raspeball, snøball ■ ha mange ballar i lufta (overf.) halde på med mange ulike ting samstundes ■ spele ballen over til nokon (overf.) overlate initiativet til nokon ■ ta mannen og ikkje ballen (overf.) angripe ein person og ikkje argumenta til vedkomande ball2 n ballet fl. ball, balla (særl. i bf. eintal) eit ball er ei formell dansetilstelling: opne ballet; be nokon med på ballet; ho var dronninga på ballet ballade1 m balladen fl. balladar, balladane 1 (littv., særl. i eldre tid) ein ballade er eit episklyrisk dikt el. ei (danse)vise 2 (mus.) ein ballade er eit lyrisk musikkstykke ballade2 m balladen fl. balladar, balladane ballade er det same som bråk, oppstyr: ho kom for seint, og då vart det ballade ballast m ballasten fl. ballastar, ballastane 1 (sjø.) ein ballast er eit materiale el. vatn som utgjer naudsynt vekt for å halde eit skip stabilt 2 (overf.) ein ballast er alle dei røynslene og ressursane som ein har med seg frå livet: ho har mykje ballast med seg heimanfrå

05/01/2021 16:53


balle 3 ein ballast er ei samling sandsekkar som regulerer høgda til ein luftballong ■ gå i ballast (sjø.) vere utan last, men ha ballast inne balle1 m ballen fl. ballar, ballane 1 ein balle er ei stor pakke halden saman av band el. plastikk: ein balle høy 2 (i samansetjingar, anat.) ein balle er ein kjøtfull og rundforma kroppsdel; rumpeballe, tåballe 3 balle blir òg brukt som måleining for bomull og papir balle2 v ballar, balla, balla 1 å balle er å klemme, presse noko saman i ein ball: balle saman kleda 2 å balle er å pakke, vikle: balle seg inn i eit teppe ■ balle på seg auke på: problema balla på seg ballerina f ballerinaa fl. ballerinaer, ballerinaene ei ballerina er ein kvinneleg ballettdansar: ho var ei prima ballerina ballett m balletten fl. ballettar, ballettane 1 ballett er (ei kunstform med) elegant scenedans til klassisk musikk: danse ballett 2 (mus.) ballett er musikk komponert for ballett (i bet. 1) 3 ein ballett er ein institusjon som spelar ballett (i bet. 1) 4 ein ballett er ei gruppe dansarar som opptrer saman i ein ballett (i bet. 1): han var ikkje skodespelar, men med i balletten ballistikk m ballistikken (fysikk) ballistikk er studiet av og læra om korleis eit prosjektil rører seg ballong m ballongen fl. ballongar, ballongane 1 ein ballong er ei blære av tynt og elastisk materiale som ein fyller med luft el. gass: blåse opp ein ballong; barna fekk ballongar i selskapet 2 ein ballong er ein stor, rund behaldar som blir halden svevande ved hjelp av gass el. varmluft: fly over landskapet i ein ballong 3 ein ballong er ein stor behaldar av glas; vinballong ■ lufta gjekk ut av ballongen (overf.) handlekrafta el. interessa vart plutseleg borte ■ stikke hol på ballongen (overf.) få fram sanninga ballspel n ballspelet fl. ballspel, ballspela 1 (sport) ballspel er det å spele ball: vere flink i ballspel 2 (sport) eit ballspel er eit spel med éin el. fleire ballar: fotball og handball er ulike ballspel balsam m balsamen fl. balsamar, balsamane 1 (bot.) ein balsam er ei (velduftande) plantesaft av harpiks og eterisk olje 2 (overf.) ein balsam er noko som verkar avstressande: konserten var balsam for sjela

NN_hoveddel_justert_test.indd 73

73

banan

3 ein balsam er eit middel som glattar ut og mjuknar håret etter hårvask: sjampo og balsam 4 (bot.) balsam er ei (medisin)plante i korgplantefamilien med gule blomsterkorger balsamere v balsamerer, balsamerte, balsamert å balsamere er å handsame ein død kropp med kjemiske stoff slik at han ikkje rotnar balsamico m balsamicoen balsamico er ein mørk, krydra vineddik frå Italia baltar m baltaren fl. baltarar, baltarane ein baltar er ein person frå eit av dei baltiske landa baltisk adj n. baltisk fl. baltiske som gjeld Baltikum el. baltarar baluba m balubaen fl. balubaer, balubaene 1 baluba er bantufolket i Kongo 2 baluba blir òg brukt om bråk, oppstyr: ho kom for seint heim, og då vart det baluba balustrade m balustraden fl. balustradar, balustradane (arkit.) ein balustrade er eit rekkverk av korte søyler bambling m bamblingen fl. bamblingar, bamblingane ein bambling er ein person som bur i el. kjem frå Bamble bambus m bambusen 1 (bot.) bambus er ei fellesnemning for arter i fleire ulike (sub)tropiske planteslekter i grasfamilien 2 bambus er ved el. vedmateriale frå dei harde stenglane til bambusplanta bambusbjørn m bambusbjørnen fl. bambusbjørnar, bambusbjørnane (zool.) ein bambusbjørn er ein panda bamling m bamlingen fl. bamlingar, bamlingane ein bamling er ein person som bur i el. kjem frå Bamble; bambling bamse m bamsen fl. bamsar, bamsane 1 (zool., slang) ein bamse er ein hannbjørn 2 (overf.) ein bamse er ein teddybjørn 3 (overf.) ein bamse er ein stor og røsleg mann: han er litt av ein bamse banal adj n. banalt fl. banale daglegdags, kvardagsleg, ordinær: ein banal og enkel illustrasjon; banale påstandar banalisere v banaliserer, banaliserte, banalisert å banalisere er å gjere banal el. vurdere noko som banalt: skal du forenkle alt, banaliserer du spelet; kvar kritikk vart banalisert banalitet m banaliteten fl. banalitetar, banalitetane 1 banalitet er det å vere banal 2 ein banalitet er ein banal frase el. ei banal ytring: dei sat der og utveksla banalitetar banan m bananen fl. bananar, bananane (bot.) ein banan er ei avlang, eteleg frukt av ei tropisk plante i bananfamilien med grøngult skal

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


band 1 Ñband n bandet fl. band, banda

1 eit band er eit snøre, tau: ha hunden i band 2 eit band er eit langt og smalt tøystykke: kjolen har band i livet; bendelband, hårband, panneband 3 eit band er ei remse (av polyester) til å ta opp bilete og/el. lyd på; lydband, videoband 4 eit band er ein ringforma gjenstand til feste el. pynt: setje band på tønnene; armband, halsband 5 (overf.) eit band er noko som knyter nokon saman: kjenslemessige band; det var sterke band mellom familiane; blodsband 6 eit band er ein transportbane i eit maskineri: vente på at bagasjen skal kome ut på bandet 7 eit band er ei av fleire bøker i eit større bokverk; bind 8 eit band er ein kant, ei grense; bjørkeband, skogband ■ leggje band på seg (overf.) tøyme seg band2 [bann el. bænn(d)] n bandet fl. band, banda (mus.) eit band er ei (mindre) musikkgruppe som spelar rytmisk musikk: spele i band; brassband, danseband, storband bandasje m bandasjen fl. bandasjar, bandasjane (med.) ein bandasje er ei forbinding til ein skade, eit sår: leggje på bandasje; gipsbandasje, strekkbandasje, støttebandasje bandasjere v bandasjerer, bandasjerte, bandasjert å bandasjere er å dekkje ein skade, eit sår med bandasje: bandasjere ein skadd arm bande m banden fl. bandar, bandane (òg spøk.) ein bande er ei gruppe av personar som rottar seg saman; gjeng: ein bande av småkriminelle; klassa var litt av ein bande; gutebande, røvarbande banditt m banditten fl. bandittar, bandittane ein banditt er ein forbrytar, kjeltring: ho vart overfallen av ein brutal banditt ■ einarma banditt (spel) speleautomat med arm bandolær n bandolæret fl. bandolær, bandolæra (mil.) eit bandolær er ei skulderreim el. eit soldatbelte til utstyr bandy [bandi el. bændi] m bandyen (sport) bandy er eit lagspel på is med ball og køller 1 Ñbane m banen fl. banar, banane 1 ein bane er eit tillaga felt, spor el. ein tillaga veg til ferdsel: ha fri bane; jernbane, køyrebane, vegbane 2 (òg overf.) ein bane er ein rørslebane el. ei rørslelinje: banen til jorda rundt sola; tenkje i nye banar 3 (sport) ein bane er ein oppmålt plass til idrett; fotballbane, skytebane, tennisbane

NN_hoveddel_justert_test.indd 74

74

banke

4 ein bane er ein del av ein papir- el. tapetrull som når frå taket til golvet ■ bringe noko på banen (overf.) ta noko opp ■ i lange banar (overf.) i store mengder bane2 m banen fl. banar, banane 1 (littv.) ein bane er ein skrekkeleg død: få banen sin 2 (littv.) ein bane er noko(n) som valdar ein skrekkeleg død bane3 v banar, bana, bana å bane er å brøyte, rydde: bane veg for nye prosjekt; bane seg veg gjennom folkemengda banebrytande adj n. banebrytande fl. banebrytande som set i gang noko nytt og viktig; epokegjerande, nyskapande: ei banebrytande oppfinning bangladeshar [bangladesjar] m bangladesharen fl. bangladesharar, bangladesharane ein bangladeshar er ein person som bur i el. kjem frå Bangladesh bangladeshisk [bangladesjisk] adj n. bangladeshisk fl. bangladeshiske som gjeld Bangladesh el. bangladesharar banjo m banjoen fl. banjoar, banjoane (mus.) ein banjo er eit strengeinstrument med eit trommeskinn over ei resonanskasse, vanlegvis med 5 strenger 1 Ñbank m banken fl. bankar, bankane 1 (økon.) ein bank er eit finansføretak som tar imot og gjev kreditt og som formidlar pengetransaksjonar: setje pengar i banken; nettbank, sparebank, statsbank 2 ein bank er eit bygg, lokale der ein bank (i bet. 1) held til 3 ein bank er ein stad der noko blir lagra (til seinare bruk); blodbank, databank, sædbank 4 (spel) ein bank er ei samling av innsatsar i hasardspel 2 Ñbank n banket fl. bank, banka 1 eit bank er eit dunk, slag; hjartebank, motorbank 2 bank blir òg brukt om juling, pryl: få bank bankautomat m bankautomaten fl. bankautomatar, bankautomatane (økon.) ein bankautomat er ein automat der ein kan ta ut pengar; minibank banke1 m banken fl. bankar, bankane 1 (geogr.) ein banke er eit grunt område i ei elv, ein sjø el. eit hav; sandgrunne: det var ein banke midt i elveløpet; fiskane kjem inn for å gyte på bankane utanfor kysten 2 (meteorol.) ein banke er ei opphoping av skyer: banke i horisonten varslar uvêr 2 Ñbanke v bankar, banka, banka 1 å banke er å dunke, kakke med ei hand el. ein

05/01/2021 16:53


banker reiskap mot eit fast underlag: banke på døra; ho banka han på ryggen 2 å banke er å hamre, pulsere: hjartet bankar raskt 3 (òg overf.) å banke er å pryle, slå: banke nokon opp; banke kunnskapar inn i elevane ■ banke i bordet (folketru) kakke i bordet for å hindre at noko dumt skjer banker [bænker] m bankeren fl. bankerar, bankerane (sport) ein banker er ein favoritt i eit hesteveddeløp: han er vår klokkeklare banker bankerott adj n. bankerott fl. bankerotte (økon.) som har gått konkurs; ruinert: ein bankerott organisasjon bankett m banketten fl. bankettar, bankettane ein bankett er eit (meir el. mindre) offisielt festmåltid: etter prisutdelinga var det bankett bankgiro [banksjiro] m bankgiroen fl. bankgiroar, bankgiroane (økon.) ein bankgiro er ein måte å overføre pengar på bankier [bangkie] m bankieren fl. bankierar, bankierane (økon.) ein bankier er ein person som driv eiga bankverksemd bankkonto m bankkontoen fl. bankkontoar, bankkontoane (økon.) ein bankkonto er ein konto i ein bank der ein kunde kan ha pengane sine ståande: det står lite pengar på bankkontoen min rett før lønning bankkort n bankkortet fl. bankkort, bankkorta (økon.) eit bankkort er eit betalingskort i plast: betale med bankkort bann n bannet (særl. relig., i eldre tid) eit bann var ei bannlysing: paven lyste kong Sverre i bann bannbulle m bannbullen fl. bannbullar, bannbullane (relig., i eldre tid) ein bannbulle var eit brev frå paven som bannlyste nokon banne v bannar, banna, banna å banne er å bruke bannord for å uttrykkje ei sterk kjensle: banne så det lyser; ho banna då ho såg karakteren ■ banne på (overf.) vere sikker på: det kan du banne på at eg gjer banner n banneret fl. banner, bannera 1 eit banner er ei fane med symbol el. tekst knytt til noko(n): måle eit banner 2 (mil.) eit banner er ei fane brukt som stridsmerke i krig 3 (ikt) eit banner er eit band med (reklame)tekst på ei nettside banning f banninga banning er det å banne; bannskap bannlyse v bannlyser, bannlyste, bannlyst 1 (relig.) å bannlyse er å stengje nokon ute frå eit katolsk kyrkjesamfunn 2 (overf.) å bannlyse er å forby, utelukke:

NN_hoveddel_justert_test.indd 75

75

barbecue

bannlyse røyking; kommunen bannlyste prim og brunost i barnehagane bannord n bannordet fl. bannord, bannorda eit bannord er eit ord som blir brukt for å uttrykkje ei sterk kjensle, og som (ofte) viser til noko heilagt el. tabubelagt; eid, kraftuttrykk: mange vil helst unngå bannord; det er ikkje gøy å få bannord som 'satan' og 'kuk' kasta mot seg bannskap m bannskapen bannskap er bruk av bannord; banning bantamvekt f bantamvekta fl. bantamvekter, bantamvektene (sport) ei bantamvekt er ei låg vektklasse i boksing, bryting og vektløfting bantu m bantuen fl. bantuar, bantuane 1 (ein) bantu er (ein person frå) ei folkegruppe sør for ekvator i Afrika 2 (berre i eintal, språkv.) bantu er eit språk i Afrika som blir tala av bantuar (i bet. 1) baptisme m baptismen (særl. i bf. eintal, relig.) baptismen er ei kristen, protestantisk trusretning som berre ser på vaksendåp som gyldig baptist m baptisten fl. baptistar, baptistane (relig.) ein baptist er ein tilhengjar av baptismen bar1 m baren fl. barar, barane ein bar er ein stad der ein får kjøpt (mat og/el.) drikkevarer over ein høg disk: hotellet har eigen bar; bestille ein cocktail i baren; hamburgarbar, kaffibar bar2 m baren fl. bar, barane (fysikk) bar er ei måleining for lufttrykk: 1 bar er lik 100 000 pascal; symb. b bar3 n baret fl. bar, bara (bot.) eit bar er ei el. fleire nåler på eit bartre; furubar, granbar barbadar m barbadaren fl. barbadarar, barbadarane ein barbadar er ein person som bur på el. kjem frå øystaten Barbados barbadisk adj n. barbadisk fl. barbadiske som gjeld Barbados el. barbadarar barbar m barbaren fl. barbarar, barbarane 1 ein barbar er ein rå, umenneskeleg person: terroristane opptrer som barbarar 2 (i eldre tid) ein barbar var ein person som ikkje var grekar el. romar barbari n barbariet fl. barbari, barbaria eit barbari er ein råskap: finne seg i barbari; kjønnslemlesting er det reine barbari barbarisk adj n. barbarisk fl. barbariske rå, umenneskeleg: ein barbarisk skikk; barbariske straffemetodar barbecue [bar(r)bekju] m barbecuen fl. barbecuar, barbecuane 1 ein barbecue er ein fest med utegrilling: invitere til barbecue

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


barberar 2 (mat.) ein barbecue er eit heilsteikt dyr som blir grilla og servert ute barberar m barberaren fl. barberarar, barberarane ein barberar er ein frisør som klipper hår og skjeggvekst hos menn barbere v barberer, barberte, barbert 1 å barbere er å fjerne skjegg el. hår; rake: han barberte seg kvar morgon 2 (overf.) å barbere er å kutte ned: barbere budsjettet barde m barden fl. bardar, bardane 1 ein barde er ei hornplate med tynne frynser i overkjeven hos visse kvalarter 2 (sjø., i eldre tid) ein barde var eit vikingskip med høg, jernslått stamn bardekval m bardekvalen fl. bardekvalar, bardekvalane (zool.) ein bardekval er ein stor kval med bardar i overkjeven bardisk m bardisken fl. bardiskar, bardiskane ein bardisk er ein høg og smal serveringsdisk i ein bar bardun m bardunen fl. bardunar, bardunane ein bardun er eit tau el. ein vaier til avstiving (t.d. av eit telt) bardus adj n. bardust fl. barduse (òg som adv.) brå, uventa: stille eit bardust spørsmål; kome bardus på bare v barar, bara, bara brukt i uttykket: ■ bare seg dy, halde seg: dei kunne ikkje bare seg for å le barett m baretten fl. barettar, barettane ein barett er eit (mjukt) hovudplagg med flat pull barista m baristaen fl. baristaer, baristaene ein barista er ein person som lagar og serverer (kaffi)drikker på ein kafé barke1 v barkar, barka, barka å barke er å impregnere garn, segl e.l. med avkok av bork barke2 v barkar, barka, barka å barke er å bere, fare: barke gale av stad ■ barke i hop gå laus på kvarandre barlind f barlinda fl. barlinder, barlindene (bot.) ei barlind er eit giftig bartre el. ein giftig barbusk i barlindfamilien, med flate nåler og kvister, ofte brukt som hekkplante barm m barmen fl. barmar, barmane (anat.) ein barm er eit bryst (el. ei bringe): ho var brei om barmen Ñbarn n barnet fl. barn, barna 1 eit barn er ein nyfødd unge; foster: føde eit barn; vere med barn; gjere nokon med barn 2 eit barn er ein umyndig person; unge: vente barn; ha fire barn; kvinner og barn vart redda først 3 (overf.) eit barn er ein barnsleg, umoden person: han er eit stort barn

NN_hoveddel_justert_test.indd 76

76

barneombod

4 (særl. relig.) eit barn er ein person som står i eit underordna tilhøve til nokon: Guds barn ■ barn av si tid produkt av sine oppveksvilkår barnaktig adj n. barnaktig fl. barnaktige barnsleg, umoden: ei barnaktig åtferd; det var ein barnaktig ting å seie Ñbarndom m barndommen fl. barndommar, barndommane 1 barndom blir brukt om den delen av menneskelivet då ein er barn: ein lykkeleg barndom; barndommane deira var ikkje så ulike 2 (overf.) barndom blir òg brukt om det første utviklingstrinnet av noko: i sykkelen sin barndom ■ gå i barndommen 1 (særl. med.) bli aldersdement: han var så gammal at han gjekk i barndommen 2 oppføre seg som eit barn: studentane gjekk i barndommen med leik og moro barnearbeid n barnearbeidet fl. barnearbeid, barnearbeida 1 eit barnearbeid er eit arbeid utført av mindreårige: lova set klare grenser for barnearbeid 2 eit barnearbeid er eit arbeid med (el. mellom) mindreårige: organisasjonen driv eit viktig barnearbeid barnebarn n barnebarnet fl. barnebarn, barnebarna eit barnebarn er ein etterkomar i andre slektsleddet barnebidrag n barnebidraget fl. barnebidrag, barnebidraga (jur., økon.) eit barnebidrag er eit pengetilskot til oppfostring av eit barn, utbetala av den av foreldra som ikkje bur saman med barnet barnedåp m barnedåpen fl. barnedåpar, barnedåpane (relig.) ein barnedåp er ein kyrkjeleg seremoni der eit barn blir døypt: invitere til barnedåp Ñbarnehage m barnehagen fl. barnehagar, barnehagane (utd.) ein barnehage er (eit lokale for) ei pedagogisk tilrettelagd verksemd på dagtid for barn under skulealder: gå i barnehage; hente barna i barnehagen barneheim m barneheimen fl. barneheimar, barneheimane ein barneheim er ein institusjon for barn som for ei kortare el. lengre tid ikkje kan bu hos foreldra sine barneombod n barneombodet fl. barneombod, barneomboda 1 eit barneombod er eit offentleg ombod som skal fremje og vareta interessene til barn 2 eit barneombod er ein person utnemnd til barneombod (i bet. 1)

05/01/2021 16:53


barneskule barneskule m barneskulen fl. barneskular, barneskulane el. barneskole m barneskolen fl. barneskolar, barneskolane (utd.) (ein) barneskule er (ein bygning for) ein obligatorisk skule på barnetrinnet barnetrygd f barnetrygda (økon.) ei barnetrygd er ein offentleg pengestønad til den el. dei med barn under 18 år barne-tv m barne-tv-en fl. barne-tv-ar, barnetv-ane el. barne-TV m barne-TV-en fl. barne-TV-ar, barne-TV-ane barne-tv er eit tv-program (med teikneseriar osb.) laga for barn barnevern n barnevernet (òg som eigennamn i bf. eintal: Barnevernet) eit barnevern er eit offentleg tiltak for å hjelpe barn som har det vanskeleg: kommunen manglar eit barnevern; kontakte Barnevernet barnsleg adj n. barnsleg fl. barnslege (òg som adv., òg neds.) naiv, umoden: ein barnsleg person; oppføre seg barnsleg barnål f barnåla fl. barnåler, barnålene (bot.) ei barnål er eit nålforma blad på eit bartre barokk1 m barokken (særl. i bf. eintal) barokken var ei stilart på 1600-talet med detaljrik ornamentikk og eit pompøst og svulmande uttrykk barokk2 adj n. barokt fl. barokke 1 som gjeld el. tilhøyrer stilarta barokk: ein barokk bygning 2 besynderleg, grotesk: barokk humor barometer n barometeret fl. barometer, barometera 1 (meteorol.) eit barometer er eit instrument til måling av lufttrykk 2 (overf.) eit barometer er eit mål på noko: responsen på sosiale medium er eit barometer på popularitet baron m baronen fl. baronar, baronane 1 ein baron er ein adelsmann med lågare rang 2 (særl. i samansetjingar, òg spøk.) ein baron er ein rik person; hotellbaron, mediebaron baronesse f baronessa fl. baronesser, baronessene ei baronesse er ei dotter av el. kona til ein baron baroni n baroniet fl. baroni, baronia eit baroni er eit gods det er el. har vore knytt ein barontittel til: baroniet Rosendal barrakuda m barrakudaen fl. barrakudaer, barrakudaene (zool.) ein barrakuda er ein farleg, tropisk rovfisk barre m barren fl. barrar, barrane (økon.) ein barre er ei blokk av støypt gull el. sølv: gull i barrar barriere m barrieren fl. barrierar, barrierane 1 ein barriere er ei fysisk hindring; sperring: vassfilter som ein hygienisk barriere 2 (overf.) ein barriere er noko som verkar

NN_hoveddel_justert_test.indd 77

77

bas

hindrande: sosiale barrierar; dei religiøse motsetnadene dannar ein barriere mellom dei barrikade m barrikaden fl. barrikadar, barrikadane ein barrikade er ei mellombels avsperring el. forskansing: demonstrantane byggjer nye barrikadar ■ på barrikadane (overf.) aktivt med i ein strid barrikadere v barrikaderer, barrikaderte, barrikadert å barrikadere er å sperre med ein el. fleire barrikadar: barrikadere borga; ho måtte barrikadere seg på badet og ringje nødnummeret barsel n barselet fl. barsel, barsela 1 barsel er ein barnefødsel og den første tida etter fødselen 2 barsel blir òg brukt om barnedåp barseldepresjon m barseldepresjonen fl. barseldepresjonar, barseldepresjonane (med.) ein barselsdepresjon er ein depresjon som kan råke ei kvinne etter at ho har fødd barseltid f barseltida fl. barseltider, barseltidene ei barseltid er ei tid etter ein fødsel (der kroppen tilpassar seg) barsk adj n. barskt fl. barske 1 hard, ugjestmild: eit barskt klima; eit barskt svar 2 tøff: barske karar barske v barskar, barska, barska brukt i uttrykket: ■ barske seg (refl.) gjere seg barsk: han barskar seg for å skjule redselen barsking m barskingen fl. barskingar, barskingane ein barsking er ein barsk person; tøffing barskog m barskogen fl. barskogar, barskogane (bot.) ein barskog er ein skog av bartre bart m barten fl. bartar, bartane ein bart er eit skjeggstykke mellom nasen og munnen; mustasje: ein mann med bart; knebelsbart, snurrebart bartender m bartenderen fl. bartenderar, bartenderane ein bartender er ein person som lagar og serverer drinkar i ein bar bartre n bartreet fl. bartre, bartrea (bot.) eit bartre er eit tre med nålforma blad; nåletre: furu er eit bartre baryton m barytonen fl. barytonar, barytonane 1 (mus.) ein baryton er (ein songar med) ei mannsstemme mellom tenor og bass 2 (mus.) ein baryton er eit instrument med ein tone som liknar mannsstemma baryton bas m basen fl. basar, basane 1 (særl. i bf. eintal) basen er den beste el. fremste personen på ein stad, eit felt e.l.: spele basen; du er no basen her 2 ein bas er ein formann, leiar i eit arbeidslag; notbas, skytebas

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


basal basal adj n. basalt fl. basale fundamental, grunnleggjande: ha basale kunnskapar basalt m basalten fl. basaltar, basaltane (geol.) ein basalt er ei svart, glasliknande vulkansk bergart basar m basaren fl. basarar, basarane 1 ein basar er ei tilstelling med utlodding: halde basar 2 ein basar er ein enkeltbutikk med ei mengd ulike varer 3 (særl. i utlandet) ein basar er ei brei gate el. eit torg med salsbuer 1 Ñbase m basen fl. basar, basane 1 (mil.) ein base er eit anlegg som er støttepunkt og utgangspunkt: fly frå basar på begge sider av havet 2 (overf.) ein base er ein stad som er utgangspunkt for aktivitetar el. tilværet: heimen er basen min 3 ein base er ein grunnleggjande bestanddel 4 (ikt) ein base er ein database base2 m basen fl. basar, basane 1 (kjemi) ein base er ei sambinding som kan nøytralisere ei syre 2 (kjemi) ein base er ein konsentrasjon av ein base (i bet. 1) base3 v basar, basa, basa 1 å base er å tumle rundt: base i snøen 2 å base er å bale, streve: du treng ikkje base med det no baseball [beisbål] m baseballen fl. baseballar, baseballane 1 (sport) baseball er eit amerikansk lagspel med ball og balltre 2 (sport) ein baseball er ein ball i lagspelet baseball basehopping f basehoppinga (sport) basehopping er ein ekstremsport det ein hoppar i fallskjerm frå bygningar el. høge fjelltoppar Ñbasere v baserer, baserte, basert å basere er å ha som grunnlag; byggje på: basere eit vennskap på tillit; oversynet er basert på nøyaktige analysar basilika m basilikaen fl. basilikaer, basilikaene 1 (arkit.) ein basilika er ein gresk-romersk bygningstype inndelt i skip med søylerekkjer 2 (arkit.) ein basilika er ein kyrkjebygning som liknar på ein basilika (i bet. 1) basilikum m basilikumen fl. basilikumar, basilikumane (bot.) basilikum er (eit krydder av) ei eittårig urt i leppeblomstfamilien med blanke, mørkegrøne blad basilisk m basilisken fl. basiliskar, basiliskane 1 (zool.) ein basilisk er ein sør- og mellomamerikansk iguan som kan springe oppreist på bakbeina

NN_hoveddel_justert_test.indd 78

78

basseng

2 (folketru) ein basilisk er eit fabeldyr med bakdel som ein slange og framdel som ein hane med krone på hovudet basill m basillen fl. basillar, basillane 1 (biol., med., forelda) basill er ei eldre nemning på stavforma bakteriar 2 (vanl.) ein basill er ein bakterie: det kryr av basillar på mobiltelefonen ■ bli biten av basillen (overf.) få glødande interesse for basis m basisen fl. basisar, basisane ein basis er eit fundament, grunnlag: arbeide på frivillig basis; måling med olje som basis; talet 10 er basis for talsystemet basisk adj n. basisk fl. basiske (kjemi) som inneheld ein base el. kan reagere som ein base: ei basisk løysing; mots. sur baskar m baskaren fl. baskarar, baskarane ein baskar er ein person som tilhøyrer ei eiga folkegruppe nord i Spania og sørvest i Frankrike baske v baskar, baska, baska å baske er å daske, kave: baske med armane; baske i snøen basketak n basketaket fl. basketak, basketaka 1 eit basketak er eit hardt strev 2 eit basketak er eit slagsmål mellom to el. fleire: han kom opp i eit skikkeleg basketak basketball m basketballen fl. basketballar, basketballane 1 (sport) basketball er eit ballspel mellom to lag der føremålet er å kaste ballen i korga til motstandaren; korgball 2 (sport) ein basketball er ein ball i ballspelet basketball baskisk1 m baskisken (berre i eintal, språkv.) baskisk er eit ikkje-indoeuropeisk språk som blir brukt av baskarane baskisk2 adj n. baskisk fl. baskiske som gjeld baskarar: baskisk kultur bass m bassen fl. bassar, bassane 1 (mus.) bass er den djupaste mannlege stemma i eit kor e.l. 2 (mus.) ein bass er ein songar med bass (i bet. 1) 3 (mus.) ein bass er (ein del av) eit instrument med toneleie som liknar på bass (i bet. 1) 4 (mus., i hornmusikk) ein bass er ein tuba 5 (mus.) ein bass er ein elbass el. ein kontrabass basseng n bassenget fl. basseng, bassenga 1 eit basseng er ein kunstig (bade)dam; fiskebasseng, symjebasseng 2 eit basseng er ein avskjerma del av sjøen; hamnebasseng 3 (geogr.) eit basseng er eit skålforma søkk i

05/01/2021 16:53


bassist

79

naturen: bassenget har minimalt med regn om sommaren bassist m bassisten fl. bassistar, bassistane (mus.) ein bassist er ein person som spelar bassgitar el. kontrabass: John Deacon var bassist in bandet Queen bast n bastet fl. bast, basta (bot.) bast er ein seig plantefiber brukt til flettearbeid og i tauverk basta interj punktum, stopp: dermed basta! bastant adj n. bastant fl. bastante kraftig, solid: eit tungt og bastant måltid; gje nokon eit bastant nei; ein bastant motvilje bastard m bastarden fl. bastardar, bastardane 1 (i eldre tid, neds.) ein bastard var eit barn (særl. ein son) fødd utanfor ekteskapet 2 (biol.) ein bastard er resultatet av ei krysning mellom dyre- el. plantearter; hybrid: blandingar mellom ulv og hund er bastardar baste v bastar, basta, basta brukt i uttrykket: ■ baste og binde 1 binde svært godt 2 (overf.) hindre nokon handlefridom bastion m bastionen fl. bastionar, bastionane 1 (arkit.) ein bastion er ein framspringande del på eit festningsverk 2 (overf.) ein bastion er noko(n) som held stand mot påverknad: organisasjonen er ein bastion mot ruskultur basun m basunen fl. basunar, basunane 1 (mus.) ein basun er eit langt, trompetliknande messinginstrument utan ventilar; trekkbasun 2 (mus.) ein basun er ei røyrstemme i eit orgel batalje m bataljen fl. bataljar, bataljane ein batalje er ein (fysisk el. verbal) kamp, eit slagsmål: ho hamna i ein batalje om språkspørsmålet bataljon m bataljonen fl. bataljonar, bataljonane 1 (mil.) ein bataljon er ei hæravdeling oppdelt i tre el. fem kompani 2 (overf.) ein bataljon er ei stor mengd: ein bataljon med ungar batikk m batikken fl. batikkar, batikkane batikk er (tøy laga med) ein farge- og mønstermetode batong m batongen fl. batongar, batongane ein batong er ei kort og kraftig gummikølle (som det er ulovleg å eige i Noreg): politiet var væpna med batongar batteri n batteriet fl. batteri, batteria 1 (fysikk) eit batteri er eit el. fleire samankopla galvaniske element el. ein el. fleire akkumulatorar som omformar kjemisk energi til elektrisk straum: batteriet er flatt; lade opp batteriet i bilen; setje nytt batteri i klokka 2 (mil.) eit batteri er ei taktisk grunneining i eit artilleri

3 (mil.) eit batteri er ei gruppe kanonar på eit festningsområde 4 (mus.) eit batteri er eit slagverk i eit orkester 5 (overf.) eit batteri er ein ladning, ei mengd: eit heilt batteri av flasker batterist m batteristen fl. batteristar, batteristane (mus.) ein batterist er ein person som spelar på eit slagverk baufil f baufila fl. baufiler, baufilene ei baufil er ei handsag som det går an å skjere i metall med baug m baugen fl. baugar, baugane 1 (særl. i bf. eintal, sjø.) baugen er fremste delen av ein båt, eit skip: stå framme i baugen 2 ein baug er ein kant, ei side: på alle baugar bauksitt m bauksitten → bauxitt baut m bauten fl. bautar, bautane (sjø.) ein baut er ei vending mot vinden: gjere baut bauta m bautaen fl. bautaer, bautaene 1 (arkeol.) ein bauta er ein høg, rundforma minnestein; bautastein 2 (overf.) ein bauta er ein sentral og viktig person: han er ein bauta som har stått på og kjempa for nynorsken bautastein m bautasteinen fl. bautasteinar, bautasteinane (arkeol.) ein bautastein er ein høg, rundforma minnestein; bauta baute v bautar, bauta, bauta (sjø., òg overf.) å baute er å segle i sikksakk mot vinden: kaste loss og baute seg forbi Saltholmen; organisasjonen ville baute seg unna diskusjonen bauxitt [båksitt] m bauxitten el. bauksitt m bauksitten (geol.) bauxitt er ei aluminiumhaldig leire: bauxitt blir brukt i produksjon av aluminium bavian m bavianen fl. bavianar, bavianane 1 (zool.) ein bavian er ein stor ape med lang snute og store, raude seteknutar: bavianar finst hovudsakleg i Afrika 2 (overf., spøk.) ein bavian er ein uklok person: din dumme bavian! bayer m bayeren fl. bayerar, bayerane ein bayer er ei øl frå Bayern i Tyskland bayonneskinke [bajånn(e)skinke] f bayonneskinka fl. bayonneskinker, bayonneskinkene (mat.) ei bayonneskinke er ei lita lettrøykt skinke (etter den franske byen Bayonne) bazooka [basuka] m bazookaen fl. bazookaer, bazookaene (mil.) ein bazooka er ein berbar rakettkastar B-dur m B-duren (mus.) B-dur er ei toneart med B som grunntone og ♭ for H og E Ñbe v ber, bad, bede el. bede v bed, bad, bede 1 å be er å vende seg til noko(n) med ei bønn, eit spørsmål (om noko): be om lov; han bad om

NN_hoveddel_justert_test.indd 79

be

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


be-

80

hjelp; aktor ber om 18 år med fengsel; ho bad ho hente ei bok frå bokhylla 2 (relig.) å be er å seie fram ei religiøs bønn: be til Gud; be Fadervår 3 å be er å invitere: be nokon på kaffi; bli beden i selskap be- pref brukt som førestaving i tyske lånord (i ord som befrukte og betennelse) bearnés [bærnes] m bearnésen fl. bearnésar, bearnésane el. bearnes m bearnesen fl. bearnesar, bearnesane (mat.) bearnés er ein krydra saus av eggeplommer og smør beat [bit] m beaten fl. beatar, beatane 1 (mus.) ein beat er eit taktslag i jazz- og popmusikk 2 (mus.) ein beat er (pop)musikk med kraftig markert rytme bebreide v bebreidar, bebreida, bebreida å bebreide er å klandre, laste: bebreide seg sjølv; eigarane bebreida styret utan grunn bebuar m bebuaren fl. bebuarar, bebuarane ein bebuar er ein person som bur i eit bestemt hus el. i eit bestemt område: bebuarane i blokka; bebuarane i landet becquerel [bekerel] m becquerelen fl. becquerel, becquerelane (fysikk) becquerel er ei måleining for radioaktivitet (etter fysikaren A.H. Becquerel); symb. Bq bed n bedet fl. bed, beda eit bed er ein jordflekk til dyrking av blomar el. grønsaker: eit bed med tulipanar; blomebed, grønsaksbed bedageleg adj n. bedageleg fl. bedagelege (òg som adv.) langsam og roleg: arbeide i eit bedageleg tempo; gå bedageleg bedding m beddingen fl. beddingar, beddingane (sjø.) ein bedding er eit underlag for eit skip under bygging el. reparasjon ■ på beddingen (overf.) under førebuing: nytt litteraturhus på beddingen bede v bed, bad, bede → be bedehus n bedehuset fl. bedehus, bedehusa (relig.) eit bedehus er eit kristeleg forsamlingshus bederva adj n. bederva fl. bederva dårleg, skjemd: bederva kjøt bedra v bedrar, bedrog, bedradd el. bedrage v bedreg, bedrog, bedrege 1 å bedra er å lure nokon; narre, snyte: meklaren bedrog ho for mange pengar 2 å bedra er å forføre, lokke: verda vil bli bedradd 3 å bedra er å ha eit sidesprang; svike: ho bedrar mannen sin bedrag n bedraget fl. bedrag, bedraga 1 eit bedrag er eit bedrageri, svik: løgn og bedrag

2 eit bedrag er ein illusjon: eit optisk bedrag bedragar m bedragaren fl. bedragarar, bedragarane ein bedragar er ein person som bedrar; falsknar, svindlar bedrageri n bedrageriet fl. bedrageri, bedrageria bedrageri er det å lure nokon slik at det oppstår eit økonomisk tap; svindel: verne seg mot bedrageri på nettet; ho er sikta for grovt bedrageri bedragersk adj n. bedragersk fl. bedragerske som bedrar, narrar: eit bedragersk føremål Ñbedrift f bedrifta fl. bedrifter, bedriftene 1 (økon.) ei bedrift er eit føretak, ei verksemd med økonomisk føremål: starte si eiga bedrift; små og mellomstore bedrifter 2 ei bedrift er ei viktig el. heltemodig handling el. ein viktig og heltemodig prestasjon; bragd, dåd: skryte av bedriftene sine; det var litt av ei bedrift bedrøva adj n. bedrøva fl. bedrøva lei seg; trist: eit bedrøva barn; ho var djupt bedrøva over utviklinga beduin m beduinen fl. beduinar, beduinane ein beduin er ein arabisk ørkennomade i Midtausten og Nord-Afrika bedømme v bedømmer, bedømde, bedømt el. bedøme v bedømer, bedømde, bedømt å bedømme er å danne seg ei oppfatning om korleis noko er; vurdere: ho bedømde situasjonen som svært farleg bedømming f bedømminga fl. bedømmingar, bedømmingane el. bedøming f bedøminga fl. bedømingar, bedømingane 1 bedømming er det å bedømme; vurdering: bedømming av situasjonen 2 ei bedømming er eit resultat av det å bedømme: det var semje om bedømminga bedøve v bedøver, bedøvde, bedøvd 1 (med.) å bedøve er å gjere medvitslaus el. kjenslelaus med hjelp av legemiddel: pasienten vart bedøvd før operasjonen 2 (overf.) å bedøve er å dempe, lindre noko: eg gjev til tiggarar for å bedøve samvitet bedøving f bedøvinga fl. bedøvingar, bedøvingane 1 (med.) bedøving er det å bedøve el. bli bedøvd 2 (med.) ei bedøving er eit middel som bedøver: inngrepet vart gjort utan noko bedøving befal n befalet fl. befal, befala (mil., i hæren, luft- og sjøforsvaret) eit befal er eit militært personell med grad frå sersjant/ kvartermeister til general/admiral befale v befaler, befalte, befalt 1 å befale er å gje ordre om: befale hunden å gje slepp 2 å befale er å bestemme el. ha makt over: han befalte over ein stor hær

NN_hoveddel_justert_test.indd 80

befale

05/01/2021 16:53


befaling befaling f befalinga fl. befalingar, befalingane 1 ei befaling er ein ordre, eit påbod: gje nokon befaling om noko 2 ei befaling er ein (militær) kommando: ha befaling over troppen; togføraren har befaling over toget Ñbefolkning f befolkninga fl. befolkningar, befolkningane ei befolkning er eit folk, ein folkesetnad: verdas befolkning; halvparten av befolkninga vil ha forbod mot hasj befrukte v befruktar, befrukta, befrukta 1 (biol.) å befrukte er å gje opphav til nye eksemplar el. individ av same art; bestøve: nok pollen til å befrukte plantene; sædcella befruktar egget 2 (overf.) å befrukte er å fremje, stimulere: nyhenda befrukta debatten befrukting f befruktinga fl. befruktingar, befruktingane el. befruktning f befruktninga fl. befruktningar, befruktningane (biol.) befrukting er det at to kjønnsceller smeltar saman og gjev opphav til eit nytt eksemplar el. individ: kunstig befrukting; kjønna og ukjønna befrukting begeistra adj n. begeistra fl. begeistra 1 entusiastisk, glad: ei begeistra folkemengd; begeistra barn 2 svak: ho er begeistra for ein av gutane i klassa begeistring f begeistringa fl. begeistringar, begeistringane ei begeistring er ei glede, interesse: vere full av begeistring for noko; nyhendet vekte stor begeistring beger n begeret fl. beger, begera 1 eit beger er eit drikkekar utan hank: vi fekk vin i eit lite beger 2 eit beger er òg den mengda som det er plass til i eit beger (i bet. 1): drikke eit beger med mjølk 3 eit beger er ein liten begerforma pokal: vinne eit beger 4 eit beger er ei lita skål; oskebeger 5 (bot.) eit beger er ein bladkrans rundt ei blomsterkrone ■ begeret er fullt (overf.) grensa for kva som er akseptabelt, er nådd ■ dropen som får begeret til å flyte over (overf.) det som gjer at tolmodet tar slutt ■ svinge begeret (overf.) drikke flittig Ñbegge determ kvant el. båe 1 både den eine og den andre av noko som det er to av (og som høyrer saman): begge delar; begge partar; begge foreldra 2 anten den eine el. den andre: begge kan stå bak ugjerninga begjær n begjæret eit begjær er ei sterk lyst el. ein trong: eit umetteleg begjær etter pengar; ho vart fylt av eit kraftig begjær for han

NN_hoveddel_justert_test.indd 81

81

behandle

begonia m begoniaen fl. begoniaer, begoniaene (bot.) ein begonia er ei tropisk plante i begoniafamilien begripe v begrip, begreip, begripe å begripe er å forstå den eigentlege meininga med el. tydinga av noko; fatte: vi veit meir enn vi kan begripe; kan du fatte og begripe at det skal vere slik? begripeleg adj n. begripeleg fl. begripelege som det er lett å begripe; forståeleg: læraren klarte å gjere faget begripeleg; mots. ubegripeleg Ñbegynne v begynner, begynte, begynt 1 å begynne er å gå i gang med noko; byrje, starte: begynne arbeidet; begynne på skulen; begynne eit nytt og betre liv; ho begynte på ei ny bok 2 å begynne er å ta til: møtet begynner no; det begynner å mørkne; eg begynner å bli trøytt ■ til å begynne med i førstninga begynning f begynninga fl. begynningar, begynningane ei begynning er ein start: begynne med begynninga; dette blir ei ny begynning for oss ■ i begynninga i førstninga behag n behaget fl. behag, behaga 1 behag er ei kjensle av glede, tilfredsheit: finne behag i ei god bok 2 behag er skjønn el. ønske: velje etter behag behageleg adj n. behageleg fl. behagelege 1 hyggjeleg, tiltalande: eit behageleg vesen; ei behageleg overrasking 2 komfortabel, praktisk: behagelege møblar behald subst brukt i uttrykket: ■ i behald intakt, uskadd: vere i god behald; ha orda sine i behald behaldar m behaldaren fl. behaldarar, behaldarane ein behaldar er ein boks, eit kar e.l. til oppbevaring el. transport: ein behaldar med væske; behaldaren må reingjerast innvendig før bruk; varmtvassbehaldar behalde v beheld, beheldt, behalde å behalde er å halde fram med å ha; bevare: behalde livet; behalde forstanden; drosjesjåføren fekk behalde vekslepengane behaldning f behaldninga fl. behaldningar, behaldningane ei behaldning er eit forråd, ei mengd: sjekke behaldninga; kontantbehaldning, varebehaldning Ñbehandle v behandlar, behandla, behandla 1 å behandle er å gjere bruk av ein prosess for å verne el. halde noko ved like: behandle flisene med olje 2 å behandle er å betene, bruke: behandle ei maskin; han behandlar instrumentet sitt med stor ekspertise 3 å behandle er å kurere, pleie: sjukehusa

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


behandling skal behandle sjuke; han vart behandla for hjarteinfarkt 4 å behandle er å drøfte, omhandle: behandle ein søknad; forfattaren behandlar brennbare spørsmål i boka 5 å behandle er å fare (slik el. slik) fram mot: behandle kundane høfleg; slik behandlar vi ikkje eit forsvarslaust dyr; ho vart dårleg behandla på arbeidsplassen Ñbehandling f behandlinga fl. behandlingar, behandlingane behandling er det å behandle el. det å bli behandla: fangane fekk hard behandling; gå til behandling hos kiropraktor; saka er til behandling i departementet beherska adj n. beherska fl. beherska 1 med kontroll; roleg: ei beherska mine 2 moderat: situasjonen gjev grunn til beherska optimisme beherske v beherskar, beherska, beherska å beherske noko er å ha noko under kontroll; meistre: beherske situasjonen; beherske både engelsk og fransk ■ beherske seg (refl.) styre seg Ñbehov n behovet fl. behov, behova eit behov er ein bruk, trong: primære behov; ha behov for trøyst og varme; få dekt sine mest presserande behov behovsprøve v behovsprøver, behovsprøvde, behovsprøvd å behovsprøve er å gjere ei individuell vurdering av eit behov: dei vil behovsprøve barnetrygda behøve v behøver, behøvde, behøvd å behøve er å ha behov for; trenge: eg behøver hjelp; du behøver ikkje å lyge; behøver eg verkeleg å fortelje det ein gong til? behå m behåen fl. behåar, behåane behå er ei kortform av brysthaldar (jf. BH): kjøpe seg ein ny behå→ BH beige adj n. beige fl. beige el. besj adj n. besj fl. besje med lys, brungrå farge 1 Ñbein n beinet fl. bein, beina 1 (anat.) eit bein er ein del av skjelettet hos dyr og menneske; knokkel: fisken har mange bein; få brest i eit bein i handleddet 2 (mat.) eit bein er ein knok frå eit dyr, med kjøtrestar på: gje hunden eit bein; tallerkenen var full av bein etter pinnekjøtmiddagen 3 eit bein er noko som er laga av eit bein (i bet. 1): reiskapar av bein og horn 4 (anat.) eit bein er kvar av dei to (el. fire) lemene som blir brukte til å gå med: stå på eitt bein; vere dårleg til beins 5 eit bein er ein del av eit plagg som dekkjer eit bein (i bet. 4); buksebein 6 eit bein er noko som liknar el. har same

NN_hoveddel_justert_test.indd 82

82

beinrangel

funksjon som eit bein (i bet. 4): bordet manglar eit bein; bedrifta har fleire bein å stå på; stolbein ■ få eit bein innanfor (overf.) få innpass ■ ha begge beina på jorda (overf.) vere nøktern og realistisk ■ ha bein i nasen (overf.) vere viljesterk og god til å klare seg ■ med eitt bein i kvar leir (overf.) med sympatiar for begge partar ■ skjere inn til beinet (overf.) redusere kostnadene så mykje som mogleg ■ spenne bein 1 setje beinet fram slik at ein annan snublar i det 2 (overf.) gjere det vanskeleg for ■ stable på beina (overf.) få i gang; opprette ■ stikke halen mellom beina (overf.) gje opp av motløyse el. redsel ■ stå med det eine beinet i grava (overf.) vere nær ved å døy ■ stå opp med det galne beinet først (overf.) vere i dårleg humør ■ stå på eigne bein (overf.) klare seg sjølv bein2 adj n. beint fl. beine (òg som adv.) rak, rett: ein bein strek; bein som ei snor; gå beint ■ beint fram (overf.) som går rett på sak beinbrot n beinbrotet fl. beinbrot, beinbrota el. beinbrott n beinbrottet fl. beinbrott, beinbrotta (med.) eit beinbrot er eit brot på eit el. fleire bein; fraktur beinbygning m beinbygningen fl. beinbygningar, beinbygningane el. beinbygnad m beinbygnaden fl. beinbygnader, beinbygnadene (anat.) ein beinbygning er eit skjelett: ho har spinkel beinbygning beine v beinar, beina, beina 1 å beine er å ta beina fatt; løpe, springe: han beina av garde 2 å beine er å sparke ukontrollert: beine ballen unna ■ beine ut skjere ut beinet av eit fiske- el. kjøtstykke beinete adj n. beinete fl. beinete 1 full av bein: ein beinete fisk 2 med utståande bein; knoklete, mager: ein beinete ballettdansar beinmerg m beinmergen fl. beinmergar, beinmergane (anat.) ein beinmerg er ein merg i røyrbeina beinrangel n beinrangelet fl. beinrangel, beinrangla 1 (anat.) eit beinrangel er eit skjelett: under gravinga dukka det opp eit beinrangel 2 (overf.) eit beinrangel er ein mager person: catwalken var full av beinrangel

05/01/2021 16:53


beinskjørheit beinskjørheit f beinskjørheita el. beinskøyrheit f beinskøyrheita (med.) beinskjørheit er ein tilstand der knoklane i kroppen har lett for å bøye seg el. knekke; osteoporose beintfram adj n. beintframt fl. beintframme 1 utan atterhald; absolutt 2 oppriktig, sannferdig beinveges adj n. beinveges fl. beinveges (òg som adv.) direkte: ein beinveges suksess; gå beinveges heim beis m beisen fl. beisar, beisane ein beis er ei lettflytande blanding av fargestoff el. kjemikaliar til å stryke på tre utan å dekkje trestrukturen; dekkbeis, oljebeis beise v beisar, beisa, beisa å beise er å stryke beis på eit tremateriale: vi vil beise huset brunt beisel n beiselet fl. beisel, beisla → beksel beisk adj n. beiskt fl. beiske 1 (òg som adv., om smak) bitter, sterk: ein beisk te; agurken smaka beiskt 2 bitande, skarp: ein beisk kommentar beist n beistet fl. beist, beista 1 eit beist er eit stort og farleg dyr; udyr: bli angripe av eit digert beist 2 eit beist er noko(n) som liknar på eit beist (i bet. 1): eit beist av ein traktor; spelaren var eit beist på banen 3 beist blir òg brukt som skjellsord om el. til noko(n) som vekkjer uvilje: ditt stygge beist! beit1 f beita fl. beiter, beitene ei beit er ei knipe, ein vanske: kome i beit; ho var i beit for gode argument; setje pasientane i beit ved å halde stengt om sommaren beit2 f beita fl. beiter, beitene (spel) ei beit er ei bot for tapt el. ukorrekt kortspel: det vart to beiter ■ gå i beit (spel) ta færre stikk enn det ein har meldt beite1 f beita fl. beiter, beitene (sjø.) ei beite er eit fiskeagn beite2 n beitet fl. beite, beita 1 beite er det å ete gras: vaske hesten etter beitet 2 eit beite er eit område der dyr beitar: stell og vedlikehald av eit beite; kulturbeite 3 (overf.) eit beite er eit arbeids- el. interesseområde: no er det på tide å skifte beite; tjuvane hadde funne seg eit anna beite 3 Ñbeite v beitar, beita, beita (om dyr) å beite er å ete gras el. andre vekstar: elgane gjekk og beita i skogkanten bek n beket fl. bek, beka eit bek er eit svart restprodukt etter destillering av tjøre bekande adv (forsterk.) fullstendig, heilt: det var bekande mørkt Ñbekk m bekken fl. bekkar, bekkane 1 (geogr.) ein bekk er ein liten vasstraum

NN_hoveddel_justert_test.indd 83

83

bekymring

nedover i eit landskap: krysse ein bekk; drikke vatn frå bekken 2 (overf.) ein bekk er ein straum av væske: ein bekk av tårer ■ gå over bekken etter vatn (ordt.) gjere noko unødig tungvint ■ mange bekkar små gjer ei stor å (ordt.) alle moner drar bekkasin m bekkasinen fl. bekkasinar, bekkasinane (zool.) ein bekkasin er ein vadefugl i snipefamilien med langt, rett nebb, korte bein og brungul drakt bekken n bekkenet fl. bekken, bekkena 1 (anat.) eit bekken er ein del av skjelettet som knyter beina saman med ryggsøyla 2 (særl. med.) eit bekken er ein skålforma behaldar (til urin) 3 (mus.) eit bekken er eit skålforma slaginstrument 4 (geol.) eit bekken er eit skålforma søkk i jordoverflata bekkenløysing f bekkenløysinga (med.) ei bekkenløysing er ein svangerskapskomplikasjon med smerter i og omkring bekkenet beklage v beklagar, beklaga, beklaga å beklage er å be om unnskyldning for noko: Vy beklagar forseinkinga; opposisjonen beklaga avgjerda til regjeringa; du har ikkje noko å beklage deg over beklageleg adj n. beklageleg fl. beklagelege som det er grunn til å beklage; uheldig: ein beklageleg feil bekmørk adj n. bekmørkt fl. bekmørke stummande mørk: eit bekmørkt rom bekrefte v bekreftar, bekrefta, bekrefta 1 å bekrefte er å styrkje: handlinga bekreftar inntrykket mitt av han 2 å bekrefte er å vitne om, stadfeste at noko er sant: bekrefte at noko er rett; kopien av vitnemålet er bekrefta beksel n bekselet fl. beksel, beksla el. beisel n beiselet fl. beisel, beisla eit beksel er ei hovudreim med munnbit, brukt på hest bekymre v bekymrar, bekymra, bekymra (særl. refl.) å bekymre (seg) er å engste, uroe (seg): bekymre seg for vekta; svake skuleresultat bekymrar lærarane; du bør bekymre deg for datatryggleiken; det bekymrar meg at vi ikkje får fleire søkjarar bekymring f bekymringa fl. bekymringar, bekymringane ei bekymring er ei angst, sorg, uro: ha mange bekymringar; kjøtproduksjonen i verda gjev grunn til bekymring

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bel

84

bel1 m belen fl. bel, belane (fysikk) bel er ei måleining for lydstyrke: 1 bel er lik 10 desibel; symb. B bel2 n belet fl. bel, bela 1 eit bel er eit (mellom)rom 2 eit bel er eit tidspunkt el. eit tidsrom: om eit bel; vente eit bel belage v belagar, belaga, belaga (refl.) å belage seg er å førebu, innstille seg på noko: du må belage deg på sinte kundar; belage seg på ei reise belar m belaren fl. belarar, belarane ein belar er ein person (særl. mann) som belar; friar: ho hadde mange belarar belaste v belastar, belasta, belasta 1 å belaste er å utsetje noko(n) for (fysisk el. psykisk) påkjenning: straumnettet er hardt belasta; du må ikkje belaste det svake beinet; belaste andre med bekymringane sine 2 (økon.) å belaste er å debitere: belaste ein konto ■ vere arveleg belasta ha ein medfødd (dårleg) eigenskap el. sjukdom belasting f belastinga fl. belastingar, belastingane el. belastning f belastninga fl. belastningar, belastningane 1 belasting er det å belaste: belastinga av ein kabel 2 ei belasting er ei påkjenning, tyngd: ei psykisk belasting; mistanken vart ei belasting på vennskapet 3 (økon.) belasting er debitering: belasting av ein konto belastingsskade m belastingsskaden fl. belastingsskadar, belastingsskadane el. belastningsskade m belastningsskaden fl. belastningsskadar, belastningsskadane (med.) ein belastingsskade er ein skade som kjem av overbruk av el. einsidig bruk av musklane: pådra seg ein belastingsskade i foten bele v belar, bela, bela 1 å bele er å gå på friarføter; fri: mange friarar bela til ho i hans fråvær 2 (overf.) å bele er å freiste å vinne popularitet hos nokon (for å oppnå noko): partiet belar til dei unge; selskapet auka bodet sitt og bela til aksjonærane belegg n belegget fl. belegg, belegga 1 eit belegg er eit lag over el. på noko: eit belegg av mugg; eit belegg av silke på linninga 2 eit belegg er noko (t.d. eit døme) som tener som prov: ha belegg for påstanden; ha belegg på dialektforma beleggje v belegg, bela, belagt el. belegge v belegg, bela, belagt 1 å beleggje er å binde, gjere fast: beleggje båten

2 å beleggje er å føre prov for; underbyggje: beleggje ein påstand; dette ordet er ikkje belagt i norsk 3 å beleggje er å leggje eit lag over el. på: beleggje badegolvet med fliser belg m belgen fl. belger, belgene 1 ein belg er (ein pose av) eit heilflådd dyreskinn: flå av belgen 2 (òg spøk.) ein belg er ein buk, ei vom 3 ein belg er ei innretning som kan fyllast med luft og deretter bli tømd: belgene på eit orgel; blåsebelg, smiebelg 4 (bot.) ein belg er ein lang frøkapsel; skolm belgfrukt f belgfrukta fl. belgfrukter, belgfruktene (bot.) ei belgfrukt er ei (moden og tørka) frukt av ei plante med belg belgiar m belgiaren fl. belgiarar, belgiarane ein belgiar er ein person som bur i el. kjem frå Belgia belgisk adj n. belgisk fl. belgiske som gjeld Belgia el. belgiarar belizar m belizaren fl. belizarar, belizarane ein belizar er ein person som bur i el. kjem frå Belize belizisk adj n. belizisk fl. beliziske som gjeld Belize el. belizarar belje v beljar, belja, belja å belje er å brøle, skrike: det vesle barnet belja av full hals Ñbelte n beltet fl. belte, belta 1 eit belte er ei reim av lêr, tøy el. metall (til å ha rundt livet): stramme beltet 2 (òg overf.) belte blir òg brukt om beltestad: få eit spark under beltet; kommentaren var eit slag under beltet 3 (geogr.) eit belte er ei samanhengande stripe av fjell, skog e.l. i terrenget: eit belte av barskog 4 eit belte er ei bindereim mellom hjul, som gjer at dei går rundt saman beltebil m beltebilen fl. beltebilar, beltebilane ein beltebil er ein terrengbil med belte beltedyr n beltedyret fl. beltedyr, beltedyra (zool.) eit beltedyr er ein gomlar med hornplater i fleire belte på ryggen beltestad m beltestaden fl. beltestader, beltestadene ein beltestad er ein stad der ein normalt har beltet; midje ■ slag under beltestaden 1 (sport, i boksing) slag mot underlivet 2 (overf.) sjofelt angrep belysning f belysninga fl. belysningar, belysningane 1 belysning er (naturleg el. kunstig) lys 2 ei belysning er eit lysanlegg: velje rett belysning

NN_hoveddel_justert_test.indd 84

belysning

05/01/2021 16:53


beløp 3 (overf.) ei belysning er ei klargjering: eit bidrag til belysning av tidsepoken beløp n beløpet fl. beløp, beløpa (økon.) eit beløp er ein pengesum: beløpet vart utbetala med ein gong; bruttobeløp, eingongsbeløp, lånebeløp bemanne v bemannar, bemanna, bemanna å bemanne er å forsyne noko med mannskap: bemanne ei plattform bemanning f bemanninga fl. bemanningar, bemanningane 1 bemanning er det å bemanne el. bli bemanna: bemanning av eit skip 2 ei bemanning er ei besetning, eit mannskap: arbeide med redusert bemanning bemling m bemlingen fl. bemlingar, bemlingane ein bemling er ein person som bur i el. kjem frå Bamble bend n bendet fl. bend, benda 1 bend er det å vere stramt bøygd: stå i bend 2 eit bend er eit kort, bøygd røyrstykke 3 eit bend er ein knute i enden av eit (tjukt) tau bende v bender, bende, bendt 1 å bende er å bøye (noko stivt) i boge el. spenn: bende ei stong 2 å bende er å bruke kraft for å oppnå eit spenn som flyttar el. løftar noko: bende med eit spett bendelorm m bendelormen fl. bendelormar, bendelormane (zool.) ein bendelorm er ein lang flatorm som snyltar i tarmkanalen hos virveldyr bengalar m bengalaren fl. bengalarar, bengalarane ein bengalar er ein person som bur i el. kjem frå Bengal (i India og Bangladesh) bengali m bengalien (berre i eintal, språkv.) bengali er eit indoarisk språk som blir brukt i Bangladesh og Vest-Bengal bengalsk adj n. bengalsk fl. bengalske som gjeld Bengal el. bengalarar beninar m beninaren fl. beninarar, beninarane ein beninar er ein person som bur i el. kjem frå Benin beninsk adj n. beninsk fl. beninske som gjeld Benin el. beninarar Ñbenk m benken fl. benker, benkene 1 ein benk er eit langt sitjemøbel for fleire personar: sitje på benken i parken; kyrkjebenk 2 ein benk er eit avlangt bord der ein kan stå og arbeide; dreiebenk, høvelbenk, kjøkkenbenk 3 (sport) benk er ei stilling i bryting benkerad f benkerada fl. benkerader, benkeradene ei benkerad er ei rad av benker, stolar i eit lokale: kinoen var full av tomme benkerader benkpress n benkpresset (sport) benkpress er ei styrkeøving som blir utført liggjande på ein benk

NN_hoveddel_justert_test.indd 85

85

berekne

bensin m bensinen bensin er drivstoff av hydrokarbon: fylle bensin på bilen benzen [bensen] m benzenen fl. benzenar, benzenane (kjemi) benzen er ei brennbar, fargelaus væske med søtleg lukt benåde v benådar, benåda, benåda (særl. jur.) å benåde er å frita noko(n) frå noko (særl. straff); tilgje: den dødsdømde vart benåda i siste augneblink beordre v beordrar, beordra, beordra å beordre er å gje ordre om: beordre spelaren av banen; offiseren vart beordra til teneste berbar1 m berbaren fl. berbarar, berbarane ein berbar er ein person som tilhøyrer eit ikkjearabisk urfolk i Nord-Afrika berbar2 adj n. berbart fl. berbare (særl. ikt) som ein kan bere med seg: ei berbar datamaskin Ñbere v ber, bar, bore 1 å bere er å halde noko oppe og føre det med seg: bere inn ved; bere noko i hendene; bere ein sekk på ryggen 2 (òg overf.) å bere er å gå med el. ha på seg: bere hatt; bere våpen; bere uniform; bere på ein plan 3 å bere er å vere sterk nok: isen ber ikkje; bere eller breste; det var så vidt den vesle robåten bar 4 (overf.) å bere er å vere tyngd av: bere nag; bere på ei sorg; bere ansvaret for noko 5 (særl. i perf. partisipp, poet.) å bere er å føde: kua skal bere; fødd og boren; boren til konge 6 å bere er å gå, føre i ei bestemd lei: vegen ber oppetter ■ bere bod om noko (overf.) vere teikn på ■ bere fram levere, kunngjere på vegner av nokon andre: bere fram ei melding ■ bere frukt 1 (bot., om frukttre) gje avling 2 (overf.) gje resultat ■ bere over med vise forståing for el. tolmod med ■ bere seg (refl.) klage beredskap m beredskapen fl. beredskapar, beredskapane beredskap er vernebuing: beredskap er viktig i krisetider beredskapsplan m beredskapsplanen fl. beredskapsplanar, beredskapsplanane ein beredskapsplan er ein plan som trer i kraft når noko uønskt (t.d. naturkatastrofe el. terrorangrep) skjer bereknande adj n. bereknande fl. bereknande som planlegg handlingane sine på førehand ut frå kva som er best for ein sjølv; utspekulert: ein kald og bereknande person berekne v bereknar, berekna, berekna 1 (særl. økon.) å berekne er å rekne ut; kalkulere: berekne kostnadene

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


berekning 2 å berekne er å føresjå, vente: berekne framkomsttid; det går ikkje alltid som berekna berekning f berekninga fl. berekningar, berekningane 1 (økon.) berekning er det å berekne: berekning av frådrag 2 (økon.) ei berekning er noko som er berekna: berekningane viser eit underskot ■ ta med i berekninga (overf.) ta omsyn til berekraftig adj n. berekraftig fl. berekraftige 1 som kan bere, halde opp noko: ein berekraftig bjelke 2 som lønner seg (økonomisk): eit berekraftig jordbruk 3 som har eit forsvarleg grunnlag: eit berekraftig tiltak ■ berekraftig utvikling utvikling som møter dagens behov utan å øydeleggje behova til framtidige generasjonar Ñberg n berget fl. berg, berga 1 (geogr.) eit berg er eit (lite) fjell: berg og dal 2 (geol.) eit berg er ein steingrunn: forvitring av berg; grave seg ned til berget 3 (overf.) eit berg er ein stor bunke el. ei stor mengd: eit berg av bøker ■ her på berget (overf.) her hos oss ■ over alle berg (overf.) langt borte bergamott m bergamotten fl. bergamottar, bergamottane 1 (bot.) ein bergamott er eit tre (av ei art) i rutefamilien som blir dyrka i Sør-Europa og Vestindia 2 (bot.) ein bergamott er ei sitrusfrukt av ein bergamott (i bet. 1) med glatt, lyst skal bergart f bergarta fl. bergarter, bergartene (geol.) ei bergart er eit fast materiale samansett av fleire mineral frå jordskorpa: sedimentære bergarter; blåskifer er ei bergart Ñberge v bergar, berga, berga (òg overf.) å berge er å bringe noko(n) i tryggleik; redde: berge livet; berge avlinga; mannskapet vart berga; målmannen berga sigeren bergensar m bergensaren fl. bergensarar, bergensarane ein bergensar er ein person som bur i el. kjem frå Bergen bergflette f bergfletta fl. bergfletter, bergflettene (bot.) ei bergflette er ei eviggrøn klatreplante i bergflettefamilien berging f berginga fl. bergingar, bergingane 1 berging er det å berge noko(n) el. bli berga: setje i gang berging; berging frå ei fjellhylle 2 ei berging er ei råd, ein utveg: finne ei berging bergkrystall n bergkrystallet (geol.) eit bergkrystall er ein fargelaus, krystallforma kvarts

NN_hoveddel_justert_test.indd 86

86

berserk

berg-og-dal-bane m berg-og-dal-banen fl. bergog-dal-banar, berg-og-dal-banane ein berg-ogdal-bane er ein skjenebane med (brå) fall og stigingar: eit tivoli med berg-og-dal-bane bergta v bergtar, bergtok, bergtatt el. bergtake v bergtek, bergtok, bergteke 1 (folketru, sj.) å bergta er å lokke nokon inn i eit berg: kongsdottera som vart bergtatt av trollet 2 (overf.) å bergta er å fortrylle, trollbinde: ho vart heilt bergtatt av den vakre musikken bergverk n bergverket fl. bergverk, bergverka (geol.) eit bergverk er eit anlegg for utvinning av malm og mineral beriberi m beriberien (med.) beriberi er ein (trope)sjukdom som kjem av mangel på B-vitamin berlinar m berlinaren fl. berlinarar, berlinarane ein berlinar er ein person som bur i el. kjem frå Berlin berlinerkrans m berlinerkransen fl. berlinerkransar, berlinerkransane (mat.) ein berlinerkrans er ei småkake forma som ei sløyfe berme m bermen fl. bermar, bermane 1 berme er botnfall i gjæra drikker 2 (neds.) ein berme er ein pøbel, eit utskot: bermen vil ha billig underhaldning berr adj n. bert fl. berre 1 naken, udekt: berr mark; ein berr veg; gå med berr overkropp 2 ikkje anna enn (jf. berre): berre vrøvl; den berre galskap Ñberre adv 1 ingen andre el. ikkje anna enn: det er berre meg; det var berre regn og atter regn 2 ikkje meir enn: ho var berre fire år; eg har berre fem kroner 3 brukt for å uttrykkje oppfordring el. ønske: berre forsyn dykk; berre eg kunne sleppe 4 brukt (forsterkande) ved forbod el. påbod: det kan du berre ikkje; du har berre å gjere det; det må du berre finne deg i 5 brukt for å understreke noko: berre så det er sagt; du er berre så snill! 6 (som subj.) brukt for å uttrykkje vilkår: han skvatt berre nokon gjekk i døra; berre eg får arbeidsro, skal eg nok bli ferdig 7 (ungdomssp.) brukt med liknande tyding som verbet 'seie' i attgjeving av samtale (el. òg rørsle, kroppsspråk): ho berre "dette er grunnlag for suspensjon"; eg berre "det er urettferdig!" berrføtt adj n. berrføtt fl. berrføtte utan sokkar og sko; berrbeint: gå berrføtt ute berserk m berserken fl. berserkar, berserkane

05/01/2021 16:53


berykta 1 (i eldre tid) ein berserk var ein vill og rasande krigar 2 (overf.) ein berserk er ein øydeleggjande person ■ gå berserk bli vill av raseri; miste kontrollen berykta adj n. berykta fl. berykta med (dårleg) rykte: ein berykta bydel; ein berykta forbrytar beryll m beryllen fl. beryllar, beryllane (geol.) (ein) beryll er (ein smykkestein laga av) eit mineral: smaragdar og andre beryllar berømt adj n. berømt fl. berømte 1 kjend av mange: ei berømt filmstjerne; ho er berømt og berykta 2 legendarisk, vidgjeten: ein berømt episode berøring f berøringa fl. berøringar, berøringane berøring er det å røre ved noko(n): ho kjende ei lett berøring på skuldra ■ i berøring med i samband el. samkvem med besetning f besetninga fl. besetningar, besetningane 1 ei besetning er ein påsydd pynt: ei besetning av skinn 2 ei besetning er eit mannskap på ein båt, eit fly el. eit tog: besetninga på flyet; besetninga om bord 3 (jordbr.) ei besetning er ein buskap: ha ei fin besetning på båsen besj adj n. besj fl. besje → beige besjele v besjeler, besjelte, besjelt 1 å besjele er å fylle med sjeleleg innhald el. åndeleg kraft 2 (overf.) å besjele er å inspirere, stimulere: han var besjelt av tanken på å bidra besjeling f besjelinga fl. besjelingar, besjelingane 1 (relig.) besjeling er det at ei åndeleg kraft viser seg i noko 2 (littv.) besjeling er det å gje fenomen el. ting menneskelege eigenskapar: i romanen ser vi ei klar besjeling av naturen Ñbeskjed m beskjeden fl. beskjedar, beskjedane 1 ein beskjed er ei melding, opplysing: få beskjed med heim frå skulen; gje meg beskjed når maten er ferdig 2 ein beskjed er ein instruksjon, ordre: ho fekk beskjed om å flytte bilen beskjeden adj n. beskjedent fl. beskjedne 1 (òg som adv.) som ikkje stikk seg fram; tilbakehalden: ei stille og beskjeden jente; ein beskjeden elev kan vere lett å oversjå; leve beskjedent 2 liten, ubetydeleg: ei beskjeden lønn; eit beskjedent ønske beskjedenheit f beskjedenheita beskjedenheit er det å vere beskjeden: vise falsk beskjedenheit; ei kledeleg beskjedenheit

NN_hoveddel_justert_test.indd 87

87

bestandig

■ i all beskjedenheit i all enkelheit beskrive v beskriv, beskreiv, beskrive å beskrive er å skildre: beskrive noko i detalj beskytte v beskyttar, beskytta, beskytta å beskytte er å hindre at noko(n) kjem i ein ugunstig situasjon; verne: beskytte barna; beskytte seg mot regnet; lova skal beskytte borgarane mot overgrep beslag n beslaget fl. beslag, beslaga 1 beslag er det å beslagleggje; konfiskering: politiet gjorde beslag av førarkortet 2 eit beslag er eit metallstykke til forsterking el. vern (el. òg pynt): skru beslag på ei dør ■ leggje beslag på bruke, ta: leggje beslag på parkeringsplassar; rapportskriving legg beslag på tida til lærarane beslagleggje v beslaglegg, beslagla, beslaglagt el. beslaglegge v beslaglegg, beslagla, beslaglagt (òg overf.) å beslagleggje er å leggje beslag på noko; konfiskere: politiet beslagla førarkortet; foreldra beslagla tv-en beslå v beslår, beslo, beslått å beslå er å forsyne med beslag ■ beslå segl (sjø.) rulle segl saman rundt råa ■ vere vel beslått (overf.) ha mykje pengar besserwissar [besservissar] m besserwissaren fl. besserwissarar, besserwissarane (neds.) ein besserwissar er ein betrevitande person Ñbest adj n. best fl. beste (opph. superlativ av bra, god) 1 fremst: den beste eleven; vanke i dei beste kretsane 2 mest føremålstenleg, tilfredsstillande: det beste hotellet i byen; skrive det beste eksamenssvaret 3 mest behageleg, gledeleg: dei beste råvarene; den beste handelen eg har gjort 4 finast: ho er i sin beste alder 5 mest moralsk høgtståande: han er det beste mennesket eg veit om 6 (som adv.) grundigast, kraftigast: arbeide som best; trivast best heime ■ gjere sitt beste (som subst.) anstrengje seg bestand1 m bestanden fl. bestandar, bestandane (bot., zool.) ein bestand er ei samling av dyr el. planter (av same art) i eit bestemt område; førekomst bestand2 n bestandet fl. bestand, bestanda (bot.) eit bestand er ein mindre skogflekk (med einsarta treslag) bestandig adj n. bestandig fl. bestandige 1 (særl. i samansetjingar) haldbar, motstandsdyktig; lysbestandig, syrebestandig, varmebestandig 2 (òg som adv.) til kvar ei tid; alltid: du seier bestandig det same; han vart bestandig sur

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


beste beste1 f besta fl. bester, bestene ei beste er ei bestemor beste2 m besten fl. bestar, bestane ein beste er ein bestefar beste3 n bestet eit beste er det som er mest gagnleg: tenkje på sitt eige beste besteborgarleg adj n. besteborgarleg fl. besteborgarlege (òg neds.) som gjeld el. kjenneteiknar den velståande borgarklassa: eit besteborgarleg problem; ho har ei prippen og besteborgarleg haldning til tiggarar bestefar m bestefaren fl. bestefedrar, bestefedrane ein bestefar er faren til mor el. far besteforelder m besteforelderen fl. besteforeldre, besteforeldra (særl. i fleirtal) ein besteforelder er kvar av foreldra til far el. mor: reise på besøk til besteforeldra bestemd adj n. bestemt fl. bestemde 1 viss: eit bestemt føremål; ete til bestemde tider 2 (òg som adv.) klar, sikker, urokkeleg: ha bestemde meiningar; svare nokon bestemt Ñbestemme v bestemmer, bestemde, bestemt 1 å bestemme er å setje noko fast; avgjere: bestemme eit tidspunkt; eg bestemmer her i huset; bestemme seg for å kjøpe hytta ved sjøen 2 å bestemme er å fastslå, konstatere: bestemme ei planteart; bestemme posisjonen til flyet bestemming f bestemminga fl. bestemmingar, bestemmingane 1 bestemming er det å bestemme: bestemming av planter og dyr; artsbestemming, blodtypebestemming 2 ei bestemming er ei avgjerd, eit vedtak: gjere ei bestemming 3 (språkv.) ei bestemming er eit ledd som avgrensar tydingsinnhaldet til eit anna ledd bestemor f bestemora fl. bestemødrer, bestemødrene ei bestemor er mora til far el. mor bestialsk adj n. bestialsk fl. bestialske frykteleg, umenneskeleg: eit bestialsk drap bestikk n bestikket fl. bestikk, bestikka 1 eit bestikk er eit sett med etereiskapar (som gaflar, knivar og skeier) 2 eit bestikk er eit sett med teiknereiskapar bestikke v bestikk, bestakk, bestukke å bestikke er å gje noko(n) pengar el. gåver i det skjulte for å oppnå ein fordel: fangevaktaren lét seg bestikke; han fekk bot for å ha bestukke ein dommar bestikking f bestikkinga fl. bestikkingar, bestikkingane 1 bestikking er det å bestikke el. bli bestukken: drive med bestikkingar 2 ei bestikking er noko (t.d. pengar) som

NN_hoveddel_justert_test.indd 88

88

besøkje

blir brukt til å bestikke med: den korrupte politikaren tok imot bestikkingar bestille v bestiller, bestilte, bestilt 1 å bestille er å tinge: bestille ei vare; du kan bestille reisa sjølv; reiarlaget har bestilt eit nytt skip 2 å bestille er å gjere, utrette: kva har du med det å bestille?; han har ikkje bestilt noko heile dagen; pass deg, elles får du med meg å bestille ■ som bestilt i rette augneblink bestilling f bestillinga fl. bestillingar, bestillingane 1 bestilling er det å bestille: bestilling via nettsida 2 ei bestilling er ein ordre, reservasjon: lage kaka på bestilling; bestillinga ligg i resepsjonen bestråle v bestrålar, bestråla, bestråla å bestråle er å rette ein el. fleire strålar mot noko(n): bestråle svulsten med røntgenstrålar bestseljar m bestseljaren fl. bestseljarar, bestseljarane ein bestseljar er ei bok e.l. som sel stort: Harry Potter er ein bestseljar best som subj akkurat medan: best som ho spann, rauk tråden bestøve v bestøvar, bestøva, bestøva (bot.) å bestøve er å overføre blomsterstøv til arret på ein blome; pollinere bestå v består, bestod, bestått 1 å bestå er å halde fram med å eksistere: avtalen består framleis; vi lever så lenge verda består 2 å bestå er å greie, klare: bestå ein test; han bestod eksamen 3 å bestå er å vere samansett av; innehalde: deigen består av mjøl, egg og sukker; arbeidet består i å mure opp ein vegg og pusse han besynderleg adj n. besynderleg fl. besynderlege som vekkjer overrasking og undring; merkverdig: ei besynderleg bok; ein besynderleg konklusjon; besynderlege menneske Ñbesøk n besøket fl. besøk, besøka 1 eit besøk er ei kortare gjesting; visitt: gå på besøk; vente besøk av nokon; vere på besøk hos venner i utlandet; utstillinga har hatt besøk av fleire tusen menneske 2 (overf.) eit besøk er eit opphald på ei nettside: ho hadde mange besøk på bloggen sin besøkje v besøkjer, besøkte, besøkt el. besøke v besøker, besøkte, besøkt 1 å besøkje er å opphalde seg hos; gjeste, vitje: besøkje ei tante; besøkje venner ein kveld; utstillinga var godt besøkt 2 (overf.) å besøkje er å klikke seg inn på ei nettside: mange har besøkt bloggen hennar 3 (som subst. i pres. partisipp) person som er på besøk: besøkjande må registrere seg i skranken

05/01/2021 16:53


besøksforbod besøksforbod n besøksforbodet fl. besøksforbod, besøksforboda 1 (jur.) eit besøksforbod er eit forbod mot å få besøk (t.d. i eit fengsel) 2 (jur.) eit besøksforbod er eit forbod mot å kontakte el. opphalde seg i nærleiken av ein annan person: den valdelege eksmannen fekk besøksforbod betablokkar m betablokkaren fl. betablokkarar, betablokkarane (med.) ein betablokkar er eit legemiddel som blir brukt m.a. mot høgt blodtrykk og hjartesvikt betakaroten n betakarotenet (biol., kjemi) eit betakaroten er ein karotenoid som finst i planter, og som bidrar til oransje farge (i mat, hud osb.) Ñbetale v betalar, betala, betala 1 (økon.) å betale er å gje pengar i vederlag for ei teneste el. ei vare: betale for seg; betale husleige; betale av på eit lån; ho betala for buksene 2 (overf.) å betale er å bøte for: betale dyrt for den tabben ■ betale seg (refl.) svare seg betaling f betalinga fl. betalingar, betalingane 1 (økon.) betaling er det å betale el. bli betala: betalinga gjekk greitt 2 (økon.) ei betaling er ei lønn, eit vederlag: få dårleg betaling; eg gjer det mot betaling betalingsevne f betalingsevna fl. betalingsevner, betalingsevnene (økon.) ei betalingsevne er ei evne som ein kjøpar har til å betale; likviditet: du får ikkje lån viss du ikkje har betalingsevne betalingsmur m betalingsmuren fl. betalingsmurar, betalingsmurane (ikt) ein betalingsmur er eit stengsel på internett som berre gjev dei som har betala, tilgang til noko (særl. ei avis) betasuppe f betasuppa el. betesuppe f betesuppa (mat.) ei betasuppe er ei suppe med grønsaksog kjøtbitar bete m beten fl. betar, betane (bot.) ein bete er (ei rotfrukt frå) ei høg urteplante i amarantfamilien med tynn rot og store, hjarteforma blad; raudbete, sukkerbete betene v betener, betente, betent 1 å betene er å ekspedere: ekspeditrisa hadde ikkje tid til å betene oss 2 å betene er å ha tilsyn med; passe: vi betener eit stort område 3 å betene er å nytte, bruke noko (på ein bestemd måte): betene ei maskin; nettbrettet er lett å betene 4 (økon.) å betene er å nedbetale: han har problem med å betene lånet sitt betening f beteninga fl. beteningar, beteningane

NN_hoveddel_justert_test.indd 89

89

betre

1 betening er det å betene: hotellet har førsteklasses betening 2 ei betening er eit personale som betener kundar: beteninga har pause betenkt adj n. betenkt fl. betenkte ettertenksam, usikker: han eine var begeistra, han andre litt betenkt betennelse m betennelsen fl. betennelsar, betennelsane (med.) ein betennelse er ein lokal vevsreaksjon på irritasjon el. skade; inflammasjon: betennelse i nerven; det gjekk betennelse i såret; hjernehinnebetennelse, lungebetennelse betent adj n. betent fl. betente 1 (med.) som det er gått betennelse i: eit betent sår 2 (overf.) som er vanskeleg og må handsamast med varsemd: ei betent sak betesuppe f betesuppa → betasuppe betjent m betjenten fl. betjentar, betjentane ein betjent er ein underordna funksjonær; politibetjent, resepsjonsbetjent betong m betongen fl. betongar, betongane betong er eit byggjemateriale av sand, sement og vatn ■ armert betong betong forsterka med stålstenger betrakte v betraktar, betrakta, betrakta 1 å betrakte er å granske, studere grundig: han betrakta ho på avstand; ho betrakta måleriet frå ulike vinklar 2 å betrakte er å halde for; sjå på: han betraktar saka som avgjord betrakteleg adj n. betrakteleg fl. betraktelege 1 forholdsvis stor: ein betrakteleg auke; ein betrakteleg sum 2 (som adv.) betydeleg: ho hadde vakse betrakteleg; reisetida kan reduserast betrakteleg betraktning f betraktninga fl. betraktningar, betraktningane 1 betraktning er det å betrakte, vurdere 2 ei betrakning er ei førestilling, ein tanke: ho hadde mange betraktningar omkring spørsmålet ■ kome i betraktning kome på tale; vere aktuell: seine søknader kjem ikkje i betraktning ■ ta i betraktning ta omsyn til: utgreiinga skal ta tidlegare vurderingar i betraktning 1 Ñbetre adj (opph. komparativ av bra, god) 1 i større grad god: ein betre idé; ei betre løysing; håpe på betre tider; ho var betre i fransk enn i spansk 2 finare: ein betre familie; ein betre middag 3 meir føremålstenleg: det er betre å ta toget; eg skal gjere det når eg får betre tid 4 meir frisk: bli litt betre kvar dag 5 meir (moralsk) høgtståande: min betre

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


betre halvdel; du er betre enn som så; kome på betre tankar; bli eit nytt og betre menneske betre2 v betrar, betra, betra å betre er å bli el. gjere betre: vêret har betra seg; ein handlingsplan for å betre levekåra betring f betringa fl. betringar, betringane 1 betring er det å bli betre: betring av helsa 2 brukt som ønske til ein sjuk: god betring! Ñbety v betyr, betydde, betydd 1 å bety er å uttrykkje eit bestemt tankeinnhald; tyde: sorti betyr utgang; kva betyr dette ordet? 2 å bety er å føre til; innebere, tyde: det betyr at vi må gå no; god informasjon betyr meir kunnskap 3 å bety er å vere viktig; tyde: det betyr ikkje noko; musikk betyr mykje for han betydeleg adj n. betydeleg fl. betydelege 1 (òg som adv.) vesentleg: ein betydeleg politikar; ein betydeleg større sum 2 (òg som adv.) forholdsvis stor: ein betydeleg fordel; det hjelpte betydeleg betydning f betydninga fl. betydningar, betydningane 1 ei betydning er ei meining, tyding: ordet har fleire betydningar 2 ei betydning er ei vekt, verdi: eit spørsmål av stor betydning; betydninga av og moglegheitene i nærmiljøet beundrar m beundraren fl. beundrarar, beundrarane ein beundrar er ein person som beundrar, ser opp til noko(n): eg er ein stor beundrar av spelet hans; ho har ein hemmeleg beundrar beundre v beundrar, beundra, beundra å beundre er å sjå på noko(n) med respekt; sjå opp til: beundre eit måleri; beundre nokon på avstand; eg beundrar deg for at du held ut beundring f beundringa beundring er det å beundre; vørdnad: blind beundring av eit idol; eg blir fylt av beundring over at du klarte det beundringsverdig adj n. beundringsverdig fl. beundringsverdige som fortener beundring; imponerande: det er beundringsverdig at du faktisk har klart å gjennomføre løpet bevare v bevarer, bevarte, bevart 1 å bevare er å ta vare på; beskytte, verne: bevare og skjøtte landskapet; ho hadde bevart barnetrua si; Gud bevare kongen og fedrelandet 2 å bevare er å halde ved like: bevare humøret; bevare smaken og fargen ■ bevare meg vel brukt som utrop for å uttrykkje lett overrasking: bevare meg vel, så flott du er!; bevare meg vel, du skal vel ikkje gå kledd sånn?

NN_hoveddel_justert_test.indd 90

90

bevisstgjere ■ ikkje vel bevart ikkje reint klok: han kan då

ikkje vere vel bevart? beve v bevar, beva, beva (poet.) å beve er å skjelve svakt; dirre, sitre: stemma beva bevege v bevegar, bevega, bevega 1 (òg overf.) å bevege er å flytte, røre på: bevege på seg; bevege på beina; ho bevega så vidt på hovudet; blada bevegar seg i vinden; lønnsutviklinga bevegar seg i rett retning 2 å bevege er å gjere sterkt inntrykk på; gripe, røre: ho som bevega verda; appellen bevega tilhøyrarane; det bevega ho at så mange møtte opp 3 (sj.) å bevege er å overtale, tilskunde: bevege nokon til å reise bever m beveren fl. beverar, beverane (zool.) ein bever er ein stor gnagar med flat, kraftig hale beverte v bevertar, beverta, beverta å beverte er å servere drikke og mat: beverte gjestene; bli rikeleg beverta bevertning f bevertninga fl. bevertningar, bevertningane 1 bevertning er det å beverte: få bevertning 2 bevertning er mat og drikke som blir servert: etter møtet var det bevertning bevilling f bevillinga fl. bevillingar, bevillingane (jur.) ei bevilling er (eit dokument med) eit offentleg løyve; konsesjon, løyve: få bevilling til å drive advokatpraksis; bevilling til å selje øl bevis n beviset fl. bevis, bevisa eit bevis er eit prov: har du bevis?; eit fellande bevis; politiet manglar bevis i saka bevise v beviser, beviste, bevist 1 å bevise er å føre bevis for; dokumentere, prove, stadfeste: bevise at ein påstand er rett; ein attest som beviser at ho har arbeidserfaring 2 å bevise er å vise ved handling el. haldning; demonstrere: bevise kjærleiken sin; utøvaren har bevist at han er mellom dei beste beviseleg adj n. beviseleg fl. beviselege (òg som adv.) som det finst bevis, prov for: ei beviseleg løgn; her badar du beviseleg trygt bevisst adj n. bevisst fl. bevisste 1 (med.) som er ved bevisstheit; medviten: ein bevisst pasient; mots. ubevisst 2 (òg som adv.) med vitende og vilje; medviten: eit bevisst val; ei bevisst løgn; gjere noko heilt bevisst; mots. ubevisst 3 merksam på; medviten: eg er veldig bevisst på at røyking er dumt; kvalitetsbevisst, prisbevisst, sjølvbevisst bevisstgjere v bevisstgjer, bevisstgjorde, bevisstgjort å bevisstgjere er å gjere nokon bevisst (på) noko: bevisstgjere og støtte eleven i val av yrke

05/01/2021 16:53


bevisstheit

91

bevisstheit f bevisstheita 1 bevisstheit er det å vere bevisst noko: politisk bevisstheit; høg bevisstheit om beredskap; rettsbevisstheit, språkbevisstheit 2 (særl. med.) bevisstheit blir òg brukt om vaken og normal tilstand: vere ved bevisstheit; ho kom raskt til bevisstheit 3 (i bf. eintal, psykol.) bevisstheita er den bevisste delen av psyken: det trengde opp i bevisstheita; mots. underbevisstheit BH m BH-en fl. BH-ar, BH-ane el. bh m bh-en fl. bh-ar, bh-ane BH er ei forkorting for brysthaldar bhutanar m bhutanaren fl. bhutanarar, bhutanarane ein bhutanar er ein person som bur i el. kjem frå Bhutan bhutansk adj n. bhutansk fl. bhutanske som gjeld Bhutan el. bhutanarar bi adv ved sida av; hos ■ leggje bi (sjø.) segle opp mot vinden ■ stå nokon bi hjelpe, støtte nokon bi- pref 1 brukt som førestaving med tydinga 'attåt-', 'side-' (i ord som biprodukt og bilyd) 2 brukt som førestaving med tydinga 'to-', 'tvi-' (i ord som bilateral og bigami) biavl m biavlen fl. biavlar, biavlane → bieavl bibel m bibelen fl. biblar, biblane 1 (òg som eigennamn i eintal: Bibel(en), relig.) ein bibel er eit eksemplar av den heilage boka til kristendommen: Bibelen 2 (overf.) ein bibel er ei bok el. ei tekst som blir oppfatta som autoritativ: pengeboka har vore som ein bibel å rekne bibliofil m bibliofilen fl. bibliofilar, bibliofilane ein bibliofil er ein person som samlar på (særl. sjeldne el. vene) bøker bibliografi m bibliografien fl. bibliografiar, bibliografiane (littv.) ein bibliografi er ei liste over litteratur av ein bestemd forfattar el. om eit bestemt emne el. ein bestemd periode bibliografisk adj n. bibliografisk fl. bibliografiske som gjeld bibliografi: eit bibliografisk oversyn bibliotek n biblioteket fl. bibliotek, biblioteka eit bibliotek er (eit offentleg el. privat lokale med) ei større boksamling: ha eit rikhaldig bibliotek heime; låne bøker på biblioteket i kommunen; fagbibliotek, folkebibliotek, universitetsbibliotek bibliotekar m bibliotekaren fl. bibliotekarar, bibliotekarane ein bibliotekar er ein person som arbeider ved eit bibliotek; universitetsbibliotekar biceps [biseps] m bicepsen fl. bicepsar, bicepsane (anat.) ein biceps er ein stor bøyemuskel (i overarm og lår) (jf. triceps)

bidé n bideet fl. bidé, bidea el. bide n bideet fl. bide, bidea eit bidé er ein låg, avlang servant til vask av føter og underliv bidevind adv (meteorol.) med vind som kjem inn på skrå framanfrå: segle bidevind bidig adj n. bidig fl. bidige brukt i uttrykket: ■ kvar bidige dag kvar einaste dag: ete ute kvar bidige dag; sitje inne kvar bidige dag Ñbidra v bidrar, bidrog, bidradd el. bidrage v bidreg, bidrog, bidrege å bidra er å hjelpe til; medverke: bidra med arbeid og pengar bidrag n bidraget fl. bidrag, bidraga eit bidrag er noko (t.d. eit arbeid, ei hjelp el. pengar) som ein yter til noko(n); tilskot: bidraget hans i debatten; gje eit lite bidrag til ein tiggar; eit prosjekt med bidrag frå staten bidragsytar m bidragsytaren fl. bidragsytarar, bidragsytarane ein bidragsytar er noko(n) som bidrar med noko (ofte pengar) bidronning n bidronninga fl. bidronningar, bidronningane → biedronning bie1 f bia fl. bier, biene (zool.) ei bie er ein hårete, årevenga broddveps som lever av blomestøv og nektar bie2 v biar, bia, bia å bie er å vente: bie litt bieavl m bieavlen fl. bieavlar, bieavlane el. biavl m biavlen fl. biavlar, biavlane ein bieavl er ein avl av bier biedronning f biedronninga fl. biedronningar, biedronningane el. bidronning n bidronninga fl. bidronningar, bidronningane (zool.) ei biedronning er ei forplantingsdyktig hoe i eit biesamfunn: det finst berre ei biedronning per biesamfunn biekube m biekuben fl. biekubar, biekubane el. bikube m bikuben fl. bikubar, bikubane (zool.) ein biekube er eit (kjegleforma) hus for bier biennale m biennalen fl. biennalar, biennalane ein biennale er ei internasjonal kunstutstilling e.l. halden annakvart år bierøkt f bierøkta fl. bierøkter, bierøktene el. birøkt f birøkta fl. birøkter, birøktene ei bierøkt er eit stell av honningbier for å hauste honningen dei produserer i bikubane: bierøkt er framleis ei næring i fleire land bierøktar m bierøktaren fl. bierøktarar, bierøktarane el. birøktar m birøktaren fl. birøktarar, birøktarane ein bierøktar er ein person som driv med bierøkt biff1 m biffen fl. biffar, biffane 1 (mat.) ein biff er eit mørt stykke oksekjøt: biff med lauk 2 (mat.) ein biff er noko som liknar på ein biff (i bet. 1); kvalbiff, seibiff ■ greie biffen (overf.) overvinne vanskane

NN_hoveddel_justert_test.indd 91

biff

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


biff biff2 adj n. biff fl. biff i orden; grei: saka er biff bifil adj n. bifilt fl. bifile 1 som er seksuelt tiltrekt av kvinner og menn; biseksuell (jf. panfil) 2 (som subst.) person som er seksuelt tiltrekt av kvinner og menn; biseksuell bifili m bifilien bifili er ei kjønnsdrift retta mot personar av begge kjønn; biseksualitet bifokal adj n. bifokalt fl. bifokale (om brilleglas) med to slipingar (éi til å sjå fjernt med og éi til å sjå nært med) bigami n bigamiet (jur.) bigami er det å vere gift med to el. fleire personar samstundes: utøve bigami bigamist m bigamisten fl. bigamistar, bigamistane ein bigamist er ein person som lever i bigami bihole f bihola fl. biholer, biholene el. bihòle f bihòla fl. bihòler, bihòlene (anat.) ei bihole er eit luftfylt holrom i den fremre delen av hovudskallen biholebetennelse m biholebetennelsen fl. biholebetennelsar, biholebetennelsane (med.) ein biholebetennelse er ein (akutt el. kronisk) betennelse i biholene; sinusitt biinntekt f biinntekta fl. biinntekter, biinntektene (økon.) ei biinntekt er ei inntekt ved sida av hovudinntekta bijouteri [bisjuteri] n bijouteriet fl. bijouteri, bijouteria 1 eit bijouteri er eit (uekte) smykke 2 eit bijouteri er ein butikk som sel (uekte) smykke bikini m bikinien fl. bikiniar, bikiniane ein bikini er ei (lita) todelt badedrakt for kvinner bikke v bikkar, bikka, bikka 1 å bikke er å (få noko til å) vippe: bikke lasset av vogna; drikke utan å bikke hovudet; vi måtte bikke skapet for å få det gjennom døra 2 (slang) å bikke er å passere: han har nettopp bikka femti; gradestokken kan bikke tjue grader ■ bikke over 1 kantre, velte: det var ei forferdeleg kjensle å sjå båten bikke over 2 (overf.) tippe over: det må ikkje bikke over i rasistisk hets 3 (overf.) gå rundt for: eg trur det har bikka over for han bikkje f bikkja fl. bikkjer, bikkjene (særl. neds.) ei bikkje er ein hund: lufte bikkja; den elendige bikkja glefsa etter ho bikube m bikuben fl. bikubar, bikubane → biekube Ñbil m bilen fl. bilar, bilane ein bil er eit firehjula motorkøyretøy til person- og godstransport: kjøpe bil; leige ein elektrisk bil; lære seg å køyre bil; lastebil, personbil, varebil

NN_hoveddel_justert_test.indd 92

92

biljard

bilbelte n bilbeltet fl. bilbelte, bilbelta eit bilbelte er eit sikkerheitsbelte i ein bil; setebelte: det er påbode å bruke bilbelte når det er montert bilbombe f bilbomba fl. bilbomber, bilbombene ei bilbombe er ei bombe plassert i ein bil: fleire bilbomber gjekk av i Bagdad i natt bilbås m bilbåsen fl. bilbåsar, bilbåsane ein bilbås er eit ope parkeringsanlegg; carport bilde n bildet fl. bilde, bilda → bilete bildekunst m bildekunsten → biletkunst bile1 f bila fl. biler, bilene (i eldre tid) ei bile var ei øks med breitt blad bile2 v bilar, bila, bila (sj.) å bile er å køyre (med) bil: bile til byen Ñbilete n biletet fl. bilete, bileta el. bilde n bildet fl. bilde, bilda 1 eit bilete er ei (fotografert, måla el. teikna) framstilling av noko på ei plan og avgrensa flate: ta eit bilete; teikne eit bilete; ha verdifulle bilete på veggen; røntgenbilete, spegelbilete 2 eit bilete er ein metafor, eit symbol: tale i bilete; språklege bilete 3 eit bilete er ei førestilling, ein idé: danne seg eit bilete av nokon; verdsbilete 4 eit bilete er ein aktuell situasjon: det politiske biletet har endra seg bilethoggar m bilethoggaren fl. bilethoggarar, bilethoggarane ein bilethoggar er ein skulptør biletkunst m biletkunsten el. bildekunst m bildekunsten biletkunst er ein bildande kunst el. ei bildande kunstart: biletkunst med religiøse motiv; møtepunktet mellom biletkunst og film biletleg adj n. biletleg fl. biletlege prega av uttrykk som ein ikkje skal ta bokstaveleg; figurleg, overført: ein biletleg uttrykksmåte bilfri adj n. bilfritt fl. bilfrie utan biltrafikk: ein bilfri dag; eit bilfritt område bilingval adj n. bilingvalt fl. bilingvale el. bilingv adj n. bilingv fl. bilingve med to morsmål; tospråkleg: eit bilingvalt barn; ei bilingval ordbok bilingvalisme m bilingvalismen el. bilingvisme m bilingvismen (språkv.) bilingvalisme er det å vere bilingval; tospråklegheit bilisme m bilismen bilisme er allmenn bruk av bil som transportmiddel: bilismen har hatt ei eksplosiv utvikling bilist m bilisten fl. bilistar, bilistane ein bilist er ein person som køyrer bil; bilførar: bilistar og andre trafikantar biljard m biljarden fl. biljardar, biljardane (spel) biljard er eit presisjonsspel der to spelarar støyter kuler med ein stokk på eit rektangulært spesialbord: spele biljard

05/01/2021 16:53


bille bille f billa fl. biller, billene (zool.) ei bille er eit insekt med bitemunn, fast hudskjelett og to par venger billett m billetten fl. billettar, billettane 1 ein billett er ein kvitteringslapp (t.d. for kino el. reise): eg har bestilt billett; hugs å løyse billetten; flybillett, teaterbillett, togbillett 2 (særl. i eldre tid) ein billett er ei skriftleg melding: billett merkt turar i skog og mark; leggje inn ein billett som svar på annonsen billettør m billettøren fl. billettørar, billettørane ein billettør er ein person som sel (og kontrollerer) billettar: billettøren om bord på ferja billiard m billiarden fl. billiardar, billiardane ein billiard er tusen billionar (1 000 000 000 000 000) Ñbillig adj n. billig fl. billige el. billeg adj n. billeg fl. billege 1 (òg som adv.) som kostar lite: billige varer og låge prisar; selje bilen billig; mots. dyr 2 (overf.) lettkjøpt, tarveleg: eit billig poeng; billig underhaldning ■ sleppe billig frå (overf.) sleppe lett unna (noko) billion m billionen fl. billionar, billionane ein billion er ein million millionar (1 000 000 000 000) bimbo m bimboen fl. bimboar, bimboane (neds.) ein bimbo er ei fin, men uintelligent ung kvinne: folk trur ho er ein bimbo berre fordi ho er fin og har blondt hår Ñbind n bindet fl. bind, binda 1 eit bind er ei bok som er ein del av ein større verk: eit verk i fem bind 2 eit bind er eit bokomslag: leggje bind på bøkene 3 eit bind er eit tøystykke til å binde om noko: ha armen i bind; ha bind for munnen 4 eit bind er eit flatt og avlangt stykke gas e.l. som syg opp væske: bind med sårkompress; menstruasjonsbind, sanitetsbind Ñbinde v bind, batt, bunde 1 å binde er å feste: binde hunden; binde båten fast; binde ein strikk i håret 2 å binde er å flette el. føye saman: binde ein blomekrans; binde inn ei bok 3 (òg overf.) å binde er å halde saman: lim bind godt; vegen bind byane saman 4 (overf.) å binde er å feste, knyte med ein avtale, kjensler e.l.: binde seg til ein organisasjon; føle seg sterkt bunden til nokon; eg vil ikkje binde meg til nokon enno bindeledd n bindeleddet fl. bindeledd, bindeledda el. bindeled m bindeleden fl. bindeleder,

NN_hoveddel_justert_test.indd 93

binding

93

bindeledene eit bindeledd er eit ledd som bind to el. fleire partar saman; mellomledd: ombodet er eit bindeledd mellom einskildperson og styresmakt binders m bindersen fl. bindersar, bindersane ein binders er ein samanbøygd ståltråd til å feste saman papir med Ñbindestrek m bindestreken fl. bindestrekar, bindestrekane (språkv.) ein bindestrek er ein kort strek (-), brukt for å markere samanbinding mellom ledd som høyrer saman i eitt ord (t.d. ved linjeskifte el. i visse samansette ord)

A B C D E F G H

bindestrek Bindestrek blir skrive - og er i trykt tekst normalt kortare enn ein tankestrek. Det er heller ikkje mellomrom mellom bindestreken og bokstavane føre og bak (noko det er ved tankestrek). Bindestrek blir brukt:

1 Når ord blir delte ved linjeskift.

I J K L M

2 Ved samansetjingar med

N

– initialforkortingar: tv-sjåar, betal-tv, EU-medlemskap

O

– tal el. symbol: 18-åring, %-teikn – bokstav: T-bane, a-moll

P

3 For å markere eit utelate fellesledd: barne- og ungdomsskulen

Q

4 I fleirledda samansetjingar: tur-retur-billett; vis-à-vis. Men: ad hoc-løysing

R

5 Ved samansetjingar som ville gjeve tre like konsonantar: natt-tog (kan òg skrivast nattog)

6 Mellom initialforkorting og bøyingsending: tv-en bindevev n bindevevet fl. bindevev, bindeveva (med.) eit bindevev er eit vev som bind saman anna vev i kroppen binding1 f bindinga fl. bindingar, bindingane 1 binding er det å binde el. bli, vere bunden: binding av blomekransar; bokbinding 2 (kjemi) ei binding er ein vekselverknad mellom atom, ion el. molekyl slik at dei blir bundne til kvarandre 3 ei binding er ein murkonstruksjon der mursteinane blir lagde i lag på ein bestemd måte binding2 m bindingen fl. bindingar, bindingane ein binding er ein festemekanisme (t.d. på ski)

S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bindingsverk

94

bindingsverk n bindingsverket fl. bindingsverk, bindingsverka (arkit.) eit bindingsverk er eit rammeverk av tømmer til å feste veggplater til: eit moderne, lett bindingsverk binge m bingen fl. bingar, bingane 1 ein binge er eit inngjerda område (særl. for husdyr): få grisene inn i bingen; fotballbinge 2 ein binge er ei stor oppbevaringskasse; kompostbinge, kornbinge, potetbinge bingo m bingoen fl. bingoar, bingoane (spel) bingo er eit (lokale for eit) pengespel med nummererte brikker el. kuler binne f binna fl. binner, binnene (zool.) ei binne er ei hoe av ein bjørn binom n binomet fl. binom, binoma (matem.) eit binom er eit uttrykk som består av to ledd med + el. – imellom: 2x – 3 er eit binom binyre f binyra fl. binyrer, binyrene (anat.) ei binyre er ein kjertel øvst på kvar nyre som produserer ulike hormon binær adj n. binært fl. binære som består av to einingar (t.d. to siffer); todelt: det binære talsystemet binæring f binæringa fl. binæringar, binæringane (økon.) ei binæring er ei næringsverksemd ved sida av hovudnæringa; attåtnæring: strikking var tidlegare ei binæring på landsbygda biobrensel n biobrenselet fl. biobrensel, biobrensla el. biobrensle f biobrensla fl. biobrensler, biobrenslene eit biobrensel er eit brensel laga av biologisk materiale (t.d. skogavfall) biocid [biosid] n biocidet fl. biocid, biocida (kjemi) biocid er ei fellesnemning for kjemiske stoff som drep levande organismar: fjerne ugraset med biocid biodynamisk adj n. biodynamisk fl. biodynamiske som ikkje bruker el. ikkje er dyrka ved hjelp av kunstgjødsel el. kjemiske plantevernmiddel: eit biodynamisk jordbruk; biodynamiske grønsaker bioenergi m bioenergien (biol., fysikk) bioenergi er energi frå biologisk materiale: mange ønskjer seg ein overgang frå olje til bioenergi biogass m biogassen fl. biogassar, biogassane (biol., kjemi) ein biogass er ein gass frå nedbryting av organisk materiale biograf m biografen fl. biografar, biografane 1 ein biograf er ein person som skriv ein biografi 2 (forelda) biograf er ei eldre nemning for kino biografi m biografien fl. biografiar, biografiane (littv.) ein biografi er ei skildring av livshistoria til ein (kjend) person, skriven av ein annan person

bioingeniør m bioingeniøren fl. bioingeniørar, bioingeniørane (med.) ein bioingeniør er ein laboratorieteknikar med 3-årig høgskuleutdanning biokjemi m biokjemien (biol., kjemi) biokjemi er studiet av og læra om kjemiske prosessar i levande organismar biolog m biologen fl. biologar, biologane (biol.) ein biolog er ein person som har biologi som fag Ñbiologi m biologien 1 (biol.) biologi er studiet av og læra om den levande naturen 2 (utd.) biologi er eit skulefag med undervising i biologi (i bet. 1) biologisk adj n. biologisk fl. biologiske (biol.) som gjeld biologi: studere det biologiske mangfaldet ■ biologiske foreldre (biol., jur.) opphavlege foreldre (jf. adoptivforeldre) ■ biologisk krigføring (mil.) krigføring med mikroorganismar og virus biomasse m biomassen fl. biomassar, biomassane 1 (biol.) ein biomasse er alt levande materiale innanfor eit område 2 biomasse er brensel frå organisk materiale biopsi m biopsien fl. biopsiar, biopsiane (med.) ein biopsi er ei undersøking av vev frå ein levande organisme bioteknologi m bioteknologien (biol.) bioteknologi er studiet av og læra om teknisk utnytting av biologiske prosessar (t.d. til produksjon av medisin og næringsmiddel): medisinsk bioteknologi; næringsretta bioteknologi biotop m biotopen fl. biotopar, biotopane (biol.) ein biotop er eit (einsarta) område som er bustad for bestemde dyre- og/el. plantearter biperson m bipersonen fl. bipersonar, bipersonane ein biperson er ein person (i ein film, ein roman el. eit skodespel) med ei mindre viktig rolle (jf. hovudperson): romanane hennar er fulle av bipersonar bipolar adj n. bipolart fl. bipolare 1 som har to polar: eit bipolart maktsystem 2 som finst i begge polområda: bipolare planter ■ bipolar liding (med., psykol.) psykisk liding med kraftige variasjonar i humør og åtferd biprodukt n biproduktet fl. biprodukt, biprodukta eit biprodukt er eit sekundært el. utilsikta produkt frå ein produksjon: asfalt er eit biprodukt ved raffinering av olje birkebeinar m birkebeinaren fl. birkebeinarar, birkebeinarane 1 (i eldre tid) ein birkebeinar var ein person som kjempa og tapte mot hæren til kong Magnus Erlingsson på Re i 1177

