

TEKSTBOK A2–B1 NYNORSK
© CAPPELEN DAMM AS, 2020
1.utgåve, 1. opplag
ISBN: 978-82-02-68295-8
Foto omslag: Igor Ploskin / Getty Images Plus Omslagsdesign, design og sats: Kristin Gjestrum Forlagsredaktørar og biletredaktørar: Liv Veum Seljevold og Kjartan Berntsen Nynorsk omsetjing: Nikolai Nelvik Trykk og innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2020 Utgivinga er støtta av Kompetanse Norge.
Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cdu.no www.iarbeidslivet.cdu.no
Forord
er eit stort og fleksibelt læreverk i arbeidslivskunnskap
Læreverket tek for seg norsk arbeidsliv på ein enkel og engasjerande måte. Hovudmålgruppa er unge og vaksne innvandrarar som ønskjer å kvalifisere seg for arbeid i Noreg, men læreverket høver òg for andre målgrupper som er nye i norsk arbeidsliv. Målsetjinga med læreverket er å hjelpe deltakarane til å få ei stabil tilknyting til arbeidslivet.
I arbeidslivet kan enkelt kombinerast med eit læreverk i norsk.
Mange moglege kombinasjonsmåtar
Læreverket inneheld eit breitt spekter av arbeidsretta læremiddel. Alle delane kan brukast om kvarandre etter behov. Fleksibiliteten gir godt rom for differensiering:
• Tekstbok hovudbok
• På praksisplassen praksishefte
• Jobbkoder og Jobbprat fordjuping
• Yrkeshefte serie med yrkesretta hefte
• Jeg vil bli serie med yrkesretta bøker
• I arbeidslivet Digital rikhaldig nettstad for elevar og lærarar
Tekstbok A2–B1
Tekstboka står sentralt i læreverket. Boka tek for seg 14 viktige tema. Det er fint å starte med Tema 1, men ein kan gjennomgå temaa i valfri rekkjefølgje, etter behov og interesse. På denne måten kan undervisninga enkelt tilpassast ulike elevgrupper. Læreboka har ein enkel og klar struktur som gjer det lett å finne fram til ønskt tema. Kvart hovudtema er delt inn i undertema. Korte, røyndomsnære tekstar og foto frå arbeidslivet utfyller kvarandre, supplerte med mange samtaleoppgåver og støtteord. Tekstboka tek mellom anna opp kompetansebehov og forventningar i ulike yrke, formelle reglar
og ordningar i det norske arbeidslivet. Gjennom samtalar og refleksjon blir fagstoffet knytt til deltakarane sine eigne erfaringar. Oppgåvene kan løysast av deltakarar med ulik norskkompetanse.
I tekstboka møter vi tre hovudpersonar:
Jenny er helsefagarbeidar. Ho var sjukepleiar på Filippinane før ho kom til Noreg, og ho har planar om å bli sjukepleiar i Noreg.
Samuel jobbar i ein matbutikk. Han har jobberfaring frå Eritrea og kom til Noreg med familien. Vi følgjer han frå praksisplass til fast jobb, og vi er med når han skal få oversikt over familieøkonomien.
Ibrahim er elektrikarlærling. Han kom åleine til Noreg for nokre år sidan. No får han opplæring av hyggelege kollegaer og gler seg til å få fagbrev som elektrikar og høgare lønn. Vi blir med han på jobbintervju. Vi følgjer alle hovudpersonane på jobb. Historiene deira lærer oss om arbeidsoppgåver, fellesskap med kollegaer og leiarar, språklege utfordringar, kundebehandling, omsorg for pasientar og andre krav og forventningar på jobb. CV, jobbsøknad og jobbintervju er også konkretiserte ved hjelp av hovudpersonane. Historiene er illustrerte med foto frå arbeidsplassane deira.
Hovudpersonane viser også fram utfordringane ved å flytte til eit nytt land, gå på norskkurs, få praksisplass og lære eit nytt språk som vaksen.
Teikneseriefiguren Petter dukkar også opp. Han jobbar i ein møbelbutikk og hamnar i litt vanskelege situasjonar, som tidsklemma, dårleg planlegging, uklar ansvarsfordeling på jobben og meir eller mindre vellykka utføring av arbeidsoppgåver.
Alle hovudtemaa blir avslutta med eitt eller fleire intervju med personar som veit mykje om utfordringane i arbeidslivet.
Lærarrettleiing og ekstraoppgåver finst på nettstaden I arbeidslivet Digital. Lykke til med undervisninga!
Ingebjørg Dolve Janne Grønningen Jorunn Mo
I arbeidslivet inneheld mange komponentar. Her er ein kort presentasjon: Tekstbok A2–B1 inneheld 14 sentrale tema som ein kan gjennomgå i valfri rekkjefølgje. Tekstane er korte og relevante for det norske arbeidslivet, og dei er supplerte med gode foto og samtaleoppgåver. Deltakarane kan bruke sine eigne erfaringar undervegs.
På praksisplassen er eit praksishefte som kan brukast på alle praksisplassar. Det er enkelt å bruke, gjerne saman med tekstboka. Praksisheftet knyter undervisninga på skolen og erfaringar på praksisplassen saman og viser korleis utbyttet av praksisperioden kan bli best mogleg.
Jobbkoder og Jobbprat går djupare inn i dei uskrivne reglane og forventningane i arbeidslivet og kva munnlege ferdigheiter som trengst for å lykkast. Frå A2-nivå.
Læreverket I arbeidslivet inneheld ei rekkje yrkeshefte. Dei gir ein presentasjon av eit yrke og gjer det litt lettare å velje vegen vidare. Hefta inneheld foto frå arbeidsplassane og samtaleoppgåver. A1/A2-nivå.
Arbeidsbøkene i Jeg vil bli-serien går grundigare inn i eit yrke og viser meir av arbeidsutføring, hjelpemiddel og krav. Frå A1- eller A2-nivå.
I arbeidslivet Digital er ein rikhaldig nettstad for elevar og lærarar. Dei varierte oppgåvene aukar forståinga av vanlege ord og uttrykk i arbeidslivet og støttar opp om temaa og ordforrådet i bøkene og hefta. Nettstaden har oversynleg struktur og er enkel å bruke. Nettstaden inneheld korte filmar som viser vanlege, men litt krevjande situasjonar i arbeidslivet. Her er det også filmar om førebuing og gjennomføring av jobbintervju. Alle filmane blir avslutta med spørsmål til refleksjon og diskusjon.
Lærarar har tilgang til det same innhaldet som elevane, men dei får også mykje nyttig ekstrastoff. Rettleiing til undervisninga og ekstra oppgåver er lett tilgjengelege. Lærarar kan opprette elevgrupper og kommunisere med elevane, ta imot og rette skriftlege oppgåver eller gi elevane tilpassa oppgåver. Enkle rapportar gir læraren oversyn over kva deltakarane har jobba med, og kor lang tid dei har brukt. iarbeidslivet.cdu.no
Læreverket I arbeidslivet vil stadig bli utvida med nye komponentar og nyheiter. Du finn meir og oppdatert informasjon cdu.no
Innhald
TEMA 1: EIN NY START I EIT NYTT LAND 8
Å kome til Noreg 8
Livet går opp og ned 10 Nettverk i Noreg 12 Ein vanleg dag 14 Kva gjer dei? 16 Val og konsekvensar 18 Intervju om å flytte til eit nytt land 20
TEMA 2: NORSKKURS OG PRAKSIS 22
Å lære eit nytt språk 22 Kvifor vil du lære meir norsk? 24
Norsknivå 26 Korleis lærer du norsk? 28
Frå praksis til jobb 30 Intervju om språkpraksis 32
TEMA 3: ARBEIDSMARKNADEN I NOREG 34
Arbeidslivet i Noreg 34
Yrke og arbeidsoppgåver 1 36 Yrke og arbeidsoppgåver 2 38 Yrke i framtida 40
Vegar til arbeid 42 Å velje eit yrke 44 Intervju om arbeidsmarknaden 46
TEMA 4: PÅ JOBBEN 48
Ny på jobben 48
Informasjon på jobben 50
Kommunikasjon på jobben 52
Møte på jobben 54
Vanskelege situasjonar på jobben 56 Intervju om å begynne i ny jobb 58
TEMA 5: ARBEIDSMILJØ 60 Å vere arbeidstakar 60 Samarbeid 62 Å vere kollega 64 Arbeidstakar og arbeidsgivar 64 Å ta initiativ 68 Eit godt arbeidsmiljø 70 Intervju om arbeidsmiljø 72
TEMA 6: TILSETJING OG ARBEIDSTID 74
Tilsetjingsforhold 74 Arbeidstid 76 Ferie 78 Fråvær frå jobben 80 Eigenmelding 82 Sjukmelding 84 Lønn ved sjukefråvær 86 Intervju om velferdssystemet 88
TEMA 7: ØKONOMI 90
Familieøkonomi 90 Budsjett 92 Bankkonto 94 Lønn og skatt 96 Kva går skattepengane til? 98 Ekstra: Utgiftene dine 100 Intervju om personleg økonomi 101
TEMA 8: PERSONLEGE
EIGENSKAPAR
102
Eigenskapar 1 102
Eigenskapar 2 104
Yrke og eigenskapar 1 106 Yrke og eigenskapar 2 108 Dine gode sider 110 Intervju om personlege eigenskapar og jobb 112
TEMA 9: ARBEIDSERFARING OG
KVALIFIKASJONAR114
Arbeidserfaring 114 Kvalifikasjonar 116 Mi arbeidserfaring 118 Ledig stilling som helsefagarbeidar 120 Ledig stilling som barnehageassistent 122 Intervju om å få arbeidserfaring og ny jobb 124
TEMA 10: CV 126
Samuel sin CV 126 Jenny sin CV 128 Kva er ein CV? 130 Overskrifter i CV-en 132 Anna og referansar 134 Intervju om CV 136
TEMA 12: JOBBINTERVJU 152
Kva er eit jobbintervju? 152 Førebuingar til intervjuet 154 Førsteinntrykk 156 Vanlege spørsmål 158 På jobbintervjuet 160 Intervju om jobbintervju 162
TEMA 13: LOVER OG REGLAR I ARBEIDSLIVET 164
Nokre grunnreglar 164 Lov om likestilling og forbod mot diskriminering 166 HMS 168 Fagforeiningar 170 Arbeidsavtale og teieplikt 172 Alderspensjon 174 Intervju om HMS og fagforeiningar 176
TEMA 14: UTDANNING 178
TEMA 11:
JOBBSØKNAD
138
Jobbannonsar 138
Overskrift og innleiing 142 Fortel om deg sjølv 144 Passar du til jobben? Passar jobben til deg? 146 Søknaden er ferdig 148 Intervju om jobbsøknad 150
Skolesystemet i Noreg 178 Grunnskoleopplæring for vaksne 180 Vidaregåande opplæring for vaksne 182 Høgare utdanning 184 Godkjenning av utdanning frå utlandet 186 Val av utdanning og yrke 188 Intervju om utdanning 190
Foto og illustrasjonar 192
EIN NY START I EIT NYTT LAND
Å kome til Noreg
Eg heiter Ibrahim og kjem frå Syria. Eg er 25 år. Eg kom til Noreg for nokre år sidan. Eg går på skole og skal bli elektrikar.

Dei første åra i Noreg var vanskelege. Familien min var ikkje her, og eg kjende meg einsam. Eg var stressa, eg klarte ikkje å konsentrere meg på skolen. Hovudet mitt var fullt av tankar:
• Korleis går det med familien min?
• Får eg bli i Noreg?
• Korleis skal eg klare meg på skolen?
• Finn eg ein jobb?
• Får eg venner her?
• Vil nokon hjelpe meg?

Eg bur på hybel. Familien som eig huset, er norsk. Dei har hjelpt meg mykje, og eg er veldig glad for det.
Eg trenar kvar dag. Fotballen og skolen har gitt meg vener. Favorittlaget mitt er Barcelona.
Eg saknar familien min. Mora mi er sjuk, og eg tenkjer mykje på henne. Heldigvis bur ho saman med syster mi, og ho tek godt vare på henne.
Eg heiter Samuel og er 43 år. Eg kjem frå Eritrea. Eg er gift med Senait, og vi har tre barn. Eg kom til Noreg for fem år sidan med dei to eldste barna våre. Kona mi og den yngste dottera vår kom hit seinare. Vi har det bra no, men eg veit ikkje om vi skal bu her for alltid.

Da vi kom til Noreg, var eg både glad og stressa. Eg hadde mange spørsmål:
• Kvar skal vi bu?
• Korleis skal vi få nok pengar til å leve?
• Kjem barna våre til å få det bra i Noreg?
• Vil barna få utdanning her?
• Når har eg lært nok norsk?
• Korleis skal eg finne ein jobb?
Livet er greitt no. Eg jobbar i ein matbutikk. Kona mi går på norskkurs og lærer norsk. Barna snakkar bra norsk, betre enn meg, synest eg. Dei to eldste går på skolen, og den yngste går i barnehagen.

Etter middag er vi ofte på leikeplassen. Ungane leikar med andre barn, og eg snakkar litt med dei andre foreldra.
Eg er medlem av Raudekrossen. Eg går på møte når eg har tid. Det er fint å treffe fleire vaksne.
O1 Korleis var det for Samuel og Ibrahim å kome til Noreg?
2 Kva tankar hadde dei om framtida?
3 Korleis er det å flytte til eit nytt land?
4 Kva tankar og spørsmål hadde du da du kom til Noreg?
Viktige ord
å ha ansvar
å bli elektrikar
å kjenne seg einsam
å konsentrere seg
Livet går opp og ned
Da Samuel kom til Noreg, var nokre dagar lyse og lette. Da såg han positivt på alt.
Andre dagar var mørke og tunge. Da såg han negativt på alt. Det er ofte vanskeleg å flytte til eit nytt land. Livet går opp og ned.

Før
Da Samuel kom til Noreg:
Eg skal lære norsk fort.
Eg skal få ein bra jobb fort.
Snart skal eg kjøpe eit hus og ein bil.
Nokre månader seinare:
Barna mine kan meir norsk enn meg!


Eg må gå på skole igjen … eg forstår ingenting!
Alt er annleis.
Folk er så rare her.
Det er ikkje som heime.
Tenk at eg har fått lappen!
Lykke til med selskapet i morgon!
Takk. Hyggeleg å snakke med deg.
Ord du kanskje treng Livet går opp og ned. lett – vanskeleg lyse dagar – mørke dagar lette dagar – tunge dagar
gode dagar – dårlege dagar å ha det bra – å ha det dårleg å sjå positivt på noko – å sjå negativt på noko


1 Korleis hadde Samuel det da han kom til Noreg?
2 Korleis har han det no?
Nettverk i Noreg
Samuel sitt nettverk før
Den første tida i Noreg kjende eg ikkje mange. Nettverket mitt var veldig lite.
Eg kjende læraren på norskkurset, programrådgivaren min og flyktningguiden min. Og eg hadde barna mine og ein god kamerat.






Nettverk er alle dei personane du kjenner, og som du har kontakt med. Her er nokre døme: nabokjenningkollegaarbeidsgivar lærarprogramrådgivar foreldra til barna sine vener son vennflyktningguide dotter

Samuel sitt nettverk no


Eg har lyst til å bli kjend med fleire.


Somme gonger seier eg hei til folk på busstoppet.



Eg helsar på andre foreldre som eg møter i barnehagen.

Eg er på Facebook med familie og vener.
No kjenner eg fleire menneske, og nettverket mitt har vorte større.

Eg har vorte kjend med nokre naboar.
Eg har kollegaer på jobben, og eg kjenner arbeidsgivaren min.

Eg kjenner foreldra til nokre av barna sine vener.
Eg er medlem av Raudekrossen og har fått nokre vener der.

