1 minute read
ØYHOPPING MED SYKKEL - VÆRLANDET/BULANDET OG SOLUND
SYKKELLEIGE
Handel – tlf. 57 73 01 20
Bulandet Joker Bulandet – tlf. 57 73 21 44
Solund
Turistinformasjonen v/Gjenbruksbutikken – tlf. 908 82 860
Merk: MS «Stjernsund» tek max 19 syklar om bord.
Turforslag Bulandet
Postbåten frå Solund legg til ved Nikøy kai i Bulandet. Her har du tid til å sjå deg om på eiga hand. Vi anbefaler å starte med lunsj på kaféen, før du leiger sykkel eller utforskar øyane til fots. Følg bygdevegen opp frå butikken og til høgre. Etter ca. 500 m. kryssar du ei lita bru. Følg vegen vidare, og du kjem til eit kryss som er godt skilta. Tek du vegen til venstre, kjem du til Bulandet Ungdomshus, der du finn «Bulandet Temapark», eit bygdemuseum der du får eit heilskapleg bilete av livet i øysamfunnet. For å få god oversikt over heile Bulandet, følgjer du vegen vidare forbi ungdomshuset, og går stien opp til utkikkspunktet Halsøyhågen. Her er det flott utsikt, bord og benkar med kart over øyane.
På Hillersøyhaugen står byster av Berte Hillersøy og Hansine Tistel, som saman med skulelærar Rogne redda sju av mannskapet frå skonnerten «Gugner» av Tønsberg i februar 1885. Den forliste ved Sengskjeret sør for Bulandet etter å ha kjempa mot stormen i fleire dagar. For denne redningsdåden fekk Berte (25 år) og Hansine (21 år) kvar sin redningsmedalje for edel dåd av 2. klasse. Bystene er laga av keramikar Ingun Dahlin og står på soklar av steinen «Black Beauty» frå Værlandet.
Turforslag V Rlandet
Ved ferjekaia på Værlandet ligg Værlandet Handel. Her er det sykkelutleige og Visitor Point med turskildringar og kart. Frå ferjekaia er det ca. 1,8 km til den idylliske Værøyhamna. Her kan du oppleve eit vakkert sjøhusmiljø. Like ved ligg også Værlandet Havhotell. Nordsjøløypa på Værlandet er ein flott fottur i godt merka løype. Gangtid ca. 1 time og 30 min. Klettane er Værlandet sitt mest karakteristiske kjennemerke. Til toppen av Høgkletten er det montert kjetting langs stien som sikrar deg ein trygg tur opp til dette spesielle utsiktspunktet 163 meter over havet. Stien tek av frå Nordsjøløypa og er skilta.