6 minute read

Eit stort biologisk mangfald

Next Article
Ordforklaringar

Ordforklaringar

Insekt er viktige for pollineringa av mange blomar.

I dag deler vi jordkloden med millionar av andre artar. Overalt på planeten finn vi liv. Tenk på kor ulike artane kan vere! Frå eincella organismar på nokre milliondels gram til over hundre tonn tunge kvalar. Blomar og fuglar finst i alle fargane i regnbogen. Det er nesten ingen grenser for variasjon i naturen. Per 2019 kjenner vi til litt under to millionar artar. Men størsteparten av artane på jorda er enno ikkje oppdaga. Ingen veit kor mange som eksisterer, men mange forskarar reknar med at det kan vere meir enn ti millionar! Dei aller fleste er insekt.

Totalt er det mellom eitt og ti trillionar (1018–1019) individ som heile tida flyr, kryp og kravlar på jorda. Det er meir enn 200 millionar insekt for kvart menneske!

Vi tenkjer kanskje ikkje over det, men utan insekta hadde livet på jorda sett ganske annleis ut. Mange av insekta er nemleg nødvendige for at blomar blir pollinerte, slik at plantene kan lage frø og frukter. Utan insekta ville dei døydd ut. Då ville vi hatt mykje færre slag av blomar og frukter. Dessutan er insekt mat for fuglar, pattedyr, edderkoppar og enkelte planter. Desse ville også blitt borte dersom insekta forsvann.

I vår del av verda er det særleg biene (tambier, villbier og humler) som syter for pollinering. Utan dei kunne vi gløyme produksjon av matplanter som squash, graskar, tomatar, eple, pærer, kirsebær, bringebær, rips, jordbær, blåbær og raps. Insekta kan også vere våre fiendar. Mange av dei farlegaste sjukdommane som kan ramme oss menneske, blir overførte med insekt. Pestbakterien, som under svartedauden drap annakvart menneske i vår del av verda på 1300-talet, blei overført med lopper eller lus. I vår tid døyr over 400 000 menneske kvart år av parasittsjukdommen malaria. Parasitten blir overført med mygg. Nokre naturtypar inneheld svært mange artar. Truleg lever over halvparten av artane på jorda i dei tropiske regnskogane. Korallrev har også eit stort mangfald av artar, samanlikna med andre levestader i havet.

Når eit område har mange ulike artar og naturtypar, seier vi at det har eit stort biologisk mangfald.

Det biologiske mangfaldet i eit område kan delast i tre: • talet på ulike naturtypar • talet på artar (artsmangfald) • arvestoffa til artane (genetisk mangfald)

I dette fjellandskapet er elva, fjellbjørkeskogen og fjelltoppane eigne økosystem i naturtypen fjell.

Naturtypar

Ein naturtype er eit større område enn eit økosystem. Dersom vi kallar fjellet for ein naturtype, vil det for eksempel innehalde ein skog, ei myr, ei elv, eit vatn og ein fjelltopp. Kvart av desse økosystema kan delast inn i mange undertypar etter kva artar som lever der. Det er for eksempel stor forskjell på ein granskog, ein furuskog og ein fjellbjørkeskog. Og ein innsjø i låglandet med mykje næringssalt har heilt andre fiskeartar enn ein næringsfattig innsjø høgt til fjells. Dess fleire ulike økosystem det er i eit område, dess større biologisk mangfald har det.

Mange ulike artar – artsmangfald

Dei forskjellige artane har kvar si rolle der dei lever. Ekorn er til nytte for eiketrea fordi dei hjelper til med å spreie eikenøttene. Ekorn er også mat for mår og hønsehauk, og dei er vert for parasittar. Slik er det med alle artar – kvar av dei bidreg med noko i økosystemet.

Dersom ein art forsvinn frå eit økosystem, kan det få store konsekvensar. Kva ville for eksempel skje dersom maurane blei utrydda i ein norsk skog? Då vil fleire fuglar og pattedyr miste den viktigaste maten sin. I Noreg lever dei to hakkespettartane grønspett og gråspett nesten berre av maur. Utan maur i skogen vil desse spettane forsvinne. Dette vil mellom anna gå ut over andre fugleartar, for spettane lagar holrom i trea som mange fuglar bruker som reirhol.

Grønspett lever nesten berre av maur.

Ulike fargar kjem av genetisk variasjon i kuflokken.

Genetisk mangfald

Nesten alle menneske ser forskjellige ut. Det kjem av at nokre av arveanlegga (genane) varierer mellom ulike menneske. Slik er det med ekorn og alle andre artar også. Ingen av dei er heilt like. Vi kallar dette genetisk mangfald hos kvar art. At genane er forskjellige hos dei enkelte individa, er viktig for at arten skal kunne overleve i lang tid. Dersom det for eksempel blir kaldare i eit område i løpet av hundre år, vil kanskje mange ekorn døy av kulde. Men nokre overlever fordi dei har arveanlegg for litt lengre pels. Blant tamme dyr er arveanlegga ofte mindre varierte enn hos dei artane som lever i naturen. Gjennom lang tid har bøndene valt ut dei husdyra som har best eigenskapar. Det er berre desse dyra som har blitt

Eit kulturlandskap er eit landskap som er påverka av menneskelege aktivitetar. brukt i avl (fått ungar). Slik har det halde fram i mange generasjonar. Mange genar er dermed blitt «luka ut», og dyra har blitt meir og meir like. Dette kan vere ein stor fordel for bøndene. Dei vil gjerne at alle kyrne deira produserer mykje mjølk, og at alle hønene legg mange egg. Men når nesten alle arveanlegga er like, er det også større risiko for at alle døyr dersom for eksempel ein ny sjukdom dukkar opp. Det kjem av at ingen av dyra har genar som gjer dei motstandsdyktige mot sjukdommen. Det same gjeld dyrka planter. Lite genetisk mangfald gjer dei meir sårbare mot sjukdommar, klimaendringar og andre forandringar i miljøet.

Biologisk mangfald i Noreg

Vi har eit stort mangfald av naturtypar i landet vårt. I tillegg til hav og kystnatur har vi mellom anna innsjøar, skogar, myrer, fjellvidder og

kulturlandskap.

Nesten alle artar som finst i Noreg, kom hit etter siste istid for omtrent 10 000 år sidan. Då smelta isen, så planter og dyr kunne slå seg ned her. Men naturen har blitt sterkt påverka av menneskelege aktivitetar gjennom tusenvis av år. Naturen hadde sett ganske annleis ut om det ikkje var for at husdyr har beitt og menneske har slått, brent og hausta gras og lauv. Slike kulturlandskap er blant dei mest artsrike naturtypane vi har.

Alt i alt lever det mellom 40 000 og 60 000 ulike artar i Noreg. Over halvparten av dei er virvellause dyr (sniglar, krepsdyr, insekt), og mange av desse veit vi lite om. Vi manglar også kunnskap om eincella organismar. Men vi veit svært mykje om planter, fisk, fuglar og pattedyr. Klima og næringsforhold har mykje å seie for kva artar som trivst i ein naturtype. Men påverknad frå mennesket har også mykje å seie. Gamle barskogar der døde tre har blitt ståande, har eit mykje større artsmangfald enn skog som blir hogd med moderne metodar. I dei døde trea lever mange artar som bidreg til nedbryting av trea, og som andre artar treng som mat for å overleve. For eksempel er meir enn 700 norske billeartar avhengige av at skogen inneheld døde tre.

Dersom dei forskjellige artane i Noreg hadde hatt stemmerett i stortingsvalet, ville artsgruppene blitt representerte som på denne figuren. Legg merke til at alle virveldyr (pattedyr, fuglar, fiskar, amfibium og krypdyr) til saman berre har 2 % av stemmene, mens insekta åleine har 43 %!

Oteren er i dag utrydda i store delar av Europa. I Noreg er oter nokså vanleg langs kysten frå Nordmøre og nordover, og vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på arten.

Det biologiske mangfaldet i Noreg er nokså lite når vi samanliknar med mange andre land. Det er likevel viktig å ta vare på det. Dei store variasjonane vi har i landskap og klima, gjer at Noreg har fleire naturtypar som er spesielle for landet. Dette gjeld spesielt langs kysten og i fjordane. Fleire av dei artane som finst i Noreg, er utrydda eller sterkt trua elles i Europa. Eksempel på slike artar er oter, havørn og elvemusling. Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på desse artane.

This article is from: