Tørst 2-2012 norsk

Page 14

BESØK: Liv Hegle (f.v.) og Tore Laugerud frå Areopagos er slottsgjester. Volontør Maria Gustafsson og forvaltar Niklas Lindholm arbeider der.

BRØDHUSET: Ein les høgt og bakar i tre timar. Brøda blir stempla og sårmerka før steiking. Så blir dei borne til Övre Salen .

Se flere bilder fra Nya Slottet på torstmag.no

14 tørst 02:2012

som til hovudet. Ho skal måla eit bilde. Det er noko meir og anna enn å ta del i ord på eit ark. Dei som går her fast, vil etter kvart læra liturgien og få han på innsida. På slutten av den ortodokse gudstenesta byrjar plutseleg fleire av ungdommane rundt alteret å be frie bønner om ganske private ting: at ei sjuk søster skal bli frisk, at ein kamerat skal byrja å tru. Laugerud og dei andre nye gjestene blir overraska. – Det mest fascinerande og unike med denne kommuniteten er korleis dei har innlema arven frå oldkyrkja i pinsetradisjonen. Dei følgjer klostertradisjonen med tidebønner fire gonger om dagen, enkelt liv og åndeleg fordjuping – og held dette naturleg saman med det karismatiske, seier han etterpå.

I skinet frå stearinlys på kjøkkenbenken, byrjar to unge medlemmar av kommuniteten å baka brød. Med rolege rørsler eltar dei inn mjølet og formar leivane. Over den mjuke lyden av baking, kan ein høyra stemmene til Liv Hegle og Tore Laugerud frå lesepulten med ikonet. Dei har fått ansvaret for den rituelle lesinga av Bibelen under heile bakeprosessen. Dei ferdige brødleivane blir prega med brødstempelet, ein stor kross og tolv små. Så skal det sårmerkast. Med faste rørsler lagar bakarane fem hol i brødet med ein syl, som eit bilde på Jesu tre naglemerke, tornekrona og spydet i sida. I tre heile timar les dei to areopagosprestane utdrag frå Bibelen, heilt frå skapinga til endetida. Dei les mens brøda blir steikte og til slutt lagde i ei korg og dekte med kvit duk. Så blir brøda borne opp trappa heilt til loftet, mens dei syng «Laudate omnes gentes, sjung lovsång, alla länder». Slottet blir fylt av brøddufta, og overalt seier stemninga at «nå skjer det snart».

«Denne messa skal tala like mykje til sansane våre, som til hovudet.»

SANSELEG. Sjølv om nattverdsfeiringa er stinn av liturgi, får ingen av gjestene noko hefte å sjå i. – Det er heilt medvite, seier Tore Laugerud, som leier Areopagos sitt arbeid i Norge. – Denne messa skal tala like mykje til sansane våre,

Tidleg på nittenhundretalet var Nya Slottet BjärkaSäby eit åndeleg og kulturelt sentrum med ein tverrkyrkjeleg profil. For å føra denne tradisjonen vidare, gav familien Ekman heile slottet til pinsekyrkja i Linköping i 1980. Ti år seinare blei den


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.