
5 minute read
Oppgåver
Næringskjeder og krinsløp i naturen
LES OG SVAR
1 Hest og esel kan få ungar saman (muldyr eller mulesel). Kva er grunnen til at dei likevel blir rekna som to artar?
2 Nemn nokre eksempel på korleis levande organismar kan påverke sitt miljø. 3 Forklar kva eit økosystem er, og gi minst tre eksempel på økosystem. 4 Forklar kva vi meiner med biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem, og gi minst tre eksempel på kvar av dei. 5 Nemn nokre eksempel på artar som både kan vere førsteforbrukarar og andreforbrukarar.
6 Kva lever nedbrytarane av? Nemn tre eksempel frå ein granskog. 7 Forklar med eigne ord korleis energi blir overført i ei næringskjede. 8 Kva vil det seie at karbon går i krinsløp i naturen?
GJER OG LÆR
9 Tenk deg at næringskjeda gran → ekorn → mår → gaupe er den einaste næringskjeda i eit bestemt økosystem.
Kva kan skje med talet på ekorn i dette økosystemet dersom: a) grantrea produserer ekstra mange kongler eit år? b) mange jegerar begynner å jakte på mår? c) ein sjukdom rammar gaupene, slik at mange av dei døyr? 10 Finn eit naturområde i nærleiken av skulen eller der du bur, og prøv å finne spor eller sporteikn etter forskjellige fuglar og pattedyr. Om vinteren er det ofte lett å finne sporavtrykk i snøen. Om sommaren er det enklare å finne spor der dyret har ete og etterlate restar og ekskrement. Ofte kan du også finne spor etter stell og markering av territorium. Teikn eller ta bilete av dei ulike sporteikna. Legg ein liten gjenstand (for eksempel ein linjal eller ei fyrstikkøskje) ved sida av sporteiknet, så storleiken blir tydeleg. Prøv å finne ut kva dyr som har laga sporet eller etterlate sporteiknet.
11 Bruk oppslagsverk eller internett til å finne namn og levemåte hos minst ti artar som lever i havet, og plasser dei i eit næringsnett. 12 Bruk internett til å finne namn på nokre organismar i tre ulike økosystem, og skriv opp nokre næringskjeder frå kvar (for eksempel ein innsjø, ein lauvskog og eit havområde).
DISKUTER
13 Korleis ville det gått dersom alle nedbrytarar på jorda døydde ut? 14 Kan eit menneske vere a) produsent, b) førsteforbrukar, c) andreforbrukar, d) både førsteforbrukar og andreforbrukar? Grunngi svaret. 15 Ein vegetarianar er ein person som heilt eller for det meste lever av matvarer frå planteriket. Det er mange ulike grunnar til å velje dette kosthaldet. Ein av dei har med energioverføring i næringskjeda å gjere.
Sit saman i små grupper og diskuter påstanden: «Eg et ikkje kjøtt fordi det er bra for miljøet. Vi bruker mindre energi og ressursar dersom vi et korn, frukt og grønt sjølve i staden for å bruke det til dyrefôr.»
GÅ VIDARE
16 Leit på internett etter ei god forklaring på korleis vatn går i krinsløp i naturen.
Lag ei stor oversikt, for eksempel ein plakat, der du følgjer eitt vassmolekyl (H2O) på vegen gjennom planter, dyr, luft og vatn.
Økologi – samspelet i naturen
LES OG SVAR
1 Kva er ein bestand?
2 Vel eit økosystem og ein art som lever der. Nemn minst tre ressursar som den arten er avhengig av for å overleve. 3 Kvifor kan det bli færre ekorn i ein granskog dersom det kjem mange nøttekråker og slår seg ned i skogen? 4 Kva to organismar består lav av, og korleis samarbeider dei?
5 Kva er det du vanlegvis ser av ein sopp om hausten, og kva oppgåve har denne?
6 Kvar held det meste av ein sopp seg, og korleis ser dette ut? 7 Kva er flått, og kvifor kan flåttbit vere farleg?
GJER OG LÆR
8 Symbiose er eit tett samliv mellom to ulike artar. a) Bruk oppslagsverk eller internett og finn minst tre eksempel på symbiose i naturen. b) Dersom begge artane har nytte av symbiosen, har dette eit eige namn. Finn ut kva det heiter, og finn nokre eksempel. 9 Bruk oppslagsverk eller internett til å finne namn og levevis hos minst fem ulike parasittar på fuglar eller pattedyr. Skriv ned det du synest er interessant, og hald eit kort foredrag for klassen.
DISKUTER
10 Mange artar i naturen er ei plage for oss menneske. Del inn klassen i to grupper. Begge gruppene skriv ned namn på flest mogleg slike artar. Den eine gruppa skriv ned argument for å utrydde desse artane, mens den andre gruppa skriv ned argument for å bevare dei. Vel ein ordstyrar og tre representantar frå kvar gruppe til å delta i ein paneldebatt for og imot utrydding. Resten av klassen er publikum og kan komme med innspel.
GÅ VIDARE
11 Finn artiklar på nettet om lemenår.
Skriv ned kva det er, og dei forklaringane du finn. Legg det fram for klassen. Er det fleire ulike forklaringar på dette fenomenet?
Eit stort biologisk mangfald
LES OG SVAR
1 Omtrent kor mange ulike artar er kjende for forskarar? 2 Kva to naturtypar på jorda har flest artar?
3 Kva betyr omgrepet biologisk mangfald, og kva tre nivå kan det delast inn i? 4 Kvifor er det ein fordel at det er eit stort genetisk mangfald blant dyr og planter i landbruket? 5 Kva betyr kulturlandskap?
GJER OG LÆR
6 Søk opp Catalogue of Life (ITIS) på internett og finn ut nøyaktig kor mange artar som er kjende for forskarar akkurat no. Kor mange av desse er insekt?
7 Bruk internett og finn nokre artiklar om kva verdi insekta har i naturen.
Finn ut nokre årsaker til at mange insektartar er trua. (Tips: Søk på stikkordet «insektdød».) Presenter resultata for klassen. 8 Bruk oppslagsverk eller internett og les om korallrev. Finn ut korleis korallar veks og formeirar seg.
Presenter resultatet for klassen.
DISKUTER
9 Kyr som gir mykje mjølk, er verdifulle dyr for bonden. Derfor kan det vere lurt å bruke slike kyr i avl. Sit saman i små grupper og diskuter desse spørsmåla: a) Kva betyr det at bonden vel ut dei dyra som har «best eigenskapar», til bruk i avl? b) Kva negative følgjer kan det få dersom bonden heile tida vel ut kyr med best mjølkeproduksjon til vidare formeiring? 10 Det er stor usemje om kor viktig det er å ta vare på gammal skog med døde tre. Somme meiner slike skogar bør vernast, og at dei døde trea bør bli liggjande. Andre meiner slike skogar bør ryddast og nyplantast. Finn ut kva grupper som argumenterer for kvart av desse syna, les argumenta deira og diskuter spørsmålet i klassen.
GÅ VIDARE
11 Kvifor er det riktig å seie at Noreg har eit lite biologisk mangfald, sett i ein global samanheng, og kva kan grunnen vere til dette?