NN_hoveddel_justert_test.indd 94

birkebeinar

05/01/2021 16:53


birolle

95

2 ein birkebeinar er ein person som deltar i Birkebeinarrennet frå Rena til Lillehammer birolle f birolla fl. biroller, birollene ei birolle er ei mindre viktig rolle (t.d. i ein film el. eit skodespel) (jf. hovudrolle): ha ei lita birolle i filmen birøkt f birøkta fl. birøkter, birøktene → bierøkt birøktar m birøktaren fl. birøktarar, birøktarane → bierøktar bisak f bisaka fl. bisaker, bisakene ei bisak er ei mindre viktig sak (jf. hovudsak) bisam m bisamen fl. bisamar, bisamane 1 (zool.) ein bisam er ein moskusokse 2 (særl. i eintal) bisam er skinn frå bisamrotta 3 (særl. i eintal) bisam er sekret frå moskuskjertelen hos visse dyr bisarr adj n. bisart fl. bisarre som vik sterkt frå det normale; påfallande, rar: ei bisarr utsegn; bisarre vrangførestillingar biseksualitet m biseksualiteten biseksualitet er det same som bifili biseksuell adj n. biseksuelt fl. biseksuelle bifil: ein biseksuell gut bisetje v biset, bisette, bisett el. bisette v biset, bisette, bisett (relig.) å bisetje er å utføre ei bisetjing: ho vart bisett sist veke bisetjing f bisetjinga fl. bisetjingar, bisetjingane el. bisetting f bisettinga fl. bisettingar, bisettingane (relig.) ei bisetjing er ein avskjedsseremoni for ein avliden, der kista ikkje blir senka i jorda (jf. gravlegging) bisk1 m bisken fl. biskar, biskane (slang) ein bisk er ein hund: snill bisk!; kom då, bisken bisk2 adj n. biskt fl. biske 1 (om dyr) aggressiv, sint: hunden må ikkje vere bisk 2 avvisande: ho gav han eit biskt svar biskop m biskopen fl. biskopar, biskopane (relig.) ein biskop er eit geistleg overhovud med tilsynsansvar i eit bispedømme bislag n bislaget fl. bislag, bislaga (arkit.) eit bislag er eit (lukka) utbygg som skjermar ei inngangsdør bismak m bismaken fl. bismakar, bismakane (òg overf.) ein bismak er ein rar el. ubehageleg smak som kjem i tillegg til den eigentlege smaken: safta hadde ein bismak; talen hadde ein vond bismak bison m bisonen fl. bisonar, bisonane (zool.) ein bison er eit stort, kraftig oksedyr med kvelva panne, korte horn og svær framkropp bisp m bispen fl. bispar, bispane (relig.) ein bisp er ein biskop bispedømme n bispedømmet fl. bispedømme, bispedømma el. bispedøme n bispedømet fl.

bispedøme, bispedøma (relig.) eit bispedømme er ei kyrkjeleg forvaltingseining styrt av ein biskop: i Noreg er det elleve bispedømme bistand m bistanden fl. bistandar, bistandane ein bistand er ei hjelp, ei støtte: yte bistand til u-landa; eg greier meg utan bistand frå deg bistandsadvokat m bistandsadvokaten fl. bistandsadvokatar, bistandsadvokatane (jur.) ein bistandsadvokat er ein advokat som hjelper offeret i ei straffesak bister adj n. bistert fl. bistre sint og utilnærmeleg: setje opp eit bistert andlet; eit bistert svar bistro m bistroen fl. bistroar, bistroane ein bistro er ein mindre restaurant med drikkevarer og enkle matretter bit1 [bitt] m biten fl. bitar, bitane 1 (ikt) bit er ei eining for informasjonsmengd i ei datamaskin 2 (matem.) ein bit er kvart av siffera 0 el. 1 i det binære talsystemet 2 Ñbit m biten fl. bitar, bitane 1 ein bit er eit lite stykke: ta seg ein bit mat; rive papiret i små bitar 2 ein bit er noko(n) som bit; steinbit 3 Ñbit n bitet fl. bit, bita 1 bit er det å bite: eit giftig bit; han fekk ikkje bit frå fisken 2 eit bit er eit bitemerke: vere full av bit frå lopper; få eit stygt bit av ein hund 3 eit bit er ei evne til å skjere: kniven har godt bit 4 (særl. med.) eit bit er ei tannstilling; overbit, underbit bitch [bitsj] m bitchen fl. bitchar, bitchane (neds.) ein bitch er ein person (særl. kvinne) som oppfører seg ufint; hurpe bitche [bitsje] v bitchar, bitcha, bitcha å bitche er å oppføre seg som ein bitch bitcoin [bittkåin] m bitcoinen fl. bitcoins, bitcoinane (økon.) ein bitcoin er ein digital valuta til handel på internett Ñbite v bit, beit, bite 1 å bite er å setje tennene i: bite negler; hunden bit; fisken bit på agnet; få seg noko mat å bite i 2 (overf.) å bite er å verke: ljåen bit godt; truslar bit ikkje på han ■ bite frå seg (overf.) forsvare seg ■ bite i det sure eplet (overf.) motvillig ta til takke med ■ bite i graset (overf.) gje tapt ■ bite i seg (overf.) halde attende ■ bite på kroken (overf.) la seg lure ■ bite seg i nasen på (refl., overf.) vere sikker på bitter adj n. bittert fl. bitre 1 (òg som adv.) med beisk, skarp smak: ein bitter sjokolade; bitre urter; vinen smaka bittert

NN_hoveddel_justert_test.indd 95

bitter

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bitterheit

96

2 hatsk og uforsonleg: bitre fiendar; ein bitter og langvarig strid 3 krenkt, skuffa: ho er bitter over den dårlege handsaminga; han er ein bitter mann som har hatt mykje motgang bitterheit f bitterheita ei bitterheit er eit agg, ein irritasjon, ein vreide: han var fylt av bitterheit bitterleg adv bittert: grine bitterleg biverknad m biverknaden fl. biverknader, biverknadene ein biverknad er ein (uønskt) sekundær verknad: medisinen hadde ubehagelege biverknader bivuakk m bivuakken fl. bivuakkar, bivuakkane (særl. mil.) ein bivuakk er ein (militær) leir med telt bjart adj n. bjart fl. bjarte blank, klar bjeff n bjeffet fl. bjeff, bjeffa bjeff er det å bjeffe (ein enkelt gong): det kom eit høgt bjeff frå hunden bjeffe v bjeffar, bjeffa, bjeffa (òg overf.) å bjeffe er å (små)gøy: hunden bjeffa; politimannen bjeffa til ungdommane bjekso m bjeksoen fl. bjeksoar, bjeksoane ein bjekso er ein (samisk) lêrstøvel med oppbøygd tupp bjelke m bjelken fl. bjelkar, bjelkane ein bjelke er ein avlang konstruksjonsdel av betong, jern, stål el. tre: ein berande bjelke; golvbjelke, takbjelke bjølle f bjølla fl. bjøller, bjøllene 1 ei bjølle er ein hol, kuppelforma metallgjenstand med kule i som ringlar ved rørsle: ku med bjølle på 2 ei bjølle er ei ringjeklokke (på ein sykkel): bruke bjølla ■ hengje bjølla på katten (overf.) ta ubehaget (på vegner av fellesskapet) med å peike ut nokon (med meir makt) som ansvarleg el. skuldig bjørk f bjørka fl. bjørker, bjørkene 1 (bot.) ei bjørk er eit lauvtre i bjørkefamilien med kvit og svart bork; dvergbjørk, fjellbjørk, hengjebjørk 2 bjørk er eit materiale laga av bjørk (i bet. 1): eit kjøkkenbord av bjørk bjørn m bjørnen fl. bjørnar, bjørnane 1 (zool.) ein bjørn er eit stort, litt klumpete rovdyr med kraftig pels, kort hale og små øyre: sjå ein bjørn i skogen; brunbjørn, grizzlybjørn, isbjørn 2 (overf.) ein bjørn er ein stor og kraftig kar bjørnebær n bjørnebæret fl. bjørnebær, bjørnebæra (bot.) bjørnebær er ei fellesnemning på raudsvarte, etelege bær som veks på krypande buskar med lange stenglar og store tornar

bjørneteneste f bjørnetenesta fl. bjørnetenester, bjørnetenestene el. bjørnetenest f bjørnetenesta fl. bjørnetenester, bjørnetenestene ei bjørneteneste er ei velmeint teneste som gjer meir skade enn gagn: han gjer elevane ei bjørneteneste når han krev så lite av dei bla v blar, bladde, bladd el. blade v blader, bladde, bladd (òg spøk.) å bla er å snu, vende sidene (i ei bok e.l.): bla raskt igjennom boka; bla opp pengesetlar bl.a. fork forkorting for blant anna/andre (jf. blant) blackout m blackouten fl. blackoutar, blackoutane (med.) ein blackout er eit kortvarig minnetap: han fekk blackout Ñblad n bladet fl. blad, blada 1 (bot.) eit blad er ein flat og tynn utvekst på ei grein el. ein stengel: grøne blad; blada på trea; kronblad, lauvblad 2 eit blad er eit flatt (metall)stykke som liknar på eit blad (i bet. 1); barberblad, knivblad, skulderblad 3 eit blad er eit papirark (med el. utan skrift): blada i ei bok; rive av eit blad frå skriveblokka 4 eit blad er eit tidsskrift el. eit vekeblad: eg har kjøpt eit nytt blad ■ snu bladet (overf.) gjere seg ferdig med noko ■ ta bladet frå munnen (overf.) tale rett ut blade v blader, bladde, bladd → bla bladstyrar m bladstyraren fl. bladstyrarar, bladstyrarane ein bladstyrar er ein redaktør i ei avis, eit blad e.l. blaff1 m blaffen brukt i uttrykket: ■ gje blaffen ikkje bry seg om: du masar, men eg gjev blaffen; han gjev blaffen i å gjere lekser; eg gjev blaffen i kven som kjem blaff2 n blaffet fl. blaff, blaffa 1 eit blaff er eit kort vindpust 2 eit blaff er ei kortvarig oppblussing av ein flamme: elden gav frå seg eit lite blaff før han slokna 3 (overf.) eit blaff er eit forbigåande tilløp til noko positivt: eit blaff av lykke; eit blaff av håp blaffe v blaffar, blaffa, blaffa 1 (om eld) å blaffe er å blusse (opp): flammane blaffa opp ein augneblink 2 (om flagg e.l.) å blaffe er å slå litt i vinden; blafre, flagre: seglet blaffa svakt blafre v blafrar, blafra, blafra å blafre er å blaffe kraftig: sjalet blafra i vinden; kubbelyset stod og blafra blakk adj n. blakt fl. blakke 1 bleik, falma: ein blakk farge 2 bleik gulbrun el. gråbrun: ei blakk hoppe

NN_hoveddel_justert_test.indd 96

blakk

05/01/2021 16:53


blakke 3 utan pengar; pengelens: arvelaus og blakk etter familiekrangel blakke v blakkar, blakka, blakka 1 å blakke er å gjere uklar: karbondioksid blakkar kalkvatn 2 å blakke er å gjere blakk, pengelaus: blakke seg; blakke nokon for pengar blanda adj n. blanda fl. blanda samansett av ulike delar: ein blanda salat; ei blanda glede ■ blanda ekteskap ekteskap mellom personar frå ulike land el. trussamfunn ■ blanda kor (mus.) songkor med både kvinner og menn ■ blanda tal (matem.) tal samansett av eit heilt tal og ein brøk Ñblande v blandar, blanda, blanda 1 å blande er å røre, setje saman ulike delar til ein ny heilskap: blande saft og vatn; blande gult og blått til grønt 2 å blande er å forveksle: blande draum og røyndom; blande saman dei to boybanda; det er lett å blande religion og politikk ■ blande korta (overf.) skape forvirring ■ blande seg bort i/inn i/opp i (refl.) bry seg med noko ein ikkje har noko med blanding f blandinga fl. blandingar, blandingane 1 blanding er det å blande: blanding av betong 2 ei blanding er noko som er samansett av ulike delar: ei fin blanding av teori og praksis blandingsforhold n blandingsforholdet fl. blandingsforhold, blandingsforholda eit blandingsforhold er eit forhold mellom to el. fleire emne i ei blanding: kjenne blandingsforholdet mellom sand og stein i betong; blandingsforholdet mellom konflikt og konsensus i samfunnet blank1 m blanken fl. blankar, blankane (språkv.) (ein) blank er eit teikn for mellomrom blank2 adj n. blankt fl. blanke 1 klar, lys: ei blank væske; ein blank himmel 2 med glatt, skinande overflate: blankt sølvtøy; vere blank på nasen 3 (òg som adv., overf.) tydeleg: ei blank løgn; han nekta blankt 4 (om ark, papir) utan skrift el. teikningar: ei blank side; ein blank røystesetel 5 (om person) utan kunnskapar: han var heilt blank i fysikk ■ bli blank i auga vere på nippet til å gråte blankett m blanketten fl. blankettar, blankettane ein blankett er eit trykt el. elektronisk skjema til utfylling: fylle ut blanketten på nett blanko adv (økon.) ikkje utfylt (jf. in blanko)

NN_hoveddel_justert_test.indd 97

97

bleikje

blankofullmakt f blankofullmakta fl. blankofullmakter, blankofullmaktene (jur., økon.) ei blankofullmakt er ei uinnskrenka fullmakt Ñblant prep mellom (jf. iblant): blant anna; ho er blant dei beste; kome ut blant folk blasert adj n. blasert fl. blaserte som ikkje lèt seg begeistre el. imponere; likeglad: ein blasert tilskodar; suksessen gjer meg blasert blasfemi m blasfemien blasfemi er det å håne, spotte noko som er heilagt blasfemisk adj n. blasfemisk fl. blasfemiske som hånar, spottar noko som er heilagt: eit blasfemisk uttrykk blass adj n. blast fl. blasse bleik, fargelaus: ein blass hårfarge; vere blass i huda blaut adj n. blautt fl. blaute 1 fuktig, våt: ei blaut trøye; bli blaut på beina 2 som lett gjev etter for trykk; mjuk: ei blaut dyne; eit blautt materiale; blaute og harde pakker; mots. hard 3 sløv, tåpeleg: ein blaut vits; han er blaut på pæra 4 svak, veik: vere blaut om hjartet 5 (språkv., om konsonant) som er stemd ■ blautt vatn (kjemi) kalkfattig vatn ■ den blaute kyststripa (språkv.) dialektområdet på Sørlandet (med blaute konsonantar) blauthjarta adj n. blauthjarta fl. blauthjarta 1 kjenslevar, sentimental: eg har alltid vore blauthjarta og føler med dyr som har det vondt 2 som lett gjev etter for andre sine krav og meiningar; ettergjevande: ein blauthjarta pappa som alltid seier ja blautkake f blautkaka fl. blautkaker, blautkakene (mat.) ei blautkake er ei lagdelt kake med krem og anna fyll: lage ei blautkake til bursdagsselskapet blazer [ble(i)ser] m blazeren fl. blazerar, blazerane el. bleser m bleseren fl. bleserar, bleserane ein blazer er ei lett sommarjakke: gå i blå blazer og jeans bleie f bleia fl. bleier, bleiene ei bleie er eit absorberande papir- el. tøystykke til underkroppen, som syg opp urin og avføring: skifte bleie på babyen bleik adj n. bleikt fl. bleike 1 med lite farge: bleik gul; bleik som eit lik; bli bleik i andletet 2 (overf.) utan kraft: det var ein bleik innsats; ho leverte eit bleikt smil bleikje1 f bleikja fl. bleikjer, bleikjene (zool., dial.) bleikje er ei nemning på ulike fiskeslag, særl. dverglaks, kviting og aure

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bleikje

98

bleikje2 v bleikjer, bleikte, bleikt el. bleike v bleiker, bleikte, bleikt å bleikje er å gjere lysare i fargen: bleikje tøy; håret var bleikt av sola blekk n blekket fl. blekk, blekka 1 eit blekk er ei svart (el. farga) væske til å skrive el. teikne med: penn og blekk 2 (zool.) eit blekk er eit svart sekret frå ein blekksprut blekkje f blekkja fl. blekkjer, blekkjene 1 (slang) ei blekkje er eit lite blad el. eit lite hefte 2 (slang, òg spøk.) ei blekkje er ei lita (og ubetydeleg) avis blekkslagar m blekkslagaren fl. blekkslagarar, blekkslagarane ein blekkslagar er ein handverkar som arbeider med tynne blekkplater blekksprut m blekkspruten fl. blekksprutar, blekksprutane (zool.) ein blekksprut er eit blautdyr som har fangarmar med sugeskåler: blekkspruten har fått namnet sitt frå den blekkliknande væska som han skil ut blemme f blemma fl. blemmer, blemmene 1 (med.) ei blemme er ei væskefylt blære i hud el. slimhinne: blemmer og gnagsår; vassblemme 2 ei blemme er ei luftboble: det var blemmer i tapetet 3 (overf.) ei blemme er ein bommert, tabbe: det var ei blemme å gløyme mobilen blendar1 m blendaren fl. blendarar, blendarane ein blendar er ei plate i eit kamera, mikroskop e.l. med regulerbar lysopning blendar2 m blendaren fl. blendarar, blendarane ein blendar er eit kjøkkenapparat til å blande el. mose ulike (våte) ingrediensar i: med ein blendar kan du lage smoothie og milkshake heime blende v blendar, blenda, blenda 1 å blende er å påverke synsevna negativt pga. sterk lyspåverknad: eg vart blenda av sola 2 (overf.) å blende er å fortrylle, imponere: bli blenda av smilet hans 3 å blende er å dempe el. dekkje til ei lyskjelde: du må blende billyset i møte med ein annan bil blending f blendinga fl. blendingar, blendingane blending er det å blende el. det å bli blenda blendverk n blendverket eit blendverk er ei falsk førestilling; illusjon: alt var berre sjølvbedrag og blendverk blenkje v blenkjer, blenkte, blenkt el. blenke v blenker, blenkte, blenkt 1 (òg overf.) å blenkje er å skine, stråle: sola blenkte; soloartisten blenkte 2 å blenkje er å gjere blank(are) ■ blenkje opp pusse opp

bles n bleset fl. bles, blesa eit bles er ei lys stripe i panna på eit dyr (særl. ein hest) bleser m bleseren fl. bleserar, bleserane → blazer blest m blesten fl. blestar, blestane 1 (meteorol.) ein blest er ein blåst, eit vindpust 2 blest blir òg brukt om omtale, publisitet: skape blest om noko Ñbli v blir, vart, vorte el. bli v blir, blei, blitt 1 å bli er å halde fram med å vere: la bli; bli heime; bli der du er; kvar blir det av deg?; du er og blir den same 2 å bli er å gå over til å vere: bli vaksen; bli professor; det blir litt dyrt; bli eit nytt og betre menneske; det vart etter kvart ei stor oppleving 3 å bli er å vere nødvendig: det blir å slå opp 4 brukt som hjelpeverb i uttrykk for passiv: bli gripen av panikk; det blir sagt at ho slutta blid adj n. blidt fl. blide (òg som adv.) mild, vennleg: blid og glad; ei blid stemme; det sat ein blid person bak skranken; ho strauk han blidt over kinnet ■ sjå på med blide auge (overf.) like blidgjere v blidgjer, blidgjorde, blidgjort å blidgjere er å gjere blid el. få i godt humør: prøve å blidgjere ein rasande person Ñblikk n blikket fl. blikk, blikka 1 eit blikk er eit glimt, augnekast: eit beundrande blikk; han vart fjern i blikket; ho kasta eit blikk på boka 2 eit blikk er ei forståing, ein sans for (noko): ha eit blikk for møblering; ha eit skarpt blikk for språklege feil ■ senke blikket sjå ned av frykt el. skam blikkfang n blikkfanget fl. blikkfang, blikkfanga eit blikkfang er noko(n) som fangar blikket, merksemda: plakaten var eit blikkfang; dama var eit blikkfang blikking f blikkinga fl. blikkingar, blikkingane (slang) blikking er det å sjå på nokon med eit intenst og stygt blikk: blikking er eit problem i skulen blikstill adj n. blikstilt fl. blikstille (òg som adv.) fullstendig, heilt stille: eit blikkstilt vatn; gå blikkstilt Ñblind adj n. blindt fl. blinde 1 (med., òg neds.) som er synshemja: ein blind person; ho er blind på det eine auget; fargeblind 2 (som subst., òg neds.) person som er synshemja: døve og blinde 3 (overf.) som ikkje kan el. vil (inn)sjå noko: ho var blind for eigne feil 4 (òg som adv., overf.) kritikklaus, tankelaus: blind lydnad; eit blindt raseri; kjærleik gjer blind; kaste seg blindt inn i kampen

NN_hoveddel_justert_test.indd 98

blind

05/01/2021 16:53


blinde

99

5 (særl. i samansetjingar) som ikkje fører noko stad; blindspor, blindveg ■ blind alarm falsk alarm ■ blind flekk 1 (med.) stad der synsnerven går inn i auget og der synsbiletet ikkje kan oppfattast 2 (overf.) manglande evne til å sjå visse problem, vanskar ■ blind høne finn òg korn (ordt.) sjølv den som ikkje har store føresetnader, kan med litt hell løyse eit problem el. ei oppgåve ■ sjå seg blind på noko (overf.) konsentrere seg så mykje om noko at ein mistar overblikket blinde1 f blinda blinde er det å vere blind; blindskap ■ i blinde utan å kunne sjå: rote rundt i blinde blinde2 v blindar, blinda, blinda å blinde er å gjere (meir el. mindre) blind: sola blinda meg; fangen vart blinda som straff blindebukk m blindebukken fl. blindebukkar, blindebukkane 1 (spel) blindebukk er ein leik der ein person får bind for auga og skal fange dei andre som er med i leiken: leike blindebukk 2 (spel) ein blindebukk er ein person som får bind for auga i leiken blindebukk blindeskrift f blindeskrifta (språkv.) ei blindeskrift er ei skrift med opphøgde punkt som kan lesast med fingertuppane; punktskrift, braille blindgate f blindgata fl. blindgater, blindgatene (òg overf.) ei blindgate er ein blindveg: det stod ein einebustad i enden av blindgata; forhandlingane kom inn i ei blindgate blindsone f blindsona fl. blindsoner, blindsonene ei blindsone er eit område rundt eit fartøy el. køyretøy som føraren ikkje kan sjå (utan hjelp) blindspor n blindsporet fl. blindspor, blindspora (òg overf.) eit blindspor er eit spor som ikkje fører nokon plass: toget køyrde inn på eit blindspor; politiet var på blindspor blindtarm m blindtarmen fl. blindtarmar, blindtarmane 1 (særl. i bf. eintal, anat., med.) blindtarmen er ein del av tjukktarmen som endar blindt 2 (overf.) ein blindtarm er noko som endar blindt blindtarmsbetennelse m blindtarmsbetennelsen fl. blindtarmsbetennelsar, blindtarmsbetennelsane el. blindtarmbetennelse m blindtarmbetennelsen fl. blindtarmbetennelsar, blindtarmbetennelsane (med.) ein blindtarmsbetennelse er ein betennelse i blindtarmsvedhenget

blindtest m blindtesten fl. blindtestar, blindtestane ein blindtest er ein test (særl. av mat- el. drikkevarer) gjord i blinde blindveg m blindvegen fl. blindvegar, blindvegane 1 ein blindveg er ein veg som er stengd i den eine enden; blindgate 2 (overf.) ein blindveg er eit arbeid som ikkje fører til noko; blindgate: sanksjonar er ein blindveg som ikkje hjelper nokon blings m blingsen fl. blingsar, blingsane (mat.) ein blings er ei tjukk (trekanta) brødskive med masse godt pålegg blingse v blingsar, blingsa, blingsa 1 å blingse er å skjegle 2 (overf.) å blingse er å sjå feil: nei, no har eg blingsa igjen! blink m blinken fl. blinkar, blinkane 1 (òg overf.) ein blink er ei plutseleg, kortvarig utstråling av lys; glimt: blink frå ei fyrlykt; ein lur blink i auget 2 ein blink er ei lita stund; augneblink: i ein blink var ho vekke blinke v blinkar, blinka, blinka å blinke er å gje korte lysblinkar: det blinka ute på sjøen blinklys n blinklyset fl. blinklys, blinklysa el. blinkljos n blinkljoset fl. blinkljos, blinkljosa eit blinklys er eit signallys (på ein bil e.l.) som lyser i blink blits m blitsen fl. blitsar, blitsane 1 ein blits er (ei lampe med) eit kortvarig, sterkt lys til fotografering: fotografere med blits; bli blenda av blitsen 2 (mil., i eldre tid) ein blits var eit intenst luftangrep (under den andre verdskrigen) blitse v blitsar, blitsa, blitsa å blitse er å fotografere med blits: eg heldt kameraet oppe og blitsa det eg kunne Ñblod n blodet 1 (anat., med.) blod er ei raud væske som sirkulerer gjennom årene: størkna blod; han mista mykje blod; ho har blod i urinen 2 (overf.) blod blir òg brukt om livskraft: setje blodet i brann; slå kaldt vatn i blodet på nokon 3 blod er (eit sete for) medfødde eigenskapar el. evner: ho er av blått blod; ha spansk blod i årene; kunstnarblod ■ blod er tjukkare enn vatn (ordt.) den ein er i slekt med, vil alltid gå føre andre ■ få blod på tann (overf.) få lyst til å halde fram ■ ha blod på hendene (overf.) ha utført fæle og blodige handlingar ■ koste blod, sveitte og tårer (overf.) krevje hardt arbeid ■ med kaldt blod (overf.) roleg og med overlegg ■ vondt blod (overf.) fiendskap

NN_hoveddel_justert_test.indd 99

blod

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


blodappelsin blodappelsin m blodappelsinen fl. blodappelsinar, blodappelsinane (bot.) ein blodappelsin er ei rund, oransje sitrusfrukt med raudt fruktkjøt; raud appelsin bloddrope m bloddropen fl. bloddropar, bloddropane (med.) ein bloddrope er ein drope av blod frå eit menneske el. dyr blodforgifting f blodforgiftinga (med.) blodforgifting er ein sjukdomstilstand der bakteriar kjem over i blodet og blir spreidde til heile kroppen blodgjevar m blodgjevaren fl. blodgjevarar, blodgjevarane el. blodgivar m blodgivaren fl. blodgivarar, blodgivarane (med.) ein blodgjevar er ein person som gjev blod: stille strenge krav til blodgjevarar blodig adj n. blodig fl. blodige 1 med mykje blod: eit blodig sår; ein blodig krig; ei blodig forteljing 2 (òg som adv.) forferdeleg, fæl: ein blodig urett; ta blodig hemn; vere blodig fornærma blodkar n blodkaret fl. blodkar, blodkara (med.) eit blodkar er ei blodåre blodlekam m blodlekamen fl. blodlekamar, blodlekamane (med.) ein blodlekam er ei blodcelle blodomløp n blodomløpet fl. blodomløp, blodomløpa el. blodomlaup n blodomlaupet fl. blodomlaup, blodomlaupa (særl. i bf. eintal, med.) blodomløpet er det krinsløpet blodet gjer i kroppen blodplasma n blodplasmaet fl. blodplasma, blodplasmaa (med.) blodplasma er det som blir att av blodet når ein fjernar blodcellene blodpropp m blodproppen fl. blodproppar, blodproppane (med.) ein blodpropp er ein klump av koagulert blod i ei blodåre; trombe: blodpropp kan vere livsfarleg blodskam f blodskamma (jur.) blodskam er seksuell omgang mellom personar som er så nærskylde at dei ikkje kan gifte seg; incest blodsukker n blodsukkeret (med.) blodsukker er glukose i blodet blodtrykk n blodtrykket (med.) eit blodtrykk er eit trykk av blod mot blodåreveggene: måle blodtrykket; for høgt blodtrykk kan vere farleg blodtype m blodtypen fl. blodtypar, blodtypane (med.) ein blodtype er ein type blod karakterisert etter antigena i dei raude blodlekamane: vi skil mellom blodtypane A, B, AB og 0 blodåre f blodåra fl. blodårer, blodårene el. blodår f blodåra fl. blodårer, blodårene (med.) ei blodåre er ein (meir el. mindre stor) kanal som fører

NN_hoveddel_justert_test.indd 100

100

blokkere

blod gjennom kroppen; blodkar: kutte ei blodåre blogg [blågg] m bloggen fl. bloggar, bloggane (ikt) ein blogg er ei nettside der ein person fører ei form for dagbok som blir oppdatert jamleg, ofte med kommentarar og lenkjer til andre sider: skrive blogg om mat bloggar m bloggaren fl. bloggarar, bloggarane ein bloggar er ein person som har el. bidrar til ein blogg på internett: ho var ein svært populær bloggar blogge v bloggar, blogga, blogga å blogge er å skrive blogg(innlegg) på internett: ho bloggar om mat blokade m blokaden fl. blokadar, blokadane 1 (mil.) ein blokade er ei avsperring av ei hamn el. ein kyst med krigsskip 2 ein blokade er ei blokkering av ein vare- og tenestetilførsel 3 ein blokade er ei blokkering av ein arbeidsplass for å hindre at eit bestemt arbeid blir utført Ñblokk f blokka fl. blokker, blokkene 1 ei blokk er eit stort (firkanta) stykke av solid materiale; marmorblokk, steinblokk 2 (arkit.) ei blokk er eit betonghus el. murhus med leilegheiter over fleire etasjar: bu i blokk; bustadblokk, høgblokk 3 ei blokk er eit oljeboringsområde til havs: blokker i Nordsjøen 4 ei blokk er ein bunke med teikne- el. skriveark festa el. limt saman i den eine enden; kladdeblokk, skriveblokk, teikneblokk 5 ei blokk er ei samanslutning av grupper, parti el. statar: auststatane utgjorde ei politisk blokk 6 ei blokk er ein einskapleg del av eit program, ei sending: reklameinnslaga kjem i blokker ■ leggje hovudet på blokka (overf.) garantere for noko blokkbokstav m blokkbokstaven fl. blokkbokstavar, blokkbokstavane ein blokkbokstav er ein bokstav i blokkskrift: bruke blokkbokstavar når du fyller ut eit skjema blokke v blokkar, blokka, blokka å blokke er å stengje noko(n) ute: blokke nokon frå nettsida; bli blokka frå chatten blokkebær n blokkebæret fl. blokkebær, blokkebæra (bot.) (eit) blokkebær er (eit lyseblått bær av) ein busk i lyngfamilien; mikkelsbær, skinntryte blokkere v blokkerer, blokkerte, blokkert 1 å blokkere er å hindre, sperre: spelaren vart blokkert; vegen vart blokkert av ein trailer

05/01/2021 16:53


blokkering 2 å blokkere er å gjennomføre blokade: britane svara med å blokkere alle hamnene blokkering f blokkeringa fl. blokkeringar, blokkeringane 1 blokkering er det å blokkere: blokkering av vegen 2 ei blokkering er ei hindring, sperring 3 (psykol.) ei blokkering er ei (umedviten) fortrenging av kjensler og førestillingar blokkfløyte f blokkfløyta fl. blokkfløyter, blokkfløytene (mus.) ei blokkfløyte er ei langfløyte av plast el. tre med åtte (el. fleire) fingerhol 1 Ñblome m blomen fl. blomar, blomane el. blom m blomen fl. blomar, blomane 1 (bot.) ein blome er ein del av ei plante: rot, stengel, blad og blomar 2 (bot.) ein blome er ei plante som blomstrar: plukke blomar; pynte med blomar 3 ein blome er ein gjenstand el. eit symbol i form av ein stilisert blome (i bet. 2): teikne ein blome 4 (bot.) blome blir òg brukt om flor, blomstring blome2 v blomar, bloma, bloma 1 (bot.) å blome er å stå med utsprotne blomar 2 (overf.) å blome er å utfalde seg el. trivast blomkarse m blomkarsen fl. blomkarsar, blomkarsane (bot.) ein blomkarse er ei eittårig klatreplante i blomkarsefamilien med gule, oransje el. raude blomar blomkål m blomkålen fl. blomkålar, blomkålane (bot.) ein blomkål er ei kålplante med ein kompakt, kvit blome blomster m blomsteren fl. blomstrar, blomstrane 1 (bot.) ein blomster er ein del av ei plante: rot, stengel, blad og blomster 2 (bot.) ein blomster er ei plante som blomstrar: plukke blomstrar; pynte med blomstrar 3 ein blomster er ein gjenstand el. eit symbol i form av ein stilisert blomster (i bet. 2): teikne ein blomster 4 (i ubf. eintal, bot.) blomster er flor, blomstring: kirsebærtrea stod i blomster blomstre v blomstrar, blomstra, blomstra 1 (bot.) å blomstre er å stå med utsprotne blomar: syrinane blomstrar 2 (overf.) å blomstre er å utfalde seg el. trivast: handelen blomstrar; ho blomstra då ho byrja å studere blomstrete adj n. blomstrete fl. blomstrete dekorert med blomster(figurar): eit blomstrete tapet