O1 Kva gjer Samuel for å bli kjend med nye menneske?
2 Korleis kan du bli kjend med nye menneske?
3 Kven er i nettverket ditt i Noreg?
4 Kva kan du bruke nettverket ditt til?
Viktige ord eit nettverk eit større nettverk å bli kjend med nokon
å bruke sosiale medium
Ein vanleg dag



Petter har ein travel kvardag
07:15

20:30

21:30

Ord du kanskje treng å levere i barnehagen å hente i barnehagen å ta bussen å ta toget å gå på skolen å gå på jobben å kjøpe mat å treffe familie eller venner å kome for seint å kome tidsnok å lage middag å ete frukost å gjere lekser å sove å leggje seg å stå opp å gjere husarbeid å vaske opp å trene å slappe av

1 Kva ser du på bileta?
2 Kva gjer du ein vanleg dag?
3 Er det kvardag kvar dag?
Viktige ord ein kvardag kvar dag ein vanleg dag ein travel dag

Kva gjer dei?
Eg heiter Jenny og kjem frå Filippinane. Eg er helsefagarbeidar på eit sjukehus.

Eg passar på at pasientane har det bra, og eg hjelper dei. Eg gir pasientane mat. Somme treng hjelp til å vaske seg. Eg snakkar med mange menneske kvar dag.
Eg samarbeider med sjukepleiarar, legar og andre kollegaer. Eg trivst veldig godt i jobben min.
Samuel jobbar i ein matbutikk. Han er butikkmedarbeidar.
Han har mange ulike arbeidsoppgåver i butikken. Han tek imot varer og set dei i hyllene. Han hjelper kundane med å finne varene dei vil ha. Han sit i kassa.
Han er glad i å snakke med folk. Det passar bra i denne jobben.

Ibrahim har lærlingplass som elektrikar. Han er under utdanning, men han får opplæring og praksis hos ein elektrikar.
Han synest jobben er spennande, men han har mykje å lære. Sjefen seier at han må vere både nøyaktig og effektiv. Ibrahim vil gjere alt rett, men han jobbar litt for sakte. Det er ikkje lett.
Han får fagbrev om to år. Da blir han ferdig med utdanninga. Han gler seg til å tene meir pengar.
O1 Kva yrke og arbeidsoppgåver har Jenny, Samuel og Ibrahim?

2 Kvifor jobbar Jenny, Samuel og Ibrahim, trur du?
3 Sjå under. Jenny, Samuel og Ibrahim snakkar om jobb. Kven seier kva, trur du?
4 Kan du fortelje litt frå jobberfaringa di?
5 Kva er gode grunnar for å jobbe?
Det er keisamt å vere heime.
Eg vil at barna mine skal lære å jobbe.
Eg blir glad av å jobbe.
Eg liker å jobbe.
Eg liker å treffe andre menneske.
Eg vil tene pengar.
Eg vil klare meg sjølv. Eg liker å hjelpe andre.
Viktige ord ein helsefagarbeidar ein butikkmedarbeidar ein lærlingplass ein elektrikar eit omsorgsyrke eit fagbrev ei arbeidsoppgåve ein spennande jobb å vere nøyaktig å vere effektiv å samarbeide med kollegaer å bli ferdig med utdanninga
Eg vil vere sjølvstendig.
Val og konsekvensar
Vala vi tek, får konsekvensar. Somme gonger er det store konsekvensar, andre gonger små.

Eit døme: Dersom vi står tidleg opp om morgonen, kan vi rekke jobben eller skolen. Dersom vi vel å sove litt lenger, kan konsekvensen bli at vi kjem for seint.
Sjå på biletet. Kva val har Samuel? Kva trur du han vel? Kva er konsekvensane?
Dette er ein fin praksisplass.
Leyla må velje
Leyla er 15 år. Ho blir ferdig med grunnskolen til sommaren. Til hausten skal ho gå på vidaregåande skole.

Men kva studieretning skal ho søkje på? Det er så mykje å velje mellom. Ho veit ikkje kva ho skal velje. Ho spør andre om råd. Kva meiner dei at ho skal gjere?
Du er så flink i språk, Leyla. Du kan bli lærar som eg!
Du er den beste venninna mi, Leyla. Eg vil gå på skole saman med deg! Vi skal bli frisørar, ikkje sant?
Du skal bli advokat. Da tener du mykje pengar, og eg blir stolt av deg.
Kjære niese. Du vil vel gifte deg og få barn? Da får du ikkje tid til å jobbe.
Hjelp! Eg veit ikkje kva eg vil bli.

