2 minute read

FORORD

DET ER KVELDEN før kvelden. Eg finn fram den vesle lommelykta mi, som ligg gøymd under hovudputa mi. Lommelykta har eg fått av Vigdis i banken, lykta og ein spraglete sparegris. Det luktar fløytekaramell i heile huset, det er 23. desember og julesokken er hengd opp på dørhandtaket inn til det gule soverommet mitt. Der i senga mi ligg eg under dyna og les «Den røde pimpernell», endå mor har sagt eg skal sove no. Det er vanskeleg å sove sjølvaste veslejuleftan. I etasjen over meg, ja faktisk rett over meg, står mor og pyntar juletreet, slik ho alltid gjer. Ho pyntar treet åleine, og frå platespelaren syng Oslo Gospel Choir om englar som syng høgt i kor. Far køyrer rundt i bygda med julehelsingar til venner og familie. Det er aure, molter og mors sursild han har med seg.

Eg har alltid vore inderleg glad i å lese. Heilt frå eg var lita jente har eg vore ein ekte lesehest. Då mor sa det var på tide å sløkke nattbordslampa og sove, så hadde eg heldigvis denne lommelykta, som eg henta fram. Og så las eg vidare i smug, under dyna. Heilt til veslesyster mi, Tone Rose, ropa frå naborommet: «Eg ser lommelykta di lyse gjennom vegglista, Ingebjørg.»

Nokon av dei finaste barndomsminna mine er utan tvil frå lesestundene med mor og far og veslesyster mi. Dei tre yngste brørne våre hadde lagt seg, og det gjorde det heile litt ekstra spesielt. Ei lesestund for oss som var eldst i huset,

6

liksom. Mor las høgt og då eit kapittel var slutt, kom det kjapt frå ein av oss (som regel ifrå far): «Kan du ikkje taka eit te, Elizabeth?»

«De elendige» av Victor Hugo sit spikra i minnet mitt, me gret oss gjennom den høgtlesinga der. Og så var det Jostein Gaarder sitt «Julemysteriet» som eg også hugsar så inderleg godt.

Det er akkurat ei slik lesestund eg har så utruleg lyst til at andre skal få oppleve, så difor har eg laga denne juleboka til deg og familien din. Ein juleantologi med tekstar for liten og stor, gamal og ung. Ja, til og med for hunden og katten. Kanskje kan desse tekstane gje deg litt ro i alt julestresset? Ei pause frå baking, julehandling, julefestar, juleavslutningar, pynting og pussing.

Eg minnest godt då mor henta fram julebøkene og julehefta heime i adventstida. Det var stor stas å bla i desse bøkene, som berre låg framme denne eine månaden i året. Du veit, det er noko ekstra med slikt som berre blir tatt fram ein sjeldan gong.

Til deg som les dette: Eg håpar denne boka kan gje deg glede, og kanskje trøyst. Eg håpar ho kan røre deg og underhalde deg, om du sit åleine eller saman med andre. Ein god tekst er ei gåve. I denne boka har eg prøvd å samle fleire slike gåver, som eg håpar at du, kjære lesar, vil ha glede av.

Ynskjer deg ei fredeleg jul! Helsing Ingebjørg

This article is from: