3 minute read

KAPITTEL 2.1 ATTRAKSJONAR

Kråkenes Fyr

Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjer som verst bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Fyret har eigen veirstasjon som sender data til Metrologiske institutt. Dette er kanskje ein av dei plassane i Norge det bles mest langs kysten vår.

Måløy / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/krakenesfyr

Skongenes fyr

Ta ein tur til Skongenes fyr. Her kan du overnatte i fyrvokterboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stier og spennande stader å oppdage. Skongenes fyr vart oppretta i 1870 og var viktig for båttrafikken på det værharde Stadhavet.

Måløy / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/skongenes-fyr

Hendanes fyr

Hendanes fyr ligg og balanserer i terrenget, 50 meter over havet. Fyret vart bygd i 1914 og automatisert allereide i 1963. Fyret er eit av fire fyr på Vågsøy og det siste som blei bygd på øya. Havet byr på magiske solnedgangar og fascinerande bølgeskvulp – vel verdt eit besøk!

Måløy / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/hendanes-fyr

Ulvesund fyr

Ulvesund Fyr har vore eit lyspunkt for dei sjøfarande sidan 1870. Fyret er eitt av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er eitt av dei verste havstykka i Norge. Ulvesund Fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage med blomar og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar.

Måløy / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/ulvesund-fyr

Stabben fyr

På eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia, vart det i 1866/67 bygd eit kraftig fyrhus på ein vel fundamentert steinsokkel, sett i mørtel, og samanbunden med jern. Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyra i landet, og fyret er lett synleg både i skipsleia og frå kystbyen Florø. I dag er det Flora Kystkulturlag som leiger og forvaltar fyret.

Florø / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/stabben-fyr

Lågøystolane

Lågøystolane er steinkjempar som gir eit særpreg i landskapet som ein ikkje finn andre stadar.

Lågøy / Solund / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/lagoystolane

Svanøy Hovedgård

Den staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Buefjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods.

Svanøy / Kinn / +47 57 75 21 80 / johan@hjortesenteret.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/svanoy-hovedgard

Sørstrand Folkepark

Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året.

Florø / Kinn / +47 480 13 161 / sorstrand.no

KAPITTEL 2.2 MUSEUM

Sanden i Naustdal

Sanden ligg i Naustdal, midt i sentrum av Førdefjorden, og er ei populær badestrand. Her finn du volleyballbane og det er utleige av SUP og kajakkar om sommaren.

Naustdal / Sunnfjord / +47 474 09 482 / mail@fjordkysten.no

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Langs det freda Gaularvassdraget går vegen langs sprudlande stryk og fosser, og langs blanke vatn som perler på ei snor. Køyreturen er spanende og variert, langs tronge fjorder, på veg i slyng opp bratte fjellsider, over høge fjell til lune daler.

Fv13 / Sunnfjord / +47 474 09 482 / mail@fjordkysten.no / nasjonaleturistveger.no/no/turistvegene/gaularfjellet/

Hestad Kapell

Hestad Kapell står støtt på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden. Kyrkja blei bygd i 1805 og ferdast du langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet må du stoppe for ei omvisning og kansje eit bad i idylliske Hestadfjorden. Kapellet erstatta ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen.

Viksdalen / Sunnfjord / +47 905 90 996 / asksel@online.no / fortidsminneforeningen.no/museum/hestad-kapell/

Bulandet Temapark

I det gamle bygdehuset i Bulandet finn du temaparken som gjev eit heilskapeleg bilete av livet i øysamfunnet. Her vises Bulandet i fortid og notid.

Bulandet / Askvoll / +47 913 17 194 / liv.turid.gjoroy@enivest.net / facebook.com/Temaparken-i-Bulandet-1591147844484925/

Måløyraidsenteret

Måløyraid senteret viser originale bilete og metervis med original film frå Måløyraidet 27. desember 1941. Senteret ligg sentralt i Måløy.

Måløy / Kinn / +47 948 16 904 / post@maloyraidsenteret.no / maloyraidsenteret.no

Galleri Havbu

På Havbumuseet kan du sjå fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar.

Batalden / Kinn / +47 951 58 269 / gunhild.bjelland@gmail.com / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/galleri-havbu-og-havbumuseet

Luftkampmuseet

Ein alliert flystyrke går til angrep på tyske skip som ligg ved Frammarsvik i Førdefjorden. Dei skal senke Z33, ein tysk destroyar. Det utvikla seg til å bli det største luftslaget over Noreg under 2. verdskrig. Dei som overlevde, kalla hendinga «Den svarte fredagen» til minne om sine falne kameratar. Frå museet ser ein utover fjorden der skipa låg, utstilling med bilete, film og vrakdelar.

Naustdal / Sunnfjord / +47 578 18 260 / hslettehaug@gmail.com / haajen.no

Jakob Sande-tunet

Den folkekjære diktaren Jakob Sande er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her kan du få informasjon og omvising i diktarens fotspor.

Dale i Sunnfjord / Fjaler / +47 577 37 775 / tunet@jakobsande.no / jakobsande.no