1 minute read

OPPLEVINGAR

Er du på utkikk etter fartsfylte aktivitetar? Eller reiser du med familien, og vil ha ein pause frå kvardagens stress og mas?

I FjordKysten og Sunnfjord vil du finne noko for ein kvar smak.

Vi garanterer spektakulær natur med godt armslag, ei rik kulturhistorie og gode opplevingar!

Landskapet og naturen har blitt forma gjennom tusenvis av år og byr på store variasjonar innanfor korte avstandar. Dette gjer at vi kan by på eit stort utval av aktivitetar – både på, under og over havoverflata. Ta med deg kajakken, sykkelen, fjellstøvlane og fiskestonga! FjordKysten og Sunnfjord er som skapt for eventyr!

Kultur- og naturopplevingar kan bli endå betre når du deler dei med andre. Gjennom året kan du oppleve små og store festivalar langs FjordKysten og Sunnfjord. Festivalane byr på alt frå smaksfull sild, til historiske spel, internasjonal folkemusikk og havrafting. Vi kan og by på ei perlerad av spanande historiske stadar og museum.