1 minute read

SOLUND

Solund er eit øyparadis med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet. Her kan du bli med den lokale postbåten på øyhopping – ein fantastisk rundtur til mange skjulte skattar!

Solund er eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Lengst vest i havet ligg øygruppa Utvær, som er Norges vestlegaste punkt. Her ligg Utvær Fyr, og om sommaren kan du vere med på fyrsafari til Utvær.

For kajakkpadlarar er Solund eit eldorado. Dei mange øyane skjermar for vind og bølgjer, medan det på godvêrsdagar er kort veg ut på det mektige storhavet. På land er det også lett å aktivisere seg. I heile kommunen finn ein godt merka turløyper i variert terreng. Solund er også flott for sykling, med lite trafikk og lett kuperte vegar.

Det mest fasinerande med Solund er naturen og havet – aller lengst vest i Noreg.