Mylder 1-4 Forskarbok (utdrag)

Page 1



Heidi Antell Haugen

Forskarbok

fag r u t Na

Illustratør: Johnny Dyrander

Nynorsk


Innhald Korleis kan vi sjå at plantene drikk?

Mangfald i naturen 1. Korleis drikk plantene?  side 4 2. Studer eit frø  side 5 3. Kva treng eit frø for å spire?  side 6 4. Studer spiring av ulike frø  side 8 5. Kor sterk er ei spire?  side 10 6. Lag eit helikopterfrø  side 12 7. Lag ei artsbok  side 15 8. Studer ville blomeplanter  side 16 9. Lag ei småkrypfelle  side 18 10. Lag eit terrarium  side 20 11. Lag eit fuglebrett  side 22

Kropp og helse 12. Kan du drikke opp ned?  side 24 13. Pust gjennom eit sugerøyr  side 26 Kva temperatur har vatnet?

14. Er skjelettet viktig?  side 27 15. Dei små ledda  side 28 16. Set saman eit skjelett  side 29 17. Set namn på knoklane  side 30 18. Lag ein høyretrompet  side 31 19. Kan du høyre gjennom veggen?  side 32 20. Kva ser du?  side 33 21. Kan du gjette fargen?  side 34 22. Er vatnet kaldt eller varmt?  side 36

2


Fenomen og stoff

Kva har skjedd med sukkeret?

23. Lag eit stjernebilete  side 38 24. Lag månefasar side 39 25. Dyrk ein sukkerkrystall  side 40 26. Lag gass og blås opp ein ballong  side 42 27. Lag ein lavalampe  side 44 28. Lag ein telefon  side 46 29. Lag ei vassfontene  side 47 30. Lag ein luftkanon  side 48 31. Skyt med luftkanon  side 49 32. Lag ei vindfløy  side 50 33. Lag ein nedbørsmålar  side 52 34. Lag ein regnboge  side 53 35. Observer vêret  side 54 36. Lag ein solkokar  side 56 37. Lag eit kaleidoskop  side 58 38. Lag ein fingervarmar  side 59

Teknologi og design Korleis kan draken fly betre?

39. Lag ein propell  side 60 40. Lag ei lydslynge  side 62 41. Lag ein ballongbil  side 64 42. Lag ein ballongrakett  side 66 43. Lag ein sugerøyrrakett  side 68 44. Lag eit periskop  side 70 45. Last ein båt  side 71 46. Bygg og fly ein drake  side 72 47. Kor høgt kan du byggje?  side 74 48. Bygg stødige husker  side 75 49. Lag draumehuset ditt  side 76

3


Mangfald i naturen

1

Korleis drikk plantene?

Alt som lever, treng vatn. Vi menneske drikk vatn, men kva med plantene – kva gjer dei?

Du treng · eit gjennomsiktig, høgt glas • vatn • ein linjal

• konditorfarge (ikkje grøn!) • ein kniv • ein stilk stongselleri

Slik gjer du 1. Hell vatn i glaset slik at det står 3 cm opp i glaset. 2. Ha i ei halv flaske konditorfarge. 3. Kutt av cirka 2 cm nedst på stongsellerien. 4. Set stongsellerien i vatnet. 5. La stilken stå i vatnet i tre dagar. Følg med på kva som skjer. Skriv

1. Kva skjer dei tre dagane?

4

2. Korleis ser det ut? Teikn.


Mangfald i naturen

2

Studer eit frø

Nokre frø er store, og nokre er små. Frø finst i mange fasongar, men korleis ser dei eigentleg ut? For å sjå nærmare på frøa, kan du bruke eit forstørringsglas eller ei stereolupe.

Slik gjer du 1. Vel deg eitt frø som du skal studere nærmare. 2. Kor mange millimeter er frøet? 3. Kva slags fasong har frøet? 4. Kva fargar har frøet? 5. Korleis er overflata? Er ho for eksempel glatt eller ruglete?

6. Korleis trur du dette frøet blir spreidd? Kvifor trur du det?

7. Teikn frøet. Få med så mange detaljar som mogleg.

5


Mangfald i naturen

3

Kva treng eit frø for å spire?

Kva trur du er viktigast for at eit frø skal spire, og kvifor trur du det? Ved å plante like frø på ulike måtar, kan du finne ut kva dei treng for å spire. Prøv!

Du treng · fire små mjølkekartongar • blomejord • tolv karsefrø

Karsefrø

Slik gjer du 1. Klipp av toppane på kartongane. 2. Fyll kartongane med jord. 3. Plant tre frø i kvar kartong. 4. Merk kartongane med tal frå 1 til 4. 5. Plasser kartongane slik som det står i tabellen på neste side. 6. Sjekk jorda i kartongane kvar dag, og hald ho fuktig ved å vatne når det er nødvendig. Kartong nummer 2 skal ikkje ha vatn. 7. Sjekk frøa kvar dag, og fyll inn i skjemaet: Dersom frøa ikkje spirer, skriv du 0. Dersom det har komme spirer, måler du dei. Noter kvar dag kor høge dei er. Mål i millimeter.

6


4

3

2

1

Kartong nr.:

• ikkje vatning

• mørkt

• vatning

• mørkt

• ikkje vatning

• lyst

• vatning

• lyst

Plasseres: 1

2

3

4

5

Dag 6

7

8

9

10

Mangfald i naturen

Skriv

Observer frøa.

7


Mangfald i naturen

4

Studer spiring av ulike frø

Gir store frø store spirer og små frø små spirer? Og kva spirer først, dei store eller små frøa?

Du treng · ein gjennomsiktig plasthanske • fem frø i ulik storleik (for eksempel graskar, mais, erter, bønner og reddikar) • sprittusj • fem bomullsdottar • vatn • ein blyant • cirka 50 cm tråd

Slik gjer du 1. Legg hansken flatt på bordet. 2. Sorter frøa etter storleik, frå størst til minst. 3. Skriv namnet på frøa på dei ulike fingrane. 4. Putt riktig frø inn i riktig finger. 5. Fukt fem bomullsdottar med litt vatn, og legg dei framfor frøet inni kvar finger. 6. Bruk blyanten til å trykkje bomulls­ dottane heilt ut i tuppen av fingrane. 7. Knyt igjen enden av hansken med ein tråd, slik at han blir tett. 8. Heng opp hansken ein stad der det er lyst og romtemperatur. 9. Følg med på frøa. Noter kva som skjer, i skjemaet på neste side.

8

50 cm


Mangfald i naturen Skriv

1. Kva for eit frø trur du kjem til å spire først, og kvifor trur du det? Lag ein hypotese.

2. Følg med på frøa, og fyll ut skjemaet. Dato for planting: Første synlege spire: namn på frø

dato

Andre synlege spire: namn på frø

dato

Tredje synlege spire: namn på frø

dato

Fjerde synlege spire: namn på frø

dato

Femte synlege spire: namn på frø

dato

3. Svar på hypotese:

Tips! Når spirene blir nokre centimeter høge, kan du plante dei over i mjølkekartongar med jord. Der kan dei vekse vidare.

9


Mangfald i naturen

5

Kor sterk er ei spire?

Frø som spirer, ser små og tynne ut – men er dei så puslete som dei ser ut? Trur du karsefrø som spirer, kan løfte ein kortstokk? Lag ein hypotese og grunngi han. Test ut hypotesen din.

