Globus6 naturfag nn blabok

Page 30

galle. Gallen hjelper til med å løyse opp feittstoffa i maten slik at tarmane lettare kan suge dei opp.

Nyrene – det kraftige reinseanlegget i kroppen

I nyrene blir avfallsstoff og overflødig vatn skilde ut til urin.

Vi har to nyrer. Dei er omtrent like store som handa di og sit på kvar side av ryggrada, på høgd med det nedste ribbeinet. Blodet fraktar med seg avfallsstoff til nyrene. Ei stor hovudpulsåre forgreinar seg til ei mengd med nyste av tynne blodårer. Inni nyrene er det eit avansert rørsystem. Det høge trykket i blodårene gjer at væske og avfallsstoff blir pressa gjennom blodåreveggen og kvervla inn i rørsystemet. Spesielle celler verkar som eit filter og har i oppgåve å passe på at det berre er stoff kroppen vil kvitte seg med, som blir skilde ut. Kanalane fører til eit samlerør for urinen. Vi kallar det urinleiaren. Han fører til urinblæra, ein oppsamlingspose for det vi skal tisse ut. Du merkar godt at du må tisse allereie når blæra er halvfull!

.....

... . . . a . o t m .. .. Fak ............... Lever og nyrer

• Levra veg om lag 1,5 kilo, og ho er brun eller raudlilla. • Levra produserer vitamin A av stoffet karoten. Det får du i deg når du et gulrøter. • Alkohol kan skade levra. • Ei nyre er 10–12 cm lang og bønneforma. Ho veg omtrent 150 gram.

• Nyrene regulerer væskemengda i kroppen. • Barn skil ut om lag 150 gram avfall kvar dag. Omtrent tre firedelar av dette er vatn. • Jenter får lettare blærekatarr enn gutar fordi dei har kortare urinrør, slik at bakteriane lettare finn vegen til urinblæra.

80 Globus6NaturElevbok-kap2-NN.indd 80

25.04.2008 13:16:19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.