Læraren forklarer at i hydrogengassen er atoma bundne saman to og to. Når fleire atom sit saman på denne måten, kallar vi samansetninga for eit molekyl. Hydrogengass består av mange molekyl. Vi tenkjer oss at hydrogengass ser slik ut:
Hydrogengass består av mange hydrogenmolekyl. Eitt hydrogenmolekyl består av to hydrogenatom. Over ser du ti hydrogenmolekylmodellar. I oksygengassen sit også atoma saman to og to. Eitt oksygenmolekyl består derfor av to oksygenatom. Bindingane er litt annleis enn i hydrogenmolekylet – du ser at det er to pinnar mellom atoma – men det er ikkje viktig i denne samanhengen. Vi tenkjer oss at oksygengass ser slik ut: mange oksygenmolekyl. Eitt oksygenmolekyl består av to
oksygenatom. Her ser du to oksygenmolekyl-modellar. Når vi tenner på, set atoma seg saman på ein ny måte, slik at to hydrogenatom blir bundne til eitt oksygenatom: Vatn består av mange vassmolekyl.
Eitt vassmolekyl består av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Vatn består av vassmolekyl, der tre og tre atom sit saman. To av dei er hydrogenatom, eitt er oksygenatom. Over ser du seks vassmolekylmodellar.
Fleire atom som er bundne saman, blir kalla molekyl. Eit vassmolekyl består av eitt oksygenatom og to hydrogenatom.
88 Globus7NaturElevbok-kap3_NN.indd 88
18.09.2008 15:14:03