Du treng · ein tallerk • bomull • vatn • karsefrø

• ein kortstokk i eske • fire små steinar som er omtrent like store

Slik gjer du 1. Dekk botnen av tallerken med bomull. 2. Fukt bomulla godt. 3. Så tett med karsefrø på eit område som er cirka like stort som kortstokken. 4. Legg dei fire steinane i ein firkant, slik at det er éin stein i kvart hjørne som kortstokken kan liggje oppå. 5. Legg kortstokken oppå steinane, over frøa. 6. Set tallerken ein stad med mykje lys, og vent eit par dagar på at spiringa kjem skikkeleg i gang. 7. Ha vatn på bomulla undervegs, slik at han ikkje tørkar ut. 8. Følg med i 3–4 dagar.

10


Mangfald i naturen Skriv

1. Kva skjedde? Skriv svar pĂĽ hypotesen din.

2. Var dei fire steinane viktige for forsøket? Grunngi svaret ditt.

3. Teikn resultatet av forsøket.

11


Mangfald i naturen

6

Lag eit helikopterfrø

Frø blir spreidde på ulike måtar. Du kan finne ut korleis ved å studere korleis frøa ser ut. Frø som blir spreidde med vinden, får ofte hjelp av ein «fallskjerm» eller ein «propell». Dei kan òg sjå ut som små helikopter. Men korleis fungerer eigentleg eit «frøhelikopter»?

Du treng · ei saks · ein liten bit plastilin

Slik gjer du 1. Klipp ut figurane på neste side. 2. Klipp langs linjene som er stipla. 3. Brett langs den raude linja den eine vegen. 4. Brett langs den blå linja motsett veg av den raude. 5. Fest ein liten plastilinklump på storleik med ei ert, nedst. Denne skal vere frøet. 6. Still deg øvst i ei trapp eller oppå ein pult, og slepp frøhelikopteret. Kva skjer? Teikn

Teikn forsøket.

12


Mangfald i naturen Klipp ut Brett inn

Brett inn

Brett inn

Brett inn

Brett inn

Brett inn

Brett inn

Brett inn

13


Mangfald i naturen Klipp ut

14


Mangfald i naturen

7

Lag ei artsbok

Om våren, sommaren og hausten kan vi observere planter og småkryp. Men kva heiter plantene og småkrypa, og kvar trivst dei best?

Du treng · eit kamera • pc eller nettbrett • ein flora og bøker om småkryp

Slik gjer du 1. Gå ut og leit etter småkryp og ville planter i nærmiljøet ditt. 2. Ta bilete av ulike artar du finn. 3. Vel ut ti ulike planter og småkryp. 4. Set bileta inn i eit digitalt dokument. Set inn éin art på kvar side. 5. Leit i oppslagsbøker, i Mylder Naturkort eller på internett, og finn ut kva dyr og planter du har funne. 6. Skriv namnet på arten som overskrift på sida. 7. Skriv fakta om arten under biletet. 8. Lag ei fin framside på dokumentet. Hugs å få med ordet Artsbok og namnet ditt. 9. Vel om du vil gi ut boka di digitalt eller skrive ho ut på papir.

Ein flora er ei bok om planter.

15


Mangfald i naturen

8

Studer ville blomeplanter

Det finst mange ulike blomeplanter. For å finne ut kva ei blomeplante heiter, kan du bruke ein flora. Men først må du gjere nokre observasjonar. kronblad

Du treng · ein villblome • ein blyant • eit målband eller ein linjal

pollenberarar blad stilk

Slik gjer du 1. Finn ei vill blomeplante. 2. Studer blomen nøye, og svar på spørsmåla i skjemaet. Kvar veks blomeplanta?

Korleis luktar ho? Samanlikn med andre lukter du kjenner.

Kor høg er blomeplanta?

Ein flora er ei bok om planter. Ein villblom er ikkje planta, men veks fritt.

16


Mangfald i naturen Kva form er det på blada? Teikn forma.

Kva farge har sjølve blomen? Teikn blomen.

Kor mange kronblad har sjølve blomen? Kva form har kronblada? Teikn forma.

Kor mange pollen­ berarar har blomen?

3. Prøv å finne ut kva blomen din heiter.

17


Mangfald i naturen

9

Lag ei småkrypfelle

Å studere insekt og andre småkryp er spennande. Veit du kva småkryp som bevegar seg på bakken der du bur?

