Årbok 2020 Bygghytta

Page 105

Øystein Ekroll

Nidarosdomen og marmorbrotet på Allmennningen

Fig. 1: Allmenningen sett mot nord frå marmorbrotet. I framgrunnen utkilte steinblokker med borehol frå perioden 1874 - 1911. Foto: Per Storemyr. Allmenningen Island seen from the marble quarry towards the north.

I april 1956 skreiv Henrik Guttelvik i Roan til «Kontoret for Nidaros Domkirkes Restaurasjon» og bad om opplysingar om uttak av stein til domkyrkja frå Allmenningen i Bjørnør, både når dette skjedde og kor mykje som i så fall vart brote ut. Var det verkeleg marmor som vart sendt til domkyrkja, og var det så mykje stein at det var verdt å nemne? Det var i samband med ei planlagt bygdebok at Guttelvik samla opplysingar. Han var på denne tid heile 90 år gammal (f.1866), og bygdeboka kom først ut i 1990-åra. Først i juli kom svaret frå arkitekt Wilhelm Swensen ved NDR, som måtte grave djupt i arkivet for å finne opplysingar: I elleve sesongar mellom 1874 og 1911 var det drift i steinbrotet på den vesle øya, og til saman vart det henta 8125 kubikkfot

med marmorstein til domkyrkja. I vekt utgjorde dette om lag 700 tonn. Alle dei hundrevis av tynne, kvite marmorsøyler som pryder veggar og tårn i domkyrkja både ut- og innvendig kjem frå Allmenningen. Men dei er ikkje alle frå tida etter 1874: Allmenningen har gjennom 800 år levert den finaste marmoren til Nidarosdomen, og gjort Nidarosdomen til sjølve marmorkatedralen nord for Alpane. Ei marmoråre i havet Allmenningen og Været (gardsnummer 75 og 74 i Roan), ofte samla berre kalla Allmenningsværet, er to små øygrupper i havet utanfor Roan, berre skilde av sundet Skaftleia. (Fig. 1) I dag er det ingen fastbuande på øyane, men for eit par gene-

103


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Årbok 2020 Bygghytta by BK.no - Issuu