5. Ein stein på stranda
Eg sit med ein bronsemedalje i handa, han er frå dei olympiske leikane i Salt Lake City (2002), der bror min vann han. Det er det næraste eg skal komma ein slik grom premie. Vi har begge romstert i magen til mor vår, berre med nokre få år (tre) imellom. Bror min og eg har begge ein far som er død no, men som sjølv elska å gå på ski. Medaljen er overraskande tung. Eg får så vidt plass til han i handflata, ein litt knudrete tung flat stein, og med eit flott mørkeblått band snodd gjennom ei lita ramme øvst som gjer at han kan henga rundt halsen. Han når meg til navlen. Medaljen kunne vore nytta som ei slynge, han kunne ha drepe viss han trefte einkvan i hovudet, slik David etter bibelsoga gjorde på kjempa Goliat. Men det må ha vore i ein augneblink Goliat såg ein annan veg, kanskje han lo av jødane som lét denne puslete gjetaren David komma fram frå hæren, og var utilgiveleg uoppmerksam. Elles ville han vel ha kunna dukka unna steinen då han såg David kasta. Bror min har ikkje slike krigerske tankar, det er helst Det nye testamentet Kristen Skjeldal les. Men han er ein ihuga konkurransemann; nær på sitt femtiande år går han femmiler på ski og spring bratte fjell om sommaren så det 25