Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan

Page 11

Innleiing

Vi nævner et Navn Straks syder der mod os …1

S

lik skreiv Knut Hamsun i si tid. Diktet hadde ikkje noko som helst med Jugoslavia å gjere. Strofa dukka likevel opp i hovudet mitt under arbeidet med denne boka. Namnet Jugoslavia utløyser hos meg ei sydande blanding av minne om menneske, kultur, bygningar og landskap; faktakunnskap, anekdotar, opplevingar, stemningar, glede og vemod. I over femti år har eg følgt utviklinga i landet som var, og frå 1990-talet i dei nye landa som kom til. Kva assosiasjonar ein gjennomsnittsnordmann knyter til ordet Jugoslavia, er avhengig av kva generasjon vedkommande høyrer til. For dei som er fødde etter hundreårsskiftet, er namnet i beste fall noko som er nemnt i historiefaget. Nokon kan ha klassekameratar eller andre kjente, som er etterkommarar av flyktningar som kom til Noreg frå Bosnia eller Kosovo. Nokon har kanskje hatt feriedagar ved austkysten av Adriaterhavet; men det er i så fall ikkje Jugoslavia dei har gjesta, dei har besøkt land som Slovenia, Kroatia eller Montenegro. I generasjonen før dei yngste blir Jugoslavia-namnet mest knytt til krigar på 1990-talet med grove overgrep, omleiring av Sarajevo, etniske utreinskingar, folkemord, flyktningstraumar til Noreg og andre vestlege land, NATO-bombing og norsk deltaking i FN- og NATO-styrkar. Blant dei i senioralder – frå 60 år og oppetter – har mange høyrt KRISTIAN HAGESTAD

jugoland_sats_v21.indd 11

11

20.08.2021 09:09:29


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Jugoland. Om Jugoslavia, nordmenn og nye land på Balkan by FORLAGSHUSET - Issuu