1 minute read

ØYHOPPING

Next Article
SUNNFJORD

SUNNFJORD

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Her kjem du tett på dagliglivet i øyrika.

Reis med postbåtruta mellom mylderet av øyar og trange sund i Solund. Besøk idylliske Gåsvær og ta beina fatt i Bulandet der du kan besøke både bygdemuseum, utsiktspunkt og kunstverk i naturen. Opplev Nordsjøporten, vegen med 6 spektakulære havbruer mellom Bulandet og Værlandet. Den lokale postbåten i Solund bind saman øyrika i Solund og Askvoll om sommaren. Postbåten går mellom Hardbakke i Solund og Bulandet i Askvoll. Båtføraren guidar undervegs, og viser deg mange skjulte øyskattar.

Når du kjem til Bulandet har du tid til å sjå deg om på eiga hand. For å få meir tid til å nyte naturen og utforske øyriket, anbefaler vi å ta øyhoppingsturen over fleire dagar.

Det er fleire overnattingsstadar i Solund, Værlandet og Bulandet. Sjå kapittel 4.

Rutetider Yhopping

08.00 Ekspressbåt frå Bergen

10.15 Ankomst Krakhella

10.20 Buss til Hardbakke

11.00 Avgang med postbåten frå Hardbakke

12.30 Ankomt Gåsvær

13.00 Avreise Gåsvær

13.45 Ankomst Nikøy kai på Bulandet

15.50 Avreise med buss til Værlandet

16.30 Avreise med ferja frå Værlandet til Askvoll

17.40 Avreise med ekspressbåt til Bergen

20.45 Ankomst Bergen overnatting for informasjon. Postbåten tilbyr øyhopping for grupper på førespurnad heile året. Miniversjonen av øyhopping frå Hardbakke til Gåsvær og tilbake til Hardbakke er tilgjengeleg heile året. Ta kontakt på mail@fjordkysten.no eller ring 57 74 30 00 for meir informasjon og bestilling.

Informasjon

Turen korresponderer med ekspressbåtrutene Bergen – Nordfjord og Bergen – Sogn, via Krakhella. Grunna avgrensa tal plassar på postbåten, må du melde deg på turen på førehand til tlf.: 57 74 30 00 (seinast dagen før), eller kjøpe billett online på booking.fjordkysten.no Sjølve reisa med postbåten er med guide, mens resten av rundturen reiser ein på eiga hand. Det er høve til å kjøpe mat undervegs på turen. Hugs kontantar, då det ikkje er mogleg å betale med kort alle stader.

Ver merksam på at rundturbilletten på ekspressbåten frå Bergen gjeld som dagstur. Om du reiser frå andre stader eller ønskjer å overnatte undervegs, må du kjøpe enkeltbillettar på delstrekningane. For informasjon om sesong og billett, scann denne QR-koden.

This article is from: