1 minute read

HYLLESTAD

I Hyllestad kan du bli med på ei reise attende i tid. I Kvernsteinsparken kan du sjå spor etter den særeigne kvernsteinsproduksjonen, som går heilt tilbake til vikingtida. Kvernsteinsparken har guida omvising i sommarsesongen der du blir med på ei tidsreise.

Majestetiske Lihesten er eit populært turmål for fotturar og klatring, og er eit landemerke på vestlandskysten. Her kan du velge mellom den luftige Nipestien til spektakulære Gygrekjeften, topptur til det høgste punktet Risnesnipa, eller ta ein enklare variant frå idylliske Porten Gard.

I Hyllestad er det mange små, idylliske stadar, der ein verkeleg kan oppleve fred og ro. Ta ein sykkeltur langs fjorden, eller ein padletur på fjord eller vatn.

Likar du aktivitetar som fiske og fotturar er du komen på rett plass. Hyllestad byr på eit rikt sjøfiske i tillegg til fine vatn for ørretfiske. Leig eit feriehus eller bu på eit koseleg familiehotell. Uansett kva du vel, er du garantert fjordutsikt!