1 minute read

FJELLTURAR

FjordKysten og Sunnfjord er eit eldorado for fjellturar og kystvandring. Kjente landemerke som Lihesten, Alden og Kinnaklova gir deg panoramautsikt over fjord og kyst! Her finn du eit variert vandretilbod, frå ei rekke spektakulære toppturar til fotturar i lett terreng. Nyt utsikta over eit mylder av øyar, høge fjell og langstrakte fjordar. Merka stiar gjer det enkelt å finne fram, og du kan velje ruter i alle vanskegrader.

Kystvandring er noko heilt spesielt. Frisk sjøluft, bølgjer som slår mot land og ruvande fjell i horisonten – det gir ro i sjela. Langs FjordKysten og Sunnfjord finn du bratte fjell som stig rett opp av havet. Rundt ligg tusenvis av øyer med kupert terreng, perfekt for vandring.

På fastlandet ligg fjelltoppar med panoramautsikt til fjord, bre og storhavet i vest. Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Ved austenden av Jølstravatnet finn du eit fantastisk utgangspunkt for turar og opplevingar som brevandring på Haugabreen og vandring på Astrupegga.

Ønskjer du mindre krevjande turar er Nordsjøløypene noko for deg. Dette er merka turstiar som går gjennom lett terreng med rik historie og vakker kystnatur.

Langs FjordKysten og Sunnfjord finn du 17

Nordsjøløyper, alle godt tilrettelagt med merking og kart.

Sunnivaleia er ei pilegrimslei over sjø og land som går frå Bergen, til Kinn og Selja. Du kan gå leia på eiga hand eller vere med på organiserte fellesvandringar, sjå sunnivaleia.no. For meir inspirasjon sjå også pilegrimsleden.no/pilegrimsledene/ kystpilegrimsleia

Turistkontora i regionen hjelper deg med tips, kart og turbeskriving.

Les artikkelen «Toppturar som tek pusten frå deg» her:

10 ANBEFALTE FJELLTURAR:

• Pollatinden (Solund) 541 moh

• Lihesten (Hyllestad) 777 moh

• Alden (Askvoll) 481 moh

• Heileberget (Askvoll ) 761 moh

• Storehesten (Bygstad) 1 209 moh

• Brandsøyåsen (Florø) 293 moh

• Veten (Måløy) 613 moh

• Kleivafjellet (Jølster) 1 057 moh

• Lundeskaret (Jølster) 1 302 moh

Dagsturhytta er ei gratis tilgjengeleg hytte for alle, døgnet rundt, heile året. Målet med hytta er å stimulere turglede i trygge rammer, med eit flott turmål 15-90 minuttars gange frå løypestart. Her kan du ete matpakka di, varme kroppen ved peisen, og kose deg med bøker frå hyttebibliotek.

Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finne den sjølv.

• Dagsturhytta Kletten – Måløy

• Dagsturhytta Fløgjen – Florø

• Dagsturhytta Steinkorshytta – Naustdal

• Dagsturhytta Gytta – Førde

• Dagsturhytta Skaraly – Bygstad

• Dagsturhytta Fjellro – Jølster

• Dagsturhytta Nykshytta – Askvoll

• Dagsturhytta Sørefjordhytta – Hyllestad

• Dagsturhytta Sognesjøhytta – Solund