NN_hoveddel_justert_test.indd 101

101

blunke

blomstring f blomstringa (òg overf.) blomstring er det å blomstre: planta har kort blomstring; fleire elevar opplever ei blomstring på skulen blond adj n. blondt fl. blonde 1 (om hårfarge) ganske lys, klar: ein blond gut; ha blondt hår og blå auge 2 (neds.) dum, uklok blonde f blonda fl. blonder, blondene ei blonde er eit band med hekla mønster, brukt til pynt: duken var kantete med kvite blonder blondine f blondina fl. blondiner, blondinene ei blondine er ei kvinne med blondt hår: brunetter og blondiner blot n blotet fl. blot, blota el. blót n blótet fl. blót, blóta (relig., i norrøn tid) blot var ofring til gudane blote v blotar, blota, blota el. blóte v blótar, blóta, blóta (relig., i norrøn tid) å blote var å halde blot: blote til Odin blottar m blottaren fl. blottarar, blottarane (med., psykol.) ein blottar er ein person med sjukeleg trong til å vise fram kjønnsorgana: ho vart utsett for ein blottar blotte v blottar, blotta, blotta å blotte er å leggje berr el. naken: han blotta hovudet ■ blotte seg (refl.) vise fram kjønnsdelar: han skal ha blotta seg for ei kvinne ■ vere blotta for (overf.) mangle fullstendig: vere blotta for humor blottleggje v blottlegg, blottla, blottlagt el. blottlegge v blottlegg, blottla, blottlagt (òg overf.) å blottleggje er å avdekkje, avsløre: tiltaket går ut på å blottleggje mineraljord; det er ikkje naturleg for meg å blottleggje eigne tankar blues [blus] m bluesen fl. blues, bluesane (mus.) blues er ei melankolsk, ofte langsam, song- og musikkform med stor tyding for utviklinga av jazz og rock blund m blunden fl. blundar, blundane ein blund er ein kortvarig og lett søvn; lur: ta ein blund etter middag; høneblund blunde v blundar, blunda, blunda å blunde er å sove lett ei kort stund: blunde nokon minutt blunder m blunderen fl. blunderar, blunderane ein blunder ein grov feil; bommert, tabbe: spelaren gjorde ein blunder på midtbanen blunk m blunken fl. blunkar, blunkane blunk er det å blunke med eitt el. begge auga (ein enkelt gong): gje nokon ein blunk ■ på ein blunk (overf.) på ein augneblink blunke v blunkar, blunka, blunka 1 å blunke er å lukke og opne eitt el. begge auga raskt: han blunka uttrykksfullt til ho; ho fekk rusk i auget og måtte blunke fleire gonger

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bluse 2 (om lys) å blunke er å blinke: lyset blunka nokon gonger før straumen gjekk ■ utan å blunke (overf.) utan å nøle bluse m blusen fl. blusar, blusane ein bluse er eit skjorteliknande plagg for kvinner: skjørt og bluse bluss n blusset fl. bluss, blussa 1 eit bluss er ein flamme som lyser: eit bluss frå bålet; gassbluss 2 eit bluss er eit lys som ein kan signalisere med: sjå bluss kome frå skipet; nødbluss blusse v blussar, blussa, blussa 1 å blusse er å lue, lyse: elden blussa opp 2 (overf.) å blusse er å byrje på nytt el. bli kraftigare: håpet blussa opp; språkdebatten blussa opp bly n blyet fl. bly, blya 1 (kjemi) bly er eit blåkvitt, metallisk grunnstoff; symb. Pb 2 eit bly er ei kule av bly (i bet. 1) 3 eit bly er ein blyantstift blyant m blyanten fl. blyantar, blyantane ein blyant er ein skrive- og teiknereiskap med grafittstift: spisse blyanten; fargeblyant, tømmerblyant blyfri adj n. blyfritt fl. blyfrie utan bly: blyfri bensin blyg adj n. blygt fl. blyge som er sjenert, unnseleg: han er for blyg til å helse blygsam adj n. blygsamt fl. blygsame 1 som er el. lett blir blyg: ein blygsam gutunge 2 som ein kan bli blyg av: ei blygsam hending blygsel m blygselen el. blygsle f blygsla blygsel er det å blygjast blygskap m blygskapen blygskap er det å vere blyg el. det å blygjast blære1 f blæra fl. blærer, blærene 1 ei blære er ei boble, utposing fylt av luft el. væske: blærer i målinga; fjerne blærer frå tapetet 2 (anat.) ei blære er eit poseliknande organ; galleblære, symjeblære, urinblære 3 (overf.) ei blære er ein hoven, oppblåsen person: han er ei skikkeleg blære blære2 v blærar, blæra, blæra 1 (refl.) å blære seg er å danne blærer: målinga blærar seg i sola 2 (refl.) å blære seg er å vere hoven; skryte blærete adj n. blærete fl. blærete 1 full av blærer 2 (overf., om person) hoven, oppblåsen Ñblø v blør, blødde, blødd el. bløde v bløder, blødde, blødd 1 (med.) å blø er å miste blod: blø frå eit sår; blø naseblod; blø seg i hel; pasienten blødde frå hovudet

NN_hoveddel_justert_test.indd 102

102

blåleg

2 (overf.) å blø er å betale dyrt: få blø for det ein gjorde; skattebetalarane fekk blø 3 (overf.) å blø er å skilje ut farge el. væske: pennen blør; trestamma blør ■ med blødande hjarte (som adj. i pres. partisipp) med sorg: med blødande hjarte reiste ho frå barna sine blødar m blødaren fl. blødarar, blødarane (med.) ein blødar er ein person med ein sjukdom som gjer at ein blør lett bløde v bløder, blødde, blødd → blø bløding f blødinga fl. blødingar, blødingane bløding er det å blø: stanse blødinga; ha indre blødingar blødme f blødma fl. blødmer, blødmene ei blødme er ein dum, tåpeleg vits bløff m bløffen fl. bløffar, bløffane 1 ein bløff er eit forsøk på å lure nokon; svindel: norsk klimapolitikk er ein bløff; er alternativ behandling berre bløff? 2 (spel, i poker) bløff er eit uttrykk for høgt spel bløffe v bløffar, bløffa, bløffa å bløffe er å freiste å imponere el. lure andre utan å ha grunnlag for det: bløffe i poker; la seg bløffe av titlar og store ord bløyt subst brukt i uttrykka: ■ i bløyt i vatn, væske: leggje linsene i bløyt; du må leggje blusen i bløyt ■ leggje hovudet i bløyt (overf.) tenkje grundig over noko (for å finne ei løysing) bløyte f bløyta fl. bløyter, bløytene 1 ei bløyte er ei væske, væte 2 ei bløyte er ein gjennomvåt grunn Ñblå adj n. blått fl. blå 1 med farge som havet el. ein skyfri himmel: ha blå auge; ein blå genser; slå seg gul og blå 2 (polit.) politisk konservativ (jf. raud): ei blå regjering ■ blått auge (med.) skade etter slag i andletet som viser seg ved bløding under huda rundt auget ■ ut av det blå (overf.) ut av ingenting ■ ut i det blå (overf.) utan eit bestemt mål ■ vere i det blå (overf.) vere heilt usikkert blåbær n blåbæret fl. blåbær, blåbæra (bot.) (eit) blåbær er (eit blåsvart bær av) ein dvergbusk i lyngfamilien blåklokke f blåklokka fl. blåklokker, blåklokkene (bot.) ei blåklokke er ei fleirårig plante i klokkefamilien med blå, klokkeforma krone blåkval m blåkvalen fl. blåkvalar, blåkvalane (zool.) ein blåkval er ein blågrå bardekval, som er det største pattedyret i verda blåleg adj n. blåleg fl. blålege med eit strøk av blå farge: blåleg vatn

05/01/2021 16:53


blålys blålys n blålyset el. blåljos n blåljoset eit blålys er eit blått signallys på utrykkingskøyretøy: politiet rykte ut med blålys og sirene blåmerke n blåmerket fl. blåmerke, blåmerka (med.) eit blåmerke er eit blått merke i huda etter slag: ho fall på isen og fekk eit stort blåmerke på låret blåmåndag m blåmåndagen 1 ein blåmåndag er ein dag der ein ikkje kjenner seg opplagd (som følgje av festing, turing) 2 (særl. i bf. eintal, relig.) blåmåndagen er den første av dei tre siste dagane før fasta byrjar, etter fastelavnssøndag og før feitetysdag blåne1 m blånen fl. blånar, blånane (geogr.) ein blåne er eit fjell el. eit høgdedrag langt borte med eit blåleg skjær: bortanfor alle blånar blåne2 v blånar, blåna, blåna å blåne er å få el. ha eit blåleg skjær: fjella blånar i det fjerne blås m blåsen fl. blåsar, blåsane (særl. i eintal, slang) ein blås er ein røyk, sigarett: ta seg ein blås blåsar m blåsaren fl. blåsarar, blåsarane 1 (mus.) ein blåsar er ein person som spelar eit blåseinstrument 2 ein blåsar er ein handverkar som jobbar med glas; glasblåsar blåse1 f blåsa fl. blåser, blåsene 1 ei blåse er ei fløyte (på eit skip el. eit tog) 2 (sjø.) ei blåse er ei flyteblære på eit fiskegarn 2 Ñblåse v blæs, bles, blåse 1 (om vind) å blåse er å bli ført av vinden el. strøyme frå ein stad til ein annan (som vinden): blåse over ende; vinden bles håret hennar framover; det blæs frå sør 2 å blåse er å puste energisk og konsentrert: blåse ut eit lys; blåse opp ein ballong; blåse såpebobler 3 (mus.) å blåse er å spele på eit blåseinstrument: blåse på valthorn 4 (overf.) å blåse (i) er å vere likeglad med: det blæs eg i; blåse noko ein lang marsj ■ blåse av 1 slutte av (ved å blåse i ei fløyte) 2 (overf.) ikkje ta alvorleg ■ blåse nytt liv i (overf.) få i gang att blåseinstrument n blåseinstrumentet fl. blåseinstrument, blåseinstrumenta (mus.) eit blåseinstrument er eit musikkinstrument der ein får fram tonar ved å blåse luft gjennom instrumentet blåskjel n blåskjelet fl. blåskjel, blåskjela (zool.) eit blåskjel er ein musling med blått el. brunsvart skal, brukt som agn og mat blåst m blåsten fl. blåstar, blåstane 1 (meteorol.) ein blåst er ein sterk vind

NN_hoveddel_justert_test.indd 103

103

bobsleigh

2 ein blåst er ein vasstråle som ein kval sprutar ut blåtann subst blåtann er ein teknologi til trådlaus overføring av data; bluetooth blåveis m blåveisen fl. blåveisar, blåveisane 1 (bot.) ein blåveis er ein fleirårig markblome i soleiefamilien med blå blomar 2 (spøk.) ein blåmeis er eit blåmerke ved auget: få seg ein ordentleg blåveis blåøygd adj n. blåøygd fl. blåøygde 1 med blå auge: ei blåøygd jente 2 godtruande, naiv: ein blåøygd idealist B-menneske n B-mennesket fl. B-menneske, B-menneska el. b-menneske n b-mennesket fl. b-menneske, b-menneska eit B-menneske er ein person som er trøytt om morgonen og opplagd om kvelden; mots. A-menneske b-moll m b-mollen (mus.) b-moll er ei toneart med B som grunntone og ♭ for H, E, A, D og G BNP fork (økon.) forkorting for bruttonasjonalprodukt bnr. fork (jur.) forkorting for bruksnummer boa m boaen fl. boaer, boaene 1 (zool.) ein boa er ein stor og kraftig slange som drep byttet ved å kvele det 2 ein boa er ein lang, laus krage av fjører el. pels boarding [bårding] f boardinga fl. boardingar, boardingane boarding er det å gå om bord i eit fly; ombordstiging boardingkort [bårdingkort] n boardingkortet fl. boardingkort, boardingkorta eit boardingkort er ein billett ved ombordstiging i fly: skrive ut boardingkortet; ha boardingkortet på mobilen bob m boben fl. bobar, bobane (sport) bob er ei kortform av bobsleigh boble1 f bobla fl. bobler, boblene 1 ei boble er ei blære av gass, luft: sjampanje med bobler; såpeboble 2 ei boble er eit rundt tekstfelt i ein teikneserie el. i eit dokument som blir revidert 3 (økon.) ei boble er ein økonomisk situasjon el. utvikling som ikkje er haldbar i lengda: dei fryktar ei boble i bustadmarknaden boble2 v boblar, bobla, bobla 1 (om væske) å boble er å vere i rørsle (på grunn av varme): varme opp mjølka til ho boblar 2 (overf.) å boble er å vere begeistra, glad: ho bobla over av lykke bobsleigh [båbslei] m bobsleighen fl. bobsleighar, bobsleighane (sport) ein bobsleigh er ein tung, brei kjelke med ratt, til bruk i ein spesiell bane; bob

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


boccia boccia [båtsja] m bocciaen fl. bocciaer, bocciaene (spel) boccia er eit utandørs presisjonsspel med kuler Ñbod n bodet fl. bod, boda 1 (særl. i eldre tid) eit bod er ein beskjed, ei melding: dei fekk bod om kva som hadde hendt 2 eit bod er ein ordre, eit påbod: dei ti boda; det er harde bod 3 eit bod er eit tilbod (om kjøp): gje bod på eit hus 4 (særl. i samansetjingar) eit bod er ein person som kjem med aviser, dokument, varer e.l.; avisbod, postbod ■ sende bod etter få til å kome: sende bod etter ein lege bodega m bodegaen fl. bodegaer, bodegaene 1 (særl. i utlandet) ein bodega er ein mindre kafé: ta ein kaffi på den lokale bodegaen 2 (særl. i utlandet) ein bodega er ei (spansk) vinstove Ñbodskap m bodskapen fl. bodskapar, bodskapane 1 ein bodskap er ein beskjed, ei melding (om noko viktig): forstå bodskapen hans; ein bodskap om samhald; dødsbodskap 2 ein bodskap er eit meiningsinnhald, tankeinnhald: ein politisk bodskap; ein religiøs bodskap ■ den glade bodskapen (relig.) (jule)evangeliet body [båddi] m bodyen fl. bodyar, bodyane 1 ein body er eit klesplagg for kvinner, som liknar på ei badedrakt 2 ein body er eit klesplagg for spedbarn, med trøye og truse i eitt bodybuilding [båddibilding] subst (sport) bodybuilding er systematisk trening for å byggje opp og ut alle musklane i kroppen bodylotion [båddilåusjen] m bodylotionen fl. bodylotionar, bodylotionane ein bodylotion er ein fuktkrem for heile kroppen bodøværing m bodøværingen fl. bodøværingar, bodøværingane ein bodøværing er ein person som bur i el. kjem frå Bodø bog m bogen fl. bogar, bogane 1 ein bog er ein kant, ei side (av noko) 2 (mat.) ein bog er eit skulderstykke på eit slaktedyr boge m bogen fl. bogar, bogane 1 ein boge er ei krum linje; kurve; ellipseboge, sirkelboge 2 (arkit.) ein boge er ein krum bygningsdel: gå under bogen; rundboge, spissboge 3 ein boge er ein krum reiskap: pil og boge; kjøpe ein ny boge til fiolinen ■ spenne bogen for høgt (overf.) setje for høge mål

NN_hoveddel_justert_test.indd 104

104

bokføring

boggi m boggien fl. boggiar, boggiane 1 ein boggi er eit fleiraksla bakstell på lastebilar og tilhengjarar 2 ein boggi er eit fleiraksla og svingbart hjulunderstell på trikkar og tog bohem m bohemen fl. bohemar, bohemane 1 ein bohem er ein person som ikkje tar omsyn til konvensjonar og normer: han er kunstnar og bohem 2 ein bohem er ei gruppe av bohemar (i bet. 1): høyre til bohemen boikott m boikotten fl. boikottar, boikottane ein boikott er eit brot på eit samband el. eit samarbeid, brukt som politisk pressmiddel (etter godsforvaltaren C. Boycott): setje i verk boikott av varer frå eit land; landet har ikkje gjort noko som rettferdiggjer ein boikott boikotte v boikottar, boikotta, boikotta å boikotte er å bruke boikott (som politisk pressmiddel): norske utøvarar vil ikkje boikotte leikane; USA har boikotta Cuba Ñbok f boka fl. bøker, bøkene 1 ei bok er ei samling av trykte ark som er festa saman til ein heilskap el. som finst i elektronisk form: gje ut ei bok; lese ut boka; skrive ei bok; laste ned ei bok 2 ei bok er ein del av eit større bokverk: bøkene i Bibelen 3 ei bok er noko som liknar på ei bok (i bet. 1); lommebok 4 ei bok er ei samling hefta el. innbundne ark til å skrive el. teikne på; dagbok, kladdebok, møtebok 5 bok blir òg brukt som måleining for papirark ■ etter boka (overf.) slik det bør el. er forventa å vere ■ lese som ei open bok (i sml) sjå tvers igjennom bokbindar m bokbindaren fl. bokbindarar, bokbindarane (særl. i eldre tid) ein bokbindar er ein handverkar som bind inn bøker bokbuss m bokbussen fl. bokbussar, bokbussane ein bokbuss er ein buss som køyrer rundt med bøker til utlån: bokbussen køyrde innom skulen kvar tysdag bokfink m bokfinken fl. bokfinkar, bokfinkane (zool.) ein bokfink er ein finkefugl med to kvite vengeband, blågrå isse og brunraudt bryst bokføre v bokfører, bokførte, bokført (økon.) å bokføre er å føre noko inn i ein rekneskap: bokføre alle transaksjonar; han bokfører utbetalinga bokføring f bokføringa fl. bokføringar, bokføringane (økon.) bokføring er det å bokføre: dobbelt bokføring; bokføring handlar om å lage økonomisk oversyn

05/01/2021 16:53


bokhaldar bokhaldar m bokhaldaren fl. bokhaldarar, bokhaldarane (økon., forelda) bokhaldar er ei eldre nemning for rekneskapsførar bokhandel m bokhandelen fl. bokhandlar, bokhandlane ein bokhandel er ein butikk som sel trykte bøker bokhandlar m bokhandlaren fl. bokhandlarar, bokhandlarane ein bokhandlar er ein innehavar av (el. ein medarbeidar i) ein bokhandel bokkafé m bokkafeen fl. bokkafear, bokkafeane el. bokkafe m bokkafeen fl. bokkafear, bokkafeane ein bokkáfe er ein kafé der ein kan kjøpe og lese bøker og tidsskrift bokklubb m bokklubben fl. bokklubbar, bokklubbane ein bokklubb er ein klubb der medlemene kan kjøpe bøker til redusert pris mot å binde seg i eit visst tidsrom: forlaga har eigne bokklubbar bokkøl n bokkølet fl. bokkøl, bokkøla eit bokkøl er eit mørkt og maltrikt sterkøl bokleg adj n. bokleg fl. boklege som gjeld lesing og litteratur: bokleg lærdom Ñbokmål n bokmålet (berre i eintal, språkv.) bokmål er ein av to offisielle skriftspråkvariantar av norsk: bokmål og nynorsk ■ konservativt bokmål (språkv.) bokmål i riksmålsnær form ■ radikalt bokmål (språkv.) bokmål i nynorsknær form bokorm m bokormen fl. bokormar, bokormane (spøk.) ein bokorm er ein person med stor interesse for bøker Ñboks m boksen fl. boksar, boksane 1 ein boks er ein liten behaldar med sylindrisk form el. rette sider: leggje julepynten i ein boks; hermetikkboks, kakeboks 2 ein boks er eit lite (rom i eit) metallskap; bankboks, sikringsboks 3 ein boks er eit lite avlukke, rom; telefonboks, vitneboks 4 ein boks er (innhaldet i) ei firkanta ramme i ei tekst el. i eit tekstprogram; tekstboks ■ tenkje utanfor boksen (overf.) finne kreative el. utradisjonelle løysingar ■ vere i boks (overf.) vere i orden, sikra boksar1 m boksaren fl. boksarar, boksarane (sport) ein boksar er ein person som driv med boksing boksar2 m boksaren fl. boksarar, boksarane (zool.) ein boksar er ein kraftig kvit el. gulbrun hund med lite hovud, brei snute og underbit bokse v boksar, boksa, boksa (særl. sport) å bokse er å slå el. slåst med knyttnevane boksemat m boksematen boksemat er mat på boks; hermetikk

NN_hoveddel_justert_test.indd 105

105

bolle

boksering m bokseringen fl. bokseringar, bokseringane (sport) ein boksering er eit kvadratisk inngjerda område laga for boksekamp boksing f boksinga 1 boksing er det å slå el. slåst med knyttnevane 2 (sport) boksing er ei idrettsgrein der to motstandarar prøver å slå kvarandre ut med boksehanskar Ñbokstav m bokstaven fl. bokstavar, bokstavane 1 (språkv.) ein bokstav er eit skriftteikn som viser til ein el. fleire lydar i talespråket: alfabetet vårt har 29 bokstavar 2 ein bokstav er ein type: skrift i små bokstavar ■ etter bokstaven (overf.) etter ordlyden bokstaveleg adj n. bokstaveleg fl. bokstavelege el. bokstavleg adj n. bokstavleg fl. bokstavlege (òg som adv.) i den eigentlege, konkrete tydinga av ordet el. uttrykket: i bokstaveleg meining; ta noko bokstaveleg ■ bokstaveleg tala (som adv.) rett og slett: det kom bokstaveleg tala ingen på festen bokstavrim n bokstavrimet fl. bokstavrim, bokstavrima (littv.) eit bokstavrim er eit rim der trykksterke ord byrjar med same konsonant el. (u)lik vokal; allitterasjon, stavrim bol1 m bolen fl. bolar, bolane 1 (anat.) ein bol er ein kropp utan lemer; torso 2 (overf.) ein bol er ein genser e.l. utan erme: strikke ferdig bolen 3 (bot.) ein bol er ei trestamme utan greiner bol2 n bolet fl. bol, bola 1 eit bol er ein bustad for visse smådyr; vepsebol 2 (òg neds.) eit bol er ein samlingsstad el. ein tilhaldsstad for mange: du kan ikkje bu her i dette bolet bolero m boleroen fl. boleroar, boleroane 1 ein bolero er ein spansk dans i 3/4 el. 2/4 takt 2 ein bolero er ei kort, open jakke: kjole med bolero bolivianar m bolivianaren fl. bolivianarar, bolivianarane ein bolivianar er ein person som bur i el. kjem frå Bolivia boliviansk adj n. boliviansk fl. bolivianske som gjeld Bolivia el. bolivianarar bolk m bolken fl. bolkar, bolkane 1 ein bolk er ein del, eit stykke av noko større: den tredje bolken av boka; i neste bolk skal vi lære meir om dette 2 (forelda) bolk er ei eldre lengdeeining for snøre av hamp: 1 bolk er lik 90 meter bolle1 m bollen fl. bollar, bollane ein bolle er ei djup, rund skål: vispe krem i ein bolle bolle2 m bollen fl. bollar, bollane 1 (mat.) ein bolle er eit søtt bakverk forma som ein ball: bake bollar og kringler; kveitebolle, kanelbolle, rosinbolle

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bolsjevik 2 (særl. i samansetjingar, mat.) ein bolle er ein steikt klump med farse; fiskebolle, kjøtbolle, vegetarbolle ■ bli andre bollar (overf.) bli heilt annleis: frå no av blir det andre bollar bolsjevik m bolsjeviken fl. bolsjevikar, bolsjevikane (i eldre tid) ein bolsjevik var ein russisk revolusjonær: bolsjevikar og mensjevikar bolster n bolsteret fl. bolster, bolstera eit bolster er (eit tettvove stoff til) ei madrass bolt m bolten fl. boltar, boltane ein bolt er ei sylindrisk metallstong (med hovud og gjenge) brukt til å feste noko med: skru noko fast med boltar bolte v boltar, bolta, bolta å bolte er å feste med bolt: steinblokkene var bolta fast i fjellveggen boltre v boltrar, boltra, boltra (refl.) å boltre seg er å røre seg rundt på ein energisk måte el. få utfalde seg fritt: barna boltra seg i høyet; arkitekten fekk boltre seg fritt bolverk [el. utt bållverk] n bolverket fl. bolverk, bolverka 1 eit bolverk er ei samling med pålar langs breidda i eit elveløp, eit hamneanlegg e.l. for å hindre at grunnen glir ut: byggje eit bolverk mot havet 2 (overf.) eit bolverk er eit vern: demokratiet er eit bolverk mot råskap og overgrep 1 Ñbom m bommen fl. bommar, bommane 1 ein bom er ei sperre på tvers av ei (tog)linje el. ein veg: løfte opp bommen; senke bommen 2 (overf.) ein bom er ein stans: setje ein effektiv bom for noko 3 ein bom er ein stengjestokk på innsida av ei dør: setje bom for døra 4 (sport) ein bom er ei balansestong i gymnastikk og turn: gjere øvingar på bommen 5 (vev.) ein bom er ein oppviklingsvalse i ein vevstol; rennebom 6 (sjø.) ein bom er eit rundholt el. ei stong på ein båt; lastebom, lossebom bom2 m bommen fl. bommar, bommane (sport) ein bom er eit (ball)skot som ikkje treffer mål bom3 m bommen brukt i uttrykket: ■ gå på bommen gå og tigge bom4 adv (forsterk.) fullstendig, heilt: det vart bom stille bom5 interj brukt for å gje att lyd som av skot bombardement [bombardemang] n bombardementet fl. bombardement, bombardementa 1 (mil.) eit bombardement er ei uavbroten militær skyting: byen blir utsett for eit kraftig bombardement 2 (overf.) eit bombardement er ein uavbroten

NN_hoveddel_justert_test.indd 106

106

bomull

straum av informasjon, kritikk, spørsmål e.l.: eg vart utsett for eit sant bombardement av spørsmål bombardere v bombarderer, bombarderte, bombardert 1 (mil.) å bombardere er å angripe militært med uavbroten skyting: hæren vart bombardert frå bakken og frå lufta 2 (overf.) å bombardere er å utsetje nokon for ein straum av informasjon, kritikk el. spørsmål: bli bombardert med spørsmål 1 Ñbombe f bomba fl. bomber, bombene 1 (mil.) ei bombe er ein hol lekam fylt med sprengstoff el. anna øydeleggingsmiddel: det regna med bomber over byen; terroristane plasserte ei tidsinnstilt bombe på flyplassen; atombombe, brannbombe, stinkbombe 2 (overf.) ei bombe er noko som kjem el. verkar fullstendig overraskande: nyhendet slo ned som ei bombe; oddsbombe, prisbombe, sexbombe 3 ei bombe er ein rund fargeflekk på ein mønstrete tekstil: ein raud kjole med gule bomber bombe2 v bombar, bomba, bomba å bombe er å kaste el. skyte bomber mot noko(n): mange norske byar vart bomba i 1940 bomme1 f bomma fl. bommer, bommene ei bomme er ei oval el. rund øskje med lok; brødbomme, nistebomme bomme2 v bommar, bomma, bomma 1 å bomme er å ikkje treffe (målet): han bomma på fire av fem skot 2 (overf.) å bomme er å ta heilt feil: ho bomma på eksamensoppgåva bomme3 v bommar, bomma, bomma å bomme er å be om å få (låne) noko: bomme ein sigarett bommert m bommerten fl. bommertar, bommertane ein bommert er ei galen avgjerd el. handling; blunder, tabbe: gjere ein slem bommert bompengar m bf.fl. bompengane (berre i fleirtal, økon.) bompengar er pengar som ein må betale for å kunne køyre ei bestemd vegstrekning bomring m bomringen fl. bomringar, bomringane ein bomring er eit system av bomstasjonar ved innfartsvegar til eit (by)område boms m bomsen fl. bomsar, bomsane (slang) ein boms er ein person som bommar pengar bomstasjon m bomstasjonen fl. bomstasjonar, bomstasjonane ein bomstasjon er ein stasjon for betaling av bompengar bomull f bomulla 1 (bot.) bomull er ei plante i kattostfamilien med lange hår på frøkapslane: dyrke bomull

05/01/2021 16:53


bomveg 2 (bot.) bomull er hår av frø frå bomull (i bet. 1): plukke bomull 3 bomull er stoff av bomull (i bet. 2): tekstil av bomull bomveg m bomvegen fl. bomvegar, bomvegane ein bomveg er ein veg med ei avgift Ñbonde m bonden fl. bønder, bøndene 1 (jordbr.) ein bonde er ein person som lever av jordbruk, og som bur og arbeider på ein gard; gardbrukar 2 (spel) ein bonde er ei sjakkbrikke med låg verdi bondegard m bondegarden fl. bondegardar, bondegardane (jordbr.) ein bondegard er ein gard som ein bonde eig og driv bondsk adj n. bondsk fl. bondske (òg neds.) typisk for landsbygda: ein bondsk veremåte bone v bonar, bona, bona å bone er å polere ei flate med voks bong m bongen fl. bongar, bongane (særl. økon.) ein bong er ein liten kvitterings- el. pengetilvisingslapp bonus m bonusen fl. bonusar, bonusane 1 (økon.) ein bonus er ei ekstra utbetaling: dei tilsette hadde krav på bonus 2 (økon.) ein bonus er ein (forsikrings)rabatt: du får bonus etter skadefrie år; kortet gjev deg bonus på alle kjøp 3 (overf.) ein bonus er eit uventa godt resultat el. utbytte: ho slanka seg mange kilo, og bonusen var betre helse bonusbarn n bonusbarnet fl. bonusbarn, bonusbarna (òg spøk.) eit bonusbarn er eit stebarn: ho har to barn sjølv og eitt bonusbarn booke [bokke el. bukke] v bookar, booka, booka å booke er å bestille, tinge: det er greiast å booke billettane på nettet booking [bokking el. bukking] f bookinga fl. bookingar, bookingane 1 booking er det å bestille, booke noko 2 ei booking er ein (nett)stad der ein kan gjere bestillingar boom m boomen fl. boomar, boomane (økon.) ein boom er ein plutseleg og sterk pris- el. kursoppgang: ein boom i bustadmarknaden booste [buste] v boostar, boosta, boosta å booste er å forbetre el. forsterke noko kraftig: booste sjølvtilliten bor m boren fl. borar, borane ein bor er eit verktøy med spiraljern til å lage hol med: elektrisk bor boraks m boraksen (kjemi) boraks er eit viktig borat som m.a. blir brukt til framstilling av emaljar bord1 [bård] m borden fl. bordar, bordane el. borde f borda fl. border, bordene ein bord er

NN_hoveddel_justert_test.indd 107

107

borgar

ein kant el. ei stripe som dekorasjon på noko: brodere ein bord 2 Ñbord n bordet fl. bord, borda 1 eit bord er eit møbel med fire bein og ei vassrett plate til å sitje ved: bord og stolar; dekkje bordet; no er det mat på bordet 2 eit bord er eit bord (i bet. 1) på ein restaurant: tinge eit bord 3 eit bord er eit langt, skore el. høvla trestykke med større lengd enn breidd: borda i golvet 4 (sjø.) bord blir òg brukt om (ein langsgåande planke i ) ei skipsside: gå om bord i båten; mann over bord; babord, styrbord ■ betale under bordet (overf.) betale i det skjulte ■ bordet fangar 1 (spel) utspela kort må liggje 2 (overf.) det som er sagt el. gjort, kan ikkje trekkjast tilbake el. endrast ■ gjere reint bord 1 (spel) vinne alt som er å vinne 2 (overf.) få orden på tinga slik at ein kan byrje på nytt ■ kaste over bord (overf.) kvitte seg med ■ leggje korta på bordet (overf.) fortelje noko som hittil har vore skjult ■ slå i bordet (overf.) seie klart ifrå borde [bore] v bordar, borda, borda (sjø.) å borde er å leggje eit fartøy inntil eit anna og gå om bord i det; entre bordell n bordellet fl. bordell, bordella eit bordell er ein stad der ein kan kjøpe seksuelle tenester bordtennis m bordtennisen (sport) bordtennis er eit raskt ballspel på bord, med gummikledd racket og hol plastball bore v borar, bora, bora 1 å bore er å lage el. utvide eit hol med bor: bore i ei tann; bore etter olje; bore hol i veggen 2 (òg overf.) å bore er å presse el. trengje inn i noko(n): bore andletet i puta; glasbrotet bora seg inn i foten; bore auga i nokon borefartøy n borefartøyet fl. borefartøy, borefartøya eit borefartøy er ei flyttbar plattform el. eit flyttbart skip som blir brukt ved boring etter olje og gass boreplattform f boreplattforma fl. boreplattformer, boreplattformene ei boreplattform er ei plattform (til havs) med borerigg borerigg m boreriggen fl. boreriggar, boreriggane ein borerigg er eit maskineri, utstyr til å bore etter olje el. gass med borg f borga fl. borger, borgene (arkit.) ei borg er eit eldre festningsverk med tårn og ringmur Ñborgar m borgaren fl. borgarar, borgarane 1 ein borgar er ein statsborgar: norske borgarar har røysterett

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


borgarbrev 2 ein borgar er ein person av ei velståande samfunnsklasse 3 borgar er ei eldre nemning for bybuar: borgarane i Oslo borgarbrev n borgarbrevet fl. borgarbrev, borgarbreva (jur.) eit borgarbrev er eit dokument som stadfestar at nokon har statsborgarskap borgarkrig m borgarkrigen fl. borgarkrigar, borgarkrigane (mil., polit.) ein borgarkrig er ein krig mellom ulike grupperingar i same land; innbyrdeskrig: det er kaos i landet og fare for borgarkrig borgarleg adj n. borgarleg fl. borgarlege 1 som ikkje er adeleg el. kongeleg 2 sivil: borgarleg strafferett 3 som følgjer med det å vere borgar i ein stat: borgarlege rettar 4 som byggjer på konservativ el. liberal ideologi: borgarlege parti 5 som er prega av ein konvensjonell levemåte og tankegang: borgarleg moral; borgarleg tilvære 6 ikkje-religiøs: borgarleg konfirmasjon borgarlønn f borgarlønna el. borgarløn f borgarløna (økon.) ei borgarlønn er eit økonomisk tilskot som alle borgarar i eit land får uavhengig av sosial status: Finland vil teste ut borgarlønn borgarmeister m borgarmeisteren fl. borgarmeistrar, borgarmeistrane 1 (polit., forelda) borgarmeister er ei eldre nemning for rådmann 2 (polit., i utlandet) ein borgarmeister er ein administrativ sjef i ein by borgarplikt f borgarplikta fl. borgarplikter, borgarpliktene (jur.) ei borgarplikt er ei plikt som følgjer med det å vere borgar i ein stat ■ gjere borgarplikta si røyste ved val borgarrett m borgarretten fl. borgarrettar, borgarrettane (jur.) ein borgarrett er ein rett som følgjer med det å vere ein borgar i ein stat borgarskap n borgarskapet 1 borgarskap er det å vere borgar i ein by, stat 2 (i bf. eintal, i eldre tid) borgarskapet var ei klasse av byborgarar (særl. handverkar- og forretningsstanden) borge v borgar, borga, borga å borge er å garantere, stå inne for: namnet borgar for kvaliteten; eg kan ikkje borge for resultatet bork m borken 1 (bot.) bork er eit ytterlag på greiner og trestammer 2 (særl. i samansetjingar) bork er eit ytterlag på noko (særl. organ); hjernebork, nyrebork

