Issuu on Google+

35

I haust kjem Lars Ove Seljestad med ein kort roman, Isberg. Romanen handlar om fallet til ein ung mann. Han mistar heile familien som 16-åring i eit snøskred og utviklar derifrå ein avstand til andre menneske, eit sinne og eit raseri.

Urovekkande blikk inn i skadd sinn  

Lars Ove Seljestad Isberg

Foto: Øygarden

329,–

Tilgjengelig som e-bok LARS OVE SELJESTAD debu­ terte med romanen Blind i 2005 og kom i 2006 med boka Bastard, eit essay om klassereise. I 2009 kom romanen Frægd og i 2011 Fjorden.

Romanen er ein vev av to ulike stemmer og også ein vev av to ulike litterære stilartar. Størst plass i romanen har den normale prosastemma på moderne nynorsk med innslag av Odda-dialekt. Men også den poetiske stemma, det lange diktet som Seljestad tenker på som «Isbergmonologen», bryt fram og tar stor plass – kanskje ikkje så mye i eigenskap av omfanget, men heller som den farlege og poetiske krafta «Isbergmonologen» utrykker.  I tillegg til normalprosaen har forfattaren altså valt å bringa inn eit poetisk og arkaisk språk som i noen grad støttar seg på språket til Olav H. Hauge og Kristofer Uppdal. Det er fleire grunnar til dette. Det handler om det utfordrande i å utnytta muligheitene som ligg i dei mange variantane av det rike nynorske språket. Forfattaren er i liten grad tilhengar av trange og stivbeinte normer for rettskriving. Han bryr seg om klangen, krafta, safta, energien, rytmen og emisjonane som språket blir bærar av. Dette

skriveprosjektet er eit brot både med genre­konvensjonar og nynorske språk­ konvensjonar. Eit viktigare argument for denne samanflettande, eksperimentelle skriveforma, finn han likevel i det at han søker å uttrykka noe som ikkje lar seg uttrykka i prosa. Rett nok, hovudfortellinga om den unge guten, hans tap og hans veg fram mot fallet, er fortalt i glassklar normalprosa, gjennom eit avgrensa utval av ladde scener frå eit par–tre år av livet hans. Denne delen har nærmast ein scenisk struktur som minner om teater eller spelefilm. Lesaren får noen glimt av eit liv og må sjølv fylla inn i og hjelpa til med å konstruera handlinga. Den poetiske «Isbergmonologen» er stemma til ei ovmektig ytre naturkraft som kan falla ned over menneskeheimen og komma til å knusa den. Vi herskar over naturen, seier vi. «Ja, det er vel så det. Men naturen herskar og over oss,» seier forfattaren.

I den tidlege skriveprosessen veksla Seljestad mellom å kalla romanen Raset og Fallet, for den handlar om både eit ras og eit fall – det går eit ras gjennom boka. For om lag 20 år sidan opplevde han at eit snøras brasa inn i nabolaget der han budde med kona og to små søner. Det tok liv. Saman med andre familiar vart dei tvangsevakuerte frå bustadstroket. Det var ei rystande erfaring med naturkreftene, og raset fekk plass i denne fortellinga.  Men Seljestad har lenge vore opptatt av det ein kallar «vondskap» eller den evna menneska har til å distansera seg frå andre, til å skru av all medkjensle, stenga ute all empati og gå i krig mot andre og påføra dei smerte. Dette potensialet for det farlege, for raseriet og hatet, ligg så og seia i menneskenaturen. Det er dette han kallar Isberg. Og så er valet av tittel, sjølsagt, ei hylling til Kristofer Uppdal sitt fantastiske, store dikt «Isberget». Det er element av denne «vondskapen» i alle bøkene hans. Men i årets roman tar han dette lenger enn tidligare. Opplevinga av 22. juli vart ein katalysator og ei viktig årsak til at boka blei som den blei, utan at den dermed handlar om 22. juli og Anders Behring Breivik. Men at han, ABB, er eit menneskeleg isberg eller ber eit isberg i hjerta sitt, er Seljestad ikkje i tvil om. Slik sett har dette for han vore ei vanskeleg bok å skriva. Det er ei bok som, til tross for mange vakre, sterke poetiske passasjer, også drar med seg smerte og ubehag. Slik var det for forfattaren, og slik trur han det kjem til å kjennast for lesaren.


SEljestad Isberg