1 minute read

RIB TUR ALDEN

Bli med til Alden og gå den fantastiske turen til fjellet som ligg ytterst i vest, samtidig som du får oppleve den flotte skjergarden i ein fartsfylt RIB-tur.

Kom tett på naturen og opplev den fantastiske skjergarden rundt Askvoll. Du blir plukka opp ved gjestekaia i Askvoll sentrum med ein komfortabel RIB-båt.

Undervegs blir det historiefortelling av lokal guide, og du kan berre lene deg godt til rette og nyte det fantastiske landskapet.

Etter ein fartsfylt tur på 20 minutt blant holmar og skjer er du framme ved Alden. Her blir du geleida trygt i land og du tar beina fatt vidare på eigehand. 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar. Frå hamna følger du vegen opp til garden, og her er det skilta mot toppen. Stien er ikkje merka, men den er lett å finne. Ein tek straks til på oppstigninga, og vinn raskt høgdemeter. Stien er smal, men godt synleg heile vegen opp. Frå toppen vil du ha 360 graders utsikt over havet. Etter tre timar vil båten plukke deg opp og ta deg med tilbake til Askvoll sentrum. Ruta vert tilpassa etter vêrforhald.

For meir informasjon og booking av turen: