Kapittel 3: Språklege verkemiddel
33
Personifikasjon
Av og til gir vi abstrakte omgrep menneskelege eigenskapar. Denne spesielle typen metafor kallar vi personifikasjon. «Livet smiler til meg for tida», kan ein for eksempel seie, eller tvert imot: «Døden ventar.» Både liv og død er abstrakte omgrep, altså noko vi ikkje kan ta på. Men når vi set dei saman med menneskelege handlingsverb, som å smile eller vente, står det abstrakte fram som noko konkret og menneskeleg. Det same gjeld når vi seier at «tida går» eller at «kjærleiken held ut alt, trur alt, håper alt, toler alt». Besjeling
Ein annan type metafor som har å gjere med menneskelege eigenskapar, er besjeling. Mens personifikasjonen lar abstrakte omgrep få menneskelege eigenskapar, inneber besjeling at livlause gjenstandar får menneskelege eigenskapar. Vi kan for eksempel seie at bilen var litt sliten, at huset klamra seg fast til skråninga, eller at datamaskinen vakna til liv. I alle tilfella blir det ikkje-levande utstyrt med menneskelege eigenskapar.
→
OPPGÅVE UNDERVEGS: Kan du nå forklare forskjellen på personifikasjon og besjeling? Og kan du finne fleire eksempel på begge delar?
Metaforar i kvardagen Du går sikkert ikkje rundt og tenker på det til dagleg, men faktisk er det slik at metaforane omgir oss heile tida, at vi bruker dei ubevisst kvar einaste dag – ja, at vi ikkje klarer oss utan dei. Vi har allereie sett eksempel på slike kvardagsmetaforar, enten vi «går rundt grauten» eller kallar nokon ein kylling. Det finst uendeleg mange eksempel på at vi bruker metaforar ubevisst, for eksempel i uttrykka «å møte veggen», «gå ein runde med seg sjølv», «vere i fyr og flamme», «ta tak i problema», «legge lokk over saka», «skyve noko under teppet», «miste bussen», «kapre ein kjæraste», «stryke på prøven», osv. Mange slike ord og uttrykk er gamle metaforar som ein gong verka overraskande og fornyande, men som seinare har blitt ein så vanleg del av språket at vi ikkje lenger tenker over at dei er metaforar. Ein del av dei kan ikkje eingong erstattast eller omsettast, fordi det metaforiske uttrykket er det einaste vi har. Gamle eksempel på dette er bordbein, høystakk, vegskulder og
«Kjærleiken held ut alt, trur alt, håper alt, toler alt» viser til Bibelen, Det nye testamentet, Paulus' første brev til korintarane, kapittel 13, vers 7. Du kan sjekke bibbelsitat og lese i Bibelen i nettutgåva til Det Norske Bibelselskap: www.bibel.no.