Det stoppar ikkje her

Page 1



Tone Myklebust

Det stoppar ikkje her Noveller


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2020 ISBN 978-82-02-66423-7 1. utgave, 1. opplag 2020 Omslagsdesign: Elisabeth Bjone Vold Omslagsfoto: Mammut Vision/Shutterstock, sirtravelalot/Shutterstock Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2020 Satt med 10,8/14 pkt. Sabon og trykt på 70 g Enso creamy 1,8 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


Innhald

Hundemann Spor 2 til Oslo Romjulsdraum Kaninane Naboen har fått rullator Skjortekrage Neste fredag Det blir nok torevêr snart Ikkje for hovudscenen Og dette er oss Det stoppar ikkje her

7 19 27 41 55 71 79 89 105 117 127



Hundemann



H

o har han i band. Ein liten hundemann i band. Med tilbakestroke hår og runde briller går han, alltid to skritt bak eigaren sin. I svart boblejakke og med tunga beint i munnen. Han snerrar ikkje, eller bit, når han går på gata, men det er noko med blikket. Noko innestengd, aggressivt du ikkje ville teke med deg i senga om kvelden. Heime i huset på bakketoppen held hundemannen mest til i garasjen. Avgnaga kjøtbein heng på rekke og rad på veggen der. Bleike suvenirar frå tida som jeger. No har hundemannen slutta å jakta. Han har slutta å bada òg. Det luktar hest i garasjen. Nokre gonger går hundemannen på badet og latar som han steller seg. Han lar krana renna, fuktar handkleet og slenger det i skittentøykorga. Det hender han skiftar boksarshorts og sokkar òg, men han badar ikkje. Aldri. Han har ikkje hatt vatn på kroppen på to–tri månader no. Berre håret blir kjemt vått kvar morgon. Eigaren er mykje plaga av forkjøling dette vinterhalvåret. Luktesansen hennar er markant svekka, men 9


ho undrar seg stundom likevel. Er det slik at dyret hennar stinkar, eller er det berre noko ho innbiller seg? Eigaren ser seg sjølv som ein human dyreven. Ho er oppteken av løn framfor straff, og at motivasjon bør koma innanfrå. Då ho studerte, var ho ei av dei som hevda at Watsons eksperiment med litle Albert var forkasteleg. Kvifor måtte han skremma vitet av den vesle gutungen? Nei, Maslow var meir mannen etter hennar hjarta. No har ho sant nok blitt meir eklektisk med åra, så trass i den opphavelege skepsisen til åtferdsteori, må ho innrømma at litt positiv forsterkning no og då ikkje treng vera heilt av vegen. Ja, det kan faktisk vera svært effektivt. Ikkje at ho seier det høgt til nokon, men etter at hundemannen har vaska badet ein laurdagsettermiddag, kan det derfor henda han finn eit glas øl ved sida av middagstallerkenen sin. Berre eitt, sjølvsagt, og ikkje for stort. Den ytre motivasjonsfaktoren må aldri overdrivast. Lysta må først og fremst koma innanfrå. No er det rett nok ganske lenge sidan hundemannen har sloppe inn til lysta, så å seia. Tanken streifar ho somme tider. Særleg når ho ser hundeblikket hans henga seg opp i all slags skapningar dei passerer på gata. For eit snautt halvår sidan kom dei kvar for seg til opninga av ei kunstutstilling. Sjølv blei ho forseinka på jobb, ein bebuar fekk epileptisk anfall akkurat då ho skulle til å gå, og då ho endeleg kom seg fram til byen og inn i lokalet vernissasjen skulle haldast i, såg ho hundemannen i ivrig samtale med ei lyshåra tispe i grøn kjole. Augo skein bak brilleglasa, og han lente hovudet bakover og lo så nesten alle dei kvite tennene 10


vart synlege. Tispa lente seg framover og lo med. Så strekte ho fram den kvite, knoklete handa si og strauk han nedover venstrearmen. Han let det skje. Eigaren vurderte ei stund korleis ho skulle takla situasjonen, men då ho var i ferd med å bestemma seg, kika hundemannen opp og fekk auge på ho. Den lyshåra tispa såg forvirra ut ein augneblink då han plutseleg forsvann, men fann seg raskt ein ny samtalepartnar. Heime i huset på bakketoppen den kvelden var det eigaren som foreslo doggystyle. Ho fann eit assortert utval leiketøy i grønsakskuffa i kjøleskapet. Leiken er trass alt viktig i eit parforhold. No er det snart jul. Hundemann og eigar har blitt bedne heim til foreldra hans for å feira høgtida der, men dei har dessverre ikkje tid til å dra dit. Eigaren må arbeida fleire dagar i romjula, og då passar det dårleg å bu i lag med så mange menneske dei få dagane ho har fri. Ho treng å slappa av litt, difor skal dei feira jul åleine. Som plaster på såret skal dei dra heim til hennar foreldre for å eta lutefisk bittelitle julaftan. Hundemannen er ingen matpyse, men lutefisk et han ikkje. Det er noko med teksturen. Dei har planlagt å ta toget den snaue timen til byen eigaren kjem frå. Ho har bestilt billettar på appen, og den vesle, svarte kofferten er snart ferdigpakka. Dei skal berre ha ei overnatting, så det er ingen vits å ta med seg allverda. Hundemannen har lagt ein boksarshorts med fuglemotiv og eit par svarte sokkar i kofferten. 11


– Hugsa du tannbørsten? spør eigaren. – Nei, svarar hundemannen. – Nei? Men så stikk og pakk han då. – Nei. – Nei? Kva meiner du? – Eg meiner: Eg treng ingen tannbørste. Lutefisken kjem ikkje til å setja seg i tennene. – Alle treng tannbørste. – Ikkje viss ein ikkje har noko å børsta vekk. Dei blir ståande og stirra på kvarande. Det rykker litt rundt eine auget til eigaren. – Så du set deg på bakbeina? seier ho. Han seier ingenting, men slår blikket ned. – Så du set deg på bakbeina no, gjentek ho. – Fitte, seier hundemannen. – At du sa? – Folk er så opptekne av å vera fitte no for tida. Renn av garde på treningssenter for å trimma fleire gongar i veka. Kva er det dei kavar etter? – Treningssenter? Kva snakkar du om? Hundemannen gløttar opp: – Eg meiner: Kva er vitsen? Alle veit jo at det uansett er det indre som tel. – Prøver du å vera morosam? – Eg? Eg er vel ikkje morosam. – Nei, du er ikkje det. Inne på toget er det folksamt og varmt. Eigaren heng av seg den raude kåpa på knaggen attmed vindauget. Der blir ho hengande og dingla framfor ansiktet hennar. Hundemannen set seg ytst på tosetaren, framleis 12


med den svarte boblejakka på. Dama i setet over midtgangen snur hovudet og kikar på han. Så gjer ho nokre bevegelsar med nasebora. – Vil du ikkje henga av deg jakka di? spør eigaren. – Nei, svarar hundemannen. – Du blir for varm av å sitja slik. – Eg er akkurat passe. – Det er sikkert 30 grader kaldare utanfor toget, likevel går du likt kledd inne som ute? – Eg er akkurat passe, gjentek hundemannen. – Kan du ikkje kneppa opp litt i halsen i det minste? Stemma til eigaren ligg ein oktav høgare enn vanleg, og overleppa hennar er blank av sveitte. – Det behøvst ikkje, seier hundemannen. Eigaren sukkar tungt, så finn ho fram ei flaske vatn og tek ein slurk før ho vender seg mot vindauget. Hundemannen lukkar augo. Toget køyrer. Toget kjem inn på stasjonen fem minuttar etter oppsett rutetid. Dei har planlagt å spasera den litle halvtimen frå stasjonen til eigarens foreldre, men då dei trør ut på det såpeglatte føret på perrongen, held eigaren på å gå i bakken. – Me tek ein taxi, avgjer ho. – Det blir dyrt. Vil du ikkje heller ringa mor di og be ho henta oss? spør hundemannen. – Vil du ikkje heller ringa mor di? parodierer eigaren, og ser kaldt på han. – Kan henda du vil ringa ho? Dei finn raskt ein ledig bil på stasjonen og set seg inn, hundemannen i baksetet, eigaren framme. Det 13


viser seg at eigaren og sjåføren har felles kjende. Før køyreturen er over, har han nådd å invitera dei på litle julaftanfest, ein slags veners vener fest. Eigaren seier det høyrest kult ut. Ho seier dei skal sjå om dei får det til. – Eh … me blir jo berre til i morgon, då, seier hundemannen frå baksetet. Eigaren snur seg og set augo i han: – Tenk om du for ein gongs skuld kunne vera litt impulsiv! seier ho. – Det er for jævleg som det luktar her, seier taxisjåføren. – Eg vaska faktisk bilen i går. Nokon må ha kasta frå seg bederva kebab under seta. Bilen stoppar og hundemannen stig ut. Han blir ståande og pusta røykskyer i den kalde lufta mens eigaren betalar. – Herregud, har du ikkje teke ut kofferten enno? Eigaren har kome ut or bilen og strener mot bagasjerommet, men taxisjåføren er raskare: – Vær så god, madam, seier han, og gjev ho kofferten med eit overdrivent bukk. Eigaren knisar og tek imot. Så begynner ho å trilla kofferten opp grusgangen mot det gule huset ho er oppvaksen i. Hundemannen blir ståande. – Kjem du, eller? seier eigaren. – Me har ikkje heile dagen. – Eg trudde det var akkurat det me hadde? seier hundemannen. – No kjem du! seier eigaren. – Eg må berre pissa først, seier hundemannen, og 14


skrår over plenen og bort til dei to epletrea nokon har skamfert med ei hagesaks. Der opnar han gylfen, vippar ut pikken og siktar på den eine stammen. – Kva driv du med? ropar eigaren. – Din … Akkurat då blir gatedøra opna, og ei dame med perlekjede og grått hår i perfekt pasjeform stikk hovudet ut. – Neimen, der er du jo! seier ho. – Så hyggeleg å sjå deg. Men kor har du gjort av din kjære? – Han … han kjem etter kvart, seier eigaren. – Han blei litt kvalm på toget, så han trong ein luftetur i hagen. – Jaså? seier mora. – Kan ein verkeleg bli kvalm på den turen, det er jo beine vegen. Ja, ja, kom inn du i alle fall, det blir iskaldt å stå her på trappa. I sidesynet registrerer hundemannen at døra blir lukka. Han rister nokre dropar av litlemannen, drar opp gylfen og knepper buksa. Så blir han ståande med hendene langs sida og kika opp i lufta. Etter nokre sekund begynner han å gå sakte ned grusgangen igjen. Inne i huset er det varmt som i ei badstove. Eigaren set kofferten frå seg i entréen og tek skoa av. Mora er allereie forsvunnen inn på kjøkenet igjen. Ho ropar at middagen er klar kvar augneblink no. Det står berre igjen å dekka bordet og skjera brunost i terningar, får eigaren veta. Akkurat då kjem faren opp frå kjellaren med nokre ølflasker i hendene. Han ser på eigaren med dei lyseblå augo sine og ynskjer ho velkomen heim. Mora kjem ut og stiller seg i døropninga til kjøkenet. – Der er du endeleg! seier ho til faren. – Det tok si 15


tid. Men kva er det for flasker du kjem med? Var det desse du kjøpte i går? – Ja, seier faren, og set opp den forfjamsa mina eigaren har sett så mange gonger før. – Du bad meg jo om å kjøpa lettøl til lutefisken? – Eg bad deg kjøpe alkoholfritt! Herregud, Hans, kor vanskeleg kan det vera? Mora trampar opprørt inn til matlaginga igjen. Eigaren tuslar inn på kjøkenet for å hjelpa mora med brunosten, mens faren blir ståande rådvill i gangen med to flasker i kvar hand. Hundemannen har fått opp farten. Han spring. Skoa er dårleg eigna for føret, og han er usikker på vegen, men fortare og fortare bortover det islagde fortauet spring han. Det er nesten folketomt ute no. Folk er heime og et middag eller pyntar til jul. Hundemannen har nok med å halda seg på beina, kontrollera pusten og fortsetta, berre fortsetta. På eit ekstra glatt parti sklir han stygt, dunkar hovudet i ein lyktestolpe og held på å svime av. Han blir ståande eit par sekund til svimmelheita gjev seg, så snerrar han lågt og spring vidare. Etter ei stund dukkar eit godstog opp i synsfeltet hans. Jernbanestasjonen kan ikkje vera langt unna. Hundemannen klappar seg på brystet for å vera sikker, men jo, det nye kredittkortet ligg trygt i innerlomma hans. Hundemannen spring. Han er nesten framme no. Har berre igjen å kryssa gangfeltet, så er han der, ved den lysande, raude billettautomaten. Iveren gjer han døv og blind. Hundemannen spring og merkar ikkje den lydlause LEAF-en som kjem inn frå venstre. Eit 16


lågt dump, berre, så ligg det ein mann på gata. Sjåføren stoppar tvert og går forskrekka ut av bilen. – Korleis gjekk det? ropar han, og bøyer seg over den livlause kroppen. Men kva er det for ei lukt som siv inn i naseborene hans? Er det ein uteliggar han har køyrd på? Ein narkis? Sjåføren nøler. Det er nok ingen som kjem til å sakna ein slik fyr. Han er knapt verd å hamna i trøbbel for. Sjåføren blir ståande og venta på at nokon skal koma køyrande. At andre menneske skal stilla han til ansvar for det som har skjedd. Men ingen kjem. Folk er heime og et middag eller pyntar til jul. Sjåføren smett inn bak rattet igjen. Der blir han sitjande med harehjarte mens radioen spelar siste rest av Glade jul. Då Driving Home for Christmas tar til, lukkar han bildøra, trykkar inn gasspedalen og køyrer lydlaust vidare.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.