1 minute read

KINN

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by – Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar.

Utforsk den flotte skjergarden rundt Florø med øyar like varierte som dei er vakre. Opplev sagaøya Kinn med si spanande historie og flotte turterreng. På Svanøy kan du oppleve hjorten på nært hald på Norsk Hjortesenter. Her ligg også Svanøy Røykeri og Svanøy Hovedgård. Besøk Hovden og gå Nordsjøløypa til Kvanhovden Fyr, der du også kan overnatte. Askrova er flott for sykling og fotturar i lett terreng. Går du på toppen av Store Batalden kan du nyte storslått utsikt over øyriket!

Den sjarmerande kystbyen Måløy byr på varierte opplevingar innan kort avstand. Måløyraidsenteret er eit moderne visningssenter for krigshistoria, og eit spanande besøksmål for heile familien. Er du glad i strandliv må du ta turen til den vakre Refviksanden, eller den litt mindre Sætrasanden. Den gamle handelsstaden Vågsberget er ei perle, og ikkje langt unna ligg også den berømte Kannesteinen. Vil du vere meir aktiv kan vi anbefale både coasteering og kajakk! I Måløy er det ikkje mindre enn 4 fyrstasjonar der Kråkenes fyr nok er det mest kjente. Ei eksotisk oppleving i både storm og stille.