
2 minute read
Ordforklaringar
abiotiske delar: ikkje-levande delar i eit økosystem, for eksempel nedbør, lys, temperatur og næringssalt.
art: består av alle individ som liknar kvarandre, og som kan formeire seg og få fruktbart avkom.
bestand: talet på individ av ein art som lever i eit økosystem.
biologisk mangfald: variasjonen i genar, artar og naturtypar i eit område.
biotiske delar (biotiske faktorar): levande organismar i eit økosystem, for eksempel planter, dyr og nedbrytarorganismar.
celle: dei minste einingane i ein organisme. Blir ofte kalla byggjesteinane til kroppen.
celleanding: det som skjer i levande celler når glukose og oksygen blir omdanna til karbondioksid, vatn og energi.
energi: kjem av det greske ordet energeia, som betyr verksemd. Vi kan seie at energi er det som får noko til å skje.
energipyramide: ein figur som viser kor mykje energi som blir overført frå ledd til ledd i ei næringskjede.
forbrukar: (i økologien) organisme som lever av andre forbrukarar eller produsentar.
fotosyntese: det som skjer når planter bruker lys til å lage sukker og oksygen frå vatn og karbondioksid.
genar (arvestoff): finst i cellene, bestemmer alle dei arvelege eigenskapane hos eit individ. genetisk mangfald: variasjonen som finst i genane (arveanlegga) hos ein art.
individ: ein levande og sjølvstendig organisme.
klima: vêrforholda på ein stad i løpet av mange (for eksempel 30) år.
korallrev: formasjonar («byggverk») under vatn, danna av kalkskjelett av døde koralldyr, haldne saman av slam, kalksand og plantedelar.
kulturlandskap: område som er forma av menneskeleg påverknad.
latin: eit språk som ingen lenger har som morsmål, men som er mykje brukt i vitskapar som biologi og medisin.
mikroorganisme: organisme som er så liten at ein må ha mikroskop for å sjå han. Nokre eksempel: virus, bakteriar og sopp.
miljø: dei omgivnadene som eit menneske, eit dyr eller ei plante lever i.
mykorrhiza: sjå sopprot.
nedbrytarar: organismar som syter for at døde planter og dyr blir brotne ned til stoff som planter kan gjere seg nytte av igjen. Mange smådyr, sopp og bakteriar er nedbrytarar.
næringskjede: viser kven som et kva i naturen, for eksempel grantre → stokkmaur → granmeis → hønsehauk.
næringsnett: mange næringskjeder som er knytte saman så det gir ei oversikt over kven som et kva innanfor eit område i naturen.
næringssalt: dei næringsstoffa som er salt (ion) − viktige for produsentane (grøne planter).
næringsstoff: stoff som ein levande organisme treng, og som normalt finst i det vi et. Karbohydrat, feitt, protein, mineral og vitamin er næringsstoff.
organisme: eit levande vesen, for eksempel eit ekorn, ein blåveis eller deg sjølv.
parasitt (snyltar): organisme som stel næring (snyltar) frå ein annan organisme.
pattedyr: varmblodige dyr med ryggrad, hårkledning (pels) og ungar som drikk morsmjølk.
pollinering (bestøving): overføring av pollen mellom blomane på ei eller fleire planter, slik at dei kan bli pollinerte og danne frø.
populasjon: sjå bestand.
produsent: (i økologien) grøne planter som lagar (produserer) si eiga næring ved hjelp av fotosyntese.
ressurs: noko i naturen som kan utnyttast av levande organismar.
sopprot (mykorrhiza): eit samliv mellom ein sopp og eit tre. Treet får vatn og næringssalt frå soppen, og soppen får sukkervatn frå treet.
tropisk regnskog: skog som veks i tropiske område der det regnar mykje og temperaturen er jamn heile året. Trea har ingen årstidsvariasjonar i bløming, bladfelling osb.
vitskapeleg namn: namn på grupper eller artar i biologien som følgjer internasjonale reglar og er skrivne på latin eller gresk. Alle vitskapelege namn på artar skal skrivast i kursiv og består av to ledd, for eksempel Homo sapiens.
økologi: læra om samspelet i naturen.
økosystem: består av alle artane i eit område og det livlause miljøet deira.