Landet som var
«S
kal ein forstå samtida, må ein kjenne fortida», har det blitt sagt. På Balkan er dette uttrykket meir gyldig enn dei fleste andre stader. Der er fortida ein høgst levande premissleverandør for oppfatningar om samtida og tankar om framtida. Historia inngår i eit «kollektivt minne» som pregar kultur, religion, samfunnssyn, ideologiar og politikk.1 Før vi går inn på soga til Jugoslavia, treng vi derfor ei minimumsballast av hovudtrådar frå det brokete historiske bakteppet. Mitt utval omfattar hendingar og moment som eg har funne det viktig å kjenne til. Faghistorikarar og «balkanologar» vil kanskje finne at gjennomgangen min er både ufullstendig og skeivvinkla. Vi startar under folkevandringstida i tidleg mellomalder. Frå 5–600-talet slo slaviske stammar seg ned på Balkan. Desse sørslavarane blei etter kvart den dominerande folkegruppa i store delar av søraust-Europa. Nokon av dei folka som heldt til der frå før, slik som albanarar, blei verande og levde vidare parallelt med dei nytilkomne. Andre blei drivne bort, eller dei blei assimilerte av den slaviske befolkninga. Avhengig av kor dei hadde slått seg til, utvikla dei ulike sørslaviske gruppene gjennom hundreåra ulik kulturell og religiøs identitet. Eitt hovudskilje går mellom dei som heldt til innanfor området til det tidlegare vest-romerske riket og dei som hadde slått seg ned i aust-riket. Slovenarar og kroatar blei influerte av vestleg påverknad og kom inn under den romersk-katolske kyrkja. Serbarar, makedo18
jugoland_sats_v21.indd 18
JUGOLAND
20.08.2021 09:09:32