1 minute read

FJORDKYSTEN REGIONAL OG GEOPARK

Fjordkysten Regional og Geopark er Noregs første og einaste kombinerte regional- og geopark. Den omfattar kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll og utgjer eit areal på om lag 2500 km2.

Landskapet er heilt unikt i geologisk samanheng. Der fjordane no munnar ut i eit konglomerat av øyer og holmar stod ein gong verdas største fjellrekke; den Kaledonske fjellkjede. Den var minst like høg som Himalaya. No er den for lengst tært ned av tidas tann, men den etterlot seg eit variert kystlandskap med mange spor etter kva som skjedde. Det er faktisk ingen andre stadar på jorda du kan studere ei fjellkjedes si vekst og fall som her.

Då isen trakk seg tilbake etter siste istid kom dei første menneska til Noreg. For ca. 5000 år sidan begynte dei å brenne ned skogen og vegetasjonen langs kysten for å rydde beiteland. Slik kunne beitedyra, og då særleg den nøysomme utegangarsauen gjere nytte for seg i utmarka. Landskapet som oppstod med denne kultiveringa heiter kystlynghei. Dette er no vorte ein truga landskapstype som Fjordkystparken jobbar aktivt med å formidle og ta vare på. Fjordkystparken fungerer som ein samarbeidsplattform og er organisert som eit lag med partnerar frå lokalt næringsliv, kommunar, ideelle organisasjonar og privatpersonar.

Anbefalte Turar

Opplev autentisk kystkultur, padle i Norges finaste skjergard, og reis på øyhopping mellom eit mylder av øyer. Ei tredagers rundreise i Solund vil ta deg med på den populære øyhoppingsturen med postbåten frå Hardbakke til Bulandet, padling med Sognefjord Active, og vandretur på Ramnenipa eller dagsturhytta med lokale guider.

Reis på ei tredagers kulturhistorisk rundreise på sykkel i Fjordkystparken. Bu på herskaplege Lillingstonheimen og få servert fantastisk mat frå Leonards Forlaavelse. Leig kajakk på UWC og padle i den vakre vesle fjorden, reis på skumringstur med Bakkejekta og besøk Kvernsteinsparken, eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia.