Bokmål- nynorsk ordbok

Page 7

Forord Formålet med denne ordboka er å gjere det lettare å skrive nynorsk for alle som har bokmål som hovudmål, anten du er tilsett i offentleg forvalting eller er elev i den vidaregåande skolen. Her kan du slå opp på bokmålsordet (i blått) og finne det tilsvarande ordet på nynorsk, med bøying, synonym og uttrykksmåtar på same staden. Nynorsk har eit vell av valfrie former for å gjere det lett for mange å skrive eit korrekt nynorsk som ligg tett opp til den dialekten dei brukar. Men dei mange formene gjer det ofte vanskeleg å skrive nynorsk for dei som har bokmål som hovudmål. Alle dei ulike skrivemåtane og bøyingsformene av enkelte ord kan vere meir forvirrande enn opplysande. Vi har derfor gjort eit utval av former. Former som sjeldan blir nytta, og bøyingar som gjer nynorsk unødig vanskeleg for dei som har bokmål som hovudmål, er utelatne. Ikkje alle tillatne former og bøyingar av orda, som du finn eksempel på mellom anna i minigrammatikken sist i boka, er med i denne ordboka. Men alle former og bøyingar som er med, følgjer Språkrådets rettskriving for nynorsk som blei vedtatt i 2012. Nynorsk er eit rikt språk med djupe tradisjonar. Forfattaren og forlaget håpar derfor at denne ordboka skal gjere nynorsk meir tilgjengeleg og lystprega for både skoleelevar og tilsette i offentleg forvalting. Redaksjonen

BM/NN_innledende sider 5

04/06/15 13:42


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Bokmål- nynorsk ordbok by Cappelen Damm - Issuu