1 minute read

OVERNATTING

FjordKysten og Sunnfjord byr på eit variert overnattingstilbod. Her kan du bu godt på moderne hotell, komfortable feriehus og hytter, historiske gardsovernattingar eller ei rorbu i sjøkanten. Eller kva med å tilbringe ei natt på eit fyr? Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.

Mesteparten av overnattingstilbodet er småskala, med eit lokalt vertskap. Dei deler gjerne sine beste tips om kva du kan oppleve i området, og sørgjer for å du får mest mogleg ut av ditt opphald.

Du finn oversikt over overnatting i Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Sunnfjord og Bremanger.