Du treng · ein liten spade • eit rømmebeger • lokkemat (ein ostebit, ein pølsebit eller litt syltetøy) • fire små steinar som er omtrent like store • ein liten plankebit • ei bok om småkryp

Slik gjer du 1. Grav eit lite hòl i bakken, og set begeret ned i hòlet. Kanten på begeret skal vere i bakkehøgd. 2. Legg litt lokkemat i begeret. 3. Legg dei små steinane rundt kanten av begeret. 4. Legg plankebiten oppå steinane som lokk over fella. 5. Vent ein dag, og kikk ned i fella. 6. Kor mange insekt eller andre småkryp har det komme i fella?

18


Mangfald i naturen Skriv

1. Kva heiter dei ulike dyra?

2. Byt ut med ny lokkemat. Kva dyr trur du går i fella no? Lag ein hypotese.

3. Sjekk fella etter ein dag, og skriv svar på hypotesen din.

4. Teikn eller ta eit bilete av to av dyra du fann.

Hugs å sleppe ut dyra etter at du har observert dei!

19


Mangfald i naturen

10

Lag eit terrarium

Ein meitemark er ganske liten. Likevel hjelper han til å rydde opp ute i naturen. Men korleis ryddar han eigentleg opp? Gjer dette forsøket, så finn du det kanskje ut?

Du treng · jord i tre ulike fargar (frå blomebed, frå skogbotnen og frå ein grøftekant) • eit stort syltetøyglas • litt sand • tre meitemarkar • litt vissent lauv • vatn • svart papir • teip • plastfolie

Slik gjer du 1. Fjern alle steinar og klumpar frå jorda. 2. Legg dei ulike jordtypane i lag i glaset. 3. Strø eit lag med sand over det øvste laget. 4. Legg meitemarkane oppå sanden. 5. Legg eit tynt lag med vissent lauv over meitemarkane. 6. Dekk til utsida av glaset med det svarte papiret, og fest det med teip. 7. Hell litt vatn oppi glaset, slik at jorda blir fuktig. 8. Lag eit lokk av plastfolie på toppen av glaset. Stikk små hòl i plastfolien. 9. Ta vekk papiret etter 2–3 dagar. Eit terrarium er ein behaldar der vi kan halde småkryp fanga for å kunne studere dei.

20


Mangfald i naturen Teikn og skriv

Korleis ser det ut i terrariet etter to dagar? Teikn og beskriv.

Hugs! Nür du er ferdig med forsøket, mü du leggje meitemarkane forsiktig tilbake der du fann dei.

21


Mangfald i naturen

11

Lag eit fuglebrett

Å studere fuglar er kjekt. Ein måte å komme nær fuglane på, er å lage eit fuglebrett. Kva fuglar trur du vil komme på fuglebrettet ditt?

Du treng

1m

· ei tynn list (1 m) • målband eller linjal • ein blyant • ei sag • ei tynn treplate på cirka 40 x 30 cm • ni skruar • skrutrekkjar • ein stokk til å setje i bakken og feste brettet på (cirka 1,5 cm)

1,5 m

3 0 cm

4 0 cm

Slik gjer du 1. Del lista inn i fire delar: To delar skal vere 30 cm lange, og dei to andre skal vere 20 cm. 2. Sag ut delane du har målt opp. 3. Skru fast listebitane i treplata langs kantane, slik at det blir opningar i hjørna. 4. Skru brettet fast i stokken, på midten av undersida av brettet. 5. Finn ein stad du vil ha fuglebrettet, og fest det godt.

22

åpning


Mangfald i naturen Skriv

1. Kva fugleartar kan du sjĂĽ om vinteren der du bur?

2. Kva er ein standfugl?

3. Kva er ein trekkfugl?

4. Teikn ein trekkfugl som finst der du bur.

23


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.