Klokkene kallar

Page 10

forord DET ER KVELDEN før kvelden. Eg finn fram den vesle lommelykta mi, som ligg gøymd under hovudputa mi. Lommelykta har eg fått av Vigdis i banken, lykta og ein spraglete sparegris. Det luktar fløytekaramell i heile huset, det er 23. desember og julesokken er hengd opp på dørhandtaket inn til det gule soverommet mitt. Der i senga mi ligg eg under dyna og les «Den røde pimpernell», endå mor har sagt eg skal sove no. Det er vanskeleg å sove sjølvaste veslejuleftan. I etasjen over meg, ja faktisk rett over meg, står mor og pyntar juletreet, slik ho alltid gjer. Ho pyntar treet åleine, og frå platespelaren syng Oslo Gospel Choir om englar som syng høgt i kor. Far køyrer rundt i bygda med julehelsingar til venner og familie. Det er aure, molter og mors sursild han har med seg. Eg har alltid vore inderleg glad i å lese. Heilt frå eg var lita jente har eg vore ein ekte lesehest. Då mor sa det var på tide å sløkke nattbordslampa og sove, så hadde eg heldigvis denne lommelykta, som eg henta fram. Og så las eg vidare i smug, under dyna. Heilt til veslesyster mi, Tone Rose, ropa frå naborommet: «Eg ser lommelykta di lyse gjennom vegglista, Ingebjørg.» Nokon av dei finaste barndomsminna mine er utan tvil frå lesestundene med mor og far og veslesyster mi. Dei tre yngste brørne våre hadde lagt seg, og det gjorde det heile litt ekstra spesielt. Ei lesestund for oss som var eldst i huset,

6

Klokkene ringer_materie_orgNY.indd 6

25.09.2020 09:50


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Klokkene kallar by Cappelen Damm AS - Issuu