3 minute read

Forsøk

Next Article
Forsøk

Forsøk

UTSTYRSLISTE

• ei kule • tråd • krok til å hengje pendelen i • linjal • stoppeklokke

l

m

Når du gjennomfører eksperiment i fysikk, er det lurt å ha ei loggbok der du noterer observasjonar, tankar, vurderingar og resultat undervegs. I loggboka, som du skriv for deg sjølv, dokumenterer du resultata dine. Venn deg til å skrive logg kvar gong du gjer eit forsøk. Når du skal skrive ein rapport, tek du utgangspunkt i det du har skrive i loggboka, men i rapporten skal du presentere resultata dine for andre. Då er det viktig å tenkje på korleis du best mogleg kan få fram det du har tenkt og gjort, slik at det blir tydeleg for lesaren. Forsøket nedanfor viser kva delar ein rapport skal innehalde, og du kan bruke oppsettet som ein mal eller eit utgangspunkt når du skal skrive rapportar seinare. På nettsidene til boka finn du òg skrivestøtteverktøy, malar for rapportskriving og ei rettleiing som viser korleis du fører loggbok og skriv ein rapport.

Her skal vi ta for oss eit enkelt eksperiment som vi skal bruke som ei øving i å anslå måleusikkerheita i målingar og berekna resultat. Hugs at alt du treng for å skrive ein rapport, må med i loggboka. Dersom du har kommentarar til dei ulike målingane og legg merke til ting ved utstyret og gjennomføringa som kan påverke resultata, er det lurt å skrive det òg ned i loggboka.

1A Finne tyngdeakselerasjonen ved hjelp av ein pendel

Formålet med dette forsøket er

► å finne tyngdeakselerasjonen ved hjelp av ein pendel ► å bruke feilforplantingsreglane til å finne måleusikkerheita i eit berekna resultat

Førehandsoppgåver

Tyngdeakselerasjonen g kan vi finne ved hjelp av ein pendel. Uttrykket for g er gitt som g l T

4 2 2

der l er lengda frå sentrum av kula til opphengspunktet og T er perioden, altså svingetida, til pendelen. For å kunne rekne ut g må du måle l og T.

a) Korleis kan du anslå måleusikkerheita i målingane? b) Korleis bør du setje opp forsøket for å få minst mogleg måleusikkerheit? c) Bruk feilforplantingsregelen for multiplikasjon og divisjon til å finne eit uttrykk for den absolutte usikkerheita i g.

Framgangsmåte

1. Fest tråden i kula og heng han opp slik at kula får svinge fritt. 2. Gjennomfør nødvendige målingar og før opp resultata på ein ryddig og oversiktleg måte i loggboka. 3. Anslå usikkerheita i dei målte verdiane. 4. Bruk dei målte verdiane med usikkerheit til å rekne ut tyngdeakselerasjonen med usikkerheit.

Resultat og utrekningar

Når du skriv ein rapport, skal du presentere resultat og utrekningar ryddig og oversiktleg. Tenk nøye gjennom korleis du vel å presentere resultata dine, slik at det blir lett for ein annan lesar å forstå kva du har gjort for å komme fram til dei. Du treng ikkje ta med lange utrekningar, men vis til formelen du har brukt, og fortel kva verdiar du har sett inn for å få svara dine.

I loggboka på biletet kan du sjå eit døme på korleis du kan føre resultata.

Diskusjon

I rapporten skal du ha med ein diskusjonsdel. I denne delen skal du vurdere kor gode resultata dine er med tanke på teori og gjennomføring. Du skal òg seie noko om feilkjelder og kva du eventuelt kunne ha gjort betre i eksperimentet.

Konklusjon

I konklusjonen skal du kort presentere hovudresultatet i eksperimentet, og du skal vise at du har oppnådd formålet med forsøket. I dette forsøket vil det seie at du skal oppgi resultatet for tyngdeakselerasjon med usikkerheit og gi ei kort vurdering av kor påliteleg resultatet er.

This article is from: