1 minute read

KINN BRYGGERI

Bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn, lokalisert i hjartet av Strandgata i Florø.

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner.

Om sommaren, og elles av året på førespurnad, kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her kan ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri.

KINN BRYGGERI

Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lagar ei rekkje smaksfulle øl i engelsk og belgisk stil. All produksjon skjer på bryggeriet i Florø og dei fleste øla blir gjæra i opne gjæringskar. Ingen av øla blir pasteuriserte eller filtrerte, då dette er prosessar som øydelegg den naturlege smaken i øl. «Vi gjer det på gamlemåten», er mottoet til Kinn Bryggeri.

For meir informasjon og booking av ølsmaking: