Kjærleikens geometri av Odveig Klyve

Page 1


Odveig Klyve

Kjærleikens geometri Dikt i utval Med etterord av Helge Torvund


© CAPPELEN DAMM AS 2014 ISBN 978-82-02-45173-8 1. utgave, 1. opplag 2014 Omslagsdesign: Asbjørn Jensen Omslagsfoto: Odveig Klyve Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014 Satt i 12 pkt. Janson Text og trykt på Munken Print Cream 115/1,5 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


frå

Rift (1993)



Kvar kan me bu Me veks ut av linjene i landskapet men kviler ikkje her

Me fell mjukt gjennom lufta som slør Me spjærer dei fallande draumar med våre skarpe konturar

Me gøymer våre fargar i natta Kvar kan me bu med våre kvite paradoks

7


Her kastar fjellet songane sine ut Den gamle hausten hentar dei varsamt inn i vinterens forkle

8


Stjerner og steinar er gøymt under skorper og vev i våre svarte åkrar pressar seg opp gjennom porene stjerner og steinar

Me lyfter stein og vert lokka av stjerner

Våre kroppar er lysande og tunge

9


Fossane stansar ikkje Det som var er ikkje borte Det som er renn bort

Fjellet ein finger langs æva Vatn gjennom nevane dine Reisene som aldri endar

10


Gledene gøymer seg under ripsbuskane under den tikkande klokka langs rytmen i underlege ord langs kraftlinjene

Lettar

som fiolette kråker

Pustar i den usikre vinden

11


Her Dei gamle vognene dei høge lydane den grøne ramlinga av stein og metall Den gamle vegen Du går forbi Me hentar fiolinar og gitarar Me reparerer trommene Me held fram Kroppane har stivna i gammal smerte Her vil me bu og leita etter rørsla den mjuke den hastige

12


Eg syng for brødet Det er ein kvit sommar Me syng Me hentar trommene og trampar gjennom skogane Sårføtte går me utan å stansa Dagen har ein framand gud. Me leitar gjennom brødet av sommar gjennom den døde skogen

13


Eg frys men gardinene er raude Kvifor rekker du handa ut Det er betre å vera på botnen av alt Glaset kvitt Glaset pulverisert Eg veit ikkje orda for dette Du spør Eg svarar ikkje Du svarar Eg spør ikkje

14


I vinteren av våte ullteppe og salt kjøt kjem du til meg Med pust av krystall og kråker Seint vert alt synleg mot våre trommehinner Små små pupillar mot morgonen sin munn Me fangar sitrande isflak som filter for bitre løgner

15


Du kjem til syne gjennom revnene i landskapet Du fyller gleda sine rusta former Eg stryk deg over håret Du plukkar skyene sitt hagl

16


Langs fortauskantane desse forte fragment av glede Den usynlege varmen mellom vandrande Klokkespelet frå katedralen over torghandlaren sine frosne nevar

17


Lyttar til uroen i spyttet i sveitte og sæd og sår

Lyttar lyttar i blod i foster i ljoset langs mjuke nakkehår

Lyttar i latteren i løgner i rytmen som slår og slår og slår

18


frå

Ei dobbel rørsle 1994



Ei dobbel rørsle i det du vil gripa krus eller beger eit brød bryst blod

Skohælane sin kalde orden pusten din din pust Bøyer oss mot einannan snublande Prøver å gripa det ubegripelege

21


Wie soll ich dich empfangen und wie begegn ich dir? Kven kan bera tyngda av kjærleik Kven kan fanga skyene? Eg er ein klingande malm Eg er rusta bjøller kattunge med ufødde pupillar

Ein

Eg ser deg langt borte og innerst i regnbogehinnene Langs gatene er det nettinggjerde eit krater av betong Eg leitar men går meg vill Kva språk kan me tala Kven kan telja avstand?

22


På veg mellom natta og dagen ser eg deg mellom bøn og banning mellom sletter og stein Der natta ikkje berre er natt møter eg deg der salmane streifar lågt langs slagghaugar og slyngroser

23


Latteren din flyr bort med ei svale Når eg kjem heim heng han glitrande over taket Eg lukkar augo Eg kjenner deg ikkje Når eg opnar mitt hjarte sit du der og vaker Når eg lyttar er du ein rytme i uret sine pendelslag

24


Det har teke til Krusingar umerkelege langs overflatene Lyden av ingenting lyden av eit atom som sprengjest

Lyttar til mjuke bølgjer og mitraljøser Vender oss mot einannan medan veggene blir til vind Bur i ei sprukken rørsle

25


Kodar for fingertuppar og venterom Ho stryk fingeren sakte langs døgnet Veit med ein uro frå tjue sekel At det finst namn for det unemnelege former for det som ikkje kan fangast Ho leitar langs lattermilde hinner langs skorper av hån Famlar over avtrykk Ljoset sitt omvende bilete

26


Morgonen er ein raud kam eit lausrive minne av munnen hans når han rørte ved panna Speglen sladrar ikkje når ho leitar under den visna panneluggen Eit hemmeleg spor av glede langs tinningane

27