1 minute read

Forsøk

Next Article
Kapitteloppgaver

Kapitteloppgaver

UTSTYRSLISTE

• loopbane med kule eller vogn • linjal

3A Loop

Formålet med dette forsøket er

► å undersøkje rørsla til ein lekam som beveger seg på ein loopbane

Førehandsoppgåver

a) Ein lekam beveger seg på ein loopbane. Teikn ein figur som viser kreftene som verkar på lekamen når han er i det øvre og det nedre punktet av loopen. b) Finn eit uttrykk for høgda som du må sleppe lekamen frå for at han akkurat skal gå gjennom loopen. Kva må du måle for å finne denne høgda utan å gjennomføre forsøket?

Framgangsmåte

1. Gjer nødvendige målingar for å rekne ut kva for ei høgd du må sleppe lekamen frå slik at han akkurat går gjennom loopen. Finn usikkerheita i målingane. 2. Slepp lekamen frå forskjellige høgder, og finn høgda som gjer at lekamen akkurat går gjennom loopen. Mål denne høgda med usikkerheit. 3. Er det forskjell mellom den utrekna og den målte høgda? Kva kjem i så fall det av?

3B Planpendel

Formålet med dette forsøket er

► å undersøkje rørsla til ein realistisk planpendel ► å planleggje og gjennomføre eit eige forsøk for å undersøkje ei praktisk problemstilling

Førehandsoppgåver

I dette kapittelet har du sett døme på ideelle planpendlar der pendelkula kjem like høgt i kvar utsvinging. I eit realistisk tilfelle vil pendelkula for kvar utsving hamne litt lågare enn i førre utsving. a) Kva kan eit slikt høgdetap komme av? Korleis kan du måle høgdetapet? b) Teikn ei skisse av posisjonsgrafen til ein ideell og ein realistisk planpendel slik du trur han vil sjå ut.

Framgangsmåte

Lag din eigen planpendel og planlegg korleis du vil gå fram for å undersøkje rørsla til pendelen. Tenk nøye gjennom korleis du vil presentere resultata frå forsøket.

This article is from: