1 minute read

FJALER

Fjaler ligg på sørsida av Dalsfjorden og er mangfaldig geografisk. Her kan du reise frå fjordbygdene Dale og Flekke, til det lakserike Flekke- og Guddalsvassdraget, dalføret Guddal og til kystgrendene i vest.

Dale er kommunesenteret i Fjaler og byr på eit rikt utval av kaféar og butikkar. Over bygda Dale troner Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen, og midt i sentrum ligg Jakob Sande-tunet. På Hellevik finn du Leonards Forlaavelse som tilbyr småskala mat og oppleving. Her er stor ostedisk og interiørbutikk med intim og autentisk atmosfære. På Hellevik ligg også daglegvarebutikken og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua.

Sorenskrivargarden Lillingstonheimen på Tysse har ein vakker og privat gravstad, Fredensborg, som vart anlagt av sorenskrivar Nils Landmark. Like ved ligg Jensbua Kystkultursenter, som også er base for Bakkejekta.

Ei anna perle i Fjaler er Korssund, ein gamal gjest-gjevarstad heilt vest i kommunen, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen “Olavskross”, og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.

Askvoll byr på mektige naturopplevingar – frå fjord til øyar ytst i havgapet. Kommunen er eit eldorado for dei som er glad i å gå tur. Her finn du fleire av dei beste toppturane i regionen, som Alden (481 m.o.h.) og Blegja (1304 m.o.h.). Den sjølvbetjente DNT-hytta Nipebu er eit ypparleg utgangspunkt for både dagsturar og fiske. Turkart er til sals på rådhuset i Askvoll og utvalde butikkar i kommunen.

Er du interessert i historie og kultur, vil eit besøk på Helle Knivfabrikk vere av interesse. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarson, den første norrøne busettaren på Island.

Lengst vest i havgapet ligg Bulandet og Værlandet, eit ferieparadis for heile familien. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter vei. Øyane her er eit populært reisemål for dei som likar å sykle, padle, fiske eller å gå fotturar.

Kommunesenteret Askvoll er ein flott base for oppleving av eit myldrande folkeliv om sommaren, og for dagsturar til Bulandet, Værlandet og Atløy. Leig ein sykkel for ein lett tur langs fjord og sjø, eller ta ein tur i kulturvandringsløypa som starter i hamna.