NN_hoveddel_justert_test.indd 108

bortebuarstipend

108

■ mellom borken og veden (overf.) mellom to

ulike synspunkt borkbille f borkbilla fl. borkbiller, borkbillene (zool.) ei borkbille er ei bille som lever under borken el. i veden på eit tre borre m borren fl. borrar, borrane (bot.) ein borre er ei plante i korgplantefamilien med runde, raude frukter som lett hektar seg fast i dyr og menneske som går forbi borrelås m borrelåsen fl. borrelåsar, borrelåsane ein borrelås er ein lukkemekanisme som består av to band som hektar seg fast til kvarandre: sko med borrelås Ñbort adv 1 frå ein stad (der noko el. nokon er) til ein annan stad (lenger unna): gå bort dit; reise langt bort; snu blikket bort 2 (òg overf.) ute av syne; vekk: gje bort; gå seg bort; gifte dottera bort; fargen går bort etter kvart; visne bort; prosjektet smuldra bort ■ falle bort (overf.) ikkje gjelde meir ■ gå bort (overf.) døy ■ kaste bort (overf.) sløse bort/borte Av desse to adverba blir det eine (bort) brukt ved rørsleverb og viser til at rørsla skjer «til staden», det andre (borte) ved tilstandsverb med tydinga «på staden». Bort: Eg gjekk bort til huset. Borte: Per står der borte. bortanfor prep (òg som adv.) på den andre sida (av): bortanfor alle fjell og blånar bortanfrå prep frå ein stad på den andre sida av el. lenger unna noko bortanom prep bortanfor: bortanom huset Ñborte adv 1 på ein annan (meir el. mindre fjern) stad: han sit der borte; borte bra, men heime best 2 ikkje til stades; forsvunnen: bli borte på sjøen; brillene mine er borte; vere borte frå jobben ■ ikkje vere borte (overf.) ikkje vere udugeleg bortebane m bortebanen fl. bortebanar, bortebanane (sport) ein bortebane er ein bane som tilhøyrer motstandaren: laget tok tre viktige poeng på bortebane; mots. heimebane bortebuarstipend n bortebuarstipendet fl. bortebuarstipend, bortebuarstipenda (økon.) eit bortebuarstipend er eit stipend som elevar som må bu borte frå foreldra sine under vidaregåande utdanning, får

05/01/2021 16:53


bortetter bortetter prep (òg som adv.) bortover, (langs)etter: prestekragane stod tett i tett bortetter gjerdet; rulle bortetter ■ og så bortetter med meir; og så vidare; fork. osb. bortforklare v bortforklarar, bortforklara, bortforklara el. bortforklåre v bortforklårar, bortforklåra, bortforklåra å bortforklare er å bagatellisere el. unnskylde noko: han prøvde å bortforklare tabben han hadde gjort borti prep 1 (òg som adv.) i kontakt med: han har vore borti litt av kvart; kome borti strykejernet og brenne seg; det er det verste eg har vore borti 2 borte i: langt borti skogen ■ leggje seg borti blande seg inn i bortimot adv nesten: dei er bortimot like bortmed prep borte attmed: vente bortmed bilen bortover prep (òg som adv.) bort over; bortetter: gå bortover vegen; hald fram bortover bortre adj (opph. komparativ av bort, borte) lenger bort: på bortre langside bortreist adj n. bortreist fl. bortreiste 1 som har reist bort: ein bortreist familie; han var bortreist då huset tok fyr 2 (overf.) ukonsentrert, utanfor: eit bortreist blikk; han sat med mobilen og var heilt bortreist bortskjemd adj n. bortskjemt fl. bortskjemde som er skjemd bort: ein bortskjemd unge borvinde f borvinda fl. borvinder, borvindene ei borvinde er ein handreiskap til å dreie rundt ein bor med bos n boset → boss 2 bosniar m bosniaren fl. bosniarar, bosniarane ein bosniar er ein person som bur i el. kjem frå Bosnia-Hercegovina bosnisk adj n. bosnisk fl. bosniske som gjeld Bosnia-Hercegovina el. bosniarar boss1 m bossen fl. bossar, bossane (slang) ein boss er ein sjef boss2 n bosset el. bos n boset boss er rask, søppel: det låg boss på golvet bossanova [båssanåva] m bossanovaen fl. bossanovaer, bossanovaene (mus.) ein bossanova er (ein dans til) ein sambaliknande rytme frå Brasil bot f bota fl. bøter, bøtene 1 bot er betring, hjelp: råde bot for ein mangel 2 (særl. relig.) bot er moralsk betring 3 (jur.) ei bot er ei pengestraff: få ei bot for misferda 4 ei bot er ein tøylapp (til å bøte klesplagg med): setje bot på ei bukse

NN_hoveddel_justert_test.indd 109

109

boutique

botanikar m botanikaren fl. botanikarar, botanikarane (bot.) ein botanikar er ein person som har botanikk som fag botanikk m botanikken (bot.) botanikk er studiet av og læra om plantene botanisk adj n. botanisk fl. botaniske (bot.) som gjeld botanikk ■ botanisk hage planteanlegg (ved eit universitet) for studium av planter botemiddel n botemiddelet fl. botemiddel, botemidla eit botemiddel er eit middel til å avhjelpe el. rette opp noko med: eit botemiddel mot vond hals; kunnskap er eit botemiddel mot fordommar botferdig adj n. botferdig fl. botferdige full av anger Ñbotn m botnen fl. botnar, botnane 1 ein botn er den nedste, undste delen av noko: botnen av ei bøtte; på botnen av sjøen; ho bur i botnen av dalen; botnen av kaka var heilt øydelagd 2 (særl. overf.) ein botn er den inste delen av noko: ho er god på botnen 3 ein botn er ein grunn, eit underlag: det norske flagget har raud botn; jordbotn, blomsterbotn 4 (geogr.) ein botn er ein dal el. ei utholing (forma av ein isbre); dalbotn, vassbotn 5 ein botn er eit lågmål: organisasjonen har nådd botnen ■ i botn og grunn (overf.) når alt kjem til alt ■ til botnar (overf.) fullt ut ■ skrape botnen (overf.) ta i bruk dei aller siste midlane ■ slå botnen ut av (overf.) øydeleggje grunnlaget el. føresetnadene for noko botne v botnar, botna, botna 1 å botne er å lage botn i: botne ei trebøtte 2 å botne er å nå el. ta botnen: det botnar ikkje; songen botna lista ■ botne i kome av: problema botnar i manglande samordning botnfall n botnfallet fl. botnfall, botnfalla (kjemi) eit botnfall er eit fast stoff som søkk til botnen i ei løysing botswanar m botswanaren fl. botswanarar, botswanarane ein botswanar er ein person som bur i el. kjem frå Botswana botswansk adj n. botswansk fl. botswanske som gjeld Botswana el. botswanarar bourbon [børben] m bourbonen fl. bourbonar, bourbonane (ein) bourbon er (eit glas el. ei flaske med) ein amerikansk whisky av mais boutique [butik] m boutiquen fl. boutiquar, boutiquane ein boutique er ein liten, eksklusiv butikk (med finare moteplagg)

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bowle bowle [båvle] v bowlar, bowla, bowla (sport) å bowle er å spele bowling bowling [båvling] f bowlinga (sport) bowling er eit amerikansk kjeglespel med stor kule og ti kjegler i enden av ein bane Bq symb (fysikk) symbol for becquerel 1 Ñbra adj n. bra fl. bra 1 brukbar, god: ei bra bok; ha ei bra lønn; karakterane er bra nok 2 skikkeleg: her bur det berre bra folk 3 frisk og restituert: bli bra etter sjukdommen 2 Ñbra adv 1 fint, godt: det går bra; eg har det bra 2 nokså, temmeleg: du er bra dum bragd f bragda fl. bragder, bragdene ei bragd er ei stor gjerning; prestasjon: det var ei bragd å fullføre på så kort tid braille [brai] m braillen (språkv.) braille er ei punktskrift for blinde brak n braket fl. brak, braka eit brak er ein sterk, dundrande lyd; drønn, skrall: med bulder og brak; torebrak brake v brakar, braka, braka 1 å brake er å lage høg, dundrande lyd: høyre tora brake 2 å brake er å ramme el. støyte inn i med kraftig lyd: bilen braka inn i rekkverket ■ brake laus (overf.) ta til med fart og futt brakett m braketten fl. brakettar, brakettane ein brakett er ein haldar som noko blir festa med el. til: brakettar og veggfeste for flatskjerm brakk adj n. brakt fl. brakke (òg overf.) ubrukt, usådd: åkeren ligg brakk; all verksemd låg brakk brakke f brakka fl. brakker, brakkene (arkit.) ei brakke er eit lettbygd, provisorisk (tre)hus: arbeidarane budde i brakker på byggefeltet brakkvatn n brakkvatnet (geogr.) eit brakkvatn er ei blanding av ferskvatn og saltvatn, oftast der elver munnar ut i havet bram subst bram er ei overmodig, kraftig åtferd: gjere noko utan bram; dei feira med brask og bram braman m bramanen fl. bramanar, bramanane (relig.) ein braman er ein medlem av ein indisk prestekaste bramfri adj n. bramfritt fl. bramfrie (òg som adv.) enkel, likefram: på ein bramfri måte; snakke bramfritt om pinlege hendingar bramsegl n bramseglet fl. bramsegl, bramsegla (sjø.) eit bramsegl er eit råsegl på den øvre delen av ei mast brande m branden fl. brandar, brandane ein brande er ein stor, kraftig mann: ein brande av ein kar har gått berserk

NN_hoveddel_justert_test.indd 110

110

brassband

brandy [brændi] m brandyen fl. brandyar, brandyane ein brandy er (eit glas med) ein druebrennevin lagra på fat Ñbrann m brannen fl. brannar, brannane 1 (òg overf.) brann er det å brenne: bryte ut brann; huset stod i brann; sløkkje ein brann raskt; himmelkvelden stod i brann; bybrann, mordbrann, skogbrann 2 (overf.) brann blir òg brukt om lidenskap, varme: ha brann i blodet; eit hjarte i brann 3 (i samansetjingar, med.) ein brann er ein infeksjon; halsbrann, kaldbrann, miltbrann brannmur m brannmuren fl. brannmurar, brannmurane 1 (arkit.) ein brannmur er ein branntrygg murvegg 2 (ikt) ein brannmur er eit program som sikrar ei eining mot (virus)angrep brannvesen n brannvesenet fl. brannvesen, brannvesena eit brannvesen er ein (offentleg) etat som førebyggjer og sløkkjer brann bransje [bran(g)sje] m bransjen fl. bransjar, bransjane ein bransje er ei grein av næringslivet; fag, felt: ho har jobba lenge i bransjen; møbelbransje, shippingbransje bras1 m brasen fl. brasar, brasane (sjø.) ein bras er ein talje el. eit tau til å stille rærne etter vinden med ■ klare brasane (overf.) meistre utfordringane el. vanskane bras2 n braset fl. bras, brasa 1 bras er kvistved 2 eit bras er ein knitrande, sprakande eld brase v brasar, brasa, brasa 1 å brase er å steikje noko så det freser: brase smør i panna 2 å brase er å røre seg raskt (og larmande) i ei bestemd retning: brase inn døra; brase inn i kvarandre; stillaset brasa i bakken brasilianar m brasilianaren fl. brasilianarar, brasilianarane ein brasilianar er ein person som bur i el. kjem frå Brasil brasiliansk adj n. brasiliansk fl. brasilianske som gjeld Brasil el. brasilianarar brask subst brukt i uttrykket: ■ med brask og bram med ei bråkete åtferd brasme f brasma fl. brasmer, brasmene (zool.) ei brasme er ein beinfisk i karpefamilien med høg og samantrykt kropp brass m brassen fl. brassar, brassane (mus.) ein brass er ein messingblåsar i eit janitsjar- el. jazzorkester brassband [brassbann el. brassbænn(d)] n brassbandet fl. brassband, brassbanda (mus.) eit brassband er eit hornorkester

05/01/2021 16:53


brassespark brassespark n brassesparket fl. brassespark, brassesparka (sport, i fotball) eit brassespark er eit spark over hovudet og bakover brast subst brukt i uttrykket: ■ stå last og brast med halde med (nokon) i godt og vondt bratsj m bratsjen fl. bratsjar, bratsjane (mus.) ein bratsj er eit strykeinstrument som er djupare stemt og litt større enn ein fiolin bratsjist m bratsjisten fl. bratsjistar, bratsjistane (mus.) ein bratsjist er ein person som spelar bratsj Ñbratt adj n. bratt fl. bratte (òg som adv.) som hallar oppover: ein bratt bakke; eit bratt og vanskeleg terreng; stien slyngjer seg bratt oppover bratte f bratta fl. bratter, brattene (geogr.) ei bratte er eit bratt område i terrenget brattlendt adj n. brattlendt fl. brattlendte (om terreng) som er bratt: løypa gjekk gjennom eit brattlendt terreng braute v brautar, brauta, brauta å braute er å opptre sjølvsikkert og utfordrande; skryte: ho er flink til å braute bravade m bravaden fl. bravadar, bravadane 1 ein bravade er ei stolt, skrytande utsegn: ho var lei av bravadane hans 2 (òg iron.) ein bravade er ein merkeleg el. oppsiktsvekkjande prestasjon: fortelje om sine tidlegare bravadar og opplevingar bravo interj brukt for å uttrykkje heider el. oppgløding: bravo, du fekk det til! bravur m bravuren fl. bravurar, bravurane ein bravur er ei sikker og overlegen utføring: ho spelar med stor bravur; han klarte den vanskelege oppgåva med bravur bre1 m breen fl. brear, breane el. brede m breden fl. bredar, bredane (geogr., geol.) ein bre er ein stor snø- og ismasse som held seg (relativt) stabil om sommaren; isbre bre2 v brer, bredde, bredd el. brede v breder, bredde, bredd 1 å bre er å stryke over med tjøre; tjørebre: bre ein båt 2 å bre er å smelte: bre smør bredevandrar m bredevandraren fl. bredevandrarar, bredevandrarane → brevandrar breførar m breføraren fl. breførarar, breførarane el. bredeførar m bredeføraren fl. bredeførarar, bredeførarane ein breførar er ein (lokalkjend) førar for brevandrarar bregne m bregnen fl. bregnar, bregnane (bot.) ei bregne er ei karsporeplante som formerer seg ved sporar Ñbrei adj n. breitt fl. breie 1 (fysikk) med utstrekning til sida: ein brei

NN_hoveddel_justert_test.indd 111

111

brekkasje

rygg; breie gater; bordflata er 1 meter brei og 3 meter lang; mots. smal 2 (overf.) omfattande, vidstrekt: det var brei semje; romanen er breitt disponert 3 alminneleg: brei underhaldning ■ i det vide og det breie svært omstendeleg ■ snakke breitt (som adv.) snakke dialekt breiband n breibandet fl. breiband, breibanda (ikt) eit breiband er ei dataoverføringsteneste med svært høg kapasitet Ñbreidd f breidda fl. breidder, breiddene el. breidde f breidda fl. breidder, breiddene 1 ei breidd er ei utstrekning til sida (jf. høgd og lengd): dei gjekk to i breidda; breidda av skapet er større enn høgda 2 ei breidd er noko som femnar vidt og omfattar mykje el. mange: breidda i vareutvalet; oppgåva manglar breidd; ta opp problemet i si fulle breidd 3 (fysikk) breidd blir òg brukt om avstanden frå ekvator til ein bestemd stad, målt på meridianen til staden breiddegrad f breiddegrada fl. breiddegrader, breiddegradene (geogr., fysikk, i koordinatsystem) ei breiddegrad er ei tenkt linje som går parallelt med ekvator; latitude ■ på desse breiddegrader (overf.) her der vi bur breie v breier, breidde, breidd 1 å breie er å leggje noko flatt ut: breie ut ein duk; breie over seg ei dyne 2 (refl.) å breie seg er å ta mykje plass: sitje og breie seg breiflabb m breiflabben fl. breiflabbar, breiflabbane (zool.) ein breiflabb er ein rovfisk med breitt hovud og skarpe tenner; marulk breikdans m breikdansen fl. breikdansar, breikdansane ein breikdans er ein akrobatisk dans til rytmisk musikk breke v brekar, breka, breka 1 (om sau) å breke er å gje frå seg ein brekande lyd 2 (om geit) å breke er å mekre brekk1 n brekket fl. brekk, brekka 1 eit brekk er eit (av)brot: det er fint med eit brekk i kvardagen; elva endar i eit brekk der laksen stoppar opp 2 (slang) eit brekk er eit innbrot: dei gjorde eit brekk brekk2 n brekket fl. brekk, brekka eit brekk er ein handbrems på eit køyretøy: hugs å dra til deg brekket når du parkerer brekkasje m brekkasjen fl. brekkasjar, brekkasjane ein brekkasje er ein brekkskade på ei vare: brekkasje under pakking eller transport

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


brekke brekke1 f brekka fl. brekker, brekkene (geogr.) ei brekke er ein (stor og) bratt bakke; kneik 2 Ñbrekke v brekker, brekte, brekt 1 å brekke er å bryte (av); knekkje: brekke nakken; brekke av eit stykke flatbrød 2 å brekke er å breste: skistaven brekte 3 å brekke er å dempe ein farge ved å tilsetje litt av ein annan: raudt brekt med grått ■ brekke om ordne ein sats i sider og spalter: brekke om eit blad ■ brekke seg (refl.) kaste opp brekkjern n brekkjernet fl. brekkjern, brekkjerna el. brekkjarn n brekkjarnet fl. brekkjarn, brekkjarna eit brekkjern er ein jernreiskap til å bryte opp t.d. bord og lister med (jf. kubein) brekkmiddel n brekkmiddelet fl. brekkmiddel, brekkmidla (med.) eit brekkmiddel er eit legemiddel som ein kastar opp av brem m bremmen fl. bremmar, bremmane ein brem er ein kant på ein hatt: hatt med brei brem brems1 m bremsen fl. bremsar, bremsane (zool.) ein brems er ei humleliknande fluge med larver som snyltar hos pattedyr brems2 m bremsen fl. bremsar, bremsane 1 ein brems er ei innretning som kan redusere farten på eit køyretøy: setje på bremsen; bilen mista bremsane; fotbrems, nødbrems, skivebrems 2 (overf.) ein brems er ein person el. eit tilhøve som dempar el. hemjar bremse v bremsar, bremsa, bremsa 1 å bremse er å redusere farten med hjelp av bremsar: eg bremsa sykkelen; ho klarte ikkje å bremse i tide 2 (overf.) å bremse er å hemje el. stanse: bremse utsleppa; pillene kan bremse sjukdommen ■ bremse ned 1 få til å setje ned farten 2 (overf.) dempe aktivitet, utvikling ■ bremse opp 1 få til å stanse heilt 2 (overf.) stanse aktivitet, utvikling bremselengd f bremselengda fl. bremselengder, bremselengdene el. bremselengde f bremselengda fl. bremselengder, bremselengdene ei bremselengd er ei veglengd som eit køyretøy legg bak seg frå ei bremsing byrjar, til køyretøyet står stille brennaktuell adj n. brennaktuelt fl. brennaktuelle svært aktuell brennbar adj n. brennbart fl. brennbare 1 som (lett) kan brenne: ei brennbar væske 2 (overf.) ømtolig: eit brennbart tema 1 Ñbrenne v brenn, brann, brunne 1 å brenne er å vere i brann: huset brenn; det

NN_hoveddel_justert_test.indd 112

brenneri

112

brenn hos naboen; asylmottaket brann ned til grunnen 2 (overf.) å brenne er å vere heit el. sviande; verkje: såret brenn; panna mi brenn 3 (overf.) å brenne er å vere ivrig og engasjert: han brenn for miljøet; ho brenn etter å få lære meir ■ brenne inne (overf.) døy i husbrann ■ brenne inne med (overf.) ikkje få sagt el. selt noko: brenne inne med mange spørsmål; mange brann inne med billettar dei ikkje fekk brukt ■ føle jorda brenne under føtene (overf.) føle at det er farleg å halde fram med å vere ein stad 2 Ñbrenne v brenner, brende, brent 1 å brenne er å bryte ned el. øydeleggje med eld: brenne bråte; brenne avfall; brenne hol i teppet 2 å brenne er å behandle med eld el. sterk varme: brenne kaffi; brenne sukker; brenne mandlar 3 (òg overf.) å brenne er å skade, svi: brenne fingrane; brenne seg på ei brennmanet; brenne seg på ein dårleg handel 4 å brenne er å skine, varme sterkt: sola brende ■ brenne alle bruer (overf.) leggje fortida bak seg for godt ■ brenne eit straffespark (sport) ikkje få ballen i mål ■ brent barn skyr elden (ordt.) dei som har røynt noko negativt, vil sørgje for at det ikkje skjer att brenne Brenne er ikkje eitt, men to verb (parverb) med høvesvis sterk og svak bøying: 1 brenne – brenn – brann – brunne

2 brenne – brenner – brende – brent Det første (som har sterk bøying) er intransitivt og kan ikkje knyte til seg objekt: Huset brann ned. Det andre (med svak bøying) er transitivt og kan ha objekt: Mannen brende opp all veden. brennenesle f brennenesla fl. brennenesler, brenneneslene el. brennesle f brennesla fl. brennesler, brenneslene (bot.) ei brennenesle er ei kulturplante i neslefamilien med brennhår som gjev svie viss ein kjem borti brenneri n brenneriet fl. brenneri, brenneria eit brenneri er ein fabrikk der noko blir framstilt ved brenning; destilleri; spritbrenneri

05/01/2021 16:53


brennevin brennevin n brennevinet fl. brennevin, brennevina brennevin er ei drikkevare med meir enn 22 % alkohol brenning1 f brenninga fl. brenningar, brenningane brenning er det å brenne el. bli brend; bokbrenning, bålbrenning, likbrenning brenning2 f brenninga fl. brenningar, brenningane ei brenning er ei el. fleire bølgjer som bryt mot ei grunne el. ein kyst brennkoppar m bf.fl. brennkoppane (berre i fleirtal, med.) brennkoppar er ein bakterieinfeksjon i huda med væskande og skorpete sår brennmanet f brennmaneta fl. brennmaneter, brennmanetene (zool.) ei brennmanet er eit raudgult nesledyr med lange fangtrådar som svir og brenn: å symje på ei brennmanet kan vere veldig vondt brennstoff n brennstoffet fl. brennstoff, brennstoffa (fysikk) eit brennstoff er eit stoff som forbrenn og gjev energi brensel n brenselet fl. brensel, brensla el. brensle f brensla fl. brensler, brenslene eit brensel er eit materiale, stoff som blir brent for å lage energi og varme: bruke brensel som kol, olje og ved bresere v breserer, breserte, bresert å bresere er å brune og ettersteikje noko (særl. fisk el. kjøt) under lok bresje m bresjen fl. bresjar, bresjane (i eldre tid) ein bresje var ei opning i ein festningsmur e.l. som fienden laga for å kome seg inn ■ gå i bresjen (overf.) gå føre: nokon må gå i bresjen i miljøkampen ■ gå i bresjen for (overf.) kjempe for: dei gjekk i bresjen for ei ny kyrkje bresmelting f bresmeltinga (meteorol.) bresmelting er det at ein isbre smeltar (på grunn av klimaendringar): store vassmassar etter bresmeltinga brest m bresten fl. brestar, brestane 1 ein brest er ei rivne, ein sprekk: bordplata fekk ein brest; slå seg og få ein brest i beinet 2 (overf.) ein brest er ein feil, mangel: ho hadde ein moralsk brest breste1 v brest, brast, broste 1 å breste er å plutseleg gå i stykke el. knekke: tauet brast; glaset brast; ikkje gå på isen, han kan breste 2 å breste er å bli for mykje for: breste i gråt; hjartet mitt brest 3 å breste er å slå feil: det får breste eller bere; vona om opprykk brast i den siste kampen breste2 v brestar, bresta, bresta 1 å breste er å få el. lage brest, rivne i

NN_hoveddel_justert_test.indd 113

113

brevvenn

2 (mat.) å breste er å få mjølk til å oste seg ved langsam oppvarming brestepunkt n brestepunktet fl. brestepunkt, brestepunkta (særl. overf.) eit brestepunkt er eit punkt der noko(n) er i ferd med å breste el. gje etter: fylle ballongen til brestepunktet; spenninga var på brestepunktet brett1 m bretten fl. brettar, brettane ein brett er noko som er bretta saman: bretten på buksa; ei bokside med brett ■ leggje brett på (overf.) leggje vekt på; understreke brett2 n brettet fl. brett, bretta 1 eit brett er ei plate med kantar, brukt til å setje ting på: servere maten på eit brett 2 (særl. i samansetjingar) eit brett er ei (tre)plate e.l. som blir nytta til eit bestemt (sportsleg) føremål; akebrett, seglbrett, vassbrett ■ alt på eitt brett (overf.) alt samtidig brette v brettar, bretta, bretta å brette er å bøye og leggje saman: brette serviettar; skylje og brette mjølkekartongar ■ brette opp erma (overf.) setje i gang ■ brette ut (overf.) gjere (offentleg) kjent brettseglar m brettseglaren fl. brettseglarar, brettseglarane el. brettsiglar m brettsiglaren fl. brettsiglarar, brettsiglarane (sport) ein brettseglar er ein person som driv med brettsegling Ñbrev n brevet fl. brev, breva 1 eit brev er ei skriftleg melding i ein konvolutt som er send med posten: opne brevet; få eit brev i posten; eit rekommandert brev 2 (relig.) eit brev er ei skrift frå ein apostel: Paulus sitt brev til romarane 3 (særl. i eldre tid) eit brev er eit dokument som stadfestar, erklærer noko; borgarbrev, handelsbrev, sveinebrev brevandrar m brevandraren fl. brevandrarar, brevandrarane el. bredevandrar m bredevandraren fl. bredevandrarar, bredevandrarane ein brevandrar er ein person som går ein (organisert) tur over ein isbre brevdue f brevdua fl. brevduer, brevduene ei brevdue er ei tam due med velutvikla evne til å finne fram (særl. heim): sende melding via brevdue brevveksling f brevvekslinga fl. brevvekslingar, brevvekslingane ei brevveksling er ein korrespondanse gjennom brev brevvenn m brevvennen fl. brevvenner, brevvennene el. brevven m brevvenen fl. brevvener, brevvenene ein brevvenn er ein person som ein kjenner gjennom privat brevveksling

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bridge bridge [bridsj] m bridgen (spel) bridge er eit kortspel for fire personar, der to par spelar mot kvarandre brie [bri] m brien fl. briar, briane (mat.) ein brie er ein blaut kvitmuggost med mild smak (etter det franske området Brie) brife v brifar, brifa, brifa 1 å brife er å gje orientering om noko på førehand: brife studentane; soldatane vart grundig brifa før oppdraget 2 å brife er å (freiste å) imponere med noko: du må slutte å brife med kunnskapane dine brifing f brifinga fl. brifingar, brifingane ei brifing er ei førehandsorientering: ei brifing om den siste utviklinga; dagane startar med ei kort brifing om vêret brigade m brigaden fl. brigadar, brigadane 1 (mil.) ein brigade er ei operativ militær eining 2 (mil., i utlandet) ein brigade er ei større militær eining brigg m briggen fl. briggar, briggane (sjø.) ein brigg er ei mellomstor seglskute som har to master med rær brikett m briketten fl. brikettar, brikettane ein brikett er ei (meir el. mindre stor) blokk av samanpressa materiale; grasbrikett, kolbrikett Ñbrikke f brikka fl. brikker, brikkene 1 ei brikke er ein liten duk el. ei lita plate, brukt som underlag: ei brikke under lampa; glasbrikke 2 (spel) ei brikke er ein liten figur i eit brettspel: kaste terningen og flytte brikkene 3 (spel) ei brikke er ein liten bit som blir føydd saman med andre i eit puslespel: eg finn ikkje den siste brikka 4 (overf.) ei brikke er ein person el. ei gruppe som blir brukt for å oppnå noko: han lét seg ikkje bruke som ei brikke i eit spel 5 (ikt) ei brikke er ein liten bit silisium med ein integrert krins ■ brikkene fell på plass (overf.) samanhengen blir klar: brikkene fall på plass då eg såg dei i lag briljant1 m briljanten fl. briljantar, briljantane (geol.) ein briljant er ein edelstein (særl. diamant) forma som ein pyramide med mange fasettar briljant2 adj n. briljant fl. briljante framifrå, strålande: det var ei briljant framføring briljere v briljerer, briljerte, briljert å briljere er å glimre med ein flott prestasjon el. stor dugleik: operasongaren briljerte i rolla; utøvarane briljerer med kunnskapane sine brille f brilla fl. briller, brillene ei brille er ei innfatning med to slipa glas i, som blir boren framfor auga for vern el. for å korrigere

NN_hoveddel_justert_test.indd 114

114

brodd

synsfeil: han ser dårleg og treng briller; lesebriller, solbriller, vernebriller ■ sjå gjennom andre sine briller (overf.) ikkje ha eigne meiningar brilleslange m brilleslangen fl. brilleslangar, brilleslangane (zool.) ein brilleslange er ein stor, gul giftslange med brilleliknande teikning på halsen; indisk kobra bringe1 f bringa fl. bringer, bringene 1 (anat.) ei bringe er eit bryst, ei brystkasse: ha smerter i bringa; bjørnen vart skoten i bringa 2 ei bringe er (ein del av) eit klesplagg som dekkjer ei bringe (i bet. 1) 3 (mat.) ei bringe er eit bryststykke på eit slakt 2 Ñbringe v bringar, bringa, bringa 1 å bringe er å ha med seg: bringe varer; bringe gode nyhende 2 å bringe er å få noko(n) til å kome i ein viss situasjon, tilstand: bringe nokon til fornuft; bringe saka vel i hamn; bringe noko på det reine; svarte kattar bringar ulykke ■ bringe for ein dag (overf.) avsløre el. vise noko hemmeleg, skjult ■ bringe på bane (overf.) ta opp som eit samtaleemne ■ bringe til verda 1 (med.) føde 2 (overf.) realisere, skape bringebær n bringebæret fl. bringebær, bringebæra (bot.) (eit) bringebær er (eit raudt, søtsmakande bær av) ein høg, tornete busk i rosefamilien: plukke ville bringebær bris m brisen fl. brisar, brisane (meteorol.) ein bris er ein svak til middels sterk vind: frisk bris brisen adj n. brise fl. brisne (slang) lett rusa; pussa: brisne ungdommar brisk1 m brisken fl. briskar, briskane (bot.) ein brisk er ein brake; einer brisk2 m brisken fl. briskar, briskane ein brisk er ein (sove)benk av tre; briks briske v briskar, briska, briska (refl.) å briske seg er å gjere seg viktig: dei slost og briska seg; han briska seg som ein påfugl brisling m brislingen fl. brislingar, brislingane (zool.) ein brisling er ein liten beinfisk i sildefamilien med kjøl under buken: brisling er ein vanleg matfisk i Noreg brite m briten fl. britar, britane ein brite er ein person som bur i el. kjem frå Storbritannia Ñbritisk adj n. britisk fl. britiske som gjeld Storbritannia el. britar brodd m brodden fl. broddar, broddane 1 ein brodd er ein pigg, spiss: skistav med brodd; setje broddar under støvlane 2 (overf.) ein brodd er ein snert, eit sting: eit

05/01/2021 16:53


broder svar med brodd; ei teaterframsyning med brodd og humor 3 (bot.) ein brodd er ein torneaktig utvekst på ei plante 4 (zool.) ein brodd er eit spist vedheng på bakkroppen hos visse insekt: vepsen mistar ikkje brodden når han stikk ■ stå i brodden for (overf.) stå i spissen for ■ ta brodden av (overf.) dempe verknaden av: humoren tok brodden av alvoret broder m broderen fl. brødrar, brødrane 1 (særl. i eldre tid) ein broder er ein (åndeleg) bror: ein broder i nød 2 (relig., særl. i utlandet) ein broder er ein munk brodere v broderer, broderte, brodert å brodere er å sy eit dekorativt mønster på eit underlag: brodere ein duk; brodere med korssting ■ brodere ut (overf.) skildre noko med mange detaljar broderi n broderiet fl. broderi, broderia 1 broderi er det å brodere: bruke ferien på broderi 2 eit broderi er eit brodert arbeid: ein duk med vakre broderi broderleg adj n. broderleg fl. broderlege som gjeld brør: ein broderleg stønad ■ dele broderleg (som adv.) dele likt broiler [bråiler] m broileren fl. broilerar, broilerane 1 (mat.) ein broiler er ein spesialfôra, industrielt framstilt kylling 2 (overf., òg spøk.) ein broiler er ein person som berre har drive med éin ting (særl. politikk el. sport), og som ikkje har noka arbeidsrøynsle brok1 f broka fl. brøker, brøkene ei brok er ei bukse: skitne til den nye broka brok2 f broka fl. brøker, brøkene (sjø.) ei brok er eit kraftig tau brukt om bord i el. på utsida av ein båt brokade m brokaden fl. brokadar, brokadane (ein) brokade er eit silkestoff med innvovne figurar (i gull el. sølv) brokk m brokken (med.) brokk er ein sjukeleg tilstand med utposing av eit indre organ; lyskebrokk, navlebrokk brokkoli m brokkolien fl. brokkoliar, brokkoliane (bot.) ein brokkoli er ei kålplante med grøne el. fiolette hovud bronkie m bronkien fl. bronkiar, bronkiane (med.) ein bronkie er kvar av forgreiningane av luftrøyret i lungene bronkitt m bronkitten fl. bronkittar, bronkittane (med.) bronkitt er ein betennelse i bronkiane: akutt bronkitt

NN_hoveddel_justert_test.indd 115

115

Ñbronse [brån(g)se]

brotsverk

m bronsen fl. bronsar, bronsane 1 (kjemi) bronse er ei fellesnemning for legeringar med kopar som hovudbestanddel 2 ein bronse er ein (bruks)gjenstand av bronse (i bet. 1) 3 (sport) ein bronse er ein bronsemedalje bronsealder [brån(g)sealder] m bronsealderen (særl. i bf. eintal, arkeol., geol.) bronsealderen er ein tidsalder etter steinalderen med bronse som dominerande materiale (i produksjon av verktøy og våpen) bronsemedalje m bronsemedaljen fl. bronsemedaljar, bronsemedaljane (sport) ein bronsemedalje er ein medalje i bronse (til den tredje beste i ein konkurranse): ha to sølvmedaljar og to bronsemedaljar Ñbror m broren fl. brør, brørne 1 ein bror er ein gut el. mann i høve til den el. dei han har felles foreldre med: dei er bror og søster; halvbror 2 ein bror er ein gut el. mann i eit tett (åndeleg) fellesskap med andre menn: gå til kamp for brørne våre verda over; vere brør i Herren; korbror, namnebror, svirebror ■ søta bror (slang) svenske brorskap n brorskapet fl. brorskap, brorskapa 1 brorskap er det å vere brør 2 brorskap er broderleg samhøyr og vennskap: fridom, likskap og brorskap 3 (særl. relig.) eit brorskap er ei gruppe, eit lag av likesinna: bli del av brorskapet i klosteret brosje f brosja fl. brosjer, brosjene ei brosje er ei brystnål, smykkenål brosjyre m brosjyren fl. brosjyrar, brosjyrane ei brosjyre er ei lita trykksak med opplysingar el. reklame brosme f brosma fl. brosmer, brosmene (zool.) ei brosme er ein gulbrun beinfisk i torskefamilien med éi lang ryggfinne Ñbrot n brotet fl. brot, brota el. brott n brottet fl. brott, brotta 1 eit brot er eit (ulovleg) avvik, ei avbryting el. eit opphøyr (av eit forhold): brot på ei forskrift; brot i forhandlingane; eit brot på telefonlinja 2 (med.) eit brot er ein beinskade: få eit stygt brot; brot på hjerneskallen 3 eit brot er ein stad der noko (særl. stein) blir brote: transport av kalkstein i brotet brotsjø m brotsjøen el. brottsjø m brottsjøen (meteorol.) brotsjø er sjø med krappe og kraftige bølgjer som bryt brotsverk n brotsverket fl. brotsverk, brotsverka el. brottsverk n brottsverket fl. brottsverk, brottsverka eit brotsverk er eit (alvorleg) lovbrot

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


brownie brownie [brauni] m brownien fl. browniar, browniane (mat.) ein brownie er (eit lite, kvadratisk stykke av) ei sjokoladekake med mjukt indre Ñbru f brua fl. bruer, bruene 1 (arkit.) ei bru er eit byggverk som knyter vegar e.l. saman over fysiske hindringar: køyre over ei bru; det gjekk ei bru over fjorden; gangbru, vippebru 2 (òg overf.) ei bruk er noko som liknar på ei bru (i bet. 1): kapteinen stod på brua; byggje ei bru mellom aust og vest; kommandobru, låvebru 3 (med.) ei bru er ein (metall)konstruksjon på ei tann ■ brenne/bryte alle bruer (overf.) bryte heilt med noko (særl. eiga fortid) ■ stå i bru (sport, i turn) stå med kroppen i ein boge bakover med hender og føter i bakken brud f bruda fl. bruder, brudene el. brur f brura fl. brurer, brurene ei brud er ei kvinne på bryllaupsdagen sin: stå brud; ei kvit brud; brud og brudgom brudepar n brudeparet fl. brudepar, brudepara el. brurepar n brureparet fl. brurepar, brurepara eit brudepar er ei brud og ein brudgom (alternativt to bruder el. to brudgommar) brudgom m brudgommen fl. brudgommar, brudgommane ein brudgom er ein mann på bryllaupsdagen sin: brud og brudgom; brudgommen heldt tale brudulje m bruduljen fl. bruduljar, bruduljane ein brudulje er eit oppstyr; bråk: det vart brudulje då ho kom for seint heim brugde f brugda fl. brugder, brugdene (zool.) ei brugde er ein stor rovfisk i brugdefamilien som lever av plankton 1 Ñbruk m bruken fl. brukar, brukane 1 bruk er det å bruke el. bli brukt: gjere bruk av noko; fornuftig bruk av tida 2 bruk er sedvane, vane: skikk og bruk 3 (økon.) bruk er forbruk: bruk av pengar ■ gå av bruk bli avleggs ■ ha bruk for trenge bruk2 n bruket fl. bruk, bruka 1 (i samansetjingar) eit bruk er ei drift, verksemd; jordbruk, landbruk, skogbruk 2 eit bruk er eit industriføretak på landet; møllebruk, sagbruk 3 eit bruk er ein sjølvstendig gard: små og mellomstore bruk 4 (sjø.) eit bruk er ein reiskap til yrkesfiske; garnbruk, notbruk Ñbrukar m brukaren fl. brukarar, brukarane 1 ein brukar er ein person som bruker, gjer

NN_hoveddel_justert_test.indd 116

116

bruleggje

nytte av noko: ein brukar av ei maskin; ein brukar av ei sosial teneste 2 ein brukar er ein forbrukar, konsument brukargrensesnitt n brukargrensesnittet fl. brukargrensesnitt, brukargrensesnitta (ikt) eit brukargrensesnitt er ei kontaktflate mellom ein brukar og eit datasystem brukarvennleg adj n. brukarvennleg fl. brukarvennlege el. brukarvenleg adj n. brukarvenleg fl. brukarvenlege som er lett å bruke: eit brukarvennleg dataprogram brukbar adj n. brukbart fl. brukbare 1 som kan brukast; brukande: ein brukbar sykkel 2 heilt grei; akseptabel: brukbare karakterar Ñbruke v bruker, brukte, brukt 1 å bruke er å gjere nytte av: bruke vitet; bruke tida godt; bruke gaffel og kniv; ha ei kjensle av å bli brukt 2 å bruke er å ha til vane; pleie: ho bruker å reise til Syden i ferien 3 (særl. økon.) å bruke er å forbruke: bruke meir enn ein tener ■ bruke munn skjelle og smelle brukeleg adj n. brukeleg fl. brukelege 1 som kan brukast: ein brukeleg bil; eit brukeleg verktøy 2 som er skikk og bruk; vanleg: det er brukeleg å takke for maten brukskunst m brukskunsten 1 brukskunst er kunstnarisk formgjeving av bruksting 2 ein brukskunst er ein bruksting med kunstnarisk formgjeving bruksnummer n bruksnummeret fl. bruksnummer, bruksnummera (jur.) eit bruksnummer er eit matrikkelnummer for eit bruk; fork. bnr. bruksrettleiing f bruksrettleiinga fl. bruksrettleiingar, bruksrettleiingane ei bruksrettleiing er ei skriftleg rettleiing om bruk el. montering: les bruksrettleiinga og følg ho; bruksrettleiinga ligg på nettet bruktbil m bruktbilen fl. bruktbilar, bruktbilane ein bruktbil er ein bil som (blir seld etter at han) har vore i bruk ei tid: eige ein bruktbil; selje bruktbilar brukthandel m brukthandelen fl. brukthandlar, brukthandlane (økon.) ein brukthandel er ein (butikk der det blir drive) handel med brukte el. kasserte ting bruleggje v brulegg, brula, brulagt el. brulegge v brulegg, brula, brulagt å bruleggje er å lage vegdekke av brusteinar: bruleggje ei gate; gardsplassen var brulagt

05/01/2021 16:53


brum brum n brummet fl. brum, brumma eit brum er ein låg og rumlande lyd: bjørnen gav frå seg eit brum brumle v brumlar, brumla, brumla å brumle er å lage ein låg og rumlande lyd; brumme: pappa brumla og banna; humlene brumla godmodig i blomane brumme v brummar, brumma, brumma å brumme er å lage ein låg og brumlande lyd: bjørnen brummar Ñbrun adj n. brunt fl. brune 1 med farge som kaffi og sjokolade: brun saus; ein brun bæsj; få brun hud i sola; ein brun konvolutt 2 (polit., overf.) fascistisk el. nazistisk: ein politikar med brune sympatiar ■ brunt sukker kandis brune v brunar, bruna, bruna å brune er å gjere brun: brune smør; brune seg i sola bruneiar m bruneiaren fl. bruneiarar, bruneiarane ein bruneiar er ein person som bur i el. kjem frå Brunei bruneisk adj n. bruneisk fl. bruneiske som gjeld Brunei el. bruneiarar brunette f brunetta fl. brunetter, brunettene ei brunette er ei kvinne med mørkt hår: brunetter og blondiner brunn m brunnen fl. brunnar, brunnane → brønn brunsj [brønsj] m brunsjen fl. brunsjar, brunsjane brønsj er eit måltid mellom frukost og lunsj brunst m brunsten fl. brunstar, brunstane ein brunst er (ein periode med) ein trong til paring: dyret er i brunst brunstig adj n. brunstig fl. brunstige (om dyr) som er i brunst brur f brura fl. brurer, brurene → brud brurepar n brureparet fl. brurepar, brurepara → brudepar brus1 m brusen fl. brusar, brusane ein brus er (ei flaske med) ein søt, kolsyrehaldig leskedrikk: drikke brus; kjøpe ein brus brus2 n bruset fl. brus, brusa 1 brus er det å bruse 2 eit brus er ein kraftig, susande lyd: vi høyrde eit brus av bølgjer; bruset frå gata var litt forstyrrande bruschetta [brusketta] m bruschettaen fl. bruschettaer, bruschettaene (mat.) ein bruschetta er ein italiensk førerett av rista brød med tomat, olivenolje, kvitlauk og basilikum bruse v brusar, brusa, brusa 1 å bruse er å lage ein kraftig, susande lyd: havet brusar 2 å bruse er å boble, skumme med susande lyd: drikken brusa litt i munnen

NN_hoveddel_justert_test.indd 117

117

bryggje

3 (overf.) å bruse er å fare opp: ho brusa opp; sinnet brusa i han 4 å bruse er å breie seg ut: håret brusa ut under kapsen; fasanen brusa med fjørene brusk m brusken fl. bruskar, bruskane 1 (med.) brusk er kroppsvev som er relativt fast og motstandsdyktig 2 (med.) ein brusk er ein organdel av eit relativt fast og motstandsdyktig kroppsvev brustein m brusteinen fl. brusteinar, brusteinane ein brustein er ein stein til brulegging brutal adj n. brutalt fl. brutale (òg som adv.) hard, omsynslaus: ein brutal person; eit brutalt møte med røyndommen; handle brutalt brutalitet m brutaliteten fl. brutalitetar, brutalitetane ein brutalitet er ei omsynslaus og valdeleg åtferd: brutalitet og rå maktbruk mot fredsaktivistar brutto1 m bruttoen (økon.) ein brutto er ein sum, storleik utan frådrag: brutto minus tara gjev netto; mots. netto brutto2 adv 1 med emballasje: vege over 20 kg brutto; mots. netto 2 (òg som adj.) utan frådrag: selje brutto; eit brutto byggjeareal; mots. netto bruttoinntekt f bruttoinntekta fl. bruttoinntekter, bruttoinntektene (økon.) ei bruttoinntekt er ei samla inntekt utan frådrag (av faste utgifter og skatt); mots. nettoinntekt bruttonasjonalprodukt n bruttonasjonalproduktet (økon.) eit bruttonasjonalprodukt er ein samla verdi av dei varene og tenestene som blir produserte i eit land i løpet av eitt år; fork. BNP bruttovekt f bruttovekta ei bruttovekt er ei vekt med emballasje; mots. nettovekt 1 Ñbry n bryet eit bry er eit strev, ein umake: eg vil helst ikkje vere til bry; eg håpar det ikkje er for mykje bry for dykk 2 Ñbry v bryr, brydde, brydd å bry er å hefte, plage: kan eg bry deg med eit spørsmål? ■ bry seg om 1 ta omsyn til: vi bryr oss ikkje om kva du seier 2 vere glad i; like: eg bryr meg jo om deg; eg bryr meg ikkje om å leggje meg tidleg bryderi n bryderiet eit bryderi er eit bry, strev: dette kan spare deg for mykje bryderi og pengar brygg n brygget fl. brygg, brygga eit brygg er ein bryggja drikk: smake på brygget; ho kokte saman eit giftig brygg; heimebrygg, kaffibrygg 1 Ñbryggje f bryggja fl. bryggjer, bryggjene el. brygge f brygga fl. brygger, bryggene 1 (arkit.) ei bryggje er ei kai av trevirke: stupe frå ei bryggje; båten ligg ved bryggja

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bryggje 2 (arkit.) ei bryggje er ei samling av sjøhus med bryggje (i bet. 1): bryggja i Bergen 2 Ñbryggje v bryggjar, bryggja, bryggja el. brygge v bryggar, brygga, brygga å bryggje er å lage (alkoholhaldig) drikke: bryggje øl; bryggje kaffi; bryggje ein toddi ■ bryggje opp til (overf.) lage seg til: bryggje opp til uvêr ■ bryggje på 1 (overf.) tenkje ut: bryggje på ein plan 2 (overf.) vere i første stadium: bryggje på ei forkjøling bryggjeri n bryggjeriet fl. bryggjeri, bryggjeria eit bryggjeri er ein (meir el. mindre stor) fabrikk der det blir produsert brygg; kaffibryggjeri, ølbryggjeri bryllaup n bryllaupet fl. bryllaup, bryllaupa eit bryllaup er ei brudevigsle med etterfølgjande fest: halde stort bryllaup; bryllaupet vårt er i juni bryn n brynet fl. bryn, bryna 1 eit bryn er ein kant, ei rand; himmelbryn, skogbryn 2 (anat.) eit bryn er ei hårrand over auget: han har svært buskete bryn; augnebryn bryne1 n brynet fl. bryne, bryna eit bryne er ein sandstein til å kvesse kniv e.l. med bryne2 v bryner, brynte, brynt å bryne er å kvesse ein kniv e.l. med sandstein: dei måtte bryne ljåen før dei kunne slå graset ■ bryne seg på (overf.) prøve seg på: få vanskelege spørsmål å bryne seg på brynje f brynja fl. brynjer, brynjene (mil., i eldre tid) ei brynje var ein del av ei rustning som verna overkroppen brysam adj n. brysamt fl. brysame (òg som adv.) plagsam, slitsam: han har ein brysam hofteskade; dei prøvde å seie opp ein brysam medarbeidar; det heile var svært brysamt Ñbryst n brystet fl. bryst, brysta 1 (særl. i bf. eintal, anat.) brystet er kroppsdelen mellom halsen og magen på menneske (og dyr): ha vondt i brystet 2 (anat., om kvinne) eit bryst er kvar av to (mjølke)kjertlar frampå brystet (i bet. 1) 3 eit bryst er ein del av eit klesplagg som dekkjer brystet (i bet. 1) 4 (mat.) eit bryst er ei bringe frå eit slaktedyr; andebryst, kalvebryst 5 (sport) bryst er ei nemning for symjing på brystet (i bet. 1) ■ falle tungt for brystet (overf.) vere vanskeleg å akseptere ■ suge av eige bryst (overf.) tenkje ut sjølv brysthaldar m brysthaldaren fl. brysthaldarar, brysthaldarane ein brysthaldar er eit

NN_hoveddel_justert_test.indd 118

118

brytetak

undertøysplagg som støttar og formar brysta; behå; fork. BH el. bh brystkasse f brystkassa (særl. i bf. eintal, anat.) brystkassa er ein del av skjelettet som vernar organa i overkroppen; toraks brystning f brystninga fl. brystningar, brystningane 1 (arkit.) ei brystning er ein mur i brysthøgd 2 (arkit.) ei brystning er ein del av veggen mellom golvet og vindauget brystvern n brystvernet fl. brystvern, brystverna 1 (arkit.) eit brystvern er eit rekkverk av søyler 2 (mil., særl. i eldre tid) eit brystvern er ein jordvoll el. ein mur føre eit festningsverk brytar m brytaren fl. brytarar, brytarane 1 ein brytar er ein person som bryt noko (særl. eit løyve el. ein regel); lovbrytar, streikebrytar 2 (sport) ein brytar er ein person som driv med bryting 3 ein brytar er ei teknisk anordning til å regulere el. slå av og på noko med; straumbrytar Ñbryte v bryt, braut, brote 1 å bryte er å arbeide opp: bryte ny jord; bryte malm 2 å bryte er å få til å breste; brekke: bryte beinet; bryte opp ei dør; bryte av eit stykke brød 3 (overf.) å bryte er å ikkje oppfylle el. overhalde ei avgjerd el. ei forplikting: bryte lova; bryte ein lovnad 4 (òg overf.) å bryte er å breste: bølgjene bryt; ho braut saman i gråt 5 (òg overf.) å bryte er å ta brodden av: moloen bryt bølgjene; eit glas vin bryt nervøsiteten 6 å bryte er å sprengje, trengje seg fram: det braut ut krig; stormen braut laus; det braut ut skogbrann 7 å bryte er å vike av frå: dette bryt med tidlegare praksis 8 (òg overf.) å bryte er å gjere slutt på: bryte straumen; bryte sambandet; bryte teieplikta; telefonsamtalen vart broten 9 (sport) å bryte er å prøve kroppsstyrke (t.d. i bryting) ■ bryte gjennom (overf.) bli berømt (for noko) ■ bryte gjennom lydmuren (overf.) overskride ei grense ■ bryte isen (overf.) gjere stemninga mindre formell ■ bryte opp (overf.) dra av stad ■ bryte ut (overf.) oppstå: bryte ut panikk brytetak n brytetaket fl. brytetak, brytetaka (sport) eit brytetak er eit grep, tak som er lovleg i bryting: han tok brytetak på motstandaren

05/01/2021 16:53


bryting bryting f brytinga fl. brytingar, brytingane 1 bryting er det å bryte (av) noko: bryting av stein 2 (sport) bryting er ein kampsport der det gjeld å tvinge motstandaren ned på ryggen: olympisk meister i bryting Ñbrød n brødet fl. brød, brøda 1 (mat.) eit brød er eit bakverk av mjøl, gjær og vatn: bake brød; skjere brødet i skiver; sitje i fengsel på vatn og brød; flatbrød, grovbrød, surdeigsbrød 2 (overf.) eit brød er det som trengst for å overleve; føde, mat: det daglege brød; tene til sitt brød; levebrød ■ brød og vin (relig., overf.) Jesu lekam og blod ■ ta i sitt brød (overf.) tilsetje brødtekst f brødteksta fl. brødtekster, brødtekstene ei brødtekst er ei lengre samanhengande tekst under ei overskrift (og ein ingress) Ñbrøk m brøken fl. brøkar, brøkane (matem.) ein brøk er eit matematisk uttrykk for ein del el. fleire like store delar av ei eining: rekne med brøkar; ekte og uekte brøk brøkdel m brøkdelen fl. brøkdelar, brøkdelane 1 (matem.) ein brøkdel er ein del av ei eining uttrykt som brøk: brøkdelen av eit tal; ein brøkdel av prisen 2 ein brøkdel er ein liten del: eg har berre gjort ein brøkdel av arbeidet brøkstrek m brøkstreken fl. brøkstrekar, brøkstrekane (matem.) ein brøkstrek er ein strek som skil teljar og nemnar i ein brøk: teljaren står over og nemnaren under brøkstreken brøl n brølet fl. brøl, brøla (òg overf.) eit brøl er eit djupt gaul, skrik: han sette i eit brøl; høyre brølet frå motoren; latterbrøl, løvebrøl brølar m brølaren fl. brølarar, brølarane 1 ein brølar er ein person som likar å brøle: fotballstadionet var fullt av brølarar 2 ein brølar er ein grov bommert, tabbe: gjere ein brølar brøle v brølar, brøla, brøla å brøle er å gaule, skrike: løva brølar; dei brøla av glede; brølar du til barna dine? brøleape m brøleapen fl. brøleapar, brøleapane el. brølape m brølapen fl. brølapar, brølapane 1 (zool.) ein brøleape er ein breinasa ape i Mellom- og Sør-Amerika som lagar brølelydar 2 (overf., òg spøk.) ein brøleape er ein person med bråkete stemmebruk Ñbrønn m brønnen fl. brønnar, brønnane el. brunn m brunnen fl. brunnar, brunnane 1 (òg overf.) ein brønn er eit hol i bakken til å samle vatn i: hente vatn frå brønnen; livets brønn

NN_hoveddel_justert_test.indd 119

119

bu

2 ein brønn er eit hol bora i grunnen for å finne olje og gass; borehol 3 (sjø.) ein brønn er ein del av dekket i ein båt brøyte v brøytar, brøyta, brøyta å brøyte er å rydde (seg) veg: brøyte etter snøfallet; ho brøyta seg gjennom mengda brøytebil m brøytebilen fl. brøytebilar, brøytebilane ein brøytebil er ein arbeidsbil med snøplog Ñbrå adj n. brått fl. brå 1 som skjer raskt og uventa: ein brå slutt; eit brått omslag 2 (som adv.) plutseleg: han døydde brått; det kom brått på 3 snarsint og utolmodig: ein brå gut bråk n bråket fl. bråk, bråka 1 eit bråk er eit leven, ein støy: eit øyredøyvande bråk 2 (overf.) bråk er det same som trøbbel: lage bråk; det vart mykje bråk med dei nye vedtaka bråke v bråkar, bråka, bråka å bråke er å lage bråk: no må de ikkje bråke sånn!; dette er ikkje noko å bråke for bråkete adj n. bråkete fl. bråkete som bråkar (mykje): ein bråkete gutegjeng bråkmakar m bråkmakaren fl. bråkmakarar, bråkmakarane ein bråkmakar er ein person som lagar bråk bråne v brånar, bråna, bråna å bråne er å tine, smelte: snøen bråna sakte bråstoppe v bråstoppar, bråstoppa, bråstoppa å bråstoppe er å stanse brått, plutseleg: bussen bråstoppa bråte m bråten fl. bråtar, bråtane 1 ein bråte er ein haug med planteavfall: brenne bråte 2 ein bråte er ein open rydning i ein skog etter ei bråtebrenning 3 (overf.) ein bråte er ei stor mengd: ein bråte med folk; ho har tent ein heil bråte med pengar bu1 f bua fl. buer, buene 1 (arkit.) ei bu er eit lite rom til oppbevaring; matbu, reiskapsbu 2 (arkit.) ei bu er eit lite hus el. telt der noko blir selt: buer på julemarknaden; pølsebu, torgbu 3 (arkit.) ei bu er ei enkel, lita hytte: ei lita bu der vi kunne overnatte; fiskebu, rorbu, stølsbu 4 (mil.) ei bu er ei kakebu bu2 n buet fl. bu, bua (jur.) eit bu er ein eigedom (og ei gjeld) som ein person har: styre eit bu; gjere opp eit bu; sitje i uskifta bu; dødsbu, konkursbu ■ setje bu skaffe seg ein heim 3 Ñbu v bur, budde, budd 1 å bu er å halde til på ein stad (i ei kortare el.

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


buddhisme lengre tid); leve: bu aleine; ho bur i byen; dei bur saman; bu hos ein venn i utlandet 2 å bu er å vere, finnast: det bur meir i han 3 å bu er å førebu: bu seg på noko buddhisme m buddhismen (særl. i bf. eintal, relig.) buddhismen er ein indisk religion stifta av Siddharta Gautama, òg kjend som Buddha: buddhismen er utbreidd i store delar av Asia buddhist m buddhisten fl. buddhistar, buddhistane (relig.) ein buddhist er ein tilhengjar av buddhismen buddhistisk adj n. buddhistisk fl. buddhistiske som gjeld buddhismen el. buddhistar budeie f budeia fl. budeier, budeiene (særl. i eldre tid) ei budeie er ei kvinne som mjølkar og steller med husdyr på ein gard Ñbudsjett n budsjettet fl. budsjett, budsjetta (økon.) eit budsjett er eit oversyn over venta inntekter og utgifter: vi har eit veldig stramt budsjett i år budsjettere v budsjetterer, budsjetterte, budsjettert 1 (økon.) å budsjettere er å lage budsjett 2 (økon.) å budsjettere er å setje av i eit budsjett: det er budsjettert 1000 kroner til kontorutgifter bue v buar, bua, bua å bue er å uttrykkje misnøye ved å rope 'bu': publikum bua og peip bufast adj n. bufast fl. bufaste som bur fast på ein stad: ein bufast familie; vere registrert og bufast i landet bufe n bufeet fl. bufe, bufea (zool.) eit bufe er eit storfe (særl. ei ku) buffé m buffeen fl. buffear, buffeane el. buffe m buffeen fl. buffear, buffeane 1 ein buffé er eit bord med ulike matretter der ein sjølv kan forsyne seg 2 ein buffé er eit oppbevaringsmøbel for servise og dekkjetøy buffer m bufferen fl. bufferar, bufferane 1 ein buffer er ei rund, støytdempande innretning: bufferane i enden av ei jernbanevogn 2 (overf.) ein buffer er noko som verkar dempande: byggje opp ein buffer for framtidige utgifter 3 (kjemi) ein buffer er ei løysing med stabil surleiksgrad 4 (ikt) ein buffer er ein mellombels lagringsstad for data bufre v bufrar, bufra, bufra 1 å bufre er å fungere som buffer mot: spyttet bufrar syra 2 (ikt) å bufre er å mellomlagre Ñbuk m buken fl. bukar, bukane 1 ein buk er ein mageregion hos dyr: skjere opp buken 2 (spøk.) ein buk er ein mageregion hos menneske: fylle buken

NN_hoveddel_justert_test.indd 120

120

bukserbåt

3 ein buk er ein underdel av noko (t.d. flykropp) bukett m buketten fl. bukettar, bukettane 1 (bot.) ein bukett er ein bunt med blomar: ein bukett med markblomar; rosebukett 2 (overf.) ein bukett er ei gruppe av ulike element som utgjer ein heilskap: ein bukett med lovframlegg bukgjord f bukgjorda fl. bukgjorder, bukgjordene ei bukgjord er ei magereim på eit ridedyr el. trekkdyr bukhinne f bukhinna (anat.) ei bukhinne er ei hinne på innsida av bukhola: bukhinna dekkjer dei indre organa i bukhola bukhole f bukhola fl. bukholer, bukholene el. bukhòle f bukhòla fl. bukhòler, bukhòlene (anat.) ei bukhole er ei kroppshole mellom mellomgolvet og bekkenet bukk1 m bukken fl. bukkar, bukkane 1 (zool.) ein bukk er eit hanndyr av små drøvtyggjarar 2 ein bukk er ei innretning på fire bein: hoppe bukk; sagbukk 3 (særl. i samansetjingar, òg neds.) ein bukk er ein mann av tvilsam el. vanskeleg karakter; horebukk, jålebukk, stridbukk 4 ein bukk er ein bommert, feil: gjere ein bukk ■ hoppe bukk over (overf.) utelate bukk2 n bukket fl. bukk, bukka eit bukk er ein bøyg framover med hovudet og overkroppen (for å helse el. uttrykkje respekt): han gjorde eit djupt bukk bukke v bukkar, bukka, bukka 1 å bukke er å lage bøyg i: bukke metallet 2 å bukke er å bøye hovudet og overkroppen (for å helse el. vise respekt): bukke for kongen ■ bukke og skrape for (overf.) vise vørdnad ■ bukke under (overf.) gå til grunne bukollektiv n bukollektivet fl. bukollektiv, bukollektiva eit bukollektiv er ein bustad der alle areal utanom soveromma er felles: hybelrom til leige i bukollektiv Ñbukse f buksa fl. bukser, buksene ei bukse er eit klesplagg som dekkjer beina og underkroppen: ta på seg genser og bukse ■ med buksene nede (overf.) uførebudd ■ skjelve i buksene (overf.) vere redd buksedress m buksedressen fl. buksedressar, buksedressane ein buksedress er ei kvinnedrakt som består av langbukse og jakke bukserbåt m bukserbåten fl. bukserbåtar, bukserbåtane (sjø.) ein bukserbåt er ein båt som slepar ein annan båt

05/01/2021 16:53


buksere buksere v bukserer, bukserte, buksert (særl. sjø) å buksere er å hale, slepe (ein båt ved hjelp av ein annan) bukspyttkjertel m bukspyttkjertelen fl. bukspyttkjertlar, bukspyttkjertlane (anat.) ein bukspyttkjertel er ein kjertel i bukhola som produserer fordøyingsvæske og hormona insulin og glukagon Ñbukt f bukta fl. bukter, buktene 1 ei bukt er ein boge, ei kurve: landevegen gjekk i bukter 2 ei bukt er ein ring av oppkveila tau 3 (geogr.) ei bukt er ei avrunda innskjering i ei kystlinje: badestranda ligg inst i bukta; havbukt ■ få bukt med (overf.) få has på: få bukt med dei ekstra kiloa buktalar m buktalaren fl. buktalarar, buktalarane ein buktalar er ein person som kan få fram ord utan at leppene rører seg bukte v buktar, bukta, bukta (refl.) å bukte seg er å danne buktingar; slyngje seg: vegen buktar seg slakt vidare bukting f buktinga fl. buktingar, buktingane el. buktning f buktninga fl. buktningar, buktningane ei bukting er ei krumming, slynging: slakke svingar i buktingar; buormen har mange buktingar når han kryp bulder n bulderet fl. bulder, buldera eit bulder er ein høg, hol og rumlande lyd; larm, ståk: bulder og brak buldre1 v buldrar, buldra, buldra å buldre er å lage ein høg, hol og rumlande lyd: tiuren buldrar; torevêret buldra over oss buldre2 v buldrar, buldra, buldra (sport) å buldre er å klatre utan tau på steinar el. på vegger i låg høgd buldring f buldringa fl. buldringar, buldringane (sport) buldring er det å klatre utan tau på steinar el. på vegger i låg høgd bule1 f bula fl. buler, bulene ei bule er ein simpel serveringsstad: vi stakk innom ei bule; dansebule, spelebule bule2 m bulen fl. bular, bulane ein bule er ein hevelse, kul i ei (meir el. mindre) jamn overflate: ha bular i panna; sykle over ein stor bule i asfalten bule3 v bular, bula, bula å bule er å svelle, svulme: magen bula ut bulevard m bulevarden fl. bulevardar, bulevardane (geogr.) ein bulevard er ei brei storbygate med ei rekkje tre på kvar side bulgarar m bulgararen fl. bulgararar, bulgararane ein bulgarar er ein person som bur i el. kjem frå Bulgaria

NN_hoveddel_justert_test.indd 121

121

bunad

bulgarsk adj n. bulgarsk fl. bulgarske som gjeld Bulgaria el. bulgararar bulgur m bulguren (mat.) bulgur er (damp)kokte, knuste kveitekjernar bulimi m bulimien (med., psykol.) bulimi er ei etevegring kjenneteikna av overeting etterfølgd av oppkast (jf. anoreksi): mange jenter slit med bulimi bulimikar m bulimikaren fl. bulimikarar, bulimikarane (med., psykol.) ein bulimikar er ein person som lir av bulimi bulimisk adj n. bulimisk fl. bulimiske (med., psykol.) som gjeld bulimi og bulimikarar buljong m buljongen fl. buljongar, buljongane (mat.) (ein) buljong er (ein pulverterning med) kraft etter koking av kjøt, fisk el. grønsaker bulk m bulken fl. bulkar, bulkane ein bulk er ei fordjuping el. ein kul etter slag el. samanstøyt: bilen fekk ein diger bulk bulke v bulkar, bulka, bulka (slang) å bulke er å lage bulk(ar) i: bulke bilen bulkete adj n. bulkete fl. bulkete med bulkar: ein bulkete bil bulldogg m bulldoggen fl. bulldoggar, bulldoggane (zool.) ein bulldogg er ein mellomstor hund med brei kropp og flattrykt snute bulldosar m bulldosaren fl. bulldosarar, bulldosarane 1 ein bulldosar er ein traktor med breie belte og skyveblad 2 (overf.) ein bulldosar er ein person som busar fram bulle m bullen fl. bullar, bullane (relig.) ein bulle er ei kunngjering frå paven bulleteng m bulletengen fl. bulletengar, bulletengane ein bulleteng er ei kort, offisiell melding bulter subst brukt i uttrykket: ■ hulter til bulter i eit einaste rot bumerang m bumerangen fl. bumerangar, bumerangane 1 ein bumerang er eit australsk kastevåpen som kan svinge attende til kastaren: bumerangen trefte ikkje målet og kom flygande attende 2 (overf.) ein bumerang er ei handling, utsegn e.l. med tilbakeslag bumerke n bumerket fl. bumerke, bumerka (særl. i eldre tid) eit bumerke er eit eigarmerke, kjenneteikn bunad m bunaden fl. bunader, bunadene ein bunad er ei festdrakt med lokal tilknyting, laga etter ei tradisjonell folkedrakt; nasjonaldrakt; hardangerbunad, nordlandsbunad, telemarksbunad

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bunden Ñbunden adj n. bunde fl. bundne

1 som er fastbunden: ein bunden hest 2 (særl. jur.) forpliktande, pålagd: eit bunde mandat 3 (språkv., om adjektiv og substantiv) som har eit avgrensa, kjent tydingsinnhald: ein bunden artikkel; substantivet 'bordet' står i bunden form ■ bunden stil (littv.) uttrykksmåte med rytme og rim; poesi bungalow m bungalowen fl. bungalowar, bungalowane (arkit.) ein bungalow er eit einetasjes hus med veranda bunke1 m bunken fl. bunkar, bunkane ein bunke er ein haug, stabel av bøker, papir e.l.: rette ein bunke stilar ■ snu bunken (overf.) byrje frå starten att bunke2 v bunkar, bunka, bunka å bunke er å leggje noko i ein bunke, stabel; stue: bunke saman gamle blad ■ bunke seg opp (refl., òg overf.) hope seg opp: papira bunka seg opp; fansen bunka seg opp utanfor hotellet bunker m bunkeren fl. bunkerar, bunkerane 1 (mil., særl. i eldre tid) ein bunker er eit mindre forsvarsanlegg av betong 2 (sjø.) ein bunker er eit rom for drivstoff i eit fartøy 3 (sport) ein bunker er eit sandfelt på ein golfbane bunkers m bunkersen fl. bunkersar, bunkersane 1 (mil., i eldre tid) ein bunkers er eit mindre forsvarsanlegg av betong; bunker 2 (sjø.) bunkers er drivstoff til maskin(er) om bord på eit fartøy bunkre v bunkrar, bunkra, bunkra (sjø., om skip) å bunkre er å ta inn drivstoff bunt m bunten fl. buntar, buntane 1 ein bunt er fleire like einingar pakka saman i ein bundel; knippe: ein bunt garn; ein bunt gulrøter 2 (i samansetjingar, overf.) ein bunt er ein person som er prega av det føreleddet nemner; energibunt, muskelbunt, nervebunt 3 (fysikk) ein bunt er ei samling av lysstrålar 4 (matem.) ein bunt er ei samling av rette linjer som går gjennom det same punktet ■ heile bunten (overf., spøk.) heile gjengen bunte v buntar, bunta, bunta å bunte er å binde, samle noko i ein bunt: bunte saman blomar buntmakar m buntmakaren fl. buntmakarar, buntmakarane (særl. i eldre tid) ein buntmakar er ein handverkar som skjer til og lagar klede av pelsverk

NN_hoveddel_justert_test.indd 122

122

burmesisk

buorm m buormen fl. buormar, buormane (zool.) ein buorm er ein svartbrun orm med to kvitgule flekker på nakken buplikt f buplikta fl. buplikter, bupliktene (jur.) ei buplikt er ei plikt til å bu ein bestemd stad (jf. driveplikt) Ñbur n buret fl. bur, bura 1 eit bur er ei kasse el. eit rom med netting til oppbevaring av (kjæle)dyr: det var tre hetterotter i buret; fuglebur, kaninbur 2 eit bur er eit hus el. eit rom til oppbevaring av mat (på ein gard); stabbur 3 (i eldre tid) eit bur var eit hus med soverom (på ein gard) ■ halde buret reint (overf.) ikkje sleppe inn mål ■ sitje i buret (overf.) sitje i fengsel burde v bør, burde, burt brukt med tydinga 'måtte' el. 'skulle' (etter det som er rett, rimeleg el. ønskjeleg): du burde lese boka; ein bør følgje reglane; det bør vere ei enkel sak; du burde hjelpe ho over vegen ■ som seg hør og bør som er rett og rimeleg bure v burar, bura, bura (om dyr) å bure er å brøle, raute: oksen burar burettslag n burettslaget fl. burettslag, burettslaga eit burettslag er eit andelslag som gjev deleigarane bruksrett til eigen bustad burgar m burgaren fl. burgarar, burgarane 1 (mat.) burgar er ei kortform av hamburgar 2 (særl. i samansetjingar, mat.) ein burgar er ein matrett som liknar på ein burgar (i bet. 1), men som inneheld noko anna enn kjøt; fiskeburgar, vegetarburgar burka m burkaen fl. burkaer, burkaene ein burka er eit kvinneplagg som dekkjer heile kroppen, også andletet burkinar m burkinaren fl. burkinarar, burkinarane ein burkinar er ein person som bur i el. kjem frå Burkina Faso burkini m burkinien fl. burkiniar, burkiniane (opph. varemerke) ein burkini er ei heildekkjande badedrakt med hette: burkinien vart laga til muslimske kvinner burkinsk adj n. burkinsk fl. burkinske som gjeld Burkina Faso el. burkinarar burlesk adj n. burlesk fl. burleske grovt komisk: ein burlesk karakter burmesar m burmesaren fl. burmesarar, burmesarane 1 ein burmesar er ein person som bur i el. kjem frå Burma (tidl. Myanmar) 2 (zool.) ein burmesar er ein rasekatt med kort pels og gule auge burmesisk adj n. burmesisk fl. burmesiske som gjeld Burma el. burmesarar

05/01/2021 16:53


burnus burnus m burnusen fl. burnusar, burnusane ein burnus er ei (ull)kappe med hette burot f burota fl. burøter, burøtene (bot.) burot er ei høg ugrasplante av slekta malurt i korgplantefamilien: burot er ofte brukt i urtemedisin burrito m burritoen fl. burritoar, burritoane (mat.) ein burrito er ein meksikansk matrett beståande av ei fylt kveitepannekake gratinert med ost bursdag m bursdagen fl. bursdagar, bursdagane ein bursdag er ein fødselsdag burundiar m burundiaren fl. burundiarar, burundiarane ein burundiar er ein person som bur i el. kjem frå Burundi burundisk adj n. burundisk fl. burundiske som gjeld Burundi el. burundiarar bus adv direkte, like: gå bus på buse1 m busen fl. busar, busane 1 (folketru) ein buse er ein overnaturleg, skremmande skapning; busemann 2 (overf.) ein buse er ein brutal, skremmande person; busemann 3 ein buse er ein busemann, snørrklatt buse2 v busar, busa, busa å buse er å storme uforsiktig og tankelaust fram: han berre busar inn utan å banke ■ buse ut med røpe busemann m busemannen fl. busemenn, busemennene 1 (folketru) ein busemann er ein skummel, underjordisk skapning som særl. barn er redde for; buse: pass deg så ikkje busemannen kjem og tar deg 2 (overf.) ein busemann er ein (autoritær) person som skremmer nokon; buse: han har rykte på seg for å vere litt av ein busemann 3 ein busemann er eit størkna naseslim; buse: du har ein busemann i nasen busetje v buset, busette, busett el. busette v buset, busette, busett 1 (refl.) å busetje seg er å skaffe seg bustad (ein stad): dei valde å busetje seg på landbygda 2 å busetje er å ordne med bustad til: busetje flyktningar i kommunane busetjing f busetjinga fl. busetjingar, busetjingane el. busetting f busettinga fl. busettingar, busettingane 1 busetjing er det å busetje (seg): busetjing av einslege mindreårige flyktningar 2 ei busetjing er det same som ein busetnad: ny busetjing; spreidd busetjing; ei busetjing frå eldre tider bush [busj] m bushen (geogr., særl. i utlandet) ein bush er eit stort, udyrka område langt frå folk:

NN_hoveddel_justert_test.indd 123

123

bustad

han bur aleine ute i bushen; arta held til i bushen i Australia business [bisniss] m businessen fl. businessar, businessane 1 (økon.) business er det å drive ei forretning: drive business i utlandet 2 (økon.) ein business er ei forretning: eg vil starte min eigen business 3 ein business er ei (personleg) oppgåve, sak: det er ikkje min business Ñbusk m busken fl. buskar, buskane 1 (bot.) ein busk er ei fleirårig, låg plante som greinar seg opp av bakken: buskar og tre; ripsbusk, rosebusk, stikkelsbærbusk 2 (bot.) ein busk er eit (lite) tre som liknar på ein busk (i bet. 1); granbusk buskap m buskapen fl. buskapar, buskapane (jordbr.) ein buskap er ein husdyrbestand på ein gard buskas n buskaset fl. buskas, buskasa (bot.) eit buskas er ei samling av buskar; kratt buskeruding m buskerudingen fl. buskerudingar, buskerudingane ein buskeruding er ein person som bur i el. kjem frå det som fram til 2020 var Buskerud fylke, no ein del av Viken fylke buskete adj n. buskete fl. buskete (særl. om hårvekst) som liknar ein busk: eit buskete skjegg; ein buskete hale Ñbuss m bussen fl. bussar, bussane ein buss er eit stort firehjula motorkøyretøy til transport av mange personar: bussen er i rute; leige ein buss til skuleturen; bokbuss, russebuss busse1 m bussen fl. bussar, bussane (slang) ein busse er ein kamerat, kompis: ha gode bussar busse2 v bussar, bussa, bussa å busse er å reise el. frakte nokon med buss: busse til byen busserull m busserullen fl. busserullar, busserullane ein busserull er eit (arbeids)plagg til overkroppen, med rektangulær fram- og bakside og lange, vide erme bussterminal m bussterminalen fl. bussterminalar, bussterminalane ein bussterminal er ein stasjon for fleire bussruter, vanlegvis forsynt med billettkontor og ventehall bust f busta fl. buster, bustene ei bust er ei samling strie og stive hår: eit kost med stiv bust; grisebust, skjeggbust ■ reise bust 1 (om dyr) stritte håra på nakken og ryggen som teikn på (redsel og) sinne 2 (overf., om person) bli sint ■ slåst så busta fyk (overf.) slåst intenst Ñbustad m bustaden fl. bustader, bustadene 1 ein bustad er eit hus el. ei leilegheit der

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


bustete nokon bur: spare til eigen bustad; vere utan fast bustad; einebustad, sommarbustad, tomannsbustad 2 (overf.) ein bustad er ein stad der noko er til stades bustete adj n. bustete fl. bustete ukjemd, ustelt: bustete hår bustyre n bustyret fl. bustyre, bustyra (jur.) eit bustyre er eit styre av personar som har ansvaret for å gjere opp eit konkursbu el. eit dødsbu Ñbutikk m butikken fl. butikkar, butikkane 1 (økon.) butikk er forretning, verksemd: drive butikk 2 (økon.) ein butikk er ein fast utsalsstad for varer: gå i butikken; daglegvarebutikk ■ gjere butikk på (overf.) tene (mange) pengar på ■ stengje heile butikken (overf.) stanse eit prosjekt, ei verksemd på grunn av motgang butt1 m butten fl. buttar, buttane ein butt er eit trekar til mat (særl. smør) butt2 adj n. butt fl. butte 1 avrunda i enden; stump: ei butt nål til brodering 2 lubben, rund: ein butt mann 3 mutt, tverr: ei butt mine butte v buttar, butta, butta 1 å butte er å møtast butt i butt: togvognene butta 2 (òg overf.) å butte er å støyte imot: stolen buttar mot veggen; når livet buttar imot butterdeig [bøtterdeig] m butterdeigen fl. butterdeigar, butterdeigane (mat.) ein butterdeig er ein deig av mjøl og smør som blir kjevla i fleire lag; tertedeig butterfly m butterflyen (sport) butterfly er ei form for brystsymjing der armrørslene liknar vengeslag B-vitamin n B-vitaminet fl. B-vitamin, B-vitamina (med.) B-vitamin er eit vassoppløyseleg vitamin som finst m.a. i fisk, kjøt og mjølkeprodukt, særl. brukt for å styrkje nervesystemet og fordøyinga: ta B-vitamin; det er viktig å få i seg nok B-vitamin, særleg B6 og B12 1 Ñby m byen fl. byar, byane 1 (geogr.) ein by er eit tettbygd og tett folkesett område som er sentrum for administrasjon, handel og kultur: by og land; bu i Oslo by; byen er full av tilbod 2 (særl. i samansetjingar, geogr.) ein by er eit område som minner om ein by (i bet. 1); gruveby, hageby, stasjonsby 3 ein by er alle innbyggjarane i ein by (i bet. 1): heile byen møtte opp

NN_hoveddel_justert_test.indd 124

byggje

124

■ vere på byen vere i byen for å feste

2 Ñby v byr, baud, bode el. byde v byd, baud, bode

1 å by er å gje ordre, pålegg om; befale: gjere det som lova byr 2 å by er å bere fram ei helsing: by velkomen; dei baud farvel 3 å by er å leggje fram noko: by seg fram; by fram varer til sals 4 å by er å gje eit bod (særl. pristilbod): har du tenkt å by på huset?; han baud meg 10 000 for bilen 5 å by er å tilby: by gjestene først; by på forfriskingar 6 å by er å innby: by til bords; by opp til dans ■ by imot vekkje ubehag ■ by på problem vere problematisk ■ by under (økon.) gje lågare tilbod enn ■ ta det som byr seg godta det som skulle dukke opp bydel m bydelen fl. bydelar, bydelane ein bydel er ein del, eit område i ein by: bydelen Sagene i Oslo bye f bya fl. byer, byene el. bøye f bøya fl. bøyer, bøyene (meteorol.) ei bye er ei kortvarig og lokal skur; regnbye, snøbye, vindbye bygard m bygarden fl. bygardar, bygardane (arkit.) ein bygard er ein leigegard i ein by Ñbygd f bygda fl. bygder, bygdene 1 (geogr.) ei bygd er eit landområde med spreidd busetjing, der folk lever av særl. fiske, jordbruk el. skogbruk; heimbygd, nabobygd 2 ei bygd er innbyggjarane i ei bygd (i bet. 1): heile bygda møtte opp ■ kome på bygda (overf.) kome på folkemunne 1 Ñbygg n bygget 1 (bot.) bygg er ei kornplante i grasfamilien med kort veksttid 2 (bot.) bygg er korn av bygg (i bet. 1) 2 Ñbygg n bygget fl. bygg, bygga 1 (arkit.) eit bygg er ein ny bygning (under oppføring): bygget vil stå ferdig i august; bustadbygg, nybygg, råbygg 2 (arkit.) eit bygg er ein større bygning: rådhuset er eit verneverdig bygg; industribygg, regjeringsbygg bygging f bygginga bygging er det å byggje el. bli bygd: bygging av vindmøller Ñbyggje v byggjer, bygde, bygd el. bygge v bygger, bygde, bygd 1 å byggje er å føre opp noko el. la noko blir ført opp: byggje vegar; byggje nye bustadblokker; fuglen har bygd eit reir i treet 2 å byggje er å setje saman; konstruere: byggje eit modellfly; byggje ei bokhylle frå IKEA

05/01/2021 16:53


byggjefelt ■ byggje inn (overf.) føye noko (t.d. eit framlegg

el. ein idé) saman med noko eksisterande ■ byggje ned (overf.) trappe ned; redusere ■ byggje opp (overf.) utvikle: vi skal byggje opp kompetanse på området; eg vil gjerne byggje opp sjølvtilliten min ■ byggje ut 1 byggje ferdig: byggje ut ein bustad 2 gjere brukbar: byggje ut fossekrafta 3 forme, utvide: byggje ut ein metode ■ byggje på 1 utvide: byggje på huset 2 (overf.) basere seg på: byggje på erfaring byggjefelt n byggjefeltet fl. byggjefelt, byggjefelta el. byggefelt n byggefeltet fl. byggefelt, byggefelta (arkit.) eit byggjefelt er eit område som er regulert til husbygging byggjeløyve n byggjeløyvet fl. byggjeløyve, byggjeløyva el. byggeløyve n byggeløyvet fl. byggeløyve, byggeløyva (jur.) eit byggjeløyve er eit løyve frå kommunen til å setje i gang eit byggjearbeid byggjestein m byggjesteinen fl. byggjesteinar, byggjesteinane el. byggestein m byggesteinen fl. byggesteinar, byggesteinane 1 ein byggjestein er ein (mur)stein til bygging: hente byggjesteinar til grunnmuren 2 (overf.) ein byggjestein er ein del som noko er sett saman av; komponent: atoma er byggjesteinane i eit grunnstoff byggmeister m byggmeisteren fl. byggmeistrar, byggmeistrane ein byggmeister er ein handverksmeister som leiar oppføring av bygg byggverk n byggverket fl. byggverk, byggverka (arkit.) eit byggverk er ein (større) bygning e.l. som er oppført bygnad m bygnaden fl. bygnader, bygnadene 1 ein bygnad er ein bygning 2 ein bygnad er måten noko er bygd på; beinbygnad Ñbygning m bygningen fl. bygningar, bygningane 1 (arkit.) ein bygning er eit (stort) bygg, hus: offentlege bygningar; administrasjonsbygning, fabrikkbygning, hovudbygning 2 ein bygning er ei form, ein struktur; beinbygning, kroppsbygning bygsel f bygsla fl. bygsler, bygslene 1 (jur.) bygsel er det å leige (bort) jord 2 (jur.) bygsel er ein rett til å leige bort jord 3 (økon.) ein bygsel er ein sum som blir betala for leige av jord bygsle v bygslar, bygsla, bygsla (jur.) å bygsle er å leige (ut) ei tomt på bygsel: bygsle seg jord; hyttetomta var bygsla for mange år framover

NN_hoveddel_justert_test.indd 125

125

byråd

bykommune m bykommunen fl. bykommunar, bykommunane (forelda) ein bykommune var ein kommune med administrativ bystatus byks n bykset fl. byks, byksa eit byks er eit brått, plutseleg hopp: med eit byks spratt ho opp av stolen bykse v bykser, bykste, bykst å bykse er å løpe med hopp og rykk: bykse ut gjennom døra; kyrne bykste over tunet då dei slapp ut av fjøset bylgje f bylgja fl. bylgjer, bylgjene → bølgje 1 bylgjeblekk n bylgjeblekket fl. bylgjeblekk, bylgjeblekka → bølgjeblekk bylgjelengd f bylgjelengda fl. bylgjelengder, bylgjelengdene el. bylgjelengde f bylgjelengda fl. bylgjelengder, bylgjelengdene → bølgjelengd byll m byllen fl. byllar, byllane (med.) ein byll er ei avgrensa oppsamling av puss i kroppen; svull: kroppen var full av byllar ■ hol på byllen (overf.) løysing på noko som har vore eit problem bylt m bylten fl. byltar, byltane ein bylt er eit plagg e.l. som er tulla saman: ho hadde med seg nokon få ting i ein bylt byrd1 f byrda fl. byrder, byrdene el. byrde f byrda fl. byrder, byrdene (særl. overf.) ei byrd er noko som det er mentalt tungt å bere; bør: lette byrdene til nokon; store økonomiske byrder; fordelinga av byrder og gode ■ leggje stein til byrda (overf.) gjere vondt verre ■ vere til byrd for (overf.) vere til bry byrd2 f byrda fl. byrder, byrdene ei byrd er ei avstamming, ætt: av høg byrd; i rang og byrd byrdefull adj n. byrdefullt fl. byrdefulle el. børefull adj n. børefullt fl. børefulle belastande, vanskeleg: eit byrdefullt arbeidstilhøve Ñbyrje v byrjar, byrja, byrja 1 å byrje er å gå i gang med noko; begynne, starte: byrje arbeidet; byrje på skulen; byrje eit nytt og betre liv; ho byrja på ei ny bok 2 å byrje er å ta til: møtet byrjar no; det byrja å mørkne; eg byrjar å bli trøytt byrjing f byrjinga fl. byrjingar, byrjingane ei byrjing er ei begynning, ein start: lese ei bok frå byrjinga byrå n byrået fl. byrå, byråa 1 (særl. i samansetjingar) eit byrå er eit føretak el. ein institusjon som sørgjer for noko el. som formidlar noko; pressebyrå, reisebyrå, reklamebyrå 2 (i utlandet) eit byrå er ein del av styringsverket: FBI er eit byrå som jobbar med å verne amerikanske interesser byråd1 m byråden fl. byrådar, byrådane (polit.) ein byråd er ein medlem av ei politisk styresmakt i ein kommune (med parlamentarisk styre)

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


byråd byråd2 n byrådet fl. byråd, byråda (polit.) eit byråd er (eit rådsmøte med) heile den politiske styresmakta i ein kommune (med parlamentarisk styre) byråkrat m byråkraten fl. byråkratar, byråkratane 1 ein byråkrat er ein person som er tilsett i eit byråkrati 2 (neds.) ein byråkrat er ein trongsynt person som sit på eit kontor byråkrati n byråkratiet fl. byråkrati, byråkratia 1 eit byråkrati er (eit personale i) eit stort hierarkisk administrasjonsapparat i ein kommune el. stat: viktige vedtak blir gjorde i byråkratiet 2 (neds.) eit byråkrati er eit ineffektivt, tungvint saksarbeid: det er for mykje byråkrati i byggjesaker byråkratisk adj n. byråkratisk fl. byråkratiske 1 som gjeld byråkratar og byråkrati: dei fann eit byråkratisk smotthol 2 (neds.) omstendeleg, pedantisk: eit langt og byråkratisk saksarbeid bysse1 f byssa fl. bysser, byssene (sjø.) ei bysse er (ein komfyr i) eit kjøkken om bord i eit fartøy bysse2 v byssar, byssa, byssa å bysse er å få eit barn til å sove ved å nynne for det byste m bysten fl. bystar, bystane 1 (anat.) ein byste er eit brystparti på ei kvinne 2 ein byste er ein skulptur av eit menneskehovud med hals og brystparti bysykkel m bysykkelen fl. bysyklar, bysyklane 1 ein bysykkel er ein sykkel som eignar seg til bruk i byen: kjøpe seg ein bysykkel 2 ein bysykkel er ein sykkel som ein kan leige (mot betaling) til bruk i byen: bysyklane i Oslo byte1 [bait] m byten fl. bytar, bytane (ikt) byte er ei grunneining for datamengd; gigabyte, kilobyte, megabyte; symb. B byte2 n bytet fl. byte, byta 1 eit byte er ein handel, eit skifte: gjere eit godt byte 2 eit byte er ekstra klede; ombyte: ta med byte 3 Ñbyte v byter, bytte, bytt 1 å byte er å gje noko frå seg og få noko anna i staden: byte plass; byte roller; byte til seg russekort; byte bøker på biblioteket 2 å byte er å skifte til noko av same slag: byte genser; byte tog i Oslo 3 å byte er å fordele: byte fangsten mellom seg ■ byte på avløyse skiftevis: byte på å vaske badet ■ byte ut erstatte, skifte: byte ut vaskemaskina bytehandel m bytehandelen fl. bytehandlar, bytehandlane 1 (økon.) ein bytehandel er ein handel med utveksling av varer: det var ein god bytehandel

NN_hoveddel_justert_test.indd 126

126

bølgje

2 (overf.) ein bytehandel er ein avtale om å gjengjelde ei teneste med ei anna: politikarane gjorde ein bytehandel byting1 f bytinga fl. bytingar, bytingane byting er det å byte (ut) noko(n); skifte byting2 m bytingen fl. bytingar, bytingane (folketru) ein byting er eit vanskapt barn av overnaturleg opphav som ein trudde hadde vorte bytt ut med sitt eige bytte1 n byttet fl. bytte, bytta 1 eit bytte er noko (t.d. gods) som er tatt med makt: dei delte byttet seg imellom; krigsbytte 2 (òg overf.) eit bytte er eit offer: katten leika med byttet sitt; trehuset vart eit lett bytte for flammane bytte2 f bytta fl. bytter, byttene → bøtte 1 bytte3 v byttar, bytta, bytta → bøtte 2 bær n bæret fl. bær, bæra (bot.) eit bær er ei lita, saftfull frukt av ulike planter: plukke bær; blåbær, bringebær, kirsebær bæring m bæringen fl. bæringar, bæringane ein bæring er ein person som bur i el. kjem frå Bærum bæsj m bæsjen fl. bæsjar, bæsjane (barnesp.) ein bæsj er ei avføring, eit ekskrement bæsje v bæsjar, bæsja, bæsja (barnesp.) å bæsje er å ha avføring; skite: ho måtte bæsje; bæsje på seg bø m bøen fl. bøar, bøane (geogr., jordbr.) ein bø er ei innmark bøddel m bøddelen fl. bødlar, bødlane 1 (særl. i eldre tid, i utlandet) ein bøddel er ein person som utfører ei avretting 2 (overf.) ein bøddel er ein sadistisk person bøffel m bøffelen fl. bøflar, bøflane (zool.) ein bøffel er eit stort drøvtyggjande klauvdyr i oksefamilien, med brunt skinn og flate, trekantforma horn: afrikanske og asiatiske bøflar bøk m bøken fl. bøkar, bøkane 1 (bot.) ein bøk er eit stort lauvtre i bøkefamilien med tett krone og lêraktige, ovale blad 2 bøk er materiale av bøk (i bet. 1) bøkkar m bøkkaren fl. bøkkarar, bøkkarane (i eldre tid) ein bøkkar var ein person som laga tønner bøkling m bøklingen fl. bøklingar, bøklingane 1 (mat.) ein bøkling er ei varmrøykt småsild 2 (mat.) ein bøkling er ein lettsalta småsei bøle n bølet fl. bøle, bøla 1 (særl. i samansetjingar) eit bøle er ein tilhaldsstad for menneske; hovudbøle, vikingbøle 2 eit bøle er ein tilhaldsstad for dyr; bol, reir 1 Ñbølgje f bølgja fl. bølgjer, bølgjene el. bølge f bølga fl. bølger, bølgene el. bylgje f bylgja fl. bylgjer, bylgjene

05/01/2021 16:53


bølgje 1 ei bølgje er ei rørsle på vatn som synest å rulle bortetter: båten vogga på bølgjene; høge bølgjer slo mot land 2 ei bølgje er noko som liknar el. minner om ei bølgje (i bet. 1): ei bølgje av arrestasjonar; han hadde fine bølgjer i håret; hetebølgje, stemningsbølgje 3 (fysikk) ei bølgje er (ei utbreiing av) ein periodisk og systematisk variasjon av fysisk storleik: elektromagnetiske bølgjer; lydbølgje, lysbølgje ■ gå i bølgjer (overf.) gå opp og ned ■ ta bølgja (overf., om publikum e.l.) gjere ei bølgjerørsle som teikn på glede bølgje2 v bølgjar, bølgja, bølgja el. bølge v bølgar, bølga, bølga 1 å bølgje er å røre seg i bølgjer: havet bølgja; bølgje fram og tilbake 2 (overf.) å følgje er å forme seg som bølgjer: kjenslene bølgja i ho bølgjeblekk n bølgjeblekket fl. bølgjeblekk, bølgjeblekka el. bølgeblekk n bølgeblekket fl. bølgeblekk, bølgeblekka el. bylgjeblekk n bylgjeblekket fl. bylgjeblekk, bylgjeblekka (eit) bølgjeblekk er ei blekkplate med bølgjete form: leggje bølgjeblekk på taket bølgjelengd f bølgjelengda fl. bølgjelengder, bølgjelengdene el. bølgjelengde f bølgjelengda fl. bølgjelengder, bølgjelengdene el. bølgelengd f bølgelengda fl. bølgelengder, bølgelengdene el. bølgelengde f bølgelengda fl. bølgelengder, bølgelengdene el. bylgjelengd f bylgjelengda fl. bylgjelengder, bylgjelengdene el. bylgjelengde f bylgjelengda fl. bylgjelengder, bylgjelengdene ei bølgjelengd er ein avstand mellom to punkt med same svingetilstand ■ vere på bølgjelengd med (overf.) ha mykje felles med og difor forstå bøling m bølingen fl. bølingar, bølingane 1 ein bøling er ein buskap; fe: bølingen står på båsen 2 (overf., spøk.) ein bøling er ein gjeng, hurv (av menneske): heile bølingen gjekk mot byen bølle1 f bølla fl. bøller, bøllene ei bølle er ein brutal, rå person: skulen var full av bøller bølle2 v bøllar, bølla, bølla å bølle er å oppføre seg som ei bølle: bølle med nokon på skulen bømling m bømlingen fl. bømlingar, bømlingane ein bømling er ein person som bur på el. kjem frå Bømlo bøn f bøna fl. bøner, bønene → bønn bønemøte n bønemøtet fl. bønemøte, bønemøta → bønnemøte bønfalle v bønfell, bønfall, bønfalle → bønnfalle bønleg adj n. bønleg fl. bønlege → bønnleg

NN_hoveddel_justert_test.indd 127

127

børste

Ñbønn f bønna fl. bønner, bønnene el. bøn f bøna fl.

bøner, bønene 1 (relig.) ei bønn er ei påkalling av ei høgare makt: ei bønn til Gud; aftanbønn, bordbønn, kveldsbønn 2 ei bønn er ei inderleg, sterk oppmoding: ei bønn om hjelp bønne f bønna fl. bønner, bønnene 1 (bot.) bønne er ei belgplante i erteblomfamilien 2 (bot.) ei bønne er (ein belg med) eit frø av bønne (i bet. 1), brukt som grønsak: brune og kvite bønner; aspargesbønne, brekkbønne 3 ei bønne er noko som liknar på ei bønne (i bet. 2); kaffibønne, kakaobønne bønnemøte n bønnemøtet fl. bønnemøte, bønnemøta el. bønemøte n bønemøtet fl. bønemøte, bønemøta (relig.) eit bønnemøte er eit møte med felles bønn og opplesing av religiøs tekst bønnepostei m bønneposteien fl. bønneposteiar, bønneposteiane (mat.) bønnepostei er ein (vegansk el. vegetarisk) postei av bønner og krydder bønnfalle v bønnfell, bønnfall, bønnfalle el. bønfalle v bønfell, bønfall, bønfalle å bønnfalle er å be inntrengjande og audmjukt om noko: bønnfalle nokon om hjelp bønnleg adj n. bønnleg fl. bønnlege el. bønleg adj n. bønleg fl. bønlege (òg som adv.) bedande: eit bønnleg blikk; be bønnleg om å få bli bør1 f børa fl. bører, børene (òg overf.) ei bør er noko (tungt) som ein ber: ei bør med ved; ei så tung bør treng du ikkje ta på deg bør2 m børen fl. børar, børane (meteorol.) ein bør er ein seglvind: dei hadde god bør utover fjorden børefull adj n. børefullt fl. børefulle → byrdefull børs m børsen fl. børsar, børsane 1 (økon.) ein børs er ein marknad for omsetnad av valuta, varer el. verdipapir: spekulere på børsen; aksjebørs, svartebørs, valutabørs 2 (økon.) ein børs er ein institusjon som driv elektronisk omsetnad av valuta, varer el. verdipapir: kursstiging på børsen i Tokyo børse1 f børsa fl. børser, børsene ei børse er eit langt skytevåpen; gevær børse2 f børsa fl. børser, børsene → bøsse børste1 m børsten fl. børstar, børstane 1 ein børste er ein kost med kort (og stiv) bust: skure golvet med børste; hårbørste, tannbørste, skobørste 2 ein børste er ein maskindel som fører straum frå el. til ein roterande del 3 ein børste er eit (stivt) hår på visse dyr

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


børste børste2 v børstar, børsta, børsta å børste er å reinske el. stryke med børste: børste terrassen; ho børsta håret bøs adj n. bøst fl. bøse 1 bister, sint: ha ein bøs far 2 kry, overmodig: ei bøs jente bøss n bøsset eit bøss er eit rask, rusk: feie saman bøsset ■ ikkje det bøss (overf.) ikkje det spor; ingenting bøsse f bøssa fl. bøsser, bøssene el. børse f børsa fl. børser, børsene ei bøsse er ein liten behaldar til krydder el. pengar; peparbøsse, saltbøsse, sparebøsse bøte v bøter, bøtte, bøtt 1 å bøte er å setje bot på; lappe, reparere: bøte eit garn; bøte buksene 2 (òg overf.) å bøte er å betale i bot: bøte 500 kroner; han måtte bøte på skaden; ho måtte bøte med livet ■ bøte for (overf.) svi, unngjelde for bøteleggje v bøtelegg, bøtela, bøtelagt el. bøtelegge v bøtelegg, bøtela, bøtelagt (jur.) å bøteleggje er å gje noko(n) ei bot bøtte1 f bøtta fl. bøtter, bøttene el. bytte f bytta fl. bytter, byttene 1 ei bøtte er ein rund og open behaldar med hank: fylle vatn i ei bøtte; plastbøtte, vaskebøtte 2 ei bøtte er ei mengd som det er plass til i ei bøtte (i bet. 1): ho fekk ei bøtte med vatn over seg 3 (i samansetjingar, neds.) ei bøtte er ein person som er svær til å gjere det føreleddet nemner; bråkebøtte, skravlebøtte bøtte2 v bøttar, bøtta, bøtta el. bytte v byttar, bytta, bytta 1 å bøtte er å regne stritt: det bøtta ned ute 2 å bøtte er å drikke grådig: han bøtta i seg mjølk bøye1 m bøyen fl. bøyar, bøyane 1 (sjø.) ein bøye er eit flytande sjømerke el. ei flytande fortøyingsinnretning 2 (sjø.) ein bøye er ein livbøye 2 Ñbøye v bøyer, bøygde, bøygd 1 å bøye er å lage ein boge el. ei buktning på noko: bøye knea; bøye ei jernstong; bøye greinene til side; ho måtte bøye seg for å ta opp pennen 2 å bøye er å svinge: ho bøygde om hjørnet; vegen bøyer av til venstre 3 (språkv.) å bøye er å bruke el. rekne opp dei grammatiske formene til eit ord: bøye substantiv; bøye eit sterkt verb ■ bøye seg for (overf.) gje etter for: leiinga bøygde seg for presset utanfrå bøye3 f bøya fl. bøyer, bøyene → bye bøyel m bøyelen fl. bøylar, bøylane 1 ein bøyel er ei (til)bøygd stong av særl. metall

NN_hoveddel_justert_test.indd 128

128

båt

el. plast: BH med bøyel; hårbøyel, stigbøyel, vernebøyel 2 (sjø.) ein bøyel er eit fiskesnøre bøyeleg adj n. bøyeleg fl. bøyelege 1 som kan bøyast: eit styrbart og bøyeleg instrument; mots. ubøyeleg 2 (språkv.) som har bøyingsformer: eit bøyeleg verb; mots. ubøyeleg bøyg m bøygen fl. bøygar, bøygane 1 ein bøyg er det å bøye seg: tøyg og bøyg 2 (folketru) ein bøyg er eit (usynleg) slangeliknande vesen 3 (overf.) ein bøyg er ei hindring, ein vanske: det var ein bøyg å kome i gang med treninga att bøying f bøyinga fl. bøyingar, bøyingane 1 bøying er det å bøye (seg) el. bli bøygd: gjere bøyingar etter trening 2 (språkv.) bøying er det å bøye eit ord; fleksjon: sterk og svak bøying; bøyinga av eit substantiv Ñbåde konj brukt saman med 'og' for å vise at utsegna gjeld begge el. alle ledd som følgjer: han var både trøytt og sliten; dette gjeld både barn og vaksne ■ eit både–og (som subst.) begge delar: ikkje eit anten–eller, men eit både–og båe1 m båen fl. båar, båane (geogr.) ein båe er ei grunne el. eit skjer i sjøen båe2 determ kvant → begge Ñbål n bålet fl. bål, båla eit bål er ein haug av kvister el. anna materiale som brenn el. skal brennast: tenne eit bål; byggje opp eit bål; bålet brenn godt; heksa vart brend på bålet ■ bere ved til bålet (overf.) skape ytterlegare konflikt: ho bar ved til bålet med fråsegnene sine bånsull m bånsullen fl. bånsullar, bånsullane (mus.) ein bånsull er ei (norsk) voggevise bår f båra fl. bårer, bårene → båre 1 båre1 f båra fl. bårer, bårene el. bår f båra fl. bårer, bårene 1 (med.) ei båre er ein berereiskap til flytting av sjuke 2 ei båre er ei likkiste: leggje blomar på båra båre2 f båra fl. bårer, bårene (meteorol.) ei båre er ei (hav)bølgje bås m båsen fl. båsar, båsane 1 ein bås er ein plass for husdyr i eit fjøs: ha mange kyr på båsen 2 (òg overf.) ein bås er eit lite, avskjerma område: dei hadde kvar sin bås i kontorlandskapet; hjernen sorterer kunnskap i båsar ■ plassere i båsar (overf.) dele (folk) inn i bestemde grupper Ñbåt m båten fl. båtar, båtane 1 (sjø.) ein båt er eit fartøy som blir drive fram

05/01/2021 16:53


båtbyggjeri

129

med årer, segl el. motor: gå om bord i ein båt; ta båten til Danmark; hurtigbåt, robåt, seglbåt 2 ein båt er noko som liknar på ein båt (i bet. 1); appelsinbåt, lakrisbåt ■ i same båt (overf.) i same (vanskelege) situasjon båtbyggjeri n båtbyggjeriet fl. båtbyggjeri, båtbyggjeria el. båtbyggeri n båtbyggeriet fl. båtbyggeri, båtbyggeria (sjø.) eit båtbyggjeri er eit føretak som byggjer og reparerer mindre båtar båtfolk n båtfolket fl. båtfolk, båtfolka (sjø.) båtfolk er personar som nyttar båt i fritida båtførar m båtføraren fl. båtførarar, båtførarane (sjø.) ein båtførar er ein førar av ein mindre (motor)båt båtførarprøve f båtførarprøva (sjø., utd.) ei båtførarprøve er ei prøve i sjøvegsreglar og praktisk skipsarbeid for småbåtar båtshake m båtshaken fl. båtshakar, båtshakane (sjø.) ein båtshake er ei rund jerntong med hake og spiss til å halde fast el. skyve bort ein båt med båtsmann m båtsmannen fl. båtsmenn, båtsmennene (sjø.) ein båtsmann er ein arbeidsleiar på skipsdekk båtstø f båtstøa fl. båtstøer, båtstøene (sjø.) ei båtstø er ein plass i sjøkanten til å trekkje opp ein båt båtvit n båtvitet el. båtvett n båtvettet (sjø.) eit båtvit er ei fornuftig åtferd i ein båt: vise båtvit

C C1 m C-en fl. C-ar, C-ane el. c m c-en fl. c-ar, c-ane 1 (språkv.) brukt om språklyden, konsonanten c 2 (språkv.) brukt som bokstavteikn for språklyden c, det tredje bokstavteiknet i alfabetet 3 brukt om den el. det neste etter B i ei rekkje av kategoriar, storleikar el. ting: han fekk sluttkarakteren C 4 (mus.) brukt om (noten for) den første tonen i stamtonerekkja: spele ein høg c; C-dur, c-moll C2 symb 1 (kjemi) symbol for karbon 2 (fysikk) symbol for celsius 3 (fysikk) symbol for coulomb 4 (matem.) brukt som romersk talteikn for hundre (100)

NN_hoveddel_justert_test.indd 129

canasta

c fork forkorting for centica. fork forkorting for cirka cabincruiser [kæbbinkruser] m cabincruiseren fl. cabincruiserar, cabincruiserane (sjø.) ein cabincruiser er ein hurtiggåande motorbåt med kabin café-au-lait [kafe å le] m café-au-laiten fl. caféau-laitar, café-au-laitane el. cafe-au-lait m cafe-au-laiten fl. cafe-au-laitar, cafe-aulaitane (ein) café-au-lait er ein (kopp med ein) kaffidrikk som er laga av espresso og varm mjølk cal [kal] symb symbol for kalori calypso [kalypso] m calypsoen fl. calypsoar, calypsoane ein calypso er ein dans frå Vestindia (el. musikk til denne dansen) camembert [kamambær] m camemberten fl. camembertar, camembertane (mat.) ein camembert er ein blaut kvitmuggost (etter byen Camembert i Normandie) camp [kamp el. kæmp] m campen fl. campar, campane ein camp er ein leir el. ei samling: reise på camp i sommar; bibelcamp, fotballcamp campe [kampe el. kæmpe] v campar, campa, campa å campe er å feriere i campingvogn, telt e.l.: vi campa oss gjennom heile Europa camping [kamping el. kæmping] f campinga fl. campingar, campingane 1 camping er det å feriere i campingvogn, telt e.l.: reise på camping i Nordmarka 2 ei camping er ein campingplass: du finn oss ved inngangen til campinga campingplass [kampingplass el. kæmpingplass] m campingplassen fl. campingplassar, campingplassane ein campingplass er eit større område der ein kan feriere i campingvogn, telt e.l. campingvogn [kampingvogn el. kæmpingvogn] f campingvogna fl. campingvogner, campingvognene ei campingvogn er ei husvogn som ein kan flytte rundt ved hjelp av ein personbil campus [kampus] m campusen fl. campusar, campusane (utd.) ein campus er eit større område med bygningar som høyrer til ein høgskule el. eit universitet canadiar [kanadiar] m canadiaren fl. canadiarar, canadiarane el. kanadiar m kanadiaren fl. kanadiarar, kanadiarane ein canadiar er ein person som bur i el. kjem frå Canada canadisk [kanadisk] adj n. canadisk fl. canadiske el. kanadisk adj n. kanadisk fl. kanadiske som gjeld Canada el. canadiarar canasta [kanasta] m canastaen (spel) canasta er eit kortspel med to kortstokkar

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

05/01/2021 16:53


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.