Eg liker å teikne.
Dei kjem til å bli så skuffa.
Nettaviser: Vel ein sikker jobb! Noreg treng helsearbeidarar.fleire
Kanskje eg kan jobbe med klede og mote?
Kva vil dei andre seie?
Eg vil ha god råd.
O1
Kven trur du Leyla høyrer mest på?
2
Kva utdanning trur du ho vel?
3
Kven eller kva påverkar vala våre?
4
Kva ville du ha valt i desse situasjonane? Kvifor?
5
Kva små og store val må du ta? Kva konsekvensar får vala dine?
Viktige ord grunnskole vidaregåande skole studieretning ein advokat ein helsearbeidar å vere flink i språk å jobbe med klede og mote
Intervju
Vi har snakka med to personar som kom til Noreg for nokre år sidan. Korleis var det for dei å flytte til eit nytt land?
Sargon Benyamin


Sargon kom til Noreg for snart fem år sidan. No har han fleire jobbar, og han har travle dagar.
Korleis var det for deg å kome til Noreg?
Først var eg deprimert. Eg sat berre heime og tenkte på kva eg hadde mista. Etter kvart gjekk det heldigvis betre.



Både kona mi og eg jobbar no, og vi har kjøpt hus. Barna klarer seg bra på skolen. Eg har livet mitt her no, men det tok tid.
Har du nokre gode råd til andre som nettopp er komne til Noreg?
For å få jobb er det viktig å gå på skolen den første tida, men så må du kome deg ut i samfunnet! Ver tolmodig, og bygg nettverk.
Ta kontakt med nordmenn. Dei ler ikkje dersom vi snakkar feil norsk. Bli med barna på aktivitetar. Snakk med naboen.
Nettverk er viktigare enn CV og søknader.
Nijirvan Ramadan Ali

Nijirvan kom til Noreg for nokre år sidan. No jobbar han som lærar ved eit vaksenopplæringssenter.


Korleis var det for deg å kome til Noreg?

Den første tida i Noreg var vanskeleg. Eg hadde lyst til å reise tilbake til Syria.
Korleis har du det no?
Eg er nøgd med livet mitt no. No har eg jobb og leilegheit og manglar eigentleg ingen ting. Livet vart lettare etter kvart.
O1 Er det nokre ord i intervjua som du ikkje er sikker på kva tyder?
2 Kva meiner du om det dei seier?

Å lære eit nytt språk
Jenny fortel
Da eg gjekk på norskkurs, ville eg berre lese læreboka. Først ville eg lære grammatikk, og eg elska diktat med ord og setningar. Eg var redd for å snakke norsk, for eg ville ikkje seie noko feil.

Men læraren sa til meg: «Eit språk er meir enn det som står i læreboka. Ikkje ver redd for å seie noko feil. Alle gjer feil.»
No snakkar eg norsk kvar dag. Eg ber vennene mine og folk på jobben om å seie frå dersom eg seier noko feil.
Før brukte eg ofte Google translate for å finne ut kva orda tydde. Eg skreiv dei ned og pugga dei. Men somme gonger vart det rare misforståingar!
oppgåver
1
Kva fortel Jenny?
2 Bruk Google omsetjar eller ei anna ordbok. Skriv inn setningane under. Får du gode omsetjingar?
Korleis går det? Går det bra? Bussen går ikkje. Gå vekk! Det går ikkje! Går det an å kjøpe vin på søndagar?
Misforståingar



Når vi skal lære eit nytt språk, kan det lett bli misforståingar.
Eg drikk. Forstår de?

JA!
Han er tørst.
Ein kopp. Alkohol.
Å helle. Vatn.
Eit glas. Han drikk.
O3 Kva prøver læraren å vise?
4 Kvifor svarar alle ja?
Kva seier du når du ikkje forstår?
Kollegaen til Petter fortel noko viktig om ei arbeidsoppgåve. Men Petter forstår ikkje kva han meiner.
Hæ?
Kva?
Unnskyld, eg forstår ikkje.
Eg trur ikkje eg forstår.
Kan du gjenta? Eg veit ikkje kva det tyder. Eg skjønar ikkje kva du meiner.
5 Fortel om ei misforståing du har opplevd.
Viktige ord ei misforståing