1 minute read

1 Den levande naturen

Den levande naturen

Frå lufta er det lett å sjå at naturen i Noreg er skiftande og variert. På kort tid kan du sjå både skog og fjell, myrer og innsjøar, elver og kystområde.

I kvar av desse naturtypane lever det mange forskjellige planter og dyr, men også sopp og bakteriar. Nokre lever berre i fjellet, andre berre i ferskvatn, i havet eller i skogen. Kvifor trur du det er slik?

Nokre artar snyltar på andre. Mange samarbeider om å skaffe mat. Nokre treng lys, nokre treng høg temperatur, alle treng vatn. Alle dei levande vesena i naturen har eit samspel med kvarandre og med omgivnadene sine.

I dette kapittelet lærer du • korleis alt det levande i naturen samspeler med omgivnadene • kva eit økosystem er, og kva det består av • korleis energi blir overført i økosystema • korleis fotosyntese og celleanding gir energi til alt som er levande • korleis karbon og andre stoff går i krinsløp i naturen

This article is from: