
4 minute read
Georgs magiske medisin
from 9788203409943
Dei fleste bestemødrer er snille, vennlege, hjelpsame gamle damer, men ikkje denne. Ho sat heile dagen, dag ut og dag inn, i stolen sin ved vindauget og dreiv alltid og klaga, sutra, skjente, sytte, jamra og surmula over eitt eller anna. Ikkje ein einaste gong, sjølv på sine beste dagar, hadde ho smilt til Georg og spurt: «Korleis har du det i dag, Georg?» eller: «Skal ikkje du og eg spele Stigespel?» eller: «Korleis var det på skulen i dag?» Det verka ikkje som ho brydde seg om andre, berre om seg sjølv. Ho var ein ynkeleg gammal grinebitar. Georg gjekk inn på kjøkkenet og laga i stand ein kopp te til bestemor med ein tepose. Han tok oppi ei skei sukker og ikkje noko mjølk. Han rørte sukkeret godt ut og bar koppen inn i stova. Bestemor tok ein slurk av teen. «Han er ikkje søt nok», sa ho. «Ta meir sukker i.» Georg tok koppen tilbake til kjøkkenet og hadde oppi endå ei skei med sukker. Han rørte teen ut igjen og bar han varsamt inn til bestemor. «Kor er skåla?» sa ho. «Eg vil ikkje ha ein kopp utan skål.» Georg henta ei skål. «Og kva med ei teskei?» «Eg har rørt i han for deg, bestemor. Eg rørte godt rundt.» «Eg skal røre min eigen te, takk», sa ho. «Hent ei teskei til Vurderingseksemplar meg.»
Georg henta ei teskei.
Når mor og far til Georg var heime, kommanderte aldri bestemor han på denne måten. Det var berre når ho hadde han for seg sjølv, at ho behandla han dårleg.
«Veit du kva som er i vegen med deg?» sa den gamle dama og stirte på Georg over kanten på tekoppen med dei klare, vondskapsfulle små auga. «Du veks for fort. Gutar som veks for fort, blir dumme og late.» Les teksten. Hva får du vite om bestemoren til Georg? Skriv nøkkelord.
LESEOPPDRAG
«Men eg kan ikkje hjelpe for at eg veks fort, bestemor», sa Georg. «Klart du kan», glefste ho. «Å vekse er ein ekkel, barnsleg uvane.» «Men vi må vekse, bestemor. Viss vi ikkje veks, så blir vi aldri vaksne.» «Sludder og vås, gut», sa ho. «Sjå på meg. Veks eg, kanskje? Så klart ikkje.» «Men du gjorde det ein gong, bestemor.» «Berre bitte litt», svarte den gamle dama. «Eg slutta å vekse då eg var svært lita, saman med alle dei andre ekle barnslege vanane som latskap og ulydigheit og grådigheit og slurv og ureinskap og dumskap. Du har ikkje slutta med noko av dette, har du vel?» «Eg er framleis berre ein liten gut, bestemor.» «Du er åtte år», fnyste ho. «Det er gammalt nok til å vite betre. Viss du ikkje snart sluttar å vekse, så vil det vere for seint.» «For seint for kva, bestemor?» «Det er latterleg», heldt ho fram. «Du er nesten like stor som meg alt.» Georg såg nøye på bestemor. Ho var verkeleg svært lita. Beina hennar var så korte at ho måtte ha ein skammel til å leggje føtene på, og hovudet hennar nådde berre halvvegs opp på ryggstøet på lenestolen. «Pappa seier at det er bra for ein mann å vere høg», sa Georg. «lkkje høyr på far din», sa bestemor. «Høyr på meg.» «Men korleis skal eg klare å stoppe å vekse?» spurde Georg. «Et mindre sjokolade», sa bestemor.Vurderingseksemplar «Får sjokolade deg til å vekse?» «Den får deg til å vekse feil veg», glefste ho. «Oppover i staden for nedover.» Bestemor slurpa i seg litt te, men tok ikkje auga frå den vesle guten som stod der framfor henne. «Du må aldri vekse oppover», sa ho. «Alltid nedover.» «Ja, bestemor.» «Og slutt å ete sjokolade. Et kål i staden.» «Kål! Å nei, eg liker ikkje kål», sa Georg.
«Det betyr ikkje noko kva du liker eller ikkje liker», glefste bestemor. «Det er kva som er bra for deg, som tel. Frå no av må du ete kål tre gonger om dagen. Heile berg av kål! Og dersom det er kålormar i han, di betre er det.» «Uuæææh», sa Georg. «Kålormar er bra for hjernen», sa den gamle dama. «Mamma skyl dei ned i utslagsvasken», sa Georg. «Mamma er like dum som du er», sa bestemor. «Kål smaker ingenting utan nokre kokte kålormar i. Og sniglar.» «lkkje sniglar!» ropte Georg. «Eg kan ikkje ete sniglar!» «Kvar gong eg ser ein levande snigel på eit salatblad», sa bestemor, «så knaskar eg han i meg fort før han når å krype sin veg. Deilig.» Ho pressa leppene tett saman slik at munnen blei eit lite, rynkete hol. «Deilig», sa ho på ny. «Makkar og sniglar og biller. Du veit jo ikkje kva som er bra for deg.» «Du tullar, bestemor.» «Eg tullar aldri», sa ho. «Biller er kanskje det aller beste. Dei seier knas!» Roald Dahl Vurderingseksemplar