
8 minute read
Forsøk og aktivitetar
Undersøk ein skog
I denne øvinga skal vi studere samanhengen mellom abiotiske (ikkje-levande) og biotiske (levande) faktorar innanfor eit avgrensa skogsområde og setje opp moglege næringskjeder ut frå observasjonar.
Det er mange faktorar som avgjer kva som lever i ein skog. Blant dei viktigaste er næringsstoff og fukt i jordsmonnet, klimaet og lysforholda. Dette er dei abiotiske faktorane.
Kva slags jord som dannar seg i skogen, er avhengig både av berggrunnen og av kva som veks der. Berggrunnen går sakte i oppløysing (forvitrar) slik at mineral blir ein del av jordsmonnet. Døde organismar – blad, barnåler, døde dyr – blir brotne ned av bakteriar, smådyr og andre nedbrytarar. Det som er delvis nedbrote, kallar vi strø. Dette blir også ein del av jordsmonnet. Jorda i skogen består altså både av mineral og strø, og begge delar påverkar kva tre og andre organismar som finst i skogen. I lauvskogar finn vi vanlegvis ein jordtype (brunjord) som er svært ulik den vi finn i barskogar (podsoljord). Brunjord er ikkje delt inn i lag, men er jamt brun. Podsol har forskjellige lag, med strø øvst og ulike fargar på laga lenger ned.
Når vi skal undersøkje dei biotiske faktorane i eit skogsområde, skil vi gjerne mellom fire ulike sjikt: • Botnsjiktet er det som berre finst heilt nede på bakken (mosar, lav og krypande planter). • Feltsjiktet er det som veks inntil 0,5 m over bakken (blomar, lyng, gras). • Busksjiktet er mellom 0,5 og 1,5 m over bakken (buskar og små tre). • Tresjiktet er tre over 1,5 m.
Dette treng du
måleband nokre pinnar utstyr for å teikne kart kompass utstyr for målingar av abiotiske faktorar (vindmålar, lysmålar, termometer, fuktmålar) jordbor kar eller posar for å samle smådyr pinsett bøker eller nettstader for å bestemme planter og dyr du finn Dette gjer du
1 Finn ein typisk barskog (granskog eller furuskog) eller 1 ein typisk lauvskog. 2 Mål opp eit kvadrat på 5 · 5 m og marker området med 2 pinnar i alle hjørna. 3 Teikn eit kart som viser området, og la 1 m svare til 4 cm 3 på kartet. 4 Merk av kompassretninga på kartet ditt. 4 5 Marker tre, buskar og stubbar på kartet. 5 6 Gjer målingar av flest mogleg abiotiske faktorar. 6 7 Stikk jordboret så djupt du kan, ned i jorda, og trekk det 7 deretter opp. 8 Samle eller ta bilete av alle levande organismar (planter, 8 småkryp) du finn innanfor den kvadratiske ruta. 9 Leit etter spor og sporteikn frå pattedyr og fuglar. 9
Observasjonar og forklaringar
1 Korleis ser skogbotnen ut? 1 2 Studer jorda som sit i jordboret. Teikn 2 eller ta bilete, og avgjer om jordbotnen er podsol eller brunjord. 3 Kva abiotiske faktorar påverkar miljøet i 3 denne skogen? 4 4 Kva planter/tre finn du i botnsjiktet, feltsjiktet, busksjiktet og tresjiktet? 5 Leit etter småkryp og finn ut kva slags 5 art eller gruppe dei høyrer til. 6 Sit heilt stille slik at du kan observere 6 fuglar. Prøv å finne ut kva artar dei høyrer til. 7 7 Sjå også etter spor og sporteikn frå pattedyr og fuglar. Skriv ned kva du trur dyra du har funne sporteikn frå, lever av.
8 8 Lag nokre næringskjeder der du bruker observasjonane frå ditt område. 9 Skriv ein rapport der du legg vekt på 9 samanhengen mellom dei abiotiske faktorane (spesielt berggrunn, fukt og lysforhold) og dei biotiske (spesielt kva tre og andre planter du fann).
Lær deg lauvtrea
I denne øvinga skal vi artsbestemme nokre viltveksande lauvtre ved hjelp av forma på blada, og prøve å finne ut litt om kva krav til levestad artane har.
Dette treng du Dette gjer du

brødpose flora hyssing og måleband teikne- og skrivesaker (kamera/mobiltelefon) 1 Finn eit skogholt eller ein liten skog i nærleiken av skulen. 1 2 Prøv å finne stader i skogen med forskjellig grad av fukt og 2 sollys. 3 Plukk ein liten kvist med blad (og frukt, dersom du finn) frå så 3 mange forskjellige lauvtre som mogleg. 4 Ta bilete av det du har funne, dersom du har kamera. 4 5 Legg blada i brødposen utan å brette han. 5 6 Bruk floraen og finn ut kva for treslag du har funne. 6 7 Mål omkrinsen på trea med hyssing og måleband. 7 8 Beskriv med eigne ord kva som kjenneteiknar bladet og frukta 8 frå kvart av treslaga. 9 Teikn bladet og frukta frå kvart av trea du har funne. 9 Les beskrivinga av veksestaden til treet i floraen. Stemmer ho 10 med eigne observasjonar?
Observasjonar
1 For kvart tre du finn, beskriv du dette: 1 a) omtrentleg høgd b) stammetjukn (omkrins) c) om dei veks enkeltvis eller i klyngje d) om dei veks på fuktig eller tørr mark e) om dei er funne i barskog, blandingsskog eller lauvskog 2 Teikn forma/silhuetten av kvart av trea. 2 lauvskog

Studer meitemark
Meitemark gjer nyttig arbeid i naturen. Dei omdannar blad og anna materiale frå døde organismar til næringsrik jord. Slik bidreg han til at mange stoff går i eit krinsløp.
Meitemarken er ikkje så lett å studere ute i naturen. Men han er lett å finne, så vi kan ta han inn for å studere han grundigare. Etter forsøket plasserer vi meitemarkane tilbake i naturen.

Dette treng du
glaskar matjord sand oppklipt gras litt riven gulrot, rå potet, kokt potet og rive eple 10 meitemarkar mørk plast Dette gjer du
1 Legg matjord og sand lagvis i glaskaret. 1 2 Strø graset og grønsakene utover på toppen. 2 3 Legg meitemarkane på til slutt. 3 4 Dekk det heile med mørk plast med luftehol. 4 5 Ta plasten vekk to gonger i veka og undersøk kva 5 som har skjedd.
Observasjonar og forklaringar
1 Teikn og noter den utviklinga du 1 observerer i glaskaret. 2 2 Kva gjer meitemarken med graset, grønsakene og jorda? 3 Kva et meitemarken? 3 4 4 Korleis bidreg meitemarken til at stoff går i krinsløp i naturen? 5 Kva nytte gjer meitemarken for ein som 5 dyrkar jorda?
Fotosyntese og celleanding
Fotosyntese og celleanding er to viktige prosessar som gir energi til alt som er levande. I dette forsøket skal vi sjå på korleis desse to prosessane påverkar innhaldet av karbondioksid i lufta.
For å skjønne kva som skjer, er det viktig å vite at luft som får auka innhald av karbondioksid, vil gjere at vatn som er i kontakt med lufta, blir surare (lågare pH). Dersom dette vatnet er tilsett litt BTB, vil fargen skifte frå grønt til gult.
Dersom det derimot blir mindre karbondioksid i lufta, vil vatnet bli meir basisk (høgare pH). Dersom dette vatnet er tilsett litt BTB, vil fargen skifte frå grønt til blått.
Du kan lese om pH og BTB på sidene 208–209.

skrukketroll

Dette treng du
8 store reagensrøyr merkjepenn 8 små reagensrøyr 2 reagensrøyrstativ med plass til minst 4 røyr i kvart BTB (pH-indikator) bomull 4 levande skrukketroll (små krepsdyr som lever under steinar osb. på land) matkarse (små planter som er dyrka fram på fuktig bomull) lyskjelde (for eksempel ein sterk lampe) Dette gjer du
1 Set dei store reagensrøyra i dei to stativa (fire i 1 kvart) og nummerer dei 1–8. 2 Hell litt nøytral BTB-løysing (grøn) i kvart av dei 2 små reagensrøyra og set dei i botnen av kvart sitt store reagensrøyr. 3 Legg litt bomull over kvart av dei små 3 reagensrøyra. 4 Legg eit skrukketroll over bomulla i røyr nr. 1, 3, 5 4 og 7. 5 Legg nokre karseplanter over bomulla i røyr nr. 2, 5 3, 6 og 7.
No er det berre skrukketroll i to røyr, berre planter i to røyr, både skrukketroll og planter i to røyr. To røyr har ingen av delane (kontroll). 6 Set stativet med røyr 1–4 framfor lyskjelda og 6 stativet med røyr 5–8 heilt mørkt. 7 La røyra stå i omtrent to timar. Slepp 7 skrukketrolla ut igjen etter forsøket.
matkarse

Observasjonar og forklaringar
1 Teikn og noter kva du observerer i dei åtte røyra. 1 2 Kva BTB-løysingar har endra farge frå grøn til blå, og kva 2 tyder dette på? 3 Kva BTB-løysingar har endra farge frå grøn til gul, og kva 3 tyder dette på? 4 Skriv ned likningane for dei to prosessane fotosyntese og 4 celleanding, og bruk dei til å forklare resultata dine.
vasskalvlarve

Observasjon av ei enkel næringskjede
Vi skal fange nokre levande organismar og studere ei enkel næringskjede i ein dam. Dette forsøket må vi gjere om våren når det er lett å finne rumpetroll.
NB: Når du er ferdig, skal smådyra sleppast ut i vatnet dei kom frå.
Dette treng du
vatn frå ein liten dam eller innsjø 3 store glas med lokk (for eksempel noregsglas) vasshåv
Dette gjer du
1 Hell vatn frå dammen eller innsjøen i 1 to av glasa. 2 2 Samle inn litt friskt plantemateriale frå dammen eller vegetasjonen rundt. 3 Fang rumpetroll og vasskalvar eller 3 vasskalvlarver med ein vasshåv.

4 4 Ha rumpetrolla i det eine glaset og vasskalvane i det andre.
5 5 Fyll det tredje glaset med damvatn og ha i litt av plantematerialet og 10–12 rumpetroll. 6 La det gå 30 minutt. Set to vasskalvar 6 (eller vasskalvlarver) oppi glaset med rumpetroll og planter.
vasskalv
rumpetroll
Observasjonar og forklaringar

1 Kva skjer i glaset så lenge rumpetrolla er åleine? 1 2 Kva skjer etter at du har tilført to vasskalvar (eller 2 vasskalvlarver) til glaset med rumpetroll og planter? 3 Lag ei teikning som viser denne enkle næringskjeda. 3 4 Kva nivå i næringskjeda (produsentar, førsteforbrukarar, 4 andreforbrukarar) er dei ulike organismane på? 5 Søk på nettet etter næringskjeder i dammar og innsjøar. 5
Skriv nokre forslag til andre næringskjeder som kan tenkjast å finnast der du fanga rumpetroll og vasskalvar. Prøv å teikne eit næringsnett der desse næringskjedene inngår.